Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 1
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 2
Magnhild Folkvord pĂĽ Samlaget Fredrikke Marie Qvam. Rabaldermenneske og strateg. Biografi. 2013, 2017. Betzy Kjelsberg. Feminist og brubyggjar. Biografi. 2016, 2017.
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 3
Magnhild Folkvord
Der livet brenn Ein biografi om Magnhild Haalke
Samlaget Oslo 2019
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 4
© Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no OMSLAG: Laila Mjøs FØRTRYKK: Samlaget SKRIFT: Adobe Garamond TRYKKERI: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-521-9553-8 Forfattaren har mottatt støtte frå Det faglitterære fond. Fotokreditering: S. 21 og 163 foto: Ørnelund, Leif / Oslo Museum, s. 25, 29, 45, 105, 107, 121, 171, 173, 179, 207, 211, 239 foto: privat / fotoeigar Åke Jünge, s. 67 fotograf ukjent, s. 221 foto: Grønoset, Dagfinn / Glomdalsmuseet
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 5
Innhald 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24
Forord 7 Sjølvlært psykolog 11 Familieidyllen og «bygdedyret» 20 Ikkje god nok for byskolen 31 Lykke på lærarinneloftet 39 Gi barnet ein sjanse! 50 Whisky til fødselshjelparen 55 Ikkje kvinnesakskvinne, men … 62 Kvinner som «blir lurt for sitt eget liv» 69 Nødrop frå Odalen 81 Ord med lukt og farge 93 Oppbrott 100 Trine Torgersen – eit kampskrift 110 Einsemd og fellesskap 118 Odelssøksmål med vond slutt 135 Obligatorisk morsopplæring 145 Formødrene blir litteratur 153 Sjølvsikker og sårbar 161 Inspirerte trekkfuglar 168 «Magnhild Haalkes dramatiske langeleik» 176 Oppgjer med «bygdedyret» 182 Samnorsk målfordervar? 187 Serina – kunstnaren 194 Blant kunstnarar på Lillehammer 206 Lyrikken forlaget ikkje ville ha 214 5
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 6
25 26 27 28
Hjalmar Haalke – ein av dei som ruva 220 Sarte anemonar 227 90 år – mot ny ungdom 232 «Hvorfor leser vi ikke Magnhild Haalke?» 240 Takk 243 Notar 245 Kjelder 265 Namneregister 269
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 7
Forord Da Magnhild Haalke debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1935, 50 år gammal, vart ho ikkje berre «verdsberømt» i Noreg, debutboka Allis sønn vart omsett og fekk strålande omtale i fleire land. «Alt med denne sin første bok står Magnhild Haalke som en moden kunstner, og en dikter med sjelden evne til å trenge inn i vanskelige menneskesinn», skreiv Einar Skavlan, redaktør og litteraturkritikar i Dagbladet.1 Sigrid Undset, veletablert forfattar og vinnar av nobelprisen i litteratur i 1928, varsla den amerikanske agenten sin om denne eineståande boka som var kommen ut i Noreg. Allis sønn vart omsett og kom ut i USA, og fekk rosande omtale, mellom anna i New York Times. Før jul i 1935 var Magnhild Haalke med Allis sønn på lista over dei elleve Aschehoug-forfattarane som hadde nådd eit opplag på 5000, i lag med mellom andre Nini Roll Anker, Oskar Braaten og Johan Falkberget. C.J. Hambro, politikar og bokmeldar, slo året etter debuten fast at den neste boka, Åkfestet, «utdyper det gode inntrykk forfatterinnen gjorde i fjor. Mer enn det: den lille bok er av selvstendig og eiendommelig verdi og peker litterært langt videre enn ‘Allis sønn’».2 Den overraskande debuten var starten på eit omfattande forfattarskap. Snart våga ho å seia høgt at ho ønskte seg «fri til mitt store nye arbeid». Bøkene kom i rask rekkefølgje, enda om ho heldt fast på lærarjobben i Sør-Odal i nokre år før ho satsa for fullt på skrivinga. Ho brukte både landskapet og språket ho hadde vakse opp med i øyriket Vikna, lengst nord i Nord-Trøndelag, og skapte menneske, særleg kvinner og barn, som tar tak i lesaren. Trilogien om Gry, som startar 7
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 8
med Åkfestet, har ikkje dei store dramatiske hendingane, men spenninga held gjennom tre bøker: Vil Gry nokon gong få sjansen til å ta fatt på sitt eige liv i lag med barndomskjærasten, eller er alt håp ute etter at ho har slite seg ut med å vera tenar og hjelpar for dei aldrande foreldra? Og kva med Teodora i Syv år ved havet, som har fødd og mista fem barn, men som enno ikkje har opplevt «å være kone til den en har kjær»? Eller Karenanna, Magnhild si mormor, og hovudperson i første boka i den andre trilogien, som vart ung enke med seks barn – kva sjanse kunne ho ha til å få leva sitt eige liv? Magnhild gav sitt bidrag til «virkelighetslitteraturen» med å skriva ein trilogi med mor og mormor som hovudpersonar – lenge før våre dagars «virkelighetslitteratur» var oppfunnen. Og kva med Serina, kunstnaren, som gjekk ut i skogen for å finna den mannen ho ville ha – og fann han? Da han forelska seg i ei yngre kvinne, gjekk Serina vidare – heilt til Paris. I 2015 meinte daverande bibliotekar ved Vikna folkebibliotek, Mari-Ann Refsaas, at det trongst ein biografi om denne forfattaren som hadde vore så kjend for så mange så lenge. Før eg kunne seia ja til oppmodinga som kom frå bibliotekaren, måtte eg sjølv lesa både Allis sønn og fleire bøker av Magnhild Haalke. Dess meir eg las, dess meir forundra vart eg over at eg ikkje hadde oppdaga dette forfattarskapet tidlegare – ikkje som norskstudent i slutten av 1960-åra, og heller ikkje som allment interessert lesar. Korleis kunne dette forfattarskapet bli så usynleg for ettertida – enda forfattaren i ein alder av 93 år vart omtalt i Adresseavisen som «en av de ytterst få forfattere som opplever å bli klassiker i levende live»?3 Eg har leita etter raude trådar – frå Magnhild Haalke vart fødd på Lauvøya i Vikna, via skolegang med faren som lærar, til folkehøgskolen på Vikna og småskolelærarinnekurs på Elverum. Derifrå til livet på eit landsens «lærarinneloft», ekteskap med kunstmålaren Hjalmar Haalke og vidare til romandebut og kunstnarliv i hovudstaden, ved Middelhavet og på Lillehammer. Korleis kunne ho komma så langt som ho gjorde, og korleis har det gått til at ho no for ein stor del har forsvunne ut av det offentlege minnet? 8
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 9
Eg har funne iallfall to raude trådar, og av og til er dei tvinna godt i hop, som i Allis sønn: kunstnardraumen og synet på barnet. Kunstnardraumen må ha vore til stades frå tidleg i hennar eige liv, og den vart tema i fleire av bøkene. I synet på barn og barneoppseding var Magnhild Haalke før si tid – barn skulle etter hennar meining ikkje oppdragast, men oppdagast. Barn måtte ein møta med forståing og omtanke, ikkje med harde slag og straff, om dei skulle kunna utvikla sine eigne evner på beste vis. Dette praktiserte ho i si eiga lærargjerning, og det prega det ho skreiv om barn. Den same tanken førte ho vidare da ho etter andre verdskrigen heldt foredrag om kva som skulle til for å skapa varig fred. Like innsiktsfulle som barneskildringane er forteljingane om kvinnene som er hovudpersonar i dei fleste romanane, sterke kvinner som kjempar mot å bli «lurt for sitt eget liv». Kontrasten mellom dei gjennomgåande svært gode mottakingane av Magnhild Haalke sine bøker da dei kom ut, og det at forfattarskapet hennar har vore så lite synleg dei siste tiåra, har gjort meg nysgjerrig. Generelt har kvinner blitt lettare gløymde enn menn – men kan det også vera andre forklaringar? Kan det ha noko med den akademiske verda å gjera? I Magnhild Haalke si samtid var dei fleste litteraturforskarane menn som «tilfeldigvis» interesserte seg meir for skrivande menn enn for skrivande kvinner. Kan det vera noko av forklaringa på at forfattarskapet hennar så langt ikkje har vore tema for litteraturforsking – om vi ser bort frå nokre hovudoppgåver i 1960-, 1970- og 1980-åra? Kva rolle speler den akademiske handteringa av eit forfattarskap for kva som blir hugsa, og kva som blir gløymt? Desse spørsmåla vart forsterka da eg gjekk til Nordisk kvindelitteraturhistorie, eit viktig litteraturhistorisk verk i fem band som kom ut i 1990-åra. Sjølvsagt er Magnhild Haalke omtalt der, men jamført med andre samtidige forfattarar er omtalen overraskande kortfatta. Til dømes er den tredje trilogien hennar, som også er den mest nyskapande, Serina-trilogien, ikkje eingong nemnd. Kan det også vera ein refleks av at forfattarskapet ikkje har fått ei «akademisk behandling»? 9
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 10
Er litteraturen og lesinga framleis så kjønnsdelt at det blir opp til ein ny generasjon av kvinnelege litteraturforskarar å gjera Magnhild Haalke og hennar forfattarskap synleg for ein ny generasjon lesarar? Dei viktigaste kjeldene i arbeidet med denne biografien har vore det Magnhild Haalke har skrive sjølv, og det andre har skrive om henne – brev, bøker og artiklar i aviser og tidsskrift, dokument i kommunale arkiv, omtalar av henne og forfattarskapet i litteraturhistorier og hovudoppgåver. Eg har også fått høve til å snakka med familiemedlemmer og tidlegare naboar som har fortalt om sine minne og inntrykk, og eg har prøvd å setja saman bitane i dette puslespelet. Det har vore eit spennande arbeid, men eg kan ikkje garantera at eg har greidd å få alle bitane på rett plass. Oslo, hausten 2018 Magnhild Folkvord
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 11
1
|
Sjølvlært psykolog
– Endeleg har eg fått brev frå Helge Krog, kunne Magnhild fortelja heile familien, inkludert søsken og tanteungar som også var på feriebesøk på Vikestad, heimgarden hennar, ein dag i juli 1935. Ei seks–sju år gammal niese undra seg over at tante Magnhild vart så glad for brev frå denne Helge Krog, og var på same tid litt uroleg for kva onkel Hjalmar kunne synast om dette. Ingen hadde fortalt småjenta at det var konsulentvurderinga av det første bokmanuset sitt tante Magnhild venta på. Sommaren 1935 må ha vore den mest spennande i Magnhild Haalke sitt liv. Ho hadde for første gong sendt inn eit bokmanus til eit forlag. Medan ho var på feriebesøk på heimgarden i øyriket Vikna i Ytter-Namdalen, venta ho kvar dag på svar frå Aschehoug forlag. Dei siste fire–fem åra hadde ho skrive mange noveller som var komne på trykk i ulike blad og aviser. Ho hadde også hatt ei novelle på trykk mellom stive permar. Men no var det noko mykje større det dreidde seg om. Ho hadde levert frå seg manuskriptet til ei heil bok. Var manuskriptet godt nok? Ville dei gi ut boka hennar? Ville ho, som til no hadde vore ei landsens småskolelærarinne, få realisert ein kunstnardraum ho hadde bore på i årevis? Året før hadde ho sendt inn fire noveller til Aschehoug forlag, og Helge Krog, velkjend forfattar og litteraturkritikar, hadde fått dei til vurdering. Den viktigaste tilbakemeldinga frå han var at den eine novella, «Moren», hadde stoff i seg til å bli ein roman, sjølv om han meinte forfattarinna enno hadde mykje att å læra.1 Magnhild hadde ikkje mista motet av kritikken til Krog, men gått laus 11
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 12
på den omarbeidinga han foreslo. Dette utvida og omarbeidde manuskriptet var det som no hadde vore til ny vurdering hos den same Krog. Magnhild sin ektemann, kunstmålaren Hjalmar Haalke, var ikkje med til Vikna denne sommaren. Han var att i atelierleilegheita i Oslo og var instruert om å vidaresenda så raskt som mogeleg det som måtte komma av post frå forlaget. Brevvekslinga mellom Magnhild og ektemannen viser at ventinga på og mottakinga av Krog si vurdering av manuset, som etter kvart skulle få tittelen Allis sønn, prega denne sommaren for dei begge. Breva frå Hjalmar var stort sett stempla «Dovrebanen» – han gjekk ikkje berre til næraste postkasse for å postleggja dei. Han tok turen frå atelierleilegheita i krysset Hansteens gate /Drammensveien ned til Østbanestasjonen og posta dei på toget for at breva skulle komma fram så fort som mogeleg. Så snart konsulentvurderinga kom til Hansteens gate 2, hadde Hjalmar sendt telegram til Magnhild, på same tid som han vidaresende brevet til henne på Vikestad. Medan ho venta på at brevet skulle komma, kjende ho seg underleg trøytt og liksom lamma. «Alt er uvirkelig – og mulig – jeg vil ikke kjenne noe eller vite noe, men det slår mig imellem at her vist er mere lys her mellem heiene enn noe annet sted i verden.»2 Ho kunne nesten ikkje tru at Helge Krog, konsulenten hos Aschehoug, verkeleg var «begeistret» for manuskriptet hennar. Ho sakna Hjalmar, gav omtenksame råd om at han måtte eta godt og bada varsamt. Ho skulle gjerne sendt han smør frå Vikna, men det ville nok ikkje gå bra i sommarvarmen. Men aller mest var ho spent på kva som stod i brevet frå Aschehoug som var undervegs. «Kjære gode snilde mannen min! Blir det nå kan jeg vist takke dig for alt – går jeg og tenker.»3
«EN FULLBÅREN ROMAN» Brevet kom endeleg med bil frå kommunesenteret Rørvik. Det var rart, nesten som draum eller eventyr, å lesa at Krog kalla boka hennar 12
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 13
«en fullbåren roman». «Jeg snubler i det og spiser på det hele dagen. Og sier takk og ære til noen – mest til dig nei mest til Vårherre – eller jeg vet ikke kanskje til moseflyene utpå her.»4 Den positive tilbakemeldinga frå Krog inspirerte til å tenkja framover. Ho tenkte ikkje berre på heider og ære, men på at ein vellykka bokdebut måtte få økonomiske konsekvensar. Dersom det vart godt sal – ho såg også for seg at det kunne bli omsetjingar til andre språk – ville ho få med både ektemannen og Eva, søster hans, og reisa ut i verda. Eva Haalke var Hjalmar si yngre søster. Ho kom seinare til å bli ein kjend dansar og ballettpedagog, men var på denne tida heilt i starten av karrieren sin. Neste dag var Magnhild i full gang med arbeidet med manuskriptet. Ho sat i storstua og hadde det «gromt» og syntest å merka at alle såg litt annleis på henne enn før.5 Ho meinte Krog hadde rett i det meste han foreslo av endringar, og trudde ho skulle bli ferdig i løpet av veka, forlaget ville ha manuskriptet tilbake så snart som mogeleg. Ho håpa ho skulle få bra betalt og meinte ho hadde grunn til å venta det etter den vurderinga ho hadde fått frå Helge Krog. «Jeg synes det hele er uvirkelig og gruer for å våkne – en dag. Men arbeidet med boken nå står i et merkelig lys!» Nokre dagar seinare kom det brev frå Hjalmar, som gav sine omsorgsfulle råd, han hadde merka seg at Krog var begeistra, og meinte ho ikkje måtte gjera mykje av omarbeiding. Lesa i ro, ikkje innlata seg på noko hastverksarbeid, iallfall ikkje forandra noko i første delen av boka. Han minte om dei mange bileta han hadde øydelagt fordi han hadde flikka for mykje til slutt.6 Hjalmar understreka at Krog ikkje hadde nokon viktige innvendingar, han nemnde berre alternativ. Hjalmar, som hadde vore kunstmålar heile sitt vaksne liv og gjort gjort sine eigne erfaringar med å få realisert kunstnardraumen, var sterkt engasjert i Magnhild sitt bokprosjekt. Han kjende seg heilt lamma, levde så med i dette at han ikkje orka stort anna. «Alle mine tanker gjælder boken. Og jeg er angst for at du nu kanskje tar fat paa noget der nu ødelægger den. […] Det er en fryktelig spendende tid dette.»7 Han heldt eigentleg på med eit bilete, men det vart ikkje gjort stort med det. 13
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 14
Magnhild gjekk igjennom heile manuskriptet og retta seg etter råda frå Krog, ho meinte han hadde heilt rett.8 Tittelen var ho ikkje ferdig med enno, men ho hadde tru på at ho skulle greia å finna noko. Kanskje kunne Mor og sønn vera «god og salgbar»? Ho rekna med å vera tilbake i Oslo i løpet av eit par veker og gav vennlege formaningar om at Hjalmar måtte ta ut pengar «og ha sommer der og når den er der!». Sjølv gjorde ho ingenting utanom boka, og gjekk turar. «Og spiser – og lenges efter dig. Naturligvis skulle vi vært sammen nå og pratet; men det er du som kan for at vi ikke er det – din skurk.»9
«TALENT OG UDHOLDENHET» Forlaget tok imot manuskriptet med Magnhild sine endringar, og ho fekk framlegg til kontrakt. Som den omtenksame økonomen ho var, skreiv ho ikkje under utan å ha rådført seg med nokon som hadde greie på sånt. Helge Krog svarte raskt på alle spørsmåla hennar, forsikra henne om at ho heilt sikkert vart korrekt behandla av Aschehoug, og forklarte omhyggeleg kva som var vanleg praksis: «50 kroner pr. ark pr. 1000 trykte eksemplarer», han meinte boka ville bli på om lag 200 sider, tilsvarande 12 ark. Det ville for eit førsteopplag på 1000 eksemplar gi om lag 600 kroner10 og tilsvarande for det som måtte komma av fleire opplag. Han konkluderte med at det var «ikke meget silke å spinne på romanforfatterskap – ikke før man når op i de store oplag og blir oversat til mange språk». Han gav råd om ikkje å la seg slå ned eller bli ulykkeleg om ho skulle bli møtt med uforstand eller vondarta kritikk, og la til eit råd om frå første stund å væpna seg med «et passelig kvantum hovmod».11 I Oslo sat Hjalmar og skreiv brev og reflekterte over den lange vegen Magnhild hadde gått før det no såg ut til at ho endeleg skulle få vist fram kva ho var god for som kunstnar: «Det har vært et saart punkt i min samvittighet, at du ikke skulle slippe til med dine evner, som jeg for længe siden har vært klar over. […] Men du har villig hjulpet andre uten selv at faa nogen støtte og nu vil du snart straale over alle. Talent 14
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 15
og udholdenhet og liv længe nok krones med hell!» Han avslutta meir høgstemt enn vanleg: «Lev vel Mag, vær lykkelig, vær gla og stolt; du er ung, hele livet foran dig og mye skjønt og stort skal du nu gjøre. Med dit rike vaakne sind har du meget du skal ha gjort og du skal faa det gjort nu. Det som er av aand blir ikke borte!»12 Den 29. august returnerte ho kontrakten til forlaget og la til ei audmjuk formulering om at ho var «lykkelig over at min bok er funnet verdig til å trykkes hos Dem».13 Sjølv om ho heldt ein audmjuk tone, fekk forlaget raskt merka at Magnhild var ein forfattar med klare meiningar. Ho fekk eit utkast til omslagsteikning til vurdering. Det avviste ho utan atterhald. Ho ville ikkje ha «en dillettantisk anekdotetegning utenpå min bok». Denne teiknaren hadde ikkje skjønt meininga med boka.14 Ho sende ektemannen sitt utkast til omslagsteikning. Det ville ho skulle brukast, og meinte at det på framifrå vis fekk fram det vesentlege i boka. Vart ikkje dette godtatt, bad ho forlaget om å la boka vera utan «kunstnerisk utsmykning». Den ansvarlege i forlaget var heilt einig i at teikninga til ektemannen absolutt burde brukast.15
GUTEN MED DEI UNDERLEGE SPØRSMÅLA Allis sønn kom ut 7. oktober og vart ein stor suksess. Romanen var på ingen måte den einaste barndomsskildringa i norsk litteratur på denne tida. Fleire forfattarar let seg inspirera av Sigmund Freud og psykoanalysen, og vektlegginga av kva barndommen kan få å seia for vaksenlivet. Sigurd Hoels Veien til verdens ende frå 1933 er blant dei mest kjende. Magnhild kom som debutant inn i eit litterært landskap der andre hadde prøvd seg før, og ho gjorde det på sitt vis. Som kvinne med lang livs- og lærarerfaring hadde ho eit anna utgangspunkt for å skriva om det spesielle barnet enn forfattarkollegaene. Allis sønn handlar om Elling, guten som ikkje er som andre barn, full av underlege spørsmål og av og til farlege påfunn. Elling bur i lag med mora Alli og farmor og farfar på den vesle Bekkerøia langt ute i 15
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 16
øyriket, far hans er på sjøen. Vi følgjer Elling frå han er fem år. Ein dag han har vore ute og vassa i fjæra i lag med naboguten Jakop, og blitt våt og fått kjeft av mora, sit han og ser ut av vindauget: Han satt aldeles stille og så på holmen. […] Det var umulig å se bak den, når den lå slik – i ro, bestandig. Så sa han nølende: – Tro hvad som finnes bakom denne svarte holmen, Alli? – Bare havet, sa hun medgjørlig. – Bare havet, tror du? Det tror jeg ikke. Han Jakop tror heller ikke det. Han sier at det er bare tøv å tro det. Det kan være mangt bakom der. Vi skal ro dit en dag. Vi skal låne båten hans Evert – han er så snild en farfar han Evert – – Alli blev morsk i opsynet og satte øinene i ham. – Du kan våge dig i båt med han Jakop. Dere kunde gå for det, begge to – – Elling snudde sig ikke på skamlen. Han bare gnauret. – Han Jakop kan ro godt han som har øvd sig nedi bukten, hver dag – nesten. Det er skam at folk ikke kan ro, sier han Jakop. Jeg får ikke ta i årene jeg så – – og så er jeg over fem år – – og han Jakop er nesten bare fem han – –16
Alli skammar seg over at ho har ein gut som ikkje er som andre. Ho blir redd når ho høyrer han seia: «– Fadervår, du som rår – – nå er det vår – –.» Ho åtvarar han mot å tulla med fadervåret. « – Gud blir sint! Han hører alt han, ser du.» Estil, far til Elling, er nyleg heimkommen etter sju år på sjøen. Skolen ligg på Innlandet, ein times rotur frå Bekkerøia. Jakop skal «losjere» dei tolv dagane den første skoleperioden varar. Det skal ikkje Elling, Alli tør ikkje senda han frå seg til framande. Estil skal ro han, så lenge han er heime. «Og siden så blir det vel en råd da og», seier Alli når ho får spørsmål. Mykje er spennande på skolen, men ikkje leksene. Elling liker dei lange, vanskelege orda betre enn dei han er sett til å øva på, som når læraren skriv opp ord som nokre av elevane ikkje har skjønt: «– Vankelmodig, ærgjerrig, sympati – han hvisket det gang på gang med vide øine som han søkte å trenge inn i en sammenheng.»17 I ei lita, blå notisbok han har fått hos læraren, samlar han både underlege ord og 16
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 17
teikningar og rim han lagar sjølv. Han vaktar over boka, ingen andre må få sjå kva som står der. For Alli er boka skremmande, den blir eit symbol på alt ho ikkje forstår og kan rå med hos Elling. Ein dag finn ho den og hiver den i omnen – i den tru at noko skal bli betre. Men det går ikkje som Alli hadde håpa, tvert om blir alt berre verre. Elling går til åtak på mora, folk blir redde når han kastar stein. Dei snakkar om «misminningen», «han som har slått moren sin nesten i hjel». Det byggjer seg opp til ein katastrofal slutt – Elling tar livet av veslesøster si.
OVERTYDANDE PSYKOLOGISK INNSIKT Samanlikningar med Olav Duun og August Strindberg dukka opp i bokmeldingane. Kristian Elster i Aftenposten spurde retorisk om boka var aktuell, og svarte sjølv at den var «merket av tidens psykologiske viden […] den er en livets tragedie – slik det alltid vil forekomme og alltid har hendt og den er fortalt med livets egen røst, sant, uimotståelig. Den slags bøker blir alltid aktuelle».18 I Morgenposten skreiv Eugenia Kielland19 om ein oppsiktsvekkjande debut, skriven med ekte og overlegen kunst frå første til siste side.20 Sjefredaktør Einar Skavlan i Dagbladet omtalte boka som «et fullendt kunstverk» og forfattaren som «en moden kunstner».21 Hans Heiberg i Arbeiderbladet slo fast at det ikkje var komme noka sterkare, meir nådelaust sannferdig bok på lenge. Han meinte Magnhild Haalke hadde «en intuitiv viden om denne gutten og moren hans, et intimt førstehånds kjennskap som er sikrere og skjærer mer nådeløst til bunns enn noen tillært kunnskap og klar intelligens tilsammen er i stand til».22 Allis sønn vart også tema for radioomtale, som «Ukens bok» i NRK.23 Norsk rikskringkasting var på denne tida ein nokså ny institusjon. Eineretten til å oppretta og driva stasjonar og anlegg «til kringkasting av muntlige meddelelser, musikk, billeder og lignende» vart lovfesta 24. juni 1933.24 Utbygginga av sendarar på lang- og 17
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 18
mellombølge heldt fram, og mot slutten av 1930-åra kunne NRKsendingane høyrast over heile landet. NRK satsa på denne tida mykje på litteraturpresentasjon, både med bokomtalar og opplesingar, og var såleis ein viktig kanal for både informasjon om og vurdering av bøker. Magnhild var ein av få forfattarar som fekk alle bøkene ho gav ut i 1930-åra, omtalte i radioen,25 noko som sjølvsagt var med på å gjera henne kjend for enda mange fleire enn dei som las bokomtalar i avisene.26
HADDE IKKJE LESE FREUD Magnhild fekk spørsmål om kva ho hadde av teoretisk bakgrunn for temaet i Allis sønn. Ein journalist spurde om ho hadde studert psykologi sidan ho kunne gi ei så inngåande skildring av sjelelivet hos ei mor og barnet hennar.27 Forfattaren forsikra at ho ikkje hadde lese ei linje av Freud før ho nyleg hadde fått eit verk av Adler. Alfred Adler var ein austerriksk-jødisk lege og psykiater som i lag med Sigmund Freud grunnla Wiens psykoanalytiske foreining. Ho tykte det var merkeleg å lesa, for «det er likesom noe man har hatt inne i sig, det han skriver om». Ho fekk også spørsmål om det fanst levande modellar for hovudpersonane i Allis sønn, og svarte «både ja og nei». Ho hadde prøvd å skildra eit «særbarn med rike gaver som moren ikke forstår», og la til at det kunne nok også vera noko av hennar eiga og ektemannen si historie i boka. «Vi har jo begge hatt denne kunstnertrangen i oss, så vanskelighetene utenom oss har tårnet sig op.»28 I eit anna intervju sa ho at hovudpersonane er gyldige og finst i alle samfunnslag, men ho hadde plassert dei på ei einsam øy – «og da har jeg naturligvis tenkt på mine egne øyer».29 At det både på Vikna og i Sør-Odal, der ho hadde arbeidd som lærar dei siste 15 åra, var folk som meinte dei kunne skjønna kven i lokalsamfunnet ho hadde brukt som modell for Elling, kan tyda på at ho hadde greidd å få fram noko allment menneskeleg som hadde å gjera med meir enn einskilde menneske sine erfaringar. 18
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 19
Anna Sethne, reformpedagog og overlærar på Sagene skole i Oslo, skreiv om Allis sønn i tidsskriftet Vår skole ei tid etter debuten og la vekt på at Magnhild Haalke var både lærar og kunstnar. «Så levende, så nær kommer oss livet her, hjem, arbeide, skole, ja hver skildring, hvert gløtt inn i den verden som er her. Allis sønn er en dikters verk, kunstnerisk opbygd, mot det tragiske høidepunkt. […] Mon den ikke kan gjøre krav å være bokårets største begivenhet hos oss?»30
MEIR PÅ LAGER Arbeiderbladet var raskt ute med debutantintervju. Forfattaren, lærarinna som hadde fri frå skolen den eine dagen ho vart intervjua, vart presentert under overskrifta «Debutantens dilemma». Skulle ho halda fram som lærar, eller skulle ho våga å satsa fullt på skrivinga? Ho snakka varmt om elevane sine, korleis skulle det gå med dei om ho gjekk ifrå dei? På den andre sida, ho ville så gjerne dikta! Her sa ho at ho aldri før hadde tenkt for alvor på å bli diktar, enda ho hadde skrive sidan ho var jentunge, å vera forfattar hadde stått for henne som det høgaste og mest krevjande av alt.31 Ho nemnde sorga over at ho ikkje kunne bli songarinne. Men ord og musikk var jo det same, gav uttrykk for noko ein bar på, og kom det ikkje fram på den eine måten, så kom det fram på den andre måten. Kunstnardraumen hadde vore der sjølv om den vart realisert på ein annan måte enn ho først hadde tenkt seg. Etter at ho hadde fått utgitt denne første boka, våga ho å fortelja at ho hadde meir på lager, ho hadde fleire bøker liggjande i skrivebordsskuffen, dei trong berre «en siste touch». Da er det lettare å skjønna at ho etter Allis sønn makta å gi ut ei ny bok kvart år – med unntak for 1938 – på same tid som ho heldt fram i lærarjobben på Tjaberg skole i Sør-Odal, der ho arbeidde heilt til 1940. Med Allis sønn hadde Magnhild tatt opp eit tema ho hadde vore opptatt av som lærar, og som skulle bli eit sentralt tema i det vidare arbeidet hennar, både som forfattar og som samfunnsdebattant.
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 20
2
|
Familieidyllen og «bygdedyret»
Den som ikke vet noe om Vikna skal vite at det er et underlig sted. På disse store og små øyene, holmene og skjærene leves et underlig liv av folk og fe, fugler og dvergvokste planter og trær […] Og den som elsker farvespill over moset myr og spraglete lyngheier kan fare dit og erfare at slikt har han aldri sett før i livet … Og utenom alt går havet – og det kan gi lyd fra seg som intet annet en fossende svart vinternatt … Vikna, velsignede øyverden uti havet – du er alt det myke milde – og alt det hårde grufulle som livet kan romme – det er du det.
Slik skildrar Magnhild Haalke barndomslandskapet sitt.1 I dette øyriket lengst nord i Nord-Trøndelag, med om lag seks tusen øyar, holmar og skjer, som utgjer Vikna kommune, skal det tilbake i tida ha vore fastbuande på om lag sytti av øyane, somme så små at dei gav rom til berre éin eller to heimar. Elling, hovudpersonen i Allis sønn, voks opp på ei av dei små øyane lengst ut mot havet, Magnhild på ei av dei større øyane, om lag ei mils veg frå kommunesenteret Rørvik. Her hadde ho også nokre av sine første arbeidsår som lærar, hit vende ho tilbake i mange feriar, både før og etter forfattardebuten, og her budde ho i lag med ektemannen frå sommaren 1940 til sommaren 1945. Fram mot andre verdskrigen var det busetjing på om lag tretti av Vikna-øyane, men etter krigen kom sentraliseringa med full kraft. På 2000-talet bur dei aller fleste viknaværingane på tre av dei største øyane, og der folk før måtte bruka båt for å komma til neste øy, er det no brusamband, med unntak for øya Borgan, som har ferjesamband. 20
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 21
Magnhild voks opp i ein heim med mykje song og musikk, noko ho tok med seg vidare som vaksen. Her i Hansteens gate 2 i Oslo i 1949.
Magnhild Camilla Kvaale vart fødd 12. august 1885 på Lauvøya i Vikna, ho var det andre barnet til Kaia Augusta Wiig og Knut Kvaale. Dei fekk i alt ti barn, åtte av dei voks opp. Kaia Augusta var fødd på Senja 16. juli 1863. Far hennar, Erik Olaus 21
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 22
Wiig, var utdanna lærar, men vart forretningsmann. Da Kaia Augusta var eit par år gammal, omkom faren på havet. Mora, Karen Anna, var da gravid med den yngste broren hennar. I 1865 flytta Karen Anna, 39 år gammal, med seks ungar til Lauvøya i Vikna, til ein gard mannen eigde der. Nokre år seinare, i 1874, gifta ho seg med Erik Sivertsen, ein tolv år yngre gardbrukar og snikkar. Kaia Augusta utmerkte seg som ei dyktig jente både på skolen og i konfirmasjonsførebuinga. På den tida vart konfirmantane rangerte etter kva karakter presten gav dei, og 28. juli 1879 stod Kaia Augusta som den første av 28 jenter på kyrkjegolvet i Garstad kyrkje. Halvtanna år seinare gifta ho seg med Knut Kvaale, som hadde vore læraren hennar. Knut Kvaale, fødd i 1852, kom frå Orkdalen i Sør-Trøndelag. Han hadde lærarutdanning frå Klæbu seminar og kom til Lauvøya som lærar i 1873. Han og Kaia Augusta gifta seg 4. januar 1881. Det første barnet deira, Knut Kristian, vart fødd i april same året og døypt 5. juni. Ti dagar etter barnedåpen vart den 28 år gamle skolelæraren Knut Kvaale registrert som emigrant over Trondheim, reisemålet var «Central City Colorado» i USA. Kvifor kom han så fort i veg? Hadde han ikkje både ein familie og ein lærarjobb å ta hand om? Han reiste dit det kunne vera raske pengar å tena. Ei lærarstilling gav ikkje full lønn heile året, og lærarlønna åleine var ikkje mykje å forsørgja ein familie på. To av søstrene hans hadde alt reist til USA. Seinare fór tre søsken til, medan den yngste broren vart verande i Orkdalen og tok over heimgarden. Etter om lag tre år kom Knut Kvaale tilbake til Vikna og den vesle familien sin. Han hadde tent ein del pengar. Håpet var å kunna kjøpa seg ein gard. Men akkurat på denne tida hadde far hans, som mange andre gardbrukarar på denne tida, økonomiske problem, og ein del av pengane gjekk med til å hjelpa faren å berga farsgarden i Orkdalen. Resten av sparepengane brukte han til å starta ein margarinfabrikk i lag med svogeren N.J. Wiig. Dette skal ha vore ein av dei første margarinfabrikkane i Noreg basert på sildolje.2 Men om verksemda var moderne og framtidsretta, kasta den ikkje så mykje av seg som dei hadde håpa. Margarinfabrikantane gjekk konkurs. 22
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 23
OMSTRIDD INNFLYTTAR Knut Kvaale hadde komme til Vikna som lærar i 1873 og heldt fram til han reiste til Amerika i 1881. Etter at margarinfabrikken gjekk konkurs, hadde han ymse arbeid, mellom anna var han på lofotfiske i lag med ein annan svoger. I 1893 søkte han lærarposten for skolane Vikestad, Drag og Lauvøya. Han vart ikkje tilsett, men sannsynlegvis konstituert, og slik vart det også etter at posten vart lyst ut på nytt i 1895. Magnhild nemner ikkje i det ho har skrive om foreldra, at det i barndommen hennar var mykje rabalder kring Knut Kvaale si stilling som lærar. Mange sette stor pris på jobben han gjorde, men han hadde også motstandarar. Det vart skrive brev, samla underskrifter og halde folkemøte. Det formelle ankepunktet var at han hadde fått ei mulkt for ulovleg brennevinssal da han var i Lofoten i 1888. Sjølv skreiv han eit sju sider langt brev til skolestyret der han gjorde greie for brennevinshandelen, som ein svoger var ansvarleg for. Svogeren hadde tinga brennevin i Kvaale sitt namn. Ifølgje brevskrivaren var det vel kjent på Lauvøya at denne svogeren hadde drive «en saadan skammelig trafik at rekvirere varer i sine slægtningers navn». Fleire slektningar hadde til og med betalt større summar for å redda han frå straff. Det hadde også Knut Kvaale gjort.3 Korleis kunne denne historia bli så viktig mange år etterpå? Var det jantelova eller «bygdedyret» som slo hardt til mot innflyttaren? Ein skal vera varsam med å bruka litterære tekstar som pålitelege kjelder, men slik Magnhild Haalke fortel om dei to som har mykje til felles med foreldra hennar, i Kvinneverden, var det eit sterkt ankepunkt mot læraren og kona hans at han «var ikke herifra», og mange mislikte sterkt at han både skulle ha ein relativt stor gard og inntekter som lærar og kyrkjesongar.
23
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 24
EIGEN GARD MED GJELD OG SLIT Gjennom det meste av oppveksten til Magnhild var faren lærar i tre skolekrinsar og ifølgje Magnhild kyrkjesongar i to kyrkjer. Kommunale arkiv viser at han var tilsett som kyrkjesongar i kyrkja på Rørvik, og han kan ha vore vikar i Garstad-kyrkja i kortare periodar.4 Da Magnhild var åtte år, greidde foreldra med lånte pengar å kjøpa garden Vikestad, og familien flytta frå Lauvøya. Vikestad var ein av dei større gardane på Vikna. Kaia Augusta styrte hushaldet og for ein stor del gardsdrifta, medan ektemannen måtte vera mykje borte frå heimen på grunn av lærarjobben. Slik Magnhild mintest det, var alle laurdagar festdagar 24 veker i året – fordi faren kom heim. «Og alle dagene ellers var det sukk i, fordi han var vekk.»5 Magnhild og søskena lærte tidleg å arbeida. Dei gjette kyr i utmarka, hadde tilsyn med sauer og lam, plukka molter, blåbær og tyttebær og måtte sjølvsagt vera med i onnene. På desse kantar var torvonna like viktig som våronn, høyonn og skuronn. Torv var nødvendig som brensel, ved var mangelvare og vart berre brukt til opptenning. Magnhild kom seinare, som forfattar, til å gi presise skildringar av arbeidet i torvmyra. Magnhild fekk tidleg ansvar for å vogga småsøsken, dei kom til verda med jamne mellomrom. Dei fleste gjekk det bra med, men veslebroren Magne, som vart fødd da Magnhild var seks år, vart sjuk etter nokre månader og døydde da han mangla éin dag på tjue veker. Ei venninne av mora kom med kvite konvallar og pynta den døde babyen. Slik mintest ho dette da ho skreiv erindringsboka Mot nytt liv: «Magnhild Camilla hadde sorg lenge. Tålte ikke se kvite konvaller i årevis etter, fikk sorg i brystet.»6 Ei ny sorg kom da Magnhild var tjue år. Veslebroren Sigurd døydde av hjernehinnebetennelse fem år gammal, like før ho skulle reisa heimanfrå for å gå på lærarskolen. Magnhild har fleire gonger skrive om foreldra, og ho skildrar barndomsheimen i varme ord. Her var det ikkje rikdom, men glede, tryggleik og varme. Mora tok ansvar for fleire enn sine eigne. «Mor 24
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 25
Familiefoto. Midt på biletet Knut Olsson Kvaale, far til Magnhild. Til venstre Erik Sivertsen, andre ektemannen til Magnhild si mormor, til høgre søstera Anne. I bakre rekkja frå venstre Magnhild og brørne Knut Kristian og Egil Asbjørn.
25
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 26
Kvaale» blir framstilt som ei ein kunne tru seg til når det mangla det nødvendigaste av mat til ungane. I dette øysamfunnet sleit mange med små jordlappar og vekslande hell på sjøen.
PIANO VERDT EI ÅRSLØNN I heimen var det mykje song og musikk. Faren song og spelte gitar om kveldane når han var heime, og ungane høyrde på til dei sovna på stolane. Slik Magnhild fortalde om det på sine gamle dagar, la han frå seg gitaren og bar dei opp trappa til loftet, og så gjekk han ned og spelte og song vidare. Magnhild var den som sat lengst, og faren lærte henne å spela gitar, han meinte ho var lærenem. Seinare vart dei eit heilt orkester. Etter at onkel John hadde vore heime på besøk frå Amerika, kom det fele i huset, to av brørne lærte å spela på den.7 Medan Magnhild var lærar på Ørlandet, fekk ho tak i eit brukt, men godt piano som tre av søstrene lærte å bruka. Mora betalte avdrag på pianoet i fleire år, det vart fortalt i familien at dei kvidde seg for å fortelja faren kva pianoet kosta – 500 kroner, ikkje langt unna ei årslønn for ei lærarinne.8 Familien på Vikestad las bøker, noko som ikkje var sjølvsagt i så mange heimar i øyriket den gongen. Bjørnson var det store namnet, men sjølvsagt las dei også Ibsen, alle dei skodespela som vart oppfatta som svært radikale i samtida. Magnhild mintest at dei ikkje alltid var like begeistra, iallfall ikkje mor hennar. Mora var nokså opprørt over Nora i Et dukkehjem, ho tykte det var forferdeleg at Nora kunne gå ifrå ungane sine. Stort sett fekk dei lesa kva dei ville. Men det fanst visse grenser. Albertine av Christian Krohg har Magnhild nemnt som eksempel på ei bok dei ikkje fekk lov til å lesa.9 Ei heilt anna grense kunne mora handheva nokså strengt: Parafinen var dyr – dette var lenge før elektrisiteten kom til Vikestad – og Magnhild kunne få beskjed om at ho måtte sløkka lampa, av økonomiske grunnar. Da skrudde ho lampa ned og låg og las vidare med dårleg lys.10
26
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 27
LYKKE Å GÅ PÅ SKOLE HOS FAR Den første skolegangen fekk Magnhild i stua heime, med faren som lærar. Eigne skolehus fanst ikkje alle stader. Å leiga rom til skolen på gardar der det fanst stuer store nok, var ikkje uvanleg. Magnhild skriv om «den store lykke å gå på skolen hos min far», der ho gjekk tolv veker i året i lag med ungar som kom travande både seks og sju kilometer til fots, i tresko eller lervlabbar – labbar som var sydde av tøyrestar. Før skoledagen starta, var kjøkkenet på Vikestad fullt av ungar. Kaia Augusta såg til at dei bytte på føtene og kroppen med «det som huset formådde». I fristundene fór faren som den sprekaste unggut og sprang i lag med ungane så «jubelen sto langt utover heiene». Men når det var undervisning, ville han ikkje ha skvalder og tull i timane. Dei skulle sitja pent og roleg på pultane når det skulle arbeidast. Dei måtte gjerne spørja, «men ingen leven», fortalde Magnhild i ein artikkel ho skreiv i 1960-åra.11 Kanskje er biletet ho teiknar av faren som lærar, i overkant mykje glansbilete, men ho trudde iallfall at dei andre elevane såg på læraren på same måte som ho og søskena gjorde: ein snill og rettsindig far som handla likt mot både eigne ungar og andre. Ein dei kunne tru seg til, og som forstod dei. Dei stolte på læraren og godtok det han sa, både når han var streng, og når han var god. Magnhild sin omtale av foreldra er prega av kjærleik og respekt. Dei hadde skapt ein heim det var godt å veksa opp i. Men det skin også igjennom at faren ikkje møtte berre velvilje hos dei kommunale styremaktene. Han var orkdaling, altså innflyttar. Og eigentleg skulle han visst ikkje hatt den fine garden midt i grenda deira, han læraren som hadde så «aushendig» til storforteneste av denne lærarposten, med tolv kroner veka. Og dessutan hadde han ei krones penge for å flakka milevis over land og hav for å syngja i kyrkja for dei.12 Slik Magnhild fortel om det, fekk faren heller ikkje den godtgjeringa han skulle ha for å leiga ut rom til skolen. «Han burde egentlig gjøre det gratis for det han fikk være i heimen, sa kommunen til ham.» Men kommunale rekneskap viser at han, som andre, fekk den fastsette godtgjeringa som 27
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 28
gjennom alle 1890-åra var fire kroner veka, og som i 1918 var komme opp i 12 kroner veka.13 Det kan sjå ut til at ho ved fleire høve forstørra den motstanden faren kan ha møtt i bygdesamfunnet. Jamført med dei fleste andre i lokalsamfunnet tilhøyrde Kvaalefamilien dei betrestilte når det gjaldt både økonomisk og kulturell kapital. Dei var på ingen måte rikfolk, men med ei fast inntekt, sjølv om den ikkje var stor, i tillegg til det gardsdrifta gav, var dei i ein heilt annan posisjon enn dei fleste kring dei, noko som også kan ha skapt ein viss avstand til lokalmiljøet. At både Knut og Kaia Augusta var innflyttarar, gjorde sitt til at dei var ekstra utsette for misunning frå dei som var dårlegare stilte.
YNGSTE ELEV PÅ FOLKEHØGSKOLEN På Vikestad fanst det også vilje til å gi ungane meir skolegang enn den som slutta med folkeskole og konfirmasjon. Namdals folkehøgskule hadde blitt starta i 1884 med Marius Hægstad som den første styraren. Folkehøgskoleideen gjekk tilbake til den danske presten N.F.S. Grundtvig (1783–1872), som meinte det trongst ein «skole for livet», i motsetnad til den tids latinskolar. Folkehøgskolen var eksamensfri, varte vanlegvis eitt skoleår og kom i Noreg særleg til å bli viktig for bygdeungdom, som det einaste skoletilbodet etter folkeskolen for dei som ikkje hadde høve til eller ønske om å gå latinskole og gymnas. Folkehøgskolen var prega av frilyndte tankar og vart innimellom utsett for åtak frå kristelege kretsar som helst såg at ungdommen valde dei kristelege ungdomsskolane. Til dømes agiterte presten Møllerup i Grong i 1901 for den kristelege ungdomsskolen på Strinda utanfor Trondheim og hevda at på folkehøgskolen vart Jesus og Odin sette jamsides.14 Namdals folkehøgskule var – som dei andre frilyndte folkehøgskolane – prega av sterke nasjonale straumdrag. Norsk sjølvstende og norsk språk var høgt verdsett, og denne setninga var understreka i annonsen om det første folkehøgskolekurset på Ofstad hausten 1899: 28
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 29
«Ein av dei beste næmingar som Namdals folkehøgskule har hatt», var attesten Magnhild fekk etter skoleåret 1901–1902. På biletet av lærarar og elevar er ho nummer tre frå venstre i første rekkja.
«All undervisningi paa nynorsk».15 For dei fleste ungdommane på den norske landsbygda ved starten av 1900-talet var skolegangen slutt etter folkeskolen. Folkehøgskolen var ein draum som nokre få fekk realisera. For ungane til Knut og Kaia Augusta Kvaale var heller ikkje folkehøgskolen siste etappen på utdanningsvegen. Magnhild har meir enn éin gong uttrykt undring over korleis mora greidde å spara av knappe kontantar slik at det fanst pengar til utdanning for alle søskena. «Mor hadde et skrin der sparte skillinger ble lagt, krone til krone, øre til øre, ikke til å tro at det ble summer av det. […] Mor hadde purke med atten onger en vår, det ble etthundre og åtti kroner å legge i skrinet, okse ble solgt, kalv og ku og sau ble solgt.»16 29
Der livet brenn ferdig.qxp_A 23.01.2019 12:45 Side 30
Tjuefem år etter starten var Namdals folkehøgskule framleis ambulerande. Hausten 1900 starta folkehøgskolekurset på Ofstad, ein gard nokre få kilometer frå Vikestad. Eldstebror til Magnhild, Knut Kristian, gjekk der, og han fortalde begeistra om skolen og lærarane: «aldri det minste pugg og strenghet».17 Det var stor stas i heimen når denne broren kom setjande og hadde heile kroppen og sjela fylt av dette eventyret som var Namdals folkehøgskule på Ofstad. Magnhild vart tatt opp som elev det neste skoleåret, enda ho berre var 16 år og aldersgrensa eigentleg var 18 år. I alt 16 gutar og 16 jenter begynte på folkehøgskolekurset 15. oktober 1901, og det varte til 12. april året etter. «For meg var vel de månedene på Namdals folkehøgskole ikke stort meir enn undring. Jeg var vel for ung. Men noe fikk jeg med meg. Kanskje vesentlig at det var masser av ting jeg skulle ha lyst til å få bedre rede på.»18 Men attesten ho fekk frå skolestyrar Ludvig Benum da ho slutta, fortel at ho må ha fått med seg litt meir enn undringa: «Ein av de beste næmingar som Namdals folkehøgskule har hatt.»19 Nokre få år etter folkehøgskolen fekk Magnhild reisa ut i verda for å få meir utdanning. Den reisa gjekk til Elverum.