Skip to main content

Jakob og Neikob. Naboen

Page 1

Kari Stai

Samlaget Oslo 2016


Jakob og Neikob er bestevenner og bur i lag pĂĽ ein bakketopp. Jakob seier JA til alt, og Neikob seier NEI til alt.


– I dag håpar eg det skjer noko spennande, seier Jakob. – NEI, seier Neikob.

Plutseleg ser dei at dei har fått ein nabo. – Så spennande, seier Jakob. – NEI, seier Neikob.


Neikob set opp eit gjerde. – Da kan ikkje naboen kome på besøk, seier Jakob. – NEI, svarer Neikob. – Nettopp.


Jakob set opp ei bru. – Da kan jo naboen kome på besøk, seier Neikob. – JA, svarer Jakob. – Nettopp.


– Har du ikkje høyrt om nabobråk og nabokrangel? spør Neikob. – Har du ikkje høyrt om nabolag og naboskap? svarer Jakob. – NEI, svarer Neikob.


Telefonen ringer. Det er naboen som inviterer på fiskebollar. – NEI, svarer Neikob. – Vi likar ikkje fisk i bollane.


Seinare bankar det på døra. – Å NEI, seier Neikob. – Naboen no igjen? – JA, svarer Jakob. – Du veit vel at ein ikkje snakkar med framande, Jakob? seier Neikob. – JA, svarer Jakob. Dei opnar ikkje.


Neikob tek fram kikkerten. – Skal du spionere? spør Jakob. – NEI, svarer Neikob. – Eg skal kontrollere. I same augeblinken trekker naboen for gardina. – Sjå! Naboen har noko å skjule! seier Neikob. – JA? seier Jakob.


– Da er han anten tjuv eller monster! seier Neikob. – Hjelp! seier Jakob. – Tenk om han kjem på døra att.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Jakob og Neikob. Naboen by Det Norske Samlaget - Issuu