Skip to main content

Dumme, dumme hjarte

Page 1

Dumme dumme hjartet ferdig_mat 18.05.17 14:27 Side 1

1


Dumme dumme hjartet ferdig_mat 18.05.17 14:27 Side 3

Linda Klakken

DUMME, DUMME HJARTE Roman

Samlaget Oslo 2017


Dumme dumme hjartet ferdig_mat 18.05.17 14:27 Side 5

1 Aldri før har publikum vore så stille i Parken Kulturhus. På scena ligg ei ung jente. Ho er berre tretten år. I førre akt var ho så glad at ho ikkje fekk sove, men no er ho steindaud. Tunga heng som eit slips ut av munnen. Kjærasten hennar, Romeo, har nettopp funne henne, bleik og kald som månen. Han trykkjer henne inntil seg og voggar henne fram og tilbake mens han græt av sorg og raseri. Frå kvart hjørne av salen høyrest snufsing. Ja, det er til og med nokon som blæs i eit lommetørkle med slik kraft at ein skulle tru at stakkaren prøvde å kvitte seg med nasen. På nest bakarste rad sit ballerinaene frå Svanekompaniet. Dei tolv år gamle jentene tør ikkje anna enn å sitje rett opp og ned i stolseta. Om dei så mykje som opnar munnen eller rører ein muskel, kjem den strenge lærarinna deira, Natasja Plink, til å setje auga kaldt i dei. Og alle veit kva som ventar då. To timars tortur ved barren etter skuletid, repetisjonøvingar til tærne blør. Med antydning til gnagsår i baken og krampe i 5


Dumme dumme hjartet ferdig_mat 18.05.17 14:27 Side 6

leggane gjer dei unge svanene sitt beste for å halde ut dei siste minutta av framsyninga. Klara vrir seg og prøver å finne ei betre stilling. Ho er smerteleg klar over at dette er to timar av livet som ho aldri får att. På skrå framfor seg ser ho eit gammalt ektepar som ser ut til å nyte stunda i fulle drag. Sjølv vil ho sove. Helst sovne inn for alltid. Utan at ho er klar over det, smeller ho ei stor tyggisboble. Dei andre ballerinaene ser oppgitt mot enden av stolrada. Kan ho ikkje klare å halde kjeft i nokre minutt til, så dei kjem heilskinna frå denne skrekkopplevinga? Natasja Plink bøyer seg fram og leiter etter nokon ho kan gravleggje med blikket. – Snakk om barnemishandling, kviskrar Klara til Else. – Lev med det, svarer bestevenninna hennar. Det er noko dei to venninnene seier til kvarandre når livet verkar håplaust, slik som no. Klara har kjent Else så lenge ho kan hugse. Dei bur i same gata og har gått til og frå skulen i lag sidan første klasse. Ikkje ein dag går utan at dei snakkar med kvarandre. Else er det snillaste mennesket i verda. Men no har ho ikkje eit einaste ord til trøyst. Dei unge ballerinaene er i Parken Kulturhus for å sjå teaterstykket Romeo og Julie av William Shakespeare. Natasja Plink meiner nemleg at ungane er totalt blotta 6


Dumme dumme hjartet ferdig_mat 18.05.17 14:27 Side 7

for innlevingsevne. No skal dei få kjenne på kroppen kor fælt livet kan vere, elles vil ikkje dansen til Svanekompaniet vere truverdig. Snart skal dei tolv svanene opptre framfor ein fullsett gymsal på Aspøy skule. Då skal dei danse så det gneistrar av dei, det er beskjeden frå den russiske lærarinna, elles kjem ho til å bli innlagd. Dei har inga tid å miste. På scena prøver Romeo å vekkje kjærasten. – Vakn opp, kjære Julie, kviskrar han. Men ho snorkar vidare. Han slår Julie på kinnet med flat hand og knipsar henne eit par gonger på nasen. Ikkje teikn til liv. Så krøllar han seg saman på golvet og ular som ein gjengløymd puddel. Klara tenkjer på skjebnen til Romeo. Alle skjøner jo at han er fortvila fordi kjærasten er død, men det får vere måte på. Han treng ikkje oppføre seg som om han har skore løk i fire timar av den grunn. Så skjer det noko heilt uventa. Romeo fiskar fram ei lita flaske frå innerlomma. Skjelvande skrur han opp korken. Else dultar til Klara med olbogen. – Det er gift i flaska, kviskrar ho. Klara føler seg plutseleg heilt lam. Heilt ute av stand til å gjere noko som helst. Kva i alle dagar held Romeo på med? Han har vel ikkje tenkt å gjere slutt på alt berre fordi kjærasten ligg der som eit øydelagt strykebrett? 7


Dumme dumme hjartet ferdig_mat 18.05.17 14:27 Side 8

Klara veit jo at Julie ikkje er død i det heile tatt, ho har berre drukke sovemedisin for å lure alle saman, så ho slepp å gifte seg med Paris, ein hårlaus, gammal greve som familien har valt ut til henne. Snart kjem ho til å vakne frå dvalen og le rått av heile opplegget. Så vil ho rømme med Romeo til Firenze. Det er i alle fall planen. Men det skjøner ikkje han, den snigelen. Klara set seg ytst på stolkanten for å få betre utsikt til katastrofen. Romeo tømmer flaska i ein lang slurk. Ein uforklarleg grimase fer over ansiktet hans, som om han blir overrumpla av eit akutt og uuthaldeleg mageknip. Frå nest bakarste rad ser Klara korleis kjærleiken overvinn all sunn fornuft. – Så døyr eg, seier Romeo og kryp inntil Julie. Mens han ligg der og ventar på at sola skal gå ned ein gong for alle, innser Klara at kjærleiken er ei uendeleg sterk kraft. Han får nemleg folk til å oppføre seg som idiotar. – Det heng ikkje på greip, kviskrar ho til Else. Else ser berre fort tilbake på Klara og smiler som om ingenting har skjedd. – Det går jo ikkje an, seier Klara lågt, inn mot seg sjølv. Frå avstand er kjærleiken ein blome Klara aldri har sett før. Sterk og vedunderleg. Bandet mellom Romeo og 8


Dumme dumme hjartet ferdig_mat 18.05.17 14:27 Side 9

Julie skin av seg sjølv i stummande mørke. Plutseleg skjøner Klara kva det handlar om. Men korleis det heile startar, det veit ho ikkje så mykje om enno. Ho har trass alt aldri vore forelska. Ikkje på ordentleg, i alle fall. Klara tenkjer at ho også vil oppleve kjærleik. Helst snart. Kjensla varer i om lag tjue sekund, så gjer Romeo noko heilt ufyseleg. Med lukka auge plantar han eit kyss på munnen til det hjelpelause liket. Det er eit kyss som varer i fleire veker. Klara krympar seg i stolen. Ho tenkjer at det er umogleg å bli verande eit sekund til. Else har det like ille. Ho held den eine handa framfor auga som eit skjold. Dei to jentene klarer ikkje å la vere å fnise. Dei ser på kvarandre og grev ansikta ned i genseropninga. Natasja Plink hysjar på dei, men det er for seint. Svanekompaniet ramlar ut av formasjon. I ly av mørket ligg tolv jenter over kvarandre i stolseta og hyler av latter. Det er armar og bein overalt. Plink har eit svare styr med å halde dei unge svanene i taumane. Men det er ikkje det verste. Då Romeo trekkjer munnen tilbake att, kan Klara sverje på at ho ser ein glitrande, blank tråd av spytt mellom leppene til dei to kjærastane. – Fytte grisen, roper ho høgt. Aldri i livet om ho skal kysse nokon. Ikkje om ho så får betalt for det.


Dumme dumme hjartet ferdig_mat 18.05.17 14:27 Side 10

2 – Eg lurer på kven som vinn i år, seier Else. Ho står i den opne døra ut til oppgangen og ventar. Klara rotar rundt i kommoden i entreen og prøver å leite opp det raude skjerfet. – Eg skal stemme på Jonas på Typetoppen, seier Else og kastar eit blikk på klokka. Det er berre tolv minutt til skulen startar. – Heile kåringa er grotesk, seier Klara. – Han er den mest populære guten på skulen. – Aldri i livet om eg vil ha trynet mitt på trykk i skuleavisa! Klara har endeleg funne skjerfet og smeller igjen døra bak seg. – Alle trur Celine kjem til å få flest stemmer, seier Else. – Det drit eg i, seier Klara. Så går dei. – Ho vann Rypetoppen i fjor, seier Else idet dei passerer kiosken på hjørnet. – Då delte ho ut gratis vaflar til alle som stemte på henne. 10


Dumme dumme hjartet ferdig_mat 18.05.17 14:27 Side 11

– Ja, ho er vel i gang med smiskekampanjen sin allereie. – Eg burde kanskje tenkt på det sjølv, seier Else og blir tankefull. – Med betre marknadsføring hadde eg kanskje fått fleire stemmer. Klara smeller ei tyggisboble. – Du hadde fortent å vinne. Else trekkjer på skuldrene. – Det var jo berre du som stemte på meg, seier ho. – Eg et heller grus enn å stemme på Celine. – Men du kjem vel på Halloween-festen hennar på laurdag? seier Else. – Ifølgje rykta blir det ein runde med «Leppemagneten». Klara stoppar opp. – Seriøst? – Det er den mest populære kysseleiken på heile skulen! Klara blir uvel av tanken. – For eit mareritt! – Jonas kjem sikkert til å vere der, seier Else og myser med auga som om ho nettopp har fått servert ein lekker dessert. Klara trekkjer på skuldrene. – Eg har betre ting å gjere. – Lurer du ikkje på korleis det er å kysse nokon? Klara stoppar opp. Så drar ho fram mobilen og blar 11


Dumme dumme hjartet ferdig_mat 18.05.17 14:27 Side 12

seg gjennom bildearkivet. Ho held opp eit bilde frå Facebook. Eit bilde av eit rockeband. – Rasmus, seier Klara og peiker på ein av gutane. Else ser ikkje ut til å skjøne kor Klara vil hen. – Eg trefte han i Danmark i sommar, forklarer Klara. – Han speler i eit band som heiter Skunk Death. – Er de saman? – Ikkje offisielt. Men eg fekk halde gitaren hans. Else ber om å få halde mobilen sjølv. – Er han ikkje for gammal for deg? seier ho og rynkar på nasen. – Han går siste året på ungdomsskulen. – Klinte de i sommarferien, altså? – Ja, seier Klara og slepper mobilen ned i lomma. – Sjå på leppene mine, seier ho. – Ser dei ikkje brukte ut? – Jonas har sikkert mjuke lepper, seier Else med eit sukk. Så høyrer dei ein ringjelyd i det fjerne. Det er skuleklokka som varslar om at det ringjer inn til første time om fem minutt. – Siste lorten lukkar porten, hyler Klara. Dei spring opp ein bakke. I skulegarden er det eit veldig oppstyr. Framfor hovudinngangen på store, ærverdige Aspøy skule har nokon sett opp ei bu med plakatar og flagg. 12


Dumme dumme hjartet ferdig_mat 18.05.17 14:27 Side 13

– Sjå, dei deler ut gratis T-skjorter, seier Else og skuler bort på jentegjengen til Celine. Overalt går elevar rundt i rosa T-skjorter med teksten EG ER EIN CELINER. Midt i klynga av elevar står fjorårsvinnaren av Rypetoppen på Aspøy skule. Celine Ulvestad trær ei Tskjorte nedover hovudet på ein hjelpelaus førsteklassing på krykkjer. – Stakkars krapyl, seier Klara. – Eg skjøner ikkje korleis ho får det til, seier Else.

°°° I første time har dei setningsanalyse i norsk. Det bankar på døra til klasserommet. Inn kjem ein ny elev. Læraren i 7B, Per Urke, eller Purke, som elevane kallar han, blæs i ei fløyte han har hengande rundt halsen. – Folkens, dette er Marie Lindkvist. Ho er ny i klassen, og eg ber dykk om å ta godt vare på henne, slik at ho finn seg til rette her på Aspøy skule. Eit sukk går gjennom klasserommet, for Marie Lindkvist er så vakker. Ho har langt, lyst hår og blå auge. Kinna hennar er raude som eple. Klara tenkjer at ho også skulle hatt slike kinn. – Ver så god, det er ledig plass framme ved kateteret, seier Purke. Den nye jenta finn plassen sin. Ho sit to plassar på skrå framfor Klara. 13


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Dumme, dumme hjarte by Det Norske Samlaget - Issuu