© Det Norske Samlaget 2018 www.samlaget.no Formgiving: Laila Mjøs Skrift: Pensum pro Papir: Munken Lynx 150 g Trykkeri: Scangraphic Printed in Poland isbn 978-82-521-9520-0
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Randi Fuglehaug Nora Brech
Samlaget Oslo 2018
«Kven vil ha godteposar?» spør pappa. «Eeeeeg!» roper alle, bortsett frå Iben.
Ho vil heller danse meir. Ho vil at pappa skal gĂĽ, sĂĽ diskobursdagen kan fortsette. Men godteposar betyr at festen snart er slutt.
«Eg tenkte kanskje du ville pakke med deg nokre ting?» seier mamma då gjestene har gått. «Har dei ikkje ting der?» spør Iben. «Jo», seier mamma, «men det kan vere greitt å ha med seg noko eige, til å ha på rommet.» Iben slenger oppi børsten ho fekk i bursdagsgåve. Så legg ho seg i senga.
Neste morgon tygg Iben brødskiva sakte. «Er du klar til å dra?» spør mamma.
Iben har allereie den ekle kjensla i magen. Ho hatar kvalmsøtlukta på sjukehus. «Velkommen!», seier ein sjukepleiar og smiler. Iben smiler ikkje.
Heldigvis er rommet større enn Iben hadde trudd, og dei har eigen tv. «Iben?» seier mamma. «Det er ei som gjerne vil helse på deg.»