Skip to main content

Ein driftig djevel i Bergen

Page 1

Ein driftig djevel ferdig.qxp_A 21.03.2018 09:55 Side 1


Ein driftig djevel ferdig.qxp_A 21.03.2018 09:55 Side 3

Jan Olav Gatland

Ein driftig djevel i Bergen Historia om Mons Litleré

Samlaget Oslo 


Ein driftig djevel ferdig.qxp_A 21.03.2018 09:55 Side 5

Lat oss stydja Litleré so godt me kann Folk! Kunde han arbeida seg upp, den Karen, so kanskje me endeleg fekk, det me meir og meir treng: ein fullnorsk Bokhandlar. (Arne Garborg ) Soga um Mons Litleré, det er soga um den nynorske bokavlen i tiaaret –. (Jens Tvedt ) Mons Litleré [hadde] alt satt merkelige spor etter seg som målforlegger. [...] Det var et makeløst eksperiment, vågsomt, frisinnet og nyttig, og ingen vet hva Litleré hadde nådd om han hadde fått leve. Han ble bare  år gammel og er den unge døde i norsk forlagsvirksomhet, og ennå stråler det lys fra hans navn i foreningsprotokollen. (Odd-Stein Anderssen i bok om Den norske bokhandlerforening, ) Ein verkeleg pioner innan norsk ’underground’-kultur var Mons Litleré frå Naustdal. (Einar Økland )


Ein driftig djevel ferdig.qxp_A 21.03.2018 09:55 Side 6


Ein driftig djevel ferdig.qxp_A 21.03.2018 09:55 Side 7

INNHALD Innleiing  Naustdal  Amtsskule i Gloppen  Skribenten syner seg  Folkehøgskule i Sogndal  Umogleg å selje målbøker  Elsk til målet  Norskmålets bokhandel  Første boka: Forteljingar  Fleire forteljingar  Småstubbar åt folket  Ivar Aasen  Til Bergen  Bolette Christine Pavels Larsen  Små, kvikke bøker  Mons Litlerés forlag  Apostlar for nynorsken  Forleggjar for alvor  Fri Skilsmisse  Fri Forhandling  7


Ein driftig djevel ferdig.qxp_A 21.03.2018 09:55 Side 8

Olav Sande  Hans Seland  Mistelténen  Jens Tvedt  Paul Bergh  Bryllup i Naustdal  Målmannsmøte  Boklaget  Lesebok fyr Born  Hans Ross og Gude: Lærebok i landkunna  Anders Vassbotn  Knut Hamsun  Bjørnstjerne Bjørnson  Arne Dybfest  Johannes Lavik og Firda  Medgang og motgang  Kolbotnbrev  Vetle Vislie  Fru Gerda  Per Sivle  Arnoldson og fredsarbeid  Fleire omsette bøker  Anders Hovden  Magnus Hamlander  Haakon Aasvejen  Ny giv i Strandgaten  Rasmus Løland  Arne Garborgs Fred  Hulda og Et frit Forhold  Rasmus Steinsvik  Forlagsproblem  Foreldre og fritid  8


Ein driftig djevel ferdig.qxp_A 21.03.2018 09:55 Side 9

Steinar Schjøtt  Den norske Boghandlerforening  Firda  Ny butikk  Strevar likevel  Theodor Kittelsen  Sjukdom og død  Forretninga og Garborg  Til Stavanger  Til Hamburg  Siste reis  Ettermæle  Gravferda  Ein nybrotsmann  Skifteretten  Litlerédag med bautastein  Litleré synte vegen vidare  Bøker utgjevne på Mons Litlerés forlag  Kjelder  Notar  Litteratur  Takk  Personregister 


Ein driftig djevel ferdig.qxp_A 21.03.2018 09:55 Side 10


Ein driftig djevel ferdig.qxp_A 21.03.2018 09:55 Side 11

INNLEIING Orda i tittelen på denne boka, Ein driftig djevel i Bergen, er ikkje mine. Det er Knut Hamsun som i eit brev til den svenske forfattaren Adolf Paul i  skryter av den unge forleggjaren Mons Litleré (–) og kallar han ein driftig djevel i Bergen. Den i tillegg dristige, driftige og dyktige Litleré skapte ein ny vår for den nynorske bokavlen, men han hadde ein bokarv, hovudsakleg vestnorsk, som han både hausta av og støtta seg på. For det var på Vestlandet det byrja. I  kom Ivar Aasens Det Norske Folkesprogs Grammatik og to år seinare Ordbog over det norske Folkesprog. Nokre år før det hadde Aasen vore i Bergen og studert den store ordsamlinga til stiftsamtmann W.F.K. Christie (først utgjeven av Gustav Indrebø i  som Norsk Dialect-Lexikon). Det var òg i Bergen at borgarskapet byrja å dyrke landsmålet i -åra, hovudsakleg grunna i fedrelandskjærleik og nasjonalromantikk. Dei mest verksame var kjøpmannen og skribenten Henrik Krohn, omsetjaren og boktrykkjaren Georg Grieg, skulemannen og språkforskaren Marius Nygaard og målmannen Jan Prahl, som i  vekte oppsikt med verket Ny Hungrvekja, ei bok som etter planen skulle få folk til å hungre etter norsk språk og kultur. Til desse kjem òg Bjørnsons intense svermeri for landsmålet frå  til  då han budde i Bergen. Etter kvart kom forfattaren og teologen Kristofer Janson aktivt med. Det var i Bergen i  at landets første mållag, Vestmannalaget, såg dagens lys, med Henrik Krohn som ein drivande og skrivande for11


Ein driftig djevel ferdig.qxp_A 21.03.2018 09:55 Side 12

mann. Medlemane vart kalla vestmenn, og dei gav ut ein del målskrifter og tidsskriftet Fraa By og Bygd, landets første tidsskrift redigert på landsmål. Men etter at Henrik Krohn flytta til Sogn og døydde i , og Kristofer Janson drog til Amerika, var det lite eller ingen aktivitet i Vestmannalaget. Det måtte ein sunnfjording til for å få landsmålet på fote att i vest. Han heitte Mons Litleré og var den første i landet som for alvor sette i gang med nynorsk bokproduksjon og nynorsk bokhandel. I andre halvparten av -talet var det svært få bøker på norsk mål, og dei som kom, spreidde seg på ulike forlag.


Ein driftig djevel ferdig.qxp_A 21.03.2018 09:55 Side 13

NAUSTDAL Livet hans var stutt, men verket ugløymande stort. So lenge fedralandselsken kan gjera norske ungdomshjarto varme, og morsmaalet kan kveikja og samla, vil Noreg gøyma minnet um Mons Litleré med takksemd, og namnet hans skal mana oss til vakt og verja um landsens dyraste eignaluter. Lat oss vera trufaste som han var det! (Lars Eskeland )

Mons Torbjørnsson Litlere vart fødd i Naustdal i Sunnfjord laurdag . februar  som einaste barn av gardbrukar og landhandlar T(h)orbjørn Monsson Litlere (–) og Anna Johannesdotter Himle (–). Foreldra kom frå Voss, mora frå Himle og faren frå Litlere i Bordalen. Truleg var Torbjørn Litlere ein av dei mange skreppekarane eller kramkarane frå Vosse-traktene som reiste på handel i fjordafylket. Dei leigde seg gard i Naustdal, rettare sagt på Stubhaug (= Stehoggane i lokal daglegtale), og ifølgje kyrkjeboka frå dåpen til Mons i  tok dei namnet Stubhaug dei åra dei budde der, –. Her vart så Mons fødd og døypt i Naustdal kyrkje . februar, berre  dagar etter fødselen, saman med fleire andre. Deretter flytta dei til sentrum av Naustdal, like ved kyrkja, fekk seg gard med mykje utmark og tok attende namnet Litlere, eit namn som i samtidige kjelder først blir skrive på dansk vis: Lillere(d). Trass i at Naustdal hadde fleire landhandlarar, byrja familien Litlere òg landhandel der dei selde alt som måtte til for å overleve på eit gardsbruk, både kjøt, fisk og sild, glas og steintøy, allslags verktøy og jordbruksvarer, og sko og klede. Dei prøvde seg òg som skreddarar, ein kunn13


Ein driftig djevel ferdig.qxp_A 21.03.2018 09:55 Side 14

skap Anna hadde arva etter far sin, Anders Himle. I  då Mons var sju år, skjedde det ei ulykke med ei krutkagge som eksploderte i kjellaren då Anna skulle helle krut på ei flaske. Ho vart stygt forbrend og låg lenge til sengs, og bygningen fekk store skadar. Det var ein tidleg morgon, og Mons var oppe i huset og enno ikkje stått opp. Døra til rommet hans vart riven av hengslene og slengd tvers over golvet, men gutungen kom frå ulykka utan skadar. Det tok eit år før det øydelagde huset vart ferdig sett i stand, og i  vart det utvida med ein etasje og eit tilbygg. Etter kvart vart det i tilknyting til butikken også drive bakeri og pensjonat. Det første faste skulehuset vart bygt i Naustdal i , og her gjekk Mons på folkeskule. Skulen på denne tida var vanlegvis ein omgangsskule der kvar krins hadde  veker med undervisning. Skulen vart halden  dagar om gongen, og så hadde barna skulefri i ein månad med lekser dei skulle gjere til neste økt. Dei fleste lærarane hadde gått på seminar, og undervisninga var mykje betre og meir allsidig enn tidlegare, då dei berre fekk nokre timar med presten. Foreldra til Mons var opptekne av språk. Dei snakka sitt eige heimemål og skreiv brev på landsmål, iallfall den oppvakte mora, noko som ikkje var vanleg på denne tida. På skulen måtte elevane lære dansk-norsk eller riksmål. Lærarane på Vestlandet utgjorde kjernen i målrørsla, og desse dedikerte lærarane greidde til slutt å få landsmålet inn i skulestova. I  vedtok Stortinget at opplæringa i allmugeskulen skulle «saavidt muligt meddeles i Børnenes eget Talesprog». Men først i  vart det tillate å velje landsmål som skriftleg opplæringsmål i skulen. Haakon Aasvejen, som var Litlerés første biograf, fekk følgjande opplysningar frå Litleré sjølv i : «I barneskolen var det vel saa som saa med lærdomen: en gammel lærer, som putled med nogre ugers skole hvert aar.» Mons var livleg, lærenæm og glad i å lese, og til konfirmasjonen . oktober  står Mons Lillered oppført i kyrkjeboka med karakteren «Meget godt». Fleire av dei andre ungdommane fekk «Næsten meget godt» eller berre «Godt». 14


Ein driftig djevel ferdig.qxp_A 21.03.2018 09:55 Side 15

AMTSSKULE I GLOPPEN

Dagen etter konfirmasjonen drog femtenåringen heimanfrå for å bli elev ved amtsskulen på Apalset i Gloppen, ein frilyndt folkehøgskule. Her var han vinteren – innskriven som Mons Lillere (utan d) og hadde Elias Melvær til lærar. Melvær (–) var radikal venstrepolitikar, avhaldsmann, aktiv målmann og hadde tidlegare reist rundt med skreppa på ryggen og selt landsmålsbøker for Vestmannalaget. Alt i  hadde Melvær søkt om løyve til å undervise elevane i landsmål i norsktimane, men fekk avslag. Han tilbydde seg derfor å lese landsmål privat med dei elevane som ville. Det ville Mons vere med på. Det var nok her unge Mons fekk sin åndsdåp og fekk høyre historia om Ivar Aasen og landsmålet, noko som vekte interessa i han og etter kvart gjorde han oppglødd for målreising. I attesten frå skulen står det: «Han har i denne tid med rosværdig flid og gjort meget gode fremskritt og tilegnet seg meget gode kundskaber. Med hans opførsel har vi været særdeles vel tilfredse.» Melvær vart eit forbilde for han. Som vararepresentant for Jakob Sverdrup møtte Melvær på Stortinget i . I april heldt Melvær innlegg på Stortinget om at dei måtte løyve pengar til kurs i landsmål for lærarar. Han fekk deretter referatet trykt på landsmål i Stortingstidende som den første i landet. Motstandarane mot landsmålet freista å få Melvær avsett, men lukkast ikkje. Då stansa kommunen tilskottet slik at amtsskulen vart tvinga til å flytte frå Gloppen. Skulen flytta først til Innvik i , og gjekk seinare saman med andre amtsskular i fylket til ein felles Fjordane fylkesskule på Nordfjordeid i  (noverande Fjordane folkehøgskule). Elias Melvær var ivrig skyttarlagsmann saman med mellom andre David O. Bakke (–), målmann, venstrepolitikar og seinare stortingsmann, og begge var aktive i den frilyndte ungdomsrørsla. Mons Litleré vart godt kjend med desse to og tok del i dei same aktivitetane i løpet av den tida skulen varte. I desember  skreiv han 15


Ein driftig djevel ferdig.qxp_A 21.03.2018 09:55 Side 16

som -åring ei hyllest til Elias Melvær i Nora og skrytte av både skyttaren, målmannen og den gamle læraren sin: Ungdomen likar aa vera saman med den hyggjelege, greide Melvær, endaa han no er innpaa dei . Dei fær gjerne vita eit og annat av han, og so er han glad og fornøgd alltid, anten ’denne Verden’ elder dei, som ikkje høyrer med til ’denne Verden’, er han imot aldri so mykje.

SKRIBENTEN SYNER SEG

Sommaren  er Mons vorten  år og byrjar å forstå at han burde lære meir. Det neste året er han truleg heime i Naustdal og hjelper til i butikken og på garden, men helst liker han å sitje oppe i huset og lese. Men kva las så den unge mannen? Og fann han stoff på sitt heimlege mål? Avisene synte stor uvilje mot å ta inn artiklar på landsmål. Litteratur på landsmål skulle helst avgrense seg til folklore og bygdeliv. Det var derfor svært viktig at det dukka opp blad og tidsskrift som var norsk-norske, og som tok opp alle tema i samfunnet. Sjølv om dei ofte hadde kort levetid, fekk dei mykje å seie den tida dei var der, slik som det nemnde tidsskriftet Fraa By og Bygd (–) utgjeve av Vestmannalaget, mellom anna med Henrik Krohn som redaktør. Før dette gav Krohn ut vekebladet Ferdamannen – eit Vikoblad aat Aalmugen (–), det første bladet på landsmål etter Aasmund Olavsson Vinjes nybrottsarbeid Dølen (–), eit journalistisk og essayistisk vekeblad fullt og heilt skapt og skrive av Vinje sjølv. Eit anna blad som rimelegvis vekte ungguten si interesse, var Fram (–), redigert av den (mål)politiske agitatoren og skribenten Olaus Fjørtoft frå Sunnmøre som døydde av tæring  år gammal i . Fjørtoft ivra sterkt for eit meir talemålsnært landsmål og stod dermed i opposisjon til Ivar Aasen. Mons Litleré hadde nok funne fram til desse blada på folkehøgskulen, eller i landhandelen heime. Men det viktigaste bladet for Mons Litleré var utan tvil Fedraheimen – eit Vikeblad aat det norske Folket, 16


Ein driftig djevel ferdig.qxp_A 21.03.2018 09:55 Side 17

starta av Arne Garborg i , og som -åringen byrja å abonnere på våren . Fedraheimen kravde full rett for det norske målet, og arbeidde for fridom, framgang og nasjonalt sjølvstende. Dette fylte den unge sunnfjordingen hovudet sitt med. På den måten tileigna han seg kunnskapar om aktuelle samfunnsspørsmål, det vere seg politikk, kultur, religion eller språk. Målfolk måtte som oftast skrive på dansk viss dei ville kome til orde, og viss dei ville nå eit større publikum. Men i Fedraheimen rådde landsmålet grunnen. I  tok den originale forfattaren, målmannen, mystikaren, politikaren og teologen Ivar Mortensson-Egnund (–) over som redaktør og utgjevar av Fedraheimen utan at den redaksjonelle linja vart særleg forandra. Bladet heldt fram med å vere eit radikalt og etter kvart eit anarkistisk-inspirert landsmålsblad. Hittil hadde unge Mons stort sett skrive dansk, mellom anna i dagboka si, men med norske ord innimellom som mjelkesuppe og klokkelykjel. Men i januar  forfattar han eit «brev» til Fedraheimen på eit brukbart Aasen-inspirert landsmål der han er svært oppteken av norskmålet si elendige stilling i Naustdal: I tri Fjordungaar hev eg no lese deg. Men no kann eg slet inkje undvera deg. Maalsaki er lite – rettare, inkje framme her. Det kann du forstaa sjølv, naar eg fortel deg, at det er berre eg, som les deg her i Kyrkjesoknet. Inkje nokon er med i det Norske Samlaget helder. Røder eg med ein Naustedøling om, at det vilde vera bra te aa faa det norske Maalet inn baade i Kyrkje, Skule og Bok, dreg han ein Sukk og spøre, om eg inkje trur, at det er Synd aa snakke so bondsk paa Preikestolen. Syrgjeleg, at me inkje ska vera komne lenger!

Han misunner folk på Austlandet der det er talarar som reiser rundt og held foredrag for folket. Til Naustdal kjem det ingen, dessverre. Den veslevaksne Mons skulle ønskje at det kom nokon som heldt talar så kvasse at folk vakna. Det synest òg som han veit grunnen til at det er slik: «Eg slepp vel fortelja, at Høgre hadde baade Bukta aa baae Endane ved Heradsvale.» 17


Ein driftig djevel ferdig.qxp_A 21.03.2018 09:55 Side 18

Same dagen han får innlegget sitt på trykk, det vil seie på hans eigen syttenårsdag, . februar , sender han eit nytt innlegg til Fedraheimen og fortel om eit møte han var på. Der var det omtrent berre høgrefolk, og der fekk han høyre ein som erklærte: «Vinstremennene vil nedbryte Kristendomen. [...] Eg sagde med honom: ’Du lyg’. Han sagde: ’Det gjere eg inkje, for det staar i ei Bok, som ’Kristendommens Venner’ i vaart Land har gjevet ut.» Christendommens Venner i vort Land var eit opprop mot venstresida publisert i Luthersk Kirketidende . januar , og omtalt like etter i Fedraheimen. Vidare skriv han om eit anna opprop som syner at den venstreorienterte ungguten følgjer med i politikken på riksplan: «Ei Selmeradresse har Høgrekaksarne, som venteleg er, freistat paa aa faa i Stand her og.» Mons Litleré forventar at lesarane straks skal forstå følgjande: at ei Selmeradresse er eit opprop, ei underskriftsliste for å unngå at statsminister Christian Selmer skulle bli stilt for riksrett etter at han prøvde å forhindre at kong Oscar . aksepterte fleire av Venstre sine kompromisstilbod. Men opposisjonen vann, og ved riksrettsdom av . februar  blei Selmer dømt for å ha forbrote seg mot sitt embete som statsminister. Og dette må unge Mons kommentere i Fedraheimen: Riksrettsdomen flaug som Elden i turre Graset like upp til oss og. Vi fekk vita det same Dags Kvelden Kl. . Eg kann segja, det inkje var frit for, at eg og han Far log. Det hadde vi ogsaa god Grunn til, daa vi trudde, at Bakstrævet fekk eit sovore Slag, at det inkje reiser seg, solengje at det norske Folket gjenge framette.

Det var fleire i Naustdal som skjemdest av at dei hadde skrive under på Selmeradresse-lista, skriv Litleré vidare. Men som det blei sagt av ein av «de dannede» i bygda, at når presten gjekk inn for det, så kunne bøndene trygt vere med på det. Deretter følgjer ei lita salve mot prestestanden: «Eg er ingjen Sogemann, men det litle eg heve lese i den Vitenskapen heve eg ofte tykt, at Prestane heve voret av dei leidaste mot Land og Folk.» Deretter spør syttenåringen ironisk: «Dei er vel betre i vaare Dagar?» 18


Ein driftig djevel ferdig.qxp_A 21.03.2018 09:55 Side 19

I midten av juli  sender han eit nytt brev til Fedraheimen og kan glad fortelje at bygda har hatt besøk av ein folketalar frå Sogn, den ihuga målmannen og seinare stortingsrepresentanten for Venstre, Lasse Trædal (–). Han snakka mellom anna nettopp om Christendommens Venner i vort Land, som skulle vinne landet med list slik Kambyses gjorde det då han skulle ta Egypt: «Sakførarar, Groserarar og slike kann henda meinte dei skulde faa Folk te aa ganga te Høgre, naar dei tok ei heilag Kaapa paa seg.» Til slutt trur unge Mons at det ville gjere godt om det vart halde fleire slike foredrag i bygda: «Høgre kunna daa iminsto bli’ støare til aa reikna upp Vinstre sine Synder. Her gjeng no Segner um mange i so Maate.» Som vi ser, er det ein ganske kvass og sjølvbevisst -åring vi har å gjere med i . Heilt fram til juli har Mons skrive etternamnet sitt på dansk: Lillere, men heretter fornorskar han det til Mons Litlere. Først i  legg han til den spesielle aksenten til slutt, Litleré, ein akutt aksent som viser at namnet skal uttalast med eit lite trykk på siste e-en.

FOLKEHØGSKULE I SOGNDAL

Etter eit år heime i Naustdal drog han vinteren – på eit nytt seksmånaders folkehøgskulekurs, i Sogndal denne gongen, og innskriven som Mons Litlere. Sogndal folkehøgskule var eit språk- og kulturpolitisk midtpunkt i Sogn. Skulen var på denne tida eit sentrum for målreisinga, og mellom dei første i landet som gav elevane opplæring i landsmål. I  arrangerte styraren Henrik Mohn Dahl eit landsmålskurs for lærarar. På eit lærarmøte i Vadheim hausten  fekk Dahl igjennom eit vedtak om undervisning på landsmål, noko som blei startskotet for kampanjen som i mai  enda med jamstillingsvedtaket der Stortinget gjorde landsmålet til offisielt språk. Teologen og målmannen Dahl var òg venstrepolitikar, vart seinare ordførar i Sogndal og sat på Stortinget nokre år. I dette målpolitiske miljøet fekk Litleré kunnskapar om nasjonal 19


Ein driftig djevel ferdig.qxp_A 21.03.2018 09:55 Side 20

kultur i samtida og blei gripen av ei sterk interesse for landsmålet – ei interesse som ikkje berre omfatta sjølve skriftmålet, men sjølve skriftproduksjonen og kva som var tilgjengeleg for vanlege folk (og elevar). Her vart han påverka av lærarane Vilhelm Flugeim (Flugum) og Eirik Bruhjell, begge aktive målmenn. Etter vinterhalvåret på folkehøgskulen i Sogndal hadde attenåringen livsvegen oppstaka: han ville vie livet sitt til målsaka. I Stilebok fyr M. Litlere på Sogndals folkehøgskule vetteren  skreiv han følgjande epitet: Det fagraste mål, som på jordi er, er målet åt den, som du mest hev kjær. Og elskar du folket i Noregs dalar, so elskar du målet som folket talar.

Stilane han skreiv på folkehøgskulen, var svært nasjonale, hevda barnebarnet Livar Litleré i . Dei ropar Noreg frå kvar ei side, og bjørk og hardingfele, sommardag og ungdom. I attesten frå skulen står det at han har «lagt for dagen megen lærelyst og flid tilligemed megen letthed i at oppfatte hvad der er bleven foredraget. Hans fremgang har været meget god, ligesom hans forhold har været meget rosværdigt». På garden «Stedje», nabo til folkehøgskulen, hadde initiativtakar og første formann i Vestmannalaget, Henrik Krohn, budd fram til han døydde i . Han vanka mykje på høgskulen, var god ven med Dahl og lærarane, og Litleré fekk nok mange gongar høyre om den kjende medstiftaren av Vestmannlaget og det han hadde utretta. Det var truleg Henrik Mohn Dahl som for alvor vekte Mons Litleré si interesse for det nasjonale, medan andre meiner at Litleré vart endå meir oppglødd i samvær med dei gamle kjenningane David Bakke og Elias Melvær, helst på skyttarstemner og politiske møte. Skyttarlaga har i ettertid vorte rekna som kamuflerte rørsler der det vart drive politisk arbeid. Både Litleré, Bakke og Melvær var aktive målmenn og skyttarar. Det var ein klar samanheng mellom skyttarlag og målsak; begge skulle 20


Ein driftig djevel ferdig.qxp_A 21.03.2018 09:55 Side 21

vere med og redde landet, det nasjonale, frå utanlandsk innblanding. Slik formulerte Hans Seland det: «Det kan vera å nemna at ’den nye vinden’ i målreisinga kring  kom i samband med skyttarlaga, – folkevæpningsrørsla, som på ein kant var eit utslag av vinstrepolitikken, unionsstriden.»  I  var det i Stortinget eit skarpt ordskifte om Folkevæpningssamlagi. Det skulle då ikkje vere naudsynt for folk å måtte væpne seg for å verne om fridommen sin, vart det hevda. Men fleirtalet i Stortinget avgjorde at det til slutt vart løyvd pengar til samlaga. Mons Litleré var i  med og stifta det første skyttarlaget i Naustdal kommune. Laget tok namnet «Einar Tambarskjelvar» etter helten frå slaget ved Svolder. Syttenåringen Mons vart vald til første formann. Skyttarlaga var skeptiske til det offisielle militærstellet, og målbar ofte ein sterk antimilitarisme. Men skyttarlag, det trudde mange målfolk på og meinte var vegen å gå. Skyttarlaget var tilslutta «Firda og Sygna Folkevæpningssamlag». Gjennom opphaldet i Sogndal vart ikkje Litleré berre gripen av landsmålet; han fekk liksom eit kall, han vart kveikt av ei misjonærånd: «Det er ei kjend sak at det var Mons Litleré som var den fyrste som tok upp arbeidet for norsk mål her i bygdi. Han fekk ungdomar til å tinga det vesle bladet Nora og selde bøker», fortel bonde Jakob Reiakvam i eit brev til Anders A. Lothe, som skreiv Målreisingssoga i Sogn og Fjordane (). Tilbake i heimbygda fekk Litleré først i stand eit leselag, Naustdals boksamlag, der han var styrar; han samla inn norsk-norske bøker og blad som ungdommen kunne låne og lese. Men den unge energibunten ville meir. Han ville spreie landsmålet mest mogleg ut til alt folket – unge som gamle. Kan hende var det handelsblodet i han som byrja å renne fortare. For no ville han sjølv reise rundt i fylket og selje bøker slik han hadde høyrt at Vestmannalaget hadde gjort, og bli ein omreisande bokseljar med bokkasse på ryggen. Litleré sikra seg restopplag av bøker frå miljøet rundt Vestmannalaget, mellom anna av Kristofer Janson og Henrik Krohn, og andre målbøker frå Giertsen bokhandel og forlag i Bergen, som han selde til 21


Ein driftig djevel ferdig.qxp_A 21.03.2018 09:55 Side 22

nedsett pris. Både Ed. B. Giertsen og dei tre andre bergenske bokhandlarane, Fr. Nygaard, Joh. D. Beyer og Johan W. Eide, hadde vore med i Vestmannalaget frå starten, og alle gav òg ut bøker på landsmål. Han forstod at skulle det etablerast produksjon av landsmålsbøker, måtte det skapast eit lesande publikum. Slik vart han ein kolportør, ein omreisande bokskreppekar. Litleré gjekk frå grend til grend, og salet gjekk godt. Folk kjøpte bøkene og likte det dei las: «Han organiserte en utstrakt kolportasjevirksomhet, den eneste måten han effektivt kunde få omsatt målbøker på», ifølgje Olav Myre i . I bladet Forteljaren skreiv Haakon Aasvejen om dette: Ret ofte tog han i disse første aar bogskreppen paa ryggen og drog omkring fra bygd til bygd med sine maalbøger. Overalt i det Bergenske reiste han saaledes, stifted bekjendskaber med maalmænd og frisindede mennesker, hvor han kom, og solgte bøger.

I bokskreppa hadde Litleré òg gamle utgåver av tidsskriftet Fraa By og Bygd, samstundes som han samla abonnentar til det nye månadsskriftet Nora, det første frilyndte ungdomsbladet i landet (–). Nora kom ut i Kristiania, var redigert på landsmål med postmannen Olav Schartum som redaktør, hovudsakleg med skjønnlitterært innhald og ein del bokmeldingar. Eit anna frilyndt ungdomsblad var Dag (–) med skulemannen og språkforskaren Marius Hægstad som redaktør. Han freista å kveikje målfolket med følgjande oppfordring: Alle Maalmenner byr tala anten Maalfør sine elder Landsmaal. Likaeins byr dei bruka Landsmaalet i Skrift so langt, som det paa nokon Maate let seg gjera. Det nyttar ikkje berre aa setja til Munnen; ein lyt blistra, skal det verta Laat.

Slike blad skulle gjere landsmålet kjent og inspirere ungdommen til å lese, lære og sjølv skrive på målet. Dei kunne òg fungere som øvingsmark for ferske skribentar som ville prøve seg i mindre format. Nemnast her skal òg målbladet Nordmannen (–), der folkehøgskulelæraren og presten Kristian O. Nordlid var redaktør. 22


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Ein driftig djevel i Bergen by Det Norske Samlaget - Issuu