Rune F. Hjemås
Ein bror i verdsrommet Roman
Samlaget Oslo 2021
© Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no Omslag: Irene Marienborg Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: Adobe Garamond 12,5/16,1 pkt. Papir: 80 g Munken Print Cream 1,8 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0395-0
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
1 Åtte minutt og tjue sekund. Det er tida lyset treng for å nå heile vegen frå sola til jorda. Og det er tida KRLESvein no har brukt på å prøve å forklare klasse 7C ved Furustubben skole korleis ein feirar ulike høgtider i hinduismen. Så langt ser det ikkje ut til at orda hans har nådd meir enn halvvegs fram til dei nitten elevane i rommet. Elias vrir seg på stolen. At fredag er den dagen i veka da tida går langsamast, er inga hemmelegheit, men i dag kjenner han det ekstra sterkt. Han gløttar mot Mu, som sit på pulten ved sida av. Klokka rundt handleddet hans viser ti på eitt. Åh – det kjennest som minst eit kvarter sidan han såg mot klokka på veggen, men så har det berre gått nokre få minutt! Viss det fortset slik, tenker Elias, kjem denne dagen aldri til å ta slutt. – Under holi feirar ein våren med å kaste fargepulver på kvarandre, seier KRLE-Svein oppe frå tavla. Så viser han nokre bilde på smartboarden som ser ganske ville ut. Mengder av menneske som liknar levande bruspulver og tuttifruttistrøssel på to bein. Saman5
likna med dei blir klasserommet enda gråare. Som ein treig og gammal film i svart-kvitt. – Derfor blir det gjerne kalla fargefestivalen, held KRLE-Svein fram. Elias ser mot Mina, som har plassen sin litt lenger fram, ved sida av Patrick. Ho snur seg mot sidemannen og kviskrar noko som heilt sikkert betyr kutt ut, suppetryne, eller noko i den duren. Patrick gliser som vanleg fornøgd. Mina og Elias har vore venner så lenge han kan hugse. Heile livet har dei budd i den same blokka, i ein tettbygd forstad litt sør for Trondheim. Romma deira er like, bortsett frå at alt er spegelvendt. Ved senga si har Mina dessutan ein lysande globus som Elias er litt misunneleg på. Den viser ikkje jordkloden, slik som hans, men månen. Overflata kan minne om ein Stratos i ein sjeldan, kuleforma variant med kvit sjokolade, der luftboblene er knudrete krater. Når han er på besøk, liker han å snurre på den og lese dei framande namna: Regnbogebukta, Stillas hav, Draumanes sjø. No er det klasserommet som er ein sjø av draumar. Dagdraumar. Om alt som skal skje i helga, som berre er få timar unna. KRLE-Svein slit med å få elevane sine til å høyre etter. 6
– Hald ut, seier han tappert. – Det er berre eit par timar igjen av veke 36. Han ser ut over klassen, og noko i dei trøytte ansikta som møter han, må gjere eit visst inntrykk, for like etter seier han: – Greitt, de skal få gå tidleg viss de er rolege dei neste ti minutta. – Kva skal du etter skolen i dag, da? Mina gjespar høgt. Dei står ved dei smale bjørketrea i enden av skolegarden. Gule blad ligg strødd på bakken under dei, som lass med sprø potetgullflak. – Ikkje noko spesielt, svarar Elias. Klassen har skolegarden for seg sjølve, nesten som om dei har utetime. Elias kjenner eit vindpust gli gjennom det halvlange håret, men det er ein mild vind, ein som viser at det enno finst spor av sommaren i lufta. Han drar luggen vekk frå auga. – Eg lurte berre på …, seier Mina. – Eg skal levere sånne skriv for mamma igjen, veit du. Vil du bli med? – Kan sikkert det, seier Elias. Mora til Mina sit i styret for burettslaget, og det er ikkje første gong Mina har bedt han bli med på runden. Å springe rundt og slenge frå seg arka på alle dørmattene i blokkene er ein heilt grei jobb. Eit par av jentene i klassen går forbi i lange, lyse 7
strikkejakker. – Trening i dag, seier Olivia og hever armen til ei helsing idet ho passerer dei. – Eg veit, seier Mina. Så snur ho seg mot Elias igjen. – Ja, så det må bli etter det, seier ho. Inne i dei andre klasseromma sit elevar som framleis har time. Auga deira lyser sjalu mot heldiggrisane i 7C. For første gong slår det Elias på ordentleg at det er dei som er eldst på skolen no. Det er ei mektig kjensle. – Mats kjem heim i morgon, seier han, for no greier han ikkje å halde det inne lenger. – Å, er det sant? seier Mina. – Kult. Er han liksom frisk no, eller? – Det er berre for helga. Men litt friskare må han jo vere, sidan han får lov. – Ja, seier Mina igjen. – Kor lenge er det sidan han har vore tilbake no? Elias må tenke seg om. I starten, like etter at han hadde begynt med behandlinga, var storebroren ganske mykje heime. Før ferien gjekk han til og med litt på skolen. Men så blei han gradvis dårlegare i løpet av sommaren. I det siste har han vore på sjukehuset nesten heile tida. – Fleire veker, i alle fall.
8
I siste time har dei gym. Elias spring etter dei andre i rundar for å varme opp. Å, han har gledd seg til denne helga i fleire veker, og no er det berre ein time igjen. Dessverre er det den lengste timen i heile veka. Pulsen stig for kvar runde i salen. Han kjenner smaken av jern i munnen. Berre den store klokka på veggen ser ut til å ta livet heilt med ro. Etter ei stund blæs Gym-Berit i fløyta og slår hendene hardt saman. – Åkei, seier ho og forklarer at dei skal dele seg i fire grupper. Klassen stiller seg med ryggen inntil ribbeveggen. Ein, to, tre, fire. Ein, to, tre, fire. Elias hamnar på lag med Olivia, Aslak og Noor og får ein gul vest å ha på seg. Dei blir sittande på benken og sjå på mens to av dei andre laga speler innebandy mot kvarandre. Eigentleg liker Elias gym, men i dag kjenner han seg rar og ufokusert i heile kroppen. Han greier ikkje la vere å tenke på Mats. Alt dei skal gjere når han kjem heim. Kanskje spele fotball. Heilt klart sykle ned på senteret og kjøpe masse snop. Sjå ein skummel film saman, utan tvil. Akkurat som før alt blei totalt forandra. Den kvite ballen susar fram og tilbake over parket9
ten framfor han. Elias kviler hovudet i hendene og kjenner ein kald trekk mot dei nakne leggane. Kanskje Mats sit på rommet sitt akkurat no og gleder seg like mykje til helga som han gjer? Gym-Berit blæs i fløyta igjen. Det er deira tur til å spele. Elias reiser seg og begynner å springe rundt med kølla mot parketten. Brått ser han ballen komme mot seg i vill fart, som ein komet på kollisjonskurs. Utan å tenke lukkar han auga og held kølla beskyttande opp framfor seg. I to sekund er det heilt stille. Så bryt jubelen laus i salen. Elias opnar auga og ser rett på Patrick, som berre står og måpar forskrekka. – Wow, kviskrar han. Da ser Elias ballen som ligg i det vesle målet på den andre sida av salen. Korleis i alle dagar hamna den der? Det må ha skjedd eit slags mirakel i den korte stunda han stod med auga lukka. Dei andre på laget kjem hoppande mot han med armane i vêret. – For eit mål! ropar Olivia og gir han ein high five. – Sinnssjukt! Noor og Aslak står like bak og gliser. Elias blir fylt med nye krefter av å sjå på dei. Denne helga kjem til 10
å bli den beste på lenge, tenker han. Han kjenner det på seg. Elias ventar ikkje på Mina i dag, sidan ho skal rett vidare på handballtrening. Han forlèt skolegarden med lette, raske skritt. Rundt han fyk andre barn forbi på sparkesyklar, som små jetfly over asfalten. Trea langs vegen glitrar gult og oransje i den svake vinden. Ein kunne jo like godt ha feira hausten med ein fargefest, tenker han og ser for seg bilda av tuttifruttimenneska frå KRLE-timen. I helga blir det uansett høgtid når Mats kjem heim! På bakken ligg harde kastanjar ein kan sparke og sikte på lyktestolpar med. Klank! seier det da han treffer på første forsøk.