Stine Fuglaas Bonsaksen
habituell abort Dikt
S am lag et Os lo 2 02 2
© Det Norske Samlaget 2022 www.samlaget.no Omslag : Torill Stranger Ført ryk k : Magnus Osnes S k ri ft: Indigo Antiqua Papi r: 100 g Munken Premium Cream Tryk k eri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden IS B N 978-82-340-0621-0
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
1
eg nyt kvalmen nyt den intense trøyttleiken kniser av dei håplause tårene mine snublar rundt halvt medvitslaus og lykkeleg nokon veks der inne du smiler heile tida stryk meg ømt over magen ler høgt når du prøver å sjå for deg meg med store bryst barnet blir verkeleg nesten med ein gong eg kjenner kroppen endre seg gjere alt den skal heilt av seg sjølv romme oss begge
7
eg vil bli ei slik mor som snakkar om alt det kleine og det stygge det vakre og det skjulte som aldri lyg som aldri teier når ord trengst ei slik med mjuke hender som luktar svakt av nybakte bollar som lagar adventskalender og smør matpakkar sjølv om borna eigentleg er for store som hugsar korleis det var å vere ung og lyttar sjølv når orda skrapar og skjer ei slik som har tid som les på sengekanten kvar kveld som hentar på fest midt på natta men forstår når ho ikkje trengst heilt motsett av mi eiga mor og akkurat som ho
8
tvillingen min har gledd seg lenger enn meg vi som har delt alt heile livet barbie-dokker gøymestader klede forelskingar avsky løyndomar smerte alt unnateke dette ho kom hit før meg lenge før meg eg var Albert Åberg ville berre måtte berre hadde ikkje tid eller lyst verken rett jobb rett hus eller rett mann ho kniser då barnet tek over endrar meg gjer meg til alt eg ikkje var ikkje skulle vere og eg elskar kvart sekund berre vent kviskrar ho berre vent 9
vi kranglar ikkje om namn. vi har lange diskusjonar, fulle av banning og latter. eg likar Alma dersom det er ei jente. det er håplaust gammaldags, seier du. du vil ha Jakob dersom det er ein gut. det er altfor populært, meiner eg. har vore på namnetoppen fleire år på rad. min indre hipster steglar over tanken på alle Jakobane, at min son skal vere ein av så mange. vere Jakob B i parallellklassen. alltid Jakob B. eller få eit stygt kallenamn av kompisane. du flirer og føreslår eit grufullt mellomnamn som vil skilje han frå røkla.
10
ein dag er det litt blod på papiret ifølgje google er det vanleg mange blør litt i fyrste trimester alt er normalt ingenting er normalt ingen graviditetar er like ringer tvillingen det same hende med ho alt gjekk bra ingenting å bekymre seg for eg bekymrar meg sovnar med hendene på magen som for å halde barnet trygt
11
eg vaknar midt på natta kjenner det i heile kroppen som ein fødsel sju og ein halv månad for tidleg eg reiser meg og demninga brest så mykje blod for slikt eit lite liv
12
spontan abort blir det kalla når svangerskapet blir avslutta før fosteret er levedyktig det skjer i om lag femten prosent av alle kjende svangerskap den vanlegaste årsaka er kromosomfeil hos fosteret kan også vere infeksjon eller hormonforstyrring i dei einskilde tilfella kan vi (nesten) aldri vite berre spekulere fortvile sørgje ein abort viser seg som ei bløding svak fyrst så sterkare med rieliknande smerter etter ei stund blir fosterrestane støytte ut saman med morkaka ofte har fosteret vore dødt lenge så lite at du knapt kan sjå det
13
eg græt i to dagar. den tredje dusjar eg, sminkar meg og blir med deg ut. etter fire halvlitrar på Ramp blir vi samde om at uflaksen vår er brukt opp. med sol i andletet og alkohol i blodet ruslar vi hand i hand opp Østersunds gate. bestemmer oss for å prøve igjen med ein gong.