Skip to main content

Ingenmannsland: nye nynorske noveller

Page 1

ingenmannsland Nye nynorske noveller

Samlaget Oslo 2020


© Det Norske Samlaget 2020 www.samlaget.no Omslag: Johanne Hjorthol Omslagsfoto: Erle M. Kyllingmark, «Utenfor Tid nr. 6», 2015 Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: 10,4/14,5 pkt. Sabon Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0194-9

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Innhald

Vidar Kvalshaug Ingenmannsland

7

Marit O Kaldhol Utkant

25

Lars Petter Sveen Ålen i glaset

41

Sigrid Merethe Hanssen Over fjell

65

Rønnaug Kleiva Nilen har fleire utspring

83

Ingvild Holvik Ein kan ikkje vite alt før det hender

101

Hilde Myklebust Ettersøk

119

Solfrid Sivertsen Kinasjakk

141

Ingrid Senje Skiene

161

Om forfattarane

175


Vidar Kvalshaug

Ingenmannsland

skulle ønske eg hadde det slik heime, seier Sunniva. Ho ligg så roleg på armen hans at ho kjenner tynne dunk frå blodårene mot nakken sin, som svakstraum, små støytar, eit ekstra omløp ho kan lite på om hennar eige skulle svikte. Ho veit han er vaken, høyrer det på pusten hans. Han verkar medviten om at han pustar, men når han søv, er det tynne pff og lyse, rolege drag, som om han er på ein betre stad. Sida av ansiktet hennar kan kjenne brystet hans gå opp, gå ned. Tore, er du vaken? spør ho. Han løftar seg opp, ho held hovudet unna for at han ikkje skal rive i håret med klokka. Dynene veltar seg som kvite bølgetoppar over dei. Han står på golvet som eit timeglas, og det tar til å renne i han. Rullegardina smell. Skodde sig tynt forbi. Også denne dagen vil vere eit unnatak, eit rykk ut av det dei har kvar for seg. Ho set føtene i teppet på si side av senga, går på badet og ser ned i den enkle vasken med ein gul sirkel rundt sluket, før ho tar på seg kleda ho hengde over kanten på dusjkabinettet i går. Dei har sove seks–sju timar, og ho knyter neven som kviler langs hofta, knyter til musklane dirrar. Natta har fått treverket til å knake, og termostaten på den vesle omnen har knept av og på i heile natt. Tore har 7


lagt seg igjen, oppå dyna, strekker seg ut, med armane bak hovudet slik at innsida av dei legg seg over øyra. Han skyt underlivet opp, krøllar tærne, held stillinga og søkk saman frå spennet med eit sukk. Ser du kvisten der? seier han, utan å sjå på Sunniva. Kvar? Der, litt til høgre for lampa, ser du korleis han liknar eit skjel? Nei? Ser du han – eller seier du nei fordi han ikkje liknar eit skjel? Begge delar. Begge delar? Ja. Sunniva går ut på det vesle badet igjen, let vatnet renne medan ho tissar, og startar med å fjerne sminka systematisk. Første natta brukar vere slik. Dei drikk for mykje vin, dei let det berre stå til, dei sovnar i krøll. Snart kjem ei anna Sunniva fram. Ho ser den nye frisyren sin i spegelen. Auburn, sa frisøren, og Sunniva visste denne dagen ville kome, dagen da frisøren begynte å førebu neste fase i livet hennar, med å mjuke opp tonane i håret i staden for å etterfarge heile tida. Du blir mjukare, sa han og heldt hendene opne på kvar side av hovudet hennar, som om han presenterte noko nytt, noko som spratt opp av ein boks og skulle gle henne. Ein blir jo eldre, sa frisøren da ho ikkje responderte. Men det er ikkje sikkert vi blir klokare, la han til og lo for dei begge. Sorry, seier Tore frå døra, eg blei berre dum på grunn av det du sa, om å kjenne dette heime. 8


Men eg har det jo ikkje slik heime, seier ho, på ein måte ho trur er mild, som snakkar til det beste i han og dei, ein måte som i alle fall er deira. Såpass har dei saman, ei venlegheit. Godsidene i livet. Skjerpa sansar. Fine talemåtar der dei bekreftar kvarandre. Dei let noko ungdommeleg sive ut. Tankar, som den andre grip og går vidare på. Kjensler, som ein ikkje snakkar for høgt om elles. Nokre av samtalane deira og erkjenningane dei kjem til, liknar klokskap. Betyr dette at du skal tilbake i dag? spør han. Eg er her no og gler meg til ein dag med deg. Bra, seier han, la oss legge oss nedpå igjen, berre ein time. Eg er litt urven. Ho smiler, kastar eit blikk i spegelen, om ho skulle lagt litt grunnlag, brukt to minutt, i tilfelle han blir liggande og sjå på henne, som i starten. Sunniva kryp inn i dynene frå enden. Ho læst som ho søv, heilt til ho sovnar, og det siste ho tenkjer, er om han reiser seg, kler på seg, er stille når han legg att døra. Det skjer stadig vekk. Den eine får ikkje sove, tar på seg nokre plagg, tar omsyn, går ut i stova, les, tar seg ein røyk eller ein matbit frå kjøleskåpet. Så får han sjå ytterdøra, dei enorme moglegheitene bak den stengde døra og går frå elskarinna si til ei anna, bognande av kjærleik og moglegheiter, ei som ikkje driv og spør han ut. Slik går han frå alt dei har, og han gjer det mange gonger før Sunniva vaknar. Han ligg der framleis. Ho ser på den blasse tatoveringa på venstre arm og arret han fekk over magen som barn. Kor mykje er det dei har, eigentleg?

9


Mellom vegen og hytta dei leiger, står eit gedigent bygg med klokketårn, nesten som eit slott, måla med svart, glatt olje. Det var ein skysstasjon, eit knutepunkt på vegen mellom vest og aust med ei kai der ein rutebåt kunne ta folk over innsjøen og mot byen, som hadde jernbane. Bryggene er overdimensjonerte frå gamalt av. Her er berre småbåtar som blir leigde ut til gjestar, og kajakkar som er knall gule mot hausten. Eit ungt ektepar frå Nederland har tatt over det svarte slottet frå banken og kjempar mot forfallet. Hyttene som blei sette opp side om side nede ved vatnet og kalla motell tidleg på åttitalet, har enno nokre besøkande i helgene, sjølv om det er haust og utanfor alle sesongar. Vi er ikkje åleine om å ha det slik, tenkjer ho. Folk kjem i bilane sine, parkerer dei i ly av det svarte slottet, slik at dei ikkje er synlege frå vegen. Den første L-en i motell blinkar ujamt over biltaka. Nokre kjem åleine for å vere i fred. Andre er folk som arbeider på bygg, fiskar etter aure heile ettermiddagen og røykjer sigarettar ute om kveldane. Dei fleste er nok som dei sjølve, tenkjer ho, og vi plagar ingen. Ho kjenner blikka, korleis menn og kvinner går frå sovehyttene til det svarte slottet. Dei er menn og kvinner som elskar på dei kvite lakena, brølar ut nokre av lengslene sine bak veggane, vaskar seg og ser inn i dei innramma plakatane av blomar og natur etter noko meir. Kanskje har dei med ei flaske vin med skrukork, deler noko mat, sit utanfor i varme kveldar, går berrbeinte på plenen ned mot vatnet, lovar og lyg før dei tar av garde i kvar sin bil. Likevel kjenner ho seg spesiell. Temperaturen har stige kraftig, det blinkar ikkje lenger så ofte i termostaten. 10


Tore, seier ho inn døra. Kva er det? Han festar handduken rundt livet og kjem over golvet. Vi tar båten. Båten? spør han. No har vi vore så mykje inne. La oss ro ein tur. Ta med ein matbit. Han svarar ikkje. Vi må gjere noko saman, meir enn det vi normalt gjer, meiner eg. Har du ikkje sett skodda? Det er ikkje mogleg å sjå meteren framfor seg. Eg ordnar med årer og vestar oppe i Slottet, så køyrer du bort til butikken og får tak i noko å ete og drikke? Sunniva går ned til båten som ligg nærmast hytta, sparkar lett i han, løftar litt og slepper for å sjå om han held. Han ligg snudd, opphavleg oransje med blå ripe, men no er han bruna som eit haustblad. Ho får åregaflar, årer, ausekar og to slanke, moderne vestar og ein stor termos med nytrakta kaffi i Slottet. Du likar ro? spør Marikje i resepsjonen. Både ro – og å ro, svarar Sunniva og blir ståande og forklara forskjellen. Marijke ler. Ho syg til seg inntrykk, veremåtar, talemåtar. Sunniva tenkjer ho skulle vore 25 år igjen og som Marijke, ein svamp etter alt i livet og det andre menneske har å gje, kaste seg ut i eventyr som er litt for store og smile godt mot alle, heilt utan baktankar. Er det fisk i vatnet? 11


Marijke vekslar nokre ord på nederlandsk med mannen sin. Han drar fram ein plansje av den gamle sorten med falma bilete og fontar frå andre tider og peikar på åbor, aure, røye og gjedde. Sunniva kan ikkje mykje om fiske, anna enn det far hennar alltid sa, at fiske ikkje handlar om flaks, men om mot, om å våge å miste slukar, å sette fast sluken i botnen, å sette garna djupare enn andre. Ho tenkjer at alle desse sortane kan ikkje vere i vatnet samtidig, men kva veit vel ho? Sjå vassdampen, det er vêrskifte, seier Tore og tørkar brillene sine mot ein flik av T-skjorta under genseren, skodda blir nok liggande. Eg las ein stad at skodde er skyer nær bakken, seier han. Skodda har sige enda lenger inn over dei og viska ut alle konturane høgt i trea og skogsidene på kvar side av vatnet. Sjølv mellom hyttene og slottet ligg det eit gråare filter som mjukar opp, får dei til å snakke lågare. Er du sikker på at vi bør ro ut no? spør han. Ho ser utover. Sjå for deg ein polarekspedisjon, seier ho. Alt du ser, har same farge og er einsformig, men du veit at framme der ligg det noko, at det er dit du vil. Vi får tenkje på det som eit eventyr, meiner Tore. Dei hjelper kvarandre med å vende båten, legg alt om bord og skyv han ned gjennom den blaute sanden og blir ståande og sjå oppi om han lek. Berre åtte–ti åretak utpå har dei mista strandflekken og det svarte slottet av syne. Sunniva trur ho kan høyre ein flokk fuglar, hysjar på Tore og held årene. 12


Det er eit eventyr å høyre fugl utan å sjå dei. Alt blir så forsterka, seier Sunniva. Gjer du narr av meg no? Berre litt. Kva problem har du med at eg ser eventyr her og der? Sunniva ror med årene djupt i vatnet. Ho held dei oppe, ser til kvar kant, og det trillar klåre perler ned i vatnet. Du kjenner meg ikkje, du kjenner ikkje livet mitt, seier ho. Nei vel? Ho legg seg på sida og stikk to fingrar ned i vatnet, og det er slush, som om vatnet er i ferd med å finne seg sjølv etter frostnatta, på veg mot ei avklaring, mot å bli vatn igjen. Sunniva gjettar at det er klårare, ope vatn lenger utpå. Du er så stille, seier ho etter ei stund, er det det eg sa i dag tidleg du grunnar på? Litt, kanskje. Eg forstod ikkje heilt. Vi har jo hatt det så bra, vi to. Nokre gonger seier folk det motsette av det dei meiner for å få ein reaksjon. Eg håpa vel at du skulle gi meg noko, seie noko om oss. Ho ror vidare. Tore skjenker seg kaffi som ryk. Sunniva held årene under knehasene, bøyer seg fram over tofta, undersøker blikket hans, prøver å få han til å møte hennar og halde det. Nei, slikt spel forstår eg ikkje, seier han. Spel? Det er livet mitt du snakkar om. Resten av liva våre.

13


Veit du kva eg saknar? spør ho. Eg saknar noko så enkelt som å legge ut eit bilete av dette på Instagram. Av dette? spør Tore. Av denne rare, gamle båten, at vi ror i skodda, av deg. Den lyse jakka gir ein glød i andletet hans. Han har tre fine striper over panna, som brukar å vere heilt glatt når han søv. Kva ville du gjort om du møtte mannen min? spør ho. Helsa på, sagt namnet mitt. Håpa at han ikkje hadde høyrt det før. Sagt vi er kollegaer. Men det kjem jo ikkje til å skje. Eller kva trur du? Det er mykje som aldri kjem til å skje, som skjer heile tida, seier ho. Kva meiner du? Ho ser ut, på ein stad langt borte, som ho ofte gjer når andre folk spør om noko og ho vil dei skal finne svaret sjølv. Tore spør: Høyrer du fuglane inne ved breidda? Breidda er den vegen, seier ho og peikar. Kvitteret kjem derifrå, opplyser ho og nikkar andre vegen. Den nye luggen legg seg midt på, men ho gjer eit kast for å få håret klar av panna. Greitt for meg, seier han, heller restane i koppen på termosen og spør om dei skal byte på å ro. Men Tore, det eg prøver å få fram, er at eg vil eit steg vidare med oss, eg vil vi skal forplikte oss meir, at det skal vere ei framtid for oss. Du er galen, seier han, galen på same måten som at du foreslo dette i skodda. Det står jo ikkje noko på spel for deg, seier ho. Jo, all fridomen min, svarar han. 14


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Ingenmannsland: nye nynorske noveller by Det Norske Samlaget - Issuu