Skip to main content

Ein venn som meg

Page 1

HELENE GUÅKER Juksemaker. Ungdomsroman. Vigmostad & Bjørke 2015 Kanskje det er hjertet. Langdikt. Gyldendal 2016 Sveiseblink. Ungdomsroman. Gyldendal 2017 Vov-vov-effekten. Ungdomsroman. Gyldendal 2018 Høgspenning livsfare. Ungdomsroman. Samlaget 2020


Helene Guåker

EIN VENN SOM MEG Roman

Samlaget Oslo 2022


© Det Norske Samlaget 2022 www.samlaget.no Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | exil design Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: Adobe Garamond 12/14 Papir: 80 g Munken Print 1.8 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0685-2

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


ETTER HAUSTFERIEN Eg trekker pusten og tek i dørhandtaket. Døra knirkar, sånn som alltid. Eg tek på meg eit lata-somingenting-fjes og går inn. Det er ingen andre elevar i gangane. Eg småflyg opp trappa. Det er viktig å komma inn i klasserommet på riktig tidspunkt, før alle har sett seg, men etter at dei har gått inn. Dette har eg øvd på heilt sidan Emilie bestemte seg for å ikkje vera venn med meg lenger, sidan ho bytte meg ut med Isra og Sarah. Eg legg øyret inntil døra. Er den nye jenta kommen? Ho skulle starte etter haustferien. Emilie har sikkert kapra ho allereie. Det er mykje skravling og støy. Det betyr at læraren, Hansen, ikkje er på plass, sjølv om klokka er to minutt over. Hjartet mitt dunkar. Men eg skal vera stille som ei mus. Ikkje plage nokon. Ikkje synast i det heile. Kanskje vil eg da til slutt bli betre likt? Eg slepper pusten hardt ut og tek av meg den raude lua, sjølv om eg eigentleg synest eg ser ganske kul ut i ho. Mamma meiner eg ser ut som ein russisk kosakk, ein krigar til hest. Det var ho som kjøpte lua til meg, på jobbreisa til Russland no i haustferien. Men eg 5


må blende inn. Mamma ville ikkje forstått det om eg hadde prøvd å forklare, så eg tok berre på meg lua da eg gjekk ut i dag tidleg. Eg går inn døra. Det er berre to pultar ledige, og det er dei to i midten. På stolane framfor er sekkane til Sarah og Ada, men dei sit i sofaen bakarst i klasserommet. Regelen er at alle skiftar plass etter ein ferie. Ingen har lyst til å sitja i midten. Dei som kjem til sist, må sitja med driten. Driten i midten. Eg sklir lydlaust ned på stolen ved den eine pulten. Eg seier til meg sjølv at ingen har lagt merke til meg. Den nye jenta er ikkje her. Kanskje ho er ei sånn som alltid kjem litt for seint, ho også. Alle skråler og klyngar seg saman og viser bilde av noko som har skjedd i haustferien. Eg ser rett framfor meg og berre håper at Hansen skal komma snart. Han pleier alltid å vera litt for sein. Men han er ganske ok. Emilie og Isra sit i det øvste hjørnet på vindaugsrekka, Mattis og Eilif står framfor pultane deira. Dei pratar høgt og er umoglege å oversjå. – Såg de den videoen med han som dansa slik? spør Mattis og gjer nokre heilt perfekt koreograferte rørsler med armane. Det går så fort at hjernen min begynner å spinne. Eg har sett videoen. Det er heilt likt. Eg greier ikkje å halde tilbake eit imponert utrop. Alle snur seg mot meg, og Mattis senkar armane. – Det er heilt likt, jo! seier eg og prøver å smile. – Har ikkje du skifta skule? spør Emilie. Ho let som om ho er forundra. 6


Dei andre ser avventande på meg, som om dei også har trudd at eg skulle slutte. Som om Emilie har gått rundt og sagt til alle at eg ikkje skulle gå her på Hagabakken meir etter haustferien. Eg angrar sånn for at eg sa noko! Eg skal jo vera usynleg. Kvifor måtte eg sjå i den retninga? Men no er det for seint. Eg kan ikkje la vera å svara. – Kva slags skule meiner du eg skulle skifta til? spør eg. – Det er jo ikkje akkurat nokon fleire å ta av her ute. Mattis, Isra og Eilif ser på Emilie. – Eg trudde du skulle flytta, seier ho og snur ryggen til meg, som for å seia at denne diskusjonen er over. Det koker inni bringa mi, det er ein vulkan inni der, som sprutar glødande lava ut i blodårene mine, ut i beina og armane. Eg har lyst til å gå bort til ho og brøle inn i ansiktet hennar at ho veit godt at eg ikkje skal flytta nokon stad, det er sånn det er å bu på gard, ein kan ikkje berre flytta utan vidare. Ho veit det så godt, for ho bur på gard sjølv. Eg trekker pusten og prøver å riste det av meg. Det gjer vondt i heile kroppen, eg har ein stor klump i halsen som truar med å breste. Eg prøvde å seia det til mamma ein gong. At ingen liker meg. Ho svarte at alle føler det sånn på ungdomsskulen. Men eg trur ikkje at det er sant. Det er ingen av dei andre i klassen som snik seg inn på biblioteket i friminuttet. Det er ingen av dei andre som alltid går aleine. Ingen vil ha ein venn som meg, eg 7


veit ikkje kvifor. Det er berre Emilie som har bestemt det. Kvar ferie gløymer eg litt korleis alt er. Kvar gong skulen begynner igjen, hugsar eg det så altfor godt. Eg held nesten på å reise meg og storme ut av klasserommet, men gjer det ikkje. Må lata som ingenting. Eg tek opp skisseboka frå sekken og lagar trekantar og firkantar. Berre for å gjera noko. Eg skvett da Hansen smeller opp døra til rommet med eit brak. – Velkommen tilbake frå ferien! seier han og slår ut med armane. Han slepper armane ned att og seier at den nye jenta har fått influensa og ikkje kjem før neste måndag. Fyrst blir eg litt skuffa. Men så tenkjer eg at alle kan bli sjuke, det er vel ikkje hennar feil. Dumt å bli sjuk den veka ein skal begynne på ny skule, berre. Hansen held ein bitte liten tale, eller kanskje han berre gir nokre beskjedar, eg høyrer ikkje etter. Eg ser fyrsteklassingane frå barneskulen på veg over skulegarden. Dei går fint på rekke og rad, men nokre av dei er altfor små for dei oransje sekkane, som kommunen alltid deler ut til fyrsteklassingane. Eg begynner å teikne dei som bitte små lønneblad med altfor store og tunge ryggsekkar på. At det kjem ein vind som lyftar alle opp i lufta. Men at dei som har dei tyngste sekkane, deisar ned att på jorda. – Sofie? Høyrer du etter? Eg har ikkje høyrt etter. 8


Emilie og Isra ser på meg og himlar med auga. – No skal alle skrive om ferien sin, slik vi alltid gjer, seier Hansen. Han ber oss om å skrive minst to sider. Mattis rekker opp handa, men spør før han har fått ordet, sånn som eg alltid gjorde før. Før eg begynte å bli stille som ei mus. Men ingen himlar med auga mot han. – Kan vi bruke pc-en? – Nei, seier Hansen bestemt. – I ei postapokalyptisk verd kan det komma godt med å kunna handskrift. Hansen er god til å prata sånn at han får oss til å bli med. Dessutan har mange i klassen blitt heilt hekta på eit spel Hansen har vist dei, som han sjølv spelte da han var ung, men som har fått ny grafikk. Eg såg på da nokon frå klassen spelte det på skulen ein gong. Det var skikkeleg postapokalypse! – Og hugs på å skrive i forteljande stil da, folkens. Ikkje berre rams opp kva de har gjort. Eg hadde allereie heilt gløymt at vi skulle skrive om ferien. Ser berre for meg det mørke øydelandet som eg må redde frå undergangen. – Set i gang, seier Hansen og ser på meg. Eg vil helst skrive om rideleiren eg var på, om islandshestane og myrulla eg sanka på myrene. Eg er for gammal til å sanke myrull. Eg gjer det likevel. Eg veit ikkje kva eg skal bruke det til. Eg berre liker å ta på det, og sjå på det, og lukte på det. Ingen av dei eg trefte på leiren, veit at eg er fjorten. Eg sa at eg fyller tretten i desember. Eg veit ikkje kvifor. Det berre 9


datt ut av meg. Men det kan eg ikkje skrive om. Eg skriv i staden om noko som aldri har hendt. I tilfelle Hansen bestemmer seg for å lesa det høgt. I friminuttet snik eg meg som vanleg inn på biblioteket. Det er ikkje ulovleg å opphalde seg der. Det er berre det at eg ikkje er så flink på skulen, og dei som går på biblioteket, er dei som er flinkast av alle. Men eg let som eg er flink. Eg finn ei bok som ser skikkeleg kjedeleg ut, og så finn eg ein teikneserie. Teikneserien legg eg inni den kjedelege boka. Det er ikkje min idé, eg har sett det mange gonger på film og sånn. Det funkar kvar gong. Ingen trur at eg er på biblioteket av nokon annan grunn enn å få ein 6-ar på ei skuleoppgåve. Men eg har aldri fått ein einaste 6-ar. Emilie og Isra får det heile tida. Det er umogleg å unngå å få det med seg, for dei seier alltid: Yes, 6! Det ringer inn, og eg snik teikneserien tilbake der eg fann han, og legg frå meg boka i innleveringshylla. – Du liker lefser? seier bibliotekaren, som sit bak skranken. – Hm? spør eg. Ho peiker på boka eg nett sette frå meg. Eg har ikkje eingong tenkt over at det er ei bok om lefser. – Eg elskar lefser, seier eg og fortar meg ut døra før bibliotekaren ser det raude ansiktet mitt. Må nok følgje betre med heretter. Det er så fort gjort å bli avslørt! 10


Resten av dagen går med til å unngå å bli sett eller høyrd. Eg vil spørja Emilie kvifor ho har sagt at eg skal flytta, men det kjem inga god anledning. Ho er heile tida saman med Isra, Mattis og Eilif.


SKINGRANDE STEMME Etter skulen er eg ein av dei fyrste som hentar sykkelen ved stativet. Eg syklar langs skulevegen så fort eg maktar, eg kjenner denne vegen så godt at eg kan han i blinde. Veit kor telen kjem om våren og lagar bulkar og sprekkar. Veit kor eg tryna og fekk arr på kneet i tredje klasse. Øya er delt i to, Vestsida og Austsida. Skulen og fotballbana ligg midt imellom. Austsida har store jorde og gardar og nokre få hus. På Austsida ligg alkishuset der gamle Birger bur, og huset til Mo. I bakken nedanfor Mo ligg garden til Emilie. Heilt i enden av Austsida ligg garden min og huset til ein gut som heiter Lars, som er to år eldre enn meg. På Vestsida ligg butikken, kyrkja, motorsykkelverkstaden og bustadfeltet, der dei fleste elevane på skulen bur. Eg skal snart sykle heim, men det er noko eg må gjera fyrst. Må spørja kvifor Emilie sa at eg skulle flytta. Kvifor ho plutseleg begynte å snu ryggen til kvar gong eg kom i nærleiken av ho, i slutten av sjuande. Hjartet mitt begynner å dunke fortare da eg ser at ho nærmar seg. Ho syklar som vanleg saman med 12


Mo. Han ser på meg, mens ho let som om eg ikkje finst. – Emilie! seier eg. Stemma mi sprekk. Ho ser på meg, men auga er så smale at ho liksom ikkje ser heilt på meg likevel. Eg tek eit skritt fram mot ho. Må berre få spurt. – Kvifor … – Kan du ikkje berre halde kjeft for ein gongs skuld? Eg orkar ikkje høyre den skingrande stemma di ein einaste gong til. Mo ser ned på sykkelstyret der han prøver å halde balansen i veldig sakte fart, som om han er dønn konsentrert om noko heilt anna enn oss. Og så syklar dei vidare. Eg bit meg på innsida av kjaken for ikkje å grine. Har eg skingrande stemme? Eg ser for meg at eg tek ei nål og ein tråd og syr att munnen min. Sånn. No er det ingen som kan få meg til å seia noko som helst. Eg tråkkar til, men høyrer plutseleg ein tutelyd. Ein mørkeblå moped kjem køyrande rett mot meg, men svingar brått unna. Eg hogger tak i bremsene så det skrik. Hjartet mitt dundrar i øyra, og eg får blodsmak i munnen. Det er Lars, naboen. Han stoppar ikkje, men ristar på hovudet og køyrer vidare. Viss han hadde krasja, ville det vore min feil. Eg må jo vera heilt idiot, som ikkje greier å sjå meg føre! Auga mine er så fulle av gråt at eg ikkje ser klart lenger. 13


Halsen er heilt samansnørt, og eg får knapt puste. Eg stig ned frå sykkelen og trillar han heile vegen heim. Mopeden til Lars står parkert utanfor huset hans. Eg raudnar. Håper at han ikkje ser meg frå vindauget. Eg går så fort eg kan opp mot gutua vår. Men da kjem eg på at eg har sagt til mamma og pappa at eg skal vera med Emilie heim etter skulen. Eg stig opp på sykkelen og tråkkar i rasande fart i retning skogen med alle stiane. Derfrå går det nedover og nedover, mot sjøen. Framme ved vatnet ser eg meg rundt, for å sjekke at det ikkje er nokon i nærleiken. Eg ser ut på dei spisse fjella på andre sida av fjorden. På måkene som flyg over vatnet og skrik sånn som måker skrik, skingrande og irriterande. Kanskje det er måker Emilie tenkjer på når ho høyrer stemma mi. Eg set meg på ein flat stein og dreg opp skisseboka frå sekken. Før, da Emilie og eg var venner, hadde vi ei heimesnikra hytte saman i skogen bak garden min. Der hadde eg ei teikneblokk utan linjer, som eg pleidde å teikne i. Haustferien i sjuande var den siste gongen vi var der saman. Eg hugsar at Emilie lente seg fram og såg på det eg teikna. Ho lo og sa det såg skikkeleg barnsleg ut. Neste gong eg spurde om vi skulle gå til hytta, sa ho at ein grevlingfamilie hadde flytta inn der. Eg er livredd grevlingar, så eg har ikkje tort å gå tilbake for å leite etter blokka. No går eg alltid rundt med ei ordentleg skissebok i sekken, ho 14


har stive permar og tjukke ark, og eg legg ho ikkje frå meg nokon stad. Det blæs og er litt kaldt, eg høyrer bølgjene skvulpe mot svaberget. Rett nedanfor der eg sit, er det ei bitte lita vik med grov sand. Det er min hemmelege plass. Om sommaren dreg eg hit når eg skal bade. Men det er ikkje så artig å bade aleine. Eg teiknar opp vika. Eg teiknar ei jente og to fuglar og masse små kryp som lever under jorda. Meg og dyra mine, skriv eg over teikninga. Etterpå teiknar eg Lars som køyrer på mopeden sin, som skin i sola. I ytterkanten av arket teiknar eg eit sykkelhjul. Der kjem eg, liksom. Ho som ikkje ser seg føre og kan øydelegge alt på eit lite sekund. Da klokka nærmar seg fem, syklar eg heimover. Eg er svolten. Eg har vore med Emilie. Vi har spelt eit spel. Det er lurt å seia, for da pleier mamma og pappa å sone ut.


FRYKTELEG FORNUFTIG Veka er som andre veker. Pianolæraren min ser litt strengt på meg fordi eg ikkje har øvd i ferien. Ridelæraren smiler til meg da eg seier at eg har vore på rideleir. Hansen ser oppgitt på meg når eg ikkje gjer det eg blir bedd om, men heller sit og teiknar. Det skjer omtrent kvar dag. Men eg må vera så usynleg som mogleg. Eg må sjå ned og ikkje så mykje opp. Men eg kan ikkje sjå ned utan å ha noko å drive med, tida går altfor sakte til det, og da må eg teikne. Veka er som andre veker. Eg syklar rundt på øya, inni skogen, ned mot sjøen, går tur med hundane, koser med hundane, leiker med hundane, speler litt på mobilen og ser på TikTok-videoar. Ved middagsbordet på onsdagen spør mamma om det var greitt å begynne på skulen att, som om ho plutseleg kjem på at eg har hatt haustferie. Eg svarer ja, sjølv om eg meiner nei. På fredagskvelden går eg innom instagramprofilen til Emilie. Ho har masse bilde av seg sjølv og Isra. På stranda, på hytta, på toppen av brua over til Kvitfjord, på kafé i Kvitfjord. Mattis og Eilif er også med 16


på mange av bilda. Eg legg mobilen vekk. Veit at eg ikkje burde halde på sånn. Det er ingenting som blir betre av det. Eg kunne sikkert sendt melding til ei av dei eg møtte på rideleiren, ho fall av og braut armen siste dagen, eg kunne spurt korleis det går. Men eg gjer det ikkje. Kan hende ho synest eg er heilt idiot. Heile helga er eg ute på garden og hjelper pappa. På laurdagen plukkar eg sopp som skal sendast til Austlandet. Etter frukost sundag begynner eg å måle den siste veggen på det eine gardshuset, eg måla dei tre andre veggene i sommar, og eg vil bli ferdig før haustregnet kjem. Dessutan får eg betalt, og snart har eg nok til eit digitalt teiknebrett. – Du treng ikkje måle heile veggen, altså! Pappa står under stigen og ser opp på meg. – Eg kan ta resten til veka. – Nei da, det går fint, svarer eg og dyppar målarkosten ned i spannet med raud måling. – Sikker på at du ikkje vil finne på noko med vennene dine heller enn å stå her? spør han og smiler heilt naturleg. Han smiler sånn fordi han ikkje veit at eg ikkje har venner. Mamma og pappa trur at eg har venner, for det har eg fått dei til å tru. – Du veit at eg sparer til det teiknebrettet, seier eg og smiler så ekte eg berre kan. – Du er nå så fornuftig òg du, da, seier han før han går. M-m, tenkjer eg. Frykteleg fornuftig.

17


Om kvelden finn eg fram skisseboka og teiknar litt. Eg teiknar ei jente som sit og ser ut vindauget, og at det begynner å regne. Eg hatar regn. Viss det regnar i morgon, kan det hende eg vaknar og er kvalm. Eg vil eigentleg ikkje gå på skulen uansett om det regnar eller er sol. Eg er heilt sikker på at mamma og pappa ville sagt nei og blitt oppgitt over meg om eg hadde spurt om vi kunne flytta. Men eg kunne godt berre hatt heimeskule resten av ungdomsskulen. Det er fint å vera aleine heime saman med bikkjene, dessutan er jo pappa som regel ein eller annan stad på garden, viss eg trong hjelp med noko. Men mamma og pappa ville aldri gått med på noko sånt. Eg må berre halde ut til eg skal begynne på vidaregåande, for da skal eg flytta frå øya. Eit år har 365 dagar og 52 veker. Skuleåret er på 38 veker. Ei skuleveke er på 5 dagar. Eit skuleår er på 190 dagar. Etter sommarferien har eg gått 8 veker på skulen, totalt 40 dagar. Det betyr at det berre er 150 dagar att av dette skuleåret. Og så nye 190 skuledagar neste år. Eg må berre halde ut i 340 dagar til. Det høyrest forferdeleg lenge ut. Korleis skal eg orke å gå 340 dagar til på skulen utan ein einaste venn?


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Ein venn som meg by Det Norske Samlaget - Issuu