ANDRE BØKER PÅ SAMLAGET AV ELENA FERRANTE Mi briljante venninne – Napoli-kvartetten. Bok 1. Roman (2015, 2016, 2018). Historia om det nye namnet – Napoli-kvartetten. Bok 2. Roman (2015, 2016). Dei som flyktar og dei som blir – Napoli-kvartetten. Bok 3. Roman (2016, 2017). Historia om det tapte barnet – Napoli-kvartetten. Bok 4. Roman (2016, 2017). Svikne dagar. Roman (2017, 2018, 2019). Den dunkle dottera. Roman (2017, 2018). Natt på stranda. Biletbok illustrert av Mara Cerri (2017). Kvelande kjærleik. Roman (2018, 2019). Frantumaglia. Tankar, brev og intervju. (2019). Alle bøkene er omsette frå italiensk av Kristin Sørsdal.
Elena Ferrante
Eit år med Elena Ferrante Spaltene frå The Guardian i samling
Frå italiensk ved Kristin Sørsdal
Samlaget Oslo 2020
Copyright © 2019 by Edizioni e/o Originaltittel: L’invenzione occasionale Edizioni e/o Via Camozzi 1 00195 Roma info@edizionieo.it www.edizionieo.it © Det Norske Samlaget 2020 www.samlaget.no
Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | exil design Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: 10,5/15,5 pkt. Sabon Papir: 80 g Munken Print Cream, 1,8 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0177-2
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Innhaldsliste
Samanstøytar (forord) . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
9
Første gong . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
12
Redslar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
15
Å skrive dagbok . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
17
Slutt . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
20
Det fiktive, det sanne . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
22
Språkleg nasjonalitet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
25
Latter . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
28
Gravid . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
30
Dei ufordragelege . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
33
Døtrer . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
36
Utropsteikn . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
39
Det einaste sanne namnet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
41
Den mannlege forteljinga om kjønn . . . . . . . . . . . . . . . .
44
Skaking . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
47
Venninner og kjende . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
50
Utgravingar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
53
Den nødvendige skrivinga . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
56
Å vere avhengig . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
59
Søvnløyse . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
62
Gleda over å lære . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
65
Ubehag . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
68
Den som vinn, den som taper . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
71
Misnøye . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
74
Hengande i lufta . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
77
Kunstverk . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
80
Overflod av nyheiter . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
83
Ny litteratur . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
86
Løgner . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
88
Å erkjenne . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
91
Reine brot . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
94
Mødrer . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
97
På kino . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
100
Lykkelege barndommar. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
103
Intervju . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
106
Å elske kvarandre for alltid . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
109
Utan grunn . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
112
Kreativ fridom . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
115
Vegetasjon . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
118
Å ta avskjed . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
121
Kvinner som skriv . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
124
Stereotyp . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
127
Boka, filmen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
130
Å døy ung . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
133
Sjalusi . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
136
Ikkje nok . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
139
Av hokjønn . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
142
På vers og i prosa . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
145
Dette er eg . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
148
Svart himmel . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
151
Å lære av ei forteljing . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
154
Siste gong . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
157
Samanstøytar (forord) 1 9. M A RS 2 01 9
Hausten 2017 blei eg spurd av The Guardian om å ha ei eiga spalte kvar veke. Førespurnaden smigra meg, og samtidig skremde han meg. Eg hadde inga erfaring av det slaget og var redd eg ikkje skulle klare det. Etter mykje nøling lét eg redaksjonen få vite at eg ville ta imot oppmodinga om eg fekk tilsendt ei liste med spørsmål, som eg for kvar gong ville svare på innanfor den fastsette ramma. Ønsket mitt blei straks godtatt, i tillegg til ei avtale om at spalta ikkje skulle vare i meir enn eitt år. Året er no over, og for meg har det vore lærerikt. Eg hadde aldri vore i den stillinga at eg var nøydd til å skrive innanfor ei strengt avgrensa ramme, og om emne som eg sjølv bad dei meir enn tolmodige redaktørane om å velje for meg. Eg er van med sjølv å leite fram ei historie, karakterar, eit resonnement, ved å sette det eine ordet etter det andre, som stort sett er eit slit, eg stryk mykje, og det eg til slutt finn – om eg i det heile 9
tatt finn noko – overraskar først og fremst meg sjølv. Det er som om den eine setninga har ført til den neste og dratt fordel av dei framleis usikre intensjonane mine – eg veit aldri om resultatet er bra eller ikkje. Uansett er det der, eg må arbeide med det, og augeblinken er kommen då teksten må ta den forma eg vil at han skal ha. Men Guardian-spaltene blei styrte av den tilfeldige samanstøyten mellom emna til redaksjonen og trongen min til å skrive. Der det første utkastet av ei forteljing vanlegvis er følgt av ein lang, ofte svært lang, periode, der eg utdjupar, skriv om, utbroderer eller omhyggeleg fjernar det overflødige, var prosessen i dette tilfellet minimal. Straks begynte eg å leite i minnet etter ei lita erfaring som kunne tene som eksempel, samtidig henta eg impulsivt fram synspunkt som har blitt forma gjennom bøker som eg las for mange år sidan, og som deretter, gjennom nye lesingar, har løyst seg opp og blitt hekta saman igjen. Under skrivinga har eg gripe fatt i intuitive glimt og komme til brå konklusjonar som følgje av den allereie oppbrukte plassen. Kort sagt, det har vore ei ny øving: Kvar gong senka eg raskt bøtta ned i ein eller annan mørk brønn i hovudet mitt, trekte opp ei setning og venta engsteleg på at dei andre skulle følgje etter. Resultatet er denne boka, som tilfeldigvis begynner 20. januar 2018 med den alltid usikre forteljinga om ein første gong og tilfeldigvis sluttar 12. januar 2019 med fokusering på ein siste gong. Eg har vore freista til å gi dei ulike stykka ei meir gjennomtenkt rekkefølgje og har laga skisser for moglege innhaldslister. 10
Men å dele dei inn som om dei var resultatet av eit opphaveleg, nøye uttenkt prosjekt, verka forfengeleg, og til slutt lét eg dei stå i den rekkefølgja dei var publiserte i. Eg ønskte ikkje å skjule, først og fremst for meg sjølv, at dei var oppstått som tilfeldige tankekreasjonar, slett ikkje ulike dei vi reagerer med kvar dag stilte overfor verda vi tilfeldigvis lever i.
Første gong 2 0. J A N U A R 2 0 1 8
For ei tid sidan la eg ein plan om å skildre mine første gonger. Eg laga ei liste over nokre. Den første gongen eg såg havet, den første gongen eg reiste med fly, den første gongen eg var full, den første gongen eg blei forelska, den første gongen eg elska med nokon. Øvinga var både hard og til fånyttes. Og kunne det eigentleg ha vore annleis? Vi ser på dei første gongene med eit altfor overberande blikk. Det ligg i sakas natur at vi aldri har opplevd dei før, og dei kan derfor ikkje bygge på erfaring. Dei har dessutan raskt blitt slukte av alle dei neste gongene og aldri fått ei sjølvstendig form. Likevel hentar vi dei fram igjen med sympati, med lengsel og lar dei stå som unike hendingar som aldri kan repeterast. Som følgje av denne ibuande mangelen på samsvar begynte prosjektet mitt med det same å ta inn vatn, men det drukna for alvor først då eg prøvde å skildre den første kjærleiken sannferdig. I dette spesi12
elle tilfellet gjorde eg iherdige forsøk på å leite i minnet etter meiningsberande element, og eg fann verkeleg få. Guten var veldig høg, veldig tynn, og eg syntest han var pen. Han var sytten år, eg var femten. Vi møtte kvarandre kvar ettermiddag klokka seks, i eit audt smau bak buss-stasjonen. Han snakka, men lite, han kyssa, men lite, han kjærteikna, men lite. Han var først og fremst interessert i at eg kjærteikna han. Ein kveld – var det kveld? – kyssa eg han på ein måte som eg ønskte at han skulle kysse meg på. Eg gjorde det med ein slik grådig, skamlaus intensitet at eg etterpå bestemte meg for ikkje å sjå han igjen. Men denne hendinga – som er den einaste viktige for forteljinga mi – veit eg ikkje om eg har frå denne spesielle anledninga, eller om ho kjem frå andre, seinare kjærleikseventyr. Og var guten eigentleg så høg? Møtte vi verkeleg kvarandre bak buss-stasjonen? Til slutt skjønte eg at det eg faktisk hugsa frå den første kjærleiken min, først og fremst var kor forvirra eg var. Eg elska den guten så høgt at berre det å sjå han fekk meg til å miste oversikta over verda rundt oss. Eg følte at eg var nær ved å svime av, ikkje av utmatting, men av for mykje energi. Ingenting var nok, eg ville ha meir, og det overraska meg at han, derimot, etter å ha ønskt meg så sterkt, plutseleg fann ut at eg var overflødig, og stakk sin veg som om eg hadde mista nytteverdi. Godt, sa eg til meg sjølv, då skriv du om kor utilstrekkeleg og mystisk den første kjærleiken er. Men jo meir eg arbeidde, jo fleire vage, engstelege og utilfredse sider registrerte eg. Til slutt gjorde skrivinga opprør – ho 13
hadde prøvd å fylle tomme hòl og å forvandle den opphavelege erfaringa til den stereotypiske lengselen etter den tapte ungdommen. Så eg braut med forteljinga om dei første gongene. Det vi opphaveleg var, er berre ein forvirra flekk av farge som vi betraktar frå breidda av det vi er blitt.
Redslar 27. J A N U A R 2 0 1 8
Eg er ikkje modig. Eg fryktar først og fremst alt som stryk seg langs bakken, og meir enn noko anna fryktar eg slangar. Eg er redd edderkoppar, mark, mygg, endåtil fluger. Eg er redd høgder, og dermed også heisar, kabelbanar, fly. Eg fryktar sjølve jorda vi set føtene på, når eg innbiller meg at ho kan sprekke i to eller vere utsett for ein kollaps i det universelle maskineriet som får henne til å falle, slik eg hugsar frå barneregla vi song då vi var små. Snurr, snurr, rundt i ring. Jorda fell. Verda fell. Alle ned på bakken. Åh, som dei orda skremde meg. Eg er redd alle menneskelege skapningar når dei blir valdelege. Eg er redd dei når dei brøler, krenker, bruker skjellsord, stokkar, kjettingar, stikkvåpen eller skytevåpen, atombomber. Og likevel, kvar gong det som barn var nødvendig å vise at ein ikkje var redd, viste eg at eg ikkje var redd. Eg vende meg raskt til å reagere mindre på verkelege eller innbilte farar og meir, mykje meir, 15
på augeblinkar då andre reagerte slik som eg brukte å gjere, eg blei lamma, klarte ikkje å reagere. Venninnene mine hylte fordi dei såg ein edderkopp? Eg vann over vemminga og drap han. Mannen eg elska, føreslo ferie høgt til fjells med uunngåelege turar i taubanen? Eg draup av sveitte, men eg drog. Ein gong hadde katten lagt igjen ein slange under senga mi, og eg, utrusta med kost og feiebrett, fekk han skrikande ut av huset. Og om nokon truar døtrene mine, meg, alle tenkelege menneske eller harmlause dyr, vinn eg over trongen til å flykte. Det er vanleg å meine at den som hardnakka har trena seg opp til å reagere slik som eg, har det sanne motet, nemleg det som går ut på å vinne over redselen. Men det er eg ikkje samd i. Øvst av alle redslane våre plasserer vi fryktsame, kampvillige menneske redselen for å miste respekten for oss sjølve. Vi set oss sjølve svært høgt, og for ikkje å måtte stå ansikt til ansikt med vår eiga sjølvfornedring er vi i stand til å gjere kva som helst. Kort sagt jagar vi bort redslane våre, ikkje av altruisme, men av egoisme. Og derfor må eg innrømme at eg først og fremst fryktar meg sjølv. Eg har lenge visst at eg er i stand til å overdrive, og prøver derfor å mildne dei aggressive reaksjonane eg har lært meg opp til frå eg var barn. No er eg i ferd med å lære å akseptere redslane mine, endåtil vise dei fram med sjølvironi. Dette begynte eg med då eg forstod at døtrene mine blei skremde når eg forsvarte dei på mitt mest overdrivne mot små, store og innbilte farar. Det ein kanskje bør frykte mest, er raseriet hos dei vettskremde.
Å skrive dagbok 3 . FEB R U A R 2 0 1 8
Som barn skreiv eg dagbok i nokre år. Eg var ei sky jente, sa alltid ja, og for det meste tagde eg. I dagboka sleppte eg meg laus. Eg fortalde utførleg om det som hende meg kvar dag, dei mest hemmelege episodar, vågale tankar. Eg bekymra meg veldig for dagboka, eg frykta at nokon i familien, først og fremst mor mi, skulle finne og lese henne. Derfor leitte eg alltid etter trygge oppbevaringsstader som like fort verka utrygge. Kvifor var eg så bekymra? Fordi mens eg til dagleg nesten ikkje våga å puste av sjenanse, skapte dagboka i meg eit begjær etter sanning. Eg tenkte at når ein skriv, er det ingen vits å halde ting tilbake, og som følgje av det skreiv eg særleg – kanskje berre – det eg eigentleg hadde føretrekt å teie om for meg sjølv, og eg gjorde det mellom anna ved å ta i bruk eit vokabular som eg aldri hadde våga å bruke munnleg. Raskt oppstod ein situasjon som utmatta meg. På den eine sida var eg svært 17
nøye med korleis eg formulerte meg i dagboka, eg måtte vise for meg sjølv at eg var tvers gjennom oppriktig, og at ingenting nokosinne kunne hindre meg i det, på den andre sida skremde det vettet av meg at nokon skulle kaste eit blikk på sidene i dagboka mi. Denne motseiinga var med meg lenge, ho er i stor grad levande framleis. Når eg valde å gjere synleg, gjennom skriving, det som elles ville blitt verande skjult i hovudet mitt om ikkje eg hadde skrive det, kvifor var eg så engsteleg for at dagboka skulle bli oppdaga? Då eg var rundt tjue år, hadde eg kjensla av å ha funne ei tilfredsstillande løysing. Eg måtte slutte å skrive dagbok og kanalisere ønsket om å seie sanninga – dei mest skjulte sanningane mine – til historier som eg fann på. Eg tok den vegen delvis fordi dagboka også var i ferd med å bli noko eg fann på. Svært ofte hadde eg til dømes ikkje tid til å skrive kvar dag og følte derfor at tråden som batt årsak og verknad saman, blei avbroten. Og då skreiv eg sider som eg så daterte bakover, for å fylle hòla. På den måten gav eg hendingane, tankane, ein samanheng som dei ikkje hadde på sidene som blei skrivne dag for dag. Det er altså svært sannsynleg at erfaringa med dagboka og motseiingane ho førte med seg, har bidratt, ikkje så reint lite, til å gjere meg til forfattar. I fiksjonen hadde eg kjensla av at eg og sanningane mine var på litt tryggare grunn. Og faktisk, med det same denne nye skrivinga tok til, kasta eg dagbøkene. Eg gjorde det fordi dagbokskrivinga verka uforedla, utan viktige tankar av noko slag, full av overdrivingar og framfor alt fjern frå 18
den måten eg etter kvart ønskte å hugse barndommen min på. Frå og med då har eg ikkje lenger følt noko behov for å ha ei dagbok.