Skip to main content

Gjengkrigen

Page 1

Gjengkrigen ferdig_A 14.02.14 14.34 Side 1


Gjengkrigen ferdig_A 14.02.14 14.34 Side 3

Robert Muchamore blei fødd i  og jobba i tretten år som privatdetektiv. CHERUB: Gjengkrigen er den åttande romanen hans. CHERUB-serien har fått ei mengd prisar, blant anna Red House Children’s Book Award i . Fleire opplysningar om Robert og bøkene hans finn du på www.cherubcampus.com. Lovord om CHERUB-serien: «Viss du ikkje orkar å lese meir om alvar, prinsesser eller rike, bortskjemde barn som aldri går på do, så prøv dette. Du kjem ikkje til å angre.» The Ultimate Teen Book Guide «Den seksten år gamle sonen min las Rekrutten i eitt strekk. Neste dag gjekk han ut og fekk tak i oppfølgjaren.» Sophie Smiley, lærar og barnebokforfattar «Så bra at eg tvinga venene mine til å lese ho, og dei er glade for at eg gjorde det!» Helen, 14 «REKRUTTEN er den første boka eg nokon gong har lese frå perm til perm. Den var heilt rå.» Scott, 13 «Verdas beste bok.» Madeleine, 12 «Likte du Alex Rider-bøkene, så må du lese CHERUB.» Travis, 14


Gjengkrigen ferdig_A 14.02.14 14.34 Side 4

Hittil på norsk i CHERUB-serien . Rekrutten . Kokainkongen . Flukta . Drapet . Heilag galskap . Mennesket og dyret . Slått ut . Gjengkrigen Kjem i : . Søvngjengaren Kjem i : . Generalen Rekrutten er også utgitt som teikneserie


Gjengkrigen ferdig_A 14.02.14 14.34 Side 5

Robert Muchamore

GJENGKRIGEN Frå engelsk ved Øystein Rosse

Samlaget Oslo 


Gjengkrigen ferdig_A 14.02.14 14.34 Side 2


Gjengkrigen ferdig_A 14.02.14 14.34 Side 7

KVA ER CHERUB?

CHERUB er ein del av den britiske etterretningstenesta. Agentane er mellom ti og sytten år gamle, og alle er foreldrelause eller barn som familien ikkje vil ha noko med å gjere. Dei blir rekrutterte frå barneheimar og bur og får opplæring i CHERUB-leiren, eit bortgøymt og hemmeleg område på den engelske landsbygda. KVA NYTTE HAR EIN AV BARN OG UNGDOMMAR? Barn og ungdommar er til stor nytte. Ingen er klar over at dei utfører hemmelege oppdrag, og det betyr at dei slepp unna med allslags ting som vaksne ikkje slepp unna med. KVEN ER DEI? Det bur cirka tre hundre barn og ungdommar på CHERUB. JAMES ADAMS er den femten år gamle helten vår. Han er ein høgt respektert CHERUB-agent med fleire vellykka oppdrag bak seg. Australskfødde DANA SMITH er kjærasten til James. Blant dei nærmaste venene hans er BRUCE NORRIS og KYLE BLUEMAN. Systera til James, LAUREN ADAMS, er tolv og blir allereie sett på som ein framifrå CHERUB-agent. Dei beste venene hennar er BETHANY PARKER og GREG «ROTTA» RATHBONE. 7


Gjengkrigen ferdig_A 14.02.14 14.34 Side 8

TILSETTE PÅ CHERUB CHERUB-leiren er eit stort område med treningsanlegg og undervisningslokale av mange slag, og den kombinerte rolla som kostskule og etterretningsorganisasjon gjer at CHERUB faktisk har fleire tilsette enn elevar. Det er alt frå kokkar og gartnarar til lærarar, instruktørar, sjukepleiarar, psykiatrar og oppdragsspesialistar. Leiaren for CHERUB er ZARA ASKER. T-SKJORTENE PÅ CHERUB CHERUB har ei rangordning som blir gjord synleg ved hjelp av T-skjorter i ulike fargar. ORANSJE er for gjester. RAUD er for barn som bur på CHERUB, men er for unge til å kvalifisere seg som agentar (minstealderen er ti). BLÅ er for barn som gjennomgår CHERUBs tøffe  dagars grunnopplæring. Ei GRÅ T-skjorte betyr at du er kvalifisert for oppdrag. MARINEBLÅ er ei påskjøning for framifrå utføring av eit oppdrag. Lauren og James har SVART T-skjorte, den største utmerkinga for framifrå prestasjon på fleire oppdrag. Når du når aldersgrensa og avsluttar karrieren, får du den KVITE T-skjorta, som også personalet går med.


Gjengkrigen ferdig_A 14.02.14 14.34 Side 9

1 HERCULES Sjølv etter flystandard er doen i eit C transportfly liten. Skuldra til James Adams var borti plastveggen på begge sider då han lente seg over doskåla av stål og såg på restane av lunsjen sin i det blå desinfeksjonsmiddel-vatnet. Kjærasten hans, Dana Smith, ropte utanfrå: «Går det bra?» James hadde trykt på spyleknappen og høyrde ikkje stemma hennar over dei buldrande turbopropmotorane då spyet blei soge vekk. Han reiste seg og såg på seg sjølv i spegelen. Dei siste åtte dagane hadde han lege i telt i jungelen i Malaysia, og trass i at han stadig hadde smurt seg med solkrem, flassa huda. «James,» ropte Dana, og no dundra ho på døra for å forsikre seg om at han høyrde henne. «Eg kjem straks.» Det var ingen pappbeger i dispenseren, så James vaska vekk den sure smaken i munnen ved å ha vatn i handflatene og suge det opp. «Høyrde eg at du kasta opp no nettopp?» Han gurgla og spytta ut vatnet før han svarte. «Må ha vore dei ekle pølsene vi åt til lunsj …» Men det hadde ingenting med lunsjen å gjere, og det visste Dana. «Det kjem til å gå heilt bra, James,» sa ho trøystande. 9


Gjengkrigen ferdig_A 14.02.14 14.34 Side 10

James tørka hendene ved å gni dei mot kamuflasjebuksa, og måtte dukke under dørkarmen då han steig ut i den store flykabinen. Han skalv på hendene og klarte ikkje å la vere å tenkje på at han snart kom til å måtte på do igjen. «Eg ante ikkje at du hadde høgdeskrekk,» flirte Dana og la ei skiten hand kring nakken hans og kyste han på kinnet. «Det har eg ikkje, det,» forsvarte James seg. «Høgder har eg ikkje noko problem med, men å hoppe ut av eit fly er jo litt spesielt, då.» «Det forbausar meg at du har vore CHERUB-agent så lenge utan å ha gjort nokon hopp. Eg gjorde det under grunnopplæringa. Når eg tenkjer meg om, gjorde eg faktisk eit par før det òg, då eg var raudskjorte.» «Eg trur ikkje eg klarer dette,» sa James spakt då dei gjekk ustøtt gjennom det digre lasterommet. Turbulensen gjorde ikkje akkurat magen betre der dei bevegde seg bortover bølgjeblekkgolvet, vekk frå cockpiten. Hercules C blir brukt på to ulike måtar. Som transportfly kan det lastast med alt frå matpakker frå FN til Challenger-tanks. Når fallskjermjegerane bruker det, blir det bolta seterader fast i golvet, og heile troppen kan hoppe ut gjennom sidedørene på halvtanna minutt. Dette oppdraget ville ikkje setje kapasiteten til flyet på prøve. Det var berre tolv personar som skulle hoppe. Åtte var ti- til tolvåringar som nærma seg slutten på den hundre dagar lange grunnopplæringa til CHERUB. James og Dana var erfarne agentar, og dei siste som skulle hoppe, var vaksne instruktørar. Det var Pike som var hovudinstruktøren. Han var 10


Gjengkrigen ferdig_A 14.02.14 14.34 Side 11

tøff, men rettferdig, og James hadde stor respekt for han. Han var ikkje like sikker når det gjaldt Kazakov, som hadde fått stillinga si for berre ein månad sidan. Han var ei bølle som James var blitt altfor godt kjend med etter å ha delt telt med han dei siste sju nettene. Som alle CHERUB-instruktørar hadde Kazakov ein imponerande fysikk. Han var fødd i Ukraina, hadde kortklipt, grått hår og eit arr i ansiktet som var ein actionhelt verdig. Etter å ha tenestegjort i Spetznatz – den russiske spesialstyrken – og vore med på invasjonen av Afghanistan, hadde Kazakov brukt ti år på å lære opp SAS-soldatar i geriljakrigføring, før han begynte i CHERUB. «Kva er det de turtelduer somlar med?» brølte Pike og sende James og Dana eit stygt blikk mens han peikte på hoppklokka. Dette skinande LED-displayet hang over døra på den eine sida av flyet og viste at det berre var eitt hundre og åttiseks sekund til dei var over landingsområdet. «Han held på å skite i buksa,» forklarte Dana. Pike rista på hovudet. «Det er berre heilt utruleg at du aldri har hoppa i fallskjerm før.» «Ikkje begynn, du òg …» sa James, som blei endå meir engsteleg då han såg at rekruttar som berre var halvparten så store som han, allereie hadde fallskjerm på ryggen og ein sekk med utstyr spent fast på brystet. Nokre av dei var så små at dei nesten ikkje kunne sjå over soveposen under loket på sekken. Kazakov inspiserte alle rekruttane etter tur: sjekka hjelmar, stramma selar og skreik og kjefta når dei hadde gjort noko feil. Akkurat no heldt han på med ti år gamle Kevin Sumner. Ironisk nok hadde James hjelpt 11


Gjengkrigen ferdig_A 14.02.14 14.34 Side 12

Kevin med å overvinne høgdeskrekken sin nokre månader tidlegare. «Kva er dette, Sumner?» freste Kazakov då han oppdaga at eit turbestikk bula ut under stoffet på sekken Kevin hadde festa til brystet. Kazakov opna spennene, reiv ut metallgjenstanden og vifta med han framfor ansiktet til guten. «Eg har jo sagt at du skal pakke skarpe gjenstandar inn i noko mjukt. Har du lyst til å lande på det der? Har du lyst til å få eit turbestikk i brystet når du landar på ei øy som ligg ein times båttur frå nærmaste legevakt?» James hekta fallskjermen over ryggen idet Kevin skuldtyngd svarte: «Nei, Kazakov.» «Vi har ikkje tid til å pakke om,» skreik Kazakov og slengde turbestikket klirrande gjennom rommet mens han lirte av seg ei salve russiske bannord. «Det der får du ikkje tilbake. Og du kjem til å hugse denne lærepengen kvar gong du må ete med fingrane.» I motsetning til rekruttane hadde ikkje James noko utstyr å ta med seg, for tinga til instruktørane blei leverte med båt. «Eitt hundre og tjue sekund,» ropte Pike. «Begynn med oppkrokinga, folkens.» Mens Dana kviskra noko i øyret på Pike, stilte dei åtte rekruttane seg på rekkje og begynte å feste nokre krokar mellom baksida på fallskjermen sin og ein stiv metallvaier over hovudet på dei. Ungdommane skulle gjere eit utløysarhopp, det ville seie at eit rykk i kroken automatisk ville opne fallskjermen deira straks dei var på trygg avstand frå flyet. Då nedteljinga kom under hundre sekund, begynte 12


Gjengkrigen ferdig_A 14.02.14 14.34 Side 13

både Kazakov og Dana å gå mot James, som hadde teke på seg hjelmen, men framleis strevde med å få på seg fallskjermen. «Kom igjen,» sa Kazakov og dusja James med spytt. «Du er jo heilt udugeleg. Det er jo eigentleg du som skal hjelpe til med dei små.» Kazakov greip tak i fallskjermselane til James og stramma dei så hardt at skuldrene hans blei pressa saman. Det vende seg i magen då den digre russaren såg han inn i auga. «Eg klarer ikkje dette,» sa James spakt. «Eg har psyka meg sjølv heilt ut.» Dana avbraut. «Eg har snakka med Pike om James, Kazakov, og han har endra på rekkjefølgja. Eg hoppar til slutt og James nest sist slik at eg kan oppmuntre han viss nervane klikkar.» Kazakov glodde på James. «Eg deler ikkje telt med pyser. Anten gjer du det hoppet, eller så får du sove utandørs saman med edderkoppar og slangar i natt.» «Eg er ingen rekrutt,» sa James irritert. «Du kan ikkje drive og sjefe med meg.» «Du hoppar som nummer seks no,» sa Dana og peikte diplomatisk Kazakov bort til rekruttane ved døra. «Eg skal ta meg av James. Det er best du hektar deg på.» Det lydde eit varselsignal då Pike opna flydøra, og sollys fløymde inn i den halvmørke metallsylinderen. Tala på klokka begynte å blinke då det var mindre enn seksti sekund att av nedteljinga. «Eg føler meg som ein idiot,» tilstod James og kikka bort på rekruttane. «Nokre av dei er ti år gamle.» 13


Gjengkrigen ferdig_A 14.02.14 14.34 Side 14

«Konsentrer deg,» sa Dana bestemt mens dei hanskekledde fingrane deira fletta seg i kvarandre. «Du er opplært til dette. Dra pusten djupt og ro deg ned no.» «Hekt dykk fast, de to,» ropte Pike ved døra. «Atten sekund.» James prøvde å undertrykkje eit stikk i magen då Dana drog han med seg mot rekruttane som stod oppstilte. Ingen av dei såg ut som dei likte seg noko særleg, men ingen var så ute av seg som James heller. «Lykke til, ungar,» ropte Kazakov. «Og hugs: Tel sakte til tre elefantar, og så løyser de ut skjermen, og styr forsiktig viss de kjem for nær ein annan hoppar.» James og Dana festa krokane til vaieren då ein beskjed som var høg nok til å høyrast i ei krigssone, dundra ut av ein høgtalar ved sida av dei. «Dette er andreflygaren. Navigasjonen viser at vi er over landingsstaden. Vinden er ni knop nordaust, noko som gir oss femtiåtte sekund frå eg seier frå.» James kikka over hjelmane til rekruttane og såg at det blinka tre nullar på nedteljingsklokka. Mindre enn tjue centimeter framfor han stod ein elleve år gammal gut, og Dana var rett bak han med ein roande hanske på skuldra hans, men han følte seg heilt åleine. Ein del av han ville rive fallskjermen av ryggen og gå og spy i do, mens ein annan var smertefullt klar over kor fælt han ville bli mobba heime på CHERUB viss han gjorde det. Og viss han klarte å få kontroll over nervane, ville han vere nede på under to minutt. «No,» sa andreflygaren. Hoppklokka skifta lys frå raudt til grønt, og Pike ropte: «Kom igjen, hopp.» 14


Gjengkrigen ferdig_A 14.02.14 14.34 Side 15

For å forsikre seg om at så mange som råd skulle gjere eit bra hopp, hadde dei tryggaste rekruttane stilt opp først. Dei fleste av dei hadde hoppa då dei var raudskjorter. Straks den første rekrutten hadde hoppa, måtte neste stå med tærne utanfor døra. Etter å ha stått samankrøkt og venta dei to sekunda det tok den førre hopparen å kome klar av flyet, var det den neste sin tur til å hoppe. Mellomrommet på mindre enn fire sekund mellom kvart hopp gjorde at køen heile tida bevegde seg sakte framover. Kvar gong nokon stilte seg opp i døra, håpte James at dei skulle gjere noko gale så flyet ville vere utanfor hoppsona før det blei hans tur. Men alle rekruttane hadde vore gjennom nittiseks forferdelege dagar for å kvalifisere seg til CHERUB-agent. No var dei svoltne og utslitne og fulle av sår og blåmerke. Dei hadde lagt ned altfor mykje i dette til å la frykta ta overhand no. Så dermed stod James plutseleg i døropninga, der den iskalde lufta og solskinet slo imot han, med kroken huka fast i vaieren over hovudet. Det var berre tjueto sekund til dei var utanfor sona. Han krøkte seg saman og følte seg utruleg svimmel då han såg ned. Dei var under skydekket, og den oransje fallskjermen til den førre hopparen var i ferd med å falde seg ut, høgt over sju kilometer med gyllen sand. «Få ræva i gir, James,» skreik Pike utolmodig. «Sytten sekund. Hopp!» Men James stod som fastfrosen. Han følte at han måtte skite og spy på ein gong, og kasta seg mot handtaket ved sida av døra. Men før han fekk tak, slo Dana 15


Gjengkrigen ferdig_A 14.02.14 14.34 Side 16

handa hans vekk og smelte handflata i fallskjermen hans så han tippa framover. «Feiging,» sa ho og gliste til Pike då ho tok plassen til James i døropninga. James fall med ansiktet først mot stranda. Dette var meir enn hjernen hans kunne ta til seg. Buksa hans bula ut, og luft trengde inn under hjelmen og fekk hakereima til å skjere seg inn i halsen. Det var forferdeleg og fantastisk. Av alt James hadde opplevd, var fritt fall frå fem hundre meter over marka absolutt det villaste. Sjokket over å ha blitt dytta betydde at han hadde gløymt å telje sakte til tre, men hopptreninga han hadde fått dagen før, vekte han då han kjende eit ørlite rykk idet lina som festa han til flyet, stramma seg og reiv opp fallskjermen hans, før han blei riven vekk. «Sjekk skjermen,» ropte James. Det første blikket han sende oppover, gav han fjeset fullt av sollys, men to sekund seinare blei sola filtrert gjennom ein bølgjande sopp av oransje nylon. Viss skjermen ikkje hadde opna seg, ville James hatt mindre enn fem sekund på seg til å utløyse reservefallskjermen, men alt verka OK, så han gjorde som han hadde lært, og ropte ut neste trinn. «Pass på å ha plass.» Det sterke solskinet gjorde stranda under han til eit kvitt skin, men då han kikka ned, såg han den førre hopparen fleire hundre meter borte, og det roa han. Ein kunne ikkje sjå opp gjennom fallskjermen, så regelen var at ein berre skulle tenkje på dei som var under ein. «Sjekk retninga,» gispa James, før han såg ned og oppdaga at marka nærma seg veldig fort. 16


Gjengkrigen ferdig_A 14.02.14 14.34 Side 17

Vêret var roleg og landingssona enorm, så han trong ikkje opne lyftenetta for å korrigere kursen. Det var ein stor lette, for ein får ikkje følelsen av å styre ein fallskjerm mens ein står på marka, og den vanlegaste ulykkesårsaka blant uerfarne hopparar er at dei styrer for kraftig før dei tek bakken. På slutten av hopptreninga hadde dei hatt om landing: Du må vite kva veg vinden blæs, og få føtene dine i rett posisjon. Viss dette blir feil, kan det hende du sjølv fell den eine vegen mens vinden dreg fallskjermen din den andre. I staden for å falle fint saman, slik du skal, blir kroppen din vriden i alle retningar. Så James blei forskrekka då han såg ned og fekk auge på ei krabbe på storleik med ein middagstallerken. Han blei heilt tom i hovudet, for han hugsa ikkje kva veg vinden bles, eller kva kurs han sjølv hadde. Alt han kunne gjere, var å krøkje seg saman og håpe på det beste.


Gjengkrigen ferdig_A 14.02.14 14.34 Side 18

2 KVIT Sommaren 2004 var eit CHERUB-oppdrag medverkande til å knekkje kokainkongen Keith Moore og gjengen hans, som blei kalla KMG. I mange år hadde KMG ein slags kontroll over kriminell aktivitet i eit område som strekte seg frå Londons nordlege forstader til Oxfordshire. Sjølv om KMG berre selde kokain, gjorde pengane som denne verksemda genererte, at medsamansvorne kunne drive med andre kriminelle aktivitetar, alt frå ulovlege raveparty til væpna ran. Då dei mest sentrale personane i KMG blei arresterte, skapte det eit maktvakuum som førte til ein blodig gjengkrig. Det finst minst fem viktige gjengar som opererer i området som ein gong var dominert av KMG. Ingen enkeltgjeng har kontroll over eit spesielt distrikt, men det mest skremmande ryktet har ein gjeng med base i Luton. Dei blir kalla Slasher Boys, eit namn dei har fått fordi dei ofte angrip fiendane sine med machetar. (Å hogge eller kutte slik ein gjer med for eksempel machetar, kallar engelskmennene «to slash».) Denne gjengen har truleg cirka åtti medlemmer. Nesten alle i Slasher Boys er av jamaikansk opphav, og leiarane har truleg nær kontakt med gjengar på Jamaica, som bruker øya si som ein mellomstasjon for narkotika frå Sør-Amerika … 18


Gjengkrigen ferdig_A 14.02.14 14.34 Side 19

… Oppdraget med å infiltrere og undergrave Slasher Boys krev to CHERUB-agentar som ser afrokaribiske ut, og det er klassifisert som HØGRISIKO … (Utdrag frå ein oppdragsinstruks for Gabrielle O’Brien og Michael Hendry, januar 2007.) Bedfordshire rehabiliteringssenter var eit internat rett utanfor Luton sentrum, men alle kalla det berre Dyrehagen. Det var bygd på -talet, og var blitt spraya med graffiti og herpa av fleire generasjonar nyutsleppte unge lovbrytarar og ungdommar som var for vanskelege til å vere i fosterheim. Å seie at Dyrehagen hadde litt av eit rykte, var som å seie at å bli overkøyrd av ein trailer med atten hjul ville gi deg litt hovudpine. Her hadde skjedd skandalar av mange slag, frå gravide tenåringar til ungdommar som knivstakk kvarandre i dusjen og to fulle jenter som heldt på å drepe ein syklist ved å kaste ein takstein i hovudet på han. Dyrehagen hadde senka prisane på husa i området med femti tusen pund, og den einaste grunnen til at senteret ikkje var blitt stengt, var bølgja av protestar som kom kvar gong kommunen fann ei anna tomt dei kunne byggje ein ny heim på. Men trass i at Gabrielle hadde budd i Dyrehagen i to månader, sov på ein madrass som stinka av gudane måtte vite kva, og var plaga av barn og ungdommar som heldt eit veldig leven døgnet rundt, var ho fornøgd. Ho hadde fylt femten i jula og hadde forelska seg før nyttår. Michael Hendry hadde marineblå T-skjorte og var 19


Gjengkrigen ferdig_A 14.02.14 14.34 Side 20

den første ordentlege kjærasten til Gabrielle. Dei hadde vore saman i seks månader. Først var det nærmast mekanisk: gå på bowling, gå på kino, shoppe og kline på rommet til Michael etterpå. Det var det Kerry og dei andre venene til Gabrielle gjorde med sine kjærastar, og ho hadde berre gjort det same fordi ho var nysgjerrig på det og ville vere som dei. Men det blei meir intenst, og dei var blitt eit av dei para på CHERUB som hadde det tettaste forholdet. Venene deira følte seg utestengde, men det gav det forelska paret blaffen i, og når dei no var på oppdrag saman åleine, blei det berre endå heitare. Denne dagen var ein torsdag, og klokka var litt over ti. Dei fleste i Dyrehagen skulle ha vore på skulen, men lærarar er berre glade til om slike held seg borte, så på minst halvparten av dei drygt ti romma i fjerde etasje var det nokon som var utvist, utestengd eller berre ikkje gadd å stå opp. Romkameraten til Gabrielle, Tisha, var ein av dei få i Dyrehagen som faktisk la bøker i ei veske og gjekk på skulen. Det passa Gabrielle godt, for då kunne Michael kome opp frå guteetasjen og vere saman med henne under den lilla dyna nokre timar. «Ikkje ta han,» bad Michael då telefonen til Gabrielle begynte å ringje. Men ho strekte seg i blinde og tok mobilen opp frå vinylgolvet. Ho trudde det var oppdragsleiaren Chloe Blake, og blei forbausa over namnet som lyste mot henne på displayet. «Det er major Dee.» Den mørke overkroppen til Michael glinsa av sveitte 20


Gjengkrigen ferdig_A 14.02.14 14.34 Side 21

då han sette seg brått opp. «Eg har aldri opplevd at han har lea eit augelok på denne sida av lunsj.» «Hei, major,» sa Gabrielle og gjorde den jamaikanske aksenten sin så brei ho kunne. Ho hadde vore litt flau over han og tona han litt ned etter at ho blei med i CHERUB, men røtene i Karibia var til stor nytte på dette oppdraget, og det hadde gått forbausande lett å finne tilbake til den gamle uttalen. «God morgon, søta,» sa major Dee. «Fortel meg kva du har på deg. Kva farge er det på trusa di?» Major Dee var leiaren for Slasher Boys, ein stor mann med mange gulltenner og eit forferdeleg rykte. Dee meinte at kvinner skulle vere heime og lage mat og ungar. Gabrielle måtte jobbe ti gonger hardare enn Michael for å bli respektert, og likevel behandla Dee henne på ein måte som ein gut på CHERUB ville ha fått seg ein på trynet for. «Trusa mi er det berre eg som har noko med,» sa Gabrielle og lét som om ho syntest det var moro at han var litt frekk. «Når du ringjer meg så tidleg, håper eg det er noko matnyttig.» «Du skal få ein halv blings,» sa majoren. Det var hans måte å seie femti pund på. «Er Michael der?» «I eigen person,» svarte Gabrielle. «Eg har ein mann som vil kjøpe ein K-pose. Eg vil at de to skal få tak i ein borte i parken og levere han.» «Er du heime?» «Ja, men mannen vil vere på Green Pepper.» Den beskjeden forbausa Gabrielle. Kafeen Green Pepper var tilhaldsstad for langarar og var derfor ofte overvakt av politiet. Små kvanta kokain og marihuana 21


Gjengkrigen ferdig_A 14.02.14 14.34 Side 22

bytte eigar under borda, men storkarar som major Dee gjekk berre dit for å snakke skit og ete den beste jamaikanske maten i Luton. «Vil du at eg skal ta ein kilospose med til Green Pepper? Er du rusa, eller?» Gabrielle høyrde at Dee sukka, men så eksploderte han. «Høyr her, di dumme jente. Du prøver alltid å late som om du er noko og vil tene pengar og greier. Eg vil ikkje ha hundre spørsmål. Gjer dette for meg, elles legg eg på, og då treng du ikkje vise deg for meg meir.» «OK, eg skal få tak i det,» sa Gabrielle. «Eg seier berre at det stinkar.» «Eg veit at det er litt på kanten. Det er derfor eg vil ha ei jente til å gjere dette. Purken har berre éi hjernecelle på deling. Dei kjem berre til å tru at du er dama til nokon.» «Og korleis ser typen ut?» «Kva for ein type?» Gabrielle stønte. Det var ingen tvil om at Dee var rusa. «Typen eg skal treffe, vel. Men du vil kanskje at eg berre skal gi ein diger pose kokain til den første og beste eg møter?» Major Dee høyrdest litt usikker ut. «Berre ta med deg posen til Green Pepper, så er det nokon som ventar på deg der.» Samtalen blei broten, og Gabrielle kikka bort på Michael. «Levering?» spurde han. Gabrielle nikka. «Men det er litt merkeleg. Han vil at eg skal gå inn på Green Pepper med ein heil kilo kokain.» 22


Gjengkrigen ferdig_A 14.02.14 14.34 Side 23

«Fortalde du han at det er heilt idiotisk?» «Han trur at politiet ikkje vil få mistanke til meg fordi eg er jente … Eg meiner, eg veit at politifolk ikkje akkurat er så glupe, men eg trur nok dei kan klare å førestelle seg ein kvinneleg narkolangar.» «Han er sikkert heilt på kjøret,» meinte Michael. «Kjenner eg Dee rett, har han sikkert røykt minst tjue jointar og ikkje vore i seng eingong.» «Viss eg blir arrestert, vil det øydeleggje heile oppdraget.» Mens Gabrielle drog ei T-skjorte over hovudet, tenkte Michael seg om. «No veit eg det, Gab: Vi får tak i coken i parken, men når det er ordna, ringjer du til major Dee og seier at det er ein politibil som køyrer rundt og rundt Green Pepper, så du må treffe langaren ein annan stad. Han vil nok ikkje ta sjansen på å miste ein heil kilo kokain, same kor rusa han er.» «Høyrest ut som ein grei plan,» nikka Gabrielle, ho kyste Michael på skuldra og gneid nasen mot halsen hans. «Men eg liker absolutt ikkje dette.»


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Gjengkrigen by Det Norske Samlaget - Issuu