Jølster hotell opplag 2_a 08.06.17 14:57 Side 1
Katrine Sele
JØLSTER HOTELL Historier frå eit asylmottak
Samlaget Oslo 2017
Jølster hotell opplag 2_a 08.06.17 14:57 Side 3
Innhald Hovudpersonar 7 Hotellet som ikkje finst 10 Korleis dei kom hit 17 Kva dei kom til 30 Korleis dei venta 48 Det dei sakna 71 Såra dei hadde med seg 84 Korleis dei kom ut i kommunane 103 Våre eigne knuste draumar 118 Korleis vi snakka om dei 129 Det lova landet 142 Tru, håp og kjærleik 167 Etterord 171 Takk 172 Notar 173 Litteratur 176
Jølster hotell opplag 2_a 08.06.17 14:57 Side 4
Jølster hotell opplag 2_a 08.06.17 14:57 Side 5
ma ychali Den kalde vinden av eksil blæs oss vekk og spreier oss utover vi venner oss til fråvær som til ein ulækjeleg sjukdom Kjem vi nokosinne til å finne kvarandre igjen? Eg fryktar at døden kjem snarare. For å lykkast i krigen må du kjempe hardt kjærleiken er mykje vanskelegare sjølv for den dyktigaste blant krigarar Menneska ser mot himmelen du kan lese dei same spørsmåla i auga deira gjentekne i det uendelege: Kva er livets løyndom? Kor kjem lidenskapen ifrå? Ein uendeleg straum av kjærleik flammar opp og herjar i hjartet spreier seg overalt i kroppen sjela flyktar inn i draumen og ut av munnen kjem framande ord, uvande ord
Jølster hotell opplag 2_a 08.06.17 14:57 Side 6
6 / jølster hotell
Sjølv når du trur du har levd sjølv når du har lese og lytta finst det ingen regel du kan stole på og stadig vekk blir vi overraska av dei ukjente og tallause sidene ved kjærleiken Orchestre National de Barbès
«Eg er oppteken av dei små menneska. Eller dei store, små menneska, som eg gjerne kallar dei, for lidingar gjer på eit vis at menneska veks ut over seg sjølve. I bøkene mine fortel desse menneska sine eigne, små forteljingar. På det viset er dei òg med og fortel den store historia.» Svetlana Aleksijevitsj
Jølster hotell opplag 2_a 08.06.17 14:57 Side 7
Hovudpersonar Bassel Mtan (f. 1969) kjem frå Daraa sør i Syria. Han er gift med Fatima, og saman har dei fem barn: Hala, Haider, Haurwa, Adnan og Sami. Familien flykta først til Damaskus, før Bassel flykta vidare til Noreg aleine og søkte om familieforeining. Før krigen dreiv han ein gardinbutikk og ein restaurant i Daraa. Grete Apelseth (f. 1969) kjem frå Naustdal. Ho har jobba på Jølster mottak sidan det starta i 2010, og er leiar for mottaket. Ho har fire barn og jobba tidlegare med rekneskap og økonomi. Hayat Bashari (f. 1986) er frå Khartoum i Sudan. Ho er gift med ein sudansk mann, som ho møtte på mottaket, og i perioden denne historia går føre seg, får dei to barn: ei dotterog ein son. Av omsyn til tryggleiken til familien er mannen og barna hennar anonymiserte. Før Hayat flykta, jobba ho som sosialarbeidar for FN i ein flyktningleir i Khartoum. Malik (f. 1980) er frå Aleppo i Syria. Han er gift med Shahad, og saman har dei dottera Noor, som i perioden denne historia går føre seg, er tre år gammal. Namna er pseudonym, av omsyn til familie som framleis er i krigen. Malik
Jølster hotell opplag 2_a 08.06.17 14:57 Side 8
8 / jølster hotell
jobba i fleire år i motebransjen i Dubai, før han måtte reise heim igjen til Aleppo då han ikkje fekk fornya arbeids- og opphaldsløyvet sitt. Frå den krigsramma byen flykta familien først til Tyrkia, sidan flykta Malik vidare aleine. Milka Ahmed (f. 1972) er frå Etiopia. Før ho flykta, levde ho i fare etter at ho omvende seg frå islam til kristendommen. Ho er den første flyktningen som har kjøpt seg leilegheit i Jølster. Etter at ho blei busett, tok ho fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar og jobbar på Jølster mottak. Moayad Khalil (f. 1985) voks opp i Raqqa i Syria. Han har jobba i hotellbransjen i Malaysia og sidan som dagleg leiar i eit malaysisk eksportselskap på avdelinga deira i Sør-Afrika – før han igjen hamna i Raqqa og måtte flykte på grunn av krigen. Najma (f. 1985) er frå ei bygd sør for Mogadishu i Somalia. Namnet er eit pseudonym. Ho var gift og hadde fem barn, men måtte flykte aleine etter at ho rømte frå eit tvangsekteskap med militsleiaren i landsbyen. Etter at ho kom til Noreg, fødde ho det sjette barnet sitt, Maram. Shaban (f. 1998) er frå ei bygd nær Jijiga i Etiopia. Ho er frå den somaliske Ogaden-stamma som held til i eit omstridd område aust i landet, og måtte flykte etter trugslar om tvangsekteskap og æresdrap. I løpet av denne historia føder ho ein son, Ahmed. Shaban ønskjer berre å ha førenamnet sitt i boka. Før ho flykta, var ho skuleelev.
Jølster hotell opplag 2_a 08.06.17 14:57 Side 9
hovudpersonar / 9
Ogba Asthe (f. 1950) er frå Eritrea. Ho har vore i mottakssystemet i 14 år og lever med endeleg avslag. I fleire av åra i Noreg jobba ho med reinhald, fram til ho mista arbeidsløyvet sitt. Ho har tre vaksne barn som bur i andre land. Yamen (f. 1988) er frå Damaskus i Syria. Namnet er eit pseudonym, av omsyn både til familien i krigen og eigen tryggleik. Før han flykta, dreiv Yamen eit ingeniørfirma i lag med bror sin. Han drog først til Russland og forsøkte å ta vidare universitetsutdanning der, men planen mislykkast, og han flykta vidare til Noreg.
Jølster hotell opplag 2_a 08.06.17 14:57 Side 10
Hotellet som ikkje finst Eg trudde eg skulle skrive ei bok om Jølster hotell, men Jølster hotell er ikkje ein plass. Det er ein lengsel. Det er einsemd. Det er sakn – og håp. Bygget står der, med utsyn over vatnet og fjella, Nikolai Astrups landskap. Eit høgreist, okergult bygg i sveitserstil, fasaden full av utførlege utskjeringar, nesten som blonder. Vakkert. Men folk er ikkje til stades der. Dei er i fortida eller i framtida. Dei er, for det aller meste, i ein knust draum. Ein slags ikkje-plass: den framandes geografi. Kva er ein framand? Vi er det alle på ulike tidspunkt, meir eller mindre. Nett no føler eg meg som ein framand. I sommar flytta eg frå mannen min. Eg flytta ikkje særleg langt, berre til den andre sida av Jølstravatnet, berre til ein annan dal i den same kommunen. Likevel kjennest det veldig, veldig langt borte. Frå der eg bur, kan eg enno sjå vegen opp til det gamle huset mitt. Eg skulle ønskje eg ikkje såg den. Eg har rørt meg inn og ut av ulike rom mens eg jobba med boka. Eg trudde det var hotellromma, eller romma i dei kommunale leilegheitene flyktningane sidan blei busette i. Men det var kjenslenes rom eg var i. Når du er ein framand, kjennest notida tom, det finst ingen plass for deg i den. Mens eg snakka med flyktningane, følte eg meg som ein av dei. Først visste eg ikkje heilt kvifor – men noko i meg
Jølster hotell opplag 2_a 08.06.17 14:57 Side 11
hotellet som ikkje finst / 11
skjønte vel at eg var på veg vekk frå huset mitt og mykje av det som hadde vore livet mitt. Dei hadde vegger rundt seg og eit tak over seg der på hotellet, men det kjentest ikkje sånn. Dei stolte ikkje på desse veggene, på det taket. Eg såg det på dei. Dei stolte ikkje alltid på kvarandre heller. Dei trekte seg tilbake til romma sine. Når byrja eg å interessere meg for flyktningane? Eg hugsar det ikkje heilt. Hotellet blei mottak i 2010, og gradvis byrja vi å sjå dei i bygda: folk frå Afghanistan, Iran, Irak, Eritrea, Etiopia, Sudan, Egypt – sidan Syria. Dei stod på busshaldeplassane, handla i nærbutikken, gjekk langs riksvegen med tunge plastposar. Av og til var dei også på fotballbana, og på 17. mai blei det tradisjon å arrangere kamp mellom Jølster Old Boys-laget og eit lag frå mottaket. Flyktningane blei inviterte på avslutningane til kulturskulen, der dei lytta seg tolmodig gjennom framføringane til små felespelarar, songarar, pianistar og gitaristar, førsteklassingar som framførte «Dei tre bukkane Bruse» med spake stemmer, sjetteklassingar som dansa street dance. Eg gløtta iblant mot dei, for det meste unge arabiske eller afrikanske menn. Lurte på korleis det kjentest å sitje der på ein plaststol i ein gymsal i eit anna land og sjå andres barn på scenen, andres songar, andres eventyr. Denne nøye samanfletta veven som er eit liv, eit samfunn: Korleis såg den ut for dei? Var den mogleg å trengje inn i? På andreplass etter varulvane og ville dyr i mareritta mine var det å vere utanfor det mest skremmande eg kunne tenkje meg som barn. Kanskje skjønte eg den typen smerte litt for godt. Eg hadde ein omflakkande barndom, voks opp
Jølster hotell opplag 2_a 08.06.17 14:57 Side 12
12 / jølster hotell
i mange land: Danmark, Skottland, Zimbabwe, Singapore, Noreg. Før eg gjekk ut av barneskulen, hadde eg rokke å byte skule fire gonger. Gjennom heile barndommen var det nokre eigedelar som trufast følgde meg rundt, frå hus til hus og land til land, blant desse ei bok eg hadde fått av den danske slekta mi, Okker gokker gummi klokker.1 Der stod den tristaste regla eg visste om: Den lille, hvide dukke rejste til Paris Paris var lukket, nøglen var brukket og det var synd for den lille, hvide dukke
Regla stod på siste sida i boka, under ei teikning av ei dokke som sat og gret utanfor porten til ein by, omkransa av høge murar. Dokka på teikninga var kvit, både kroppen og kleda utan farge, som var ho eit gjenferd. Ho var der, og ho var der ikkje. Det var natt over byen, og i fanget hennar låg ein nøkkel som var knekt i to. Regleboka var fantasifullt og delvis makabert illustrert. Eg hugsar eit anna rim om ein mann som ville låne ei sag: «Av, godav, må jeg låne din sav? Vel må du ej. Du må gå din vej.»2 På dobbeltsideoppslaget var ein scene frå ein by der det meste var saga i to: hus, telefonstolpar, bilar, hundar, kattar, fuglar, barn. Ei dame med hatt, handveske og hanskar låg på fortauet, kutta tvers over på livet, og såg forskrekka nedover kroppen sin. Midja hennar gapte raudt som eit kjøtstykke. Dette gjorde meg ingenting å sjå på. Rimet om den vesle, kvite dokka derimot … eg tolte det ikkje, ville ikkje høyre det!
Jølster hotell opplag 2_a 08.06.17 14:57 Side 13
hotellet som ikkje finst / 13
Sjølv om eg visste ho ikkje var verkeleg, syntest eg så synd på den kvite dokka at det gjorde vondt. Eg fekk ikkje sove viss eg kom i tankar om den triste lagnaden hennar: å komme til Paris, men ikkje sleppe inn. Å vere heilt aleine i natta. Men det med saga – kanskje har det også noko med saka å gjere. Kanskje er det difor eg hugsar på nett det rimet, no mens eg sit og skriv om dei framande. For når eg byrja å snakke med dei, slo det meg at det ofte var som om livshistoria deira var kutta i to: Det som kom før, hang ikkje saman med det som kom etter. Det fanst eit gapande brot der – nett som dei i flukta hadde mista ein bit av seg sjølve. Eller meir enn berre ein bit: Dei hadde mista fortida si. Stadig prøvde dei å vekke alt saman til live, forklare det til meg, og eg lytta nøye. Men det var ei einsemd i desse forteljingane. Eg kunne jo aldri heilt sjå det føre meg … kva slags liv dei hadde hatt, kven dei hadde vore før flukta. Ein mann, Bassel frå Syria, fortalde meg at han hadde drive ein gardinbutikk og ein restaurant i byen Daraa. Kebaben hans hadde vore den beste som var å få i heile byen. Han prøvde å forklare meg smaken: skjønte at eg, som europear, ikkje kunne vite kva ein ekte kebab var, og det var frykteleg synd, meinte han. Han unnte alle i heile verda å ha opplevd akkurat den smaken! Så fortalde han meg om korleis han brukte å henge på gata utanfor restauranten sin om kveldane, og at alle som gjekk forbi, helste på han. «Før var eg ein veldig kjent person. No er eg ein ukjent.» Korleis forklare ein smak, ei lukt, kjensla av ein by? Fleire snakka til meg om akkurat dette: dei sanselege minna frå plassen dei hadde flykta ifrå. Slik var saknet deira ikkje
Jølster hotell opplag 2_a 08.06.17 14:57 Side 14
14 / jølster hotell
berre i tankane, men noko fysisk og heilt konkret. Kroppen lengta etter det den hadde forlate. Ein dag sat eg og såg på eit kart over Etiopia. Eg var i lag med Shaban, ei ung jente frå Ogaden-stamma, det somaliske nomadefolket som held til i eit omstridd område aust i landet. Ho skulle peike ut plassen ho kom ifrå, ei bygd sør for byen Jijiga der ho hadde opplevd fryktelege ting: tapet av ei søster, ein far som ville tvangsgifte henne med enkemannen til søstera, valdtekt. Men når ho såg på kartet, sa ho: «Å, som eg saknar det! Endå så vondt det var for meg å vere der.» Også det må kjennest som å bli saga i to: den blandinga av å ha ønskt seg vekk, å ha måtta redde seg sjølv frå det, men stadig – å lengte så sårt tilbake. Av og til kjennest det også som livet mitt ikkje heng saman, endå eg har opplevd verken krig eller vald. Berre det å flytte tvers over vatnet – berre det å ha elska og så ikkje elske lenger, er eit brot i livshistoria mi. Som om det som ein gong var, blir øydelagt av det som kjem etterpå, og notida truar fortida med utsletting. Som om det som kom før, ikkje er gyldig eller forståeleg lenger, sett i lys av det nye som er no. Det er noko der som heile tida må forklarast. Eg har alltid vore dårleg til å forlate ting, anten det var ein jobb, ein plass eller ein kjærast – alltid ser eg meg tilbake, lurer på kva som eigentleg var, og kva som kunne ha vore. Ein gong var eg tilbake i Siena, den italienske byen der eg budde eit knapt år då eg var midt i tjueåra. Eg følgde ein kjærast dit, jobba på restaurant der og likte det ikkje noko særleg – jobben var stressande, og det var altfor mykje kjefting. Likevel blei eg fylt med eit vemod då eg gjekk gjen-
Jølster hotell opplag 2_a 08.06.17 14:57 Side 15
hotellet som ikkje finst / 15
nom byen tjue år seinare. Kjensla slo ned i meg og sette seg som ei tomheit i meg: Denne plassen var eg ein gong ein del av, men no er eg det ikkje lenger. Eg er på utsida, ein gjennomreisande. Den einaste eg møtte som aldri såg seg tilbake, var Milka. Når ho rørte seg rundt på hotellet der ho tidlegare hadde budd som flyktning, blei eg trekt mot henne. No hadde ho stillinga som aktivitetsleiar. Når eg såg inn i ansiktet hennar, følte eg at ho visste noko som eg ikkje visste … at ho med dei auga verkeleg såg inn i sjela mi. Eg klarer ikkje å skildre kva det var som gjorde at eg tenkte det. Sidan lærte eg at eg ikkje var den einaste som følte det slik. Ho er ein etiopisk versjon av Snåsamannen, viser det seg: Folk ringer henne frå kringom i landet og spør henne om å be for dei.3 Dei trur ho har spesielle krefter. Milka seier at det som gir livet hennar meining og retning no, er å gjere godt for andre. Fortida si fortel ho ingenting om. Alt eg veit, er at ho kom frå Etiopia, at ho omvende seg frå islam til kristendommen, og at ho sidan kom i livsfare og måtte flykte. Familien har kutta all kontakt med henne. Ho er 44 år gammal, som eg, men Milka fortel at ho berre reknar med dei siste sju åra, etter at ho kom til Jølster. Åra som kom før, vedkjem henne ikkje meir, og ho har bestemt seg for å gløyme dei. Går det an? Eg undrar over det kvar gong eg er saman med henne. Ein gong torde eg å stille henne nett det spørsmålet, men Milka var fast i trua: Du kan leggje fortida bak deg for alltid og aldri sjå på den igjen. Ho er avhengig av at dette er sant, det står om livet hennar.
Jølster hotell opplag 2_a 08.06.17 14:57 Side 16
16 / jølster hotell
Eg vil fortelje om Milka, Shaban og Bassel. Både det eg forstår, og det eg ikkje forstår. Eg vil fortelje om Moayad, som trudde han skulle bli galen av å vente. Han følte han sat fast på Jølster hotell og aldri kom til å komme seg derifrå. Om Najma, som har store draumar, men knapt har lært seg å skrive. Også om såra på kroppen hennar, den tause historia om vald. Om Malik, som har vore høgt oppe i moteindustrien, men som no må lære seg å leve på eit heilt anna vis, på ein liten industristad. Om Yamen, som flykta frå sorga og inn i musikken, både gamle, kjære songar frå Damaskus og nye norske, om korleis han har lært seg å elske Arild Andersen og Siri Nilsen. Om Hayat, som har fødd to barn i det nye landet, men føler at ho sjølv aldri kjem til å komme fram. Om Ogba, som aldri kom fram. Ho må i staden finne ein heim inni seg sjølv. Dei var alle, til ulike tider, gjester på hotellet som ikkje finst.