Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 1
1
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 3
Jóanes Nielsen
Er det eit land som heiter weekend? Skodespel i 7 delar Frå færøysk av Lars Moa MNO
Samlaget Oslo 2015 3
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 2
Andre bøker av Jóanes Nielsen på Samlaget Bruer av svoltne ord. Gjendikting frå færøysk av Lars Moa. 2004 Frå alle kantar ber vinden med seg ord og plantar og teikn. Gjendikting og forord av Lars Moa. 2007
2
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 5
PERSONAR JÓHANNA THOMSEN, DIA,
mannen hennar
pasient
TÓRÁLVUR,
pasient HERVØR, pasient TÓTA, pasient TO SJUKEPLEIARAR
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 6
6
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 7
I. scene Stemninga på scenen tyder på avreise. For eksempel ser vi ein reisebag, og det ligg avskjed i lufta mellom ekteparet Jóhanna og Aksel Thomsen. Ho er heime på weekend, har vore på psykiatrisk sjukehus ei stund.
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 8
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 9
JÓHANNA
Han er her. THOMSEN
Kven? JÓHANNA
Hysj! Høyr! THOMSEN
Eg høyrer ingen ting. Eg høyrer slettes ingen ting. JÓHANNA
Han var her. THOMSEN
Nei. Eg er her. JÓHANNA
Ikkje bagatelliser det eg seier. La vere med det. Det var noko her, noko gav seg til kjenne, noko som luktar av Færøyane. Høyrer du! THOMSEN
Sjølvsagt. Vi er på Færøyane. Kan du aldri nemne Færøyane utan at ansiktet ditt blir forvridd? JÓHANNA
Vi skulle aldri ha flytta heim igjen. Færøyane er ein bagatell. Og det som seigpiner menneska, og til slutt tar knekken på dei, det er just bagatellane. 9
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 10
Færøyane er eit land som seigpiner folk i hel. Men han var her. THOMSEN
Døra er stengd. Vindauga er igjen … JÓHANNA
… og kranen er skrudd igjen, ingen kjem seg opp gjennom vasslåset eller inn gjennom leidningane. Spar meg for denne billige danske humoren. Snakk ikkje til meg som om eg var ein idiot! THOMSEN
Vi skal vere på sjukehuset klokka ni. JÓHANNA
Eg skal vere på sjukehuset klokka ni. Du fer vidare. Aksel Thomsen vinkar bye-bye til kona si. Du har alltid vinka bye-bye. Det er derfor eg står fast i dette forbanna hòlet. THOMSEN
Kva for eit forbanna hòl? Du seier at det er nokon her, men vedkommande er tydelegvis ikkje i stand til å seie god dag. Sidan fortel du at Færøyane drep sine eigne barn. Og så er dansk humor noko billig skit. Og dette er det første du seier, ja, dette er morgonbønna di. Har du tenkt på at det kan vere mogleg at det vonde hòlet som du snakkar om, det er du sjølv? 10
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 11
JÓHANNA
Han var her. Du jattar berre med meg. Du vil ha denne weekenden overstått. Det verste er ikkje å vere sjuk. Veit du kva det verste er? Det er å ikkje bli tatt alvorleg lenger. THOMSEN
Eg prøver nettopp å ta deg på alvor. Saman med meg får du ikkje lov til å spele psykopat. Men det som alltid øydelegg og bryt ned, det er mistrua di. JÓHANNA
Eg trur at denne situasjonen verkeleg passar deg perfekt. Du har fått tavla vaska rein. Du har begynt på ein strålande weekend som aldri tar slutt. THOMSEN
Kan du ikkje slutte med å … JÓHANNA
… mistru? (Har tatt rundt den gamle skoleveska til småjenta si og klemmer henne varsamt inntil seg.) Eg fann ein framand bluse i skittentøykorga. Han er heller stor til å vere ein damebluse. Vil du også kalle blusen mistru? THOMSEN
Kva veit vel du om kleda våre? Når var siste gongen du tok deg av klesvasken vår? 11
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 12
JÓHANNA
Blusen luktar heller ikkje av deg. THOMSEN
Sist du var her i weekenden, fann du nokre aviser, som eg heller ikkje skulle ha lese. JÓHANNA
Men det var ikkje sæd på avisene. Det er det på blusen. SPERMA er det på blusen. Ei hard skorpe av sperma. THOMSEN
Ta blusen med deg, viss det kan gi deg fred i sjela. Få dei til å analysere denne harde skorpa, så namnet på den onanerande syndaren kan stadfestast! Du vil ha meg med deg i fallet ditt. Det er det alt dreier seg om. Du har enda skulda meg for å ha misbrukt barnet vårt seksuelt. Psykologen fortalde meg … JÓHANNA
Den surpeisen! THOMSEN
Han sa at du tenkte på å melde meg. Eg står i journalen som ein mogleg incestforbrytar. Eg spurde han om tvangstankar har juridisk status. Eg sa til han at du ofte snakka med Bonden, og eg spurde om 50 år gamle gjengangarar også har juridisk status. 12
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 13
JÓHANNA
Det verkar som om du er nervøs. THOMSEN
Ja, kva trur du. Du sit og leikar med sjølve livets kjelde. Du tømmer gift i det reine vatnet. Eg er knust. Det er det eg er. Deg har eg mista, og Vesla er alvorleg sjuk. Sjå på veggane våre! Eit kapell! Bilde frå ei svunnen og lykkelegare tid. Og no har du degradert meg, plassert meg nedst på den sosiale rangstigen. Du har gitt meg status som seksualforbrytar. Ser du ikkje kor ekkelt alt dette er? Vesla var ei glad jente. Livet vårt var akkurat som livet skal vere i ein familie. Heilt til ho vart skadd. Da forandra alt seg. JÓHANNA
Det sa eg til psykologen. Men eg sa også at du fekk sparken frå banken. THOMSEN
Du seier akkurat det som passar deg å seie, Jóhanna. Får du hard motbør, så ror du til lands. Der blir du heilt til sjukdommen plutseleg gjer eit angrep. Så begynner du igjen å dolke meg i ryggen og baktale meg. Den som er gift med deg, blir alltid litt … JÓHANNA
Litt kva da? 13
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 14
THOMSEN
Kan vi ikkje snakke om noko anna? JÓHANNA
For eksempel? THOMSEN
Du er utspekulert. Eg klarer ikkje dette lenger. JÓHANNA
Vil du seie at den som bur saman med meg, blir homse? THOMSEN
Du er så brutal. JÓHANNA
Kanskje. Men du er heller ingen nybegynnar på det området. Du følgjer meg ut på avdelinga klokka ni, og fem minutt over ni begynner du på ditt verkelege liv. THOMSEN
Fem minutt over ni er eg på arbeid på lageret. Der arbeider eg frå klokka åtte, ja, eg fortalde dei at eg kom litt for seint i dag. Og eg arbeider til klokka fem, og av og til til klokka seks eller sju om kvelden. JÓHANNA
Aha. Martyren for sein. Eg blir dårleg i magen av deg. 14
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 15
THOMSEN
Og når eg kjem heim, lagar eg meg mat, vaskar klede, ja, du veit godt at eg besøker jenta vår. Og du veit også at eg har henne heime på weekend av og til. JÓHANNA
Vi snakkar ikkje om Vesla lenger! THOMSEN
Ho har bruk for oss. JÓHANNA
STOPP! THOMSEN
Nokre gonger går eg også på byen. Eg har ikkje tenkt å snylte på det offentlege, sjølv om banken rasjonaliserte meg ut av lønningslista. Eg arbeider som alle andre. Men det er pinade ikkje alle som har ei kone som er ko-ko. JÓHANNA
Og som annankvar dag får besøk av ingen ringare enn Bonden, eit 50 år gammalt lik. Ha-ha-ha. Thomsen, kjære mannen min. Eg synest at du har vorte litt for nærtakande. THOMSEN
Nærtakande? Eg? 15