Ikkje ver redd sĂĽnne som meg ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 12:37 Side 1
Ikkje ver redd sånne som meg ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 12:37 Side 3
Sumaya Jirde Ali IKKJE VER REDD SÅNNE SOM MEG
Samlaget Oslo
Ikkje ver redd sĂĽnne som meg ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 12:37 Side 2
Ikkje ver redd sånne som meg ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 12:37 Side 5
Til det verkelege spørsmålet, korleis kjennest det å vere eit problem? Eg svarer sjeldan eit ord. W.E.B. Du Bois: The Souls of Black Folk ()
Ikkje ver redd sĂĽnne som meg ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 12:37 Side 6
Ikkje ver redd sånne som meg ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 12:37 Side 7
Eg heiter Sumaya Jirde Ali. Eg er år gammal, norsksomaliar, muslim, kvinne, bodøværing. Eg er det ein kallar «ein samfunnsdebattant». Då eg byrja å ytre meg, var det fordi eg var lei av at alle andre enn dei det gjaldt, snakka og meinte ting om «oss andre» – dei muslimske kvinnene. Reaksjonane var overveldande. Eg har fått spalteplass, ros og masse positiv merksemd. Men prisen har vore høg. Eg blir ofte hetsa. Eg søv dårleg. Eg må ta forholdsreglar eg elles ikkje ville ha tatt. Hausten fekk eg voldsalarm. Politiet meinte trusselbildet mot meg var forverra. Våren blei det endå verre. Eg fekk pusteproblem og angst. Hetsarane er ikkje så mange, men forakta deira er altomfattande. Spesielt éin kommentar følgjer meg: «Slå ring om henne, søl bensin og tenn faklene.» I vekene før kvinnedagen . mars blei eg sengeliggande, eg måtte avlyse alle arrangement eg skulle delta på. Det utløyste eit engasjement eg aldri kjem til å gløyme. Eg opplevde at det verkelege Noreg stod bak meg, at hetsarane var i mindretal. Etter kvart byrja eg å ta den enorme støtta inn over meg. Eg tok inn over meg
Ikkje ver redd sånne som meg ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 12:37 Side 8
kjærleiken og gjorde den til mot og styrke. Noko tungt i meg losna. Eg kjende meg lettare. Denne teksten er skriven midt i alt dette. Opphavleg skulle denne boka handle om den år gamle syriske flyktningen Suha Alhajeed, om korleis ho flykta frå Syria, om det nye livet hennar i Noreg. Men då eg begynte å skrive, forstod eg at eg ikkje kunne skrive Suhas historie utan å skrive mi eiga. Gjennom skriveprosessen kom steinane som eg hadde svelgt gjennom alle år, fram igjen. Gjennom skriveprosessen kom eg fram igjen. Eg og kjensla av å vere eit problem.
Ikkje ver redd sånne som meg ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 12:37 Side 9
Eg kom til Noreg som sjuåring i april . Eg hugsar at vi skulle gå om bord i flyet. Eg hadde aldri sett eit fly før. Det var grått og såg ut som ei skummel kjempe som ville gjere meg noko vondt. Eg begynte å gråte. Men flyet gjorde meg ikkje noko vondt. Vi mellomlanda i Frankrike og Oslo og flaug deretter til den nye heimbyen min. Bodø. På flyplassen sprang eg og veslesøstera mi forbi pappa. Vi kjende han ikkje igjen. Det var ein kjølig dag. Bilturen frå flyplassen til den nye heimen vår var lang, vi skulle bu på den andre sida av byen. Pappa snakka masse mens han køyrde, og heime hadde vennene hans gjort klart til ein varm velkomst. Det hang ballongar frå taket, vi fekk servert god somalisk festmat. I nokre timar gløymde mamma, eg og søskena mine kor slitne vi var etter den lange reisa. Om kvelden la eg og dei tre søstrene mine oss i same dobbeltseng. Storebror sov på ein madrass på golvet. Den nye heimen vår var ikkje stor, berre to rom og eit ope kjøkken som var knytt til stova. Men det blei fort ein heim. Dagen etter fann eg lommeboka til far. Eg leikte med
Ikkje ver redd sånne som meg ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 12:37 Side 10
henne, tok ut korta og papira og gøymde dei i stova. Pappa kjefta på meg, det var den første krangelen vår i Noreg. Eg visste ikkje at korta var så viktige. Ikkje lenge etter at vi kom, sa pappa at vi måtte begynne på skulen. Til første skuledag fekk eg ein oransje ryggsekk som alle andre førsteklassingar. Inni ryggsekken fann eg refleks, bok, nokre blyantar og linjal. Vi lærte barnesongar som «Mikkel rev», «Per Olsen hadde ein bondegard» og «Kua mi, eg takkar deg». Heime skrytte eg og fortalde om alt det nye eg hadde lært. Eg likte å gå på skule. Pappa pla køyre oss til skulen, men det var oftast mamma som henta oss. Ein dag eg og mamma stod utanfor den oransje og grå hovudinngangen på skulen, kom læraren bort til oss. Ho tipsa mamma om kva butikk ho kunne kjøpe ullklede i. Vinteren var jo rett rundt hjørnet. Det er den typen varme eg hugsar: Lærarar som strekte ut ei hjelpande hand, ikkje berre i undervisninga, men elles òg. Eg gjekk første klasse på ein barneskule der dei var vane med å ta imot framande barn. Ei klasse der dei var vane med å sjå bort frå forskjellane og heller fokusere på likskapane. Eg trur det er ein av dei viktigaste grunnane til at eg fekk ein fin og mjuk overgang frå det somaliske til det norske. På skulen blei eg kjend med andre brune barn. Dei fleste var fødde i Noreg, som eg ikkje var, og mange hadde gått i barnehage, som eg ikkje hadde. Men barn
Ikkje ver redd sånne som meg ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 12:37 Side 11
er barn: Dei hjelper opp dei som fell, og går saman med dei som enno ikkje har lært å gå. Eg fekk hjelp til å forstå det uforståelege, som snø, bursdagsfeiring og jul. Ting som forstyrra den røyndomsforståinga eg hadde. Eg hugsar kor glad eg var i fredagane, for då var det pølsefest på skulen. Pølser var ein av dei få «norske» matrettene eg likte med ein gong. Skulen kjøpte inn halalpølse til dei av oss som hadde foreldre som sa at barna deira ikkje kunne ete svin. Eg tenkte ikkje over at eg åt noko anna enn vennene mine. Ost var eit mjølkeprodukt som eg skulle bruke fleire år på å venje meg til. Og når eg først begynte å like ost, var det smelta ost med grillkrydder eg føretrekte. Mjølk hugsar eg òg at det var vanskeleg å like. I Somalia drakk eg søt pulvermjølk, ei mjølk eg var veldig glad i, og som eg sakna fælt. Då eg kom til Noreg som sjuåring, forstod eg ikkje kor permanent reisa hit var. Eg visste berre to ting: Eg hadde komme til eit underleg land der ein åt brød med noko gult, fast oppå, og der ein drakk mjølk utan smak. Den dag i dag hugsar eg kor forvirra eg var første gong eg såg snø. Vi var i klasserommet. Utanfor dalte det kvite flekker som la seg oppå kvarandre. Eg gjekk mot vindauget, forskrekka, men samtidig fascinert. Eg spurde ein somalisk kompis om kva det kvite var. Det er snø, sa han med eit smil. Dei kvite, dalande flekkene var noko sjølvsagt for han.
Ikkje ver redd sånne som meg ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 12:37 Side 12
Eg gjekk ikkje på den skulen lenge, vi flytta like etter. På den siste skuledagen min fekk eg kake og eit innramma bilde av meg sjølv med helsingar frå heile klassa. På bildet har eg fletter, ein kvit genser med horisontale blå striper og eit flautt smil. Det gjorde vondt å flytte frå klassa: Eg passa jo så godt inn! Mor trøysta meg og bad til Allah om at eg skulle hamne i ei like fin klasse på den nye skulen.