Skip to main content

Det skulle vere sol

Page 1

Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6


Det skulle vere sol ferdig_A 05.02.14 10.07 Side 1

marit kaldhol

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łód´ z roman

Samlaget Oslo 


Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6


Det skulle vere sol ferdig_A 05.02.14 10.07 Side 3

Fuglane er komne heim. På veg til bilen høyrer eg for første gong denne våren at fuglane syng. Eg prøver å få auge på dei oppe mellom greinene på trea. Kor har dei vore? Kva har dei opplevd? Lufta òg er annleis denne morgonen, no kjenner eg det. Enno skarp, men med eit mildare drag. Noko nytt. Vinteren er snart over, Solrun. Den første vinteren etter at vi mista mamma. Kjære Søster Sol, du skulle ha vore her. Eg veit at ikkje alle fuglar kjem tilbake. At ikkje alle er sterke nok til å klare reisa. Eller ikkje har vilje nok. Likevel trur eg at dei lengtar heim. Eg set meg inn, startar motoren. Svingar ut frå tunet, opp bakken til hovudvegen. Eg kjem, eg skal finne deg. Blinkar, køyrer inn på asfalten.


Det skulle vere sol ferdig_A 05.02.14 10.07 Side 4

I fjor haust flaug ein grågåsflokk over taket. Eg opna vindauget i kvistrommet mitt på vidt gap. Lente meg ut. Eg kjente dei på plogformasjonen. Ein stor flokk, fleire enn tretti individ. Fuglane forflyttar seg når kulda kjem. Dei skrik medan dei flyg. Olvar var ute på tunet, sto der og lytta med ansiktet vendt oppover. Han løfta ei hand til panna, som om han skugga for sola for å sjå fuglane. Som om auga hans kunne sjå. Men han såg ikkje. Det var lyden han snudde seg etter. Skrika. Så gjekk han inn att til seg sjølv. Inn bak den raudmåla døra.


Det skulle vere sol ferdig_A 05.02.14 10.07 Side 5

Ein gong då eg var lita, viste Olvar meg korleis starane samla seg på seinsommaren. Vi sat på trappa, han peika dit eg skulle styre blikket mitt. Fuglane svinga seg hit og dit utan at flokken løyste seg opp. Store mørke flekkar i lufta over oss. Dei landa ute på Raudeberget. Sat der og kvilte vengene ei stund. Og letta igjen. – Korfor reiser dei? Olvar si store hand kvilte på steinen. – Dei har det i seg. Dei lengtar etter varme. – Kjem dei aldri tilbake? – Jo, til våren.


Det skulle vere sol ferdig_A 05.02.14 10.07 Side 6

Du sprang på stiane mellom husa. Klatra opp på den store steinen. Føtene dine var raske. Eg følgte etter deg. Vi var barn. Vaks opp mellom dei to våningshusa og uthuset. Tunet i midten. Bjørka. Stiane våre. Stemmene våre. Leiken. Det var alltid slik. Oss fire. Eitt år flytta mamma og vi to over i gamlehuset. Bytte med Olvar så han skulle få det meir praktisk då synet svikta. Ingen trapper, ingen dørstokkar. Alt skulle bli enkelt. I fjor blei vi tre. Mamma skulle berre gå gjennom ei svingdør. Ho døydde på veg gjennom ei dør. Når du er heime, er vi ein familie på tre. Minna bur her saman med oss.


Det skulle vere sol ferdig_A 05.02.14 10.07 Side 7

Svingdøra snurrar rundt aksen sin. Ein konstruksjon av glas og metall. Eit menneske er på veg ut av det store bygget. Glasflatene sender lyset sine skarpe knivar mot meg. Presise kast. Kroppen min er blinken. Eit punkt på halsen der huda er tynnast. Pusten min. Svingdøra blir ikkje borte. Ei kort stund forsvinn ho i mørket. Så ut og kaste knivar. Igjen og igjen. Eg blir ikkje kvitt henne, kjem ikkje unna. Berre mørket gir pausar, gir gløymsla si korte kvile. Du er ikkje her, Sol. Er ikkje saman med meg. Legg ikkje armen omkring meg og trøystar, slik du gjorde då vi var små. Du skulle vore her, skulle sagt: Ikkje ver redd. Skulle sagt: Vi skal klare det saman, Jenny, du og eg. Det går ikkje over. Svingdøra kjem ut frå mørket, for kvar runde fossar minna fram. Ei bølge. Ho bygger seg opp, dunkar imot meg, veltar meg over ende. Skrubbar småstein mot hud. Mørbankar meg. Knivane stikk i meg. Heile dette siste året. Rått kjøt. Svingdøra svingar. Men nokre minne er varme strå over augelokka. Gule av sommar. Takk for tynne strå.


Det skulle vere sol ferdig_A 05.02.14 10.07 Side 8

Sommarregnet var varmt då vi var barn. Lange, varme dagar, tungt regn, tunge dropar. Føtene sokk djupt i gul, vasshaldig mose. Vi sprang berrføtte mellom furustammene, regnet rann nedover ru bork. Det våte håret ditt slong hit og dit. – Gjer slik. Du sto tett inntil eit tre, strekte ut tunga, slikka. Eg stilte meg på andre sida av det same treet. Armane våre nådde kvarandre. Eg gjorde som du sa. Gapa, drog tunga mot grov bork, fekk regnvatn og rusk i munnen. Du stakk ansiktet fram og såg på meg. Eg slikka. Så lo du, kasta hovudet attover og lo. Du fekk meg òg til å le. Spytte ut rusk. Ei kråke letta frå ei grein over oss. Eg fanga ansiktet ditt, heldt det mellom hendene mine, ville halde deg heilt nær. Det blå i auga dine. Då kyssa du meg. På det eine kinnet, det andre kinnet og på munnen. Eg hugsar smaken av bork og sommarregn og leppene dine.


Det skulle vere sol ferdig_A 05.02.14 10.07 Side 9

Det skulle vere sol, vi skulle springe omkring i skogen. Kaste tørt lauv opp i lufta. Det skulle knitre og kvervle ned over oss. Det som skjedde med mamma, skulle ikkje stanse oss. Du og eg skulle halde fram. Lyset skulle vere skrå linjer mellom trea. Som då du var tenåring og visste alt eg ville vite. Då òg regna det heile dagar i strekk. Veker i strekk. Denne gardina av regn framfor ansiktet. Du dansa i regnet, eg følgte deg. Ville vere nær deg, gjere som deg. Vere som deg, Storesøster Sol. Snart skulle eg òg bli tenåring. Du tok meg inntil deg, klemte meg. Slik skulle vi ha det. Alltid. Håret ditt lukta våt skog. Djupgrøn lyng. Greinene i bakgrunnen strekte seg i alle retningar. Heksefingrar. Du tok handa mi, så sprang vi heim og la oss under den varme dyna. Munnen din rørte seg, som om du snakka med deg sjølv utan lyd. Auga dine såg forbi meg, inn i eit land eg ikkje kjente. Som om du såg noko eg ikkje forsto. Eit mørke som ville ta deg frå meg. Stele deg sakte, bit for bit. Du sov i rykk og napp, berre få minutt i gongen. Ei fluge kom inn i rommet. Eg låg og passa på at ho ikkje flaug inn i den halvopne munnen din.


Det skulle vere sol ferdig_A 05.02.14 10.07 Side 10

Du kom så stilt inn i rommet mitt. Det hekla sengeteppet omkring deg. Nattkjole. Nakne føter. Du kom til meg etter at mamma døydde. Kor lenge hadde du vore her? Du sette deg i fotenden av senga, varma føtene mot leggane mine. Eit slags smil, peikefingeren over munnen: – Shhh. Det var ei lys natt. Likevel hadde du tent stearinlyset på kommoden. Sett på ein cd, lange, låge tonar. Du sat og vogga, heldt sengeteppet saman med begge hender framfor brystet. Lenge slik. Så steig du ut på golvet, begynte å danse. Armane utstrekte, svinga deg langsamt omkring. Mønsteret i sengeteppet utspilt. Bak teppet var du, konturane av deg. Søte Søster mi. Fine, søte Søster Sol, kven dansa du for? Du vinka meg til deg, vinka i dansen. Eg tok imot handa di, saman dansa vi, svinga rundt, sveipte kvarandre i luftig heklemønster. Langsamt stilt mjukt, dansa slik tonane glei inn og ut og gjennom kroppane våre, gjennom augeholer munnar nasar øyre. Ikkje tankar, berre tonar. Vi fanga kvarandre, sleppte kvarandre. Dansa heilt til musikken var slutt. – Kom. Eg gjorde plass for deg i senga. – Nei, kviskra du. Redde auge. – Nei, ikkje sove.




Det skulle vere sol ferdig_A 05.02.14 10.07 Side 11

– Kom, vi plukkar steinar på badeplassen. Eg hugsar korleis du stakk armen ned i vatnet, leita på botnen etter steinane med det finaste fargespelet. La dei til tørk i sola. Du ville lære meg å flyte. Eg la bakhovudet i handa di og lest som eg låg i ei seng. Du sa eg måtte stole på deg. Sleppe taket i botnen, la beina henge fritt. Opne munnen, puste, kvile. Stole på at vatnet ville bere meg. Stoffet i badedraktene var skinande syntetisk. Eg i rosa, du i oransje. Vatnet var godt oppvarma inne på grunna. Vi leika lenge. Siv, steinar, sand, vatn. Du passa på meg. Dei vaksne var oppe ved husa, berre femti–seksti meter opp i skråninga. Vi kunne høyre viss dei ropte. Du hadde alt lært å symje, var nettopp begynt på symjetrening i hallen. Du skulle bli noregsmeister. Trene trene trene.




Det skulle vere sol ferdig_A 05.02.14 10.07 Side 12

Den gongen du sumde rett utover. Korfor gjorde du det? Du sumde lenger enn nokon gong før, langt forbi marebakkane. Snudde ikkje. Hovudet ditt utydeleg i bølgeskvulpet. – Solrun. Du sumde på, lenger og lenger ut. Plutseleg klarte ikkje auga mine å finne deg. Plutseleg visste eg ikkje om du var der. Visste ikkje om storesøstera mi heldt på å drukne. Plutseleg såg eg at eg var aleine på stranda. Berre steinar rundt meg på alle kantar. Ein mørkare let av algar i dei rett framfor føtene mine. Eg tok eit steg fram, ut i sjøen. Kjente vatnet omkring anklane. Eit steg til, som om eg kunne følge etter deg. Eg greip ein stein, kasta han av all kraft utover. Steinen sokk, eg såg han ikkje igjen. – Kom tilbake! Skriket mitt utover vassflata.




Det skulle vere sol ferdig_A 05.02.14 10.07 Side 13

Olvar hjelpte oss å bygge hytte mellom greinene i tuntreet. Alt var din idé, hytta, stigen, alt, medan Olvar fann dei praktiske løysingane. – Jentene mine skal ikkje dette ned. Det plirande blikket hans på oss. Han slo dei lengste spikrane inn i treet. Men han nekta å sage av dei store greinene, dei fekk sprike ut gjennom hòl i tak og veggar. Dessutan ville du ha ei vid opning oppover mot vegen, med oversikt over kven som kom eller fór. Det blei eit ope byggverk. Ope for vind og lys frå fleire vinklar. Den første tida var vi der ofte. Klatra opp, sette oss på golvet med ryggen mot kvar vår vegg. Av og til las vi, men oftast sat vi berre og såg ut på himmelen og greinene på utsida. Sat og lytta. – Vi skulle hatt ein gitar her. Fingrane dine drog i usynlege strengar.




Det skulle vere sol ferdig_A 05.02.14 10.07 Side 14

Det finst ingen gitarar i huset lenger. Pappa tok dei med seg då han reiste. Eg var for lita til å hugse noko av det. Ikkje pappa, ikkje gitarane. Det var du som hugsa. – Fortel meg om pappa. Du fortalde meg om gitarane på veggen i stova. Gitarar bak sofaen og på soverommet. Bildet av deg i albumet, ein beibi med gitar i fanget. Pappa kom frå Polen med gitarane og det svarte bamseskjegget. Mamma var ung og lyshåra. Dei gifta seg. Han fekk spelejobbar i mørke klubblokale. Alltid på veg til neste jobb, neste by. Mamma blei lei. Pappa slutta å kome heim. Polen var heime for han. Łód ´ z . Eg var så vidt fylt tre då han lempa alle gitarane inn i varebilen. Pappa er eit fotografi.




Det skulle vere sol ferdig_A 05.02.14 10.07 Side 15

– Eg treng ikkje så mykje, sa Olvar. Det seier han støtt når eg kjem innom. Frå i fjor haust blei det mi oppgåve å handle for han. Vi skreiv ei liste. Det blei ikkje meir enn at eg kunne få plass til alt i ryggsekken. – Då tar eg sykkelen. Olvar nikka. Ute på trappa snakka vi om gåseflokken. Han meinte det var tidleg å sjå gåseflokkar i august. At det har med tidleg jaktstart å gjere. – Det året du blei født, akkurat den dagen i september, flaug den første flokken sørover. Bestemor di og eg sto på tunet og heldt om kvarandre. Vi var jublande glade for å ha fått enda eit barnebarn. – Kunne du sjå meg? – Ja, eg såg deg. Han famla litt, la ei hand på skuldra mi. Fast. – Dei sa du likna på meg.




Det skulle vere sol ferdig_A 05.02.14 10.07 Side 16

Vêret veksla fort. Ein strålande morgon er ikkje garanti for noko som helst. Alt då eg sykla på heimveg, var himmelen blitt grå. Det bles opp. Eg fekk motvind, og tenkte på gjæsene. Når fekk dei kvile? Plogformasjonen hjelper dei til å minske luftmotstanden, dei byter på å ligge i luftrommet bak kvarandre. Organiserer seg for å overleve. Samarbeider, som syklistar i eit landevegsritt. Dei hadde ei lang ferd framfor seg, dei trong å sove. Kor sov dei? Flaug dei om natta òg? Vinden reiv med seg to plaststolar og braut ei grein av petuniaen. Umodne plommer fall i graset. Dei tunge hagestolane av tre fekk stå. Eg tenkte på deg, om det bles der du var. Om du fann ly. Brått stilna det. Vinden la seg, ikkje eit pust meir. Berre stålblå, klar luft. Kjøligare. Eg tok med meg soveposen ut på helleplassen, stakk beina i han. Lente hovudet mot husveggen. Blei sittande slik til det mørkna. Til eg ikkje lenger skjelna havflata frå lufta omkring.




Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Det skulle vere sol by Det Norske Samlaget - Issuu