Riv av seg ansiktet ferdig.qxp_A 21.06.2018 09:12 Side 1
Riv av seg ansiktet ferdig.qxp_A 21.06.2018 09:12 Side 2
Riv av seg ansiktet ferdig.qxp_A 21.06.2018 09:12 Side 3
Martin Ingebrigtsen
riv av seg ansiktet Dikt
Samlaget Oslo 2018
Riv av seg ansiktet ferdig.qxp_A 21.06.2018 09:12 Side 4
Riv av seg ansiktet ferdig.qxp_A 21.06.2018 09:12 Side 5
bror min med lys i hovudet som tyt ut av alle opningar når eg forsøker å sove i toppkøya, seier eg du er ei discokule, bror vi slåst ofte ein gong var bror min forelska han grein om natta dagen etterpå fann eg størkna tårer, store som tomatar i senga far vår var eit tre som brann om natta rå eld i skogen, halvvegs sett gjennom andre tre men vi skjønte kva som skjedde bror min reiste seg i senga, heldt seg fast i sengekanten og stakk hovudet heilt inntil mitt eg blei heilt blenda det er eg som må vere mann no, sa han men du kan framleis vere bror dagen etter var han borte vi møtte kvarandre igjen, mange år seinare, på ei gate det var kort og høfleg
5
Riv av seg ansiktet ferdig.qxp_A 21.06.2018 09:12 Side 6
Riv av seg ansiktet ferdig.qxp_A 21.06.2018 09:12 Side 7
eg går til mammas hole mamma rører i den store gryta på benken, heilt inst, sit eit skjelett det blafrande lyset frå eldstaden får skuggen hans til å le eg går stilt forbi mamma og set meg ved sida av han det dryp framleis suppe av knoklane hans deg kjenner eg, seier eg og i eit kvisker frå mellom stilla og kokinga kjem stemma hans sigande: hysj, ikkje sei det eit skjelett treng ikkje namn han der var statsminister, seier mamma det her er kuren no kokar han i gryta mi ikkje sant at det her er kuren, seier ho ja, det der er kuren, seier vi eigedom og økonomi finst ikkje, seier ho eigedom og økonomi finst ikkje, seier vi
spøkelse finst spøkelse finst
mor mi rører i suppa ein lauk og eit auge
duppar i overflata
7