HAUSTKATALOG 2026
JON FOSSE
VAIM HOTELL Utan styringa over eige liv Ein mann legg seg inn på Vaim Hotell der vertinna Brita styrer på myndig vis. Kva er det med dette hotellet ved fjorden? Fiskesett, skulderveske, lommebok, bilnyklar, alt forsvinn, og noko dukkar opp att. Korleis kan det ha seg at Gjesten blir sett i arbeid og endar opp med å skifta lyspærer på alle romma? Vaim Hotell er ei underleg og urovekkjande forteljing om Gjesten, Brita, Handelsmannen og Sjømannen. Dette er den andre av tre romanar knytte til den oppdikta staden Vaim.
Om Vaim: Terningkast 6! «Feelgood-Fosse med ein tvist» NRK Terningkast 6! «Trollbind lesaren» Bergens Tidende Terningkast 5! «Vaim lyser opp i mørket.» VG Terningkast 5! «Finurlig trekantdrama» Adresseavisen
«Yrende og jovial» Morgenbladet «Ironisk og presist» Vårt Land «Forfatterens gode humør smitter over på leseren.» Aftenposten «Fosse’s style is … one of the most accessible and powerful reading experiences contemporary literature can give you … it hypnotises you. It’s like gazing into a dancing fire or being towed along by an Atlantic Ocean current.» GQ Magazine
Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. I 2023 fekk han Nobels litteraturpris. Fosse debuterte med romanen Raudt, svart i 1983. Sidan den gong har han skrive romanar, lyrikk, dramatikk, barnebøker og essay. Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over heile verda.
ROMAN ISBN: 9788234012518 PRIS: 429,– E-BOK: 9788234012525 PRIS: 299,– LYDBOK: 9788234012532 PRIS: 349,– UTG: SEPTEMBER
JON FOSSE
BAD MOON RISING / KJÆRAST Fosses einaste spelefilmmanus I 1997 skreiv Jon Fosse eit spelefilmmanus. Manuset, som den gong hadde tittelen Bad Moon Rising, har no blitt til filmen Kjærast regissert av Erik Poppe. Det handlar om Asle og Gerd, som blir foreldre til ein gut, og for ei stund er lykka fullkommen. Asle reiser til sjøs. Gerd er heime aleine med barnet. Kor mykje toler kjærleiken? Her får du manuset slik det var den gongen Fosse skreiv det, men også ein tekst av regissør Erik Poppe der han fortel om arbeidet med filmen. Boka inneheld også forteljinga om korleis manuset blei til. Det var Tom Remlov, i rolla som direktør i Norsk Film, som i si tid bad Fosse skriva eit filmmanus. Remlov fortel kva som skjedde den gongen.
Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. I 2023 fekk han Nobels litteraturpris. Fosse debuterte med romanen Raudt, svart i 1983. Sidan den gong har han skrive romanar, lyrikk, dramatikk, barnebøker og essay. Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over heile verda.
FILMMANUS ISBN: 9788234018190 PRIS: 329,– UTG: SEPTEMBER
MARTIN BALDYSZ
PÅ STEDET HVIL Andre bok i kritikarrost historisk krimserie Då kaptein Gausereide blir funnen død på Stormoen eksersisplass, sender major Tandrum telegram direkte til overkonstabel Johan Ryer. Majoren ønskjer ikkje merksemd om saka no rett før storøvinga. Johan ser dette som ei gyllen moglegheit til å teste ut den nye fingeravtrykksmetoden og har trua på ei rask og vitskapleg oppklaring. Med systera Sonja ved si side reiser han frå Ålesund, men det viser seg at kvinner ikkje er velkomne i leiren. Dermed må ho etterforske på eiga hand i bygda. Brått blir mordsaka vikla inn i ei anna skakande hending som dreg Sonja ned i hennar mørke, løyndomsfulle fortid. På stedet hvil er den andre boka i serien om syskenparet Ryer. Eit klassisk mysterium lagt til 1903, ei tid prega av store endringar, der unionen med Sverige knakar i samanføyingane. Sterke kjensler og meiningar brytst, og lojalitet blir sett på prøve både i og utanfor leiren.
Om Stille grender (2025): Årets beste norske krim 2025 i Adresseavisen
Terningkast 5! «Dette er en genuint annerledes krimhistorie. […] Det er all grunn til å ha forventning til fremtidige bøker i serien.» Adresseavisen «En på alle måter trang dal er åstedet i den erfarne forfatteren Martin Baldysz’ overbevisende krimdebut.» Morgenbladet «Stille grender er ikkje berre ei lovande første bok i ein serie – det er heilt enkelt ein god kriminalroman som gjennom den språklege framstillinga også er ein fryd å lese.» Dag og Tid
Martin Baldysz (f. 1977) debuterte med romanen Vintertrang i 2013 og har seinare gitt ut romanane Vardane (2022) og Fallgard (2024). Han har også gitt ut serien Brenninger under pseudonymet Karen Støylen. I 2025 kom første bok i Ryer-serien.
KRIM ISBN: 9788234014734 PRIS: 429,– E-BOK: 9788234014741 PRIS: 99,– LYDBOK: 9788234014765 PRIS: 99,– UTG: AUGUST
SVANHILD OLIANNA NESSA
RIV MEG FRÅ ALT SOM HELD MEG TILBAKE Første bok i trilogien Mormonen på Nessa Nessa utanfor Stavanger, året er 1850. Nils har eigen gard og stor familie og er spart for armoda som breier om seg. Likevel kjenner han ei dragning mot noko nytt, mot Amerika. Han er overtydd om at han har fått eit kall, og bestemmer seg for å reise. Attende på garden står Margrete og dei seks barna deira, som no må klare seg sjølve. Ho er ikkje villig til å reise frå alt dei har bygd opp saman, frå familie og skyldfolk og dei tre små på kyrkjegarden. I New York kjem Nils i kontakt med folk frå mormonrørsla som overtyder han om å følgje dei til Salt Lake Valley, ei reise som tar fleire månadar. Dei store og dramatiske hendingane Nils kjem ut for, skal kome til å endre livet hans for alltid. I mellomtida er Margrete i ferd med å finne attende til Faltin, som hadde eit godt auge til henne før ho gifta seg med Nils. Kanskje er det mogleg å finne kjærleiken på nytt? Rotnorsk bondekultur står mot den nye amerikanske draumen i første bandet av denne historiske romantrilogien, som tar for seg eit nokså ukjent kapittel i norsk historie, dei første norske mormonane.
• • • •
for deg som er interessert i norsk historie for deg som vil lære om dei første norske mormonane for lesarar av gode historiske romanar for lesarar av Edvard Hoem og Trude Teige
SVANHILD OLIANNA NESSA (f. 1952) bur på Tau i Strand kommune. Riv meg frå alt som held meg tilbake er ein omarbeidd versjon av romanen Det fargerike åkledet og er den første boka i trilogien Mormonen på Nessa.
ROMAN ISBN: 9788234017742 PRIS: 429,– E-BOK: 9788234017773 PRIS: 299,– UTG: OKTOBER
TORE KVÆVEN
EIT SPOR TIL ENDES Du kan gå eit heilt liv gjennom denne fjellheimen, sa han, mens han såg ut mot det som var i ferd med å forsvinna, og likevel vil det ukjende alltid finnast her. Ingen dag er den andre lik, den som jaktar rein, ser fjella annleis enn den som leitar etter sau, den som fylgjer stiar og tråkk, får andre syner enn den som går etter fugl, og det me såg i dag, det som ligg skjult, det som ligg under, får ein aldri anna enn berre dei kortaste og minste gløtta inn i. Ein vinterveg du ser, der ingen veg før har funnest. Eit juv som opnar seg, når skodda driv unna. Ei kjensle av at nokon finst nær deg, sjølv om du veit du er aleine.
I naturens vald Torstein veks opp i enkle kår på fjellgarden Helleren i Vatnedalen på slutten av 1800-talet. Familien set sin lit til naturen, og Torstein lærer tidleg at naturen kan vera både brutalt nådelaus og uendeleg gåverik. Faren tar han med på jakt innpå heiene, der finst rype og rein som kan gi mat og inntekter. Saman med den yngre broren Ådne tar han også del i den daglege gardsdrifta, med å henta høy frå løene, vedhogst og dyrestell. På nabogarden bur Theoline, ho er eit halvt år yngre enn Torstein. Ho er kvikk og uredd og hoppar like langt som gutane på ski. Ho er den beste vennen han har, men no ligg barndommen bak dei, og mangt er i endring. Då den vide fjellheimen kring Helleren byrjar å krevja meir enn han gir, må Torstein finna sin eigen veg. Ut i vinterens øydemarker, eit spor han følgjer. • •
for lesarar av Den gamle mannen og havet og 60 kilo solskinn for lesarar av historiske romanar med spenning
Om Når landet mørknar (2018): Terningkast 6! «En på alle måter stor fortelling» Adresseavisen Om Raudt støv. Bok 1 (2023): Terningkast 5! «Her er usedvanlig sanselige og nærmest indre beskrivelser av dyr og landskaper. Vakkert i alt det grufulle.» BOK365 SEPTEMBEROm Raudt støv. Bok 2 (2024): «dyster og storslått» Klassekampen Terningkast 6! «En usedvanlig billedrik og vakker roman.» Fædrelandsvennen
Tore Kvæven (f. 1969) bur i Sirdal i Vest-Agder. Han debuterte i 2011 med Hard er mitt lands lov. Han har også skrive barneboka Kameljegeren (2013). I 2018 kom romanen Når landet mørknar, som vart tildelt Brageprisen same år og Sørlandets Litteraturpris i 2019. I 2022 fekk Kvæven Stig Sæterbakkens minnepris. Raudt støv. Bok 1 kom hausten 2023 og vart nominert til Sørlandets Litteraturpris 2024. Raudt støv. Bok 2 kom hausten 2024. Tore Kvæven er sauebonde og lærar.
ROMAN ISBN: 9788234016660 PRIS: 429,– E-BOK: 9788234016677 PRIS: 299,– LYDBOK: 9788234018244 PRIS: 349,– UTG: SEPTEMBER
STEFFEN KVERNELAND OG RAGNAR HOVLAND
ASTRUP Gonzobiografi om Nikolai Astrup Ei ny Astrup-bok er i emning, og Steffen Kverneland og Ragnar Hovland drar til Jølster på research-tur. Mykje er allereie blitt skrive om livet til den store kunstnaren, men kanskje ikkje om Gassen? Eller den djevelske haren? Og kor grundig har eigentleg det store stipendrøveriet til Ludvig Karsten blitt behandla? Ragnar og Steffen vil kaste eit revolusjonerande lys over den store kunstnaren. Men dei kan jo ikkje berre jobbe. Dei må ete og ikkje minst drikke også. I løpet av opphaldet i Jølster og familiehytta til Ragnar prøver dei så godt dei kan å ha Astrup i fokus. Men andre spørsmål trenger seg på: Vil Oddvar Torsheim openberre seg? Finst det sjøorm i Jølstravatnet? Kvifor vaknar Ragnar med blod over heile seg? Kven tok bilde av Steffen og Ragnar då det var berre dei i hytta? Svara på dette og mykje meir får du i den geniale gonzobiografien Astrup.
Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han gitt ut over 50 bøker i dei fleste sjangrar, både for vaksne og for barn. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikarprisen, Brageprisen, Doblougprisen og Bastianprisen. Steffen Kverneland (f. 1963) er ein av landets mest kritikarroste visuelle forteljarar. Han er kjend for sine «Amputerte klassikarar» og sjølvbiografiske bøker. Han fekk eit stort publikum med den teikna biografien om Edvard Munch, som fekk Brageprisen for beste sakprosabok i 2023. GONZOBIOGRAFI ISBN: 9788234014611 PRIS: 399,– UTG: SEPTEMBER
ØYSTEIN ORTEN
BORODINO Brevroman om slekters gang Då niesa sender melding frå Paris om at ho har fått ein son, men samstundes er blitt alvorleg sjuk, begynner den gamle læraren straks å skrive eit brev til henne. Det hastar å svare på dei spørsmåla ho stilte som barn: Kven er vi, onkel, og kor kjem vi frå? I eit forsøk på å fortelje om kva plass slekta deira har i verda, trekker han tråden attende til starten av 1800-talet, til Tomas Øvstigard, som deltok i Napoleonskrigane. Det er ei historie om kjærleik, tap og håp som flettar seg inn i livet til etterkommarane på det farlege vinterfisket, om Tomas-på-kvelvet, som overlevde, og vidare fram til slutten av 1900-talet, då han sjølv, niesa og resten av familien ei kort stund levde saman. Mens han skriv, innser han at 200 år ikkje er så lenge, at eit menneskeliv er kort, men også fullt av det vi strevar med til alle tider. Han skriv seg inn mot si eiga store skuld, og brevet blir eit skriftemål til både niesa og son hennar.
Om Krigshistorier (2020): «Orten avkler karakterane uniformer eller slitne arbeidsklede og skildrar dei med andedrett, med bein som løper og auge som ser, eller ikkje ser. I dette samlast fleire av litteraturen, og særleg denne novellesamlinga, sine mulegheiter. Mulegheita for å skildre kva det er å vere eit menneske.» Mette Karlsvik, Romsdals Budstikke
Øystein Orten (f. 1962) kjem frå Hareid på Sunnmøre. Han debuterte med diktsamlinga havflammen i 1995 og har sidan skrive både romanar, novellesamlingar og dokumentarbøker. I bøkene sine kombinerer han ofte historisk kunnskap, menneskeleg innsikt og sosialt engasjement. Når han ikkje skriv bøker, underviser han på Ulstein vidaregåande skule. ROMAN ISBN: 9788234017322 PRIS: 429,– E-BOK: 9788234017339 PRIS: 299,– UTG: SEPTEMBER
ARILD REIN
DET MØRKE FASTLAND 1980 Ein ballade om oljeeventyrets skuggesider Stavanger 1980: Max kjenner seg fri etter å ha mista far sin. Tommy prøver å halde ut som postbod. Freddy har funne ut at faren har levd eit dobbeltliv. Og Rainer har redda familiens hus frå å brenne ned. Henry lyttar tolmodig til utblåsingane deira og blir eit tidsvitne. Den unge vennegjengen ønsker raskast mogleg å rømme frå byens nyrike verkelegheit og trauma den har skapt. Dei fire monologane gir oss innsyn i ein sterkt klassedelt by der mentaliteten til arbeidarar, nyrike, gammalrike og kristne er på kollisjonskurs. Med Det mørke fastland 1980 tar Arild Rein eit steg tilbake frå 1995, året då handlinga i debutromanen Hundedagane startar, og året då Noreg blir ein renteniststat. Rein interesserer seg for Olje-Noregs vekst og forfall, nærare bestemt skuggesidene ved dette samfunnet. Korleis har olja forma den norske mentaliteten: forholdet vårt til arbeid, rikdom, øydsling og kriminalitet?
Om Domestiserte dyr (2021): Terningkast 5! «Framfor alt er Domestiserte dyr ein kraftprestasjon av skrivekunst og litterær stamina av det heilt sjeldne.» Jan Askelund, Stavanger Aftenblad Om Felttestamente (2016) Terningkast 5! «Fordi Rein har skapt seg ein slik forkomen og kraftfull, feminin og handlekraftig, praktisk og svermerisk, ordhag og ravande karakter som denne eg-forteljaren er, fungerer hans eigne overdådige bildeskapande ferdigheiter som aldri før, frydefullt pepra over heile boka.» Jan Askelund, Stavanger Aftenblad «Arild Rein syner at dårleg språk kan vera god litteratur, i ein original roman om liv og død.» Odd W. Surén, Dag og Tid
Arild Rein (f. 1960) debuterte i 1998 med romanen Hundedagane – første band i «Stavangertrilogien», som blei avslutta med Kaninbyen i 2004. Han har gitt ut lesestykke, kortprosa, dikt og omsettingar. Rein er også initiativtakar og redaktør i Villhund forlag, etablert i 2018. ROMAN ISBN: 9788234016622 PRIS: 429,– E-BOK: 9788234016639 PRIS: 299,– UTG: AUGUST
CHRISTIAN HAWKEY
VENTRAKL Fascinerande samtale om krig, sjukdom, kjærleik og dikting Den hybride diktbiografien Ventrakl er amerikanske Christian Hawkeys forsøk på å komme i kontakt med den austerrikske poeten Georg Trakl (1877–1914) – på tvers av både språk og tid. Resultatet er ein openhjartig og djuptfølt samtale mellom to poetar frå to ulike hundreår. Boka arbeider med grunnleggande spørsmål, som korleis vi les tekst og bilde, korleis forfattarskap flyt over i kvarandre, og korleis omsettingspraksis kan gjere rommet mellom litteratur og liv rikare. Ventrakl er ei rørande bok om krig, sjukdom, kjærleik og dikting. Ho handlar om kva som er mogleg å overføre frå eit språk til eit anna, og om kor mykje av ein person som blir att etter dokumentasjon og mytebygging. Gjendiktingstematikken blir ytterlegare forsterka når Mathias R. Samuelsen må finne sine eigne metodar og strategiar for å overføre denne samtalen mellom Hawkey og Trakl til norsk.
Christian Hawkey (f. 1969, busett i Berlin) er ein amerikansk poet, omsetjar, redaktør, aktivist og lærar. Han har skrive fleire diktbøker, inkludert Sonne from Ort, Ventrakl, Citizen Of, The Book of Funnels og fleire «chap books». Den siste utgivinga hans er Sift (2021). Tekstane hans er blitt omsette til mange språk. Med Ventrakl blir Hawkey for første gong utgitt på norsk. Mathias R. Samuelsen (f. 1985) er forfattar og gjendiktar. Han debuterte i 2009 med diktsamlinga Utredning om trengsel. Forutan tre eigne diktsamlingar har han blant anna gjendikta Gary Snyder og Ocean Vuong. I 2022 kom romanen Schonung. Saman med Rune F. Hjemås var han redaktør for Ny amerikansk poesi (2018). I 2024 kom band nummer to. ROMAN ISBN: 9788234014642 PRIS: 349,– E-BOK: 9788234014659 PRIS: 299,– UTG: AUGUST
KNUT IVAR BJØRLYKHAUG
BARNET, ELDEN, VATNET DEBUTANT Om å få barn i ei usikker verd Er det rett å få barn slik verda no utviklar seg? Og om ein skulle få barn: Vil det bli eit roleg barn? Eller ein rekekjepp? Kanskje har naturen og døde bestefedrar svaret, eller kanskje finst det ikkje svar? Minna om barndommens trygge og utrygge rom er sterkt til stades i tankane eget gjer seg om sjølv å få barn. Det handlar om å bryte med det som var vondt, og å berre vere så god som ein kan – og om kva føresetnader og ansvar ein har for oppvekst i ei verd der krig og naturtap breier om seg. Barnet, elden, vatnet handlar om dei store vala, om ambivalens i ei mørk verd, men like mykje om å skape håp for framtida.
Knut Ivar Bjørlykhaug (f. 1987) er frå Sunnmøre og bur på Nesoddtangen. Han er sosialarbeidar, lærar og forskar. Barnet, elden, vatnet er den første skjønnlitterære utgivinga hans. LYRIKK ISBN: 9788234017858 PRIS: 329,– E-BOK: 9788234017865 PRIS: 299,– UTG: SEPTEMBER
THOR MAGNUS TANGERÅS
MIKRODOSERING AV DIKT om du legg hovudet litt på skakke vil du kan henda få høyra kva dyra har på hjartet jazzkonsert på låven du lyttar til svalenes brå moduleringar oppunder takbjelken Eit drottkvætt til naturen som medisin for indre uro Dropen ytst på hasselbladet og dropen inst i augekråa, er han den same? At naturen er lyrisk, og lyrikk er naturleg, er premissane for Thor Magnus Tangerås’ fjerde diktsamling. Men natur og biomangfald er truga, og vår evne til merksemd, den ro og konsentrasjon som dikt krev, er svekt. Kan difor små, daglege dosar med dikt, «gylne drypp av nåde, små sting av nå», hjelpa oss til å koma nærare på naturen, oss sjølve og kvarandre? Denne boka er eit moderne drottkvætt, eit hyllingsdikt til ei dronning – naturen sjølv. Dronninga vår er sjuk, og berre ein heilande age for alt levande kan gjera henne frisk igjen. Gjennom ein serie korte dikt, «destillerte av tårer og puss», blir lesaren invitert med på skogbad i bøkeblad, sommarvals i enga og hugsvalande svalestup. Drope for drope, som ei skål i ein stein, blir merksemda – om små skapningar, dvergmusa høgt på eit strå, og om små rørsler, solgangsbrisen i sivet – slipa og forma slik at kontakten med «fivrelde i kroppen» kan gjenopprettast. Om Å (2025); «Det er inspirerende å lese denne boka, med alle dens viltre kast og digresjoner, dens ordspill og lekende lærdhet.» Espen Grønlie, Krabben Om Landskap med vindturbinar (2024): «rikholdig, konsentrert og nært på naturen som forsvinner […], virtuost håndtert på liten plass» Morten Langeland, Klassekampen Om Ø (2022): «noko av det mest gripande eg har lese på lenge» Kjetil Berthelsen, Dag og Tid «verselinjer fulle av små, friske gåver til nynorsk språk» Helene Hovden Hareide, Klassekampen «Det er meisterleg, både lese og skrive.» Siss Vik, NRK
Thor Magnus Tangerås (f. 1972) kjem frå Haugalandet. Han er førsteamanuensis ved Høyskolen Kristiania. Tangerås forskar på korleis litteraturen kan forandra oss, og har mellom anna gitt ut boka Literature and Transformation. A Narrative Study of Life-Changing Reading Experiences (Anthem Press, 2020). Han debuterte med diktsamlinga Ø i 2022. Mikrodosering av dikt er den fjerde diktsamlinga hans.
LYRIKK ISBN: 9788234018176 PRIS: 329,– E-BOK: 9788234018183 PRIS: 299,– UTG: OKTOBER
HERBORG KRÅKEVIK (RED.)
JULEROSER 2026 Nesten 100 sider med vakker kunst og gode leseopplevingar til jul
I år kjem den 12. utgåva av Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør. Den kan du gle deg til! Erlend Loe tar oss med på ein ellevill sydentur i førjulstida, rikt illustrert av Martin M. Hvattum. Kristian Krohg Sørensen har illustrert Gunnar Staalesens juleforteljing om Varg Veum og den bortkomne sonen. Mona B. Riise gjev oss ei hjartevarm forteljing om tantene i Danmark som laga jul til ho i barndommen, og Musti skriv dikt! Janne Stigen Drangsholt skriv om fuglar i litteraturen, og Espen Lind har laga ei ny nordnorsk julesalme: «Sørraførr her»! Hovudtemaet i årets hefte er fuglar – i fugleneket, på fuglebrettet og som pynt på juletreet, eit symbol på fridom, men også noko av det aller minste og mest sårbare livet i naturen. I religiøse og mytologiske forteljingar symboliserer fuglane ofte sjela og ånda. I ei tid som er tung og krevjande for jorda og menneska, er biletkunsten og litteraturen viktige lyspunkt og trådar inn til håp og fellesskap. Juleroser er fullt av spennande og vakker kunst og gir deg både ein kjærkomen pause og meiningsfullt påfyll i julestria. Årets Juleroser har elles bidrag frå mellom andre Marit Eikemo, Brit Bildøen, April Alexandersdottir og Lina Undrum Mariussen. Hugs å få med deg Juleroser-framsyningane med Herborg Kråkevik og gjester på Det Norske Teatret i desember. Billettar finn du her: https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/juleroser
Om Juleroser:
«Siden 2015 har Juleroser vært en vinner. Redaktør er fortsatt Herborg Kråkevik og oppskriften den samme. Det er ingen grunn til noe annet.» Stavanger Aftenblad
«Herborg Kråkeviks Juleroser er stadig det mest innholdsrike og gjennomførte av de voksne juleheftene. […] Dette er den typen trykksak man nesten bare må spare på.» Fædrelandsvennen
Herborg Kråkevik (f. 1973) er ein av våre mest folkekjære og allsidige scenekunstnarar og kulturformidlarar. Ho vaks opp i Jondal, men bur no i Viborg i Danmark. I tillegg til å vere redaktør for Juleroser er ho skodespelar, tekstforfattar, komikar og artist med fleire plateutgivingar, filmar, teater, musikalar og show på samvitet. JULEHEFTE ISBN: 9788234016110 PRIS: 269,– UTG: OKTOBER
MARIA PARR
SJÅ, DER GÅR EIN BARNDOM OM LESAREN, LITTERATUREN OG DET FORTALDE Maria Parr er blant dei største norske barnebokforfattarane gjennom tidene. Med bøker som Vaffelhjarte, Tonje Glimmerdal og Oskar og eg har ho engasjert, rørt og underhalde barn og vaksne i over tjue år. Innimellom barnebokskrivinga har Maria Parr også skrive tekstar for vaksne, både essay, talar og tampar til lokalavisa Synste Møre. Felles for desse tekstane er ei interesse for og undersøking av det som skjer i møte mellom ein lesar og ein skrivar. Om korleis tilsynelatande små og uviktige opplevingar kan vide seg ut og gi meining og betyding langt utover den personlege erfaringa. Sjå, der går ein barndom er ei samling tekstar der Maria Parr tek oss med til det magiske landskapet barndom, til dei stemmene og forteljingane som inspirerte ho til å finne stemma si. Samlinga er ei kjærleikserklæring til biblioteka, til formidlarane og til alle dei som bidreg til å vide verda ut for lesarane. •
•
For deg som vil lære meir om viktigheita av god barnelitteratur frå ein av Noregs største barnebokforfattarar For deg som er fan av Maria Parr
Om Oskar og eg-bøkene: Terningkast 6! «Rent gull» VG «Maria Parrs nye barneroman er en hyllest til barndommens steder: lekehytten, gulvete i klesskapet, baksetet i bilen.» Aftenposten «Parr befester sin posisjon som Norges ledende barnebokforfatter.» Adresseavisen «Maria Parr er ein av dei dyktigaste barnebokforfattarane vi har.» NRK
Maria Parr (f. 1981) debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har vunne ei rekkje internasjonale prisar. I 2019 mottok ho Sult-prisen, og i 2023 fekk ho og illustratør Åshild Irgens Brageprisen og vart nominerte til Nordisk råds barnelitteraturpris for Oskar og eg. Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen og er utdanna lektor. SAKPROSA ISBN: 9788234016332 PRIS: 399,– E-BOK: 9788234016349 PRIS: 299,– UTG: SEPTEMBER
HANS OLA HEVRØY OG JOHN NGAN
EVIG FYSEN Når du skal lage noko ekstra godt. Våre 64 beste oppskrifter I denne kokeboka deler Hans og John frå instagramprofilen @fysenpaa 64 nøye utvalde oppskrifter frå tre heimar. I del éin er du invitert på middag til Hans sin barndomsheim i havgapet på Vestlandet. Her får du servert rettar som fleskepannekaker, komler, laks og sveler. I del to får du vere med John til det kantonesiske og vietnamesiske kjøkkenet, der du får inspirasjon til ekte, god og tradisjonsrik mat frå både Hongkong og Vietnam – som du får til å lage heime på ditt eige kjøkken. Her er det berre å forsyne seg av phở, hot pot, wonton og mykje anna snadder. Saman har Hans og John skapt ein felles heim fundert på dei ulike matkulturane sine, og dit får du bli med i den tredje og siste delen. Her skal me mellom anna innom det italienske, nordiske, japanske, thailandske og koreanske kjøkenet. Ta plass rundt det mørke eikebordet til Hans og John og smak på frukostar, forrettar, middagar og dessertar inspirerte av både oppvekst, reiser og restaurantbesøk. Evig fysen er eit resultat av to ting. Den første er den felles lidenskapen til Hans og John: mat. Den andre er Instagram-kontoen @fysenpaa, som duoen starta i 2024. I boka fortel forfattarane historia om å finne seg sjølv og å finne kvarandre. Historia om å vere lukka og gøymd, for så plutseleg å servere mat saman til fleire tusen følgjarar i sosiale medium. Evig fysen er ei bok du tar fram når du vil nyte både livet og maten som smakar best – saman med dei som betyr aller mest. • •
46 000 følgjarar på Instagram Stor interesse for den personlege historia deira
John Ngan (f. 1990) er barista og matformidlar frå Oppegård med bakgrunn frå restaurant- og kafébransjen. Han er oppvaksen i ein vietnamesisk-kinesisk heim der mat alltid har stått sentralt og vore det naturlege samlingspunktet. Hans Ola Hevrøy (f. 1989) er frå øykommunen Austevoll i Vestland og er utdanna lærar og journalist. Han har fleire års erfaring som journalist og kommunikasjonsrådgjevar og har ei sterk interesse for mat og historieforteljing. Saman driv dei Instagram-kontoen @fysenpaa, der dei deler oppskrifter og utforskar nye smakar saman.
KOKEBOK ISBN: 9788234016134 PRIS: 399,– UTG: SEPTEMBER
INGVILD GRANE
STRIKK SOKKAR 30 PAR FAVORITTSOKKAR
Få plagg blir brukte like mykje som eit par gode sokkar. I denne boka deler Ingvild Grane 30 inspirerande oppskrifter på sokkar som både ser flotte ut og sit godt på foten. Grane er inspirert av tradisjonsstrikk, men lagar oppskrifter som er moderne og friske i uttrykket. Oppskriftene passar til heile familien, frå små barn til vaksne. Dei er detaljerte og enkle å forstå, slik at du kan følgje dei både om du har strikka mange sokkar før, eller om dudu prøver deg på sokkestrikk for første gong. Sokkar er perfekt restegarnstrikk. Strikk sokkar er ei bok du kan vende tilbake til, gong etter gong. Alle sokkane i boka er strikka i norsk garn frå Hillesvåg ullvarefabrikk.
Andre bok i serien:
• 18 000 følgjarar på Instagram • Strikk vottar er seld i over 4000 eksemplar • Perfekt restegarnstrikk • Samarbeid med Hillesvåg ullvarefabrikk
Ingvild Grane (f. 1982) har i mange år delt strikkeglede i ein uvanleg delikat fargepalett på instagramkontoen @skaperrom. Ho har tidlegare gitt ut bøkene Strikk med Ingvild frå @skaperrom, 100 handlaga gåver og Strikk vottar. Grane kjem frå Naustdal og er busett på Nesodden. Ho er mellom anna utdanna journalist og arbeider med lydbøker i Fabel. STRIKK ISBN: 9788234017155 PRIS: 399,– UTG: AUGUST
HALVOR FOLGERØ
TROLLTUNGA EIT VILT STYKKE NORGESHISTORIE Trolltunga i Hardanger vart eit nasjonalt ikon og ein internasjonal turistattraksjon på rekordtid. I 2010 gjekk 800 fotturistar til Trolltunga. Åtte år seinare hadde talet stige til 87 000. Kvifor ville plutseleg heile verda til Trolltunga? Og kva problem skapte det med turgåarar som tok fatt på den ti timar lange turen med crocs og sandalar? Turistane kom til Odda og Hardanger allereie på slutten av 1800talet. Ikkje for å gå til Trolltunga, men for å sjå fjell og fjord og beundre Tyssestrengene og Ringedalsfossen, som var blant dei høgste og flottaste fossefalla i landet. Men så kom kraftutbyggarane og anleggsarbeidarane med slegger, bor og dynamitt, for å bygge den norske velferdsstaten. Odda og Tyssedal vart industristader, dei staselege fossane blei lagde i røyr, og turistane forsvann. Dette er ei absurd og underhaldande historie om flaks, tilfeldigheiter, smart marknadsføring og sosiale medium. Det handlar om masseturisme, leiteaksjonar, villcamping, køar og trafikkaos, og om eit lokalsamfunn som har evne til å snu seg rundt. I dag er ringen slutta, turistane er tilbake, mykje takka vere Trolltunga.
Om Vestlandsvegar: Terningkast 5: «Billedrik kulturhistorie med skarpe svinger og stor dramatikk» Bergens Tidende Om Fleire vestlandsvegar: Terningkast 5: «Skummel virkelighetslitteratur om folks hverdag langs fjorder, daler og fjell. Denne boken gir deg stor respekt for alle vestlandsbilister som kjørte med livet som innsats langs smale veier.» Bergens Tidende Om Ferjefolket: Terningkast 5: «Det ferjefolket har å fortelje, er lunt gjengjeve av Folgerø, som til liks med i bøkene om vestlandsvegane verkar genuint nysgjerrig på kva folk har på hjartet.» Bergens Tidende
Halvor Folgerø (f. 1967) er forfattar, musikar og journalist frå Stord, busett i Bergen. Han har i ei årrekke arbeidd med både radio og TV i NRK. I dei seinare åra har han hatt stor suksess med bøkene Vestlandsvegar og Fleire vestlandsvegar, som handlar om farlege og spektakulære vegstrekk, og med Ferjefolket, som tek føre seg eit fast og nødvendig innslag i livet til vestlendingen. DOKUMENTAR ISBN: 9788234015748 PRIS: 449,– E-BOK: 9788234015755 PRIS: 299,– UTG: SEPTEMBER
LINDA EIDE
LIVET ER EIT SPRÅKSJOV KVA SPRÅKET HAR GJORT MED MEG
Linda Eide er hekta på språk. Det held henne vaken om natta og i gang om dagen. Bli med inn i dei språklege fenomena Linda er aller mest oppteken av, og få forteljinga om kva språket har gjort med henne. Heng med frå barndom til språksjov. Frå Fattern sitt sjømannsspråk til Besto sin svarabhaktivokal. Frå Linda er super til verre enn horer i havsnød. Frå sekundærkrenkt til reinspikka undertrykt. Frå journalistutdanning til oppseiing i NRK. Dette er ei generell og personleg forteljing om det fascinerande, herlege, latterlege og sjukt irriterande fenomenet som omgir oss tjuefire-sju: SPRÅKET!
Linda Eide har arbeidd som journalist og programleiar i NRK radio og fjernsyn i over tre tiår. Ho er programleiar, forfattar, foredragshaldar og språksjovar. Særleg kjend er ho for Eides språksjov, det prislønte fjernsynsprogrammet som i tolv sesongar gjorde språk til laurdagsunderhalding på NRK. SAKPROSA ISBN: 9788234015205 PRIS: 429,– E-BOK: 9788234015212 PRIS: 299,– LYDBOK: 9878234015229 PRIS: 349,– UTG: SEPTEMBER
BJØRN HATTERUD
FAR LEVDE OG SÅ VAR HAN DØD EI BOK OM TRAKTORMEKANIKK, TREKKSPELMUSIKK, HEIMEBRENNING OG UMÅLA FURU
«Du ska skrive om meg. Og du ska skrive om æill driten å!»
Landbruksmekanikaren Tor Hatterud kom frå generasjonar av praktiske menn, gard- og skogbrukarar og husmenn i Veldre i Ringsaker. Han skrudde alltid, hadde hender fulle av sår og merke, gjekk milevis på ski, snakka gamalmodig veldredialekt og viste kjærleik gjennom å vaske bil. Sonen Bjørn er alt anna enn nevenyttig. Han er ein homofil og funksjonshemma akademikar som jobbar i kulturfeltet i hovudstaden. Kven var far til Bjørn? Og kva skjedde då faren døydde? Tor mista først kontroll over venstre foten. For første gong gjekk faren like sakte som den haltande sonen, og ein annleis samtale mellom far og son starta.
Noko av det siste Tor gjorde, var eit stort byggeprosjekt. Han glasa inn verandaen, laga eit lyst og luftig rom for sol og glede. Dette er ei forteljing om ein far som var ein heilt vanleg mann, og om liv og død.
Om Mjøsa rundt med mor: Terningkast 5: «dette er bare noe helt for seg selv» Hamar Arbeiderblad «uhøytidelig og muntlig nynorsk. Språket gjenspeiler folkeligheten fortelleren vokste opp med. Pluss et nyanserende blikk som løfter tekstene til et høyt nivå.» Aftenposten «Det å føle tilhørighet, kjærlighet og stolthet til en plass, og samtidig ha et behov for å forlate den, er ikke bare lett. Men du verden så god litteratur det blir av det!» Klassekampen
Bjørn Hatterud (f. 1977) voks opp i bygda Veldre i Innlandet. Han er kulturskribent, kritikar og kurator, er medlem av Kringkastingsrådet og lagar støymusikk. Han har tidlegare gitt ut Mot normalt (2018), Mjøsa rundt med mor (2020) og Blokka på Bjerke (2023). Hatterud har motteke Kritikarprisen, Bibliotekets litteraturpris og Fritt Ords Pris.
DOKUMENTAR ISBN: 9788234016455 PRIS: 429,– E-BOK: 9788234016462 PRIS: 299,– LYDBOK: 9788234016479 PRIS: 349,– UTG: SEPTEMBER
MARIT EIKEMO OG MARITA AAREKOL
HUSDRAUMAR FORLATNE HEIMAR PÅ VESTLANDET
Fotografen Marita Aarekol har reist Vestlandet på kryss og tvers og fotografert forlatne hus. Forfattaren Marit Eikemo fortel historier om husa og dei som ein gong budde der. Dette er ei historie om nokre av dei tomme husa. Grunnane til at lysa er sløkte og folk har reist, er blant anna arveoppgjer, økonomiske konfliktar, sjukdom, død, klimaendringar og personlege tragediar. Mange av husa ber på mørke forteljingar. Aarekol og Eikemo fortel blant anna historia om huset som står slik det gjorde den dagen han som budde der, vart myrda, om snikkaren som ville at huset skulle døy med han, om familiar som har gått frå gard og grunn, og om å bu under bergfall og få ein gigantisk steinblokk klint inntil husveggen. Ei undersøking i 2026 synte at 200 000 bustader står tomme her i landet, mange i grisgrendte strok.
Marita Aarekol (f. 1959) er fotograf. I ei årrekke har ho arbeidd som fotograf i Bergens Tidende. Ho er særleg kjend for bilete som dokumenterer kvardagsliv og menneske. I mange år har Aarekol hatt interesse for forlatne heimar. Marit Eikemo (f. 1971) er forfattar og kulturarbeidar frå Odda, busett i Bergen. Ho har sidan 1999 gjeve ut romanar, noveller og essays. Den siste romanen hennar, Vi er brødrene Eikemo frå 2024, fekk mykje merksemd og gode meldingar. DOKUMENTAR ISBN: 9788234016356 PRIS: 449,– UTG: SEPTEMBER
KATHRINE GREGERSEN OG ELLEN STAVIK (ILL.)
BRODERISTING BRODERISTING – HANDBOK I FRITT BRODERI Enten du broderer moderne eller tradisjonelt, lite eller stort, røft eller finsleg, er stinga grunnlaget for arbeidet. Denne boka samlar dei viktigaste stinga innanfor fritt broderi. Boka gir eit oversyn over dei grunnleggande stinga og viser korleis enkeltsting kan setjast saman til linjer, flater og motiv. Alt er forklart med tydelege arbeidsteikningar, og boka tek deg frå det heilt enkle til meir avanserte sting som krev litt øving. Broderisting er ei god startbok for deg som er ny – og eit nyttig oppslagsverk for deg som har brodert i mange år. Broderisting er første hefte ut i ein serie med handbøker frå Laga. Alle er bygde opp rundt same lest: grundige og enkle på same tid og i eit hendig format. Sjå www.lagastudio.no for meir info.
• • • •
Dei viktigaste stinga i fritt broderi Oppslagsverk Hendig format Tydelege arbeidsteikningar
Kathrine Gregersen (f. 1975) er utdanna faglærar i kunst og handverk. Ho starta Nøstebarnbutikken i Oslo og arbeidde i mange år med produktutvikling og marknadsføring for Nøstebarn, Norges Husflidslag og Husfliden. Gregersen held kurs og inspirasjonsforedrag for ungdom og vaksne. Ho har tidlegare gitt ut boka Strikk til nøstebarn (2007), Brukt på nytt (2008) og Strikk meir til nøstebarn (2014). Ellen Stavik (f. 1971) har bakgrunn frå visuelle kunstfag, handverk og kommunikasjon. Ho har sveinebrev i kjole- og draktsaum og faglærarutdanning i visuelle kunstfag, og ho har studert Fashion Promotion and Communication i Southampton i England. Med lang erfaring som innkjøpar i tekstilbransjen, grafisk designar og marknadsførar kombinerer ho handverk, forretningsforståing og visuell kommunikasjon. HANDARBEID ISBN: 9788234018107 PRIS: 249,– UTG: NOVEMBER
ANNE KARI HINNA
RAUS OG NÅDELAUS HISTORIA OM TROND MOHN
For første gong ligg det føre ei samla framstilling av livsløpet til den myteomspunne milliardæren Trond Mohn. Med djup innsikt går Anne Kari Hinna tett inn på både bedriftshistoria og det indre livet i familien Mohn. Les om korleis ei bergensk familiebedrift vaks fram til å bli eit multinasjonalt konsern som til slutt blei selt for 14 milliardar kroner til svenske Alfa Laval i 2014, og om kva Trond Mohn har gjort med pengane. Hinna fortel òg om oppveksten til Trond Mohn, om foreldra og deira flukt til Skottland under andre verdskrigen, og om den bitre konflikten med tvillingbroren, Stein Mohn, som har sett djupe spor. Samstundes teiknar boka eit portrett av ein uttalt sosialdemokrat, som sidan tidleg i 1990-åra har vore medlem av Arbeidarpartiet – og den fremste filantropen i nyare tid, som har donert enorme summar til idrett, sjukehus, medisinsk forsking og andre gode formål. Også Mohns sentrale rolle i debatten om kjernekraft i Noreg blir breitt omtalt. Det er likevel ikkje noko glansbilde Hinna teiknar av Mohn: Boka viser fram ein mann med sterk vilje og klare krav – og kva det kan koste å komme på kant med han.
Anne Kari Hinna (f. 1983) har vore journalist i Klassekampen i fjorten år. Ho er frå Fusa, busett i Bergen. Dette er hennar første bok.
BIOGRAFI ISBN: 9788234017223 PRIS: 449,– E-BOK: 9788234017230 PRIS: 299,– UTG: OKTOBER
ARNE HJELTNES
DET GÅR SIKKERT BRA FOLK EG HAR MØTT, OG TING EG HAR LÆRT Artige folk og nyttige lærdomar Arne Hjeltnes har alltid vore på farten. I oppveksten på Voss rasa han rundt på sykkel og ski. I 90-åra vart Hjeltnes landskjend for reiseprogrammet Gutta på tur på TV 2. Han har skapt seg eit namn i næringslivet, og er kjend som ein entusiastisk formidlar av norsk matkultur, lokal tradisjon og historie. I denne boka fortel han levande om alt han har plukka opp og lagt i sekken undervegs. Kor mykje risiko skal ein ta? Kva er ein god sjef? Er det lurt å vera litt naiv av og til? Og kan ein gjera handelsavtaler på vegner av Noreg på tur i India? Her får du vita kva han har lært av folk på si ferd, enten det er på reise i Mikronesia med Arne Næss, på Finnmarksvidda med Molleš Piera, i Asia med Ingrid Espelid Hovig eller i privatflyet til Kjell Inge Røkke med gamle skiheltar. Og sjølvsagt har han plukka opp eit og anna frå mor si. Det går sikkert bra byr på mange gode råd for å takla det som måtte koma!
Arne Hjeltnes (f. 1963) er næringslivs- og reklamemann, TVpersonlegdom og forfattar. Han vart kjend som programleiar for Gutta på tur saman med Bjørn Dæhlie, Vegard Ulvang og Arne Brimi, ein serie som gjekk fast på TV 2 frå 1996 til 2002.
SAKPROSA ISBN: 9788234017162 PRIS: 399,– E-BOK: 9788234017179 PRIS: 299,– UTG: OKTOBER
MARIANNE GRETTEBERG ENGEDAL
JOTTEN, JOTTO OG LARSEN OG PROBLEMET MED FASTLEGEN Ein dag når Jotten, Jotto og Larsen skal gå på soppsanking, har det skjedd noko svært merkeleg. Soppen er borte! Nokon har stole frå alle sopp-kassene i bygda. Kva i all verda skal dei ete no? Når Jotten blir så svolten at han trugar med å ete Larsen, søker Larsen tilflukt hos fastlegen. Ho er jo alltid så snill. Men korfor oppfører fastlegen seg så merkeleg? Og kva er den mystiske røyken som siv opp frå bakken? Jotten, Jotto og Larsen og problemet med fastlegen er ei humoristisk og fantasifull historie om fellesskap, einsemd og skikkeleg god sopp. Om Kjell-bøkene: Terningkast 6: «i elitedivisjonen blant norske barnebokforfattarar. I ein frimodig miks av sjangrar finst både noko nytt og noko nostalgisk, noko tidlaust og noko topp moderne i denne kort sagt nydelege biletboka.» Bergens Tidende «Det oser kvalitet av boka.» Klassekampen «Bøkene har en tiltalende blanding av teknikker og rike fargepaletter.» Aftenposten Marianne Gretteberg Engedal (f. 1986) er illustratør og kokk frå Haugastøl. Ho er utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen og har gitt ut ei rekke kritikarroste bildebøker. For Pølsetjuven frå 2019 fekk ho både Kulturdepartementets bildebokpris og Nynorsk barnelitteraturpris.
BILDEBOK ISBN: 9788234015250 PRIS: 329,– UTG: AUGUST
IDA EVA NEVERDAHL
KATTEKJENDISEN LUCY KLARER ALT
Ny oppfølgjar i bildebokserie for dei minste Lucy er ei jente som klarer alt, absolutt alt. Og i dag vil ho prøve noko nytt: Ho vil bli kjendis. Det er berre eitt lite problem: Det er ikkje så mange som kjenner til henne! Men dette er sjølvsagt ikkje til hinder for Lucy. Ho har nemleg klekt ut ein plan. I kjent stil har Ida Eva Neverdahl laga ein original og fargerik bokserie for dei minste. Lucy klarer alt. Kattekjendisen er andre bok med oppfinnsame Lucy i hovudrolla. Igjen får lesaren bli med på alt det rare ho finn på for å gjere kvardagen ekstra gøyal.
Første bok om Lucy:
Ida Eva Neverdahl (f. 1993) er teikneserieskapar og illustratør. Ho har laga nettseriar og teikneseriestriper og gitt ut fleire bøker for barn og unge, mellom anna teikneserietrilogien om antihelten Floke.
Om Lucy klarer alt. Sirkuset (2025): «Klassisk girl power […]. Ida Eva Neverdahls første biletbok er eit lovande anslag i ein ny serie for små lesarar.» Walter Wehus, Barnebokkritikk
BILDEBOK ISBN: 9788234018022 PRIS: 249,– UTG: SEPTEMBER
ANDERS TOTLAND
HAMSTERTRØBBEL KATASTROFEDAGBØKENE Samson er ni år og hamnar ofte i trøbbel. Veldig ofte, faktisk. Denne gongen går alt gale når storesøstera til Samson får ein søt liten hamster til bursdagen. Sjølv om Samson har fått streng beskjed om å ikkje røra den nye romkameraten til søstera, dristar han seg til litt kos når ho ikkje er heime. Men alt er ikkje som det skal vera, og det som skulle vera ein fin ettermiddag med hamsterkos, endar i staden i bossbiljakt, snøballar på ville vegar og ei improvisert gravferd. Det blir rett og slett heilt katastrofe! Katastrofedagbøkene er ein humoristisk og spennande bokserie for barn frå seks år og oppover. Serien følgjer ni år gamle Samson, som stadig hamnar i trøbbel, sjølv om han meiner det godt. Med fart, humor og akkurat passe actionfylt spenning treffer bøkene mange av dei ferskaste lesarane. Bøkene er fulle av gjenkjennelege situasjonar, varme karakterar og morosame vendingar. Serien er skriven av Anders Totland og rikt illustrert av Bård Sletvold Torkildsen.
Fleire bøker i serien:
Anders Totland (f. 1986) er forfattar og har skrive fleire bøker både for barn og for vaksne. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje bøker i fleire sjangrar, deriblant Den norske slavehandelen (2018), Gunnars rekordbok (2024) og Mamma på dass (2025). Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. Bård Sletvold Torkildsen (f. 1990) er illustratør og designar. Han har tidlegare gitt ut boka Herman saman med Erlend Loe og Herman Flesvig og Korpset som tok til høyre i stedet for venstre saman med Fridtjof Josefsen. I 2024 illustrerte han bildeboka Grisungen med den rette halen, skriven av Hilde Myklebust.
BARN 6–9 ÅR ISBN: 9788234017575 PRIS: 329,– E-BOK: 9788234017636 PRIS: 199,– LYDBOK: 9788234016950 PRIS: 199,– UTG: AUGUST LYDBOKA KOM I MARS
ANDERS TOTLAND
SKANDALE I SKITREKKET KATASTROFEDAGBØKENE Det blir heilt katastrofe når Samson reiser på skitur med klassen. Han er nemleg ikkje særleg vand til å stå på ski i utforbakke, og han toler ikkje svingete vegar så godt heller. Allereie på bussen har Samson ei ostepopulykke som går hardt ut over bestevenen Alva. Det einaste mennesket Samson kunne venda seg til når ting er vanskelege og alt er heilt kaos, vil ikkje lenger ha noko med han å gjera. Det blir ikkje noko betre når dei kjem seg ut i skibakken og det viser seg at Samson slettes ikkje har så god kontroll på skia som han hadde trudd. Kan Samson overleva den svarte løypa og det enorme hoppet nedst i bakken? Og endå viktigare: Kan han redda venskapet med Alva? Katastrofedagbøkene er ein humoristisk og spennande bokserie for barn frå seks år og oppover. Serien følgjer ni år gamle Samson, som stadig hamnar i trøbbel, sjølv om han meiner det godt. Med fart, humor og akkurat passe actionfylt spenning treffer bøkene mange av dei ferskaste lesarane. Bøkene er fulle av gjenkjennelege situasjonar, varme karakterar og morosame vendingar. Serien er skriven av Anders Totland og rikt illustrert av Bård Sletvold Torkildsen.
Fleire bøker i serien:
Anders Totland (f. 1986) er forfattar og har skrive fleire bøker både for barn og for vaksne. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje bøker i fleire sjangrar, deriblant Den norske slavehandelen (2018), Gunnars rekordbok (2024) og Mamma på dass (2025). Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. Bård Sletvold Torkildsen (f. 1990) er illustratør og designar. Han har tidlegare gitt ut boka Herman saman med Erlend Loe og Herman Flesvig og Korpset som tok til høyre i stedet for venstre saman med Fridtjof Josefsen. I 2024 illustrerte han bildeboka Grisungen med den rette halen, skriven av Hilde Myklebust.
BARN 6–9 ÅR ISBN: 9788234017582 PRIS: 329,– E-BOK: 9788234017643 PRIS: 199,– LYDBOK: 9788234016967 PRIS: 199,– UTG: AUGUST LYDBOKA KOM I MARS
ANDERS TOTLAND
FLUKTA FRÅ DUSTEFAMILIEN KATASTROFEDAGBØKENE
I fleire veker har Samson gledd seg til at søskenbarnet Storm skal komma på besøk. Men når han kjem, blir ingenting slik Samson hadde tenkt. Kvifor vil ikkje Storm leika med han lenger? Dei som tidlegare har vore så gode vener. No vil Storm berre henga med dustesøstera Kim og vennane hennar. Det gjev ikkje meining. Heile helga blir berre dum. Til slutt bestemmer Samson seg for å gjera noko med det sjølv, akkurat medan det held på å blåsa opp til snøstorm. Det blir heilt katastrofe! Katastrofedagbøkene er ein humoristisk og spennande bokserie for barn frå seks år og oppover. Serien følgjer ni år gamle Samson, som stadig hamnar i trøbbel, sjølv om han meiner det godt. Med fart, humor og akkurat passe actionfylt spenning treffer bøkene mange av dei ferskaste lesarane. Bøkene er fulle av gjenkjennelege situasjonar, varme karakterar og morosame vendingar. Serien er skriven av Anders Totland og rikt illustrert av Bård Sletvold Torkildsen.
Fleire bøker i serien:
Anders Totland (f. 1986) er forfattar og har skrive fleire bøker både for barn og for vaksne. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje bøker i fleire sjangrar, deriblant Den norske slavehandelen (2018), Gunnars rekordbok (2024) og Mamma på dass (2025). Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. Bård Sletvold Torkildsen (f. 1990) er illustratør og designar. Han har tidlegare gitt ut boka Herman saman med Erlend Loe og Herman Flesvig og Korpset som tok til høyre i stedet for venstre saman med Fridtjof Josefsen. I 2024 illustrerte han bildeboka Grisungen med den rette halen, skriven av Hilde Myklebust. BARN 6–9 ÅR ISBN: 9788234017599 PRIS: 329,– E-BOK: 9788234017650 PRIS: 199,– LYDBOK: 9788234016974 PRIS: 199,– UTG: SEPTEMBER LYDBOKA KOM I MARS
ANDERS TOTLAND
SAMSON SNAKKAR SANT KATASTROFEDAGBØKENE Løgner + pungrotter = sant Samson synest ikkje det er så veldig viktig å snakka sant, så lenge folk ikkje blir lei seg. Men ein dag endrar alt seg, då bestemor fortel ei urgammal hemmelegheit om kva som skjer når folk lyg. Der og då bestemmer Samson seg: Han skal aldri lyga igjen. Alt han seier, skal vera sant. Men det som først verkar som ein god idé, viser seg raskt å føra til mykje trøbbel. Det blir rett og slett heilt katastrofe! Katastrofedagbøkene er ein humoristisk og spennande bokserie for barn frå seks år og oppover. Serien følgjer ni år gamle Samson, som stadig hamnar i trøbbel, sjølv om han meiner det godt.
Fleire bøker i serien:
Anders Totland (f. 1986) er forfattar og har skrive fleire bøker både for barn og for vaksne. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje bøker i fleire sjangrar, deriblant Den norske slavehandelen (2018), Gunnars rekordbok (2024) og Mamma på dass (2025). Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. Bård Sletvold Torkildsen (f. 1990) er illustratør og designar. Han har tidlegare gitt ut boka Herman saman med Erlend Loe og Herman Flesvig og Korpset som tok til høyre i stedet for venstre saman med Fridtjof Josefsen. I 2024 illustrerte han bildeboka Grisungen med den rette halen, skriven av Hilde Myklebust.
BARN 6–9 ÅR ISBN: 9788234017605 PRIS: 329,– E-BOK: 9788234017667 PRIS: 199,– LYDBOK: 9788234016981 PRIS: 199,– UTG: SEPTEMBER
TRUDE TJENSVOLD
HOPP I HAVET! Til havbotnen og opp igjen Kva er det eigentleg som finst under havoverflata? Kva skapningar lever på havbotnen, og kor djupt kan det eigentleg bli? I Hopp i havet! tek Trude Tjensvold lesaren med på ein tur djupt under overflata, blant fisk, korallrev, blekksprutar og andre skapningar. Her kan ein oppdage alt frå spøkelsesfiskar, gigantiske kvalar og undersjøiske vulkanutbrot til skipsvrak fulle av skattar og gravplassar for romfartøy. Opplysande tekstpassasjar og rike illustrasjonar gjer Hopp i havet! til ei undring over alt det rare og ukjende i hava våre. På originalt vis inviterer Trude Tjensvold lesaren med på eit djupdykk blant dei mangfaldige livsformene i verdshava. Frå Svalbard til Australia vert vi introduserte for skapningar og ting under havoverflata som ein knapt hadde trudd fanst!
Om Misty åleine (2025): «I en urolig tid som vår er det ikke til å undres over at krigen også viser seg i barnelitteraturen. Her er en historie om å være på flukt sett fra en hunds side. Lille Misty kommer bort fra familien sin da alle må flykte fra invasjonen som kommer. Hvordan skal hun klare seg alene? Hvordan kan hun finne mat, og hvem kan hun stole på? Den modige lille hunden prøver å finne igjen bestevennen sin, Ruben. Det er rørende, men fortellingen er også brutal. Vold, lemlestelse og blod fyller Misty og lesernes øyne. Men i de episodiske møtene med mennesker finnes også godhet og håp. Og det viser seg at Misty er som skapt til å søke opp miner. Slik får hun en viktig jobb i det vi kan tenke er det ukrainske forsvaret. Korte, dokumenterende setninger gjør teksten lett å lese.» Anne Cathrine Straume, NRK
Om Vi roper i skogen (2023): «Det er en struktur som gir driv og retning, og som vekker nysgjerrigheten igjen og igjen, med en fruktbar kontrast og vekselvirkning mellom poesi og fakta.» Silje Bekeng-Flemmen, Klassekampen «Ei lita perle» Barnebokkritikk
Trude Tjensvold (f. 1964) er forfattar, illustratør og biletkunstnar. I 2016 debuterte ho som forfattar med bildeboka Bo flyttar ut, og seinare har ho gitt ut bøker i fleire sjangrar. I 2023 kom faktaboka Vi roper i skogen, og i 2025 gav ho ut sin første roman Misty åleine, som vart nominert til Kulturdepartementets skjønnlitteraturpris for barn og unge.
BARN 6–9 ÅR ISBN: 9788234017032 PRIS: 349,– UTG: OKTOBER
HELENE GUÅKER OG ODA VALLE (ILL.)
STELLA SEIER SANNINGA (STORT SETT) Det er snart jul, men Stella gruer seg. For både bestevenninna Rania og naboen Hillevi skal reise bort i ferien. Kven skal ho og mora feire saman med då? Når Stella får tenkt seg om, skjøner ho at to er for lite, dei må vera fleire. Og er ikkje eigentleg leilegheita deira stor nok til ein til? Utan at mora får vita det, begynner Stella å leite etter ein leigebuar. Det skal vise seg å vera lettare sagt enn gjort, for det er visst berre raringar som finst i denne byen. Når tankane tårnar seg opp i Stella, skriv ho dei ned på lappar i ei bok ho finn på biblioteket. Men kven er det som plutseleg begynner å svara ho? Stella seier sanninga (stort sett) er oppfølgjaren til den Kritikarprisnominerte Stella står i det. Boka er illustrert av fabelaktige Oda Valle. • • •
9–12 år Ei humoristisk og klok bok om fattigdom Bok to om Stella
Om Stella står i det: «Stella står i det er ei bok som vil seie noko om kva som er det viktigaste i livet. Og det er ikkje pengar, men heller venskap, kjærleik og omsorg. No er det ikkje alle ungar som har ei så positiv og oppegåande mor som Stella, og som får høyre like ofte at nokon er glad i ho. For sjølv om kjærleik ikkje kostar pengar, så er det likevel ikkje alle som har moglegheit eller evne til å gi så mykje som det mor til Stella gjer. Det kan òg vere verdt å hugse på.» Barnebokkritikk
Helene Guåker (f. 1983) er frå Nes i Ringsaker. Ho har skrive fleire bøker for ungdom og vaksne i ulike sjangrar. I 2017 blei ho nominert til Brageprisen for ungdomsromanen Sveiseblink, og i 2020 blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen for ungdomsromanen Høgspenning livsfare. Den førre boka hennar, Stella står i det, blei nominert til Kritikarprisen.
BARN 9–12 ÅR ISBN: 9788234017520 PRIS: 329,– E-BOK: 9788234017537 PRIS: 199,– UTG: AUGUST
HELLE BERG LEIREN
BAK MED HELLE VINNAROPPSKRIFTER FRÅ JUNIORBAKEMEISTEREN (A.T.)
Helle Berg Leiren tok Noreg med storm då ho vann Bakemesterskapet junior tidlegare i år. Med lekre bakverk og smakfulle kaker imponerte ho ein heil nasjon unge bakarar. No deler ho sine aller beste tips og triks for at både store og små kan lykkast på kjøkkenet. Kanskje får vi nokre forteljingar frå innspelinga og litt sladder frå bak kulissene også? Dette er ei bakebok som famnar om alt frå den heilt ferske som prøver seg framfor bakebollen for første gong, til den bakeglade som vil teste ut noko litt meir avansert. Helle deler sine favorittoppskrifter på alt frå brownies og cookies til kanelknutar og dekorative cupcakes. Her er noko for kvar smak, uavhengig om du har prøvd deg fleire gongar med slikkepotten i hand eller skal prøve for aller første gong. Bak med Helle høyrer heime i alle heimar med bakeglade barn!
• • •
Vinnaren av Bakemesterskapet junior 2025 deler sine aller beste baketips! Perfekt for å vekke bakeglede hos barn 9+
Helle Berg Leiren er 12 år og kjem frå Norheimsund i Hardanger. Ho fortel til journalist Ragnhild Marie Kjosbakken (f. 1998), som skriv boka. KOKEBOK ISBN: 9788234018169 PRIS: 349,– UTG: SEPTEMBER
ØRJAN ZAZZERA JOHANSEN
ARNE OG HULDA GARBORG SAMAN ENDRA DEI NOREG
Sakprosabok for ungdom om rebellane Garborg Ekteparet Arne og Hulda Garborg er to av Noregs største forfattarar, tenkarar og påverkarar gjennom tidene. Arne kjenner me kanskje best som forfattar av Fred og Haugtussa, medan Hulda blir assosiert med bunaden. Men det var aldri sjølvsagt at dei skulle bli så markante. I denne biografien blir me tekne med til barndomen deira, til Jæren, der Arne vaks opp med ein tyrannisk og psykisk sjuk far, og til Hamar, der Hulda eit av få barn med skilde foreldre. Forfattaren Ørjan Zazzera Johansen, som har vore tilsett ved Nasjonalt Garborgsenter sidan 2011, fortel levande og engasjerande om korleis dei radikale tankane til Garborg-paret, til dømes om personleg fridom, likestilling og nasjonal identitetsbygging, har hatt stor betydning for korleis Noreg ser ut i dag. Arne og Hulda Garborg – saman endra dei Noreg er også ei historie om stor kjærleik, om kreativt fellesskap og om å overleva som kunstnar i eit fattig Noreg. Boka er illustrert av Lars Henrik Eriksen.
Ørjan Zazzera Johansen (f. 1974) er forfattar og lesevitar. Johansen har skrive fleire barnebøker, mellom anna Historia om Erling Braut Haaland (2022), som er nominert til både ARKs barnebokpris og Bokslukerprisen, og Erling Braut Haaland – frå liten til størst. Til dagleg jobbar han som formidlar ved Garborgsenteret.
SAKPROSA FOR UNGDOM ISBN: 9788234015991 PRIS: 329,– E-BOK: 9788234016004 PRIS: 199,– UTG: SEPTEMBER
GURO AUGANES
31 DAGAR I OKTOBER Grøsseleg nedteljingsbok til Halloween Det nærmar seg halloween, men Odin gler seg ikkje. Han har motvillig takka ja til å spele solo på korpskonserten, og på skulen skal dei ha gruppearbeid, noko han hatar. For kven vil vere på gruppe med tause, rare han? I tillegg skjer det mystiske ting i bygda, ein kappekledd person går rundt og lokkar barn til seg. Kan det ha samanheng med den gamle segna, den om heksa i Skoglia, ho som bortførte og åt barn? Saman med Sigrid og Julie, som han er på gruppe med, begynner Odin å undersøkje historia. Men kven er det som følgjer med på alt dei gjer, og som har skumle planar for halloween? 31 dagar i oktober er ei grøsseleg spennande nedteljingsbok for alle barn som gler seg til halloween. Boka er illustrert av Bård Sletvold Torkildsen.
Om Katteskriket (2024): «En nervepirrende grøsser […]. På mesterlig vis bruker Auganes klassiske troper som en rød dør, katter, spøkelser og krypende hvit tåke, korte kapitler og en nær fortellerstemme for å skape intensitet.» Tuva Vik, Periskop
Guro Auganes (f. 1979) bur i Oslo med sambuar, to barn og to kattar. Ho har tidlegare gitt ut barneboka Katteskriket.
BARN 9–12 ÅR ISBN: 9788234015267 PRIS: 329,– E-BOK: 9788234015274 PRIS: 199,– UTG: SEPTEMBER
MONICA LAUPSA
FØRSTETOUCH DEBUTANT Fotball, forelsking og fordommar Det viktigaste i livet til Tuva er fotball. Ho går siste året på ungdomsskulen, og draumen hennar er å koma inn på toppidrettsgymnaset og få skikkeleg keepertrening. Alt ligg til rette for det, heilt til Sara begynner i klassen. Det er noko ved den nye jenta, og når Sara set auga i Tuva på fotballbanen, mistar ho heilt fokus. Tuva fell pladask, men kva er det eigentleg Sara vil med Tuva? Førstetouch er ei bok om å mista fotfeste, om forelsking og fordommar – og om fotball.
Monica Laupsa (f. 1995) kjem frå Stord og er busett i Nordjylland i Danmark. Laupsa er utdanna pedagog og jobbar som ressurspedagog i barnehage. Førstetouch er debutboka hennar. UNGDOM ISBN: 9788234014291 PRIS: 329,– E-BOK: 9788234014307 PRIS: 199,– UTG: AUGUST
HILDE MYKLEBUST
INGEN KAN NÅ OSS Når verda fell saman Heilt sidan barndomen, då Dima kom flyttande frå mottaket, har ho og Jenni vore uskiljelege. No ventar tiandeklasse med teater, festing og nye folk. Framtida kjennest lys og lokkande for dei to jentene. Men heime hos Dima er ikkje alt som det skal. Eit mørker har teke plass i faren, og ho er viss på at foreldra skjuler noko. Ein dag står ein politibil utanfor huset deira, og verda fell saman. Dima vert send ut av landet i lag med familien. Jenni står knust og rasande att, ho nektar å godta ein slik urett. Om Splintra (2022): «Splintra er ei sterk, vond, vakker og velskriven forteljing.» Vidar Parr, Synste Møre «Hilde Myklebust har klart å skildre ungdomstida med alle kjenslene og tankane ho inneber. Sorg og smerte og glede og kjærleik snirklar seg inn mellom kvarandre og vekslar på å ta størst plass. Gjennom Mia får vi oppleve korleis ungdomstida kan kjennast.» Irene Ålbrekk Kalvatn, Nynorskbok.no «Myklebust skriver nært og troverdig om å begynne på videregående på andre sida av fjorden og samtidig miste sin beste venn. Om å oppdage og omfavne livet på musikklinja og innse at du elsker det du holder på med, og samtidig ha en som elsker deg som snart skal dø. Det er trist, litt julete og håpefullt på samme tid.» Periskop
Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005. I 2009 gav Myklebust ut biletboka Jon og den lange julenatta, illustrert av Inger Lise Belsvik. I 2020 kom bildeboka Ylva og villgeitene, illustrert av Akin Duzakin. Ungdomsboka Splintra kom ut i 2022 og blei nominert til Brageprisen, til U-prisen, til den tyske litteraturårisen Buxtehuder Bulle, og er valt ut som ein White Raven i 2023. Bildeboka Grisungen med den rette halen, kom i 2024, illustrert av Bård Sletvold Torkildsen.
UNGDOM ISBN: 9788234014413 PRIS: 329,– E-BOK: 9788234014420 PRIS: 199,– UTG: SEPTEMBER
TONE E. SOLHEIM
PROMILLE Varmt og klokt om drikkepress, avhengnad og ansvar Markus er femten år og har full kontroll. Han har gode venner, gode karakterar og ei søt jente som tekstar han dagleg. Men heime held ting på å gli ut av kontroll. Og det må aldri kome ut. Ingen, ikkje eingong dei som står han nærast, må få vite om mor hans og ølboksane ho prøver å skjule, eller vinflaskene ho prøver å gøyme unna. I alle fall må ingen få vite om det som skjedde i fjor vår. Veslesøstera Milla har ikkje merka noko, og pappa seier at alt er fint, at mamma har det betre no, og at det ikkje er noko å bekymre seg for. Men pappa veit ingenting, og om ikkje Markus sjølv tek ansvar for familien, kjem alt snart til å rakne. Igjen. Med Promille har Tone E. Solheim skrive ei varm og klok bok om ansvar, drikkepress, alkoholisme i familien og det å miste kontrollen.
Om Eg er V-vida (2024): «Dagboktekstane kunne ha vore henta rett frå jenterommet. Solheim let Vida skildre skam, sjølvhat og blid skravling om kvarandre.» Ane Barmen, Klassekampen «I sin andre ungdomsroman skildrar Tone E. Solheim stamming med stor litterær kraft.» Ahmed Akef Khateeb, Barnebokkritikk Om Svarttrasta syng om natta (2021): «Forbilledlig i sin ukompliserte og naturlige fremstilling av å være forelska i en av samme kjønn» Ida Skjelderup, Periskop.no «En debutant med stort potensial. Jeg ser frem til flere bøker fra Tone E. Solheim.» Heidi Sævareid, Barnebokkritikk.no «Debutant Tone E. Solheim holder stø kurs og vet hvor hun vil med stoffet. Språket flyter godt, men gjør ikke mye av seg, det er som om det arbeider i det stille, og slik løfter alt til overflaten.» Ingvild Bræin, Klassekampen «Denne forteljinga er kraftfull, energisk og engasjerer lesaren frå første side.» Janne Karin Støylen, Bergens Tidende
Tone E. Solheim (f. 1989) er forfattar og har skrive fleire ungdomsbøker for Samlaget. I 2021 debuterte ho med Svarttrasta syng om natta, som ho vart nominert til Uprisen og fekk Nynorsk barnelitteraturpris for. I 2024 gav ho ut Eg er V-vida. Promille er den tredje romanen hennar.
UNGDOM ISBN: 9788234017056 PRIS: 329,– E-BOK: 9788234017063 PRIS: 199,– UTG: AUGUST
MATHIAS OPPEDAL, HANS EIRIK VOKTOR OG MAY LINN CLEMENT
HISTORIEFORTELJING Korleis søker, undersøker og utvidar ein menneskeleg erfaring gjennom historieforteljing? Korleis kan du få publikum til å høyre etter når du fortel noko? Kva grep skal til for å trekkje ein lesar, lyttar eller sjåar inn i den historia du vil fortelje? Dette er spørsmål som journalistar, forfattarar, fotografar, kommunikasjonsarbeidarar og mange andre stiller seg kvar einaste dag. I Historieforteljing tek forfattarane sikte på å finne svara på desse enkle spørsmåla, uavhengig av kva medium du ønsker å fortelje historia di gjennom, og om du jobbar med fiksjonell eller faktabasert historieforteljing. Målet med boka er å gi lesaren ei effektiv innføring i kva som får ei historie til å fungere, enkle verktøy for å identifisere problem i ei historie og eit perspektiv på historieforteljing som noko av det viktigaste me driv med.
Hans Eirik Voktor (f. 1957) er professor i dokumentar ved Universitetet i Stavanger, der han underviser i historieforteljing. Han har lang og brei erfaring innan fiksjons- og dokumentarfilm og har mellom anna hatt roller som filmskapar, dramaturg og manuskonsulent. Mathias Oppedal (f. 1985) er universitetslektor i journalistikk og dokumentarproduksjon ved Universitetet i Stavanger. Han har jobba spesielt mykje med historieforteljing på nett, både som journalist, fotograf, vaktsjef og redaksjonssjef i NRK Rogaland. Han har også laga dokumentarfilmen Skeiv mamma (VG, 2023). May Linn Clement (f. 1986) er journalist og avisteiknar i Dag og Tid og stand-up-komikar på si. Saman med to andre satireteiknarar fekk Clement Fritt Ords Pris 2025 for å utfordre offentlegheita med maktkritikk og skarp humor.
JOURNALISTIKK ISBN: 9788234016493 PRIS: 349,–? E-BOK: 9788234016509 PRIS: 299,–? UTG: AUGUST?
MONICA HAUGER CARLSEN OG DAGRUN ENGESET
MATVAREKUNNSKAP FRÅ NÆRINGSSTOFF TIL MATKULTUR Grunnleggande innføringsbok i matvarekunnskap skriven for bachelorstudium innan ernæring. Etter ein gjennomgang av næringsstoffa og kva som trengst i eit fullverdig kosthald, går forfattarane igjennom dei ulike matvaregruppene: kva som kjenneteiknar dei når det gjeld næringsstoffinnhald, bruksmåtar – historisk og i dag, lagring og tilverking. Boka gir ei grundig forståing av matvarer og korleis dei blir brukte i hushald og i matvareindustrien, inkludert kunnskap om konserveringsmetodar, mathygiene, vurdering av matkvalitet, mattryggleik og helserisiko. Boka har også eigne kapittel om forbrukarkunnskap, berekraft, matkultur og ulike kostomsyn, og i eit eige kapittel avslutningsvis blir det gjort greie for kva metodar som blir brukte for å kartleggje kosthald i befolkninga.
Monica Hauger Carlsen er professor ved avdeling for ernæringsvitskap ved UiO. Carlsen har forska på og undervist om emne innan kosthaldsmetodar, matvarekunnskap, kostråd, næringsstofftilrådingar og kosthaldsepidemiologi, og har det faglege ansvaret for kostberekningssystemet NutriFoodCalc ved UiO. Ho er også medlem av Vitenskapskomiteen for mat og miljø. Dagrun Engeset er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder, der ho underviser i samfunnsernæring, folkehelse, og mat og helse for lærarutdanninga. Engeset har doktorgrad i ernæringsepidemiologi og lang og brei erfaring frå forsking på samanhengen mellom mat og helse, både nasjonalt og internasjonalt. HØGARE UTDANNING ISBN: 9788234010286 PRIS: 599,– E-BOK: 9788234010293 PRIS: 509,– UTG: OKTOBER
TONE DAHL-MICHELSEN, KAREN SYNNE GROVEN OG EINAR AADLAND
PROFESJONSETIKK I FYSIOTERAPI
Det finst mange forventningar til korleis fysioterapeutar skal utøve profesjonen sin. Denne innføringsboka i etikk handlar nettopp om det, etiske problemstillingar i fysioterapi. I første del av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt, for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. Her blir også etiske refleksjonsmodellar gjennomgått, og forfattarane viser korleis systematisk refleksjon kan hjelpe oss i vanskelege situasjonar. I andre del av boka går forfattarane nærare inn på etiske utfordringar knytte til relasjonar til pasientar og brukarar. Her blir lovverk og profesjonsetiske retningslinjer gjennomgått, og tema som teieplikt, tvang og fagleg tvil blir grundig behandla. Boka tek også opp etiske sider ved fysioterapi som kunnskapsbasert praksis, og i eit eige kapittel tek forfattarane føre seg forskingsetikk.
Tone Dahl-Michelsen er professor ved Institutt for helse, VID vitenskapelige høgskole. Karen Synne Groven er professor og prodekan forsking ved Fakultet for helsevitenskap, VID vitenskapelige høgskole. Einar Aadland er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. HØGARE UTDANNING ISBN: 9788234014819 PRIS: 369,– E-BOK: 9788234014826 PRIS: 319,– UTG: NOVEMBER
ANNE LUND, INGUNN MYREAUNET OG EINAR AADLAND
PROFESJONSETIKK I ERGOTERAPI
Det finst mange kryssande krav og forventningar til korleis ergoterapeutar skal utøve profesjonen sin. Denne boka om profesjonsetikk handlar nettopp om det, om korleis ein kan finne fram til best moglege handlingsval når situasjonar blir vanskelege og tvilen melder seg. I første del av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt, for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. Her blir også etiske refleksjonsmodellar gjennomgått, og forfattarane viser korleis systematisk refleksjon kan hjelpe oss i vanskelege situasjonar. Andre del av boka går inn på etiske problemstillingar ein kan møte som ergoterapeut. Etter ein gjennomgang av dei normative rammene for ergoterapipraksis ser forfattarane på vanlege etiske utfordringar i utøving av ergoterapi. Dette blir illustrert med gjenkjennelege eksempel frå praksis, der studentane blir inviterte til etisk refleksjon. I eit eige kapittel til slutt i boka tek forfattarane føre seg forskingsetikk.
Anne Lund er ergoterapeut og professor ved Institutt for rehabiliteringsvitskap og helseteknologi, avdeling for ergoterapi ved OsloMet – Storbyuniversitetet. Ingunn Myraunet er ergoterapeut og universitetslektor ved Institutt for rehabiliteringsvitskap og helseteknologi, avdeling for ergoterapi ved OsloMet – Storbyuniversitetet. Einar Aadland er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. HØGARE UTDANNING ISBN: 9788234014833 PRIS: 369,– E-BOK: 9788234014840 PRIS: 319,– UTG: AUGUST