Eit nytt namn ferdig.qxp_materie 14.06.2021 11:58 Side 1
Eit nytt namn ferdig.qxp_materie 14.06.2021 11:58 Side 2
Raudt, svart. Roman Stengd gitar. Roman , , Blod. Steinen er. Forteljing Naustet. Roman , , , , Flaskesamlaren. Roman Bly og vatn. Roman , To forteljingar. Prosa frå ein oppvekst. Kortprosa Melancholia I. Roman , , , Melancholia II. Roman , , , Eldre kortare prosa. Morgon og kveld. Roman , , Det er Ales. Roman , , Andvake. Forteljing , Kortare prosa. Olavs draumar. Forteljing , Kveldsvævd. Forteljing Trilogien. [Andvake. Olavs draumar. Kveldsvævd] Roman , Levande stein. Kortare prosa Det andre namnet. Septologien I–II. Roman , Eg er ein annan. Septologien III–V. Roman ,
Jon Fosse har også skrive skodespel, dikt, essay, barnebøker og omsett skjønnlitteratur. Sjå www.samlaget.no
Eit nytt namn ferdig.qxp_materie 14.06.2021 11:58 Side 3
Jon Fosse
Eit nytt namn – Roman
Samlaget Oslo
Eit nytt namn ferdig.qxp_materie 14.06.2021 11:58 Side 4
© Det Norske Samlaget www.samlaget.no : Stian Hole : Samlaget : Adobe Garamond / : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ----
Eit nytt namn ferdig.qxp_materie 14.06.2021 11:58 Side 5
Nur Narr! Nur Dichter! Friedrich Nietzsche
Eit nytt namn ferdig.qxp_materie 14.06.2021 11:58 Side 6
Eit nytt namn ferdig.qxp_materie 14.06.2021 11:58 Side 7
VI
Eit nytt namn ferdig.qxp_materie 14.06.2021 11:58 Side 8
Eit nytt namn ferdig.qxp_materie 14.06.2021 11:58 Side 9
O
g eg ser meg stå og sjå på dei to strekane som kryssar einannan om lag på midten, ein brun og ein lilla, og eg ser at eg har måla strekane langsamt med mykje og tjukk oljemåling, og ho har runne, og der den brune og den lilla linja kryssar einannan blandar fargen seg vakkert og eg tenkjer at no orkar eg ikkje å sjå dette biletet lenger, for no har det stått der på staffeliet lenge, i eit par veker kanskje, så no må eg anten måla over det med kvitt eller så må eg setja det frå meg oppe på loftet, på kvisten der eg har dei bilete eg ikkje har vilja selja, men dette har eg tenkt dag etter dag, tenkjer eg og så tek eg tak i blindramma og eg slepper henne og eg merkar at eg som heile livet, ja frå eg gutunge var, har vore så oppteken av å måla, av oljemåling på lerret, no ikkje lenger har lyst til å måla meir i det heile, all glede ved målinga er borte, tenkjer eg 9
Eit nytt namn ferdig.qxp_materie 14.06.2021 11:58 Side 10
og eit par vekers tid no så har eg ikkje måla, og skisseblokka har eg ikkje eingong teke ut or den brune skulderveska i lêr som heng der over stabelen med målarstykke som eg har sett til sides, der mellom døra til gangen og døra til kammerset, og eg tenkjer at eg vil få dette målarstykket bort og eg vil få staffeliet bort, tubane med oljemåling, ja alt, ja eg vil få bort alt som ligg der på stovebordet og som har med måling å gjera i det som både har vore atelier og stove, og slik har det vore sidan Ales og eg for lenge lenge sidan flytte inn, for alt dette plagar meg, og eg må få det bort, vekk, og ikkje skjønar eg kva som har skjedd med meg, men noko er det, noko har skjedd, og kva det er det kan i og for seg vera det same, tenkjer eg og eg høyrer Åsleik seia andreaskross, med tyngd på ordet, med den ekle tyngda på ordet, som for å prova at han kan noko han òg seier han det slik, med byrgskap, ja einfaldig som han er, Åsleik, ja det er rette ordet, einfaldig, tenkjer eg og eg tenkjer eg har sagt at eg skal verta med han til Øygna for å feira jul saman med Systera, som han seier, hjå henne som heiter Guro og for meg er det nok det beste, sidan eg om eg vert åleine berre kjem til å verta liggjande i senga, 10
Eit nytt namn ferdig.qxp_materie 14.06.2021 11:58 Side 11
eg kjem ikkje eingong til å stå opp, ja berre til å stå opp for å finna meg vatn å drikka om eg er tyrst og mat om eg er svolten, elles kjem eg til å liggja i senga der inne på kammerset utan å slå på lyset og ha det så mørkt eg kan, og så kjem eg til å prøva å få sova, og så kjem eg til å prøva å ikkje tenkja på noko, for eg vil lata alt vera tomt, ja tomt og stilt, ja stilt, ja stilt og mørkt, for alt eg no lengtar etter er stille, ja at det skal vera heilt stilt, at ei stille skal falla som snø nedover meg og dekkja meg, ja at ei stille skal falla nedover alt som finst, og også over meg, ja over meg, ja måtte ei stille snøa nedover meg og dekkja meg, gjera meg usynleg, gjera alt usynleg, få alt til å verta borte, tenkjer eg og alle tankar skal verta borte, alle bilete som har samla seg opp i minnet mitt og som plagar meg skal verta borte og eg skal verta tom, berre tom, eg skal verta til eit stilt ingenting, til eit stilt mørker, og kanskje er det Guds fred eg no tenkjer på, eller kanskje er det ikkje det? kanskje har det ikkje noko med det ein kallar for Gud å gjera? tenkjer eg, dersom det då er råd å snakka om Gud, om det gjev noka meining, for er ikkje Gud berre noko som er, men som ein ikkje kan seia noko om? tenkjer 11
Eit nytt namn ferdig.qxp_materie 14.06.2021 11:58 Side 12
eg og eg tenkjer at bøna, ja det å be rosenkransen på min måte framleis gjer meg godt, og messa òg, men det er langt å køyra til Bjørgvin, i alle fall å køyra att og fram same dagen, eg kvir meg til det, tenkjer eg, og eg har overnatta nok på Heimen, tenkjer eg, men kvart år har eg køyrt til messa på fyrstedag, og det hadde eg nok gjort i år òg om eg ikkje i år skulle ha vore med Åsleik for å feira julaftan hjå Systera, så i år vert det ikkje noka fyrstedagsmesse på meg, tenkjer eg og eg står der framfor staffeliet og så går eg og stiller meg opp framfor vindauga og eg ser ut vindauga og endå det er mørkt ser eg gardsvegen eg fekk bygt ned til landevegen og eg ser sjø, berre sjø, og holmar og skjer, ja Sygnesjøen, og så, der ute, der ser eg i havet, ja sjølve havgapet, endå det er mørkt så kan eg sjå alt godt og eg tenkjer at eg må få det der biletet bort, eg må lyfta biletet bort, eg vil ikkje lenger sjå på det, eg vil ikkje lenger ha det i stova, eg må få det bort, tenkjer eg og så går eg bort til staffeliet og eg tek tak i blindramma og eg lyfter biletet av staffeliet og eg set det i stabelen der dei uferdige bileta står, under knaggen der den brune skulderveska mi i lêr heng, mellom døra til kammerset og døra til gangen, over 12
Eit nytt namn ferdig.qxp_materie 14.06.2021 11:58 Side 13
stabelen med målarstykke eg enno ikkje er nøgd med, og eg ser mot veggen attmed kjøkendøra og der står ingen bilete ettersom eg for eit par veker sidan køyrde bileta til Bjørgvin, til Galleri Beyer, tenkjer eg og eg ser Brage stå der ved kjøkendøra og sjå imot meg, og det er som om han tykkjer synd på meg, tenkjer eg, ja det er som om Brage vil trøysta meg men ikkje veit korleis han skal gjera det, og eg ser hundeaugo, og det er som om dei skjønar alt, ja som om ikkje noko er løynt for dei, tenkjer eg, og Brage er rundt meg heile tida, ligg eg på benken kjem han og legg seg attmed meg, og det same når eg går og legg meg i senga på kammerset om kvelden, då fylgjer han etter meg og hoppar oppi senga, nei livet hadde ikkje vore noko særleg utan hunden, utan Brage, tenkjer eg, men snart så vert Asle frisk og då må eg gje han ifrå meg, tenkjer eg og då skal eg få meg min eigen hund, det er sikkert, tenkjer eg, for aldri før har eg hatt hund endå eg så ofte har tenkt på at eg ville få meg hund, eg har tenkt og tenkt at eg skulle få meg hund, og så båt, ein barmar, men det har til no berre vorte med tanken Ja du Brage, seier eg 13
Eit nytt namn ferdig.qxp_materie 14.06.2021 11:58 Side 14
og med same byrjar han å logra, og eg tenkjer at han no må få lufta seg No skal du få deg ein tur ut du Brage, seier eg og eg går og opnar ytterdøra og Brage spring ut i snøen, men no snøar det ikkje, og det har vorte kaldare, ja det er ein verkeleg kald og klår kveld og eg ser stjerner lysa klårt der ute i rømda si, og eg ser månen, han er stor og rund og gul, tenkjer eg og eg tenkjer at frå månen, og frå stjernene, er det Gud som lyser, ja på ein måte, sjølv om han ikkje er noko, og ikkje har noko korleis, og heller ikkje har noko kvifor, for like lite har Gud noko kvifor, ja som månen har det, som stjernene har det, månen er der berre, stjernene er der berre, ja ein blom er der berre, og ein hjort, for både månen og stjernene og blomane og hjortane berre er det dei er, men dei har sitt korleis i motsetnad til Gud, tenkjer eg og eg frys, og i dag er det fredag og det er kveld og i morgon er det veslejulaftan og i år skal eg verta med Åsleik for å feira jul saman med syster hans Guro der i Øygna, og i alle år etter at han der Spelemannen reiste ifrå Systera har Åsleik spurt meg om eg ville verta med, for då Systera og Spelemannen levde saman feira ikkje Åsleik jul 14
Eit nytt namn ferdig.qxp_materie 14.06.2021 11:58 Side 15
hjå Systera, og eg har, sikkert i ti år, sagt at eg heller vil vera åleine i jula, men i år har eg ikkje lyst til å vera åleine, eg har ikkje lyst til noko, om sant skal seiast, og i alle fall har eg slett ikkje lyst til å måla meir, det er no forunderleg òg, tenkjer eg og eg ropar på Brage og han kjem tuslande og vi går inn i gangen og han ristar på seg, ristar snøen av seg og eg lèt att ytterdøra og eg går inn i det som er stove og atelier og som snart berre skal vera stove og så kjenner eg at eg er trøytt, og eg burde ha gått og lagt meg, tenkjer eg og så går eg og set meg ned i stolen min ved det runde bordet og eg ser ut i mørkret mot médet mitt, mot staden min der ute i Sygnesjøen og eg ser mot bølgjene og eg ser Asle gå frå hybelen han har i Universitetsgata , der hjå Herdis Åsen og til Kunstskulen og han tenkjer at kvar einaste dag teiknar dei etter modell, i tre timar, kroki det heiter, og så er det to timar i veka med undervisning i kunsthistorie, og det er kanskje det han får mest ut av, ja han som held førelesingane, professor Christie, er professor i kunsthistorie ved Universitetet i Bjørgvin, og det er mindre det han seier enn lysbileta han syner av kunstverk som fester seg, tenkjer Asle, og professor Christie seier 15
Eit nytt namn ferdig.qxp_materie 14.06.2021 11:58 Side 16
at det er synbert at dei største kunstnarane lagar ein skilnad, dei fører, med sin eigen, med sin heilt eigne kunst, noko nytt inn i verda, ja ein ny måte å sjå på som ikkje før har vore kjend, og etter at ein slik kunstnar har fullenda sitt verk ser verda annleis ut, har professor Christie sagt, men det var bileta han synte fram som gjorde størst inntrykk på Asle, og bøkene han viste til, og som det gjekk an å låna på Kunstskulen, for det var eit stort bibliotek der, men ventelistene var lange, til dømes hadde han stilt seg opp på ei venteliste for ei bok med bilete av målarstykka til Lars Hertervik og det kom til å ta tre månader før han fekk låna boka, og då fekk han berre ha henne i ein månad, tenkjer Asle, men så kom han over ei lita bok med bileta til Lars Hertervik på ein bokhandel i Bjørgvin og den boka kjøpte han og ho var ikkje større enn at ho fekk plass i innerlomma på den svarte fløyelsjakka hans og så byrja han støtt å gå med henne på innerlomma, han hadde henne med seg overalt og såg på bileta når det passa seg slik, når han sat på ein benk i ein park, eller når han sat åleine på Kaffistova eller på Skjenkjestova, og så var det Bjørgvin Kunstsamling, ja det var kanskje den som 16
Eit nytt namn ferdig.qxp_materie 14.06.2021 11:58 Side 17
gav Asle aller mest, for om sant skulle seiast hadde han aldri sett skikkelege målarstykke før han kom til Bjørgvin, og alt den fyrste dagen på Kunstskulen fekk studentane vita, ja det var Eiliv Pedersen som sa det, at dei måtte gå til Bjørgvin Kunstsamling så ofte dei kunne, og dei måtte gjerne sitja i ein, ja i fleire timar og sjå på eitt og same bilete, men om dei ikkje alt hadde vore der var det like greitt fyrst som sist å få eit samla inntrykk av kunstsamlinga, sa han, og dinest galdt det å velja seg ut eitt bilete og setja seg godt og grundig inn i det, og gjerne laga skisser av det, eller for den saks skuld laga sine eigne skisser i samtale med biletet, hadde Eiliv Pedersen sagt, tenkjer Asle og om dei vart gode nok til å måla kunne det godt henda at Bjørgvin Kunstsamling ein dag kjøpte inn eitt eller fleire av bileta deira, og det var ei stor ære, hadde han sagt, ja den største omframt då å vera Festspelkunstnar i Bjørgvin og at Noregs Kunstsamling i Oslo kjøpte inn eitt eller fleire målarstykke, hadde han sagt, tenkjer Asle og han tenkjer at sjølv så er han godt nøgd om han får måla bilete og om han klarer å tena såpass at han kan leva av det, tenkjer han og eg sit der ved det runde bordet og eg 17
Eit nytt namn ferdig.qxp_materie 14.06.2021 11:58 Side 18
ser ut i mørkret og trass i at det er mørkt kan eg sjå sjøen, sjå bølgjene, der på staden min midt ute i Sygnesjøen, ja så tydeleg som om det var lyse dagen kan eg sjå sjøen, sjå bølgjene, og i kveld er sjøen nokså roleg, tenkjer eg der eg sit og fylgjer peilinga mi mot den same staden på sjøen, ja om lag midt i Sygnesjøen ein stad der er plassen min, tenkjer eg og eg tenkjer at i kveld skal Åsleik koma og eta lutefisk hjå meg, og eg har ikkje mykje lyst til å få vitjing, for eg orkar liksom ikkje å gjera nokon ting, nei ikkje eingong å verta sitjande der i stolen min, tenkjer eg, men ein stad må eg vera, og noko må eg gjera, og i morgon er det veslejulaftan og så er det sjølve julaftan, og eg har sagt at eg då skal verta med Åsleik for å feira jul hjå Systera, og om morgonen eller på føremiddag julaftan skal vi gå med Sjarken hans til Øygna, har vi avtalt, tenkjer eg og eg ser mot médet mitt, på bølgjene der, og så ser eg Ales og Asle gå der, hand i hand Tenk at vi to har møtt kvarandre, seier Ales Ja, seier Asle Det er ikkje til å tru, seier ho Nei, seier han og dei går vidare, hand i hand 18
Eit nytt namn ferdig.qxp_materie 14.06.2021 11:58 Side 19
Og at vi vart kjærastar med det same vi såg kvarandre, seier Ales Ja der på Busskaféen, seier ho Ja, seier Asle Det hende berre, seier ho og Ales ler og Asle kjenner kor godt det er å ha handa til Ales i si hand og han skjønar ikkje heilt kva som skjer og kva som har skjedd, tenkjer han, for han sat då berre der på Busskaféen og så var Ales der brått, ja som frå ingenstad kom ho og så sat ho der og så møttest augo deira, tenkjer han og Ales seier at det er heilt merkeleg, for ho plar aldri gå på den der kaféen, ja på Busskaféen, for han har ikkje det beste ryktet, seier ho, så ho var der, sant å seia, for fyrste gong i dag, seier ho, og kvifor ho nettopp skulle gå på Busskaféen i dag, og kvifor Asle nettopp i dag skulle sitja der, nei det skjønar ho ikkje, eller ho skjønar det, for det er ei Guds styring, seier ho og Asle lyder på kva ho seier men han er heilt inne i den gode varmen frå handa hennar og dei kjem ut på ei brei gate og Ales seier at dette er Høggata, og der, i Høggata , og ho peikar, i det store kvite huset der, ja der er Galleri Beyer og det er utan tvil det største og viktigaste galleriet 19
Eit nytt namn ferdig.qxp_materie 14.06.2021 11:58 Side 20
i Bjørgvin, og ho har fått med seg alle utstillingane der sidan ho var lita jente, for mor Judit likar å gå på utstillingar, ho er frå Austerrike, ho kjem frå ein liten by utanfor Wien, ein by med det vakre namnet Hainburg an der Donau, medan faren var norsk og vestlending så god som nokon, han kom frå ein plass som heitte Dylgja, der det nesten ikkje bur folk, og der bur syster hans gamle Alise framleis i eit kvitt fint gammalt hus, seier ho og Asle seier at han har høyrt namnet Dylgja men han veit ikkje heilt kvar det er og Ales seier at det er fint der, plassen ligg fint til ved Sygnesjøen, ja sjøen som Sygnefjorden munnar ut i, før han går ut i havet, seier ho og så seier ho at far hennar var ein god mann, og han, bygdeguten som han alltid pla kalla seg, særleg når han hadde drukke litt, ja han, bygdeguten, vart lækjar, og det var medan han studerte til lækjar i Austerrike at mor Judit og far hennar møttest, og då han var ferdig utdanna flytte dei til Noreg og til Bjørgvin og sidan arbeidde dei begge på Sjukehuset i Bjørgvin, og mor Judit ho arbeider der framleis, ja ho er sjukepleiar, seier Ales, og, pla far hennar seia, det var ikkje verst å verta lækjar for ein gut frå Dylgja, men, seier 20
Eit nytt namn ferdig.qxp_materie 14.06.2021 11:58 Side 21
Ales, i fjor døydde han brått, og han vart ikkje så gammal, og det var sikkert fordi han drakk så mykje, han drakk så mykje at han døydde av det, seier Ales, men det vil ho ikkje snakka om, og ikkje tenkja på no, ikkje i dag då ho og Asle har møtst, seier ho og Asle ser på klokka og han spør om dei ikkje med same kan gå til Universitetsgata , han er redd for å koma for seint, seier han, ho som vil leiga ut hybel og han har avtalt å møtast klokka tre, seier han og Ales seier at sjølvsagt kan dei det, men dei har god tid, seier ho og dei går bortetter det som heiter Høggata og så nesten dreg Ales han med seg ned i eit smau og ho seier at det heiter Smalgangen og Asle ser at det står Smalgangen på eit skilt, og smalt det er det jammen Dette er eit av dei smalaste smaua i Bjørgvin, seier ho og Asle seier ikkje noko og dei går hand i hand ned Smalgangen og så stoggar Ales brått og så tek ho ikring Asle og pressar munnen sin imot hans og så står dei der og dei har tunga inne i kvarandres munn og så slepper dei einannan brått og dei tek atter kvarandre i handa og så går dei ned Smalgangen og Ales seier at om dei tek til 21
Eit nytt namn ferdig.qxp_materie 14.06.2021 11:58 Side 22
høgre og går bortover den gata så kan dei sjå Heimen, det hotellet der mange som er på tur til Bjørgvin frå bygdene ikring ofte bur, og i fyrste høgd der er Kaffistova, ein av dei trivelegaste kaféane i Bjørgvin, ho går der ofte sjølv, ho sit der og lagar skisser, seier ho, og då helst såleis at ho berre sit ved eit bord og ser umerkande opp mot den eller den og så prøver ho å laga ei teikning av han eller henne, seier Ales, og så seier ho at Asle verkeleg er heldig som alt har fått plass på Kunstskulen, og så seier ho at i dag går dei ikkje til høgre, til Kaffistova, det kan dei gjera ein annan dag, for tek dei til venstre og kjem til endes av den gata kan dei sjå Fisketorget, og når dei er til enden av gata komne kan dei berre ta til høgre og gå rett fram og då kjem dei til Universitetsgata, seier Ales og ho seier at han heiter Asle og ho heiter Ales, men det er òg alt dei veit om kvarandre, nesten i alle fall, seier han, så kanskje dei kan setja seg ned og berre vera saman liksom, seier Ales og dei er ned på Fisketorget komne og ho peikar mot ein benk som står nær sjøkanten, med utsyn mot Vågen, og dei går og set seg ned på benken og Asle legg skulderveska i fanget og han opnar henne og han tek 22