BØKER AV JAN INGE SØRBØ Blomsterbarn i kyrkja. Samlaget 1985 Lågt skydekke. Dikt. Samlaget 1986 Babettes gjester. Dikt. Samlaget 1988 Svar til ein sjaman. New Age, overmennesket, og ei kyrkje på flukt. Samlaget 1988 Alexander. Roman. Samlaget 1991 Offentleg samtale. Presse-etiske grunnspørsmål. Samlaget 1991 Blåmalar og litt lakkerar. Dikt. Samlaget 1993 Essay om teologi og litteratur. Samlaget 1994 Høstet på himlens skråninger. Sju essay om Arnold Eidslott. Gyldendal 1996 Den sjette timen. Bibeldikt. Samlaget 1997 Til Elise. Roman. Samlaget 1998 Over dype svelg. Eit essay om Ronald Fangens aktualitet. Gyldendal 1999 Angen av bork og ein brennande einerbusk. Om Alfred Hauges forfattarskap. Gyldendal 2001 Hans Skjervheim – ein intellektuell biografi. Samlaget 2002 Frå gamle fjell til magma. Linjer i nynorsk lyrikk. Samlaget 2004 Kielland som melodramatikar. Gyldendal 2005 Symfoni No. 3, Opus 41. Roman. Samlaget 2006 Frels christendommen fra staten: Søren Kierkegaard og dagens statskyrkjedebatt. Forlaget Press 2007 Ørneflukt og ormegard. Ein biografi om Olav Aukrust. Samlaget 2009 Til trøyst. Å gje språk til psykiske kriser. Samlaget 2013 Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland. Samlaget 2015 Nynorsk litteraturhistorie. Samlaget 2018
Jan Inge Sørbø
Fire store Hulda Garborg • Gro Holm Aslaug Vaa • Marie Takvam
Samlaget Oslo 2022
© Det Norske Samlaget 2022 www.samlaget.no Omslag: Aina Griffin Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: 10,7/13,6 pkt. Minion Papir: 80 g Munken Print Cream 1,8 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0754-5 Forfattaren har fått støtte frå Det faglitterære fond.
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Innhald Innleiing . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
7
Marie Takvam . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
21 25 28 33 37 42 50
Frå Hjørundfjord til drabantbyen . . . . . . . . . . . . . . . . Takvam som mediefigur . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Takvam i litteraturen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Livsfasar og forskyvingar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Takvam og periodane. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kjønnsperspektivet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
Hulda Garborg . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Biografisk skisse. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Hulda Garborg i litteraturhistoria . . . . . . . . . . . . . . . . Litterære døme . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kvinden skabt af Manden . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Fra Kolbotnen og Andetsteds . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Hedmarks-kvartetten . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . To epilogar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Dramatikken . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Rousseau på norsk . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
53 54 57 63 64 71 74 92 98 111
Gro Holm . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Biografi og historisk plassering . . . . . . . . . . . . . . . . . . Hovudverket . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Industrien kjem . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Slavekår i kjøkkenveien . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Ein mørkare satire – Hjelpelaus og Monsens hotell . . . Gro Holm i historia . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
Aslaug Vaa . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
119 122 125 137 144 147 157
Steingud og leopard – ei spenning i dramatikken . . . .
165 168 172 176 180 198
Avslutning . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
221
Litteratur. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
239
Personregister . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
249
Biografisk skisse. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Vaa lesen baklengs . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Vaa som kronikør . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Den seine lyrikken . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
Innleiing «Der synes at være Grund til at tro, at Forfatterinden for Tiden ikke er normal.» Det er hypotesen til litteraturprofessor Christian Collin når han omtalar Hulda Garborgs roman Kvinden skabt af manden (1904), berre ein månad etter at den kom ut. Meldinga kalla han «Syg Literatur» (Verdens Gang 15.5. 1904). Collin les boka som ein sjølvbiografi, og «et Sundt Menneske, med udpræget literært Talent, vilde neppe lade trykke en Selvbekjendelse – baade paa sin egen og sin Mands Vegne». Det var Hulda Garborg som var forfattaren bak romanen, som ho gav ut anonymt. Litteraturprofessoren påstår to ting: At det eigentleg ikkje er ein roman, men ein sjølvbiografi. Og fordi historia handlar om vanskar i eit ekteskap, må ho som skriv den, vera unormal som skriv offentleg om sitt eige liv. Det han ikkje tematiserer, er at han som skriv meldinga, er mann, og den han skriv om, er ei kvinne. Det er usikkert om Collin på dette tidspunktet visste kven som var forfattaren, sjølv om ekteparet som blir skildra, har visste likskapstrekk med Garborg-paret. Mannen i forholdet er ein distré intellektuell, oppslukt av sine eigne skriveprosjekt, medan ho er ei lidenskapeleg kvinne 7
Innleiing
som saknar varme og nærleik. For den som les boka i dag, er det opplagt at historia om ekteparet først og fremst er eit innlegg i ein debatt om kjønnsroller og kjønnsforståing, som Hulda Garborg hadde sterke synspunkt på. Det såg ikkje litteraturprofessoren, som vart støytt både av sjølvutleveringa og av kvinnesynet, og i kraft av sitt svaksyn kunne han erklære forfattaren som unormal. Litteraturmeldinga frå 1904 illustrerer den rolla kjønn spelar i lesinga og vurderinga av litteratur, som er temaet for denne boka. Det spissar seg til i spørsmålet om kva slags bøker som er dei beste, og som bør lesast utover si eiga samtid, det ein kallar den litterære kanon. Kven får bli med der? Det er eit maktspørsmål. Kven har makta til å gje forfattarar ein sikker plass i den litterære kanon? Og kven har makt til å stengja tilgangen dit? Eit godt døme på slike prosessar er (danske) Gyldendals store suksess med å utnemna fire av sine eigne forfattarar til «dei fire store» i norsk litteratur. Desse fire var Bjørnstjerne Bjørnson, Henrik Ibsen, Alexander L. Kielland og Jonas Lie. Men kvar er kvinnene? Dersom dette skulle handla om ein lengre periode i norsk litteratur, kunne ein etterlysa nobelprisvinnar Sigrid Undset. Dersom horisonten er 1800-talet, har ein gløymt både Camilla Collett, den første verkeleg store romanforfattaren i norsk litteratur, og Amalie Skram, den store dansk-norske naturalisten. Det er også heilt urimeleg at Arne Garborg ikkje er på lista; han skreiv både den beste romanen (Fred), den beste diktsamlinga (Haugtussa) og det beste essayet (Hanna Winsnes’s Kogebog) i sin generasjon. Som ein reaksjon på dette mannsdominerte firkløveret har eg lyft fram fire kvinner som eg ser på som store forfattarar. Eg seier ikkje at dei er større enn alle andre. Men 8
Innleiing
det er spennande å sjå korleis desse fire gode forfattarane er blitt lesne og vurderte. Dei skreiv frå 1890-talet til 1980-talet. Dei mekanismane vi såg ovanfor i omtalen av Hulda Garborg, har dei endra seg i denne perioden? Korleis blir kjønnskategorien brukt i lesinga av dei fire? Litteraturprofessor Collin har ein dobbelt strategi, han tolkar Garborg si bok biografisk, for deretter å forkasta den som privat. Peikar dette mot noko meir allment, som gjer at ein i særleg grad les kvinnene biografisk, for i neste omgang å kritisera dei for å berre skriva om sitt eige og familiens liv? Som vi skal sjå, er ikkje Hulda Garborg den einaste som opplever dette. I 2018 gav eg ut Nynorsk litteraturhistorie, som handlar om nynorsk litteratur frå 1860 til 2015. I arbeidet med boka vart eg for alvor merksam på forholdet mellom kjønn og kanon. Når ein arbeider historisk, kjem ein påfallande ofte i kontakt med skrivande kvinner som ein ikkje har høyrt om eller veit lite om, men som syner seg å ha store kvalitetar. Likevel er dei sjeldan nemnde som gode døme på litterære periodar eller trendar. Og om dei har typiske periodetrekk og dermed kunne ha vore demonstrative døme på litterære retningar, så ser vi fleire gonger at dei blir brukt som illustrasjonar på alt det dårlege i perioden. Eit eldre døme på dette er Dorothe Engelbretsdatter, som på alle vis fyller kriteria på ein fullblods barokkdiktar. Likevel har litteraturhistorikarar ofte brukt henne som døme på alle «feila» i barokken; overdrivingar, unaturlege bilete osv. – medan dei har brukt Petter Dass til å demonstrera alle barokkens kvalitetar. Harald Beyer (1952) er typisk. Han forstår heller ikkje Dorothes fine ironi i det han siterer:
9
Innleiing
Vår tid har litt vanskelig for å finne smak i Siælens Sang-Offer, som ble yndet i norske bygder i hundre år. Derimot synes vi det er morsomt når hun stundom koketterer litt med sin kvinnelighet og skriver – stikk imot vår tids kvinnesakskvinner – til herr Petter: Om jeg zwischen uns at sige, kand lidt meer end Fadervor, maa jeg for de Lærde vige, Buxefolket gaar dog for. (Beyer 1952, s. 105)
I samtida var Dass lite kjent og fekk nesten ingen ting på trykk, medan Engelbretsdatter var ein leiande dansknorsk forfattar. Vi ser det same med Amalie Skram, som vel er vår fremste naturalist. Ho har blitt karakterisert som mørk, håplaus og dyster, som naturalismens nattside, medan Arne Garborg og Jonas Lie har fått æra for ein meir balansert naturalisme, sjølv om naturalismen berre var ein episode i deira lange skrivepraksis. Meir vanleg er det likevel at kvinner rett og slett blir oversett når kanondanninga skjer. Salmediktaren Berte Canutte Aarflot (1795–1859)1 var ein av dei mest produktive og publiserte salmediktarane i første del av 1800-talet. Men då Landstad publiserte si salmebok i 1870, eit tiår etter ho var død, og fleire tiår etter at ho slo gjennom som diktar, tok han ikkje med ein einaste tekst av henne. Seinare tider har mislikt henne fordi ho var ein streng haugianar, med distanse til «verda». Men der er ho heilt på line med dei eldre pietistane, som Hans Adolf 1 Namnet til Berte Canutte blir stava ulikt både i hennar samtid og i dag: Berthe eller Berte, Canutte, Kanutte og Canutta. Andreas Aarflot skriv Berte Kanutte, som også er stavemåten i hovudbygget til Høgskulen i Volda, Store norske leksikon og Norske biografisk leksikon skriv Berte Canutte.Vi held oss til dei siste.
10
Innleiing
Brorson, som er ein av dei mest representerte i salmeboka. I diskusjonen om kvifor Aarflot var usynleg i norsk salmehistorie, har salmehistorikarane leita etter forklaringar som dårlege rim og svak rytme. Eg meiner dei lid av kjønnsblindskap, som er ei vanleg liding mellom mannlege historikarar og litteratar. Forklaringane deira stemmer ikkje (Aarflot 2020). Nettopp omgrepet kjønnsblindskap kan vera nyttig når ein ser på kvinnelege forfattarskap og den lagnaden dei har fått i den litterære kanon. Kjønnsdimensjonen fungerer nemleg dobbelt. I ei argumentasjonsrekkje blir den fornekta. Då lyder det slik: Vi skulle gjerne hatt med fleire kvinner i framstillinga av litterære periodar, men det er ingen gode. Vi ser ikkje på kjønn, berre på kvalitet. (Dette er heilt parallelt til argumentasjonen ein møter i spørsmålet om leiarar i næringslivet.) Men i omtalen av kvinnelege forfattarskap blir kjønn absoluttert, slik at ein les alt kvinner skriv, som kvinnestoff, kvinnelitteratur. I staden for å skriva om kvinnene som representantar for perioden blir dei plassert under kategorien «kvinner». Dette er svært merkbart, frå A.H. Winsnes i Norges litteratur i mellomkrigstida til Per Thomas Andersens Norsk litteraturhistorie på 2000-talet. Poeten Marie Takvam, som gav ut si siste bok i 1990, er kanskje det sterkaste dømet på kjønnstotalisering med tilhøyrande biografisk lesemåte i mitt utval. Og også det nyaste. Etter den tid har kvinnene gjort seg sterkt gjeldande i litteraturen, både når det gjeld utgjevingar og litterære prisar. Men det er framleis eit ryddearbeid å gjera i litteraturhistoria, og vi veit heller ikkje kven som vil bli tekne med når litteraturhistoria om vår tid skal skrivast. Då konseptet med «dei fire store» vart repetert på nitti11
Innleiing
talet, fekk ein i det minste klemt inn ei kvinne: Dag Solstad, Kjartan Fløgstad og Jan Kjærstad fekk selskap av Herbjørg Wassmo. Kjønnsblindskap slår altså over i ei totalisering av kjønn. I kåringa av dei beste bøkene er kjønn usynleg. Men i lesinga av kvinners litteratur er kjønn heilt dominerande. Difor er det grunn til å sjå på litteraturen til desse kvinnene på ny. Simone de Beauvoir skriv i Det annet kjønn at kvinne ikkje er noko ein er, men noko ein blir. Til grunn for dette ligg eit skilje mellom biologisk og kulturelt/sosialt kjønn som er mykje brukt og diskutert i moderne feminisme og kjønnsteori. Ein er fødd med eit biologisk kjønn (eg går ikkje inn på den nyare problematiseringa av dette, som legg størst vekt på opplevinga av eigen kjønnsidentitet). Men i den kulturen ein er fødd inn i, har ein mange og sterke førestillingar om kva det inneber å høyra til det eine kjønnet. Den enklaste illustrasjonen på dette er at ein kjøper rosa klede til jenteborn og blå til gutar. Det problematiske oppstår når ein forvekslar dei to aspekta ved kjønn og tek til å argumentera for at dei kulturelle konvensjonane er natur. At det er biologiske grunnar til å kle jenter i rosa. Desse kleskonvensjonane høver ikkje på alle born. Men det blir endå meir problematisk i diskusjonane av mannsyrke og kvinneyrke. Tidleg på 1800-talet var svært mange yrke lukka for kvinner: Dei slapp ikkje inn på universitetet og kunne ikkje bli dommar eller advokat, prest eller lækjar. I tur og orden vart desse yrka opna for kvinner, men argumentasjonen mot denne likestillinga var heile tida knytt til natur og biologi. Hulda Garborg skreiv ein gong at ho i alle fall ein gong i månaden var ute av stand til å fungera som dommar i ein rettssal – kvinnebiolo12
Innleiing
gien lukka altså dommaryrket for kvinner. Det medisinske fakultetet vart alt på 1880-talet bede om å opna studiet for kvinner, men fakultetet skreiv ein uttale der dei sa at kvinners «konstitusjon» – deira natur – var for svak både til det krevjande studiet og til sjølve yrket – det er sanneleg krevjande nok for menn, heiter det i uttalen frå dei medisinske professorane. Kvinna vart oppfatta som «det svake kjønn», reint biologisk. Både i fysisk styrke og emosjonell stabilitet var kvinna underlegen og måtte sparast for slike krevjande oppgåver. Natur-argumentasjonen vart også brukt positivt for dei yrka kvinna kunne ha: omsorgsarbeid og opplæring, særleg av mindre born. Det sprang nemleg ut av kvinna sine særlege evner, som var knytt til den viktige (biologisk grunngjevne) morsrolla. Dette å gjera kulturelle og historiske ordningar til ein tidlaus natur er ein mekanisme ein kan observera på mange område. Ofte blir denne argumentasjonen brukt for å halda på gamle maktstrukturar. Ein har brukt slike argument for å halda ulike grupper nede: «mindreverdige» rasar, folk frå andre klasser eller andre regionar. Folk frå utkanten kan oppleva å få forklart alle sine standpunkt med geografi, medan dei som lever i sentrum, representerer den allmenne fornufta, uprega av geografisk tilknyting. Makthavarane prøver å visa at deira makt er universell, medan opposisjonen er partikulær og kan forklarast med kjønn, rase eller geografi. Det partikulære ved makta er usynleg, det partikulære ved dei maktsøkjande blir gjort totalt. Dette kan høyrast abstrakt ut, men det får svært konkrete nedslag også i det litterære feltet. Då Agnar Mykle skreiv romanar med (sett med 1950-talets blikk) svært eksplisitt erotikk, stod diskusjonen primært om konflikten mellom ytringsfridom og grensene for anstendig skriving, 13
Innleiing
trass i at noko av grunnlaget for reaksjonane på Sangen om den røde rubin var at Mykle skildra sine tidlegare elskarinner svært gjenkjenneleg. Då Marie Takvam skreiv om kvinnekroppens aldring i same tiår, med tilknyting til rokokkoens dødsmedvit og frykt for alderdommen, gjekk derimot diskusjonen om det var for privat og eit spesielt kvinneproblem. Diskusjonen om kva slags yrke kvinnene kan ha, er også relevant for forfattaryrket. På 1800-talet var det svært vanleg at kvinner skreiv under pseudonym, stundom «by a lady», andre gonger under mannsnamn. Eit spektakulært engelsk eksempel er Mary Ann Evans (1819–1880), som framleis blir omtala som George Eliot. Ho var ein lærd forfattar, ei utprega intellektuell kvinne, og då var eit kvinnenamn i vegen. Det høyrer med til biletet at også menn skreiv under pseudonym, av ymse grunnar. Skrivande kvinner var ikkje uvanleg. Frå 1785 til 1800 kom det jamt over fleire romanar frå kvinner enn frå menn i Storbritannia (Mandal 2007, s. 13–14). Interessant nok var dette i ei tid då ein såg litt ned på romanen, den vart oppfatta som populærlitteratur. Dei mest respekterte sjangrane var dikt og drama. Romanar vart sett på som «forteljingar» og plassert i populærkulturen. Slike «forteljarar» er ofte ikkje nemnde i litteraturhistoriene i det heile. Eit norsk døme er at den store romanproduksjonen til Hanna Winsnes (1789–1872) ikkje er nemnt korkje i litteraturhistoriene eller i Norsk biografisk leksikon, ho er utelukkande kjent for kokeboka si. Det er også eit klasseaspekt her. I adelen og det høgare borgarskapet var kultur noko kvinna kunne pusla med – ho hadde tenarskap til å ta seg av borna, og det fanst eit minimum av tid og plass til å skriva. I Noreg var pio14
Innleiing
nerane Dorthe Engelbretsdatter og Camilla Collett solid plassert i embetsklassa, som prestedøtrer og -fruer. Berte Canutte var meir sensasjonell, som bondekone og diktar. Ho var dotter til bonden og opplysningsmannen Sivert Aarflot (1759–1817) på Egset i Volda og gifte seg med ein bonde i Ørsta. Kombinasjonen av opplysningskulturen på Sunnmøre og haugianismen gav ei kvinne rom for å skriva, og Aarflot hadde ein stor produksjon av både salmar og religiøse trøystebrev. Det var truleg den same bakgrunnen som gjorde at Landstad heldt henne utanfor salmeboka; det var ikkje vanleg å sleppa nokon – i alle fall ikkje kvinner – inn i salmebøkene, om dei kom frå bondestanden. Nynorskrørsla, som vart til omkring 1860, endra dette, men det tok tid, og faktisk var den første salmen Berte Canutte fekk inn i salmeboka, ei nynorsk omsetjing i Nynorsk Salmebok i 1925. Men også i nynorskrørsla tok det tid å skapa rom for kvinnelege forfattarskap. Kvinner var i første omgang aktive i tidsskrift og blad, større forfattarskap hadde oftast utdanning som føresetnad, og få kvinner hadde tilgang til det før 1900. I første omgang sprang nynorsk skriving i stor grad ut frå ungdomslagsmiljø, der kvinnene utfalda seg med skriving og teater, men det tok tid før dei kunne gjera skrivinga til yrke. Ei fast månadsinntekt og eit eige rom er det som krevst dersom ei kvinne skal bli forfattar, skreiv Virginia Woolf (Woolf 1929). Ho meinte kvinnene måtte få «sitt eige rom». Den kjende boka til Woolf bygde på foredrag ho hadde på eit kvinnecollege, og ho poengterer nettopp sambandet mellom vilkåra for utdanning og vilkåra for skriving. Dei fleste college ved britiske universitet var lukka for kvinner, somme av dei heilt opp til 1950-talet. Universitetet i Kristiania opna for kvin15
Innleiing
ner på 1880-talet, i første omgang på historisk-filosofisk fakultet. Ein grunn til at kvinner ikkje så lett blir tekne opp i kanon, er at mange av dei debuterer seint. Mange ventar til småbarnsfasen er over, og ofte tek det lengre tid før dei får bøkene utgjevne. Det kan føra til ei tidsforskyving der dei er prega av ein litterær periode som nærmar seg slutten når dei debuterer. Dei les og får sine avgjerande inntrykk i tenåra og tidlege tjueår, men debuterer kanskje når dei er mellom tretti og førti. Då er dei seint ute i forhold til den litterære perioden i samtida, som alt er definert av menn som debuterte tidlegare. Hulda Garborg debuterte med ei klart naturalistisk bok som 30-åring, i 1892, Aslaug Vaa var 45 då første diktsamling kom ut, Gro Holm debuterte med Sut, første bind av Løstølsfolket, i 1932, då ho var 54 år. Det er noko usamtidig med alle desse; Hulda er både litt seint ute med naturalismen og litt seint ute med den rurale realismen ho nærmar seg i dei fire Hedmarks-romanane rundt 1920. Aslaug Vaa utfordrar eigentleg alle periodeinndelingar, i og med at ho brukar element frå den nynorske romantikken på 1910-talet og kokar om til eige bruk. Innhaldsmessig føregrip ho den filosofiske kritikken av teknologien og den instrumentelle haldninga til menneske og natur som kjem til Noreg først etter krigen. Og hos Gro Holm finn vi ein realisme som har i seg det skarpaste og beste frå 1880-talsrealismen, kombinert med ruralrealismen frå hundreårsskiftet. Men arbeidarromanen frå trettitalet og framover er heller ikkje nokon fjern referanse. Som ein konsekvens av dette hamna dei fire forfattarane, til liks med mange av sine medsystrer, i utakt med periodane i litteraturhistoria. Hulda blir ikkje nemnt som døme på 1880-talet sin naturalisme (som rett nok heller 16
Innleiing
ikkje er hennar beste bidrag), få vil nemna Aslaug Vaa som ein typisk nynorsk romantikar, i selskap med Aukrust, Nygard og Rytter. Og ingen vil nemna Gro Holm mellom dei store (ny)realistiske forfattarskapa, sidan ho skreiv på 1930- og 40-talet. Denne utakten i forhold til periodane aukar faren for ekskludering frå kanon. Med Marie Takvam stiller det seg annleis. Ho føregrip periodane ho skriv i, utan at det alltid blir forstått. Men så har ho også gjennomført ei utdanning, som var meir tilgjengeleg i hennar generasjon enn for forgjengarane. Litteraturforskaren Harold Bloom vart verdskjent for boka The Western Canon (1994, på norsk 1996), der han plukkar ut meisterverk frå heile den vestlege verda. Ein viktig premiss for utvalet er at bøkene enten føregrip Shakespeare eller er påverka av han, så det er inga nøytral historie han fortel. Men Bloom har eit anna arbeid som er vel så interessant i vår samanheng, nemleg The Anxiety of Influence (1973), der han analyserer korleis periodar og forfattarskap blir til i kamp mot litterære farsfigurar. Ein diktar er sterkt påverka av forgjengaren, men vil ikkje innsjå det. Difor gjer mange forfattarar litterære fadermord i sin ungdom og gyv laus på dei som har påverka dei mest. I norsk litteratur er Knut Hamsun det enklaste dømet; han turnerte med eit foredrag der han sjikanerte dei fire store etter tur – nokre månader før han debuterte med Sult (1890). Men i realiteten var Hamsun både påverka og fascinert av forgjengarane sine, særleg Bjørnson, som han seinare skreiv fleire hyllingsdikt til. Bloom analyserer desse oppgjera mellom generasjonane med ein fri bruk av Freuds teoriar om fadermordet. Sonen må rydda plass for seg sjølv, difor må faren bort. Dersom den unge diktaren lukkast, vil det verka som den eldre diktaren er påverka av 17
Innleiing
den yngre – også i tilfelle der den eldre er død før den yngre debuterer. Eit døme på det er T.S. Eliots flittige bruk av Hamlet-figuren, til dømes i diktet «The Love Song of J. Alfred Prufrock». Det er eit av modernismens praktstykke, og ein moderne lesar som møter diktet før Shakespeares Hamlet, spør seg sjølv om ikkje Shakespeare her har teke noko frå Eliot. Som ein demonstrasjon av sin eigen teori skriv Bloom at Freuds tolking av Shakespeare er langt mindre interessant enn Shakespeares tolking av Freud. Han meiner Shakespeare har gjennomskoda slike lesarar som Freud alt på 1600-talet. Det er noko grunnleggjande mannleg i dette biletet av litterær påverknad og spelet mellom periodane: Det handlar om far og son. Før 1900 var det – så vidt – foreinleg med kvinnerolla å skriva gode dikt og romanar. Men å delta i definisjonskampen om litteraturens vesen var vanskeleg for kvinner før dei fekk same tilgang på utdanning som menn. Sidan danninga av kanon ofte spring nokså direkte ut av kampane om kva litteratur og litterær kvalitet er, vil dei som er med i denne striden, ha størst sjanse for å koma inn i den litterære kanon. Forfattarar som Bjørnson, Kielland og Garborg var aktive i diskusjonen om kva normene for god litteratur skulle vera, dei importerte viktige impulsar frå utlandet og definerte den litteraturen som dei sjølv skreiv, som den mest aktuelle og litterært interessante. Kvinnene før utdanningseksplosjonen er mindre aktive på den arenaen, både fordi dei har mindre tilgang på utdanning, og fordi dei er periodemessig i utakt. Og dei hadde hovudansvaret for heim og born og mangla dermed både tid og eige rom til skriving. Når ein ser på kva forfattarar som blir lesne i ettertid, og vurderer kvaliteten i kanoniserte verk, må ein ha auga for 18
Innleiing
desse mekanismane. I mange tilfelle slår dei dårleg ut for kvinners skriving. Somme var ute og tok del i den litterære striden i tida dei levde i, andre var det ikkje. Somme var med i grupper som gjorde seg gjeldande, andre slett ikkje. Om dei deltok lite, verka det inn på sjansen dei hadde til å koma inn i den litterære kanon og dermed å bli lesne på ny av nye generasjonar. I denne boka vil eg skriva om fire markante kvinner som det framleis er spanande å lesa: Hulda Garborg, Aslaug Vaa, Gro Holm og Marie Takvam. Dei er høgst ulike, men det gjeld for dei alle at dei er ujamt mottekne og lesne; mangelfullt forstått og overlevert. Somme tider blir kjønn totalisert, somme tider blir kjønnsbasert nedvurdering gjeven ut for å vera objektive standardar. Brytninga mellom forfattarskap og mottaking og lesing er alltid interessant og vil oppta meg her også. Alle fire er offer for den spesielle koplinga av kjønn og biografiske lesingar, men på ulikt vis. Her er mine fire store. Det er på tide å starta lesinga.