Huset på prærien ferdig.qxp_x 25.01.2018 11:10 Side 1
Huset på prærien ferdig.qxp_x 25.01.2018 11:10 Side 3
Tora Seljebø
HUSET PÅ PRÆRIEN Roman
Samlaget Oslo
Huset på prærien ferdig.qxp_x 25.01.2018 11:10 Side 5
Eg har gøymt biletet under madrassen. Det er som om historia høyrer nokon annan til. Det hjelper ikkje kor vakker ein er, om ein ikkje gløder frå innsida. Eg har ei lita, kvit truse på meg og ein pastellgul topp som stoppar like over navlen. Håret mitt er bustete og dekkjer kragebeina, over brysta. Den eine stroppen er glidd ned og ei spiss skulder stikk ut. Leppene raudmåla, gnidd utover munnen. Eg ser rett inn i kameraet. Eg har eit lys i meg som kan ta meg med kor som helst.
Huset på prærien ferdig.qxp_x 25.01.2018 11:10 Side 6
Huset på prærien ferdig.qxp_x 25.01.2018 11:10 Side 7
HUSET PÅ PRÆRIEN
Huset på prærien ferdig.qxp_x 25.01.2018 11:10 Side 8
Huset på prærien ferdig.qxp_x 25.01.2018 11:10 Side 9
Huset låg forlate ute på prærien. Vegane forsvann ut i endelause åkrar før dei lovlause områda overtok. Støvskyer stod bak bilane om dagane når sola tørka grusvegane, eit kvitt skin som blendande blitslys inn i auga. Berre kveldane lindra som sårsalve, kaktusplanter vi systrene knekte og smurde over dei solhovna skuldrene. I dei spinkle kroppane våre bar vi tyngda av sommarnettene, var vi alt fylte av dei djupe innsjøanes botnfall, ein eim i oss av det framtidige, svovelbobler steig mot overflata og breste sommaren i oss, små væskande minne.
Huset på prærien ferdig.qxp_x 25.01.2018 11:10 Side 10
Først var eg innvendig. Alt eg gjorde hadde indianarrørsler, anten sakte snikande eller desse plutselege åtaka eg kunne utfalde. Eg var umerkeleg, ein skugge som lista seg eller sprang lydlaust, låg flatt bak buskar eller klatra høgt i trekronene, rana fuglereira og la dei små, blå eller brunspetta egga i ei lita pute av bomull, sette ei skrivebordslampe over, sat i dagevis berre avbrote av usynleg søvn. Det var noko vilt over meg som Margot berre lét vere, ho prøvde nokre gonger å endre små vanar, legge bestikket i hendene på meg, men det ville ikkje falle seg rett, så ho gav snart opp, lét meg rive maten med tennene. Det var som om alt kunne få plass mellom leppene. Eg kjende på tinga gjennom munnen, metallstenger, sårskorper, kjønnssafta og surgraset i grøftekanten, vassarven, og så gullregnen, den forgifta, som trekte og drog i meg, som trolldom.
Huset på prærien ferdig.qxp_x 25.01.2018 11:10 Side 11
Margot sa at dei ein elskar gjev ein mange namn. Sjølv hadde eg berre mitt eige. Den dagen Gloria vart fødd song Margot i den kvite kyrkja, den lysaste tonen i sopranrekka da fosterhinna sprakk og vatnet strøymde nedover føtene hennar. Vi kalla deg Gloria, sa Margot. Ho likte å fortelje dette, som om ho leika med Guds under. Det var alltid noko særskilt med Gloria. Det sa dei alle. Dei såg etter ho når ho gjekk over golvet. Dotter di, sa dei til Margot. Hysj, sa ho berre. Slik var Gloria, ho skein på alle. Nokre gonger kunne det kvile ei slags unnskyldning over vakre menneske, som var dei utanfor reglane, dei kunne gjere kva som helst og ingen ville bli sinte. Men eg visste at det naturlege oppsynet var innstudert. Gloria med det lange håret, den evige kamminga framfor spegelen.
Huset på prærien ferdig.qxp_x 25.01.2018 11:10 Side 12
Det er viktig å vite kven ein er. Viss ein berre ser lenge nok, seier Margot. Det var slik eg lærte, å sjå korleis ho skifta klede og vende seg omkring, eller klistra idrettsteip frå kinnbeina mot tinningen for å løfte ansiktet før ho la seg om kveldane. Margot seier eg har ein solid kropp. Som ei bygning blir ståande att på prærien når sommartornadoane rasar. Det er mykje verre å bli eldre når ein har vore vakker. Torevêret rullar over himmelen som enorme bakteriekulturar. Den stramme huda over hoftene. Alt som skal breste og gjere oss annleis, ein lengt i ansiktet etter grimer og herjingar, eg vaknar om morgonen og kjenner skaden innvortes.