Skip to main content

Elise og mysteriet på Hesteøya

Page 1

Elise og mysteriet pü Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 1

1


Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 3

Anne Viken

Elise og mysteriet på Hesteoya Roman

Samlaget Oslo 2014


Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6


Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 5

Kapittel 1 Ei øy full av hestar Kalle køyrer dyrlegebilen ut frå ferja, bort til Joker-butikken på kaia og parkerer. Elise og Karin hoppar ut. Lufta er stille og varm, absolutt ikkje den kalde vinden dei hadde venta seg så langt til havs. – Ingen snø, sukkar Elise lykkeleg. – Inga boblejakke. Ho har aldri likt snø og synest det er prima å legge påskeferien til ei øy der snøen har reist for lengst og påskeliljer veks i vegkanten. Hesteøya ligg ein times ferjetur frå land. Rundt øya ligg hundrevis av småøyar, holmar og skjer, og til saman bur her berre eit par hundre menneske. Måkane glir lågt over bilane som sneglar seg i land, og sola gir gjenskin i pansera som fyller opp parkeringsplassen. – Det må vere mange påsketuristar som ikkje liker snø, seier Karin, og Elise nikkar opprømt. For første gong i sitt trettenårige liv har Elise kome seg unna familiepåske på fjellet. Elise klarte 5


Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 6

å overtale foreldra sine til å få bli med onkel Kalle på jobb i havgapet. Her bur bestekompisen Viktor, einaste veterinæren på øya. Karins foreldre sa ja utan å blunke. Dei seier ja til alt og har verken hytte på fjellet eller påsketradisjonar. Foreldra til Elise har begge delar og er vanskelegare å overtale, men då Karin fekk lov, fekk ho lov, ho også. Heime bur dei på kvar si side av byen og går på kvar sin skule, men på same rideskule. Dei går over parkeringsplassen og bort til butikken. Kalle skal hamstre mat, og Elise og Karin skal hamstre snop. Ved inngangsdøra stoppar Elise framfor ein diger plakat med bilete av ein lysebrun islandshest med kvit man som er klistra opp på svingdøra: «Flott islandshest til sals ved Havhesten hestegard.» Elise såg Havhesten-skiltet då dei køyrde i land. Skiltet hadde bilete av ein hest som gjekk på vatnet, ein liten brun hest med finnar på sidene som sprang bortover flata av ein stille sjø. – Dei hestane lever ute heile året, seier Elise. – Sikker? Spør Karin. Dei har stoppa rett utanfor butikkdøra og sperrar vegen både inn og ut av butikken. – Den var flott. Brune hestar med kvit man er dei finaste, utbryt Elise og ser opp på Kalle, som er oppteken med å studere ein plakat om fest på 6


Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 7

samfunnshuset til helga. «Levande musikk, dans og overraskingar», står det med store bokstavar. Elise lurer på kva overraskingane kan vere for noko. – Skal du byrje med dansing no, spør ho Kalle, som framleis stirer på plakaten. Kalle kan verken danse eller høyre skilnad på notar og hadde garantert slått knute på seg sjølv om han fekk tilgang til eit dansegolv. Dessutan veit han ikkje kva hårbørste betyr. Det halvlange, svarte håret står beint til vêrs og er neppe klipt siste halvåret. Kalle ser ut som eit troll. Han svarer ikkje og verkar ikkje ha høyrt kva ho spurde om heller. Elise snur seg mot Karin, som ser ut som om ho vil ete hesten med blikket. – Wow, seier Karin drøymande. – Eg har alltid hatt lyst på ein islandshest. Karin hadde hest før, men far hennar var ikkje særleg snill mot hestar, så hesten flytta til ein annan stall. Folk som bankar hestar, skal ikkje ha hest, meiner Elise. Elise har heller ingen hest, berre rideskule og sprangtimar med ein instruktør som meiner ho har talent for å bli pilot, så bra som ho flyg over hindera, sjølv utan hest. Hesten Elise rir på, stoppar nemleg ofte før hinderet, så ho stuper over på andre sida av bommane aleine. Elise snur seg mot Kalle. 7


Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 8

– Kva trur du den kostar? Kalle trekker på skuldrene. – Kanskje Viktor veit det, seier han. Viktor skal møte dei i kafeen og guide Kalle til huset dei skal bu i. Viktor er redd dei skal køyre seg vill, noko Elise ikkje kan forstå er mogeleg på ei øy med berre éin hovudveg. Køyrer ein av vegen, køyrer ein beint på havet. Karin riv av ein lapp med telefonnummer frå plakaten. – Vi kan jo sjå på hesten i det minste, seier ho og spankulerer vidare inn i butikken som om ho eig heile staden. Elise riv av eit telefonnummeret ho også og følger etter. Ikkje det at ho har råd til hest, men ho kan i det minste spørje kva den kostar. Nummeret er til Havhesten hestegard, og dit har ho uansett tenkt seg. Ho går beint inn i magen på ein diger kar med blå termodress og pelslue. – Unnskyld, frøken, seier han og slepper henne forbi. Mannen har eit vêrbarka ansikt med bart og grått hår stikkande ut til alle kantar. Han luktar fisk. Øyane er fulle av fiskarar, så det er ikkje så rart. Det er jo siste stopp før England og landets vestlegaste punkt. Utanfor Hesteøya finst det berre hav og oljeplattformer. Seglar ein langt nok, ramlar ein utfor kanten eller fer beint inn i gapet på Midgardsormen. 8


Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 9

Kalle har slått seg ned ved eit bord med blondeduk, stearinlys og to kvite koppar med kaffi. På andre sida sit ein kar i blå klede med raudt hår, oppstopparnase og stetoskop rundt halsen. Det må vere Viktor. – Eg ser du har helsa på Fedøy, seier Viktor til Elise og nikkar mot mannen i termodress som forsvinn over parkeringsplassen, inn i ein varebil. – Fedøy er villsaubonde. – Villsaubonde, seier Elise. Ho visste ikkje at det fanst nokon som kunne vere bonde for ville dyr. – Villsauer er sauer som lever ute heile året, seier Viktor. – Dei er like tamme som vanlege sauer. Villsauer som ikkje får stell, derimot, er villare enn hjort. – Elise er byfrøken, seier Kalle og blunkar til Viktor. – Ho har knapt sett ein sau i sitt liv. Elise, kor mange bein har ein sau? Viktor smiler. Han forstår nok at det er ein spøk, men Elise blir raud. Det er berre så typisk Kalle å vere artig på hennar bekostning. Han veit like godt som henne at ho kan meir om dyr enn dei fleste vaksne. – Like mange bein som du har hjerneceller, seier ho kjapt. Viktor ler. – Eg hadde aldri sett ein sau før eg begynte på veterinærskulen, seier Viktor. – Og det 9


Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 10

hadde sikkert ikkje du heller, Kalle. Så vidt eg veit, var du dessutan redd for hestar. Vi er jo frå byen. Kalle flirer. Elise veit godt at Kalle aldri hadde teke i anna enn hund og katt før han begynte å studere til veterinær. No er han i ferd med å bli hestespesialist. – Ja, takk for den, seier Kalle og snurrar kaffikoppen. – No kjem eg til å bli mobba av Elise. Og av Karin. Elise har nemleg skaffa seg ein alliert, og eg var galen nok til å seie at begge to fekk bli med ut hit. Flaks at det er hav på alle sider, så dei ikkje kan stikke særleg langt. – Kan eg låne ei av dei? spør Viktor. – Eg kan trenge ein assistent, og det er urettferdig at du har to. – Ver så god, men eg tek ikkje noko ansvar, seier Kalle og held opp handflatene. Elise snur seg mot Karin, som står ved kassen framfor ei gammal dame med handlevogna full for ein heil påskeferie. Karin er fjorten, eitt år eldre, og har bestemt seg for å bli dyrlege, akkurat som Elise. Ho kjem bort og legg to blad på bordet. Hestemagasinet Equilife og Det Nye. Karin er like mørk som Elise, like høg og ganske lik, men der Elise tenker, handlar Karin utan å tenke seg om. Dessutan les Karin nesten berre blad, mens Elise les nesten berre bøker. 10


Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 11

– Kan du tenke deg å vere med Viktor i praksis? spør Kalle, og Karin lyser opp. – Ja, seier ho og gliser så dei brune auga blir til smale strekar. – Kan eg få gjere keisarsnitt på sauer? Viktor legg armane bak nakken og strekker ut dei lange beina under bordet. – Eg må lære Kalle å ta keisarsnitt før eg kan lære deg det. – Kan du ikkje det? spør Elise og ser på Kalle. – Jo, eg kan det, seier Kalle, – men det er greitt å friske det opp litt. Eg har berre gjort eitt keisarsnitt sjølv, og det var på ei daud ku. – Ja, seier Elise og snur seg mot Viktor. – Det var i arbeidsveka i haust, og eg var med. Ho hugsar det som om det var i går. Kua som døydde framfor auga deira, Kalle som blei superstressa, kasta seg rundt og snitta eit hòl i den daude kua. Ut av hòlet drog dei to kalvar. Elise var med, og begge kalvane overlevde. På den tida var ho så vidt blitt kjend med Karin. Kalle har berre arbeidd som veterinær i litt over eit år og kan ikkje alt. Elise har forstått at det er heilt vanleg at dyrlegar ikkje kan alt. Kalle bruker å seie at dyrlegen ikkje er gud. I det same smell butikkdøra opp. Inn kjem ei dame med ridebukser, joggesko og ein vest. Typisk hestedame, tenker Elise. Dama går bort til disken 11


Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 12

og spør etter tape. Så går ho bort til inngangsdøra, riv ned plakaten om hest til sals og gir seg til å klistre opp ein ny med bilete av same hesten. Elise ser kva som står på plakaten, og sperrar opp auga. – Oh shit, utbryt ho. «Etterlyst», står det med store bokstavar.


Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 13

Kapittel 2 Ein hest er borte, og den har ikkje ramla i sjøen Viktor rettar på stetoskopet han har rundt halsen som om det var eit slips og lener seg framover bordet mot Kalle. Elise og Karin lener seg instinktivt etter. – Det er bra ho henger opp plakat, seier Viktor. – Sølvfaks har vore vekke i fjorten dagar. Det er så vidt Elise kan høyre det. – Fjorten dagar? Og så heng salsplakaten der framleis? – Ja, ho trudde ho skulle finne den att, og ville ikkje lage støy rundt det. Om hestar forsvann, ville kanskje folk ikkje vere så interesserte i å kome og kjøpe. Dei kunne bli skremde vekk. Men ho må ha innsett at han er søkk borte. Elise veit at det er mykje lettare å selje hestar frå stallar med godt rykte enn frå stallar med dårleg. Kanskje ein forsvunnen hest kan gi Havhesten dårleg rykte. – Mathilde, roper Viktor til dama i hestekleda. 13


Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 14

Han smiler til henne. – Viktor, eg har leita og leita i heile dag, seier Mathilde – Sølvfaks er og blir sporlaust vekke. Kanskje plakaten kan hjelpe oss å få inn tips. – Korleis kan hestar forsvinne på ei øy? spør Elise. – Dei kan jo ikkje gå sin veg heller. – Hesteøya er den største øya og den øya det bur folk på. Ho er omgitt av utruleg mange holmar, små øyar, skjer og alt mogeleg, og hestar kan faktisk svømme, seier Mathilde og ser på Elise. Elise føler brått at dialekten avslører at ho ikkje kjem frå bygda. Kanskje Mathilde trur Elise ikkje kan noko om hestar. Mathilde set seg ved bordet og rettar på blondeduken med skitne negler og kastar eit blikk på magasinet Karin har lagt frå seg. – Slanketips, seier Mathilde og hevar augnebryna. – Det treng iallfall ikkje du. Mathilde ser nedover dei tynne beina til Karin som forsvinn ned i to sneakers. Mathilde er tydelegvis ei dame som snakkar beint frå levra. Dessutan er ho ganske søt, tenker Elise. Mathilde har knallraudt hår akkurat som Viktor. Håret er så langt at det nesten rekk ned på stolsetet når ho sit. Viktor stryk Mathilde på handbaken. Mathilde ser nesten ut som ho skal begynne å gråte. Det må vere ganske kjipt å ha ein hest som kanskje har gått på havet og forsvunne. 14


Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 15

– Har du funne ut noko meir? Spor eller noko? spør Viktor og lener seg mot Mathilde. – Nei, heilt borte, gjentek Mathilde. – Korleis forsvann han? spør Karin. Ho har auge og øyre på stilk, nett som Elise. – Eg oppdaga det då eg skulle hente han på beite for to veker sidan. Sølvfaks var ikkje på beitet og ingen annan stad heller. Eg har leita over heile øya og vore på toppen av Høgenuten med kikkert for å sjå om eg såg han, men ingen hest. Mathilde ser rundt seg og sukkar oppgitt. Elise følger interessert med. – Ikkje eit spor, ikkje eit einaste spor nokon stad. Borte, seier Mathilde og knipsar med fingrane. – Og ingen har sett noko. Ingen! Til vanleg får naboane her med seg alt du gjer, til og med at du kjøper deg nye truser, og kva farge dei har. Ho stirer demonstrativt på Viktor, så flyttar ho blikket til Elise, før det stansar på Kalle. – Det som er så bra med å bu på bygda, er at om du ikkje sjølv veit kva du driv med, så veit iallfall resten av bygda det, seier Mathilde sarkastisk. – Men denne gongen er det ingen som har sett noko som helst. Viktor fiklar med nøklane. – Men, seier han forsiktig, – har du fått nokon naboar til å hjelpe deg å leite? 15


Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 16

Mathilde legg armane i kors og ristar på hovudet. – Nei. Dei er jo redde for hestar og har nok med sitt eige. Eller kanskje Mathilde ikkje har venner, tenker Elise. Eventuelt er ho typen som vil gjere alt sjølv utan å be andre om hjelp. – Du trur ikkje hesten har gått utfor ei klippe, ramla på sjøen, spør Kalle. – Nei, det trur eg ikkje. Desse hestane har levd her ute heile livet. Dei veit å passe seg. Dessutan er det ingen skrott som er funnen. Borte, seier Mathilde, og igjen knipsar ho med fingrane i lufta. – Hestane lever ute heile året, tåler snøstorm og orkan og svømmer mellom øyane når dei byter beite. Det går over hundre islandshestar fritt over heile øya, og eg har aldri opplevd at nokon av dei har forsvunne før. Elise har aldri sett ein så stor flokk før. Det er nesten som på Island, men så er også Hesteøya kjend for at her er mykje hestar, og at det alltid har vore slik. Mathilde ser ut som om ho er irritert fordi Kalle kan påstå at ein av hennar hestar kunne finne på å ramle på sjøen. – Eg hadde gått til politiet med ein gong. Og fått absolutt alle naboane mine til å leite, seier Karin og ser frå den eine til den andre. 16


Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 17

Mathilde reiser seg brått. Munnen er som ein strek. – På tide å stikke bort til huset dykkar? spør Viktor og ser på Kalle, som nikkar. Viktor køyrer først og Kalle etter bort til huset der dei skal bu heile påska saman med Viktor. Han svingar av mot venstre rett etter butikken og held fram bortover ein smal grusveg, forbi ei minikyrkje og fleire motorbåtar i raudt og blått som ligg ved ei kai. Det er fjære sjø, og oppetter steinane ligg tang og tare som eit langt, brungrønt teppe. Landskapet er trelaust og fullt av store steinar. Her og der stikk gigantiske runde fjell beint til vêrs, og over toppane krinsar stolte ramnar. – Terrenget må vere perfekt å ri tur i, utbryt Elise. Ein kan ri beint fram der ein vil utan at masse skog står i vegen, eller bilevegar, parkeringsplassar og folk med barnevogn tett i tett. – Ein oter, roper Karin og peikar ut vindauget, men Elise er for sein. Oteren har forsvunne inn i ein haug av steinar. – Skadedyr, seier Kalle. – Den glefsar i seg masse fisk. – Nei, den var dritsøt, seier Karin og held fram med å kikke ut. 17


Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 18

– Hestar, roper Elise, og peikar på tre hestar som står på toppen av ein bergnut. Hestane er raude, svarte og kvite med kjempestor man og hale. – Hestar her også, seier Karin og peikar på andre sida av vågen der to hestar står i vasskanten og følger bilen med auga. – Hestar overalt, seier Elise. Kalle bremsar opp bak bilen til Viktor og parkerer. Dei står på ei stor betongkai framfor eit høgt grønt hus med veggar av bølgeblekk. Nedanfor kaia går eit smalt sund omgitt av høge bergknausar, lyng og låge grantre i klynger. I horisonten ligg noko Elise trur kan vere eit oppdrettsanlegg for fisk. – Velkommen til huset mitt, seier Viktor. – Du har svært god hussmak, seier Kalle og stirer opp etter bølgeblekkveggane. – Spygrønt er pent. Huset ligg på toppen av ein diger lagerhall, eller betonghall, full av kassar, vedstablar og maskiner. Det ligg som ein grøn hatt på eit litt for stort betonghovud. Viktor flirer. – Det var det einaste huset som var til sals då eg fekk jobb her på Hesteøya. Det ligg midt i Mathilde sitt hestebeite, men snart kan hestebeitet bli sauebeite. 18


Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 19

– Sauebeite? spør Elise. – Ja, seier Viktor. – Den gamle mannen som eig halve øya og området beitet ligg i, skal selje. Ei som heiter Camilla, vil kjøpe heile området og starte villsauoppdrett saman med Fedøy. No har Fedøy berre femti sauer, men om Camilla kjøper resten av øya, kan dei ha mange hundre sauer i lag. – Fedøy er han du gjekk inn i på butikken, seier Viktor, og Elise hugsar den fiskeluktande termodressmannen med skinnlua. Lua måtte vere laga av saueskinn, eller kanskje lam. – Fedøy trefte Camilla gjennom ein kontaktannonse i bladet Sau og Geit, og så blei dei kjærastar. Berre kort tid etter bestemte Camilla seg for å flytte ut hit. Når så gamle folk som Fedøy blir romantiske av seg, går det fort. Han er jo over seksti. Elise trekker på smilebandet. Kontaktannonsar er berre så gammaldags. – Camilla har ein sauegard i innlandet, men no vil ho til havs, hit, og ha med seg alle dei fire hundre sauene sine, seier Viktor og peikar inn under huset. – Ho leiger lagerhallen under huset mitt som oppbevaringsstad for tinga sine medan ho flyttar utover. Ho har ekstremt masse ting, seier Viktor. 19


Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 20

– Fedøy bur i eit lite rekkehus, og han har ingen sjanse til å få plass til alle tinga hennar der. Han leiger gard av ein nabo, så ikkje rart han har lyst til å kjøpe seg store beitemarker. Dei store portane i hallen er opne, og Elise ser inn på stablar av bord, stolar og lamper som tårnar seg opp langs veggane. Elise merkar seg ein kjempestor haug av gjerdepålar i kjellaren. Kvite plastikkpålar som ein kan feste straumgjerde på, og store trepålar til å sette opp netting. Camilla må vere ganske sikker på at ho får kjøpe øya, sidan ho har så mykje gjerde på lager. Det ligg ein stor stabel av saueskinn i eit hjørne, og på golvet ligg eit svart hundehalsband fullt av metalltaggar festa i enden av eit langt tau. Det må vere ein gigantisk hund som treng eit så stort halsband, tenker Elise. – Camilla og Fedøy tenker å bygge seg hus der borte, seier Viktor og peikar over på andre sida av bukta. – Kva skjer med hestane då? spør Karin. – Veit ikkje, seier Viktor og seier ikkje meir om den saka. Han går opp ein jordsti, rundt huset og bort til ei knall lilla dør med «Velkommen heim»-skilt. – Her skal de bu, seier Viktor og låser opp. – Stig inn i min ringe bustad. Utsikta frå den kombinerte stova og kjøkke20


Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 21

net er fantastisk. Sola er i ferd med å gå ned og fargar horisonten eldraud med sterkt gult lys rundt. Karin sukkar. – For eit kult terreng. Her må det vere genialt å springe orientering, seier ho og lener seg mot ruta. Karin er treningsnarkoman og best i nesten alle idrettar. – Her er ikkje innlagt vatn, så vi må hente ferskvatn i ein tank utanfor og vatn til toalettet i sjøen, seier Viktor. – Her er heller ingen dusj, men om de seier frå, kan de få dusje på Havhesten hestegard. Eg bruker å gjere det sjølv. Kalle dreg ei hand gjennom håret og ser bort på Elise og Karin. Ingen av dei reagerer. Dei er ikkje her for å dusje heller. Karin legg magasina ho kjøpte, på bordet. Viktor stirer på framsida. «Korleis er din drøymemann?» står det med store bokstavar. Han tek opp bladet og studerer det, så slår han opp på artikkelen og set seg til å lese. Han har lagt ein pakke breiflabbfiletar og ein pose poteter på bordet. Kalle ser rådvill frå Viktor til breiflabbposen. Kalle kan ikkje å lage anna enn ferdigmat og posesuppe, og Elise tviler på at han kan koke poteter. Han set på kaffi og dreg fram ein pose brødskiver frå sekken. – Seriøst, Kalle, seier Viktor. – Har du framleis ikkje lært deg å lage mat? 21


Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 22

– Og du har framleis ikkje slutta med å studere korleis du kan bli drøymemannen, seier Kalle og peikar på magasinet. – Kalle var den verste kokken av alle veterinærstudentane eg kjenner, seier Viktor, slenger magasinet på bordet og tek tak i breiflabbposen. – Og du den mest desperate damejegeren, svarer Kalle og gliser. Karin ser frå den eine til den andre. – De er håplause, seier ho. – De kjem aldri til å bli gifte. – Oi, det var ein hard dom. Skal vi vedde? spør Viktor og strekker fram handa, men Karin vil ikkje vedde. Karin veddar aldri. Ho berre meiner ting. Dessutan veit Elise at ho er blakk som ei kyrkjerotte. Karin har ikkje råd til å tape veddemål. Viktor legg vekk bladet og tek fram ei diger, tjukk bok frå bokhylla. Boka heiter Havfolk og fjordfolk og ser ut som om den veg fleire kilo. – Eg kan fortelje dykk noko artig, seier Viktor og blar opp i boka. – I gamle dagar, her ute ved kysten, la dei ein røyskatt i mjølka til sjuke kalv ar. Dei meinte røyskatten gjorde dei friske. Kalvane fekk også eit selskinn på ryggen. Elise rynkar panna. Ho lurer på kven som kom på noko slikt. – Veit de kvifor Havhesten hestegard har ein 22


Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 23

hest som går på vatnet, på skiltet sitt? spør Viktor. Elise og Karin ristar på hovudet. – Det er fordi, seier Viktor, – at ein gong for lenge sidan var det ein mann som stakk av med hesten til politimeisteren. Mannen blei fanga, men hesten var borte. Dei fann den aldri att. Tjuven sa at hesten hadde gått sin veg på vatnet. Alt står i denne boka. Elise tek bygdeboka. Dette er nøyaktig slikt ho liker å lese om. Ikkje at ho trur hestar kan gå på vatnet, men det er som å lese eventyr, berre at desse eventyra er noko mange faktisk meiner har skjedd. Resten av kvelden bruker Viktor på å lære Kalle å lage breiflabbmiddag, medan Elise studerer kart over Hesteøya og les historie. Ho finn ut at for fleire hundre år sidan var øya dekt av skog, men fordi handelsskip frå kontinentet alltid stansa her for å hamstre mat, brende øyfolket ned all skogen. Handelsmennene hadde nemleg ein lei tendens til å stele med seg levande sauer og kyr. Då skogen forsvann, blei det ikkje lenger like lett for handelsmennene å stele dyr i ly av skogen, og dei slutta å legge til land i skjulte vikar og bukter. Etter dette har øya vore skogfri. Det står berre litt skog att på nokre av øyane rundt. Stele dyr i ly av skog, tenker Elise og studerer den rykande varme breiflabben Viktor set på bor23


Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 24

det. Ho reiser seg og ser ut over sjøen. Ute har det blitt heilt mørkt. Elise har ikkje sett særleg med skog i dag, men så har ho heller ikkje sett heile øygruppa. Ho søker opp Havhesten og havhestane, som Mathilde kallar dei. På nettsida finn Elise fleire annonsar om hestar til sals. Sakte les ho seg nedover annonselista, medan auga blir større og større. Den forsvunne hesten ligg ute for sal. Mathilde har ikkje fjerna annonsen. I det same ringer telefonen til Viktor. – Hei, Mathilde. Jaha …, seier han. – Nei, når oppdaga du det? … Jaha? … Det var ille. Då han legg på, har alle øyra på stilk. – Det var Mathilde. Det er ein ny hest som har forsvunne. Den stod i eit gjerde utanfor stallen, og no er den borte. Den må ha brote seg ut og stukke av. Den forsvann visst i går. Elise stirer på han. Mathilde seier visst ikkje frå før lenge etter at hestane hennar er borte. Ho må ha svært høg terskel for å be om hjelp. – Kva heiter hesten? spør Elise. Framfor seg har ho hesteannonsane på skjermen. – Rimfakse, seier Viktor. – Den er til sals, seier Elise. – Begge dei forsvunne hestane er til sals.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Elise og mysteriet på Hesteøya by Det Norske Samlaget - Issuu