Skip to main content

Do. Ei stinkande reise gjennom bæsjens historie

Page 1

Pia Strømstad

DO

EI STINKANDE REISE GJENNOM BÆSJENS HISTORIE Illustrert av Flu Hartberg


INNHALD

Det som kjem inn, må ut att ........................................ 6 Kor gjer vi av bæsjen?.................................................... 8 I GAMLE DAGAR VAR DO EIT HOL I BENKEN Stong på veggen – eller når grisen bit av deg ballane ............................................... 9 Med hol på rekkje og rad ..............................................10 Kongen på veggen ...........................................................12 Nattmannen .........................................................................13 UTE I VERDA GJEKK DEI PÅ DO I EIN KOMMODE På do for 2000 år sidan .................................................17 Dritsekkar som våpen.....................................................19 Rett i hovudet på folk ......................................................20 Å gjere frå seg bak gardina ........................................20 PÅ DO NÅR DET PASSAR SOM DÅRLEGAST På do i lause lufta .............................................................23 Tissetrengd i jagarfly .......................................................26 På do i ein undervassbåt .............................................28 Senka av dassen ...............................................................29 Ut og tisse i minus 30.....................................................30

EIN DO KAN VERE EIN UNDERLEG TING Spel på dass ........................................................................33 Pop-opp-doar ......................................................................34 Do er også kunst ...............................................................35 Til talar frå presidenten ..................................................36 Verdas dyraste ....................................................................37 DO KAN VERE LIVSVIKTIG Flygande tisseposar.........................................................39 Peepoo-posar......................................................................40 DRIT I FRAMTIDA Kan bæsjen etast, kan han brennast? ...................41 Dass og gass .......................................................................42 BEDRITEN ORDLISTE .........................................45 KJELDER .................................................................50


Har du bajsa, har du drite, har du mige, lagt ein kabel? Vore på dritar’n eller dossen eller bela på dassen? Har du gjort bimmelim eller bommelom? Lufta bikkja, gått rundt hjørnet? Skote kaninar? Gjort i buksa? Eller sjøsett ei pølse? Og det eg eigentleg meiner, er: Har du vore på do i dag? Klart du har. Kanskje er du ein meister i å knipe att, men alle går på do. Mor di gjer det. Far din òg. Dronningar og kjendisar gjer det, verdas rikaste mann gjer det, og til og med presidenten i USA. Og likevel synest dei fleste at det er litt pinleg å snakke om det.

5


DET SOM KJEM INN, MÅ UT ATT Vi puttar noko i munnen, vi tygg og svelgjer. Maten går ned gjennom eit røyr som heiter matrøyret, før han hamnar i magesekken. Der tek syra og bakteriane over. Dei angrip på sett og vis maten og nyttar han som brensel. Frå magesekken går restane av maten over i tarmen. Han er som ei lang, lang pølse som kveilar seg inne i magen vår. Hos ein vaksen måler tarmen opptil åtte meter. Her tek kroppen opp i seg dei næringsstoffa han treng, samtidig som tarmen pressar restane av maten og det som etter kvart blir til bæsj, vidare gjennom kroppen

6


og mot rumpeholet. For kroppen kan ikkje nytte seg av alle stoffa i maten, og det kroppen ikkje treng, må han kvitte seg med. Avfallsstoffa – eller søpla om du vil – må ut, og ut av tarmen kjem bæsjen med promp og prakt, med lyd og lukt.

EIT BADEKAR FULLT AV BÆSJ Eit vakse menneske som veg om lag 80 kilo, produserer 152 kilo bæsj og 500 liter tiss i løpet av eit år. Så mykje bæsj kan nesten fylle eit badekar, mens tisset fyller to og eit halvt! Vi er over 7 milliardar menneske i verda. Tenk så mykje bæsj og tiss!

7


KOR GJER VI AV BÆSJEN? Når menneske over heile kloden skal gjere frå seg kvar einaste dag, er det ei utfordring kor vi skal gjere av alt saman. Heime hos deg sjølv er det verste som kan hende, at doen er oppteken. Da er det berre å knipe att og vone at han blir ledig snart. Det er annleis om du er jagarpilot og flyg i 2000 kilometer i timen over havet når du kjenner at du må tisse. Eller om du er astronaut i bane kring jorda og må passe deg så ikkje bæsjen flyg fritt kring hovudet på deg. Kva om du er på besøk hos vener i eit fattig land og må gjere frå deg i ein pose? Eller kva med dei som levde i gamle dagar, før vassklosettet blei funne opp? Slik som oldemor di, ho måtte kanskje gå over tunet og inn på utedassen midt på natta da ho var barn. Så det å gå på do er, som du kanskje forstår, ikkje alltid så enkelt som ein skulle tru.

8


I GAMLE DAGAR VAR DO EIT HOL I BENKEN La oss gå attende i tid, til Noreg før vassklosett og dopapir på rull, til ei tid da du kanskje ikkje fekk sitje aleine på do, og bæsjen blei liggjande der han datt, om ingen kom og fjerna han. STONG PÅ VEGGEN – ELLER NÅR GRISEN BIT AV DEG BALLANE Om ein ikkje har ein do, er det enklaste å berre setje seg på huk. Men om ein sit lenge, kan ein jo få litt vondt i låra. Det var nok derfor folk fann på å hengje opp ei stong som dei kunne sitje på. Stonga låg mellom to tre ute, eller ho var festa i veggen inne. På 1400-talet, for omlag 600 år sidan, var dette ganske vanleg. Dei som eigde ei kro eller ein kafé, måtte ha ei stong til gjestane, og i Sverige fanst det til og med ei lov som sa noko om kor høgt stonga skulle liggje. Det var for å verne gjestane mot grisar som gjekk ute på tunet. Om stonga ikkje låg i riktig høgde, måtte eigaren nemleg betale gjesten erstatning dersom grisen beit av han pungen mens han sat på stonga.

9


Viss stonga hang i rett høgde og grisen beit pungen av gjesten likevel, var det derimot gjesten sitt problem. Men kvifor kunne grisen finne på å bite ballane av gjesten? Dei hang vel der og freista ein stakkars svolten gris, da.

MED HOL PÅ REKKJE OG RAD Da utedoen kom, var det eit stort framsteg. Ein utedo er ei lita bu med ein benk med hol i. Utedo er greitt nok det, men han står jo faktisk ute. Om sommaren kan det vere fint å gå ut, men det er verre ei januarnatt når det tek til å mørkne og vinden uler kring pyjamasbeina.

10


Utedoen kan ha eitt hol eller to eller fleire. Det minste holet er til ungane så dei ikkje skal dette nedi. Er det fleire hol, kan ein sitje på rekkje og rad og fortelje historier og skrøner. Når du går på utedoen, dett bæsjen rett ned i holet under benken. Der ligg han og stinkar og godgjer seg og samlar fluger heilt til holet blir så fullt at dopapiret tek til å kile deg i rumpa. Utedoen har nemleg ikkje vatn som spyler driten vekk, og til slutt må han tømmast. Da grev ein ut det som er der, og er ein heldig, er det blitt til jord og stinkar berre sånn passe. Langs kysten hende det at dei bygde utedassen på kaia så driten datt rett i sjøen. Du slapp stanken og flugene, men det var jo litt ekkelt med bæsjeklattane som flaut i vatnet før dei sokk. Derfor blei det etter kvart forbode å byggje dassen rett på bryggja.

DEN LENGSTE UTEDOEN I VERDA? Vikingkongen Olav Tryggvason må ha hatt ein av dei lengste utedassane i verda. Dassen hadde 22 hol på to rekkjer mot kvarandre. Der kunne nok kongen sitje på do med soldatane sine og planleggje neste kamp.

11


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Do. Ei stinkande reise gjennom bæsjens historie by Det Norske Samlaget - Issuu