69341 Førstetouch – s. 1
22.06.2026 08:21
69341 Førstetouch – s. 2
22.06.2026 08:21
Monica Laupsa
Førstetouch Roman
Samlaget Oslo 2026
69341 Førstetouch – s. 3
22.06.2026 08:21
© Det Norske Samlaget 2026 www.samlaget.no Omslag: Ellen Lindeberg Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: 11/14,6 pkt. Sabon Papir: 60 g Holmen Book Cream 2.0 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-1429-1
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir. Materialet i denne utgivinga er verna etter åndsverklova. Det er derfor ikkje tillate å kopiera, avfotografera eller på andre måtar gi att eller overføra heile eller delar av innhaldet i utgivinga utan at det er heimla i lov eller følgjer av avtale med Kopinor. Det er forbode å bruka heile eller delar av utgivinga som inndata eller treningskorpus i generative modellar som kan skapa tekst, bilete, film, lyd eller andre typar innhald og uttrykk, utan særskild avtale med rettshavarane. Bruk av materiale frå utgivinga i strid med lov eller avtale kan føra til inndraging, erstatningsansvar og straff i form av bøter eller fengsel.
69341 Førstetouch – s. 4
22.06.2026 08:21
1
Foss har ballen. Eg ropar til Gry og Nora at dei skal trekka seg tilbake, før eg rygger til femmeteren og spyttar i keeperhanskane. Er klar viss det kjem ein langpasning. Spissen deira viftar med armane, vil ha ballen. Det mørke håret hennar slår frå side til side medan ho set i fart. «Dekk ho», ropar eg, men spissen spring forbi før Gry og Nora oppdagar det. Ho er aleine mot meg, ein mot ein, det glitrar i ei piercing i nasen hennar. Blikket er målretta og følger ballen, som ligg tett til foten. Eg kjem ho i møte, strekker armane ut og gjer meg stor. Held meg på tå, er klar til å gripa inn. Touchen hennar er litt for hard, og eg kastar meg, slår ballen ut til hjørnespark. «Kva held de på med? De må markera ho!» ropar eg. Nora trekker unnskyldande på skuldrene. «Nydeleg, Tuva», seier Gry og slår meg på ryggen. Eg ristar handa av meg. «Kanonredning!» ropar Lukas frå sidelinja. Han sit på tribunen saman med Patrik og nokre andre frå gutelaget. Hjørnesparket kjem mot bakre stolpe, eg rekk 5
69341 Førstetouch – s. 5
22.06.2026 08:21
ikkje ut, og der er ho igjen, heilt aleine. Eit lite sekund møtest augo våre, ho kjem mot meg i full fart. Eg lener meg fram og er klar. Ho held augo låste på meg då ho dundrar ballen av garde, skotet kjem fort, og eg reagerer for seint, men kastar meg likevel. Eg kjenner berre vinden frå ballen idet han susar forbi og treffer nettet, før eg landar på bakken. Eg slår i graset, finn ballen og sparkar han opp til midten. Det er berre nokre minutt igjen. «Kom igjen no, Skogbakken. Tempo!» ropar Marius frå sidelinja då me går til angrep. Ida får ballen og pelmar han over målet. Dommaren blæs av. Faen! Foss-spelarane passerer oss på veg av banen, ei av jentene held rundt spissen med piercing. «Me kjem til å sakna deg på laget», seier ho. «Korleis skal me klara oss når du flyttar?» Eg dreg genseren over hovudet. Akkurat då får eg augekontakt med spissen, ho stryk det tjukke håret vekk frå augo og smiler. Eg kjenner varmen i andletet. Ho klarte å skåra på meg i dag òg, irriterande kor god ho er. «Skal me slå følge?» spør Gry, og eg rettar merksemda mot ho. Eg ristar på hovudet. Må få kampen ut av kroppen. «Trur eg blir litt lenger.» Gry nikkar, ser bort på gutane, som har funne ein ball og triksar til kvarandre. «Kos deg», seier ho og hiv baggen opp på skuldra. Lukas kjem bort til meg med ein fotball i handa. 6
69341 Førstetouch – s. 6
22.06.2026 08:21
Det lyse håret stikk ut framfor øyro så det liknar små antenner. «Skal me spela?» spør han, kommenterer ikkje eingong resultatet. Veit at eg er dritlei av at me ikkje skårar mål. Eg kastar ballen til Lukas, som legg han flat på bakken. «Gå i mål, eg treng å trena på frispark», seier Lukas. Han slepper ballen utfor sekstenmeteren, set fart og skrur han perfekt opp mot hjørnet. Eg tek sats og kastar meg. Kjenner fingertuppane slå ballen ut. Verdas beste kjensle. «Du er ein vegg i mål», seier Lukas og hentar ballen. Eg reiser meg, og kroppen er allereie lettare. På parkeringsplassen ser eg spissen forsvinna inn i lagbussen saman med dei andre Foss-spelarane. Lenger bortpå banen held gutane på å dela seg i lag. «Vil de joina?» spør Patrik. «Me manglar ein keeper.» «Sikker på det?» seier Lukas. «Du veit at du aldri skårar på ho.» Patrik ler. «Bullshit. Men til jente å vera så er du decent, altså.» «Kom an, då», svarar eg og slår ballen ut av hendene til Lukas.
7
69341 Førstetouch – s. 7
22.06.2026 08:21
2
«Tuva, Lukas er her!» ropar mamma. Klokka er kvart over åtte, presis som alltid. Eg spyttar tannkremen i vasken og skyl tannkosten. «Eg kjem!» ropar eg tilbake. Spring ned trappa og hoppar over dei to siste trinna. Landar rett framfor Lukas, som står i døropninga og småsnakkar med mamma. «… Og så har me samfunnsfagsprøve om demokrati og andre styreformer i dag», seier han akkurat idet eg svingar meg forbi og plukkar opp skulesekken under trappa. «Klar?» spør eg, og Lukas nikkar. «Du har ikkje sagt at du har prøve i dag. Har du øvd?» seier mamma. «Kva trur du? Demokrati er bra, og diktatur er kjipt. Skal eg gi deg eit resymé, eller?» seier eg og himlar med augo til Lukas. Mamma trur ikkje eg har styr på ein drit. Lukas ler. «Trur me må svara litt grundigare enn det.» «Du kunne jo øvd i staden for å trena i går. Den 8
69341 Førstetouch – s. 8
22.06.2026 08:21
opptakstreninga er ikkje det einaste som er avgjerande for om du kjem inn», seier mamma. «Eg har kontroll», seier eg. Eg må gjera det bra på denne prøven. På alle prøvar, viss eg skal ha ein sjanse for å koma inn på toppidrett til hausten. «Takk for praten, Marianne», seier Lukas, akkurat idet eg smeller døra igjen. Alltid så høfleg. Typisk han. «Har du eigentleg øvd?» spør han då me går bortover fortauet. «Seff», gliser eg. «Kva med deg?» «Er litt stressa», seier han. «Over kva?» spør eg. «Om du får 5+ eller 6?» Han dultar borti meg med skuldra. «Toppidrettsgymnaset kjem til å trygla om å få deg, både skulegeni og fotballtalent. Please, Lukas, vel oss!» seier eg, foldar hendene og ser bedande på han. Lukas ler igjen. «Berre det var meg. Er ikkje eingong sikker på om eg overlever samfunnsfagsprøven.» «Det går sikkert bra», seier han og klør seg i nakken, sjølv om me begge veit at eg er føkka. Lukas held døra oppe for meg då me går inn i klasserommet. Eg set meg ved pulten inntil veggen og slenger føtene opp på nabostolen, finn fram samfunnsfagsboka og blar litt i ho. Gnir meg i augo. «Hallai, folkens!» seier Patrik, kapsen hans er bak fram og håret akkurat passeleg rufsete. Lukas gir han high five, og dei begynner å snakka om Premier League-kampane frå helga. 9
69341 Førstetouch – s. 9
22.06.2026 08:21
«Du klarer dette», seier Gry og legg armen rundt meg, armbanda klirrar. «Håpar det.» Eg ser ned i boka igjen. Prøver å nå dei siste sidene før prøven. Makta i eit demokrati bør fordelast mellom ei lovgivande, dømmande og utøvande makt. Det er med på å sikra … Høghæla sko klikkar mot golvet. Elisabeth kjem inn i klasserommet. «God morgon, alle saman. I dag begynner Sara, den nye jenta eg fortalde dykk om.» Eg ser opp frå boka, lent inntil dørkarmen står ei jente med mørkt, bølgete hår. Håret gjer at eg ikkje kan sjå andletet hennar skikkeleg. Eg lener meg fram. «Kanskje du kan presentera deg sjølv?» spør Elisabeth og stiller veska ved kateteret. «Ja, det kan eg vel.» Jenta tek eit steg fram og dreg håret vekk frå andletet. Ho har ei piercing i nasen. Då ser eg det. Det er ho, den dritgode spissen på Foss! «Eg heiter Sara.» Ho ser bort på Elisabeth, som nikkar oppmuntrande og legg handa på skuldra hennar. «Velkomen til 10B. Du kan setta deg med Tuva.» Eg kremtar og rekker opp handa for å visa at det er eg. Sara sender meg eit smil. Eg flyttar sekken ned frå pulten og kostar sand av stolen. Ho set seg. Eg trekker opp erma på hettegenseren og held handa fram. «Takk for sist», seier Sara og ser på meg med brune augo. Eg stoppar midt i bevegelsen og kjem borti blyanten på bordet. Han trillar over bordkanten og treffer golvet med eit klirr. Sara bøyer seg ned 10
69341 Førstetouch – s. 10
22.06.2026 08:21
og plukkar han opp. Ho vrir han rundt i handa så bitemerka på tuppen kjem til syne. «Du var god på fredag.» Sara gir meg blyanten, og eg tek imot. Kjenner varmen frå fingrane hennar og ser ned. «Takk», svarar eg, veit ikkje kva meir eg skal seia.
69341 Førstetouch – s. 11
22.06.2026 08:21
3
«Greitt, då er me klare for prøven», seier Elisabeth. Shit. Eg ser nedi boka og blar kjapt gjennom resten av kapittelet. Elisabeth tek ein bunke med papir opp av veska og deler ut prøvane. Typisk ho, alltid så gammaldags. «Sara, du kan lesa kapittelet om demokrati og andre styreformer medan dei andre har prøve. Tuva, legg vekk boka di.» Eg prøver å sluka dei siste orda. I diktatur er det derimot nokre få personar som bestemmer korleis landet blir styrt. Autoritær og totalitær styreform er to ulike former for … «Tuva. Boka.» Eg ser opp. Elisabeth står framfor meg. Eg slår igjen boka og legg ho i sekken. Elisabeth kikkar opp på klokka. «De kan begynna no.» Visaren tikkar, og blyantane skriv. Handa mi verker etter å ha svara på dei første spørsmåla. Eg slepper blyanten og ristar ho. Sara teiknar på eit papir medan ho bit seg i leppa. Eg les neste spørsmål. 12
69341 Førstetouch – s. 12
22.06.2026 08:21
8. Kva er ei totalitær styreform? Gi døme på totalitære statar. Ei totalitær styreform, det var noko om at det var ei form for diktatur, men var det autoritær eller totalitær som var verst? Eg set ring rundt spørsmålet, må gå tilbake seinare. Kikkar opp, klokka nærmar seg ti. Eg bit i huda ved sida av neglene. Har ikkje tid til å gå tilbake. Ein tappelyd får meg til å snu meg. Sara slår blyanten lett mot pulten og kikkar mot kateteret. Eg følger blikket hennar. Elisabeth sit med bøygd hovud, oppteken med å skriva notat. Sara ser på meg og nikkar mot pulten. Ho har skrive noko. Eg bøyer meg nærmare og les: Totalitær = Ingen fridom. Nazi-Tyskland, Aust-Tyskland, Nord-Korea. Eg ser spørjande bort, ho nikkar kort. Hjarta slår mot ribbeina medan eg begynner å skriva. I friminuttet finn eg Sara utfor ballbingen, der gutane i klassen spelar. Blikket følger ballen som flyttar seg frå fot til fot. «Takk», seier eg og stiller meg attmed ho. «For kva?» spør ho, snur seg mot meg og hevar dei mørke augnebryna. Eg smiler. «Sei ifrå viss du treng noko. Ei omvising? Ein blyant? Eg skuldar deg ein.» Ho legg olbogen på gjerdet og støttar hovudet. «Ta meg med på neste trening», seier ho, utan å ta blikket vekk frå ballen. «Du vil spela med oss? Det kan eg fiksa, me har trening i kveld.» 13
69341 Førstetouch – s. 13
22.06.2026 08:21
«Tuva, blir du med, eller?» spør Patrik frå ballbingen. «Vil du?» spør eg og ser på Sara. Ho ristar på hovudet. «Ventar til treninga», smiler ho og snur seg mot banen. Eg kjenner blikket hennar då eg stiller meg i målet.
69341 Førstetouch – s. 14
22.06.2026 08:21