Eksperimentet ferdig_a 23.01.15 14:06 Side 1
Eksperimentet ferdig_a 23.01.15 14:06 Side 3
Harald Nortun
EKSPERIMENTET Roman
Samlaget Oslo 2015
Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6
Eksperimentet ferdig_a 23.01.15 14:06 Side 5
KAPITTEL 1 «Vi kan byte namn,» seier eg til Amanda. «Og så skal eg liksom heite Amund?» spør ho. «Er ikkje Amund eit skikkeleg dårleg jentenamn?» Amanda klør seg i hovudet, sukkar og ser ein annan veg. Slik gjer ho ofte når ho meiner eg har sagt eller gjort noko dumt. «Du kan vere meg, og eg kan vere deg,» forklarer eg. «Så blir eg jente, og du blir gut.» Eg prøver å høyrast ut som eg nesten ikkje meiner det. Om fem sekund kan eg trekkje alt tilbake og seie at eg sjølvsagt berre tulla. «Du hadde aldri greidd å vere jente,» seier Amanda og ristar på hovudet. «Du aner ikkje kor mykje mas det er. Passe på kven som er venn med kven akkurat no. Hemmeleg kviskring og sladder. Kleda du går i. Idiotiske småting som må vere heilt rette for at du skal passe inn. Og alt skiftar heile tida.» «Det er det som er artig,» seier eg. «Følgje med på kva som skjer. Kva folk driv med. Kva dei er interesserte i. Kva folk meiner og trur og tenkjer. Gutar spring berre rundt og knuffar og slåst heile tida. Kva er poenget?» 5
Eksperimentet ferdig_a 23.01.15 14:06 Side 6
«Det er ikkje noko poeng, det er berre artig! Må du alltid vere så seriøs?» Amanda pustar oppgitt ut og finn fram mobilen. Det er nesten to timar igjen før vi er framme på hytta hos farmor og farfar. Vi køyrer med Sørlandsbanen. Namnet Sørlandet får meg til å tenkje på kvite trehus, strender med sol og bading og sjøen full av småbåtar. Men frå togvindauget ser eg mest skog og atter skog. God tid til å tenkje. Det eg tenkjer på akkurat no, er at denne krangelen med Amanda er heilt tullete. For eigentleg er det stikk motsett. Det er ho som ikkje får til å vere jente, og eg som ikkje får til å vere gut. Når Amanda sit framfor dataen, går det mest i spel og filmar med bilkøyring og skyting. Mens eg chattar og les bloggar. På fotballbanen spring Amanda rundt og roper og kjeftar og driblar alle dei tøffaste gutane. Eg gir gjerne ballen til det andre laget og håpar kampen skal ta slutt før eg må prøve å treffe ballen ein gong til. Amanda er med på allslags slåsting og rampestrekar, mens eg alltid prøver å roe ned folk før dei gjer for mykje gale. Må vere nokon gen-greier eller hormon som rota det til for oss mens vi låg i livmora. Ja, vi er altså tvillingar. Amanda blei fødd først, eg titta fram etter henne, og slik har det fortsett. Ho kastar seg ut i alt som er farleg, og 6
Eksperimentet ferdig_a 23.01.15 14:06 Side 7
prøver å dra meg med. Men denne gongen er det eg som skal utfordre henne. Eg har ein plan som eg har tenkt på lenge, og no veit eg korleis den skal bli verkeleg. «Har denne tullete ideen din noko med håret mitt å gjere?» spør Amanda. «Dette handlar ikkje om hår,» seier eg alvorleg. «Ha ha,» seier Amanda surt og ser ned på mobilen igjen. Foreldra våre held på å pusse opp huset, og for to dagar sidan hjelpte vi til med å måle. Amanda dyppa penselen i spannet og strekte seg så høgt ho kunne. Noko gjekk gale, ho mista penselen, og den landa midt oppå hovudet. Lue hadde ho ikkje. Håret blei ein seig, samanklistra målingsfloke. Umogleg å vaske reint. Så Amanda barberte av seg alt saman. No er det millimeterkort, ho liknar ein soldat eller ein straffange frå gamle dagar. Eller ein heilt vanleg gut. «Sjå rundt deg,» kviskrar eg, «det er då ikkje så vanskeleg å vere slik som dei?» I augekroken spionerer vi på nokre tenåringsgutar i togvogna. Dei står i midtgangen, knuffar og småkranglar og ler høgt. Amanda søkk ned i setet, skrevar med beina og klør seg både her og der. Slafsar og tygg hardt på tyggegummien. Fektar med hendene som ein hiphopar. 7
Eksperimentet ferdig_a 23.01.15 14:06 Side 8
«Yo man! Skal vi gå og skate?» «Ikkje overdriv,» seier eg. «Du skal likne på meg, ikkje på sånne gutar som det der.» «Greitt,» seier ho og rettar seg opp. «Men då må ikkje du overdrive når du skal spele meg heller. Ikkje noko hysterisk fnising og æsjing og åååhhh!-ing. Sånn gjer eg aldri.» «Vi må gi det rette førsteinntrykket,» seier eg. «Sånn at alle tenkjer at du er gut og eg jente. Kva slags klede har du med deg?» Amanda legg endeleg vekk mobilen og ser på meg. «Du må fikse litt på håret,» seier ho. «Og kanskje litt sminke,» foreslår eg. Amanda ler. «Men dette gjer vi berre i kveld. Avtale?» «Klart det!» lovar eg. «Berre eit lite eksperiment. I morgon er alt som før.»
Eksperimentet ferdig_a 23.01.15 14:06 Side 9
KAPITTEL 2 Ei stemme over høgtalaren fortel at toget køyrer inn til Kristiansand om fem til seks minutt. Eg og Amanda går ut frå togdoen, der vi har kledd oss om og styla oss. Passasjerane reiser seg og finn fram bagasjen. Eg er sikker på at dei glaner på meg. Kjennest som eg skal på karneval eller opptre på tv. Eg har faktisk lurt på om eg kan bli skodespelar. Det har eg ikkje fortalt til nokon, ikkje eingong Amanda, for den planen høyrest nesten litt innbilsk ut. Dette eksperimentet er perfekt for å finne ut om eg kan spele så godt at nokon verkeleg blir lurt. Farmor og farfar ventar på perrongen, vi ser dei gjennom togvindauget. Dei er knallbrune, for dei har budd i Spania heile året. Vi har ikkje møtt dei sidan i fjor sommar. Ut av togvogna går vi, to tvillingar som ser ganske like ut, men ikkje heilt. Den eine har kort hår under ein bak-fram-kaps, grøn camobukse og fotballskjorte med eit stort åttetal på. Den andre har lys rosa Tskjorte, halsband og armband, litt maskara og lepper som glinsar av masse lypsyl, for vi hadde ikkje leppe9
Eksperimentet ferdig_a 23.01.15 14:06 Side 10
stift. Så kven er jente, og kven er gut? Kven er Amund, og kven er Amanda? Farmor og farfar seier velkommen og strekkjer armane mot oss. Klemmar blir det mange av. Eg luktar som ei dame på bytur. Mamma har gitt Amanda ei sånn lita prøveflaske med parfyme, og den er eg dynka i. Farmor står ei stund og ser på oss. Lurer vel på kva i all verda vi har funne på no. «De har i alle fall blitt høgare og eldre sidan sist,» seier ho. «Klart vi har!» seier eg, «det skulle teke seg ut om vi hadde krympa og blitt yngre.» «Men var det ikkje du som fekk måling i håret?» undrar farfar. «Mor di sa på telefonen at du fekk måling i håret og barberte av deg alt saman.» Han ser først på meg, så på Amanda, og på meg igjen. Amanda har kortast hår, men no står ho der og skal førestille Amund. Og eg, som liksom skal vere den Amanda som fekk måling i håret, ser ikkje akkurat nyklipt ut. «No må du snart få deg høyreapparat,» seier farmor. «Her ser du jo kven som nettopp har klipt seg!» «Var støy på linja og dårleg dekning på den telefonen,» mumlar farfar. Vi går til bilen, lastar inn bagasjen og køyrer. Om ein 10
Eksperimentet ferdig_a 23.01.15 14:06 Side 11
time eller to skal vi avsløre at eg lèt som eg er Amanda, og at Amanda lèt som ho er meg. Vi kjem til å le oss skakke alle saman. Om dei verkeleg er lurte, då. Eg er neimen ikkje sikker. Kanskje farfar sa det med håret for å vise at han har skjønt kva eg og Amanda gjer. Og at farmor sa det med høyreapparat berre for å dekkje over. Kunne likne dei å spele med og så late som dei blir frykteleg overraska etterpå. Farfar ser på meg i bilspegelen. Er det noko spøkefullt i auga hans? Eg klarer ikkje å halde meg alvorleg og snur meg vekk. Så kjem eg på at Amanda kan stire i senk kven som helst. Eg snur meg tilbake, men for seint, farfar ser berre på vegen. Han kremtar. «Eg må dessverre skuffe dykk,» seier han. «Det er meldt overskya og vind i fleire dagar. Og sjøen er kald så tidleg på sommaren. Blir ikkje mykje bading.» «Synd,» seier Amanda og sukkar høgt. «Det er ikkje så farleg,» seier eg lett. Eg og Amanda ser på kvarandre. Tenkjer det same. At dette blei feil. Eg skulle sukka, og ho skulle vore letta. For eg kan gjerne bli på land, i alle fall med den temperaturen som er i Noreg tidleg på sommaren. Det er Amanda som er glad i å bade. Men no er eg Amanda, og ho er Amund. Det håpar eg i alle fall at farmor og farfar trur. 11
Eksperimentet ferdig_a 23.01.15 14:06 Side 12
Vi fortel om reisa vår. Tog frå Hamar til Oslo S, og så eit anna tog ned hit. Etterpå fortel vi frå skolen og kva vi held på med om kveldane. Det er så lenge sidan sist vi møtte farmor og farfar at vi nesten ikkje kjenner kvarandre lenger. Eg og Amanda seier heile tida «du» til kvarandre. Om vi skulle bruke namn, hadde vi heilt sikkert forsnakka oss og røpt alt saman. Farfar svingar inn på ein velkjent sideveg som buktar seg inn mellom trea. Han køyrer inn til kanten og parkerer der vegen er ekstra brei. Vi opnar bildørene og går ut. Med vinden kjem luktene av salt hav, lyng og furutre. Og stanken av roten tang frå stranda. Rart at ei så ekkel lukt kan vekke så gode minne. No hugsar eg alt frå i fjor, og eg hugsar det med magen, det er i alle fall der det kriblar. Vi tek bagasjen og går ned stien. Først over eit lågt berg, ned i ein liten dal og opp på eit nytt berg. Derfrå ser vi dei raude veggene og kvite glaskarmane. Hytta ligg lunt mellom trea. Nedanfor finst ei lita bukt der vi bruker å tenne bål og grille. Ute på eit nes ligg ei lita hytte som nesten alltid står tom, så vi har oftast heile bukta for oss sjølve. Til kvelds får vi karbonadesmørbrød. Farmor spør om eg vil ha ketsjup, ho held flaska fram til meg. Eg tek den og sprutar masse ketsjup over karbonaden. Så 12
Eksperimentet ferdig_a 23.01.15 14:06 Side 13
møter eg auga til Amanda over bordet. Ho hatar ketsjup. Håpar farmor og farfar ikkje hugsar sånt frå i fjor. «De er vel ikkje blitt for gamle til å sove på same rom?» spør farfar. «Nei då!» seier vi i kor. Bak soveromsdøra kan all den innestengde latteren endeleg sleppe ut. «Vi klarte det!» seier Amanda. «Er du sikker?» spør eg. «Farmor spurde berre meg om ketsjup, ikkje deg. Og det med måling i håret, kva trudde dei eigentleg?» «Dei hadde sagt frå om dei gjennomskoda oss, trur du ikkje?» «Kanskje dei berre speler med,» seier eg. «No ringjer dei til mamma og pappa og spør kva som feiler oss.» «Kvifor skulle dei ringje, eg sa jo at eg sende melding om at vi var framme og alt var bra.» «Finst berre ein måte å finne det ut på,» seier eg. Amanda nikkar. Tida er inne for å fortelje om eksperimentet vårt. Så får vi sjå om vi verkeleg har lurt dei. «Er du klar for den store avsløringa?» spør Amanda. Inst inne har eg faktisk lyst til å svare nei. Eg er litt skuffa over at eksperimentet allereie er slutt. Det var nesten litt for enkelt. Kanskje Amanda tenkjer det 13
Eksperimentet ferdig_a 23.01.15 14:06 Side 14
same. Ho har lagt handa på dørhandtaket, men utan å opne. Ho nøler i to sekund. Og i det andre sekundet bankar det på. Utanfor høyrer vi farmor si stemme. «De har vel ikkje sovna?» spør ho. «De har nemleg fått besøk!»
Eksperimentet ferdig_a 23.01.15 14:06 Side 15
KAPITTEL 3 Vi opnar døra og spør kven det er. «Kom på trappa og sjå!» lokkar farmor. Vi spring rett ut. Det er litt for kaldt for korterma skjorter. Først då eg kjenner kulda mot armane, kjem eg på at vi enno går utkledde. Amanda er framleis meg, og eg er Amanda. Det er for seint å gå inn igjen og skifte, for dei har allereie sett oss. Utanfor hytta står ein gut og ei jente. Begge på vår alder. «Blir de med til Lyngholmen i morgon?» spør guten. Drøymer vi? Nokon vi aldri før har sett, kjem på besøk for å invitere på tur. Verken eg eller Amanda får fram eit einaste ord. «Ja, velkommen hit,» seier jenta, «vi har venta i heile dag.» «Vi bur der ute,» forklarer guten. Han peiker på hytta ute på neset. «Hos onkel og tante. Dei kjenner besteforeldra dykkar,» seier jenta. «Så vi visste når de skulle komme,» seier guten. «Og vi veit kven de er,» seier jenta. «Du er Amanda,» 15
Eksperimentet ferdig_a 23.01.15 14:06 Side 16
seier ho og peiker på meg. «Og du er Amund,» seier ho og peiker på Amanda. Ho tviler ikkje eit sekund. Men ho tek altså heilt feil. Vi har lurt henne. Vi har lurt begge to. Endå det ikkje var meininga. Dei har aldri møtt oss før, berre høyrt eit jentenamn og eit gutenamn. Denne framande jenta har gitt meg namnet Amanda, og Amanda har blitt Amund. Nøyaktig som vi planla på toget. Den planen gjaldt farmor og farfar, ikkje to framande. No er det eg og Amanda som har blitt lurt. Vi er rundlurte av vårt eige eksperiment. Ingen av oss rekk å opne munnen for å rette opp feilen. «Ja, blir de med i morgon?» spør jenta. «Klart vi blir med!» roper Amanda. «Jo, vi kan vel det,» seier eg spakt. Guten ser på Amanda. «Har du fiskeutstyr?» spør han. «Kan låne av farfar,» svarer Amanda. «Bra du kom,» seier guten og nikkar til henne, «det er ikkje mange å vere saman med her.» Jenta kjem tett inntil meg. Vil undersøkje kva eg er for noko rart. Så lagar ho ein lyd. Eit fnys, fullt av forakt. Lyden kjennest som eit stikk i magen. Der blei eg avslørt! Inni hovudet famlar eg etter ord som skal for16
Eksperimentet ferdig_a 23.01.15 14:06 Side 17
klare alt. Dei orda er ikkje lette å finne. Ein spøk, berre noko tull, meinte ikkje å lure deg. Akkurat då eg skal til å opne munnen, lener jenta seg fram mot meg og lagar den same lyden som i stad. No høyrer eg kva det er. Ho fnyser ikkje, ho dreg luft gjennom nasen og luktar. «Den parfymen,» seier ho lågt, «er den beste som finst. Har prøvd den sjølv.» «Høyr på henne,» seier guten, «gjett om eg er fed up av alle jentegreiene til ho der!» «Eg er så utruleg glad,» seier jenta skarpt og høgt, «for at eg endeleg slepp å vere einaste jente i mils omkrins! No er vi to,» seier ho og ser på meg. Frå hytta på neset høyrest eit rop. To namn blir ropte fleire gonger. Silje og Stefan. Dei to framfor oss roper tilbake: «Vi er her!» «Kom klokka ni i morgon!» seier guten, som altså heiter Stefan. «Ta med mat og drikke,» seier Silje. «Og varme klede, det er kaldt på sjøen.» Silje og Stefan snur seg, småspring gjennom den halvmørke skogen, ut mot hytta på neset. Eg tippar at Amanda tenkjer det same som eg. Og ho veit heilt sikkert kva eg tenkjer. No har vi to ting vi kan gjere. Enten fortsette eksperimentet i morgon, ho 17
Eksperimentet ferdig_a 23.01.15 14:06 Side 18
i rolla som gut, eg som jente. Eller forklare alt saman. Den forklaringa bør jammen vere god. «Du veit kva dette betyr?» kviskrar eg. «Ja,» seier Amanda, «det betyr at vi har eit megaproblem. Dette eksperimentet er det dummaste du nokon gong har funne på!»