MAREN UTHAUG på Samlaget Der det finst fuglar. Roman. 2020
Maren Uthaug
Ein lykkeleg slutt Roman Omsett frå dansk av Ingvild Holvik
Samlaget Oslo 2021
Originaltittel: En lykkelig slutning Copyright © Maren Uthaug, 2019 Published by agreement with Copenhagen Literary Agency ApS, Copenhagen © norsk utgåve: Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | exil design Framsidebilde: Alan Thornton Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: 10,7/13,6 Sabon Papir: 80 g Munken Print Cream, 1,8 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0380-6 Boka er utgitt med stønad frå Nordisk ministerråd.
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Den første gongen eg sitra i møte med kald hud, var i 1986. Eg hadde fylt fjorten to veker tidlegare og hadde aldri før tenkt i dei banane. Eg forstod raskt at det var ein einsam brest å ha. For kven skulle eg fortelje det til? Og om eg fortalde, korleis kunne eg då forklare lysta mi utan å høyrast ut som det mest motbydelege mennesket i verda? I motsetnad til mange andre avvikarar har ikkje vi noko fellesskap. Det finst ingen serveringsstader berre for sånne som oss, ingen nattklubbar eller terapigrupper der vi kan dele alt som er vanskeleg, og støtte kvarandre. Fordi det er forbode, sjølvsagt. Men fordi om det er forbode, forsvinn det jo ikkje. Internett har gjort det enklare, men personleg liker eg ikkje å måtte ty til det. Sjølv om eg dessverre må innrømme at det meir enn ein gong har hendt at eg har sete framfor skjermen med døra låst og etterpå vore så tyngd av skam at det har vore vanskeleg for meg å komme meg gjennom resten av dagen. I lange periodar kan eg tru eg er kurert. Då passar eg jobben, tar meg av barna og fyller frysaren med sunne matrettar, planlegg for travle dagar. Berre for å snuble inn i ei natt der draumane kjem drønnande 5
med kalde kroppar som får blodet til å pumpe raskare, eksplodere i eit klimaks som rungar i meg heile neste dag. Draumar interesserer seg dessverre ikkje for kva du eller eg måtte meine er passande. Dei er fullstendig likeglade med kva vi som samfunn meiner eit begjær bør få penetrere, kva som skal kunne få ein orgasme til å bølgje. Og dei har inga medkjensle med meg, der eg står tilfredsstilt og sorgfull neste morgon og studerer dei raude ringane eg har pådratt meg rundt iris. Sjølvsagt har eg leitt etter forklaringar på korfor akkurat eg må pinast med ei så skamfull tilbøyelegheit. Eg har ofte vore freista til å gi barndomen skulda. Det ville vore enkelt, for mor mi er ikkje eit fint menneske, og sett utanfrå kan det verke som om ho har gjort alt ho kunne for å gjere livet vanskeleg for meg. Men eg har hatt tante Em til å elske meg, så eg leid inga naud. Tante Em er kjærasten til mor mi, elskarinna om du vil, sidan mor mi var gift med han eg kallar far min. Det var takka vere tante Em at barndomen min blei så normal som den kunne bli. Ho sørgde for nybakte bollar om søndagen, tok meg med i dyrehagen, spelte yatzy med meg og lét meg ikkje vinne – berre for å ha sagt det også, at eg heller ikkje var noko bortskjemt barn. Ho laga matpakker, hjelpte meg med matteleksene og prøvde til og med å invitere leikekameratar heim. Men helst når mor mi hadde ei gravferd og derfor ikkje var heime. Som oftast var det ingen som hadde lyst til å komme. Eg trur likevel ikkje at årsaka til at eg har desse tendensane, er å finne i barndomen. Eg hadde det allereie i blodet då eg blei fødd. Eg måtte berre komme i puberteten først, før genane bestemte seg for kva eg 6
skulle plagast med. Alle i slekta vår har hatt sitt å slåst med. Loddet mitt blei å elske dei døde for høgt, på feil måte. Så vidt eg veit, er eg den einaste nekrofile i slekta. Eg blir i alle fall den siste. Sidan det først gjekk opp for meg kor gale det er fatt, har eg gjort alt eg kunne for å undertrykke trongen. Straks tanken dukkar opp, skyv eg den unna, prøver å distrahere kvar ei spirande lyst med gjeremål som skal førestille å vere viktige. Barna har stått i ei særstilling i så måte. Dei er ikkje heilt som andre barn, krev ein del meir. Det er ikkje mykje godt å seie om deira måte å vere i verda på, men dei har i det minste sørgt for at eg i fleire år ikkje har hatt overskot til å gi etter for drifta mi. Dessutan passar eg meg også som gravferdskonsulent for å hamne i situasjonar der eg kan forgripe meg. Etter at eg tok over forretninga, har eg overlate dei fleste gravferdene til filialane andre stader i byen, mens eg held meg til det administrative og investeringsporteføljen. Berre to slags gravferder tar eg meg av. Den eine typen er når pårørande ytrar ønske om at eg personleg skal arrangere gravferda. Det er nokre familiar som har brukt oss i generasjonar, og som eg helst vil unngå å skuffe. Men eg gjer det ikkje før eg har forsikra meg om at den døde anten gjekk bort etter langvarig sjukdom eller av alderdom. Det er med meg som med dei som elskar med levande, det er jo ikkje kven som helst som vekker begjæret mitt. Den andre typen gravferder der eg gjerne stiller som gravferdskonsulent, er dei utan pårørande. Å gravlegge dei einsame og utstøytte er ein familietradisjon. Heilt sidan den første av oss, tipptipptippoldefar min, 7
tok seg av uønskte spedbarn, har vi hatt ei spesiell omsorg for fortapte sjeler. Men også i desse tilfella forhøyrer eg meg først om kva for tilstand den døde er i. Alkoholikarar, narkomane og kroppar som har blitt liggande heilt til sommarvarmen gjorde omverda merksam på at dei hadde gått bort, får meg ikkje i uføret, då kan eg utføre jobben utan bekymring. Eg elskar jo å vere gravferdskonsulent, det er det vi er i min familie, men samstundes ønsker eg ikkje å krenke nokon. Morfar var gravferdskonsulent, oldefar min var det, tippoldefar min også. Alle har vore det vi i dag kallar gravferdskonsulentar, eller bedemenn, som vi kalla det før, og som før det igjen ikkje fanst i det heile, sjølv om den første av oss likevel var noko som kunne likne. Alle heiter Christian. Christian Christiansen. Berre ikkje eg. Eg heiter Nicolas. Då eg var barn, var det ei stor sorg for meg at mor mi ikkje hadde funne meg verdig til å bere familienamnet, allereie i den augeblinken eg glei ut av henne. For meg gav det meining, ut ifrå korleis ho behandla meg. Når det gjeld mor mi, er ho også gravferdskonsulent, og heiter Nana. Eller eigentleg heiter ho Lone Helle. Med unntak av den perioden då ho heitte Nina, men det kjem eg tilbake til. Det var ei tid då eg greidde å vri dette til at eg var spesiell og derfor ikkje hadde fått slektsnamnet. Det var på den tida det begynte å gå opp for meg at alle desse Christianane kanskje ikkje var heilt normale, og eg innbilte meg at eg var ei ny og forbetra utgåve av oss. No veit eg at eg ikkje tok heilt feil. Ja, eg kjem til å 8
utrette noko som ingen av dei før meg har gjort. Men ikkje på den heltemodige måten som eg førestilte meg den gongen. Barna mine søv i baksetet. Dei er tvillingar, tolv år. Altfor store til at eg kan løfte dei og bere dei dit eg vil ha dei. Til frukost dryste eg noko roande i sjokolademjølka. Dei elskar sjokolademjølk og får det såpass sjeldan at eg var trygg på at dei ville tømme glaset. Allereie på veg ned trappa begynte begge å geispe. Christian, son min, vakla på veg bort til bilen, og eg gav han ein kjærleg dytt inn i baksetet. Liliane har alltid vore tyngre å slå ut, og det er først no, etter eit kvarter i bilen, ho har lagt jakka si imellom det skamklipte hovudet og vindauget og døst av. «Kva seier de til å ta ei langhelg i Berlin?» spurde eg då vi åt middag i går. Dei gler seg. Det er mange år sidan vi har hatt høve til å reise nokon stad. Vi skal ikkje til Berlin. Avgjersla har ikkje vore lett. Eg har hatt søvnlause netter, og eg har gråte og forbanna lagnaden, både min og barna sin. Som alle andre menneske ønsker eg å sjå genane mine vidareførte her på jorda, i det uendelege. Slik er naturen innretta. Å trasse den, slik eg er i ferd med, slit meg sund innvendig. Men det kjem ingenting ut av det, og eg kan berre håpe at nokon, når alt kjem til alt, vil forstå at det vonde som eg kjem til å valde, er til det beste. At det er den einaste måten historia vår vil kunne ende lykkeleg på. Snart er vi ute av København og køyrer vidare på 9
motorvegen mot Storebæltsbrua. Eg håper berre medisinen vil verke heile vegen til Sønderjylland. Jo færre spørsmål dei stiller, desto betre. Og jo meir sannsynleg er det at eg greier å gjennomføre planen. Eg er overtydd om at eg gjer det rette, like fullt bur det framleis eit lite ønske i meg om at eg, når det kjem til stykket, ikkje vil vere sterk nok.
c h ri st ia n 1
Det meste av det eg veit om slekta vår, har eg frå morfar. Då eg var liten, overnatta eg ofte hos han. Han budde i leilegheita ved sida av vår, der eg budde med mor mi og tante Em. Heilt sidan forfedrane mine først fekk pengar nok til å kjøpe den eine leilegheita, takka vere dei mange dødsfalla under koleraen, og deretter den andre under den russiske snuen, har den yngre generasjonen budd overfor den eldre. Sidan spanskesjuken har vi eigd heile bygningen. Så om eg fekk lyst til å besøke morfar, var det berre å opne døra og springe dei få skritta over til døra hans, eg trong ikkje eingong ta på meg sko. Framfor døra hadde morfar instruert meg i å banke på med tre korte bank og vente på at han sa «kom inn». Når eg hadde lukka døra bak meg, stod eg stille til morfar hadde hosta tre gongar i same rytme som eg hadde banka på. Deretter var det fritt fram å gå, ikkje springe, til han, kor han enn oppheldt seg i leilegheita. Det var ikkje så mange stader å velje mellom, for utanom kjøkkenet og ei lita stove var det berre soverommet hans. Leilegheita hadde enno eit rom, der far min budde, men han såg eg berre til måltida heime hos mor mi og tante Em. 13
Resten av tida heldt han til på stader der han var minst mogleg i vegen. Når eg overnatta hos morfar, fortalde han slektshistoria vår som godnattforteljing for meg. Den var så lang at det tok fleire veker å komme gjennom den. Eg fekk historia til éin Christian om gongen. Dei få gongane eg kjende meg modig nok til å be han fortelje om noko anna, sa han nei. Han brukte alltid dei same orda, det vil seie ikkje berre omtrent dei same, men nøyaktig dei same. Derfor var det heller ikkje lov til å avbryte han, for då kunne han miste oversikta over kor langt han var kommen. Historia om den første Christian tok til då han tumla i land på Stillehavsøya Tikopia, på begynninga av 1800-talet. Skipet han var om bord på, forliste mens natta var på det mørkaste. Heile mannskapet gjekk til botns, og idet Christian 1 var i ferd med å gi opp og følgje dei andre i døden, fekk han auge på Tikopias rev og palmekledde åsar. Han fekk fatt i ein rest av vraket, som han klamra seg krampaktig til, til den blei splintra mot eit av dei ytste reva. Mens døden gjorde det den kunne for å trekke han ned, brukte han alle dei kreftene kroppen hadde spart til alderdomen, på å halde seg i live i bølgjene. Morfar la alltid til at det var grunnen til at Christian 1 døydde i nokså ung alder. Og at dette er noko vi berre har kunnskap om fordi Christian 4 fekk besøk av den avdøde sjela hans, over hundre år seinare. Med krefter meinte for framtida trassa Christian 1 både bølgjer og rev, som den dag i dag vernar Tikopia mot folk som ikkje har respekt for luna til naturen og dei lokale gudane. 14
Tikopianarane fann han halvdød på stranda, der han klamra seg til den siste flisa frå vraket. Han glei ut og inn av medvitet mens han ralla etter vatn, men snakka eit språk ingen hadde høyrt før. Dei skjønte rett og slett ikkje at det var eit språk, men trudde det var lydar frå eit framandarta dyr i ein bleik menneskeliknande kropp med gjennomsiktige auge og hud lysare enn sand, dei stadene vatnet hadde rive kleda hans av. Det einaste vi veit om fortida til Christian 1, er at han var frå Danmark. Det er framleis ei gåte kva han bestilte på det skipet som gjekk ned. Kanskje var han ein av dei kriminelle som blei sende frå europeiske hamner tvers over verdshava for å busette seg i Australia. Å komme frå forliset som einaste overlevande fekk Christian 1 til å tru på både Gud og mirakel. Tidlegare hadde han ikkje hatt mykje fidus til Gud, men no var han overtydd om at det var ein av Guds englar som hadde bore han i land. Så vi nedstammar anten frå ein eventyrar, som var så viktig at sjølvaste Gud Fader valde å spare livet hans, eller så er vi etterkommarar av ein kriminell som vel kan ha skubba andre ned frå vrakdelane for å redde seg sjølv. Tikopia – stillehavsøya Christian 1 hadde krope i land på – var så lita at ein kunne høyre havet sjølv når ein var midt på øya. Ein høvding og 989 menneske budde der. Ikkje eitt meir, ikkje eitt mindre. I mange tusen år hadde det levd nøyaktig 990 menneske på Tikopia. Det var det talet øya kunne brødfø, ifølgje vurderingane til høvdingen og høvdingane før han. 15
Det var forbode å ha hundar eller andre slags kjæledyr som trong fôr. Høvdingen fordelte fiskeområde, jordlappar og banantre nøye mellom innbyggarane. Dei kunne heller ikkje få barn utan løyve frå høvdingen. Om ei kvinne plutseleg sat med eit uønskt barn, var det forventa at det ikkje levde til det fekk tenner og ville gjere krav på fisk eller avling. Å få barn blei berre den eldste sonen i familien til del. Dei yngre sønene blei oppdratt til å leve i sølibat, eller i alle fall sjå det som ei stor synd å fullbyrde eit samleie. Og jentene lærte korleis dei kunne legge gloheite steinar på magen før fødselen for å få eit dødfødd barn. Skulle barnet likevel overleve, blei det ikkje rekna som eit brotsverk å drepe eit spedbarn, men noko som blei gjort til det beste for fellesskapet. Dette kom også til uttrykk ved at det ordet dei brukte om å drepe nyfødde, var det same som dei brukte om å fjerne ugras på dei små jordlappane. Dei gongane kvervelstormar eller tørke øydela avlinga, føretrekte mange ein rask død framfor å svelte langsamt i hel. Ugifte kvinner hengde seg eller svømte ut på det opne havet. Fedrar og søner drog ut saman i opne kanoar, på sjøreiser dei ikkje vende tilbake frå. Ein tikopianar elska livet, men var ikkje redd for å døy. Eit menneskeliv var ein del av naturens syklus, fortalde dei kvarandre. Og så lenge dei døde ikkje blei brende, men lagde intakt ned i grava, ville sjela gå igjen i naturen for evig. Ønsket om ein vekst i folketalet på nøyaktig null gjorde at Christian 1 blei betrakta med skeptiske blikk og krosslagde armar mens han langsamt kom til krefter av maten som eigentleg var tiltenkt nokre av dei 16
yngste barna. Dei var rett nok så vane med at det var dei som først måtte svelte, at dei berre gret litt meir enn vanleg. Det må ha vore lokkande for mange av øybuarane å kaste den store mannen tilbake på havet, der han kom frå. Men sjamanen på øya var overtydd om at denne underlege skapnaden som viste seg å vere eit menneske, berre større og kvitare, var send av gudane. Sjamanen tenkte særleg på at ein med så blå auge måtte kunne sjå noko anna enn øybuarane kunne, med sine brune. Kanskje kunne den kvite mannen sjå heilt inn i gudeverda. Så Christian 1 fekk lov til å bli. Då han hadde komme såpass til hektene at han kunne hjelpe til på dei små plantasjane, var alle einige om at han var verd matrasjonen sin. Han kunne bere dobbelt så mykje som dei andre, raga jo også eit godt stykke over dei polynesiske mennene, som alle var små og spinkle. Derfor bestemte den eldste på øya seg kort tid etter for å sette seg i ein kano og bli skubba frå land til song. Christian 1 stod saman med dei andre på land og vinka farvel. På det tidspunktet var han framleis så ustø i polynesisk at han ikkje skjønte at ho aldri ville vende tilbake. Og at det var på grunn av han. Christian 1 starta og slutta kvar dag med å be til den Gud som hadde redda han. Sidan han ikkje hadde vore religiøs før forliset, måtte han sjølv lappe saman ei bøn av dei få frasane han hugsa frå barndomens bibellære. Dette rota han saman med dei tinga han lærte av sjamanen, som han hjelpte med den daglege ofringa av frukt og fisk for å sikre ei god avling. Han hjelpte med velsigningar av ekteskap og gravlegging av dei døde. 17
Kvar gong eit vakse eller eldre menneske døydde, braut heile øya saman i sorg, gråt og klagesong eit heilt døgn til ende. Deretter overtok gleda langsamt festen, som enda med at alle som ein av dei 989 menneska jubla og lovprisa livet, fordi ein ny no kunne bli fødd. Det paret som var så heldige å vere utvalde av høvdingen, blei borne på hendene til hytta deira, der det var venta at dei straks gjekk i gang med akta. Det tok litt tid før det gjekk opp for Christian 1 at over halvparten av dei gravide magane som han såg rundt på øya, aldri resulterte i noko barn. At mødrene ikkje la den vesle til brystet, men med ansiktet ned mot jorda, til ungen blei kvelt og døydde. Enkelte fylte den vesle nasen og munnen med gras for å få livet til å ebbe raskare ut. Etterpå blei den vesle livlause kroppen kasta i eit hòl og dekt med eit tynt lag jord. Det var ingen som gret, ingen som song. Den nyfrelste Christian 1 var sjokkert over korleis tikopianarane såg på dei nyfødde, som vesen som berre potensielt kunne bli menneske. Å avlive dei gjekk for det same som å avbryte eit samleie. Christian 1 la vegen om hòlet så ofte han kunne. Kvar gong det var komme ein ny jordhaug, sette han seg på kne, kasta eit par nevar jord på og bad Gud ta den fortapte sjela til seg. Bad han tilgi øybuarane for at dei ikkje visste betre. Ein dag han knelte ved hòlet med hendene falda, høyrde han hulking frå buskaset. Han såg seg forvirra rundt, med ei kjensle av å vere avslørt. Å vise sorg over eit dødt spedbarn blei rekna for å vere upassande og latterleg. Likevel lokka nysgjerrigheita han bort til busken, og bak greinene skimta han ei ung tikopiansk 18
kvinne. Ho tørka tårene raskt bort og beit seg i underleppa. «Kva er i vegen?» spurde Christian 1, som etter kvart beherska språket på øya godt nok til å føre enkle samtaler. Mageskinnet hennar bar preg av at det ikkje var lenge sidan ho hadde fødd. Blikket hennar var festa på ein haug med jord i hòlet. I motsetnad til øybuarane kunne Christian 1 lett rekne seg til korfor ho kjempa mot gråten. «Eg skal ikkje fortelje det til nokon», sa han og strauk henne keitete over håret. Jenta heitte Konkylie, eller det har morfar alltid kalla henne. Først då eg var elleve, var det ein kveld då ein krangel med mor mi hadde fått han så pass ut av fatning at han mista oversikta over kor mykje vin han hadde drukke. Morfar drakk nøyaktig fire desiliter vin kvar laurdagskveld. Ifølgje han sjølv var det den mengda han kunne tole utan å bli susete i hovudet. Men denne kvelden var han så rasande at han kom til å drikke to gongar fire desiliter. Alkoholen fekk kinna hans til å blusse, og då han seinare sette seg på sengekanten og fortalde historia, tok han ein avstikkar frå den faste monologen då introduksjonen av Konkylie stod for tur. «Eg veit faktisk ikkje kva ho heiter», snøvla han. «Då far min fortalde meg historia, syntest eg det var synd at ho ikkje hadde eit namn, så eg kalla henne Konkylie i all løyndom. Ein kveld då eg fortalde deg historia, kom eg til å kalle henne Konkylie ved ein glepp, og neste gong insisterte du på at det var det ho heitte.» Sjølv om eg er klar over at Konkylie ikkje er det rette 19
namnet hennar, synest eg det er vanskeleg å redusere henne til jenta, som ho har gått under i generasjonane før meg. Derfor: Konkylie sette seg på kne ved sida av Christian 1, og i strid med alt ho var oppdratt til, tillét ho seg å la sorga over det døde barnet drype ned på dei nakne knea. Konkylie var sytten år og hadde vore i eit slags forhold med ein frå sørsida av øya. Han var eldste son i sin familie, og derfor hadde ho ikkje vore særleg påpasseleg med ikkje å bli gravid. Det var ingen tvil om at dei var eit par som ville få løyvet raskt. Då ho oppdaga at ho var gravid, hadde ho gledesstrålande fortalt han det, og i sitt stille sinn begynte ho å sjå seg ut kva for hytte ho og den kommande vesle familien hennar skulle be høvdingen om å få. Verda har alltid vore full av naive jenter og gutar som spring frå ansvaret så snart menstruasjonen blir borte. Tikopia var ikkje noko unntak. Guten hadde begynt å vere med ei anna jente, som var i familie med høvdingen, og var ikkje interessert i å medverke i planane Konkylie la for deira felles framtid. Kanskje var det fordi ho var den første jenta Christian 1 hadde vore så nær innpå etter at han kom til øya, kanskje var det fordi ho også viste omsorg for dei døde spedbarna, i alle fall forelska han seg i henne på flekken. Ho var ti år yngre enn han, med ei tjukk, lang flette, og som dei andre kvinnene gjekk ho med berre bryst og eit lite skjørt. Han hadde ikkje vore tiltrekt av dei polynesiske kvinnene – før no. Brått såg han på henne med eit begjær som han trudde var blitt igjen hos ei prostituert i den siste hamnebyen han hadde besøkt. 20
Konkylie og Christian 1 gjekk til høvdingen i landsbyen og bad om velsigninga hans. Høvdingen hadde ikkje nokon innvendingar mot at dei skulle få kvarandre. Men han påpeikte at Christian 1 hadde ein spesiell utsjånad med dei blå auga og det lyse håret, og spurde Konkylie om ho likevel ville vere villig til eventuelt å avle barn med han. «Ja», svarte Konkylie og såg forelska på Christian 1, «vi vil svært gjerne ha barn.» Høvdingen visste at sjamanen var overtydd om at Christian 1 stod i eit nært forhold til gudane, og vurderte det som ein god idé å ha fleire av hans slag buande på øya. «De kan starte ein familie etter det tredje dødsfallet på øya. Dei to første er allereie lova bort», sa han. Seremonien blei halden to veker seinare, deretter gav dei seg til å vente på at nokon skulle døy, så dei kunne fullbyrde eit samleie. Eller meir presist: ha eit samleie. Konkylie var avvisande, ho betakka seg for å oppleve ei slik sorg som barnet hadde valda henne. Så Christian 1, ein ung, viril mann som endeleg hadde funne seg ei kvinne, måtte gå lange turar på stranda og sparke til bølgjene i frustrasjon over å ikkje få lov til å pare seg med henne. Framleis gjekk han dagleg til hòlet med jordhaugane, og Konkylie hjelpte han. Dei knelte side om side og bad for dei uønskte sjelene. No gjekk det eit rykte på øya om at Christian 1 og Konkylie tok hand om spedbarna. Dei som stod bak ryktet, hadde ikkje fantasi til å førestille seg at dei var der for å be for dei små, men trudde at dei sat der for å passe på at dei nyfødde verkeleg var heilt døde. 21