Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 1
1
Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 3
Randi Fuglehaug
Alt vel med mor og barn Historier om fødsel
Samlaget Oslo
3
Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 5
Remember this, for it is as true as true gets: Your body is not a lemon. You are not a machine. The Creator is not a careless mechanic. Human female bodies have the same potential to give birth well as aardvarks, lions, rhinoceri, elephants, moose, and water buffalo. Ina May Gaskin
Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 6
Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 7
INNHALD klar – ferdig – fød!– om bestemor, appelsinslush og starten på ei historie 9 BLÅLYSBABYAR – om den lange vegen til sjukehus og om kor kort veg det kan vere frå moltetur til helikoptertur 21 I KRIG OG KJÆRLEIK – om å oppleve det aller største på ein dag alle andre kjem til å hugse for noko heilt anna 45 LIVMORVALSEN – om kaldblodigheit, epidural og andre songar frå sjukehuset 67 KRAFTIG TURBULENS – om barn som kjem flygande ut fleire tusen meter over bakken 91 LIK OG DEL! – om å vise fram fødselen til heile nasjonen, eller berre til ein pappa i Dubai 105 EKSOSRYPENE – om å føde med svigermor i ein Lada eller liggande over ein girspak med væpna soldatar som vakt 119 HEIMEBANE – Om dei som syr saccosekk og set opp bjørketre på soverommet, og om dei som aldri rekk å komme seg ut døra 135
7
Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 8
AU, AU KAPTEIN! – om å bli mor på gyngande underlag 163 SJU KILO GLEDE – om kor mange og kor tunge barn eit menneske er i stand til å få 175 TAKSAMETERET GÅR – om drosjeturane som har fleire passasjerar når dei er ferdige, enn når dei startar, og om kor grisete det kan bli i ein maxitaxi 185
DEI GODE HJELPARANE – om handa du helst vil klemme når det står på som verst 203 UT AV DET BLÅ – om å ikkje ane eller tore håpe på at ein er gravid 221 LIVETS HINDERLØYPE – om eit ras, ein stengd veg og ein magisk sykkeltur 245 takk 259 Litteratur 261
Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 9
KLAR – FERDIG – FØD! Om bestemor, appelsinslush og starten på ei historie
Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 10
Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 11
Bestemor er nittitre. Ho er framleis ei langt over gjennomsnittet pratsam dame, men når eg treffer henne no for tida, er det sjeldan ho fortel noko eg ikkje har høyrt mange gonger før. Ho skryter som vanleg av kor fine oldebarn ho har, og om kor flinke barnebarn ho har, og om at ho sjølv ikkje blei skuleflink fordi ho hadde så lang veg å sykle og ikkje orka å gjere lekser når ho kom heim. Ho fortel at ho ikkje har vondt ein einaste plass, men at ho er forferdeleg svimmel, og iblant snakkar ho om at ho saknar bestefar og venninnene ho pleidde å møte på kafé. Men i dag, på påskeaftan, når bestemor og eg deler ein boks druer som eg har tatt med til aldersheimen, der ho er på kort opphald fordi ho er altfor frisk til å få fast plass, spør eg kva ho hugsar frå fødslane sine. Då skjer det noko. Orda renn ut av henne. For meg er dei nye ord, om noko eg aldri har høyrt henne snakke om før, naturlegvis fordi eg ikkje har spurt. Og eg blir overraska over kva ho fortel. For ho snakkar ikkje om lang ventetid eller vonde rier, klagar ikkje over at ho alltid ønskte seg jenter og berre fekk gutar, ho fortel ikkje om morskjærleiken, om han ho mista, om korleis alt var annleis før i tida, eller om kor plutseleg dei små 11
Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 12
sønene hennar har blitt godt vaksne og pensjonerte menn. Ho fortel ei heilt konkret historie. Det var og fredeleg etterkrigstid, det var enno tre veker til ho hadde terminen, og vêret var så fint at bestemor sat utanfor stasjonsbygninga på Hallingskeid og strikka babyklede. Bestefar var baneformann, faren min sprang rundt og leikte med geitene, og den vesle familien var ein av dei få som utgjorde det vesle samfunnet høgt oppe på Bergensbana. Bestemor sat der og ana fred og ingen fare. Og så kjente ho at vatnet gjekk. Det tar om lag éin time og ti minuttar å ta toget dei sekstito kilometrane frå Hallingskeid til Voss. Problemet var at det berre gjekk eit par tog om dagen. Då vatnet til bestemor gjekk og ho kjente riene starte, var det fleire timar til neste tog skulle komme forbi. Brått var ho veldig langt heimanfrå. Heldigvis var bestefar ein driftig kar. Det var ikkje utan grunn at han på eit tidspunkt fekk kongens fortenestemedalje i gull. Og denne varme dagen, tre veker før babyen eigentleg skulle komme, tok han resolutt grep om situasjonen. Bestefar fekk tak i ein lokførar, og lokføraren fekk tak i ei arbeidsmaskin som stod i nærleiken, og strikketøyet til bestemor blei liggande der utanfor stasjonsbygninga, for snart var arbeidsmaskina på veg nedover fjellet til Voss med berre tre passasjerar om bord: bestemor, ei nabokone og babyen som ville ut. 12
Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 13
Det rista, fortel bestemor. Ho var nervøs for at fødselen skulle skje der, på skjenegangen, langt ifrå kunnig fødehjelp. Men lokføraren fekk henne trygt fram til Voss stasjon. Bestemor rakk å komme seg på sjukehuset før guten kom. Og bestefar, som var igjen der oppe på fjellet, fekk beskjed om at alt var vel med mor og barn. Etter at bestemor har fortalt meg denne historia frå ein av dei største dagane i livet sitt, tenker eg tilbake på dei aller mest minnerike i mitt. Ingen av fødslane mine var dramatiske eller spektakulære, men eg hugsar begge ned til minste detalj likevel. Eg hugsar at eg åt egg den julidagen i , før alt skulle bli annleis for alltid. Mens mannen min og eg sat på kafeen ved lunsjtider, fniste eg spent av riene eg hadde begynt å kjenne og hadde vore så nysgjerrig på så lenge. Eg hadde verken spesielt vondt eller spesielt dårleg tid. Termindatoen hadde passert for to veker sidan, eg hadde time på sjukehuset til å sette fødselen i gang dagen etter, men no skjønte eg at sonen vår kom til å dukke opp før den tid. Om kvelden, då riene var blitt vondare og ting på ingen måte var like morosame lenger, fekk eg i meg ein porsjon nachos med kjøtt og bønner og masse smelta ost, slik at eg skulle ha meir god og feit mat i magen før det braka laus. Forma med middagsrestane blei ståande på bordet i fleire dagar. Eg åt ikkje meir den natta og den morgonen, mens eg hadde dei mest smertefulle timane i mitt liv og på mor13
Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 14
gonkvisten utsliten pressa og pressa og lurte på om den ungen nokosinne ville komme ut. Men det var små lysglimt innimellom. Når eg ikkje hadde fjeset inni lystgassmaska, hadde eg leppene rundt sugerøyret som stakk nedi eit glas med svak gul appelsinsaft. Nokon hadde gjort den genistreken å putte bitte små isbitar i, det blei ein slags slush, den beste bartenderen i verda kunne ikkje ha servert meg ein meir forfriskande drink. Sjølv om eg visste at det ikkje var mannen min som hadde blanda safta og hatt oppi isbitane, har eg aldri elska han meir enn då han med jamne mellomrom heldt glaset med avkjølande sukkervatn opp til munnen min. Og då eg litt over klokka gafla i meg sjokoladekjeks med eit flunkande nytt menneske liggande i senga ved sida av meg, gjorde eg det med ei så letta kjensle i kroppen at det kjentest som om eg hadde fått ein endå større appetitt på både maten og livet. Gjennom veggene kunne vi høyre ei ny fødande kvinne skrike av smerte. Eg håpar ho får appelsinsaft, tenkte eg. Dottera mi blei fødd på den aller siste sommardagen i . Heile Oslo hadde bestemt seg for å reise på stranda denne søndagen, for alle meldingane varsla at frå og med neste dag var det slutt på sommaren, på varmen, på moroa. Det skulle blåse opp og begynne å regne, og som gode nordmenn visste innbyggarane i hovudstaden akkurat kva dei hadde å gjere. 14
Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 15
Eg har aldri sett så mange menneske i Hvervenbukta, kanskje ikkje på noka strand i Noreg nokosinne. Sjølv sat eg på ein solstol i vasskanten som ein stranda kval og såg sonen min på to år kaste småstein på dei andre barna. Han var midt i sjølvstendealderen, skjønte kanskje at noko var i emning, og han hadde i lengre tid verka sjalu på den bulande magen. Men då vi kom heim igjen frå stranda og han og eg kvilte litt på sofaen og eg plutseleg høyrde eit lite knepp i underlivet og eg sa at eg trudde vatnet gjekk, blei han ivrig. «Gjekk vatnet ditt, mamma?» gjentok han med det nye språket sitt og ana ikkje kva det betydde. Han ana ikkje kva konsekvensar dette kom til å få for hans eige liv, at det berre var nokre timar til han ikkje lenger skulle ha mamma og pappa for seg sjølv, men måtte dele all tida og all merksemda med ei som for alltid skulle vere mindre enn han, og kanskje endå søtare. Han sov då søstera hans blei fødd i turbofart i eit badekar på Ahus nokre få timar seinare. Ho kom, nesten av seg sjølv, vil eg seie, førtito minuttar etter at eg styrta inn dørene med eit heftig og altoppslukande vondt press i underlivet. Eg insisterte likevel på å få komme oppi badekaret slik eg hadde skrive i fødebrevet mitt. Jordmora sa: «Då må du knipe igjen til eg har fylt oppi.» Eg drog henne opp av vatnet sjølv og følte meg som ei superstjerne, og vêrmeldarane hadde rett: Dagen etter var sommaren definitivt over. Det regna så mykje at det blei 15
Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 16
flaum på vegane på Austlandet, men det la eg knapt merke til på pasienthotellet på Ahus, for sjølv om eg ikkje kom meg i vatnet i Hvervenbukta, hadde eg hatt tidenes råaste bad på sjukehuset. Det er snart tre år sidan min siste fødsel, så eg ber ei av mine beste venninner, og ei av dei i venninneflokken som fekk barn sist og såleis har alt friskt i minne, fortelje meg om sin. Ho er ei handlekraftig dame som er saman med ein like handlekraftig mann, og då ho begynte å få rier heime på laurdagskvelden, dagen før terminen, var det lite avslapping. Dei såg rett nok på «Lindmo» på NRK, åt nachos – kva er det med nachos og rier? – og til dessert pistasjis, som ho plutseleg hadde fått veldig lyst på den kvelden. Men det var også ting som skulle gjerast, og kanskje ikkje ting folk flest ville tenkt var viktigast i ein slik situasjon. Sambuaren hennar begynte nemleg på dette tidspunktet å sy ein sokk full av linfrø, ein slik dei hadde lese om at dei kunne varme i mikrobølgeomnen og ha som lindring på smertene i korsryggen under riene. Dei bar symaskina opp frå gjesterommet, loka med å sette i undertråd og finne ut korleis ein trær i maskina, fortel venninna mi. Heilt absurd å begynne med då, innser ho i ettertid. Eg får lyst til å høyre meir, fleire historier, og ikkje dei eg har høyrt så mange gonger før, om det tekniske og det vanskelege, om pusteteknikkane og riteljingsappane, men om alt det andre som kan skje før, etter og ikkje minst i 16
Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 17
løpet av ein fødsel: alt det rare, søte, komiske, overraskande og meir eller mindre dramatiske som hender rundt sjølve fødinga. Og venninnene mine har som vanleg meir å by på. Dei fortel om kjærastar som valde å jogge til sjukehuset i staden for å ta taxi. Om å pakke fødebagar så velfylte av heimelaga pizza, nybakte kanelbollar, frukt, snop og energidropar at ein kan klare seg i vekevis, men ikkje pakke anna enn gravidknebukser til å ha på seg etter fødselen. Om å ligge kliss naken med beina i vêret etter tretti timar med rier og ikkje høyre eit ord av kva den mannlege anestesilegen seier fordi han snakkar så lågt. Om å danse til Billy Ocean for å døyve smertene. Om den stille stemninga på fødestova når alt er over og ein endeleg kan nyte ei brødskive med fårepølse, mens ein kjenner på magen som er utan spark og mjuk som ein bolledeig. Historia om ein fødsel er starten på så mykje, tenker eg mens eg sit i bilen utanfor leilegheita til bestemor på påskeaftan, etter at vi har ete opp nesten alle druene. Det er starten på eit liv, på eit søskenforhold, på ein familie, på ei felles historie. Og eg begynner å tenke på kor mange kvinner som sit rundt omkring i Noreg og kan fortelje gode, og kanskje til og med uvanlege, historier om då barna deira blei fødde. Det er påske igjen. Eit heilt år har gått. Bestemor bur for seg sjølv heime i leilegheita si på Voss, og eg har det siste året snakka med kvinner frå Sørlandet til Svalbard. Eg har inter17
Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 18
vjua mødrer som har fødd sine barn i lufta, på vegen og til sjøs. Eg har prata med damer som fekk beskjed om at dei måtte seie opp jobben sin då dei blei gravide, og kvinner som måtte føde barnet sitt mens krigen herja utanfor sjukehuset og barnefaren var på ein heilt annan kant av verda. Eg har høyrt så mange kvinner fortelje så spesielle historier at eg på eit tidspunkt nesten ikkje kunne sjå på damer på bussen utan å tenke på korleis fødselen deira gjekk føre seg. Eg har snakka med jordmødrer og fødselslegar, ambulansepersonell og taxisjåførar, forskarar og familiemedlemmer, eg har ledd mykje, grine litt, tenkt at vi lever i eit veldig fint og ganske merkeleg land her oppe i nord. Og eg har skrive ned historiene. Dei som berre er søte, dei som er dramatiske, dei der det nesten gjekk gale, men som likevel fekk ein lukkeleg slutt – altså ein lukkeleg start. «Kvinnene sine jakthistorier» kallar ein mann eg kjenner, dei. Det er ei god skildring. For skal eg trekke fram ein fellesnemnar for dei nær femti kvinnene som har bidratt til denne boka, er det at dei fortel historiene sine usentimentalt, episodisk og rett fram, utan å fokusere på det som var vondt og vanskeleg. Tvert imot seier dei at det «ikkje var så dramatisk» å føde fastbunde i eit helikopter, at setefødselen på eit hotellbad skjedde utan lyd, at dei ikkje tok innover seg at fødselen var i gang, fordi dei måtte stelle til jul, arrangere barneselskap eller plukke bær. Det er ikkje berre kvinnene sine jakthistorier, det er også krigshistorier, heltehistorier, kanskje til og med røvarhistorier. 18
Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 19
Heilt i starten av dette prosjektet, då eg spurde ei større gruppe kvinner i mitt eige nettverk om dei kjente nokon som hadde fødd på spektakulært vis, skreiv ei tobarnsmor til meg: «Det slår meg at eg mest kjenner til høgst alminnelege – og dermed (ofte opplevde som) traumatiske – fødslar.» Ho har også eit poeng. Dei fleste fødslar er heilt vanlege, men til og med desse er noko av det mest dramatiske vi kvinner busette her i trygge Noreg kan oppleve. For nokon blir det ekstra dramatisk, og ein kunne ha skrive ei heil bok om årsakene til det, men det er ei anna forteljing. Denne boka handlar ikkje om politikk og heller ikkje om korleis det gjekk med babyane, eller kor fine og skrukkete dei var då dei kom til verda. Denne boka handlar om kvinnene. Endå meir spesifikt: om kvinnenes råskap. Viss du spør hundre mødrer om kva som er den største dagen i livet deira, tippar eg minst nitti av dei vil svare den dagen eller dei dagane då barna deira blei fødde. For mange var det nok også den mest smertefulle og krevjande dagen. Sjansane er store for at det er den dagen ein kjente seg mest hjelpelaus, mest sårbar og minst attraktiv. Men det er med fødslar som med oppussing: Vi gløymer kor jævlig det var, og vi kastar oss ut i det igjen. Det blir det gode historier av.