Skip to main content

Historia om det nye namnet

Page 1

Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 1


Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 3

Elena Ferrante

HISTORIA OM DET NYE NAMNET Napoli-kvartetten. Bok 2 Unge år Roman Frå italiensk ved Kristin Sørsdal

Samlaget Oslo 


Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6


Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 5

INNHALD Liste over personar

Unge år



Om forfattaren




Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 6


Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 7

LISTE OVER PERSONAR OG HENDINGAR I BOK I Familien Cerullo (familien til skomakaren): Fernando Cerullo, skomakar, far til Lila, har ikkje sendt dottera til vidare skolegang etter at ho var ferdig på folkeskolen. Nunzia Cerullo, mor til Lila. Står nær dottera, men har ikkje nok autoritet til å støtte henne overfor faren. Raffaella Cerullo, kalla Lina eller Lila. Ho er fødd i august , og er sekstiseks år då ho forsvinn sporlaust frå Napoli. Ein strålande elev, skriv som tiåring ei forteljing kalla Den blå feen. Ho sluttar skolen etter å ha fått vitnemål frå folkeskolen, og lærer seg skomakaryrket. Rino Cerullo, storebror til Lila, også han skomakar. Saman med far sin, og takka vere Lila og pengane til Stefano Carracci, startar han skofabrikken Cerullo. Han forlovar seg med søstera til Stefano, Pinuccia Carracci. Det første barnet til Lila blir oppkalla etter han, Rino.  Italia ‒ la scuola elementare,  år la scuola media,  år ginnasio + liceo,  år

Norge  folkeskolen,  år (også omsett til barneskolen) realskolen,  år gymnas,  år


Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 8

Andre barn. Familien Greco (familien til portnaren): Elena Greco, kalla Veslelena eller Lenù. Fødd i august , og forteljaren bak den lange historia som vi held på å lese. Elena begynner å skrive i den augeblinken ho skjøner at barndomsvenninna, Lina Cerullo, som berre av henne blir kalla Lila, er forsvunnen. Etter folkeskolen går Elena vidare med stadig større framgang i studia. Ho forelskar seg allereie som jentunge i Nino Sarratore, men dyrkar kjærleiken sin i det skjulte. Peppe, Gianni og Elisa, yngre søsken. Faren, portnar i rådhuset. Mora, husmor. Den halte gangen hennar plagar og forfølgjer Elena. Familien Carracci (familien til don Achille): Don Achille Carracci, uhyret frå eventyra, svartebørshandlar, utsugar. Er blitt drepen. Maria Carracci, kona til don Achille, mor til Stefano, Pinuccia og Alfonso. Arbeider i kjøtt- og feitevarehandelen til familien. Stefano Carracci, son til den avlidne don Achille og ektemannen til Lila. Han forvaltar arven etter faren og er eigar av den lønnsame kjøtt- og feitevarehandelen, saman med søstera Pinuccia, Alfonso og mora Maria. Pinuccia, dotter til don Achille. Arbeider i kjøtt- og feitevarehandelen og forlovar seg med broren til Lila, Rino. Alfonso, son til don Achille. Deler skolepult med Elena. Er forlova med Marisa Sarratore.


Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 9

Familien Peluso (familien til snikkaren): Alfredo Peluso, snikkar. Kommunist. Skulda for å ha drepe don Achille, blir dømd og er i fengsel. Giuseppina Peluso, kona til Alfredo. Jobbar i tobakksproduksjonen, vier seg til ungane og den fengsla mannen. Pasquale Peluso, eldste son til Alfredo og Giuseppina, murar og militant kommunist. Han var den første til å oppdage kor vakker Lila var, og til å erklære henne kjærleiken sin. Han kan ikkje utstå Solara. Er forlova med Ada Cappuccio. Carmela Peluso, som også ønsker å bli kalla Carmen. Søster til Pasquale og seljar av sysaker, men blir raskt tilsett av Lila i den nye butikken til Stefano. Er forlova med Enzo Scanno. Andre barn. Familien Cappuccio (familien til den galne enka): Melina, ein slektning av Nunzia Cerullo, enke. Ho vaskar trappene i bygardane i den gamle bydelen. Ho har vore elskarinna til Donato Sarratore, far til Nino. Sarratore-familien flytta frå bydelen på grunn av den relasjonen, og Melina har nesten gått frå forstanden. Mannen til Melina, lempa kasser på frukt- og grønsaksmarknaden og døydde under uvisse omstende. Ada Cappuccio, dotter til Melina. Som jentunge hjelpte ho mora med å vaske trapper. Takka vere Lila kjem ho til å få ei stilling i kjøtt- og feitevarehandelen i den gamle bydelen. Er forlova med Pasquale Peluso. Antonio Cappuccio, bror hennar, mekanikar. Er forlova med Elena og veldig sjalu på Nino Sarratore.


Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 10

Andre barn. Familien Sarratore (familien til jernbanemann og poet): Donato Sarratore, jernbanemann, poet og journalist. Svermar for kvinner, og var elskaren til Melina Cappuccio. Då Elena er på ferie på Ischia og gjest i det same huset som familien Sarratore, blir ho nøydd til å dra frå øya i all hast for å komme seg unna Donatos seksuelle krenkingar. Lidia Sarratore, kona til Donato. Nino Sarratore, den eldste av dei fem barna til Donato og Lidia. Kan ikkje utstå far sin. Er ein svært dyktig student. Marisa Sarratore, søster til Nino. Ho tar sekretærutdanning, utan spesielt gode resultat, og er forlova med Alfonso Carracci. Pino, Clelia og Ciro Sarratore, dei yngste barna til Donato og Lidia. Familien Scanno (familien til frukt- og grønsakhandlaren): Nicola Scanno, frukt- og grønsakhandlar. Assunta Scanno, kona til Nicola. Enzo Scanno, son til Nicola og Assunta, også han frukthandlar. Lila har kjent sympati for han heilt sidan barndommen. Relasjonen mellom dei begynte då Enzo, under ein konkurranse på skolen, viste eit overraskande talent for matematikk. Enzo er forlova med Carmen Peluso. Andre barn.




Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 11

Familien Solara (familien til eigaren av bar og konditori med same namn): Silvio Solara, eigar av Bar og konditori Solara, monarkofascist, camorrist knytt til den illegale verksemda i bydelen. Han sette seg imot opninga av skofabrikken Cerullo. Manuela Solara, kona til Silvio, utlånar. I bydelen er den raude boka hennar svært frykta. Marcello og Michele Solara, sønene til Silvio og Manuela. Arrogante blærer, men likevel elska av jentene i bydelen, sjølvsagt med unntak av Lila. Marcello forelskar seg i Lila, men ho avviser han. Michele er litt yngre enn Marcello, kjøligare, meir intelligent, meir valdeleg. Han er forlova med Gigliola, dotter til konditoren. Familien Spagnuolo (familien til konditoren): Signor Spagnuolo, konditor i Bar og konditori Solara. Rosa Spagnuolo, kona til konditoren. Gigliola Spagnuolo, dotter til konditoren, forlova med Michele Solara. Andre barn. Familien Airota: Airota, professor i gresk litteratur. Adele, kona hans. Mariarosa Airota, den eldste dottera, lærar i kunsthistorie i Milano. Pietro Airota, student.




Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 12

Lærarane: Ferraro, folkeskolelærar og bibliotekar. Både Lila og Elena blei premierte av han då dei var små, for å vere iherdige lesarar. Oliviero, lærarinne på folkeskolen. Ho var den første til å merke seg potensialet til Lila og Elena. Lila skreiv som tiåring ei lita forteljing kalla Den blå feen. Elena likte den veldig godt og gav den til Oliviero for at ho skulle lese den. Men lærarinna, som var sint fordi foreldra til Lila ikkje ønskte å sende henne vidare til realskolen, sa aldri eitt ord om den forteljinga. Ho har i staden slutta å bry seg om Lila og heller konsentrert seg om framgangen til Elena. Gerace, gymnaslærar. Galiani, gymnaslærar. Ho er ein svært kunnskapsrik lærar, kommunist. Ho blir straks interessert i den dyktige Elena. Ho låner henne bøker, ho vernar henne i samanstøyten med religionslæraren. Andre personar: Gino, son til apotekaren og den første kjærasten til Elena. Nella Incardo, kusina til frøken Oliviero. Ho bur i Barano på Ischia, og Elena har vore på sommarferie hos henne. Armando, legestudent, son til gymnaslærar Galiani. Nadia, student, dotter til gymnaslærar Galiani. Bruno Soccavo, venn av Nino Sarratore og son av ein rik industriherre frå San Giovanni a Teduccio. Franco Mari, student.  Er lektor ved dei to første åra av det femårige skoleløpet på gymnaset.  Galiani er lektor ved «Liceo». Dei tre siste åra av gymnaset.


Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 13

UNGE Ă…R


Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 14


Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 15

 åren  bad Lila meg, i ein svært opprørt tilstand, om å passe på ein metallboks som inneheldt åtte skrivebøker. Ho sa at ho ikkje lenger kunne ha dei heime, ho frykta at mannen hennar skulle lese dei. Eg tok med meg boksen utan nokon kommentar, bortsett frå nokre ironiske ymt om kor mykje hyssing ho hadde surra rundt den. I den perioden var forholdet mellom oss elendig, men det var visst berre eg som såg det slik. Dei sjeldne gongene vi møttest, viste ho inga misnøye, ho var vennleg, det kom aldri eit vondt ord frå henne. Då ho bad meg om å sverje på at eg ikkje skulle opne boksen under nokon omstende, svor eg på det. Men straks eg var på toget, knytte eg opp hyssingen, tok opp notatbøkene og begynte å lese. Det var ikkje ei dagbok, sjølv om det fanst detaljerte resymé av hendingar frå livet hennar, frå tida etter folkeskolen. Den vitna i staden om ei sta, sjølvdisiplinert skriving. Sidene var fulle av skildringar: greina på eit tre, dammane, ein stein, eit blad med kvite bladnervar, kjøkkengrytene, dei ulike delane av kaffimaskinen, fyrfatet, kol og bitar av kol, eit detaljrikt kart over gardsrommet, storvegen, det rustne jernskjelettet bak dammane, dei små park-

V




Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 16

flekkane og kyrkja, den nedkutta vegetasjonen langs jernbanespora, dei nye bygardane, leilegheita til foreldra, reiskapen som far hennar og broren brukte for å reparere sko, rørslene deira mens dei arbeidde, og særleg fargar, fargane til kvar ting til forskjellige tider på dagen. Men det var ikkje berre skildringar. Her og der dukka det opp isolerte ord på dialekt og på italiensk, nokre gonger ringa inn av ein sirkel, utan kommentarar. Og øvingar i omsetjing frå latin og gresk. Og lange stykke på engelsk om butikkane i nabolaget, varene, om kjerra til Enzo Scanno, fullstappa med frukt og grønsaker, som han kvar dag flytta frå gate til gate mens han heldt eselet i grima. Og mange resonnement omkring bøker ho las, filmar ho såg på kinoen i kyrkja. Og mange av ideane som ho hadde lagt fram under diskusjonane med Pasquale, og i samtalene som eg og ho pleidde å ha. Sjølvsagt var gangen i det ujamn, men kvar einaste ting Lila festa til arket, blei viktig, på ein slik måte at det ikkje eingong på dei sidene ho hadde skrive då ho var elleve eller tolv år, var ei einaste linje som høyrdest barnsleg ut. Som oftast var setningane ekstremt presise, teiknsettinga nøye, handskrifta elegant, som den vi hadde lært av frøken Oliviero. Men nokre gonger, som om eit narkotisk stoff fossa gjennom årene hennar, klarte ho ikkje å halde på den ordenen ho hadde pålagt seg. Då blei alt heseblesande, setningane fekk ein overivrig rytme, teiknsettinga forsvann. Stort sett tok det henne ikkje lang tid å vende tilbake til den rolege og klare tonen. Men det hende at ho plutseleg avbraut seg sjølv og fylte resten av sida med teikningar av forvridde tre, krumme, 


Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 17

dampande fjell, grimme ansikt. Eg blei gripen både av ordenen og uordenen, og jo meir eg las, desto meir kjende eg meg halden for narr. Så mykje øving det låg bak brevet som ho mange år tidlegare hadde sendt meg på Ischia. Derfor var det så godt skrive. Eg la alt tilbake i boksen og lova meg sjølv å ikkje snoke igjen. Men eg gav fort opp, notatbøkene utstrålte den same tiltrekkingskrafta som Lila hadde hatt frå ho var lita. Her hadde ho tatt for seg bydelen, slekta, Solara-familien, Stefano, kvar person og kvar ting med nådelaus presisjon. For ikkje å snakke om korleis ho heilt fritt hadde skildra meg, det eg sa, det eg tenkte, menneske eg var glad i, til og med utsjånaden min. Ho hadde festa til arket augeblinkar som var viktige for henne, utan omsyn til noko eller nokon. Her var gleda ho kjende då ho som tiåring skreiv den vesle forteljinga si, Den blå feen. Her var smerta då lærarinna vår, Oliviero, ikkje ville nedverdige seg til å seie eit einaste ord om den forteljinga, men ignorerte den fullstendig. Her var pina og raseriet då eg fekk gå på realskolen og etterlét henne aleine utan å bry meg. Her var entusiasmen då ho fekk lære seg skomakaryrket, kjensla av oppreising då ho begynte å teikne nye skomodellar, gleda då ho og broren, Rino, var ferdige med det første paret. Her var sorga då far hennar, Fernando, sa at skoparet ikkje var gjort skikkeleg. Alt var der på dei sidene, og særleg hatet til Solara-brørne, den bryske avvisinga då den eldste, Marcello, hadde erklært henne kjærleiken sin, og augeblinken då ho heller godtok ei forloving med den milde Stefano Carracci, kjøpmannen, han som av kjærleik til henne ville kjøpe det første skoparet laga av 


Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 18

henne, som svor på at han ville passe på det for alltid. Åh, den vakre augeblinken då ho som femtenåring hadde kjent seg som ei rik og elegant dame, arm i arm med den framtidige ektemannen sin, som elska henne og derfor hadde investert ein haug med pengar i skoproduksjonen til faren og broren, i skofabrikken Cerullo. Ho hadde vore så glad: Skoa frå dagdraumane hennar var snart ein realitet, leilegheit i nybydelen, bryllaup som sekstenåring. Og for eit overdådig bryllaup, for ei lykke. Så hadde Marcello Solara, saman med bror sin Michele, dukka opp midt under festen, med akkurat dei skoa på føtene som Stefano hadde sagt han sette så høgt. Ektemannen hennar. Kva slags mann hadde ho gifta seg med? Skulle han no, då alt var overstått, rive av seg det falske ansiktet og vise henne den skremmande sanninga som låg under? Spørsmål, og hendingar, utan skjønnmåling, frå det tarvelege livet vårt. Eg vigde meg i lang tid til dei sidene, dagar, veker. Eg studerte dei, eg enda opp med å memorere avsnitt som eg likte, av den typen som pirra meg, hypnotiserte meg, audmjuka meg. Bak den naturlege skrivemåten må det ha vore noko kunstig, men eg klarte ikkje å oppdage kvar. Til slutt, ein kveld i november, gjekk eg ganske forbitra ut og tok med meg boksen. Eg orka ikkje å ha Lila over meg og inne i meg, ikkje eingong no då eg sjølv blei verdsett, no då eg hadde eit liv utanfor Napoli. Eg stoppa på Solferino-brua for å sjå på lyset filtrert gjennom ei iskald skodde. Eg plasserte boksen på murkanten og dytta den litt og litt, langsamt, heilt til den fall ned i elva, som om det var henne, Lila i eigen person, som stupte utfor, tankane hennar, orda, vondska


Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 19

pen når ho tok igjen mot folk, måten ho gjorde alt til sitt på, ikkje berre meg, men alle menneske, ting eller hendingar eller tankar som interesserte henne: bøkene og skoa, det kjærlege og det brutale, bryllaupet og bryllaupsnatta, tilbakevendinga til bydelen i den nye rolla som signora Raffaella Carracci.

 Eg kunne ikkje tru at Stefano, som var så vennleg, så forelska, hadde gitt Marcello dette sporet etter barnet Lila, vitnesbyrdet om strevet hennar i skoa ho hadde skapt. Eg gløymde Alfonso og Marisa, som prata i lag ved bordet med strålande auge. Eg la ikkje lenger merke til den drukne latteren til mor mi. Musikken svann bort, saman med stemma til songaren, para som dansa, Antonio som hadde gått ut på terrassen overmanna av sjalusi og no stod på andre sida av glasdøra og stira utover den fiolette byen, havet. Til og med bildet av Nino, som like før hadde forlate salen som ein erkeengel utan bodskap, blei svekt. No såg eg berre Lila prate opphissa inn i øyret til Stefano, ho i brurekjolen, svært bleik, han utan eit smil, med ein kvitaktig flekk av ubehag som breidde seg frå panna og ned til auga som ei karnevalsmaske over det raudflamma ansiktet. Kva skjedde, kva kom til å skje? Venninna mi drog i armen til ektemannen med begge hender. Ho brukte krefter, og eg som kjende henne til fulle, visste at om ho hadde hatt sjansen, ville ho ha rive armen av kroppen hans, gått gjennom salen mens ho heldt den høgt 


Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 20

over hovudet, med blod drypande ned bak seg, og brukt den som slegge eller eselkjeve og med eit godt plassert slag ville ho ha kløyvd ansiktet til Marcello. Åh ja, ho ville ha gjort det, ved denne tanken slo hjartet hardt i meg, eg blei tørr i strupen. Så ville ho ha stukke auga ut på begge dei to mennene, ho ville ha rive huda av knoklane i ansiktet deira, ho ville ho ha bite dei. Ja, ja, eg kjende at eg ønskte, ønskte at det skulle skje. Slutt på all kjærleik og denne uuthaldelege festen, ingen omfamningar i ei seng i Amalfi. Knuse kvar einaste ting og person frå bydelen, rive alt i filler, flykte vekk, eg og Lila, dra for å bu langt borte, og sorglaust stige saman ned alle trinna til fordervinga, aleine, i ukjende byar. Det var den beste måten den dagen kunne slutte på, syntest eg. Viss ingenting kunne redde oss, ikkje pengar, ikkje ein mannskropp og heller ikkje skolegang, då var det like greitt å øydelegge alt straks. Raseriet hennar steig i brystet mitt, ei kraft som var mi og ikkje mi, som fylte meg med fryden over å miste meg sjølv. Eg ønskte at den kjensla skulle fløyme over. Men eg merka også at den skremde meg. Først i ettertid har eg skjønt at eg kan vere ulykkeleg i det stille eine og aleine fordi eg ikkje er i stand til kraftige utbrot, eg fryktar dei, eg vil heller vere i ro og dyrke harmen. Ikkje Lila. Då ho reiste seg frå stolen, gjorde ho det så bestemt at bordet og bestikket på dei skitne tallerkenane dirra, og eit glas velta. Mens Stefano med mekaniske rørsler skunda seg for å demme opp for vinen som rann mot kjolen til signora Solara, gjekk ho med hurtige skritt ut av ei sidedør, trekte vekk brurekjolen kvar gong den sette seg fast i noko. 


Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 21

Eg tenkte at eg ville springe etter henne, ta handa hennar, kviskre: bort, bort herifrå. Men eg rørte meg ikkje. Stefano rørte seg. Etter ein kort augeblink i uvisse bana han seg veg mellom dei dansande para og gjekk etter henne. Eg såg meg omkring. Alle hadde lagt merke til at brura var sint for eit eller anna. Men Marcello heldt fram med å pludre kameratsleg med Rino, som om det var heilt normalt at han hadde dei skoa på føtene. Den stadig meir vulgære skålinga til metallhandlaren heldt fram. Dei som kjende at dei var blitt plasserte i botnen av bord- og gjestehierarkiet, tvinga seg til å gjere gode miner til slett spel. Det var med andre ord ingen, utanom meg, som innsåg at giftemålet vi nettopp hadde feira – og som truleg kom til å vare til ektefellane sin død, med mange barn, og endå fleire barnebarn, glede og sorg, sølvbryllaup, gullbryllaup – for Lila, same kva mannen no gjorde for å få tilgiving, allereie var over.

 Hendingane der og då skuffa meg. Eg sette meg ved sida av Alfonso og Marisa, utan å ta notis av praten deira. Eg venta på teikn til opprør, men ingenting skjedde. Å vere inne i hovudet til Lila var som vanleg vanskeleg: Eg høyrde ikkje at ho skreik, eg høyrde ikkje at ho trua. Stefano dukka opp ein halvtime seinare og var svært elskverdig. Han hadde skifta klede, den kvite flekken over panna og rundt auga var forsvunnen. Han gjekk omkring blant slektningar og venner og venta på at kona skulle komme tilbake, og då ho kom, ikkje 


Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 22

lenger kledd i brurekjole, men i reiseklede, ei pastellblå drakt med skinande knappar og ein liten, blå hatt, gjekk han henne straks i møte. Frå ein krystallbolle, og med ei sølvskei, delte Lila ut den glaserte mandelkonfekten til ungane, så gjekk ho over til borda og gav bryllaupsgåver først til foreldra sine, så til foreldra til Stefano. Ho ignorerte Solara-familien fullstendig, og også bror sin, Rino, som spurde med eit nervøst smil: Er du ikkje glad i meg lenger? Ho svarte ikkje og gav i staden gåva til Pinuccia. Ho var fråverande i blikket, kinnbeina var meir markerte enn vanleg. Då ho kom til meg, gav ho meg distrahert og utan så mykje som eit fortruleg smil, keramikk-korga dekt av tyll, full av konfekt. I mellomtida var Solaraene blitt forarga over den uhøflege framferda, men Stefano gjorde det godt igjen ved å omfamne dei ein etter ein med eit elskverdig, avvæpnande uttrykk, mens han mumla: «Ho er trøytt, vi må vere tolmodige.» Han kyssa også Rino på kinna, svogeren gjorde ein misnøgd grimase, eg høyrde han seie: «Det er ikkje trøyttleik, Ste’, ho der er fødd vrang, eg synest synd på deg.» Stefano svarte alvorleg: «Det vrange kan vridast på retta igjen.» Etterpå såg eg han skunde seg etter kona si, som allereie var ved døra, mens orkesteret spydde ut overstadige lydar og mange samla seg for å ta farvel. Ingen rivner, altså. Vi kom ikkje til å flykte saman ut i verda. Eg såg for meg dei to ektefellane, vakre, elegante, der dei steig inn i kabrioleten. Om litt ville dei 


Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 23

komme fram til Amalfikysten, til eit luksushotell, og kvar einaste blodtørstige krenking kom til å bli forvandla til surmuling som var lett å viske ut. Ingen ettertanke. Lila hadde lausrive seg frå meg for godt, og det slo meg brått at avstanden mellom oss var mykje større enn det eg hadde sett for meg. Ho hadde ikkje berre gifta seg, ho kom ikkje til å sove saman med ein mann kvar natt berre for å underkaste seg dei ekteskaplege pliktene. Her var det noko eg ikkje hadde forstått, noko som i den augeblinken stod klart for meg. Lila, som bøygde seg for det faktum at ei eller anna forretningsavtale mellom mannen hennar og Marcello var blitt forsegla gjennom småjentestrevet hennar, erkjende no at ho heldt meir av Stefano enn av nokon annan person. Viss ho allereie hadde gitt seg til han, allereie hadde klart å svelgje audmjukinga med skoa, måtte bandet til Stefano verkeleg vere sterkt. Ho elska han, ho elska han som jentene i fotonovellene. Resten av livet kom ho til å ofre alle evnene sine for han, og han ville ikkje eingong legge merke til offeret. Han kom til å ha rundt seg den rikdommen av kjensler, intelligens og fantasi som karakteriserte henne, han ville ikkje vite kva han skulle gjere med det, og øydelegge det. Men eg er ikkje i stand til å elske nokon som helst, tenkte eg, ikkje eingong Nino, det einaste eg kan, er å sitte over bøker. Og i brøkdelen av eit sekund såg eg meg sjølv som det sprokne fatet som søster mi Elisa hadde brukt for å gi mat til ein katt inntil katten forsvann og fatet stod igjen tomt og støvete i oppgangen. I den augeblinken, med ei sterk kjensle av uro, blei eg overtydd om at eg hadde prøvd å strekke meg for langt. 


Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 24

Eg må komme meg tilbake, sa eg til meg sjølv, eg må gjere som Carmela, Ada, Gigliola, som Lila. Akseptere bydelen, jage vekk hovmodet, tukte dei innbilske tankane, slutte å audmjuke dei som elskar meg. Då Alfonso og Marisa smaug seg vekk for å rekke avtala med Nino, tok eg ein lang omveg for å unngå mor mi og fann kjærasten min ute på terrassen. Eg var altfor tynnkledd, sola var på veg ned, det begynte å bli kaldt. Straks han såg meg, tende Antonio ein sigarett og lét som han kikka på havet. «La oss gå», sa eg. «Dra med sonen til Sarratore.» «Eg vil gå med deg.» «Du lyg.» «Kvifor?» «Fordi viss han ville hatt deg, ville du latt meg stå igjen her utan så mykje som eit ‘ha det’.» Det var sant, men eg blei sint på grunn av den direkte måten han sa det på, at han ikkje tenkte over orda sine. Eg kveste: «Viss du ikkje skjøner at eg risikerer at mor mi kvar augeblink kan komme hit og fike til meg på grunn av deg, så vil det seie at du berre tenker på deg sjølv og ikkje bryr deg det minste om meg.» Han høyrde kor lite dialekt det var i stemma mi, han merka seg den lange setninga og konjunktiven og hissa seg opp. Han kasta vekk sigaretten, tok meg hardt rundt handleddet utan å kontrollere seg og brølte, men med eit brøl som sat fast i strupen, at han var der for meg aleine, at det var eg som hadde sagt at han heile tida skulle halde seg i nærleiken, i kyrkja og under fes


Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 25

ten, ja, eg, og du fekk meg til å sverje, stønna han, lov det, sa du, at du aldri lar meg vere aleine, og då kjøpte eg meg ny dress, og no er eg stinn av gjeld til signora Solara, og for å glede deg, for å gjere som du sa, har eg ikkje vore i lag med mor mi eller søskena mine eitt einaste minutt, men kva får eg til gjengjeld, jo, at du behandlar meg som ein idiot, heile tida har du snakka med sonen til den der poeten og audmjuka meg framfor alle vennene våre, du har fått meg til å likne ein lort, fordi for deg er eg ingenting, fordi du er så lærd og ikkje eg, fordi eg ikkje forstår måten du pratar på, og det er sant, det er sant at eg ikkje forstår det, men herregud, Lenù, sjå på meg, sjå meg i auga: Trur du verkeleg du kan kommandere meg hit og dit, trur du ikkje eg er i stand til å seie at nok er nok, ja, då trur du feil, og kanskje veit du alt, men ikkje dette: Viss du går med meg no gjennom den døra, viss eg seier at det er greitt, vi går i lag, for så å oppdage at på skolen, og kven veit kvar elles, der treffer du den dassen Nino Sarratore, så drep eg deg, Lenù, eg drep deg, så tenk på det, og la meg bli igjen her aleine no med ein gong, sa han fortvilt, gå no, det er best for deg, og samtidig såg han på meg med svære, raude auge og opna munnen veldig når han uttalte orda, brølte dei til meg utan å brøle, med opne, svarte naseborer, og i ansiktet hadde han ei smerte som fekk meg til å tenke at kanskje noko går sund inne i han, fordi setningane hans brølte slik frå langt nede i strupen, frå brystet, utan å eksplodere ute i lufta, dei var som stykke av skarpt jern som kunne skade lungene hans og svelget. Eg hadde på ein uforklarleg måte bruk for den aggre


Historia om det nye namnet ferdig_A 28.08.15 14:32 Side 26

sjonen. Grepet rundt handleddet, redselen for at han skulle slå meg, flaumen av såre ord, det enda med å trøyste meg, det verka som i alle fall han sette pris på meg. «Det gjer vondt», mumla eg. Han løyste litt på grepet, men blei ståande og stire på meg med vidopen munn. Skulle eg gi han tyngde og autoritet, lene meg til han? Huda på handleddet var i ferd med å bli blåleg. «Kva bestemmer du deg for?» spurde han. «Eg vil vere med deg», svarte eg, men på ein tverr måte. Han lukka munnen, auga hans fylte seg med tårer, han såg mot havet for å prøve å halde dei tilbake. Kort etter var vi ute i gata. Vi venta ikkje på Pasquale, Enzo, jentene, vi sa ikkje farvel til nokon. Det viktige var å ikkje bli sett av mor mi, derfor smaug vi oss vekk til fots, det var allereie mørkt. Ei stund spaserte vi utan å vere nær kvarandre, så la Antonio usikkert ein arm over skuldrene mine. Han ville ha meg til å forstå at han trong tilgiving, nesten som om han var den skuldige. Ettersom han verkeleg var glad i meg, valde han å sjå timane eg hadde vore med Nino – rett framfor auga hans, forførerisk og forført – som ein slags hallusinasjon. «Fekk du blåmerke?» spurde han og prøvde å røre ved handleddet mitt. Eg svarte ikkje. Han klemde om skuldra mi med den breie handa, eg fekk ei svak gysing, og straks løyste han på grepet. Han venta, eg venta. Då han med den same gesten igjen signaliserte at han var lei seg, la eg handa mi rundt midja hans. 


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Historia om det nye namnet by Det Norske Samlaget - Issuu