Skip to main content

Innanfor margane

Page 1

ANDRE BØKER PÅ SAMLAGET AV ELENA FERRANTE Mi briljante venninne – Napoli-kvartetten. Bok 1. Roman (2015, 2016, 2018). Historia om det nye namnet – Napoli-kvartetten. Bok 2. Roman (2015, 2016). Dei som flyktar og dei som blir – Napoli-kvartetten. Bok 3. Roman (2016, 2017). Historia om det tapte barnet – Napoli-kvartetten. Bok 4. Roman (2016, 2017). Svikne dagar. Roman (2017, 2018, 2019). Den dunkle dottera. Roman (2017, 2018). Natt på stranda. Biletbok illustrert av Mara Cerri (2017). Kvelande kjærleik. Roman (2018, 2019). Dei vaksens løgnaktige liv. Roman (2020, 2021). Frantumaglia. Tankar, brev og intervju (2019). Eit år med Elena Ferrante. Spaltene frå The Guardian i samling (2020). Alle bøkene er omsette frå italiensk av Kristin Sørsdal.


Elena Ferrante

Innanfor margane Om gleda ved å lese og skrive

Frå italiensk ved Kristin Sørsdal

Samlaget Oslo 2022


Copyright © 2021 Edizioni E/O Originaltittel: I margini e il dettato. Conversazioni sul piacere di leggere e scrivere Via Camozzi 1 00195 Roma info@edizionieo.it www.edizionieo.it © Det Norske Samlaget 2022 www.samlaget.no Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | exil design Framsidefoto: Eduardo Castaldo Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: 10,5/15,5 pkt. Sabon Papir: 80 g Munken Print Cream 1,8 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden Der anna ikkje er oppgitt, har omsettaren omsett utdrag og sitat frå andre verk. Alle fotnotar i boka er merknader frå omsettaren. ISBN 978-82-340-0788-0 Boka er kjøpt inn av Norsk kulturråd.

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Innhald Merknad frå forleggaren Smerta og skrifta Akvamarin Historier, eg Dantes ribbein

7 9 33 57 81


Merknad frå forleggaren Opphavet til denne boka er ein e-post frå Costantino Marmo, leiar for Centro Internazionale di Studi Umanistici «Umberto Eco», der ein kan lese mellom anna dette: «Eg liker å tenke på hausten 2020 som eit utmerkt tidspunkt for tre førelesingar som Elena Ferrante kunne halde på Universitetet i Bologna, og som er opne for alle, der ho, i løpet av tre dagar, tar for seg spørsmål som handlar om eigen skriveaktivitet, poetikk, narrativ teknikk eller andre spørsmål som ho vel sjølv, og som kan vere av interesse for eit stort publikum av ikkje–spesialistar. Umberto Eco–førelesingane er nemleg del av ein lang tradisjon der nasjonale og internasjonale kulturmenneske blir inviterte til Bologna for å halde ei førelesingsrekke. Det var Umberto Eco, som i byrjinga av det nye tusenåret, då han var rektor for Scuola Superiore di Studi Umanistici, tok initiativ til dette og la det fram for byen Bologna og universitetet. Elie Wiesel stod for den første rekka av førelesingar (januar 7


2000), og Orhan Pamuk stod for den siste (våren 2014).» Så kom pandemien, nedstenginga, og det var ikkje mogleg med offentlege tilstellingar. Men Elena Ferrante, som hadde takka ja til invitasjonen, hadde alt skrive dei tre førelesingane. I november 2021 blei dei derfor framførte i Teatro Arena del Sole, i Bologna, i samarbeid med ERT (Emilia Romagna Teatro), av skodespelar Manuela Mandracchi, i rolla som Elena Ferrante. Forfattarens refleksjonar omkring lesing og skriving held fram her i denne samlinga, med eit essay, Dantes ribbein, som Ferrante skreiv etter ein invitasjon frå Alberto Casadei og Gino Ruozzi, leiar av ADI, på vegner av ADI, Associazione degli italianisti. Essayet blei lese opp av Tiziana de Rogatis som avslutning på konferansen Dante e altri classici (29. april 2021). Sandra Ozzola


SMERTA OG SKRIFTA


Mine damer og herrar I kveld vil eg snakke om trongen til å skrive og dei to skrivemåtane som eg føler at eg kjenner best, den første føyeleg, den andre heftig. Men først vil eg vie nokre linjer til eit barn eg er veldig glad i, og til hennar spede skriveforsøk. La meg kalle henne Cecilia her. Nyleg fekk ho lyst til å vise meg kor flink ho er til å skrive namnet sitt. Eg gav henne ein penn og eit ark, av det slaget som eg bruker i skrivaren, og ho befalte: Sjå. Så skreiv ho «Cecilia» med store bokstavar, den eine etter den andre, i djup konsentrasjon og med smale auge som om ho utsette seg for fare. Det gledde meg å sjå på henne, men eg var også litt engsteleg. Av og til tenkte eg: No hjelper eg henne, no styrer eg handa hennar. Eg ville så gjerne at ho ikkje skulle gjere feil. Men ho klarte seg heilt fint aleine. Ho syntest ikkje det var så viktig å begynne øvst på arket. Ho veksla mellom oppe og nede, og for kvar konsonant, for kvar vokal, valde ho storleik på måfå, ein stor, ein liten, ein mellomstor, mens ho etterlét rikeleg med plass mellom teikna. Til slutt snudde ho seg 11


mot meg og nesten ropte: Ser du?, for at eg skulle rose henne. Sjølvsagt roste eg henne veldig, men med ein snev av ubehag. Kvifor denne redsla for at ho skulle gjere feil? Kvifor denne impulsen til å styre handa hennar? Det har eg tenkt på i desse dagar. Utan tvil har også eg skrive på den same ujamne måten for mange tiår sidan, på eit tilfeldig ark, like konsentrert, bekymra og med same behov for ros. Men for å vere ærleg hugsar eg det ikkje. Mine første minne om skriving er kopla til skrivebøkene på barneskolen. Eg veit ikkje om dei framleis har det, men den gongen hadde skrivebøkene fleire svarte vassrette linjer for at ulike bokstavar skulle bli forma riktig på arket. Slik:

12


Dette oppsettet endra seg frå første til femte klasse. Klarte ein å lære handa til å halde dei små, runde bokstavane på linja, i tillegg til dei som strekte seg oppover eller nedover, blei ein forfremma, og dei vassrette segmenta som strekte seg over boksida, blei for kvart år reduserte, til det berre stod éi linje igjen i femte klasse. Slik:

No var ein blitt stor – ein var seks år då skolen starta, og no var ein ti – og ein var stor også fordi handskrifta bevegde seg disiplinert på linja i skriveboka. Men kvar bevegde ho seg? Vel, arket var avgrensa, ikkje berre av dei vassrette svarte linjene, men også av to loddrette raude linjer, ei til venstre og ei til høgre. Å skrive var å bevege seg innanfor dei linjene, og dei 13


linjene – det hugsar eg tydeleg – var mitt kors. Dei var der nettopp for å signalisere, også med fargen, at om ein ikkje klarte å halde seg innanfor dei to stramme margane, ville ein bli straffa. Men eg var ofte tankespreidd når eg skreiv, og der eg stort sett klarte å respektere den til venstre, skjedde det ofte at eg kom utanfor margen til høgre, enten for å skrive ferdig ordet eller fordi eg var kommen til eit punkt der det var vanskeleg å dele ordet i stavingar og begynne på ny linje utan å komme utanfor. Eg blei straffa så mange gonger at kjensla for margar har kilt seg fast i meg, og kvar gong eg skriv for hand, kjenner eg meg trua av den loddrette raude streken endå han for lengst er borte frå skrivearka eg bruker. I dag fryktar eg altså at handskrifta mi, den som er av Cecilia-slaget, har hamna i eller under handskrifta som er å finne i dei skrivebøkene. Eg hugsar det ikkje, men ho må vere der, endeleg lært opp til å halde seg på linja og innanfor margane. Dette første strevet er sannsynlegvis opphavet til ei kjensle av fåfengd siger kvar gong noko dunkelt, takka vere ei første rekke av ord på arket eller dataskjermen, plutseleg går frå å vere usynleg til å bli synleg. Det er ein førebels bokstavkombinasjon, utan tvil upresis, men uansett der framfor auga mine, tett på dei første impulsane til hjernen og likevel utanfor, allereie på avstand. At dette skjer, er for meg fylt av ein så barnleg magi at om eg måtte finne grafiske symbol for den energien, ville eg ha brukt Cecilias freidige måte å skrive namnet sitt på, samtidig som ho 14


passa på at eg såg på henne, såg henne i bokstavane og roste henne entusiastisk for dei. Heilt sidan tidleg ungdom har nok skrivetrongen min vore prega både av trusselen frå dei raude margane – eg har ei svært ryddig handskrift, og også når eg skriv på skjermen, tar det berre nokre få linjer før eg klikkar på ikonet som blokkjusterer teksten – men også av lysta til å overskride dei og redsla for å gjere det. I det store og heile er å skrive for meg – og også alle vanskane eg drar med meg – kopla til den tilfredse kjensla det gir når ein klarer å halde seg pent innanfor margane, og samtidig får ei kjensle av tap, at ein har sløst bort noko, fordi ein har klart det. Eg opna med eit barn som forsøker å skrive namnet sitt, men no vil eg gjerne invitere dykk til å dvele litt ved linjene til Zeno Cosini, hovudpersonen i den store romanen La coscienza di Zeno, «Zenos samvit», av Italo Svevo. Zeno skal akkurat til å skrive, og strevet hans i den augeblinken er i mine auge ikkje så langt frå strevet til Cecilia. La oss lese: Etter å ha ete middag strekker eg meg makeleg ut i ein lenestol. Eg har blyanten og eit stykke papir i handa. Panna er glatt, for eg har stroke alle strevsame tankar ut av sinnet. Eg har kjensla av at tanken min er utanfor meg. Eg ser han. Han hever seg, han senkar seg … men det er også det einaste han gjer. For å minne han på at han er tanken, og at det er oppgåva hans å manifestere 15


seg, grip eg blyanten. Og straks rynkar panna seg, for kvart ord er sett saman av mange bokstavar og fram skrider det mektige noet og skuggar for fortida.1

Det er ikkje uvanleg at ein som skriv, opnar forteljinga si nettopp i den augeblinken han skal til å skrive henne, eg trur faktisk det har skjedd til alle tider. Det at vi ser for oss at vi trekker ut eitt eller anna fantasifullt «indre», som i sitt vesen alltid er flyktig, ved hjelp av det skrivne ordet, er eit fenomen som fortener meir merksemd når ein snakkar om litteratur. Eg er oppslukt av det, eg er ein iherdig samlar. Og dette avsnittet av Italo Svevo har alltid gjort inntrykk på meg, heilt sidan eg var ungjente. Eg skreiv konstant, sjølv om det var eit slit og stort sett gjorde meg skuffa. Då eg las det avsnittet, fekk eg det for meg at Zeno Cosini hadde liknande problem, men visste mykje meir om dei. Som vi ser, understrekar Svevo at alt begynner med ein blyant og eit stykke papir. Så oppstår eit overraskande skilje. Eget til den som ønsker å skrive, skil seg frå tanken sin og ser, i og med den åtskiljinga, tanken. Men tanken er ikkje eit ferdig, bestemt bilde. Synet av tanken viser seg som noko som er i rørsle – det hever og senkar seg – og det har i oppgåve å manifestere seg før det ebbar ut. Verbet er nettopp det, «manifestere seg», bli handfast, og det peiker på noko viktig, på ei hand-

1 Den komplette versjonen av boka kan ein lese i Tor Fotlands omsetting Zenos bekjennelser, Gyldendal 1993.

16


ling som blir utført takka vere handa. Dette noko som eget har framfor auga – noko rørleg og dermed levande – må bli «gripe av handa» som er utstyrt med ein blyant, og deretter forvandla til eit skrive ord på arket. Dette er tilsynelatande ein enkel operasjon, men panna til Zeno, som først var glatt, rynkar seg, dette er absolutt ei krevjande oppgåve. Kvifor? Svevo kjem her med ein observasjon eg er veldig glad i. Det er krevjande fordi noet – også noet til eget som sit og skriv den eine bokstaven etter den andre – ikkje klarer å halde fast synet av tanken, som alltid kjem først, som alltid er fortid, og som derfor har ein tendens til å gli inn i det dunkle. Eg las dei linjene, reinska dei for ironi, pressa ut det eg kunne få ut av dei, gjorde dei til mine. Og eg såg for meg eit løp mot tida, eit løp der den som skriv, alltid blir hengande etter. For mens bokstavane raskt stilte seg opp den eine etter den andre og kravde merksemd, bleikna synet av tanken, og skrivinga var for alltid dømd til å vere rein tilnærmingskunst. Skrifta brukte altfor lang tid på å gripe det som bølgja att og fram i hovudet. Dei «mange bokstavane» var langsame, dei pusta og pesa og prøvde å fange fortid samtidig som dei sjølve blei fortid, mykje gjekk tapt. Når eg las om igjen ting eg hadde skrive, var det som om ei stemme, som smatt hit og dit i hovudet mitt, hadde lagt frå seg mykje meir i det eg hadde skrive, enn det som eigentleg stod der. Eg kan ikkje hugse å ha tenkt, heller ikkje då eg var ung, at ei framand stemme hadde busett seg i meg. Nei, den 17


plaga har eg aldri opplevd. Det var når eg skreiv at ting blei vanskelege. Eg las svært mykje, og det eg likte, var nesten aldri skrive av ei kvinne. Eg følte at stemma som kom frå boksidene, var av hankjønn, og den stemma engasjerte meg, eg prøvde alt eg kunne å imitere henne. Då eg var rundt tretten – for å halde meg til eit tydeleg minne – følte eg framleis at eg skreiv bra dei gongene det kjendest som om nokon dikterte til meg kva eg burde gjere om til skrift, og korleis. No og då var denne nokon av hankjønn, men usynleg. Eg visste ikkje eingong om vi var på same alder, eller om han allereie var vaksen, kanskje gammal. Eg må innrømme at generelt sett såg eg nok for meg at eg skulle bli mann, men framleis vere kvinne. Det er ei kjensle som heldigvis forsvann, nesten, etter ungdomstida. Eg seier «nesten» fordi den mannlege stemma nok forsvann, men samtidig har det blitt verande ein liten rest, nemleg at det var min eigen kvinnehjerne som bremsa meg, som la hindringar i vegen for meg, som ein slags medfødd tregleik. Ikkje berre var det å skrive vanskeleg i seg sjølv, i tillegg var eg kvinne og kom derfor aldri til å klare å skrive like store bøker som dei store forfattarane. Kvaliteten og styrken som skrivinga i dei tekstane hadde, tende store ambisjonar i meg, fylte meg med forventingar som låg langt utanfor det eg innbilte meg at eg sjølv kunne klare. Så, kanskje det var på slutten av gymnaset, eg hugsar ikkje, støytte eg heilt tilfeldig på dikta til Gaspara Stampa (1523–1554), og det var særleg ein sonett som 18


gjorde inntrykk på meg. I dag veit eg at Stampa brukte eit av dei store, velbrukte temaa i diktartradisjonen, nemleg kor utilstrekkeleg språket er stilt overfor kjærleiken, enten det er kjærleiken til eit anna menneske eller kjærleiken til Gud. Men det visste eg ikkje då, og blei særleg gripen av korleis ho produserte ein vedvarande syklus av kjærleikssmerte og skrivne ord, som likevel alltid uunngåeleg førte til at ho oppdaga skiljet mellom dikt og stoffet diktet var laga av, eller, med ei av formuleringane hennar, skiljet mellom det levande objektet som tenner kjærleikselden, og lingua mortal e chiusa in uman velo, det forgjengelege språket som er stengt inne i eit menneskeslør. Versa eg las den gongen som om dei snakka direkte til meg, er desse: Kan eg, som er ei forkasteleg og ussel kvinne ha i meg ein så mektig flamme, bør eg vel også ha litt av åra og stilen som skal til for å skildre han for verda? Skyt Amor meg til stader eg umogleg kan nå, med eit slikt nytt og uvanleg våpen, kan han vel også gå utanom det sedvanlege spelet og få smerte og skrift til å bli eitt i meg? Og kan han ikkje med naturens kraft, kvifor ikkje med eit mirakel som ofte overvinn, overskrid og bryt alle grenser. Korleis det skal skje veit eg ikkje, eg føler berre at til mitt store hell har ein ny stil tatt bustad i mitt hjarte. 19


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Innanfor margane by Det Norske Samlaget - Issuu