Homoflokar ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 10:46 Side 1
Homoflokar ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 10:46 Side 3
Kristin Fridtun HOMOFLOKAR
Samlaget Oslo
Homoflokar ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 10:46 Side 2
Homoflokar ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 10:46 Side 5
[Lauridtz] haffue hørt det aff Erich Aßlachsen at pigerne er Sell arsagge der vdj at pludtzelige haffuer Sig med huerandre. Frå hausttinget i Kinsarvik . oktober , der tre personar måtte forklåra kvifor dei hadde dikta ei usømeleg vise om Berite Jacobsdotter og Berite Enderssdotter.
Homoflokar ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 10:46 Side 6
Homoflokar ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 10:46 Side 7
INNHALD Stoltheit og fordomar Homofile er dei høgare degenererte Homofile er dei andre Homofobe er dei andre Notar Litteratur Takk
Homoflokar ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 10:46 Side 8
Homoflokar ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 10:46 Side 9
STOLTHEIT OG FORDOMAR Då eg var femten år, tykte eg at homofili høyrdest ut som ein diagnose. Det var slik eg formulerte det i dagboka mi ein maidag i . «Homofili høres ut som en medisinsk diagnose», slo eg fast. Og la til: «Jeg er ikke sjuk.» Sant nok, eg var interessert i jenter og frisk som ein fisk. Men kvifor skreiv eg at homofili høyrest ut som ein diagnose? Visste eg ikkje at homofili – eller homoseksualitet – verkeleg hadde vore rekna som ei psykisk liding, og at homoseksualitet fyrst i mi levetid, i , vart fjerna frå diagnosehandboka til Verdshelseorganisasjonen (WHO)? Hadde eg ikkje fått med meg at homofili er eit moderne omgrep, ikkje ein naturgjeven og tidlaus kategori? Kanskje hadde eg ei aning om alt dette, men eg visste forsvinnande lite om historia til homoseksualiteten og andre seksualitetar. Overblikk og kritisk distanse fanst ikkje. Eg skjøna instinktivt at eg burde teia om kjenslelivet mitt og ljuga eller halda munn når veninnene mine prata om gutar dei lika, men kvar kom han frå, denne trongen til å teia og dekkja over? Og kvifor var det å teia det same som å gå inn i eit skåp?
Homoflokar ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 10:46 Side 10
Mykje har hendt sidan . Mykje bra, til og med. Men skåpet står her enno, og merkelappane homo, hetero og bi er framleis i full sving. Nokre reagerer med glede eller likesæle når dei oppdagar at dei sjølve er skeive, andre blir vitskremde når dei skjønar at det er slik fatt. Den forventa livsvegen deira går i oppløysing. Framtida ter seg som eit svart hòl. Eg likar å tru at eg som femtenåring hadde sett ljosare på framtida dersom eg hadde hatt betre grep om den skeive historia. Då kunne eg ha identifisert dei mekanismane og førestillingane som verka inn på meg, i staden for å kava rundt i ei fortvilande røre. I alle fall kjende eg, då eg som trettiåring arbeidde med den vesle stemningsrapporten du no les, at det var naudsynt å gjera nokre avstikkarar tilbake i tid. Eg trong nokre skimtar av fortid som kunne fylla ut biletet og prova at mykje av det me diskuterer og strevar med, har røter langt attende. Men kvifor har eg skrive denne boka i det heile? Jau, fordi «homosaka» framleis engasjerer og provoserer. Små og store ordskifte dukkar jamleg opp, men med det tempoet som råder i dag, er det ikkje alltid høve til å dvelja ved einskilde argument eller sjå debattane i samanheng. I denne boka har eg valt ut nokre emne og straumdrag som eg meiner det er viktig å drøfta, men eg vil minna om at andre opplever det skeive tilværet annleis enn eg, og at skeivingar ofte er rykande usamde om heilt grunnleggjande ting.
Homoflokar ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 10:46 Side 11
Ta Pride-festivalane, til dømes. Sjølv elskar eg desse feiringane, og ein av dei lukkelegaste augneblinkane mine i var då eg stod midt i menneskemengda i Pride Park i Oslo torsdag . juni. Overalt såg eg opne og blide andlet, det var som me alle delte den same gleda, endå så ulike me var. På grusen framfor meg stod tre androgyne personar i attenårsalderen, dei hadde kaps og svart hettegenser og røykte rullings. Nokre meter til høgre for dei stod ein tidlegare spelar på fotballandslaget for kvinner. Bortanfor der att stod ei gruppe godt vaksne damer, mellom anna ein skodespelar i sekstiåra. To svære, skjeggfagre karar tråkla seg framom dei, og på vegen passerte dei ein unggut i rullestol og fire kvitvinsdrikkande herrar i femtiåra. Og framme på scena, der stod Samantha Fox – den tidlegare topplausmodellen som hordar av mannfolk sikla etter på -talet, men som sjølv føretrekkjer å ha kvinneleg partnar – og framførte kjempehiten «Touch me». Norsk sumar på sitt skakkaste! Men det er mange som held seg unna og ikkje vil koplast til den slags. Rollefiguren Isak i SKAM kan tena som døme. Eit av høgdepunkta i sesong tre er scena der Isak lettar på sløret og fortel Eskild at han sjølv og Even har noko på gang. Eskild svarar støttande og fint. Isak ser letta ut, men så skundar han seg å leggja til at han ikkje er sånn «homo-homo», ikkje ein som «tek homopakka heile vegen», går med maskara og tights og er
Homoflokar ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 10:46 Side 12
med på «Gay Pride» berre fordi han er forelska i Even. Då vert Eskild stram i maska og seier: Okey, lat meg … Eg må fortelja deg ein ting om dei folka som du ikkje vil assosierast med, Isak. Om dei som har teke på seg tights og maskara og gått ut og slåst for retten til å vera den dei er. Det er folk som oppigjennom har valt å stå i hets og hat, som har blitt banka opp og drepne. Og det er ikkje fordi dei har så sjukt lyst til å vera annleis, men fordi dei heller vil døy enn å lata som dei er noko dei ikkje er. Akkurat dét, Isak, det krev mot på eit heilt anna nivå enn dei fleste menneske skjønar. (…) Og eg synest at før du har teke den kampen sjølv, før du har tort å stå opp for den du er, så skal du vera jævlig forsiktig med å snakka og heva deg over Gay Pride.
Ut frå denne glasklåre talen kan me slutta at Eskild har støytt på liknande påstandar om «homo-homo» og «homopakke» tidlegare. Truleg har han støytt på dei mange gonger, i mange slags former. Dimed skjønar han straks kva Isak spelar opp til: den tradisjonelle paradediskusjonen. Paradediskusjonen er eit av dei tydelegaste teikna på at noko er ròte – eller i alle fall litt muggete – i den norske homotoleransen. Diskusjonen plar blussa opp i samband med Pride-feiringar kringom i landet, dimed blir det gjerne tre–fire rundar med paradedrøfting kvart
Homoflokar ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 10:46 Side 13
år. Ofte opnar ballet med at avisene publiserer ein kronikk eller eit intervju med nokon, gjerne ein homo som ikkje er «homo-homo», som seier at Pride-paradane er meir til skade enn til gagn, at dei halvnakne, utspjåka deltakarane skapar eit misvisande bilete av korleis skeive personar er, noko som øydelegg for alle andre og styrkjer eksisterande fordomar (t.d. «Kjenner seg ikke igjen i Pride», Under Dusken ..). Eller dei seier at det ikkje lenger er trong til slike markeringar her i landet, for me er jo komne i mål (t.d. «TV-Geir: – Homokampen er over», Gaysir.no ..). Deretter dukkar det opp nokon som parerer utsegnene, til dømes slik: «Det at du er redd for å bli assosiert med ein viss type skeive personar, provar at det framleis er trong for Pride-paradar.» Kanskje smetter dei òg inn ein kommentar om at størsteparten av dei som går i slike paradar, er fullt påkledde menneske som spaserer nedover gata på ein påfallande vanleg måte. Så kjem hovudpoenget: Grunnen til at det jamt over er lettare å vera skeiv i dag enn for seksti år sidan, er ikkje at folk har dempa og innordna seg, sett vanlege ut og prøvt å provosera minst mogleg. Tvert imot. Om spelerommet skal utvidast, må nokon tøya grensene (t.d. «Homo i drag eller pullover?», Radikal Portal ..). Dersom det berre er dei konforme og ikkje-provokative uttrykka og levemåtane som får visa seg fram, kjem me ikkje av flekken.
Homoflokar ferdig.qxp_Layout 1 09.05.2018 10:46 Side 14
Kva er så konklusjonen etter fleire tiår med skeiv kamp? Me har definitivt kome oss av flekken. Den nye ekteskapslova nærmar seg ti år. Tvangskastrering av transpersonar er eit avslutta kapittel. Det sit skeive folk i regjering og storting. Vel å merka blir Pride-paraden framleis oppfatta som eit seksualisert freak show, og framleis sit nordmenn på internett og meiskar seg med homohets og skriv om namngjevne, opne homofile at «[han er like] løs i rektum som han er i kjeften». Men bortsett frå det? Er det noko stress å vera skeiv i Noreg i dag? Ja. Men lat oss fyrst snakka litt om raslande eggstokkar.