Skip to main content

Galskap og eventyr

Page 1

Galskap og eventyr ferdig_A 03.02.15 12:16 Side 1

1


Galskap og eventyr ferdig_A 03.02.15 12:16 Side 3

Ă…shild Ulstrup

Galskap og eventyr

Samlaget Oslo


Galskap og eventyr ferdig_A 03.02.15 12:16 Side 2

2


Galskap og eventyr ferdig_A 03.02.15 12:16 Side 5

År kan du gjøre til intet. Et kort minutt har hugget seg fast og står der, tar aldri slutt  


Galskap og eventyr ferdig_A 03.02.15 12:16 Side 6


Galskap og eventyr ferdig_A 03.02.15 12:16 Side 7

Føreord Fleire år etter eg kom til Oslo, sat eg i lag med vener på Theatercafeen – då Konrad Lunde, sjeflegen frå asylet heime, kom stigande inn døra. Augeblikket stod stille. Så knytt var mannen til heimbygda mi at møtet med han i mitt nye miljø rokka ved mitt inste. For ikkje lenge sidan hadde han sete ved sjukesenga mi i barndomsheimen på Valen og spurt: «Kva er det Oslo gjer med deg, Åshild?» Han såg kor tynn eg var blitt. Eg visste kva han tenkte. Det var på Valen eg ennå høyrde til. Å koma frå bygda til blokklivet i hovudstaden var eit kultursjokk. Eg syntest eg hadde reist frå alt det vakre i livet: frå stiane, steinane, dei kvite strendene, svaberga, fjella og åsane – og alle husa med opne dører og folk eg kjende. Alt som omfamna meg. Eg var nygift og forelska – og skulle vore strålande glad for å få flytta inn i eit treroms husvære i . etasje i ei ny blokk! Men bydelen var av grå betong og husværet eit innestengt bur med dører som måtte låsast! Utanfor gjekk alle forbi meg utan å helsa – som om eg ikkje lenger var til! Og det auka ikkje tilværet då eg banka på dørene til utreiste kjende – og skjøna at til heimane 


Galskap og eventyr ferdig_A 03.02.15 12:16 Side 8

deira nå kom eg ikkje utan først å ringja for å spørja om det passa. Det skjedde noko med meg – som varde ved. Ei natt eg hadde kome til Oslo frå Valen etter ein lang og roleg sommarferie og vart møtt med larmen frå trikk og tilknappa drakter over klappande høghælar, vakna eg brått med krefter innanfrå som kroppen min var for trong til å kunna bera – og som kunne gått på livet laus om eg ikkje hadde fått kome meg til apoteket. Eit akutt angstanfall, sa dei. Berre eitt! tenkte eg og trappa langsamt ned på valiumen som hadde roa meg. I blokka mi losna også stengslene litt etter litt – etter som me vart tryggare på kvarandre. Me hadde alle reist frå noko. Det er  år sidan eg reiste frå bygda som så lenge heldt taket på meg. I  av desse åra har Oslo vore heimstaden min. Her har eg hatt to ekteskap, har fødd og fostra opp fire born, har hatt eit yrke som har ført meg over fjordar og fjell i landet vårt – til eg nå sit her som enkje og kallar meg ein livets frilansar på  år. Alderdomen kan føra mangt med seg. Store hendingar seint i livet kan det leggja seg eit gløymsleslør over. Med barndomens opplevingar er det annleis. Om kroppen veiknar og sinnet kan sløvast, så sit denne første perioden av livet spikra i minnet hos dei fleste av oss – som om han blir vekt til live på nytt, nærare og klårare. Eg var eit barn som hadde augo med meg. Langs vegkantar, strender og utmark kunne det fin


Galskap og eventyr ferdig_A 03.02.15 12:16 Side 9

nast noko eg ikkje visste om. På same måten grov eg i jorda og kikka i røyser og hustufter. Var eg i lag med folket rundt meg, besteforeldre, tanter og onklar – og framandfolk eg møtte – så var det å kvessa øyro. Når eg nå, som gamal, skal gjera opp ein slags livets rekneskap, undrar det meg kor mange eg har fått fylgja – og korleis desse røystene frå barndomens ulike ståstader stadig snakkar til meg som om dei er levande til stades. – Det kjem ein dag for alle! sa besto mi. Som -åring tenkjer eg ofte på den setninga – og på besta som nærma seg  år. Ho låg på sjukeheimen og venta på døden. Eg sat og vakte over henne, då ho brått reiste seg og spurde om eg trudde ho kom heim. Eg var sikker på at besta meinte til himmelen nå, men – nei, tankane gjekk til Tveit, garden heime. Ho låg og tenkte på hundreårsdagen sin like framom. – Det sku’ vore så kjekt å få samla grendo mi den dagen – og takka for laget … då ville eg servert champagne! Sa den gamle bondekona som aldri hadde sett ei champagneflaske, men visste at finare kunne det ikkje bli. Tre dagar etter kom dagen som ein gong skal koma til oss alle. Min dag nærmar seg. Besta ville samla grenda si til fest. Eg vil takka for meg med ei bok om heimstaden min – og 


Galskap og eventyr ferdig_A 03.02.15 12:16 Side 10

den litt uvanlege barndomen i bygda som skilde seg ut med sitt mangfald av liv og lagnader – og heimar utan lüste dører. Bygda er Valen i Sunnhordland.


Galskap og eventyr ferdig_A 03.02.15 12:16 Side 11

  


Galskap og eventyr ferdig_A 03.02.15 12:16 Side 12


Galskap og eventyr ferdig_A 03.02.15 12:16 Side 13

Asylet () Valen er ei lita, ljos bygd ytst på Hardangerhalvøya som kviler seg mot bratte skogslier, åsar og berg: Vikefjell, Kokkelberg, Horga og Klovåsen. Framom ligg Høylandsundet med øyar og holmar, omkransa av bygder, skjer og kvite strender. Då eg vaks opp, var det  fastbuande og  psykiatriske pasientar på asylet. Valen var asylet. Asylet var Valen. Og min barndoms konge var Konrad Lunde, direktøren og sjeflegen. I heile min oppvekst styrte han sjukehuset og sette sitt preg på bygda vår. Eg ser han så for meg, denne høgreiste, aristokratiske skikkelsen som heldt si hand over alt omkring seg – og kalla oss alle for «venen min». Sjølv var han bondeson frå Suldal og ivra for at dei friskaste pasientane skulle få kjenna seg nyttige. Kom det ein kar frå ein gard på Voss, fekk han ta del i arbeidet på den store sjukehusgarden. Pasienten frå fiskarkommunen Austevoll fekk stella med garn og nøter. Tidleg oppdaga han også Olav H. Hauge sine kunstnariske evner. Han kom til Valen første gong i , siste gong i . Dikta hans gjorde ikkje berre inntrykk på overlegen, men han skreiv også om dei i ulike blad. På gartneriet fekk Hauge ha sin spesielle arbeidsplass. Det gjorde også inntrykk på oss borna at pasientane 


Galskap og eventyr ferdig_A 03.02.15 12:16 Side 14

me såg, fekk ha kjærastar, at kvinnene fekk ta permanent og ikkje bli snauklipte – og at ingen middag vart servert til dei sjuke utan at sjefen sjølv hadde fått testa den. Det er fint å tenkja på! Også at asylet kvart år feira fødselsdagen sin, den . oktober, med dans. Han sleit nok litt der, overlegen – for av personalet var det mange som meinte at dans var synd. Men Lunde stod på sitt – og på pasientane si side. Valen asyl, som det den gongen heitte, ligg midt i bygda med sine høge bygg gøymde mellom frodige lundar. Ein vakker smijernsport opna til lysthuset i parken der me ofte kunne lytta til kjende songarar og spelemenn – eller imponera med rackerten på tennisbanen, som var open for oss alle. Ein av pasientane laga porten – og avtala med Lunde at etter han hadde gjort den ferdig, kunne overlegen ta livet av han. Då var det ikkje meir å leva for! Det var nok eit arbeid han var stolt av. Dei velstelte og blomstrande hagane rundt alle avdelingane var også eit arbeid pasientane fekk vera med på – slik dei var med oss i bygda og gjorde barndomen min til noko utanom det vanlege. Me gjekk annankvar dag på skulen den gongen. Foreldra var opptekne med sitt. Men dei friskaste pasientane gjekk fritt omkring og hadde dagane for seg – som me ungane. Slik var me stadig i lag med våre ulike personlegdomar. Diagnosar tenkte me ikkje på. Slik var livet! Men me skjøna jo etter kvart at bygda vår skilde seg ut og 


Galskap og eventyr ferdig_A 03.02.15 12:16 Side 15

vart – i alle fall for nokon av oss – ein skule i det å få vera til og få vera med. Men noko var eg redd for: At andre skulle bera på nøklane til livet mitt!




Galskap og eventyr ferdig_A 03.02.15 12:16 Side 16

Då far sprang på skogen Ein solskinssøndag i slutten av april i  kom eg baklengs til verda som mor og far sin førstefødde. Før eg hadde greidd å koma meg ut til fridomen, hadde mor lege ei heil natt og ropt på Vårherre. Far hadde sprunge på skogen for å sleppa å høyra på (noko han seinare nekta for!) – mens doktoren hadde overteke plassen hans i dobbeltsenga og mor og han – og eg – gjorde så godt me kunne. Seinare har eg skjøna at det er eit under at eg lever og ikkje har fått større skade enn at eg kan sitja her og leita etter augeblikk som var med på å forma den vegen eg skulle gå – og kom til å bli.




Galskap og eventyr ferdig_A 03.02.15 12:16 Side 17

Mor og far Like før mor skulle reisa til Drammen for å utdanna seg til sjukepleiar,  år gamal, stod ho og tok farvel med tanta si over grinda. Den nye bonden på nabogarden, -åringen Øystein, fekk auga på denne vakre jenta i det ho sykla av stad. – Kven var ho? spurde bonden etter at ho hadde fare sin veg. Då han fekk høyra at det var tantebarnet, Tora, som var på veg heim til Utåker, henta han sykkelen (ikkje den kvite hingsten, som eg lenge trudde!) og rasa av garde. Ved Erslandsvatnet møtte han henne igjen: – Vil du gifta deg med meg? spurde han – med hjarta i halsen, før han hadde fått helsa på henne. Jenta svara ja – og dermed starta det livet ho absolutt ikkje hadde tenkt seg: Som bondekone – ho som sjølv var bondedotter og lenge odelsjente og var så letta då broren kom til verda. Endeleg var ho fri og kunne fara sin veg, men kom ikkje lenger enn til bonden i nabobygda, Valen, ei mil unna. Far var Øystein Eskeland, fødd i , frå Stord. Mor var Tora Tveit, fødd i , frå Utåker i Sunnhordland. Bryllaupet til mor og far stod den . juli . Ni månader etter, den . april , kom eg til verda, og «himmelen opna seg» – skal mor ha sagt. 


Galskap og eventyr ferdig_A 03.02.15 12:16 Side 18

Ikkje så rart etter den smertefulle ferda mi til livet! har eg tenkt.




Galskap og eventyr ferdig_A 03.02.15 12:16 Side 19

Voggesongen Eg kan ikkje hugsa at mor nokon gong tok meg på fanget sitt. Kan heller ikkje hugsa at eg sakna det. Men ein gong spurde eg henne kva slags voggesong ho fekk meg til å sovna av. – Å, sa mor. Den hugsa ho godt, for den hadde ho lært av mor si: Reven sete på sæte høyre lammet græte Ti no still du vesle lam! Eg skal bera deg til mor di fram! Å nei, svara lammet! Du bære meg til skogen og bite meg i bogen henge meg opp i ein liten kvist og gnege på mine små knokar! – Men mor! sa eg, – var ikkje det ein stygg song! – Men du sovna! sa mor, – berre ein gong var det ein song du ikkje likte: Pusekatt, pusekatt kor låg du i natt? Låg du i Åshild si lalla? Åt du noko av Åshild sin mat så skal du få ris på di rumpa! 


Galskap og eventyr ferdig_A 03.02.15 12:16 Side 20

– Då bretta du på lippo, for ingen sku’ få ris på rompo si!




Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Galskap og eventyr by Det Norske Samlaget - Issuu