Skip to main content

Ekofisk, Eidsvoll

Page 1

Ekofisk Eidsvoll ferdig_a 20.02.17 10:26 Side 1


Ekofisk Eidsvoll ferdig_a 20.02.17 10:26 Side 3

Morten Søberg

Ekofisk, Eidsvoll Eit essay om oljepengar og Grunnlova

Samlaget Oslo 2017


Ekofisk Eidsvoll ferdig_a 20.02.17 10:26 Side 5

Men vil du sjølv Seirenurne høyre, daa du upprett standande læt deg med hender og føter surre til masti nedst, med reip-endann’ knytte ikring ho fast, uslitande; daa du glad kann Seirenurne høyre. Men um du bed og byd, at felagann’ løyse deg skal att, heller dei fastare daa med fleire reip maa deg binde. Frå Odyssevskvædet av Homer, til landsmål ved Arne Garborg (1918).


Ekofisk Eidsvoll ferdig_a 20.02.17 10:26 Side 6


Ekofisk Eidsvoll ferdig_a 20.02.17 10:26 Side 7

Innhald Sjølvmelding 9 Alexander Hamilton revisited 23 Statens petroleumsfond, Statens reservefond 39 Ei tysk familiekrønike 59 Røynsle (alfa og omega) 77 St. Croix! Konstitusjonelle randmerknader 83 Etterskrift; omsetjing 105 Kjelder 113


Ekofisk Eidsvoll ferdig_a 20.02.17 10:26 Side 8


Ekofisk Eidsvoll ferdig_a 20.02.17 10:26 Side 9

Sjølvmelding Eg skriv: Korleis kan vi binda oss til masta på eit vis som sikrar berekraftig bruk av oljepengar gjennom tida? Kan vi tryggja finansformuen vår – Oljefondet – i all æve til Dovre fell? Desse spørsmåla er kalde og norske; gjennomtenkt sjølvopptekne. Meininga med skrifta nedanfor, frå a til å, er å tenkja gjennom moglege svar. Målet er å skriva setningar og avsnitt som har med Grunnlova, den djupe politikken, å gjera. Innspel til ei konstitusjonell offentlegheit. Sakte tid, sjeldne ordskifte. Dette kan skrivast om på tallaust vis. Til dømes slik: Eg lærte å skriva i Trondheim. Fyrst bokmål, dinest engelsk, nynorsk og tysk òg i kronologisk rekkjefylgd. Ulikt fleirtalet skreiv eg med venstrearmen. Skrifta kom så å seia fyrst; for venstrehendte har bokstavar og teikn, blekk og bly ei form for forrang. Venstrehandsarbeid er som om skrifta heile tida ligg eit tenkt hestehovud framføre. Eg fylgjer etter det eg skriv. Også når eg ser meg attende: Eg vart fødd i 1969, same året som riggen Ocean Viking oppdaga petroleumsfeltet Ekofisk i Nordsjøen – det største feltet til havs til då. Eit norsk tidarvende, eit oppdatert år null. Produksjonen på Ekofisk byrja allereie 9. juni 1971, og tanken var at vi kunne få opp vel ein femtedel av oljen og gassen. Men enden på visa lèt i skrivande stund venta på seg. Om nye 40 år er venteleg berre halvparten av petroleums-


Ekofisk Eidsvoll ferdig_a 20.02.17 10:26 Side 10

10 ekofisk, eidsvoll

førekomstane der henta opp, eksporterte og omdanna til (i fyrste rekkje) amerikanske dollar. Langt frå land er Ekofiskfeltet langt på veg ein usynleg pengemaskin som produserer norsk grunnrente og utanlandsk valuta i stride straumar. Den klokkereine lyden av Ekofisk er klingande mynt. Ein grunnrytme døgnet rundt, år etter år – etter alle solemerke vil dette halda fram gjennom heile levetida mi. Eg var for liten til å sjå og høyra statsminister Per Bortens nyårstale på fjernsyn 1. januar 1971. Då siterte han seg sjølv, statsministeren gjentok eit spørsmål som han stilte i nyårstalen sin nøyaktig fire år tidlegare: «‘Kanskje skjuler havbunnen nye energiressurser’, la jeg til. I dag er oljen mer enn en formodning.» Talen til Borten handla om ei ny tid i emning. Statsministeren tala òg om farlege farvatn: «Ingen ressurs kan måle seg med oljen i betydning på godt og vondt. Den strategiske rolle oljen har spilt for statene i verden, er nesten avskrekkende. Olje har gjort mange små stater til kasteball mellom store makter og kapitalsterke interesser.» Kva no, kva med oss? Jo, Borten meinte at vi burde læra av soga om vatn. I 1906 var nemleg over 70 prosent av den utbygde vasskrafta i Noreg på utanlandske hender. «Det førte til de politiske kamper om konsesjons lovene. Intensjonen bak lovene var å sikre at vasskraft og mineraler skulle nyttes slik at de kom allmennheten til gode – og ikke måtte bli rene spekulasjonsobjekter – videre at man av hensyn til levegrunnlaget skulle disponere ressursene i et langsiktig perspektiv.» Med andre ord: Til liks med vatn skulle olje og gass brukast til å byggja landet, ikkje øyda det. Eg voks opp i Trondheim, eg såg Trondheimsfjorden «heile tida» i oppveksten. Ein fjord som fjordar flest, haug-


Ekofisk Eidsvoll ferdig_a 20.02.17 10:26 Side 11

sjølvmelding 11

gamal og lettkjenneleg i landskapet. Men så sanneleg: Midt i 1970-åra dukka Statfjord opp på kartet – ei nyvinning, ein konstruert fjord i Nordsjøen. Om lag 25 kilometer lang, på det meste cirka 4 kilometer brei. Namn på norske olje- og gassfelt vert namngjetne og sjølvsagde, dei kan vera meir eller mindre tilfeldige, som Ekofisk med éin k i ekko. Nemninga Statfjord er ei anna skål. Det namnet vart vedteke av styret i Statoil, og valt mellom ei rekkje alternativ. Sams var prefikset stat, det var sjølve grunnsteinen. Dei alternative suffiksa hadde vekslande rot i norsk topografi: berg, dal, elv, fjell, haug, land, li, mark, mo, strand, tind og så bortetter, til dømes Statgard òg. Alt dette om Statfjord er ny lærdom, ikkje gamle barndomsminne. Eg tenkjer at brorparten av minne frå barndomen er diffuse mentale førestillingar. Mange av dei er òg nærte av fotografi og andre fysiske gjenstandar. Somme brotstykke av fortid kan relativt lett importerast til samtida fordi dei har rot i hyppige hendingar: Eg minnest kollektiv bøn, fadervår, i klasserommet på barneskulen kvar dag. Men friminutta var fullt ut verdslege, og ofte nytta til å spela basse – eit trondheimsk spel. Reglane var uskrivne, og kunne variera. Spelarane måtte alltid einast om dei før spelet tok til, og alle skjøna at ulike reglar medførte forskjellige typar spel: eit barnleg møte med konstitusjonell logikk og politikk. Og alternativ geometri. Til dømes er ei rute i bassespel i røynda ein sirkel. Livsliner er annleis. Eg hugsar telefonen som ringde heime hjå besteforeldra mine, meldinga frå sjukehuset om at morfar var død, eg trur eller veit eg stod bøygd over eit bord under ei lysekrone i daglegstova, andletet mitt i hendene, stummande mørker på dagtid. Med tida har eg arva våpen – ein revolver pluss


Ekofisk Eidsvoll ferdig_a 20.02.17 10:26 Side 12

12 ekofisk, eidsvoll

ein fjong sabel – som morfar hadde etter faren sin, kaptein i den norske hæren. Og talrike brev som morfaren min skreiv heim frå dei sju hav – og Den arabiske golfen: Bahrain, Saudi-Arabia, Oman. I tillegg har eg fått med meg ei rekkje bilete, mellom dei eitt som er meint å framstilla vår tyske forfar, Nicolaus von Baumann, slik han skal ha sett ut i 1662. Det liknar på eit teikna passfoto. Baumann er elles omtala i lag med mange andre slektningar i arkivmapper med notat som gjeld slekta til morfar på morsida. Eitt og anna synest eg er eventyrleg. Ein av morbrørne til morfar, Hans Adolf Victor Baumann, var nestførar på den andre ferda med polarskipet Fram 1898–1902 til Franklin-territoriet, altså nordluten av dei kanadiske nordvestlege territoria. Der dreiv han mykje med å kartleggja ukjent land. Ein annan onkel, Gunnar Andreas Baumann, vart norsk generalinspektør i kavaleriet i 1928. Han utdanna seg ved det prøyssiske Militär-Reitinstitut i Hannover tidleg i 1890-åra og vart tildelt den prøyssiske Kroneordenen (Der Preußische Königliche Kronenorden) av 3. klasse. Han fekk òg den norske Kroningsmedaljen av 1906 – etter kroninga av kong Haakon VII i Nidarosdomen 22. juni det året. Eg har lese meg til at kongekroningar nord for Dovre vart grunnlovfeste på Eidsvoll i 1814. Heilt fram til vinteren 1908 slo grunnlovsparagraf 10 fast at «Kongens Kroning og Salving sker, efterat han er bleven myndig, i Trondhjems Domkirke, paa den Tid og med de Ceremonier, han selv fastsætter». Sjølv vart eg døypt på vanleg vis i Nidaros domen på seinsommaren 1969. Så, frå sjuårsalderen og dinest i åtte år, var eg i domkyrkja minst to gonger i veka gjennom skuleåret, på øvingar i Nidarosdomens guttekor. I regelen gjekk eller sykla eg dit, vanlegvis forbi Kristiansten


Ekofisk Eidsvoll ferdig_a 20.02.17 10:26 Side 13

sjølvmelding 13

festning. Nedanfor festningen, på ein murvegg, hadde ein namnlausing skrive «Full frihet i fritt fall». Skrifta på veggen var på sin plass. For Trondheim var, Trondheim er just ein skriftstad. Der, hjå Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab – Vitskapsselskapet, ligg heilage norske skrifter lagra: dei viktigaste utkasta til Grunnlova på Eidsvoll, i original. Både Det adler-falsenske grunnlovsframlegget, det som vart førande for den vedtekne konstitusjonen, og utkastet til Nicolai Wergeland. Det var Wergeland som i 1814 tok til orde for ein eigen grunnlovsparagraf om kongeleg kroning og salving i Nidarosdomen, men han vann ikkje fram med tanken om å skriftfesta at biskopen i Akershus skulle leia desse seremoniane. Eg må snart fram i tid, men før i tida var Trondheim som eit origo i ein sirkel med relativt kort radius. Pass fekk eg fyrst ved påsketider i 1980, rett før ein turné i midten av mai til England med Nidarosdomens guttekor. Flyturen til London, over usynlege blokker og statsgrenser i og gjennom vassmassane, vart ei openberring med liten o. Eit stykke på veg melde kapteinen over høgtalaranlegget at vi kunne sjå oljeplattformer nede ved vassyta under oss. Fabelaktige konstruksjonar, min generasjons arbeidshestar. Eg kjem ikkje i hug om det var Ekofisk eg såg, eg veit at det uansett var ein glimt av Midtausten i Nordsjøen. Mange av dei norske felta har dei same eigenskapane som dei beste reservoara i Arabia. Men det underliggjande er grunnleggjande samfunnsomlagingar. For olje og gass er moderne manna frå himmelen som endrar land og folk, skaper nye tankemønster. Hjå meg òg: Eg likar å tru at eg – eit ørlite sekund – tenkte på meg sjølv som ein 11-årig oljesjeik då vi flaug over dollarfabrikkane våre til havs denne fjerne vårdagen.


Ekofisk Eidsvoll ferdig_a 20.02.17 10:26 Side 14

14 ekofisk, eidsvoll

Godt og vel tretti år seinare, tidleg ein sein haustkveld, ringjer olje- og energiminister Ola Borten Moe meg på kontoret i Finansdepartementet. Der er eg statssekretær, der står det skrive «Ja vi elsker dette landet» høgt oppe på ein av veggene (overfor Høgsterett). Eitt av ansvarsområda mine i departementet er den årvisse statsrekneskapen (alltid Stortingsmelding nr. 4), eit regelfast oversyn over dei norske statsfinansane, irekna eit av dei største statlege fonda i verda: Statens pensjonsfond utland. Norske, statlege fond er gamalt nytt: Det fyrste føredraget eg skreiv og heldt som statssekretær, handla om Statens reservefond – ein gjengangar i statsrekneskapane i tidsrommet 1904–1925. No, gjennom røyret, plukkar statsråden opp ein raud tråd frå ein samtale vi (og den yngste dotter mi …) hadde på kontoret hans den fyrste dagen etter at han vart utnemnd til olje- og energiminister: ein idé om ny namnepolitikk utanskjers. Seinare same kveld går Borten Moe og eg gjennom det som etter kvart vert retningsliner for namngjeving av nyoppdaga norske olje- og gassfelt. Politisk poesi og prosa. Grunngjeving, utdrag: «Etter Ekofisk-funnet har ikkje skiftande regjeringar og storting ført nokon gjennomtenkt eller systematisk utanskjers namnepolitikk. Men historia er ikkje over: Gass- og oljefelta i hava utanfor kysten vår bør klårt og tydeleg medverka til nasjonsbygginga som nasjonen skal byggja på. Dei kan gjevast namn som strekar under den felles historia ulike nordmenn bør ha. Dei kan lyda namn som gjev sams atterklang … Mest likt ekko, atterljom – langt frå land. Men like fullt høyrleg, i bakgrunnen.» Skrift kan endra framtida. Og namn er òg skrift. Og politikk. For eksempel Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen,


Ekofisk Eidsvoll ferdig_a 20.02.17 10:26 Side 15

sjølvmelding 15

ein gigant på norsk sokkel – namngjeve til minne om den namngjetne Venstre-føraren, tingmannen, stortingspresidenten og statsministeren som vert ståande som den fremste drivkrafta bak innføringa av parlamentarisme i Noreg. Med meir: Den siste vinteren han levde (1891–92), skreiv Sverdrup det politiske livet sitt, og slutta slik: «Først og fremst har jeg dog medvirket – og jeg tør vel sige det – medvirket ikke uden Følge til Indførelse af aarlige Storthing, til Statsraadssagens Fremme, til Udvidelse af Stemmeretten udover Klassesystemet, til Votering for aabne Døre i Høiesterett, til Oprettelse af Jurydomstole, til Hævdelse af Rigsretten som politisk Domstol, til Grundlæggelse paa bred folkelig Basis af en ny, fuldstændig Hærordning samt sidst, men ikke mindst at mærke, til en sandere Forstaaelse af vor frie Forfatning.» Frå Ekofisk til Sverdrups ekko: I mange tiår frametter kjem norsk olje- og gassproduksjon òg til å minna om dette nasjonale livsverket. Mykje av det pregar Noreg og statsskipnaden enno. Samstundes er Noreg eit anna land, ikkje minst grunna framveksten av petroleumssektoren etter 1969 og – frå og med 1996 – omsetjing av olje- og gassinntekter til ein norsk finansformue, eit statleg fond investert i aksjar, fast eigedom og obligasjonar i utlandet. Kjært barn har mange namn. Statens petroleumsfond vart skipa ved lov i 1990. Det vart døypt om til det mindre presise Statens pensjonsfond utland i 2006, men fekk tidleg det varige tilnamnet Oljefondet. Dei seks fyrste åra stod fondet tomt. Seinare har det likna mest på ein tombola fylt med vinnarlodd: Etter 1996 har fondet grunna tilførsle og avkastning vakse til – i skrivande stund – over 7000 milliardar norske kroner. I kvardagen eit bortimot endelaust tal. Eit manneliv strekk ikkje til om ein skal telja så langt og høgt.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Ekofisk, Eidsvoll by Det Norske Samlaget - Issuu