Skip to main content

Det som er sant

Page 1

Det som er sant ferdig.qxd:P책 flukt

24-06-13

13:47

Side 1


Det som er sant ferdig.qxd:P책 flukt

24-06-13

13:47

Side 3

Magnhild Bruheim

Det som er sant Roman

Samlaget Oslo 2013


Det som er sant ferdig.qxd:På flukt

24-06-13

13:47

Side 5

1 Musikk. Stemmer. Latter. Her kunne alt skje. Kanskje noko fint. Kanskje ingenting. Lyden vart skrudd opp enda meir. Fleire kasta seg ut i dansen. Det vart litt vanskeleg å snakke. Men Linn hadde ikkje behov for å snakke akkurat nå. Auga hennar speida rundt i rommet utan å finne det dei leitte etter. Han hadde sagt at han skulle koma. – Skikkeleg kul fest, altså. Solveig kom tilbake frå dansegolvet og dumpa ned ved sida av henne. Det var ingen ledige stolar, så dei sat på store puter. – Ser ut som Jonas er interessert i deg. Linn måtte nesten rope inn i øyret på venninna. – Æsj, vi berre dansa, sa Solveig og var sveitt i panna. – Han er vel ok. – Sikkert. Så vi får sjå. Solveig såg seg rundt. – Det er mange andre her også. Linn smilte tilbake som svar. Samtidig kjende ho seg usikker. Den eine ho venta på, hadde ennå ikkje vist seg. Ho sjekka telefonen for å sjå om det var ny melding. Ingenting nytt. Hanna hadde fått lov til å invitere rundt tjue venner på fest mens mora var bortreist på kurs. Men festrykta hadde spreidd seg, så nå var huset fullt. 5


Det som er sant ferdig.qxd:På flukt

24-06-13

13:47

Side 6

Vertinna smaug seg rundt blant gjestene. Linn studerte henne der ho kom mot dei med ei flaske i handa. Ho var kledd i ei åletrong svart bukse og hadde ein svart utringa overdel som dekte baken. Kleda sat som spytta på. – Øl? spurde ho og rette flaska til Linn. – Nei takk. – Frøken Prektig, sa Hanna og lo. – Og du? Ho vende seg til Solveig. – Litt seinare, kanskje. Hanna vart ståande ved sida av dei med flaska i handa. Tok seg ein slurk sjølv. Musikken vart dempa eit par hakk att. – Veit mor di at folk drikk her? Linn spurde fordi ho vart irritert da Hanna kalla henne prektig. – Kva trur du? Hanna snudde på den høge tynne skohælen og gjekk vidare. – Kva er det med deg og Hanna? spurde Solveig inn i øyret på Linn. – Kvifor liker du henne ikkje? – Har eg sagt det? – Du treng ikkje seia det du så tydeleg viser. – Det var noko som skjedde sist vinter. Før du flytta hit. Noko jævlig, sa Linn. – Som du ikkje har fortalt meg? – Eg skal fortelja det ein annan gong. Linn ville ikkje tenkje på det akkurat nå. I kveld skulle ho ha det moro. – Ho verkar så tøff. Solveig vart meir fjern i stemma. – Eg synest ikkje det er tøft å drikke seg full. Du ser jo at ho ikkje er edru? – Da eg begynte i klassen, syntest eg nesten ho var litt skummel, sa Solveig utan å kommentere det med drik6


Det som er sant ferdig.qxd:På flukt

24-06-13

13:47

Side 7

kinga. – Måten ho snakka til lærarane og dei andre i klassen på, så overlegen liksom, og alltid med så kule klede. – Du veit jo kva slags rykte ho har? spurde Linn, sjølv om ho eigentleg ikkje hadde lyst til å snakke meir om Hanna. – Ein treng ikkje tru på alt som blir sagt. – Rykte dukkar ikkje opp av seg sjølv. Ikkje det at eg bryr meg om det, altså, sa Linn. Med det same oppdaga ho Sander. Endeleg. Han måtte nettopp ha kome, og stod i andre enden av rommet. Alt var som det skulle vera. Hjartet dunka litt ekstra. Linn vinka. Han nikka tilbake frå andre sida av rommet. – Eg var ikkje klar over at Sander var her, sa Solveig. – Han kom akkurat nå, trur eg, saman med Espen. Linn reiste seg opp frå puta og strekte på kroppen. – Eg går og snakkar med han. Blir du med? Sander stod for seg sjølv og såg på dei dansande da Linn og Solveig kom bort. Han smilte stort og sa hei. – Er det bra fest? spurde han. – Skikkeleg bra, svarte Linn. – Kom du ikkje før nå? – Espen og eg forsa litt. Linn kjende at det lukta øl av han, men det var ikkje ekkelt. Det halvlange, krøllete håret såg nyvaska og viltert ut. Akkurat som på festen sist laurdag, da det hadde kila Linn i ansiktet. Munnen såg like varm og mjuk ut. – Skjer det noko spesielt? Sander såg frå den eine til den andre. – Spesielt? Solveig trekte på skuldrene. – Bra musikk, sa Linn og hadde lyst til å dra Sander med seg ut på dansegolvet. 7


Det som er sant ferdig.qxd:På flukt

24-06-13

13:47

Side 8

– Vanskeleg gitarlekse du gav oss på siste øving, sa Solveig. – Linn og eg sat to timar i går, så vi er snart proffe, spøkte ho. Solveig var skikkeleg god på gitar. Ho hadde fått med seg Linn på eit kurs gjennom kulturskolen. Sander var læraren, sjølv om han berre var to år eldre. Etter kvart hadde dei vanka ein del saman utanom kurset også. – Ja, du kan verkeleg gle deg til å høyre oss måndag, sa Linn. Ho hadde lyst til å snakke med Sander, seia noko anna, seia noko viktig, men fann ikkje ord som passa. Dei vart berre for store eller for små i munnen hennar. – Og her står alle dei søtaste jentene i kø. Det var Espen som kom mot dei på litt ustøe bein. Han slengde eine armen rundt Linn, den andre rundt Solveig. I handa hadde han ei colaflaske. Begge jentene vreid seg ut av grepet hans. Armane hans fall slapt ned langs kroppen. – Smak på dette, sa han og heldt fram flaska. – Det er ikkje så uskuldig som det ser ut. Linn og Solveig rista på hovudet, men Sander tok imot. Han drakk, gjorde ein grimase og gav flaska frå seg att. – I alle fall sterkt, sa han. Linn ønskte at Espen skulle gå. Det einaste dumme med Sander var at Espen hang på han som ein klegg. Utruleg at dei var kameratar, så ulike som dei var. Ho hadde mislikt Espen frå første stund. Han hadde fleire blomstrande kviser på haka, og det fanst ikkje noko anna tiltrekkande ved han, heller. Og han sa alltid så mykje dumt. Klengete var han også, slik som nå. Hadde lagt armane rundt dei som om det var ok. 8


Det som er sant ferdig.qxd:På flukt

24-06-13

13:47

Side 9

Sander snudde seg mot Linn og opna munnen som om han ville til å seia noko. Ho rakk å ønskje at han ville foreslå ein dans. Da var plutseleg den svartkledde vertinna der. La eine handa lett på skuldra til Sander. – Danse? – Ok. Han trekte på skuldrene og vart med. – Skal vi også? Solveig dulta Linn i sida. – Har ikkje så veldig lyst. – Kom igjen, nå. Solveig drog henne med. – Ikkje tenk på Sander. Dei begynte å røre seg etter musikken. Dansa utan å halde i kvarandre. – Kva meinte du med det du sa? Linn la munnen tett inntil øyret til Solveig. – Om at eg ikkje skulle tenkje på han. – Du verkar litt for opphengd i han. Ikkje noko anna. – Han er jo den kulaste typen her. – Tja. Solveig såg seg rundt. – Kanskje ikkje den smartaste å satse på. – Kva meiner du? – Sander flørtar med alle. Ein veit aldri om ein kan stole på han. – Høyrest ut som du snakkar av erfaring? – Hugs at eg er eit klokt menneske, sa Solveig spøkefullt. – I alle fall det kulaste og snillaste mennesket eg veit om, svarte Linn og kjende kor sant det var. Kor viktig det hadde vore å treffe Solveig. Kor mykje som vart forandra etter det. Dei vart ståande og småtrakke mens dei snakka. Linn hadde samtidig Sander og Hanna i augekroken. Følgde 9


Det som er sant ferdig.qxd:På flukt

24-06-13

13:47

Side 10

med. Dei dansa saman. Da neste låt kom, dansa dei vidare. Rolegare nå. Og tettare? Ho tok handa til Solveig og leidde henne bort frå dansegolvet. Klinelåtar var kjedeleg med venninner. Dei gjekk inn i tv-stova, der musikken ikkje var så høg. Fann seg ledige sete i ein sofa. Linn gjorde seg brei, slik at det kunne bli plass til ein person til. Sat slik at ho framleis kunne sjå dei som dansa. Der sleppte dei kvarandre. Hanna snurra rundt på dei høghæla skorne før ho tok hovudet hans i hendene og kyste han på munnen. Grov fingrane inn i krøllene hans. Linn miste nesten pusten der ho sat og såg på dei. Så sleppte Hanna han og gjekk bort til nokon andre. Sander såg først litt forvirra ut. Så kom han gåande mot tvstova. Linn vinka. Han såg ikkje. Jo, der såg han henne og kom bort. Linn gjorde seg smal slik at han fekk plass ved sida av henne. – Hanna ser litt full ut, sa ho. – Og ho er ikkje den einaste, svarte han og klappa henne på armen. – Ikkje alle er like prektige som gitarelevane mine. Prektig. Han brukte også det ordet. – Eg tar ein liten runde og snakkar med folk, sa Solveig og reiste seg. – Snart tilbake. Linn fylte ikkje opp tomrommet etter Solveig. Ho ville sitja så trongt, venninna kom jo tilbake. Sander hadde lagt hendene på låra sine. Linn hadde sine i fanget. Berre ei lite rørsle så fann dei kvarandre. Så var det gjort, og kvelden var redda. Alle orda vart borte att. Og hendene var like langt unna 10


Det som er sant ferdig.qxd:På flukt

24-06-13

13:47

Side 11

kvarandre. Kunne ho gjera det? Eller måtte ho vente? Berre sitja slik. Kjenne kroppen hans ved sida av seg. – Den boka vi snakka om sist, sa han. – Eg tar den med måndag. – Fint, sa ho. – Det gler eg meg til. Ja, både å lesa boka og gitartimen. Det er utruleg moro. Hadde det ikkje vore for Solveig, så hadde eg aldri begynt med det. Før … Sander avbraut henne. – Ja, det er ei knall venninne du har, sa han og rørte på seg. Linn heldt pusten. Så reiste han seg. – Eg tar ein runde, eg også, sa han. – Kan ikkje sitja roleg for lenge på fest. Kan fort gro fast. Skal vi danse? Ho burde ha vore rask nok til å spørja. Nytta sjansen da den var der. Like etter var det for seint. Sander var på veg ut til den største stova att. Han sjangla litt. Hadde visst drukke litt for mykje. Kva skulle Linn gjera? Berre bli sitjande? Alle gjekk frå henne. Solveig hadde sikkert gått for å la Linn vera åleine med Sander. Men kvifor måtte han gå? Ho fekk vente og sjå. Ho snudde seg mot jenta som sat i ein stol ved sida av. Ei ho ikkje kjende. Linn prøvde å tenkje ut noko smart å seia, men jenta var berre opptatt av mobiltelefonen sin. Alle rundt henne var visst opptatt med sitt og kvarandre. På tide å reise seg og finne Solveig. I opninga mellom dei to romma vart ho ståande. Eit stykke unna stod Solveig saman med Sander. Det såg ut som om dei diskuterte. Nå stilte han seg rett overfor Solveig, tok tak i overarmane på henne. Ho rista på hovudet og sa noko. Verka avvisande. Så sleppte han henne og gjekk. 11


Det som er sant ferdig.qxd:På flukt

24-06-13

13:47

Side 12

Linn skunda seg bort til venninna. – Kva var det du snakka med Sander om? sa ho. – Det såg ut som om de var ueinige. – Det var ingenting, sa Solveig. – Ikkje noko viktig, meiner eg. Solveig snakka ikkje sant. Linn såg det på henne. Det var ulikt bestevenninna. Men Linn ville ikkje spørja meir. Heller snakke det bort. – Du … den låten er berre så bra, kom, vi dansar. Solveig trekte henne med seg på golvet att. Dei svinsa framleis rundt på golvet da Linn fekk auga på Sander. På nytt dansa han med Hanna. Ho hang rundt halsen hans. Såg drita ut. Så vart dei borte. Forsvann saman? Kva i all verda var det som skjedde? Linn hadde vore så tilfreds med seg sjølv før ho gjekk heimanfrå. Tenkt på Sander. På det som hadde skjedd på festen sist laurdag. Visste at han skulle koma, det hadde han sagt. Eigentleg hadde ikkje Linn lyst til å gå. Ho var ikkje venninne med Hanna. I grunnen var det rart at Linn var invitert på festen. Solveig ville, men ho visste ikkje noko om det som hadde skjedd før ho flytta hit. Linn ville eigentleg ha foreslått noko anna dei kunne gjera. Men da ho høyrde at Sander skulle gå, ombestemte ho seg. Linn hadde sett seg i spegelen og kjent seg ganske fin. Buksa var i trongaste laget, men det syntest ikkje under den lange overdelen. Ho hadde brukt lang tid på sminkinga, og rufsa til håret slik at det såg tøft ut. Nå kjen12


Det som er sant ferdig.qxd:På flukt

24-06-13

13:47

Side 13

dest det som om buksa var i ferd med å sprekke, sminka rann utover, håret var flatt, blusa lukta sveitte, og magen slo seg vrang. Kvelden var i ferd med å hamne i søppelbøtta. Musikken og latteren rundt henne var støyande. Ho hadde mest lyst til å dra heim. Ein del andre hadde allereie gått. – Opp med humøret, sa Solveig. – Vi er på fest. Drit i Sander. – Han har kanskje gått, svarte Linn. – Har ikkje sett han på lenge, kanskje ein halvtime. – Kanskje det, sa Solveig og såg på klokka. – Er det ok om vi blir litt til? – Ok, sa Linn, sjølv om det ikkje var heilt ok. Da oppdaga ho Hanna i ei døropning. Plutseleg stod ho der. Alvorleg. Barbeint. Men med kroppen framleis innpakka i dei svarte kleda. Ho tok nokre steg. Ustø. Var ho så full? Ingen Sander saman med henne, tenkte Linn letta. – Hanna verkar så rar, sa Solveig, som også hadde fått auge på henne. – Ho ser sjuk ut. – Tydelegvis full, sa Linn. Solveig kom seg opp på føtene utan å seia meir. Like etter var ho borte hos Hanna, tok armen, snakka til henne. Dei stakk hovuda tett saman, Hanna lente seg mot Solveig, Solveig heldt rundt henne. Lenge stod dei slik. Linn kom seg ikkje opp frå stolen. Det kjendest som ho hadde lim i baken. Kva var det med Hanna? Solveig trong vel ikkje stå der og trøyste henne i det uendelege 13


Det som er sant ferdig.qxd:På flukt

24-06-13

13:47

Side 14

fordi om ho hadde vore dum og drukke seg full. Ingen andre såg ut til å bry seg. Der forsvann dei ut gjennom døra, begge to. Utan å seia frå til Linn. Skulle Solveig også bli borte nå? Slik som Sander. Gå ut døra saman med Hanna og bli borte? Linn kjende seg svimmel sjølv om ho ikkje hadde smakt ein drope alkohol. Ho hadde aldri prøvd å drikke seg full. Ikkje hadde ho særleg lyst heller. Blikket var stivt festa på den mystiske døra. Ho klarte ikkje vera opptatt av andre ting. Endeleg. Døra vart opna. Solveig kom tilbake. Åleine. På veg tilbake til Linn. – Det er heilt jævlig. Solveig bøygde seg over Linn og kviskra i øyret hennar. – Kva er det? – Hanna er … Sander har gjort noko heilt forferdeleg.

14


Det som er sant ferdig.qxd:På flukt

24-06-13

13:47

Side 15

2 Linn vakna og kjende eit stort tomt mørker inni seg. Hendingane frå kvelden før slo mot henne så ho nesten miste pusten. Tusen tankar banka på og ville inn. Sander? Han kunne ikkje ha gjort det Hanna sa. Det måtte ikkje vera sant. Ho kjende han da godt nok til å vita det. Linn og Solveig hadde vore dei siste som gjekk etter at festen vart avslutta. Fordi Solveig bestemte det. Ho oppførte seg plutseleg som ein sjef som ordna opp i alt. Sa dei måtte ringje politiet. Det som hadde skjedd, var at Sander hadde tvinga Hanna til samleie, eller det var i alle fall det Hanna sa. Solveig var opprørt og meinte det var det same som valdtekt, og at det var viktig å melde frå fordi det var kriminelt. Hanna sa ho ikkje orka, politiet ville ikkje tru på henne likevel, meinte ho. Men Solveig ringde. Først politiet, deretter mor til Hanna for å få henne heim. Dei tre vart sitjande att i eit rotete festlokale utan folk. Utan liv og musikk og latter. Tomflasker. Glas. Skitne papptallerkenar. Stearinlys som var blåste ut. Hanna såg også ut som eit utblåst lys. Ingen andre på festen fekk vita kva som hadde skjedd. Hanna ville ikkje, ville vente, alt var for vanskeleg, sa ho. 15


Det som er sant ferdig.qxd:På flukt

24-06-13

13:47

Side 16

Derfor sa dei at ho var sjuk. Solveig sa det, Solveig som ordna opp i alt. Rydda opp etter festen, fjerna flasker og tømte oskebeger. Det var som ein motor som starta opp og aldri ville stoppe. Linn hjelpte til så godt ho kunne, fordi Solveig hadde kommandoen. Linn hadde kjent seg kvalm og ønskte at ho likevel ikkje hadde gått på festen. At det ikkje hadde vore nokon fest. At ho hadde vore heime og sett på eit eller anna fjernsynsprogram saman med Solveig og ete noko godt. Ho var kvalm nå også. Kjende trong til å spy. Aller helst ville ho berre sova. Mobilen gav lyd frå seg. Drar innom Hanna nå. Møtest som avtalt utanfor kinoen, ok? Glad i deg, snuppa. Frå Solveig. Mange timar utan Solveig. Ein lang grå dag. Med alle desse forvirrande tankane som ikkje ville sleppe taket. Banking på døra. Den myndige stemma til mora: – Frukost for alle om ein halv time. Linn hadde ikkje lyst på frukost. Ikkje lyst til å snakke med foreldra. Men ho slapp ikkje unna, så godt kjende ho mor si. – Var det ein fin fest? Mora verka smørblid. Linn hadde ikkje snakka med mora da ho kom heim, berre faren sat oppe og venta til ho var vel i hus. – Heilt ok. Masse folk. Linn klarte ikkje å fortelja det ho burde seia. Dei ville få greie på det. Men ho kunne nesten høyre alle spørsmåla som kom til å bombe henne. Det fekk heller vente. – Det er fint at du kan omgåst Hanna att, sa mora. 16


Det som er sant ferdig.qxd:På flukt

24-06-13

13:47

Side 17

– Av og til må ein leggje ting bak seg. Og nå har du jo Solveig. Ja, ho hadde Solveig. Men ho var ikkje venner med Hanna, om det var det dei trudde. Ho mistenkte Hanna for å ha ein baktanke med å be henne på festen. Så var dei plagsame tankane der att. Hanna, Sander, Hanna. – Nå må du få i deg mat, sa faren og plasserte brødkorga på asjetten hennar. – Har ikkje matlyst så tidleg, sa Linn. Og dermed fekk ho det mistenksame blikket til mora på seg. – Du prøver deg ikkje med noko slanketull att, vel? – Eg seier jo berre at det er for tidleg, eg har nettopp stått opp. Linn kjende irritasjonen murre. – Skal du ta av eit par kilo, så får du heller begynne på trening att, sa faren. – Eg har ikkje slutta. Eg speler jo handball, innvende Linn. – Dessutan treng du ikkje ta av eit par kilo, sa mora og såg strengt på faren. Linn såg på klokka. Ho skulle møte Solveig utanfor kinoen kvart på sju. På tide å kle seg om. Dagen hadde gått på eit vis. Plutseleg slo det henne: Tenk om Sander også var der? Kva skulle dei seia til han da? Ho opna skapet og drog ut fleire toppar. Prøvde eit par av dei framfor spegelen, slengde dei frå seg og tok ein tredje. Friske grønfargar i mønster. Oppkvikkande. Stod til det lange, litt raudlege håret. Så var det buksa, den same som kvelden før. Den kjendest enda trongare ut nå, enda ho nesten ikkje hadde ete heile dagen. 17


Det som er sant ferdig.qxd:På flukt

24-06-13

13:47

Side 18

Mens ho sleit med å få på buksa, banka det på døra. Sikkert mora. – Driv og skiftar! ropte ho litt irritert. – Kjem innom før eg går. Døra gjekk opp. Det var Solveig som stod der. – Å hei, sa Linn overraska. – Kjem du innom? Er snart klar. Berre eg får på meg denne fordømte buksa. Solveig lo. – Kvifor kjøper du ikkje klede som passar? sa ho. – Fordi eg ikkje vil vera så tjukk, svarte Linn og lo litt, ho også. Det var ok når det var Solveig som sa det. Dei kunne snakke om alt mogleg. – Du er ikkje tjukk fordi om du er søt som sukker. I alle fall ikkje så tjukk, sa ho og erta. – Ikkje mobb. Linn heldt inne magen. – Om eg berre var så tynn som du. – Eg har ikkje alltid vore så tynn, eg heller. – Så du har slanka deg? Linn hadde fått att glidelåsen på buksa og snudde og vende seg mens ho studerte spegelbildet. – Veit du forresten noko om filmen vi skal sjå? Solveig sette seg ned på sengekanten og begynte å fikle med kantane på eit teppe. – Du … det var i grunnen derfor eg kom innom, sa ho nølande. – Hanna har det ganske jævlig. – Ikkje rart, viss det med Sander er sant, sa Linn, utan å forstå kva det hadde med filmen å gjera. – Klart det er sant, sa Solveig i ein skarp tone og såg opp på Linn. – Den toppen din er dritkul, Linn. Du kler den så godt. Kan eg prøve? Stemma var mildare nå. Linn tok av seg den fargerike toppen og gav til Sol18


Det som er sant ferdig.qxd:På flukt

24-06-13

13:47

Side 19

veig. Nå var det venninna som kledde av og på seg framfor spegelen. – Du kan ikkje stole på Hanna, sa Linn. Solveig snudde seg mot henne. – Det var stygt sagt, Linn. Linn greip ein av toppane ho hadde vraka, og drog den over hovudet. – Eg lovde i går at eg skulle fortelja deg det som skjedde i niande. Det Hanna gjorde mot meg. – Akkurat nå vil eg ikkje høyre på slarv om henne, viss du forstår, sa Solveig. – Nå må vi hjelpe henne. Uansett kva som har skjedd før. – Sander er ikkje slik, sa Linn og seig ned på sengekanten. – Han har aldri oppført seg slik mot meg. – Kjære, søte Linn. Solveig sette seg ved sida av og tok handa hennar. – Det er aldri lett å vita korleis folk eigentleg er. Folk treng ikkje vera snille fordi om dei verkar slik. Sander er sikkert vand til å få det han vil ha. Og sjølv om han har vore saman med deg litt, så såg du jo sjølv korleis han oppførte seg mot deg i går. Klinte med Hanna mens du stod der. Ikkje sant? – Men Hanna var full, prøvde Linn seg. – Du meiner ikkje at det er ei unnskyldning? – Naturlegvis ikkje. Kva sa ho i dag? – Det hadde vore ekkelt med undersøkingane. Og ubehageleg å forklare seg for politiet. Eg prøvde å trøyste henne og seia at det var riktig å melde frå. – Du er snill mot alle, du, sa Linn og såg på klokka. – Men må vi ikkje gå nå om vi skal rekke kinoen? – Du … dette er litt kinkig, sa Solveig og drog på det. 19


Det som er sant ferdig.qxd:På flukt

24-06-13

13:47

Side 20

– Eg lovde å koma innom Hanna att. Og tenkte at du også ville vera med. Eller blir du veldig lei deg om vi droppar filmen? – Kan vi ikkje berre gå på kino saman, alle tre, da? – Hanna orkar ikkje gå ut blant folk. Det forstår eg godt. Blir du med? Solveig greip ytterjakka si. Linn bestemte seg brått. – Eigentleg blir eg veldig lei meg, sa ho. – Eg hadde gledd meg til vi skulle gå på kino saman. Kanskje høyrest det barnsleg ut. Men som du har forstått, Hanna og eg er ikkje akkurat gode venner. Og det har ein god grunn. Som du ikkje vil høyre om. – Klart eg vil, sa Solveig nølande, med eine handa på dørklinka. – Men eg må gå, og blir du ikkje med, så går eg åleine. Hanna treng gode venner nå, det verkar ikkje som ho har så mange. Vi får snakke om det andre seinare. Sorry, Linn. Så var ho borte. Det har skjedd noko nytt og gledeleg. 15. august. Første skoledag i tiande. Det nye heiter Solveig. Ho kom som ein engel frå himmelen. Men ho kjem berre frå ein annan plass. Tenk at familien bestemte seg for å flytte akkurat hit. Slik at ho kom i klassen min, og vi vart kjende. Ho er pen. Tynn. Mørkt kort hår, som er klipt på ein måte slik at det dekkjer litt av ansiktet. Bronsebrunt i tuppane og i ei stripe langs eine sida. Straks første friminuttet kom, gjekk eg bort for å snakke med henne. Linn som aldri har vore så modig. Med henne er det som om eg har fått ein ny sjanse. Vi har bestemt oss for å bli bestevenninner. Linn las gjennom det ho hadde skrive tidlegare. Om 20


Det som er sant ferdig.qxd:På flukt

24-06-13

13:47

Side 21

møtet med Solveig. Ho hadde eit hemmeleg dokument på pc-en, som ingen andre hadde fått lesa. KVEN ER LINN? Når ho streva med noko, var det fint å kunne skrive det ned. Finne ord som forklarte, eller berre stilte spørsmål. Seinare kunne ho gå tilbake og hente fram att bitar av seg sjølv. Eigentleg kunne det kallast ein blogg, berre at den ikkje vart lagd ut på nettet. Det ho skreiv, var for privat til det. Ho skvatt da meldinga tikka inn på telefonen. Du har sikkert høyrt om det forferdelege som blir sagt om meg. Eg er uskuldig, og veit ikkje kva eg skal gjera for å få alle til å forstå, til å tru på meg. Høyr på meg: EG ER USKULDIG.

21


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Det som er sant by Det Norske Samlaget - Issuu