Skip to main content

Ei vinterreise

Page 1

R AGNA R HOV L AN D Alltid fleire dagar. Roman 1979, 1987 Vegen smal og porten trang. Historier 1981, 1999 Sveve over vatna. Roman 1982, 1988, 1995, 1997 (m. Dr. Munks testamente), 2002, ny utgåve med teikneserieintervju av Steffen Kverneland 2008, 2020 Under snøen. Roman 1983, 2009 Bussen til Peking. Tekster 1984 Professor Moreaus løyndom. Roman 1985, 2022 Love Me Tender. Drama 1988 Utanfor sesongen. Roman 1988, 1991, 2006 Sjølvmord i Skilpaddekafeen. Prosa 1989, 1992, 2010 Konspirasjonar. Essay 1990 Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd. Drama 1990 Paradis. Roman 1991 Langs kvar ein veg. Nashville – Memphis – Austin. Country-reisebok (saman med Dag Helleve og Per Olav Kaldestad) 1992 Over Bali og Hawaii. Tre drama 1992 Alltid fleire dagar / Mercedes. Pocketutgåve 1993 Eline og Julie tar ferja. Roman 1994 Poetisk modernisme. (Red. saman med Jon Fosse, Eva Jensen, Per Olav Kaldestad og Finn Øglænd) 1995 Vegen til Navan. Ei musikalsk-litterær reisebok frå Irland (saman med Dag Helleve og Per Olav Kaldestad) 1995 Federico García Lorca: Månen har tenner av elfenbein. Utval og gjendikting ved Tove Bakke og Ragnar Hovland 1996 Dr. Munks testamente. Roman 1996, 1997, 2004, 2022 Raymond Queneau: Stiløvingar. Gjendikting 1996 Halve sanninga. Tre versjonar. Roman 1997 Sarah Kirsch: Alvekongens dotter. Gjendikting 1997 Guillaume Apollinaire: Den melankolske vaktposten. Utval og gjendikting ved Ragnar Hovland 1998


Texas. Korte tekster av lange menn (saman med Eduardo Andersen og Reidar Karlsen). 1999 Åleine i Alpane. 20 bøker. 1999, 2006 Psst! Kubanske notat 2000 Ei vinterreise. Roman 2001, 2002 Norske gleder. 2002 Finske dagar og netter – reisenotat frå Finland (saman med Dag Helleve og Per Olav Kaldestad) 2003 Brevet. Roman 2006 1964. Roman 2006, 2007, 2022 Paradis / Eline og Julie tar ferja. (Eittbandsutgåve) 2006 Dr. Munks popleksikon. 2008 Kunsten å komme heim og andre essay. 2011 Stille natt. Roman 2011 Frå Ragnar til alle. E-post i utval. 2013 400 mil frå Sogndalsfjøra. Langnovelle 2022

Ragnar Hovland har også gitt ut bøker for barn og unge. Sjå www.samlaget.no for komplett bibliografi.


Ragnar Hovland

EI VINTERREISE Roman

Samlaget Oslo 2022


© Det Norske Samlaget 2001 www.samlaget.no Omslag: Stian Hole Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Trykkeri: Nørhaven Printed in Denmark ISBN 978-82-340-0768-2 3. utgåva Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Was sich in jener Wundernacht Des Weitern zugetragen, Erzähl ich Euch ein andermal, In warmen Sommertagen. Heinrich Heine: Deutschland. Ein Wintermärchen


1

Sove kan ein gjere når ein ligg i grava og ikkje har anna å ta seg til. Eg ser opp mot den bleikmørke himmelen. Var det eg som tenkte dette? Så ulikt meg. Lyktestolpane kjem nærmare, men verkar framande, og eg ser at det tar til å mørkne, over skog og mark, over hei og bekkefar. Eg er kald på føtene og veit ikkje heilt kva som kan bli min kvilestad for natta. Før i tida, i nådedagane, var det ikkje noko vanskeleg, då stod det alltid ei dør open for meg, ein kaffikjel blei sett på, koppar kom på bordet, og mens kaffien kokte opp, blei senga reidd opp med det kvitaste lin. Det var ein god varme i huset, og det var i nestekjærleikens tid. Det skulle no berre mangle om ikkje eg skulle få meg kaffi og seng for natta. Slik var tidas refreng den gongen. Slik er det ikkje lenger, eller – eg veit ikkje eigentleg korleis det er. Tida har gått, og eg har sikkert ikkje følgt skikkeleg med. Det er vel slik. Husa langs vegen er stille og ettertenksame, og ein veit ikkje om alle panelomnar er tende. Herrens fuglar er ikkje å sjå, og eg er kald på føtene, endå skorne mine har gjort teneste så mang ein vinter, og burde ikkje nokon trø litt på bremsen no, nokon med ein varm bil i mørket, nokon som ville kjenne meg att og seie at – Det var då som faen! 9


Nokon har bremsa opp og rulla ned vindauget, og eg ser inn i dette ansiktet, så fjernt frå alt mitt og likevel med noko kjent over seg, frå tider som var, før alt blei mørke. – Nei, no gir eg meg ende over. Er det ikkje sjølvaste Lindemann som er på gamle trakter! Det er faen meg toppen. Er du komen for å frelse oss? Set deg inn, for helvete. Eg går rundt bilen, og idet eg opnar døra og set meg inn, hugsar eg kva han heiter, endå vi nok har vanka i forskjellige krinsar dei siste tretti åra: Tomas i Dalen. Tomas, dåranes konge. Her er han i sin gamle Mercedes og tar meg inn i varmen. – No? seier han. – Kor har den karen tenkt seg på ein kveld som denne? Er det ikkje for jævlig kaldt å gå og traske langs vegane? Men du ser vel gjerne på dei som Herrens vegar, og dei skal etter det eg har høyrt vere uransakelege, og då er det vel på ein måte greitt? Eg ser bort på han. Det er kanskje ikkje så mykje att av den gamle Tomas, i den grad eg hugsar korleis han var. Til gjengjeld er det rikeleg av den nye. Han er tynn i håret og har smurt eit eller anna i det som er att av det. Han er bygderund i kjakane og ikkje heilt nybarbert – og har han lenger noko å oppnå med å vere det –, underleppa vrir litt på seg, slik ho alltid har gjort, han har ei nervøs rykning ved venstre auge, kroppen har lagt seg ut og ber preg av menneskelege laster, og han har pressa seg inn i ei kort skinnjakke som verkar noko for trong til han. No set han ein solid vinterstøvel på gasspedalen. 10


– Eg har ikkje sett nokon plakat om at det skal vere møte her, seier han. – Og eg bruker no å følgje med i det som skjer. Ikkje det at det interesserer meg stort sett, men eg tenkjer som så at den dagen eg sluttar å følgje med, då er det jamt slutt. – Det er ikkje noko møte, seier eg. – Ikkje noko anna heller. Eg er her i anna ærend. Han slår av på farten og ser på meg. – Anna ærend, seier han. – Det kan eg like. No gjer du meg faktisk litt nysgjerrig, og det er meir enn eg trudde at denne dagen skulle gi meg. No får du fortelje, då. No får du leggje ut om dette ærendet ditt. Det gjer alltid godt å høyre på folk med ordet i si makt. Og om det så er slik at du føler at du må seie litt om Gud og Jesus slik innimellom, så skal eg heller tåle det. Men hovudsaka er at eg får vite noko nytt. Du gamle Lindemann, du er meg ein fin ein. Går og subbar langs vegen og driv på. Eg kjenner den gode varmen i bilen. Eg ser på dei rake lyktestolpane og på den mørke vegen og kjenner at det kanskje ikkje finst nokon annan stad det gir større meining å vere nett no. Her på eit bilsete, saman med Tomas i Dalen. Han set på bilradioen, og eit lite lykketroll svingar på seg i ei snor frå spegelen. Nett eit slikt lykketroll som eg hugsar ho alltid hadde i veska si, i lykketrolla si tid, før Israels folk vende seg frå Herren og profetane. – Du hugsar ho Johanna, seier eg.

11


29.4.

Dette er definitivt første dagen i resten av livet ditt, tenkte eg. I går fekk eg vite det, og dei verste forutaningane slo rett og slett til. Det er ein svulst. Og eg må opererast. Snart. Sjølv om eg har hatt halvtanna år på å førebu meg og frykte det verste, så var det ganske uverkeleg der eg låg på bordet og blei koloskopert og høyrde dokteren mumle at det var ein svulst, og eg tenkte «ja ha, ein svulst – var det svulst han sa?» Eg har trass alt trudd at eg var usårleg, og at dette ikkje kunne hende meg. No har det hendt meg. Eg blei sitjande att litt på gangen etter undersøkinga, åt kjeks og drakk te, det er vel slikt ein gjer, og så kalla legen meg inn på eit anna rom. Han var mindre bråkjekk no, ingen fleire nedsetjande kommentarar om bedriftslegen eller noko som helst, såg alvorleg og beklagande ut og sa at det dessverre var ein svulst, og om den no er godarta eller vondarta, må den vekk. Han såg det slik at eg ikkje har noko val. Grei beskjed. Han sender umiddelbar søknad om å få meg innlagt på Aker, og han oppfordrar meg til å ta ansvar sjølv. Purre på Aker etter 8 dagar. Og nokon Tysklands-tur blir det ikkje. Eg må kontakte oppdragsgivarane i dag og melde frå. Derimot ser det ut til at eg drar til Bergen og Stord og speler med Atle. Det kan 12


vere like greitt med litt rock’n’roll som å gå her og grunde. Koloskopien var elles svært fascinerande, sjå sitt indre på tv i beste sendetid, reise innover i seg sjølv, lure på kva som møter ein bak neste sving. Veit ikkje enno kva eg skal gjere med jobben, om eg alt skal ta ut sjukemelding. Så veldig sjuk kjenner eg meg jo ikkje. Trur til og med eg skal klare å halde tankane på eit akseptabelt nivå. Eg har iallfall ikkje tenkt å leggje meg ned og gå til grunne. Nei, eg veit ikkje. Eg har jo aldri hatt nokon livstrugande sjukdom før, og eg veit heller ikkje korleis det vil arte seg, og korleis ein oppfører seg i slike tilfelle. Nokon dødsdom har eg vel ikkje fått. Og døden har eg tenkt på nesten heile tida det siste året og vel så det. Eg skal prøve å leve mest muleg normalt. Gjere hyggelege ting. Høyre god musikk og sjå gode filmar. Bevege på meg. Ete god mat. T. tok det bra, og andre har eg førebels ikkje fortalt det til. Ho er jo van med brå sjukdom og alt det inneber, og vi er einige om å halde hyggefana høgt. I går kveld delte vi ei flaske champagne og såg Matilda på video. Henrik ringde frå Stavanger. Han har planar som inkluderer meg både i samband med Kielland-jubileet neste år og kjøp av eit forfalle konkursslott i Frankrike. Eg skal tenkje på det litt. Det kan vere bra for meg å leggje litt langsiktige planar. Og Kurt J. vil ha meg til å halde opningstale på utstillinga han skal ha i morgon kveld. Eg sa ja. Eg har ringt NORLA og avlyst Tyskland. Men eg 13


kunne tenkt meg denne turen til Tyskland, litt vandring i kjøpesenter og slikt. Bonzo Dog Band på cd-spelaren. Det vil bli mykje musikk framover.


2

Det blir snakka i den innrøykte bilen. Praten går om ymse ting. – Ho Johanna, ja. Ho. Eg hadde i grunnen gløymt ho. Ho bur no ikkje her lenger. Eg trur ho gifte seg og fór av stad med ein fyr og fekk familie og det som skal til, og etterpå blei ho vel jamt gløymd, slik folk blir. Han ser på meg, litt vassen i augene. – Ikkje veit no eg kva du skal med ho, men det er vel den same gamle historia. Og då passar det at eg fortel deg ei anna historie. Du veit at då eg var seksten, så var eg jo så opptatt av ho Lise-Bente. Det var ho Lise-Bente for alle pengane, det, veit du. Lise-Bente, opp og i mente, så nær sagt. Eg veit jo ikkje kor djupt det eigentleg stakk, det var no ei slik tenåringsforelsking, voldsomme greier. Snørr og tårer og sentimental musikk. Mykje hormon. Kor du enn snudde og vende deg, så stod det ein flokk hormon og stirte trugande på deg og leika med springknivane sine. Og eg kunne jo ikkje tenkje tanken at det ikkje skulle bli oss, resten av livet. Alt anna verka heilt uuthaldeleg, slik du veit det gjer i tenåra. Då kunne eg likså godt gå og henge meg i nærmaste telefonstolpe, mens eg høyrde telefondama le. Det var ikkje akkurat snakk om kompromiss. Så då eg godt og vel var ferdig med jymnaset, så sørgde eg jo 15


for å gifte meg med henne, for å hindre at ho fann seg ein annan, og at eg resten av livet måtte gå og tenkje på henne og på kva eg hadde gått glipp av. Så eg sørgde for ikkje å gå glipp av henne. Han ser på meg att, stadig vassen i augene. – Og eg er framleis gift med ho, kan eg fortelje deg, Lindemann. Nett no sit ho Lise-Bente heime framfor tv-skjermen, vil eg tru, og eg kjører omkring på dei kalde vegane, utan mål eller meining. Ungane er ute på eit eller anna slags faenskap, handballtrening, musikkøving, eg veit da faen kva det er. Trur du dei fortel det til far sin? Slik er kveldane hos oss. Lise-Bente sit heime framfor tv-skjermen, ungane er ute på eit eller anna og kjem seint heim, og eg kjører no gjerne rundt her, ser om det skulle dukke opp nokon i lyset frå billyktene. Men eg gjekk ikkje glipp av ho Lise-Bente, det skal eg iallfall ha. Faen meg. Eg har nok gått glipp av mykje, men ikkje det. Eg er ikkje dummare enn at eg skjøner kva han vil seie meg. Men eg kjenner ikkje lenger at det har noko med meg å gjere. Det var ei tid, og det er ikkje lenge sidan heller, at eg ville ha kjent meg forplikta til å seie noko, prøve å gjere Det gode, vri samtalen over på den trøyst vi alle kan finne i Herren og Hans ord, om det ser som mørkast ut og Dødsskuggens dal er neste haldeplass, men no gjer eg ikkje det. Eg tenkjer berre på at Johanna ikkje lenger bur her omkring, i desse mørke trakter, og at kanskje ingen lenger veit kor ho held seg, eller om ho i det heile er i live. Men ho er nok det, tenkjer eg. Ja, ho er nok det. 16


– Eg veit det, seier han brått. – Eg har slikt å gjere. Vi kjører oppom til ho Bjørg. Ho var jo bestevenninna til ho Johanna. Ho må vel vite kor ho er dratt. No skal eg jaggu gjere ei god gjerning i kveld og hjelpe deg litt på veg. Det er jo ikkje slik at vi ikkje kan snu om på ting, at vi vanlege farisearar og syndarar ikkje kan hjelpe Herrens tenarar når det trengst. Han smiler, men eg ser godt at det ikkje er noko lykkeleg smil. Livet til Tomas i Dalen blei ikkje slik han ein gong hadde venta seg, den tida då popmusikken herska og somrane var solrike og såg ut til å vare evig. – Du treng ikkje lage noko bry for mi skuld, seier eg. – Eg vil helst ikkje snakke med ho Bjørg. Eg vil ikkje blande inn fleire i dette, det blir pinleg for meg. – No skal vi sjå, seier Tomas og svingar av opp ein liten grusveg. – No skal vi sjå om ikkje ho Bjørg er heime, ja. Eg kan ikkje tenkje meg anna. Det blir spennande å sjå om mannen hennar er heime også, han Mons. Han er så folkesky at han aldri vågar seg ut blant folk. Han sit no helst inne med vedakassen og les avisa eller spikkar på ein pinne og mullar for seg sjølv. Ein skikkeleg folkesky kar. Det er ingen som heilt forstår korleis dei i det heile tatt blei gifte. Men det var vel eit mirakel. Eg tenkjer at det er vel ikkje så farleg. Eg er på eit vis usårleg. Ikkje kjenner eg desse folka, og dei kjenner heller ikkje meg lenger. Eg ser straks at det er ho Bjørg der ho står i halvlyset i bislaget. Inne i ansiktet hennar ein stad ser eg ho som var jenta Bjørg. 17


– Er det deg, Tomas i Dalen? seier ho. – Kven er det du har med deg? – Korleis er det med han Mons? seier Tomas i Dalen. – Sit han inne med vedakassen og kukelurar? Ho ser på meg. – Han er no heime iallfall. – Ein heimens mann, seier Tomas i Dalen. – No skal du sjå kven eg har med meg. Sjølvaste Lindemann. – Lindemann, seier Bjørg og studerer meg. – Han er det lenge sidan eg har høyrt noko til. De vil kanskje kome inn? Eg skjøner at eg snart må seie noko, eg kan ikkje berre stå slik med frakkeskøytane i vinden. – God kveld, seier eg med mi djupe røyst. – Du skal ikkje ha noko bry for vår skuld. – Du treng ikkje setje på kaffien, seier Tomas i Dalen. – Om han då ikkje tilfeldigvis alt skulle vere på kok. – Vi skal gå att med ein gong, seier eg. – Eg ville berre spørje deg om ein ting. Du hugsar ho Johanna. Du og ho var vel venninner. Ho ser litt undrande og litt mistenksamt på meg, som om eg skulle vere frå politiet. – Ho Johanna? seier ho. – Kva er det med ho no? Kva er det med ho no ? Har det då vore noko før? – Ingenting, så vidt vi veit, seier Tomas i Dalen. – Men dette mørkkledde spøkelset her vil gjerne ha eit ord med ho, av ein eller annan grunn som det ikkje er gitt oss vanlege menneske å fatte. Veit du kor ho bur? Ho ser innover i huset, som for å forsikre seg om at han Mons ikkje står der. 18


– Eg har ikkje hatt kontakt med ho på nokre år, seier ho. – Ho slutta plutseleg å skrive. Men eg har vel ei adresse ein plass. – Ho gifte seg jo med han fyren frå Vangen, seier Tomas. – Kalle. Ein litt stussleg fyr etter mi oppfatning. Og så flytta dei. Gudane veit kor. Bjørg kjem att med ei adressebok. – Her, seier ho. – Men det er jo ikkje sikkert at dei bur der lenger. – Vike, seier eg. – Kor er det? Eg trudde eg kjende dei aller fleste stadene i landet. – Eg veit kor det er, seier Tomas i Dalen. – Eg veit kor alle plassar er. Det er jo ganske langt, då. Det er eit stykke. Du kjem ikkje dit i kveld. Og knapt nok i morgon, om eg kjenner deg rett. – Har du eit telefonnummer? seier eg. Bjørg rister på hovudet. – Eg hadde, men eg trur dei har skift nummer. Sist eg ringde, var det nokon som sa at eg var komen til eit nummer som ikkje er i bruk. – Kven var det som sa det? spør Tomas i Dalen. Eg noterer meg likevel det gamle nummeret. Så er det vel ikkje meir å seie. – De kunne fått ein kopp kaffi, seier ho Bjørg. – Kanskje ein annan gong, seier eg og veit at det aldri er slik at det blir nokon annan gong. Ein har berre éin sjanse. – Det er lenge sidan eg har sett deg, Lindemann, seier ho Bjørg. – Det er lenge sidan eg har sett deg òg, Bjørg, seier eg. 19


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Ei vinterreise by Det Norske Samlaget - Issuu