Fem teaterstykke Ferdig NY.qxp_Dei døde hundane 10.07.2019 12:21 Side 1
Fem teaterstykke Ferdig NY.qxp_Dei døde hundane 10.07.2019 12:21 Side 2
Andre skodespel av Jon Fosse Og aldri skal vi skiljast. Namnet. , , Nokon kjem til å komme. , Barnet / Mor og barn / Sonen. Gitarmannen. Natta syng sine songar / Ein sommars dag. Teaterstykke . Draum om hausten. , Besøk / Vinter / Ettermiddag. Teaterstykke . Vakkert. Dødsvariasjonar. Jenta i sofaen. Lilla / Suzannah. Dei døde hundane / Sa ka la. Teaterstykke . Svevn / Varmt. Rambuku / Skuggar. Eg er vinden. Desse auga. Teaterstykke . Jente i gul regnjakke. Kortare stykke. Hav. Tre librettoar. Teaterstykke .
Jon Fosse har også skrive romanar, dikt, essay, barnebøker og omsett skjønnlitteratur. Sjå www.samlaget.no
Fem teaterstykke Ferdig NY.qxp_Dei døde hundane 10.07.2019 12:21 Side 3
Jon Fosse
Fem teaterstykke
Samlaget Oslo
Fem teaterstykke Ferdig NY.qxp_Dei døde hundane 10.07.2019 12:21 Side 4
© Det Norske Samlaget www.samlaget.no : Stian Hole : Samlaget : Adobe Garamond : g Munken Print Cream : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ----
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
«Poesi for levande kroppar» av Stina Ekblad er tidlegare publisert i boka Jon Fosse. Fyra pjäser, 10 Bok, Sverige, .
Fem teaterstykke Ferdig NY.qxp_Dei døde hundane 10.07.2019 12:21 Side 5
Innhald Om valet av stykke. Innleiing ved Jon Fosse Poesi for levande kroppar. Føreord ved Stina Ekblad Nokon kjem til å kome Namnet Draum om hausten Svevn Eg er vinden
Fem teaterstykke Ferdig NY.qxp_Dei døde hundane 10.07.2019 12:21 Side 6
Fem teaterstykke Ferdig NY.qxp_Dei døde hundane 10.07.2019 12:21 Side 7
Om valet av stykke Eg har skrive heilaftans teaterstykke, som det heiter, det vil seia stykke som skal kunna fylla ein teaterkveld åleine. Til denne antologien skulle eg velja ut stykke. Skulle eg då velja dei stykka eg sjølv meinte var dei beste? Dei mest spelte? Eller dei som best representerte breidda i det eg har skrive for teater? Eg enda vel opp med å ta litt omsyn til alle desse tre kriteria. Nokon kjem til å kome gav seg sjølv. Det var det fyrste stykket eg skreiv. Det var det stykket som sytte for det store europeiske gjennombrotet då Claude Régy sette det opp i Paris i . Dessutan er det truleg det mest spelte stykket mitt. Det andre stykket var det litt verre å koma fram til. Omtrent samstundes med at Nokon kjem til å kome vart framført i Paris skulle Thomas Ostermeier, som nyleg hadde teke over som teatersjef på legendariske Schaubühne i Berlin, setja opp Namnet med premiere på Festspela i Salzburg. Det gjekk godt, om enn ikkje like godt som i Paris. Like etter sette Falk Richter opp Natta syng sine songar på Schauspielhaus Zürich. Det vart ein av dei beste produksjonar eg har sett av eigne stykke, til strålande kritikkar. Namnet eller Natta syng sine songar? Eg valde Namnet, kanskje fordi eg synest det er eit noko betre stykke, og også fordi Kai Johnsen sette opp ein svært god urpremiere på Den Nationale Scene til Festspela i Bergen i . Kanskje òg litt fordi eg fekk den norske Ibsenprisen for det stykket, og også den austerrikske Nestroy-prisen.
7
Fem teaterstykke Ferdig NY.qxp_Dei døde hundane 10.07.2019 12:21 Side 8
Men så blir det vanskelegare å velja. Barnet er mykje spelt, og eg kjenner for det stykket. Sonen er eit av dei stykka eg likar best sjølv. Ein sommars dag fekk ein svært god urpremiere på Det Norske Teatret. Alle desse stykka er ein god del spelte. Vinter har vorte eitt av dei mest spelte stykka mine. Men eg endar opp med Draum om hausten. Kanskje fordi eg i det stykket fekk til noko eg tidlegare ikkje hadde gjort, at heile stykket på eit vis er eit no, ein augneblink. Stykket er også mykje spelt. Luc Percevals produksjon på Münchner Kammerspiele er ein annan av dei beste produksjonane som har fest seg i minnet. Og det gjorde inntrykk på meg at Patrice Chéreau etter ikkje å ha sett opp noko teaterstykke på femten år valde å venda attende til teateret med ein produksjon av nettopp det stykket, som elles vart sett opp i ein av salane i Louvre, der bileta for høvet var fjerna. Og så blir det vanskelegare og vanskelegare. Dei seinare stykka mine, som Jente i gul regnjakke, Hav, Skuggar og Svevn, har mykje sams, kvart einaste har sin tydelege identitet, men likevel glid det eine på eit vis over i det andre, ja litt slik det eine diktet til det andre av Georg Trakl, den lyrikaren eg kanskje set høgast, glid over i kvarandre. At valet fall på Svevn er nok litt tilfeldig, men kanskje er det av di dette stykket er det mest spelte av desse heller lite spelte stykka. Det siste stykket gav også seg sjølv: Eg er vinden. Det var strengt teke det stykket som avslutta det eg tenkjer på som den dramatiske raptusen min. Eg er godt nøgd med det stykket, det er mykje spelt, med fleire særs gode produksjonar. Det vart det siste stykket Patrice Chéreau sette opp, like etter Draum om hausten sette han det opp på Young Vic i London. Det er elles einaste engelskspråklege produksjon av mine stykke som har fått gode kritikkar. Ein av dei som kjenner aller best til dramatikken min, og som har sett opp flest stykke av alle, er Kai Johnsen. Då eg hadde kome fram til dette utvalet, skreiv eg til Kai og spurde kva stykke han hadde valt ut. Og då han – utan å kjenna til
8
Fem teaterstykke Ferdig NY.qxp_Dei døde hundane 10.07.2019 12:21 Side 9
mitt utval, men etter å ha teke om lag dei same omsyn som eg tok – kom fram til dei same stykka, ja så vart utvalet som det vart.
«Grotten», i mai Jon Fosse
Fem teaterstykke Ferdig NY.qxp_Dei døde hundane 10.07.2019 12:21 Side 10
Fem teaterstykke Ferdig NY.qxp_Dei døde hundane 10.07.2019 12:21 Side 11
Poesi for levande kroppar Eg spela rolla som Den fyrste kvinna i Jon Fosses stykke Jente i gul regnjakke, i regi av Gunnel Lindblom og i Marie Lundquists vakre omsetjing, på Dramaten hausten . Det er den einaste Fosse-rolla mi så langt. På fyrste sida i manuskriptet mitt har eg skrive, slurvete, med blyant: «UT med det INDRE.» «UT med det INDRE.» Eg forstår kva eg meinte. Fosse lokkar med det innovervende og sjelfulle, ja, det er hans lokkemat, og mange skodespelarar bit på: Vi elskar å få søkka inn i og dukka djupt ned i undertekstens hav, iblant så djupt at vi aldri kjem opp att. Vi er automatisk overtydde om at sanninga finst i djupet. Der ligg ho og verkjer, og vi er sjelslivet sine sporhundar, trena i kunsten å identifisera dulde bodskapar. Vi oppsøkjer djupet, dit ned må vi i alt vi gjer, men om vi altfor villig lèt oss søkkja, er det jo ein risiko for at vi druknar. Fosse innbyr til drukningsdøden. – Akk, å våga bli verande på den lette, tynne overflata og samtidig kjenna djupet dra og lokka! Det er ein kunst. Den kunsten må ein kunna når ein spelar Fosse. Utan overflate er djupet uinteressant. Finst djupet i det heile utan overflate? Fosse glitrar på overflata. Han vågar vera på overflata, medan vi skodespelarar dyrkar djupet. Djupt ned, inn i det må vi, det er klart, men etterpå – opp og ut med det vi har funne! «Vi er i livet vårt, no», har eg skrive på ein annan stad i manuset. Ja, er vi ikkje alltid det? Men Fosse er merkeleg nær i noet. Så gjennomsiktig han skriv. Slike enkle ord han brukar! Her, eg, ikkje, så, vi, men, vel. Så vanskeleg det er, ikkje heilt
11
Fem teaterstykke Ferdig NY.qxp_Dei døde hundane 10.07.2019 12:21 Side 12
enkelt berre å eta opp dei der små orda. Eller falla i den andre fella: å bli utmålande, prenta kvart ord som om dei skulle ha vore dekret. Det er jo verkelege, levande menneske som møtest i stykka hans, ikkje forkynnarar, men det går ikkje an å slarva seg til noko slags kvardagsprat. Ein må våga lyfta fram kvart einaste ord som eit lite smykke. Forsiktig. Ikkje pussa det, berre visa: slik ser det ut, slik læt det, slik ber eg det i kroppen min: dette enkle, vesle kvardagsordet. Det kjennest naturleg å sjå på Fosses manuskript som eit partitur, og det er artig å få vera eit instrument og spela etter notane hans. Pause – kort pause – lang pause. Iblant kjenner ein at det må gå fort, for at pausane skal få den verknaden dei bør ha. Iblant må ein gå imot dei, ignorera dei. Då oppstår uventa samanstøytar, gjerne humoristiske. Oftast er dei heilt rette. Fosse er tonesetjaren, han set tonar til dei vanlege kvardagsliva våre, han brukar det vanlege kvardagsspråket vårt og lèt det klinga slik som vi aldri har høyrt det klinga før. Det elegiske, det såkalla poetiske, som i seg sjølv ikkje er poetisk, berre tynt og grunt og skulpturelt, det må ein børsta av seg. Ein må søkja og våga søkja det vanlege. Kant, tagg. Noko raskt og barskt. Ein energi. Iblant by motstand, vera ein tydeleg kropp. Ikkje måla, messa, syngja fram dei vakre, løyndomsfulle replikkane, men bita i dei, som om dei var skrivne av Strindberg. Då oppdagar ein jo også humoren. Fosse er morosam. Og bileta. Dei kjennest så lette og flyktige. Det gjeld å halda dei i hop, så dei ikkje flyt i hop som ein akvarell med for mykje vatn i penselen. Det gjeld å oppdaga dei, friskt, kvar gong ein seier dei. Ikkje tyngja dei med kjensler og uttrykk. Ikkje ramma dei inn. «Det er berre eit bilete, men det er fylt av noko», seier Den andre mannen. Ein skodespelar som spelar Fosse, bør også vera «fylt av noko». Våga by fram si eiga skjøre sjel til augesyn. «Eg er her (ganske kort pause) men
12
Fem teaterstykke Ferdig NY.qxp_Dei døde hundane 10.07.2019 12:21 Side 13
eg er her liksom ikkje likevel.» Vaktsam. Medviten? Nær tilværet, altså nærverande. Presis som i livet. Kvart stykke inneheld ei klar og sterk forteljing, men ved fyrste augekast er ho skjult og må lokkast fram. Skodespelaren vil vita kvifor, vil ha ei handling, ei retning og ei meining. Fosse synest ved fyrste augekast slett ikkje interessert i slike viktige uvesentlege saker, men det oppdagar ein snart at han er. Rett nok gjev han oss stor fridom til å finna alt det der sjølv og vera medskapar i dramaet. Det er morosamt å lesa Fosses stykke, men dei er verkeleg skrivne for skodespelarane sine kroppar og røyster. Dei er poesi for levande kroppar. Dei skal spelast. Å spela Fosse er å våga erkjenna at poesien finst som ei kroppsleg konstatering. Fosses stykke er dikt med hender og føter, andlet og røyster. Fosses stykke er dikt som rører seg. Dikt med kropp. Skodespelaren har alltid sin kropp med seg, kroppen er ikkje noko som tilfeldigvis berre følgjer med. Han er ikkje berre eit vedheng til sjølvet vårt, han ber sjølve sjølvet. Det er viktig å forankra Fosse-orda ikkje berre i fantasien og i nervesystemet, men i blodomløpet, muskulaturen og beinbygningen. Ikkje berre i nervane, men i kjøtet. Står det «fintstemt» i teatermeldingane, har ein gått feil. Eller meldaren manglar ord, noko som er like truleg. For korleis beskriv ein Fosse? Eg famlar sjølv og vender tilbake til dei der blyantorda på den fyrste sida i manuset mitt: «UT med det INDRE.» Stykket sluttar heilt ope: kort pause, lang pause, ganske lang pause, det siste ordet er «eller». I mitt manus har eg skrive på siste sida: «Tid & Rom. Å opphalda seg der viktigare enn KVIFOR.» Men det går ikkje an å spela tilstand. Å tru at Fosse skildrar tilstand, er å gå feil. Han fortel om den rørsla som driv oss framover, og der finst skodespelarnøkkelen, i rørsla, at det hender så mykje i det tilsynelatande hendingslause. Det er ikkje stillstand eller togn, det er pasjon og skrik, det er berre halde hemmeleg. Språket rører seg. Djupt inne i stykka rører
13
Fem teaterstykke Ferdig NY.qxp_Dei døde hundane 10.07.2019 12:21 Side 14
dei seg, dei største spørsmåla av alle, dei om livsmeininga. Ut med dei. UT med det INDRE! Stina Ekblad
Fem teaterstykke Ferdig NY.qxp_Dei døde hundane 10.07.2019 12:21 Side 15
Nokon kjem til ĂĽ kome
Fem teaterstykke Ferdig NY.qxp_Dei døde hundane 10.07.2019 12:21 Side 16
Fem teaterstykke Ferdig NY.qxp_Dei døde hundane 10.07.2019 12:21 Side 17
PERSONAR HAN HO MANNEN
Nokon kjem til å kome hadde urpremiere på Det Norske Teatret . april . Regi: Otto Homlung Scenografi: Kari Gravklev Han: Jan Grønli Ho: Unn Vibeke Hol Mannen: Lasse Kolsrud
Fem teaterstykke Ferdig NY.qxp_Dei døde hundane 10.07.2019 12:21 Side 18
Fem teaterstykke Ferdig NY.qxp_Dei døde hundane 10.07.2019 12:21 Side 19
I I tunet framfor eit gammalt ganske forfalle hus, det er målingsslite, nokre vindaugsruter er sprokne, likevel har huset, som ligg audt til, på ei flate i eit brot, med utsikt mot havet, sin vêrbitne materielle venleik. Ein mann og ei kvinne kjem inn i tunet, rundt det høgre hushjørnet. Han er i femtiårsalderen, fyldig, med grått litt langt hår, flakkande auge og langsame rørsler. Ho er rundt tretti år, ganske høg, noko kraftig, med halvlangt hår, store auge og litt barnslege gestar. Mannen og kvinna går langsmed huset, leier kvarandre i hendene, ser og ser mot huset
muntert No er vi snart i huset vårt
Huset vårt
Eit gammalt vakkert hus Langt borte frå andre hus og frå andre folk
Du og eg åleine
19
Fem teaterstykke Ferdig NY.qxp_Dei døde hundane 10.07.2019 12:21 Side 20
Ikkje berre åleine men åleine saman Ho ser han opp i andletet Huset vårt I dette huset skal vi vere saman du og eg åleine saman
Og så skal ingen kome Dei stiller seg opp, står og ser mot huset
No er vi komne til huset vårt
Og huset er jo fint
No er vi komne til huset vårt Til huset vårt der vi skal vere saman Du og eg åleine til huset der du og eg skal vere åleine saman Langt borte frå dei andre Huset der vi skal vere saman åleine i kvarandre
Huset vårt
20
Fem teaterstykke Ferdig NY.qxp_Dei døde hundane 10.07.2019 12:21 Side 21
Huset som er vårt
Huset som er vårt Huset der ingen skal kome No er vi komne til huset vårt Huset der vi skal vere saman åleine i kvarandre Dei går vidare langsmed huset
litt bekymra Men det er litt annleis eg hadde vel ikkje tenkt at det skulle vere slik Brått redd For nokon kjem til å kome det er så audt her at nokon kjem til å kome Han held berre fram med å sjå mot huset, liksom i eigne tankar Den lange vegen hit ikkje eit menneske var jo å sjå langt har vi reist og ikkje eit menneske har vi sett berre vegen og så står vi framfor dette huset og intensare tenk når det blir mørkt Og tenk når det er uvêr når vinden går gjennom veggane når du høyrer havet slå
21
Fem teaterstykke Ferdig NY.qxp_Dei døde hundane 10.07.2019 12:21 Side 22
når bølgjene går harde når havet er kvitt og svart og tenk kor kaldt det blir i huset når vinden går gjennom veggane og tenk kor langt det er til folk kor mørkt det er kor stille det kjem til å vere og tenk korleis vinden går korleis bølgjene slår tenk korleis det blir om hausten i mørkret med regnet og mørkret Eit hav som går kvitt og svart og berre deg og meg her i dette huset Og så langt frå folk
Ja så langt frå folk Pause No er vi endeleg åleine
litt bekymra Men det er jo ikkje alle vi reiser bort ifrå Det var jo ikkje alle folk Berre nokre folk var det jo Han stiller seg opp og ser mot henne
Vi reiser bort frå dei alle saman bort frå alle andre Ho stiller seg opp og ser mot han
22