Hestehandlaren ferdig_A 01.09.16 13:44 Side 1
Hestehandlaren ferdig_A 01.09.16 13:44 Side 3
Dag H. Nestegard
HESTEHANDLAREN Kjell Opseth – ein biografi
Samlaget Oslo
Hestehandlaren ferdig_A 01.09.16 13:44 Side 2
Hestehandlaren ferdig_A 01.09.16 13:44 Side 5
– Systemet er eit monster. Kjell Opseth til Aftenposten, 5. november 2010
Hestehandlaren ferdig_A 01.09.16 13:44 Side 6
Hestehandlaren ferdig_A 01.09.16 13:44 Side 7
INNHALD Forord 9 Skihopparen 13 Samferdselsministeren 20 Fedrane 34 Sunnfjording av husmannsslekt 70 Grenland og kjærleik 86 Sentralist i sjukehusstrid 98 Kraftsosialisten blir stortingsmann 112 Hestehandel om stamveg 123 Landing på Gardermoen 143 Brødpolitikaren 159 Nederlag og IT Fornebu 188 Trussel om riksrett, igjen og igjen 204 Riper i lakken og meir strid 217 Stavang, eit ferieparadis 228 Heimstadpolitikaren – har vi han no? 238 Takk 261 Notar 263 Litteratur 277 Personregister 281
Hestehandlaren ferdig_A 01.09.16 13:44 Side 8
Hestehandlaren ferdig_A 01.09.16 13:44 Side 9
FORORD Kjell Opseth var statsråd i to regjeringar i rundt sju år. Samferdselsminister under Gro Harlem Brundtland 1990–96 og kommunal- og arbeidsminister i Thorbjørn Jaglands regjering frå 1996 til 97. Kraftsosialisten og næringspolitikaren frå Førde skulle bli ein av dei mest markante og handlekraftige statsrådane i Samferdselsdepartementet etter krigen. Sunnfjordingen Opseth var stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Arbeidarparti i fem periodar frå 1981 til 2001, og var det amerikanarane kallar A Late Bloomer. Han var over 30 då han blei vald inn i Førde kommunestyre, og hadde passert 40 då han blei leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti – og kom på Stortinget i 1981. Midt i 50-åra blei han statsråd, og han var nesten pensjonist då han gjekk ut av Stortinget i 2001. Eit slikt løp er spesielt i ei tid der mange gjev seg på Stortinget før fylte 50. I løpet av fire månadar i 1990-åra klarte samferdselsminister Kjell Opseth å få Stortinget til å vedta ny stamveg Oslo–Bergen og ein hovudflyplass på Gardermoen få trudde var mogleg å realisere. Krangelen om flyplassen var ein politisk føljetong som gjekk over fleire tiår. Det same kan ein seie om stamvegen aust–vest. Opseth forbløffa eit heilt land då han brukte eit halvt år på å lose flyplassen gjennom i nasjonalforsamlinga nokre månadar etter at han hadde fått stamvegen banka gjennom i same sal. Stamvegen over Filefjell kom etter ein hestehandel med SV som resulterte i eit stortingsvedtak om ei ny jernbanelinje mellom Sandvika og Hønefoss, linja som er kjent som Ringe9
Hestehandlaren ferdig_A 01.09.16 13:44 Side 10
riksbanen. Som takk for den handelen fekk Opseth SV med på ein rekordlang vegtunnel på 24 kilometer gjennom sitt eige heimfylke, ein tunnel som framleis er verdas lengste bilvegtunnel. Dei to sigrane imponerte stortingsmiljøet, eit samla pressekorps og det norske folk. Spørsmålet alle stilte seg var: Korleis fekk han det til? * Min eigen bakgrunn er til forveksling lik den Opseth kom frå. Vi er frå same fylke og med erfaring frå og kjennskap til den same rørsla. Under eigen oppvekst i industristaden Svelgen i dei raude 70-åra var 1. mai ein større festdag enn 17. mai, som blei rekna som ei borgarleg markering. Arbeidarpartiet hadde reint fleirtal i Bremanger kommunestyre, og Jern og Metall var ein viktig aktør i bygda. Eg kjenner vestlandsjorda som fødde fram Kjell Opseth, og eg kjenner den politiske venstresida på Vestlandet. Men eg har aldri vore nokon nær ven av Opseth eller familien han kom frå. Heilt fram til oppdraget frå Samlaget om å skrive biografi om politikaren frå Førde kom, hadde eg berre sporadisk kontakt med han. Som mediestudent i Volda i 1990åra intervjua eg Opseth om arbeidet med Eiksundsambandet, som i 2008 gav fastlandssamband for fleire sunnmørskommunar. Eg hugsar han som hyggeleg og imøtekommande på telefon. Han svarte forklarande på alle spørsmål, var tålmodig med ein ung mediestudent og gav eit godt inntrykk. Opseth var verken arrogant eller så eigenrådig som mange aviser prøvde å framstille han som. Seinare fekk eg meir med Kjell Opseth å gjere som NRK-reporter på Marienlyst i Oslo. Etter at han gjekk ut av politikken og eg forlét journalistikken, var eg presserådgjevar for to av etterfølgjarane hans i Samferdselsdepartementet. Erfaringa gav innsikt i samspelet mellom storting og regjering, men også media og politikk. Etter at arbeidet med boka kom i gang, har eg vore heime hos Kjell og kona Hjørdis i fleire omgangar, der eg også har møtt sonen Erik og dottera Kristin. Det bilete som her blir teikna av Kjell Opseth, står fullt og heilt for forfattaren si rekning. 10
Hestehandlaren ferdig_A 01.09.16 13:44 Side 11
Den som vil skrive om eit levd liv, har ikkje anna val enn å skape det livet på nytt. Forteljinga vil aldri vere sann som liv, fordi bilete som blir skrive fram, aldri kan vere sant anna enn som bilete. Kvar og ein må lage seg sitt eige bilete av Kjell Opseth. Denne boka er éin versjon. * Trua på og identifiseringa med leiinga i Det norske Arbeiderparti er det som framfor alt kjenneteiknar Kjell Opseth og slekta han kom frå. Agitatoren Martin Tranmæl skal ha sagt at for arbeiderklassen er handlinger langt viktigere enn programmer og teser. For det er handlingene som taler.1 Den maksimen skulle komme til å gje seg mange konkrete utslag gjennom Kjell Opseths stridbare politiske karriere. Sjølv var han lenge imot ein biografi og seier han har fått mange spørsmål om ei slik livsforteljing gjennom åra. Alle førespurnadar har fått avslag, fordi han meinte det var ein dårleg idé. Kjell Opseth sa ikkje det for å kokettere, men fordi han stiller seg tvilande til at nokon kan ha interesse av å lese om livet hans. Dette er noko han faktisk forventar å bli trudd på. Når ein snakkar med han om dette, er det nærliggande å tenke på strukturalistane som etter krigen meinte at individet er verdilaust i den store samanhengen, at eit menneskeliv kan samanliknast med ei krusing på livets hav. Kjell Opseth var ikkje imot ein biografi om seg sjølv fordi han hadde noko å skjule, men fordi han oppriktig meiner at han som enkeltindivid ikkje har spelt noka stor politisk rolle verken nasjonalt eller lokalt. I dette spørsmålet var han grunnleggande sosialdemokrat. Rørsla var alt, individet betydde mindre. I hans auge er vi alle underordna dei høgare måla for samfunnsutviklinga. Kjell Opseth gjorde ein jobb og utførte dei oppdraga som kom, fordi landet skulle byggast. Samtalane med han viser at kløkt og handlekraft er det sentrale. Kjell Opseth blir tydeleg forlegen når han blir beden om å snakke om seg sjølv og ikkje om ei brennbar politisk sak som må løysast, eller eit arbeid som skal gjerast. Etter mykje om og men klarte likevel familien å overtale han til å samarbeide. Det som til 11
Hestehandlaren ferdig_A 01.09.16 13:44 Side 12
slutt gjorde utslaget, var at det er kanskje litt kjekt for barnebarna å kunne lese om kva besten har sysla med gjennom åra.2 Vegane etter Kjell Opseth vil vere der etter at både han og vi er borte. Det same gjeld Gardermoen, som ligg på ei tomt som er stor nok til å tåle stadige utvidingar. Kjell Opseth var ingen ideolog eller nasjonal strateg. Han var ein samfunnsbyggar, ein politikar som bygde landet. Bakgrunnen hans som ingeniør farga tenkinga hans, korleis han identifiserte ulike problem, og korleis han såg føre seg at desse problema skulle løysast. Og så var han skihoppar.
Hestehandlaren ferdig_A 01.09.16 13:44 Side 13
SKIHOPPAREN Bydalsbakken i Førde, vinteren 1950. Kjell Opseth (14) står på toppen av hoppbakken og ser utover fjorden. Han er nervøs. I unnarennet ventar brørne, John (24), Kåre (22) og Thorleif (20). Han ser dei alle saman. John er heime igjen etter utdanning på LO-skulen i Oslo og står ved hoppkanten saman med Kåre. Nede på sletta ser han Thorleif. Unnarennet går over bilvegen, så Thorleif er på plass for å stoppe dei som kjem køyrande. Kjell ruggar på skia. Kjenner at gliden er god. Skia har han kjøpt hos Åsnes i Fjaler. Det er solide plankar. Bindingane sit godt. Kjell strammar reima under den markante haka, sjekkar at huva sit som ho skal, og tar ein siste sjekk på brillene. Han er spent, men godt kledd med anorakk, vadmålsbukse og ullsokkar som endar i eit par semska støvlar av lêr. Han bøyer seg. Sjekkar bindingane ein gong til. Det er her, i skibakken, han skal lære å halde styr på nervane.1
IDRETT OG SOSIALISME
Thorleif vinkar at det er klart. Bakken ser fin ut etter at dei har moka og spadd sidan morgonen. Dei er i Halbrendslia med utsikt over Førdefjorden og brukte litt tid på å komme seg opp hit. Sykla dei få kilometrane på vegen opp fjellsida med skia på sykkelen. Heimen er eit småbruk på den andre sida av bygda, der fleire offentlege styresmakter er representerte. Prestegarden, Skrivargarden og Kapteinsgarden ligg alle der, saman med den lokale kyrkja. Lenger oppe langs 13
Hestehandlaren ferdig_A 01.09.16 13:44 Side 14
elva Jølstra ligg Sunnfjord Folkehøgskule, driven av Vestlandske Indremisjon, men der har Opseth-familien aldri vore. Heimegarden heiter Bergja. Då farfaren, som var rallar, kjøpte husmannsplassen han var fødd på, gav han staden namn etter ein jernbanestasjon i Aurland han hadde erfaring frå som anleggsarbeidar, Uppsete. Farfaren Ludvig var fødd i Nordre Bergenhus Amt på 1800-talet, i ei slekt av husmenn som hadde slite og streva under større bruk i fleire hundre år.2 Arbeidserfaringa hadde han frå ulike veganlegg og frå Bergensbanen. Heime i Førde, som var eit samfunn av bønder med jordbruk som den dominerande næringa, var det neppe mogleg å ha ein meir proletær politisk bakgrunn enn den Ludvik Opset hadde då han engasjerte seg politisk før den første verdskrigen. Han melde seg tidleg inn i Arbeidarpartiet. På brurebiletet frå Førde kyrkje i 1895 ser vi han med hatt og tidstypisk dress. Tettvaksen og stolt, med kraftige arbeidsnevar, utståande øyre, svart hår og eit smil. Ein får inntrykk av ein mann med eit indre driv. Kona hans, Martea, er kronebrur og meir audmjuk i blikket. Også ho var av husmannsætt i Førde. Då Arbeidarpartiet slutta seg til Moskva-tesane etter den første verdskrigen og aksepterte læra til Lenin, som agiterte for å avskaffe det borgarlege demokratiet, blei Det norske Arbeiderparti rekna blant dei mest radikale i Europa. Fleirtalet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti støtta den linja og ville ha demokratisk sentralisme slik Lenin forkynte frå Moskva. Men i det spørsmålet var Ludvik Opseth usamd både med fylkespartiet og med fleirtalet som styrte nasjonalt. Husmannssonen frå Førde stod på mindretalets side og arbeidde for demokratisk parlamentarisme gjennom striden som kløyvde partiet hans både ein og to gonger i 1920åra. Farfaren til Kjell Opseth fekk eit langt liv og døydde det året statsminister Nygaardsvold inngjekk det historiske kriseforliket med Bondepartiet, eit forlik som førte til nesten tretti år med samanhengande Ap-styre. Faren Karl var også glødande sosialist, men atypisk fordi han var næringsdrivande. I 1930 starta han Førde Sementvarefabrikk, som han sleit og strevde med gjennom dei harde 1930-åra. Karl og kona Orlaug 14
Hestehandlaren ferdig_A 01.09.16 13:44 Side 15
fekk etter kvart sju barn å fø på. Utdanninga hadde han frå Kristiania Elementærtekniske Dagskole, der han tok eksamen i bygningslære, med tilleggskurs i mekanikk og fagteikning. Under krigen minnest Kjell at faren stod på stabburet og pakka ved og mat til slekt og vener i Bergen. Dette var noko som gjekk føre seg i løynd, og som smågutar ikkje skulle sjå. Slike varer var det ikkje lov å sende til byen i krigsåra. Karl Opseth likna på faren Ludvik. Han var ein sterk mann, like svart i håret, men høgare og tynnare – og med eit friare oppsyn. På brurebiletet frå 1919 ser vi han og kona Orlaug. Dei er faste i blikket med eit forsiktig smil på lur. Andre bilete av Karl Opseth viser ein mann som har mykje ugjort. Trass i at Karl Opseth hadde mange plikter og eit hektisk liv, ser han avslappa ut på dei gamle fotografia frå mellomkrigstida. Saman med Orlaug hadde han ein stor ungeflokk å fø på. Livet må ha vore strevsamt både privat og profesjonelt. Blar ein seg utover i familiealbumet, stig Karl Opseth fram som fast og faderleg, noko vi kjenner igjen i sonen Kjell. Ei visse om at dersom ein har reint samvit og gode hensikter, treng ein ikkje frykte noko. Seks år etter at faren starta sementfabrikken i 1930, blei Kjell fødd. I tillegg til brørne har Kjell Opseth tre søstrer, og Kjell er den yngste. Den eldste, Aslaug Mathilda, er fødd i 1920 og er seksten år eldre. Heile barndommen har dei vore i fysisk aktivitet. Opseth-familien er i Førde og Sunnfjord kjend som ein «idrettsfamilie». Heile ungeflokken, også jentene, er aktive i idrett.3 Enten med ski eller andre former for sportsleg aktivitet. Kjell ser utover bygda og fjorden frå toppen av Bydalsbakken, som er reist av den lokale distriktslegen.4 Folketalet i Førde har passert tre tusen sjeler, og bygda har fått vegutløysing til kysten. Vegen til Florø stod klar då krigen var over.5 Det politiske klimaet er prega av Venstre og Bondepartiet, men i familien Opseth støttar dei sosialistane slik dei alltid har gjort, sjølv om dei utgjer eit mindretal i jordbruksbygda. For Kjell og søskena er faren den viktigaste autoriteten. Faderen, som dei kallar han, er godhjarta, men hard i klypa. Overtydd sosialdemokrat, men opptatt av næringsutvikling og at noko må skje på den vesle sta15
Hestehandlaren ferdig_A 01.09.16 13:44 Side 16
den. Mora er dotter av skreddar Bruland og har si fulle hyre med å sy og spøte til dei mange ungane som treng varme klede. Foreldra var begge over førti då Kjell blei fødd. Av besteforeldra lever berre mormora i åra etter krigen. Dei andre gjekk bort i mellomkrigstida. Faren har alltid brukt mesteparten av tida på fabrikken, og mora har stelt heime. I søskenflokken er Kjell mest saman med Thorleif, ettersom dei to er yngst. Ofte med fiskestong etter laks og aure i elva Jølstra nedanfor garden, eller saman med dei andre i det daglege slitet for å halde småbruket i gang. Dei har sauer og kyr, grønsakhage med poteter og gulrøter, eit par høner og ein gris. Ni dekar med innmarksslått krev sitt.6 Bruket er verken stort eller lite. Dei lever i enkle kår, men er ikkje fattige. Likevel veit dei at livet her og no er blodig alvor. Å arbeide er synonymt med å overleve. Dei har det som folk flest på Vestlandet i denne tida. Det er arbeid og slit frå morgon til kveld, og på middagsbordet står sild og poteter. I heimen går drøset om det daglege strevet, og om politikk. Litteratur er dei mindre interesserte i. Likevel er det eitt litterært område ingen av dei kjem utanom. Dei politiske pamflettane faren får tilsendt frå partikontoret i Oslo, er viktige. Og dei abonnerer på partiavisa Firdaposten, som kjem ut i Florø og blei starta i 1948 av seinare stortingspresident Guttorm Hansen (Ap). Hansen var redaktør i Firdaposten fram til 1951. Det sit djupt i Opseth-familien at farfaren var den første frå Arbeidarpartiet i det lokale heradsstyret, vald inn på den tida bolsjevikane gjennomførte revolusjon i Russland. Lojaliteten til partileiinga er sterk, og traumet frå 1920-åra sit i ryggmergen på alle ungane. Lokalt i Førde blir det sagt at lojaliteten Opseth-familien har til Arbeidarpartiet, er av sekterisk, eller religiøs, karakter.7 Kanskje har det samanheng med den lange historia slekta har som husmenn, den sterke identifikasjonen med Det norske Arbeiderparti og kanskje særleg statsminister Einar Gerhardsen (Ap), som sjølv var vegarbeidar. Men den unge Kjell Opseth tenker ikkje på alt dette denne vinterdagen i 1950. No er det hoppet som gjeld. Han er konsentrert, lutar ryggen og går ned i kneståande. Tar tak i rekkverket. Ruggar litt fram 16
Hestehandlaren ferdig_A 01.09.16 13:44 Side 17
og tilbake, før han skuvar frå med eit kraftig rykk. Kjenner at farten aukar ned den bratte bakken. Sporet er hardt og isete. No gjeld det å treffe kanten så svevet blir godt.
ATTPÅKLATT
Som attpåklatt er Kjell den dristigaste i barneflokken. Småbarnspedagog Elisabeth Schönbeck har skrive om plasseringa som yngstemann.8 Schönbeck meiner den yngste oftast er rebellen, og at slike barn følgjer eigne lyster i større grad enn dei meir pliktoppfyllande eldre.9 Kjell Opseth er djupt konsentrert i ovarennet. Samankrøkt nærmar han seg hoppkanten. No er det timing som er viktig. Han er skjerpa og fokusert. Rykket og løftet må komme som det skal. Svevet må bli perfekt. Han vil fly som Birger Ruud, Reidar Andersen eller Arnfinn Bergmann. Fly ut over Lake Placid, mens Rolf Kirkvaag rapporterer. Fly så langt det går med maks oppdrift og god motvind.
SVEVET OG HOPPET
Arild Linneberg, som er litteraturprofessor i Bergen og sjølv skihoppar frå Furuset i Oslo, har skrive om det viktige svevet.10 Om rytmen og rørsla, det luftige svevet og teknikken som sikrar den gode gjennomføringa med tilhøyrande nedslag. Linneberg samanliknar skihoppet med ein tale og meiner reglane for vellukka retorikk til forveksling kan likne på reglane som gjeld for eit godt skihopp. Men den unge Kjell Opseth kjenner ikkje det teoretiske grunnlaget for skihoppets estetikk der han susar nedover unnarennet på ein trekonstruksjon i Sunnfjord. For han er det røyndommen her og no som gjeld, og råda frå dei andre i søskenflokken. Råda frå brørne kan til forveksling likne på dei professor Linneberg held seg med, sjølv om Opseth-brørne aldri har interessert seg for høgtflygande teoriar om klassisk retorikk. I romantikken blir svevet kjenneteiknet på menneskets usikre stilling i verda, mellom der det slynges ut og der det til slutt havner – mellom 17
Hestehandlaren ferdig_A 01.09.16 13:44 Side 18
utgang og nedslag, skriv Linneberg. Filosofen Heidegger knyter svevet til den angsten mennesket blir utsett for, eller for å seie det på hoppspråket, når det set utfor, og i denne omgangen er det Kjell Opseth frå Førde det gjeld. Han er 14 år gamal, fødd i stjerneteiknet Steinbukken og yngst av sju søsken. Om ikkje lenge skal han i elektrikarlære i Sogn, før han seinare blir installatør og til slutt ingeniør frå Porsgrunn.11 Kjell Opseth nærmar seg kanten. Han er stram i kroppen, skia er samla, og han veivar med armane for å halde balansen, slik han har sett på Filmavisen at Peter Hugsted gjorde i St. Moritz.12 Idet skia når hoppkanten, skyv han overkroppen fram og festar blikket. Tærne, tåballane, leggane, knea, låra, hoftene og armane som han rykker bakover sprett som ei fjør då støvlane passerer kanten. Han kjenner at han kjem høgare over kulen enn nokon gong tidlegare. Under ser han det ferdigtrakka unnarennet og lenger ned dumpa i snøen der dei fleste landar. Han pressar armane inntil kroppen. Skia held han samla. Legg seg endå litt meir framover. Det blafrar i strekkbuksa. Han opnar munnen og held pusten. Dei tunge skia og Kjell flyr framover, under sola og den blå himmelen, i ein boge, høgt over unnarennet. Han justerer svevet med høgrehanda, som eit ror, for å fly mot venstre. Han veit ingenting om åra som kjem. At han får sete i fylkesting og storting, møter Hjørdis, skal studere i Telemark, få to velskapte barn og fleire barnebarn. Han veit ingenting om alle timane med politisk arbeid som blir krona med ein post i regjeringa. Er uvitande om dei harde kampane og den årelange politiske striden han med tida skal kaste seg ut i. Om statsråd på Slottet kvar fredag, først med kong Olav, og seinare med Harald, som er på hans eigen alder, og at han sjølv skal bli den største samferdselsministeren landet har fostra etter krigen. Alt dette er han uvitande om der han svevar gjennom lufta i eit forsøk på å strekke seg mot ny rekord. Kjell flyr vektlaus nokre meter til før beina siktar på nedslaget. Han landar med eit smell i overgangen og svingar ned på sletta. Det var eit nedslag stilhopparen Toralf Engan kunne ha misunnt han. Brørne kjem til, og dei diskuterer gjennomføringa. Bra nedslag, men kunne 18
Hestehandlaren ferdig_A 01.09.16 13:44 Side 19
han ha strekt seg endå litt lenger? Hadde han venta med å setje utfor, kunne han fått meir hjelp av vinden. Og dei må jobbe med betre gli. Utover i 1950-åra skulle Kjell Opseth komme til å bli stadig meir aktiv, før han i 1958 fekk ein tredjeplass i seniorklassen under krinsmeisterskapen i Sogn og Fjordane.13 Erfaringa frå hoppbakken skulle komme til å prege han resten av livet, både som menneske og politikar.