Skip to main content

Elise og mysteriet med dei døde hestane

Page 1

Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

1

14:41

Side 1


Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

14:41

Side 3

Anne Viken

Elise og mysteriet med dei døde hestane Roman

Samlaget Oslo 2012


Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

14:41

Side 5

K a pi t te l 1 Blod i håret, hestar som veltar, og hundar som et snus Klokka er sju om morgonen då Kalle røskar i Elise for å vekke henne. Sola kastar lange strålar innover golvplankane og skjer seg inn i hjernen. Ho strekker armane i vêret og gjespar, medan fuglane syng utanfor og det susar i granskogen. Kvar einaste sommar heile livet har Elise vore på hytta i Tordenbygda, men denne sommaren er det annleis. Ho skal køyre veterinærpraksis med onkel Kalle heile ferien. Elise skal også bli veterinær når ho blir større. Tretten år er litt for ungt, men ikkje for ungt til å henge med Kalle på jobb. Det verker i kvart ledd når Elise lyfter armen. Hårbørsten set seg fast. Det er berre så typisk. Hesteblod i håret, sagflis i luggen. Ho rykker i børsten, og lange, brune hårstrå lausnar. Då ho kom heim i går, var ho så trøtt at dusjing var like aktuelt som å klatre ned pipa. Elise festar øyreringane og tek fram maskara. 5


Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

14:41

Side 6

– Hallo, Elise, du treng ikkje sminke deg for å fikse hestar. Kalle står i trappa. Elise rekker tunge. Det treng ho vel. Ingen grunn til at ho skal gå rundt som ei nedramla brakke berre fordi ho skal bli veterinær. Heller omvendt. Det var før i tida at veterinæren var ein diger gubbe. No om dagen er dei for det meste damer. Kalle er i mindretal. Han kan berre passe seg. Elise held opp maskaraen demonstrativt. Sjølv om Kalle ikkje har børsta håret på ei veke, betyr ikkje det at ingen andre kan pynte seg. Far hennar meinte det var uforsvarleg å sende Elise med Kalle på jobb i sommarferien. Elise er sikker på at han aldri ville ha sagt ja om han visste kor lite ho fekk sove. Denne helga har Kalle vakt, og vakttelefonen har ringt i eitt. Heile natta har Kalle og Elise vore på pasientbesøk til sjuke dyr. Først sydde dei saman ein hest som hadde sprunge på ein påle. Det var blod og skinnfiller overalt, og Kalle heldt på å bli galen fordi hesten ikkje stod roleg. Då han gav meir roande, ramla hesten i koll. Det var slettes ikkje meininga, men Kalle fekk iallfall sydd den saman. Etterpå gav dei ei spysprøyte til ein hund som hadde ete snus. Ut kom haugar av snus, og Elise spydde nesten, ho også. 6


Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

14:41

Side 7

På det siste besøket måtte Elise hjelpe Kalle å dra i ein kalv som sat fast under kalvinga. Til slutt måtte han skyte kua. Bonden ville ikkje ha keisarsnitt. Då blei Kalle og Elise frykteleg skuffa. Dei hadde gledd seg skikkeleg til å skjere hòl i kua og dra ut kalven. Å skjere hòl i kyr er noko av det kjekkaste Kalle veit. Han vil helst skjere hòl i alle kyr heile tida og ventar stadig på å få operere, men bøndene her i bygda synest det er for dyrt. Difor seier dei nesten alltid nei sjølv om Kalle tilbyr seg å utføre keisarsnitt nesten gratis. Elise skulle gjerne hatt meir å bryne seg på, og synest det er frykteleg irriterande at ho ikkje får gjere alt som ein dyrlege gjer. For eksempel operere hestar. Ho hadde ikkje nølt ein augneblink. Kalle seier han er nøyen med å passe på at Elise ikkje opererer bort bitar av pasientane når han snur ryggen til. Kalle kan ta det heilt roleg, Elise ville ikkje operere utan grunn. Ho er ikkje heilt galen heller. – Trur du Kalle vil ha med seg deg på jobb kvar dag, då? spurde faren før ho drog til Tordenbygda for ei veke sidan. Faren til Elise er oljeingeniør og livredd hestar. Når Elise er på rideskulen heime, står han i ein krok og lèt som han sjekkar e-post på mobilen. Mora meinte det ville bli ei oppleving, og fordi 7


Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

14:41

Side 8

det er mora til Elise som bestemmer mest, fekk Elise dra. – Han er jo berre tjueseks! – Ein veit aldri kva folk på den alderen kan finne på, og særleg ikkje når det er snakk om bror min, seier faren om Kalle. Elise er heilt ueinig. Tjueseks er reine pensjonsalderen sett frå hennar ståstad. Mora til Elise er oppvaksen i Tordenbygda og hadde sjølv tenkt å bli dyrlege, men blei lege i staden. No arbeider ho med ruspasientar og narkomane. Elise synest det verkar minst like vanskeleg å fikse ruspasientar som å fikse hestar. Mora meinte Elise kunne ha godt av å kome seg ut av byen i sommarferien. – Elise er trass alt tretten år. Ho greier seg fint utan oss eit par veker. Dessutan bur GamleMathias og presten der, sa mora. Gamle-Mathias er den pensjonerte dyrlegen i Tordenbygda, og han har lova å ta seg av Elise om Kalle blir lei henne. Gamle-Mathias er ein skikkeleg bamsemann med stort, svart skjegg og briller. Når han snakkar, buldrar det langt nede i buken, og når han ler, ser ein nesten heilt ned i magesekken. Gamle-Mathias har også lova å ta seg av Kalle om Kalle treng hjelp, nyutdanna frå veterinærhøgskulen som han er, og utan særleg arbeidserfaring. Nokre gonger ringer han Gamle-Mathias 8


Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

14:41

Side 9

midt på natta og ber om råd. Då må GamleMathias rykke ut i ein fei eller forklare detaljert på telefonen kva Kalle skal gjere. Ein gong kopla Kalle saman veterinærutstyret sitt bak fram. Det såg frykteleg rart ut, men verka like bra. Den einaste som såg forvirra ut, var bonden. Av og til veit bøndene betre enn veterinæren, og dei har som regel alltid stilt diagnosen før dei ringer han. Første gongen Kalle var med på sommarferie til hytta i Tordenbygda, var Elise tre år. Kalle skulle passe Elise, men ein dag trefte han GamleMathias. Etter det var Kalle med på hytta kvart einaste år for å følge Gamle-Mathias på jobb, Elise måtte passe seg sjølv, og Kalle bestemte seg for å bli veterinær. Gamle-Mathias er læremeister for Kalle og Kalle for Elise. Kalle lærer Elise å sjå skilnad på sjuke og friske dyr og gradere kor halt ein hest er. Grad éin er nesten usynleg. Grad fem er når hesten ikkje vil stå på foten. Av og til når Elise tviler på det Kalle seier, spør ho Gamle-Mathias. Då blir Kalle skikkeleg fornærma. Kalle meiner han har god peiling, sjølv om han berre har vore veterinær i nokre få månader. Presten er bestekompisen til Gamle-Mathias. Dei to gubbane bur i lag i prestegarden. Der har dei 9


Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

14:41

Side 10

budd heilt sidan Elise blei fødd. Presten er heilt motsett av Gamle-Mathias. Flintskalla, tynn og utan skjegg. Han har pipestemme, og når han ler, høyrest han ut som ein figur i ein teiknefilm. Presten brøler berre når nokon forsøker å øydelegge noko i kyrkja, og sidan kyrkjevandalar er svært sjeldne i Tordenbygda, brøler presten nesten aldri. I hagen har Gamle-Mathias og presten to tjukke fjordhestar som heiter Pinto og Hest. Pinto og Hest er over tjue år gamle og vil helst ha fri heile tida. Det kan Elise godt forstå. Gamle-Mathias er så tjukk at han tynger ned Pinto på midten, og presten vaskar Hest så grundig og så ofte at ein kan kjenne parfymelukta på ein kilometers avstand. Når dei to gamlekarane tek seg ein drabeleg ridetur bygda rundt, er det tryggast å halde seg inne. For eit par veker sidan ramla presten av og fekk ein stor kul i skallen. Hest hadde nok helst sett at han gjekk tvers av. Dessutan er presten så redd for å ramle av at han hoiar og skrik heile tida når dei galopperer. «No ramlar eg, no ramlar eg,» hoiar han, medan GamleMathias rir framfor og brøler at no må presten snart ta seg saman. Slik har dei halde på sidan Elise blei fødd. For Kalle var det greitt at Elise blei med til Tordenbygda for å køyre praksis. Han hadde berre 10


Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

14:41

Side 11

eitt krav: Elise får ikkje stikke av med medisinar, skade pasientar eller skremme vitet av dyreeigarane. Gjer ho det, parkerer han henne i prestegarden. Det vil ikkje Elise. Elise liker presten og Gamle-Mathias, men ikkje godt nok til å parkerast der. Presten er allergisk mot nesten all mat, og Gamle-Mathias snakkar om pelsdyr heile tida. Elise hadde måtta ete gras og gå med øyreproppar. Og så var det endeleg bestemt. Elise fekk dra. Med magen full av sommarfuglar pakka ho sekken og tok bussen til Tordenbygda. I sekken hadde ho med seg flunkande nytt termometer og stetoskop. Med stetoskopet kan ho høyre alle slags hjartelydar, ei mengd med lungelydar og stillheita i magen på ein kolikkhest. Det var skikkeleg dyrt, og faren måtte forklare ekspeditøren lenge og vel kvifor Elise, som er berre tretten år, hadde bruk for slikt lytteutstyr. Ekspeditøren rista på hovudet og sa noko om bortskjemde ungar som driv med hest. Elise kunne sjå at faren meinte ekspeditøren var ein premiedust som skulle ha vore nødslakta på staden. Tordenbygda er den mest avsidesliggande bygda i heile landet. Den ligg ved ein diger sjø omkransa av høge fjell og tett skog. I sjøen er det sjøorm, og i skogen så fullt av bjørn og ulv at ein 11


Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

14:41

Side 12

må gå i kø. Store kyr med horn og bjøller blir jaga av bjørn over markene så skitspruten står, og ingen vågar jogge etter klokka seks. Alle som hadde sauer, mista halve buskapen på fjellet kvart år. Difor har ingen lenger sauer i Tordenbygda. Å mate ulven med levande sauer er dyreplageri, meiner Kalle. Det meiner Elise også. Heile bygda er frå vikingtida, og utanfor familiehytta går pilegrimsvegen til Nidaros. I riktig gamle dagar kom pilegrimane langvegs frå for å besøke Tordenkyrkja. No kjem det turistar. Heile sommaren kjem turistane haglande for å sjå på kyrkja. Elise kan sjå den frå vindauget på hytteloftet. Det er ei brunkvit steinkyrkje med stort, plankedekt klokketårn. Det er der presten er prest. Presten er den galnaste presten Elise nokon gong har kjent, men så har ho berre kjent ein prest. Mor til Elise seier at før var presten endå galnare. Ein gong greidde han ikkje bremse i tide og køyrde opp kyrkjetrappa med traktor. Av og til tenker Elise at det faktisk er heilt utruleg kva vaksne folk kan ta seg til. Kyrkja ligg heilt nede ved sjøen og blei bygd tidleg på 1200-talet. Ved midnatt kan Elise nesten høyre pilegrimane og hestane deira gå på grusvegen utanfor hyttedøra. Då slår Elise på lyset, men alt 12


Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

14:41

Side 13

ho ser, er daude fluger. Om Elise blir skikkeleg mørkredd, må ho ligge vaken heile natta og kike på trappa. Ho kan ikkje krype opp i senga til Kalle heller. Kalle meiner Elise har ein ekstrem fantasi. Elise meiner Kalle er dårleg til å støvsuge. Både Kalle og Elise jobbar så masse at dei ikkje har hatt tid til å vaske vekk alle dei daude flugene som har hopa seg opp i hytta sidan sist nokon var her. Eit halvt års flugesamling ligg og knitrar når ein trakkar på dei. Lause flugevenger heng fast i sokkane til Elise når ho plukkar dei opp frå golvet. Ho går ned trappa, ut på altanen og set seg. Kalle sit der alt med ein kopp kaffi som blei kokt i går. Det er typisk Kalle å drikke kaffi frå dagen før. Han meiner den er like god, og påstår at kokekaffi held seg i fleire døgn. Telefonen ringer. Kalle svarer. Elise skundar seg å smøre ei brødskive. Ein veit aldri når ein må koste av garde. – Veterinær Håkonsen. Den lange, svarte luggen ramlar ned i auga. Kalle har skjeggstubbar og svart T-skjorte og ser ut som ein skikkeleg rockedyrlege. Hestedamene ramlar som fluger når Kalle kjem inn i stallen for å undersøke dei overvektige ponniane deira. Han slenger på luggen og kiker på dei på skrå, medan 13


Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

14:41

Side 14

damene rettar på sveisen og skammar seg over at ponniane deira er slike fleskeberg. – Kva et hesten din? spør Kalle då, og damene stotrar fram at ponniane deira nok et altfor mykje. Då nikkar Kalle tankefullt og seier at ja, det stemmer nok. Så set han ein finger på ponnispekket så det dissar heile vegen bak til halen. Då blir damene endå raudare. Stalljentene blir litt betutta når Elise kjem inn, slepande på kofferten til Kalle, raud i ansiktet og i store støvlar. Dei tenkte kanskje dei skulle ha Kalle for seg sjølv. Elise hentar slangar, sprøyter og kanylar, fyller på med glukose og hentar bandasjar. Av og til diskuterer ho med Kalle. Då blir hestejentene lange i maska. Særleg når Kalle seier at Elise har rett. Men av og til blir Kalle hissig og ber Elise pelle seg vekk. Då kniser hestejentene. Kalle kan bli skikkeleg irritert om Elise legg seg oppi saker han meiner ho ikkje har noko med. Det kan vere vanskeleg å vite heilt når ho går over streken. Difor gjer ho det stadig vekk. No lyttar Kalle medan han seier hm, ha og kan du seie litt om når dette hende? Elise synest det er morosamt å lytte på Kalles veterinærsamtalar. I går var det ei dame som ringde om ein kanin som ikkje kunne hoppe. Kalle heldt på å le seg i hel og måtte halde seg så godt han kunne gjennom heile 14


Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

14:41

Side 15

samtalen. To gonger undervegs måtte han seie unnskyld og hoste medan han heldt for røret. Ein annan gong var det ein kar som ringde om ein hest som ikkje kunne rygge. – Kva skal eg gjere med det då? sa Kalle og rista på hovudet. – Skru på reversen? Elise synest dyreeigarar har mange underlege bekymringar. – Har hunden din ete ein fiskekrok? spør Kalle no. Elise følger nøye med. – Er du sikker …? Ok, fisken er borte, og hunden verkar mett … Gi hunden din asparges … Ja, asparges klistrar seg til fiskekroken, pakkar den inn og hindrar at kroken set seg fast i tarmveggen. Kalle legg på. – Så, frøken, vil du framleis bli veterinær, så trøtt som du er? seier han til Elise og skrur på sin beste onkelsjarm. Elise nikkar med munnen full av brødskiver. Her gjeld det å stappe i seg maten raskast mogeleg før dei må rykke ut på noko akutt. Pølse, leverpostei, brød og mjølk. Alt må tømmast ned i ein fei. Telefonen ringer igjen. Elise tygger så hardt ho kan. Det er ein hesteeigar. – Det er ein kolikkhest som ligg strekk ut og ikkje vil reise seg, på same tid som bonden driv 15


Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

14:41

Side 16

og slepper ut kyrne sine. Det er fullt kaos på garden. Vi må skunde oss, seier Kalle. Ein kolikkhest er ein hest som har skikkeleg vondt i magen. Dei rullar og kastar seg og vil ofte ikkje stå på beina. Kvifor dei har vondt i magen, er ikkje alltid så lett å vite. Det kan vere tarmar som har slått krøll på seg, sand i tarmen eller til og med gass. Kolikk er ein av Elises favorittdiagnosar. Når ein arbeider som dyrlegeassistent, får ein til slutt favorittdiagnosar som er meir spennande enn andre. – Det er ein ivanhingst, seier Kalle. Elise er i ferd med å sette skiva i halsen, så mykje mat har ho i munnen. – Ein ekte ivanhingst? roper ho så brødsmulane sprutar. – Ja, eg trur det, seier Kalle. – Sommarens første ivanhestpasient. Av og til er det berre så stilig å vere med Kalle på jobb at ho held på å gå gjennom taket. Kalle seier nett det same. Av og til er det så kult å vere veterinær at han formeleg bykser ut døra, ut på trappa og inn i vaktbilen. Elise må springe som ein galning for å ikkje å bli ståande att. Kalle gløymer å ete, han gløymer å sove, og han gløymer å gå på do. Elise har fleire gonger siste veka halde på å svelte spent i hel, men ho kan ikkje klage heller. «Eg har verdas beste jobb!!!!!!!» skriv Kalle 16


Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

14:41

Side 17

på Facebook. Då trykker Elise «liker» og skriv det same på sin eigen status. Ivanhesten er Tordenbygdas eigen hesterase. Der finst berre nokre få slike hestar i verda, og nesten alle finst her i bygda. Ingen veit kvar dei kjem frå, men ein trur dei har vore her i minst eit par hundre år. Hestane er vakre og berømte, med sølvglitrande pels og eksplosivt temperament. – Jepp, det er hingsten Anton som ligg nede for teljing oppe hos Martin på Nedre Bjørndal, seier Kalle. Martin bur i enden av ein bratt, bratt veg og har femti kyr. Hingsten Anton bur i låven saman med kyrne. Elise synest det er rart at nokon kan kalle ein hest for Anton. Det høyrest meir ut som ein gammal mann med skjegg. Elise og Kalle hoppar i bilen, og Kalle køyrer som ein galning. Dei spinn bortover vegen så grusen sprutar himmelhøgt, og vekker sikkert alle som bur her. Det er altfor tidleg ein søndags morgon til å køyre som eit svin, men svinekøyring er ein av favorittaktivitetane til Kalle. Elise held seg fast i setet og lèt det stå til. Det nyttar ikkje å seie til Kalle at han skal køyre saktare, då køyrer han fortare i staden. Kalle og Elise er ikkje før ute på vegen, så høyrer dei dunder og brak i det fjerne.


Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

14:41

Side 18

K a p i t t el 2 Presten deisar ei flaske vin i skallen på ei ku Dundringa Elise og Kalle høyrer, er dei femti kyrne til bonden Martin på Nedre Bjørndal som stormar ut av fjøsen så fjøsdøra ramlar av hengslene, og stuper kråke bortetter markene. Kvart einaste år er det slik, men i år har Martin venta til slutten av juni med å sleppe ut kyrne. Martin har begynt å gi blaffen. Kvart år blir kyrne skitnare, dei mjølkar stadig mindre og slepp ut seinare og seinare kvar sommar. Helst vil han legge ned, flytte frå garden og bli journalist i lokalavisa, men garden har vore i slekta i hundre år. Martin kan ikkje vere den som sel. Alle i Tordenbygda veit at det går til dunders med Martin og kyrne hans. Til og med Elise som berre er der på ferie. No spring kyrne for full guffe bortover markene med halane til vêrs medan Martin brøler som eit styggevêr. Dyra galopperer så fort, tungt og ukontrollert at dei flattrampar kattar og om18


Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

14:41

Side 19

skaper blomsterbed til grøfter, medan hunden spring for livet og reven går i dekning. Det dampar og ryk av kusveitte. Ein får kumøkk i kjeften og kumøkk i håret. Kyrne rir kvarandre på ryggen og brakar saman skalle mot skalle så det syng i bergveggane. Det smell så hardt at kyrne sjølv blir øre, går baklengs, ristar på hovudet og må ta pause for å vinne att balansen. Martin spring som ein tulling langs gjerdet. Det er like før dei femti kyrne bryt gjennom gjerdet og tek grusvegen fatt. Det var rein idioti å sleppe ut kyrne utan å hente meir hjelp, men det er ikkje lenger nokon som vil hjelpe Martin. Han må klare seg sjølv. Martin riv seg i håret medan han pesar og bannar. Så går han på trynet og får kuskit i skjegget. Ei ulykke kjem sjeldan aleine, og Martin hadde ikkje før sleppt kyrne ut, så oppdaga kona, Sofia, at den kvite hingsten låg strekk ut på jordet bak huset. Same kor ho halte og drog, så nekta Anton å reise seg. No ligg han og stønnar med rullande auge medan kyrne galopperer forbi og pelsen langsamt blir dekt av småstein og kumøkk. Bakken ristar av galne kyr, hesten sparkar seg mot buken, og Sofia tørkar sveitten. Det er ingen som kan passe på at kyrne ikkje spring gjennom gjerdet, og der brasar dei gjennom og galopperer 19


Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

14:41

Side 20

nedover vegen med halane høgt heva, som var det ein revolusjon på gang. Med fektande armar dirigerer Sofia Martin opp på traktoren etter flokken, medan ho sjølv står att med hesten og ventar på veterinæren. Der trampar heile kuflokken ned bakkane med retning Tordenkyrkja. Anton strekker hovudet bakover, rullar med auga og stønnar høgt. Sofia dreg eit lommetørkle opp av lomma og tørkar seg i augnekroken. – Heiane, roper ho og sparkar i veggen, slenger lommetørkleet i bakken og trampar på det. Alt går til dunders på Nedre Bjørndal. No også premiehingsten. I det tretti tonn kukjøt med tilhøyrande jur, halar og horn rundar svingen, kjem veterinærbilen opp den bratte grusbakken frå hytta. Kyrne har retning mot frontruta. Kalle må skrense så hardt at Elise skallar hovudet i døra. Bang! Kalle dukkar og slår tennene i rattet. Krønsj! Kalle klarer knapt slenge bilen av vegen før flokken dundrar forbi med retning kyrkja og sjøen. Bak flokken kjem Martin på traktor. Klauver dundrar mot asfalten. Kloppetiklopp. Kuhalar dunkar mot bilsida. Dunketidunk. Der rauk spegelen. Knus, klirr. – Hjelpe og trøste! roper Kalle. 20


Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

14:41

Side 21

– Tenk om kyrne hamnar i steinrøysa, seier Elise. Ho strekker hals mot vindauget og kiker ned i avgrunnen på høgre side av vegen. På begge sider går det beint utfor berg og hamrar før skogen tek over. – Dette er reine komedien. Desse kyrne rømmer kvart einaste år. Kalle vrenger bilen lenger ut i vegkanten. Frå bilen på kanten av røysa har Kalle og Elise full oversikt over dei femti kyrne som er på veg beint mot kyrkjegarden. I kyrkjegardsporten står presten i flagrande prestekjole. Han er klar. Kvart år kjem dei dundrande, like forbaska.Og kvart år står presten i kyrkjegardsporten, like forpesta. Fell beitesleppet på ein søndag, må gudstenester avlysast og presten ta fri. Galopperande kyr tek ikkje omsyn til kyrkjetider og søndagsro, men no kan dei berre kome. På kykjegardsmuren står ein kasse gamle salmebøker og tomme altervinflasker til skyts. – I Guds namn. Ligg unna heilag grunn! brøler presten, viftar med prestekragen og plukkar opp ei stor, tung salmebok med svarte permar og gullskrift på bretten. – Eg skal gi dykk salmesong, brøler han, hevar armen, siktar og kastar. 21


Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

14:41

Side 22

Den første salmeboka treffer midt mellom auga på bjøllekua. – Gravskjendarar, brøler han, for er det noko presten kan, så er det å brøle. Så ber det i veg gjennom lufta med neste bok. Men bjøllekua kan også brøle. Ho senkar hovudet, aukar tempoet og brøler trugande. Kvitt spytt boblar, og kvitt spytt sprutar frå bjøllekukjeften medan salmebøker prellar av som popkorn på ei panservogn. Framfor presten stansar ho, senkar hovudet og burar stygt og inneslutta, som om endetida var her allereie. Men presten er ikkje klar for verken himmel eller helvete. Han hevar armen høgt over hovudet, og medan Ave Maria gjallar mellom fjella, deisar han den største flaska altervin ned mellom bjøllekuhorna så det singlar i glas og hjerneceller. Ein augneblink står kua paff, før ho kastar seg rundt og skrensar vidare. Ved Prix står ein flokk trøtte bygdefolk på rekke og rad med ein stige mellom seg som gjerde. Eit par kyrkjeturistar deltek også. Med flagrande turistbrosjyrar hoppar dei opp og ned medan dei roper og skrik på tysk og fransk. Gamle-Mathias er midt i flokken. Her må alle gode krefter samarbeide. Bjøllekua skrensar og bremsar så småstein og grus sprutar. Så brøler ho 22


Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

14:41

Side 23

fornærma når halve flokken krasjar inn i baken hennar så det knasar i hofteledd og rumpemusklar. Gamle-Mathias viftar med ei rive i lufta og flaksar med armane så bollemagen hoppar. Bjøllekua kjenner han godt. Gamle-Mathias drog ut eit par kalvar av vomma hennar for eit par år sidan, og den historia har han fortalt til alt og alle. Ho stampar i bakken og rautar irritert. Så snur ho tilbake. Brøyter seg veg gjennom kuflokken og set kursen mot kyrkja igjen. Men skrik og skrål frå bygdefolka jagar flokken tilbake dit den kom frå. Rømmingsruta til kyrne er den same kvart år. Etter å ha kome seg ut av tunet halsar kyrne nedover bakkane mot kyrkja. Vegen er smal og bratt og går langs elva. Av og til ramlar ei av kyrne, går kast i kast utfor hamrar og berg langsmed vegen og landar på vomma med eit brak. Bygdefolket lyttar med jamne mellomrom etter kyr som ramlar nedover steinrøysa. Ein veit aldri kva som skjer, og kvart einaste år er heile Tordenbygda i heilspenn, men sidan kyrne på Nedre Bjørndal er vane med å ramle i elva, kjem dei seg som regel opp att sjølv. På vegen til kyrkja galopperer kyrne forbi grusvegen inn til hytta Elise bur i. Så spring dei rett fram, beint over plassen framfor kyrkja med 23


Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

14:41

Side 24

retning kyrkjeporten. Etter å ha fått grundig kjeft av presten tek dei ein skarp høgre og galopperer dei par hundre meterane mot Prixen. Om ein ikkje får stoppa dei der, brasar dei gjennom skogen og kan bli borte i mange dagar før ein finn dei att. Skogen i Tordenbygda er tett som jungel og full av kampestein og myrholer. Langt der inne buldrar det frykta Tordenjuvet, og for å kome dit må ein gjennom den farlege Dunderrøysa. I røysa knekk kubein som fyrstikker. Støvskya etter kyrne har forsvunne bortetter. Presten står att på muren og hyttar med neven. Elise har fått ein blåkul i panna etter møtet med døra. Kalle mumlar noko om at galne kyr og prestar ikkje høyrer i hop. Elise sit med hovudet langt ut gjennom bilvindauget og følger showet med stor interesse. – Om kyrne rømmer på andre dagar enn beitesleppdagen, betyr det ulykke, seier Kalle. – Haha, seier Elise. – Ja, folk seier det. Dyr kan varsle fare. Kalle held på sitt. – Når kyrne på grusvegen dundrar, folket til Bjørndal seg skundar. Så tek han seg til munnen og sjekkar at alle tenner er på plass, før han trakkar hardt på gassen. Bilen startar med eit rykk, og dei køyrer opp 24


Elise og mysteriet ferdig.qxd:A

06-07-12

14:41

Side 25

bakkane mot Nedre Bjørndal, der den kvite hingsten Anton ligg flatsides og sparkar seg mot buken.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Elise og mysteriet med dei døde hestane by Det Norske Samlaget - Issuu