

DET MØRKE FASTLAND 1980
Ein ballade i fire delar
det norske samlaget oslo 2026
Lost children seek their fathers and fathers seek their lost children, but nobody really looks like anybody else. So all, fixed on the wrong faces, pass each other by.
gail marcus
Eg kjenner meg fri, Henry, men noko i meg seier
eg ikkje kjem til å trivast i dette landskapet.
Folk seier:
Du er faen ikkje riktig klok, Max.
Veit dei dustemiklane
kva dei snakkar om?
Veit dei dåsemiklane
kva dei bablar om?
Dei skjønar ikkje tyttebæret, Henry.
Det er den splitter nakne sanninga.
Gamlingen er daud som ei sursteik, ikkje sant?
Du såg han jo sjølv nede på likhuset, daud som ei harsk sursteik
gått ut på dato. Ansiktet vridd som ein vaskeklut. Det kunne ikkje vera noko anna enn eit massivt slag av episke dimensjonar, kunne det vel?
Då eg tok på panna hans, sa eg, ja, kva faen sa eg, Henry? & kva kjende eg med handflata
& fingertuppane mine?
Du var jo der då eg tok han på panna.
Kva sa eg?
Du såg jo & høyrde alt:
Han er jo kald, jo.
Det var det eg sa.
Det var orda eg brukte.
Eg veit det høyrest heilt patetisk ut, men det er sant.
Eg kjende på panna hans, & han var like kald som isterningen eg har i whiskyen min her, like kald som isterningen eg har i den jævla whiskyen min.
Ja, gamlingen er daud, & kva så?
Eg kjenner meg fri, & kva så?
Er det noko gale
å seia det høgt & tydeleg sånn at alle forstår, at eg er fri som ei rotte, at eg er fri som ein slange, at eg er fri som ei ape, at eg er fri som ein hare, at eg er fri som ein jævla gris?
Nei, ikkje etter mi futuristiske kokebok.
Eg likar å koka i saman brygget mitt sjølv,
& har eg lyst til å spytta oppi brygget mitt
medan eg rører rundt, så gjer eg det.
Er det eit paradis som har opna seg no når eg er heilt utan ein far, & byr det farlause livet på uendeleg av moglegheiter?
Eller er det eit helvete på jord som utkrystalliserer seg & deformerer livet mitt rett framfor auga mine?
Eg veit ikkje.
Eg har faen ikkje peiling, Henry. Eg har ikkje levd lenge nok utan gamlingen til å dra ein bastant konklusjon.
Kanskje er det ingen av delane?
Kven faen veit?
Om eg kjem til å komma i ei emosjonell krise om eit år eller to, om ein månad eller to, om ei veke eller to, om ein time eller to, veit eg ikkje, & bryr eg meg?
Hæ?
Korkje du eller eg var førebudde på kva som venta oss nede på visningsrommet
på likhuset, var me vel?
Me er unge & naive
& faen ikkje tørre bak øyra & under ballane eingong. Ingen av oss
hadde sett eit lik før. Du kom opp til meg med ein bunke med singlar du nett hadde fått frå England: Final Solution av Pere Ubu, Paralysis av Robert Rental & t.v.o.d. av Normal, stemmer ikkje det?
& Nag Nag Nag av Cabaret Voltaire, om eg ikkje hugsar feil, & så sa eg til deg at gamlingen var daud, & spurde om du ville vera med ned på likhuset & sjå på skrotten hans, fordi det berre var på nett denne dagen at familien hans, altså bror min & eg & mor vår, hadde dette vindauget, dette ståande tilbodet, & at om me ikkje takka ja der & då, ville kistelokket for visning
bli smelt igjen
& vera lukka for godt. For ingen der nede på likhuset orkar eller gidd å trilla inn
& ut på eit lik i eit bankande køyr for stadig nye visningar, løfta opp kistelokket & smella det igjen med same raseri
& forakt som mor vår smeller igjen lokket på fryseboksen nede i kjellaren kvar gong ho oppdagar at eg eller bror min har vore & forsynt oss grovt av godsakene der nede, gjer dei vel?
& eg skjønar dei kjempegodt. Så me måtte berre gripa denne unike sjansen, med begge hender, før det var for seint, ikkje sant?
Korfor fortel eg deg dette, Henry?
Du har jo sett det same som eg & høyrt på denne billege & banale skillingsvisa eit titals gonger allereie. Er det fordi denne
ur-scena
no er blitt ein del av min personlege folklore & at kjensla av isolasjon er total?
Hæ?
Du var jo sjølv nede på likhuset, ikkje sant, & såg absolutt alt du heller ikkje skulle sett med dine eigne auge. Er det fordi eg har hang til det farseaktige eg snakkar på denne monomane måten om denne skilsettande hendinga, eller er det kort & godt fordi eg er pisseredd for dødens herskartrong til å herska & herja med meg? Eg veit ikkje, & eg drit i det.
Eg kjenner eg begynner å bli like pærefull, Henry – & heilt på jordet –som gamlingen var i glansdagane sine. Men kva faen så?
Altså, har eg eit problem, eller er eg heilt på trynet?
Ingen av delane, Henry. Eg har berre ambisjonar
om å fortelja den heile & fulle sanninga om far min & familien min, frå a til å, utan å legga til eller trekka frå ein tøddel. & eg vil at du skal vera backupen & kronvitnet mitt om knollen min kollapsar & alt går i gløymeboka. Å ja, stiller eg øyra mine inn på den rette frekvensen, høyrer eg den fryktelege gjenklangen av fråværet hans.
Men kanskje tar eg feil når eg seier dette. Kanskje har eg rett når eg seier eg ikkje saknar gamlingen på ein flekk.
Eg kan gjerne visa fram mine gode sider til folk om det absolutt er det dei vil sjå & høyra, men eg er ikkje ein stor nok hyklar til å skjula mine dårlege sider & raseriet mitt for det.
Skjønar du kva eg snakkar om, Henry? Sjølvsagt gjer du det.
Du er jo like einsam & på trynet sjølv.
Du er min aller beste & mest trufaste venn & klagemur, & er det nokon som veit alt om meg dei ikkje burde veta, så er det deg. Du veit eigentleg meir om meg enn eg skulle ønska du visste. Du kjenner meg ut & inn & veit at eg alltid forfølgjer mine maniar. For kva er alternativet?
Ja, kva faen er alternativet, Henry?
Jo, å fotfølgja andre sine maniar, noko som alltid fører ein fullstendig på villspor, ikkje sant?
Dei som har noko på hjartet, gjentar seg sjølve. Nokre til galskap. Til gjengjeld gjentar dei ikkje andre, ikkje sant?
Eg har ingen bodskap til verda, & eg er ikkje klok nok til å leia, likevel er eg klok nok til faen ikkje å la meg leia & bli ein del av saueflokken.
Sjå på bror min, Henry, den herlege apekatten,
hadde han tid & lyst & vilje
til å bli med oss ned på likhuset for å seia farvel & goodbye
til far sin ein aller siste gong, eller hadde han
viktigare ting å ta seg til, som å klø seg på ballane eller runka eller spytta seg sjølv i trynet?
Ein treng ikkje å vera rumpeforskar eller hjernekirurg for å komma fram til det rette svaret.
Ingenting stikk særleg djupt i den karen.
Om det er hans tragedie eller farse eller komedie at han er skrudd saman på nett den måten, får andre svara på.
Eg held kjeft, sjølv om eg veit svaret.
Han promenerer gjennom livet som om han er smurd inn med teflon. Absolutt alt glir av han.
Ingenting bit på eller festar seg.
Er det slik det bør vera, eller er det heilt feil?
Kjem det av gena våre eller biotopen me har vakse opp i, eller ingen av delane?
Her kan folk & fe vera rasande ueinige.
Sanninga er, med tre strekar under svaret, at bror min faen ikkje orka
eller gadd å sjå sin eigen far ligga i si eiga kiste
på lit de parade.
Han orka det berre ikkje.
Å ja, det var ein regnfull dag.
Å ja, det var ein grumsete dag.
Å ja, det var ein kjedeleg dag.
Å ja, det var ein annleis dag.
Å ja, det var ein grufull dag.
Me knytte skoa
& tok på oss ytterkleda & gjekk ut & slo opp paraplyane & rusla nedover mot likhuset, ikkje sant, Henry? Eg hadde fått tid til likvisning klokka to.
Du fortalde entusiastisk om dei nye singlane
du nett hadde fått frå England, & at mor di hadde klikka fullstendig på det du spelte.
Eg veit kor jævla høgt du spelar, Henry, & veit korleis musikken dundrar & borar gjennom veggane frå rommet ditt morgon & middag & kveld.
Musikken din kan aldri
vera høg & mørk & brutal nok, kan han vel?
Å ja, eg kjenner mor di & likar henne, & eg trur ho likar meg. Eg likar det peroksidbleikte håret hennar som ser heilt vasstett ut, & eg likar at ho er eit tenkande & følande vesen, dei finaste eigenskapane eit menneske kan ha.
Å seia at ho som fødde meg , er eit slikt vesen, er å driva med grov historieforfalsking & overdriva noko kolossalt. Mor mi er svært søt & sexy, å ja, herregud, berre så synd at ho er totalt hjernedaud.
Mor di hadde vore på sjukehuset, stemmer ikkje det, & blitt skoren opp med skalpell i buken på det mest brutale viset, & så blitt tråkla saman igjen på like brutalt vis av ein rabiat kirurg, om eg ikkje hugsar feil. At ho var i rekonvalesens
& frynsete på nervane var òg sant, ikkje sant?
Var det då så jævla rart at ho fekk eit
lite nervesamanbrot & hamna på psyk på brød & vatn & fiskebollar i kvit saus, heilt utan næringsinnhald? Hæ?
Om ein skal henga bjølla på grisen, var det vel musikken din som utløyste nedsmeltinga & fekk nervebegeret hennar til å renna over, men det var jo ikkje hovudårsaka til den mentale prolapsen, var det vel?
Klart det gjer noko med kroppen & nervane til eit menneske å bli utsett for ei sånn brutal sjukehusbehandling. & klart at når folk som er vande med å høyra på Jim Reeves & Slim Whitman, får Paralysis av Robert Rental fossande inn i øyregangane & rett inn i ein oversensitiv kropp, – ja, rett inn i skallen & nervane som ein syl –& sjølve har vore paralyserte
& har sett med eigne auge skalpellen skjera igjennom buken sin på kryss & tvers, klart det då kan bli altfor mykje av det gode & mindre gode & forferdelege for nokon kvar, same kor høvisk & heltemodig ein er, må ein heilt ufrivillig høyra på favorittmusikken din. Det er noko sjølv dei som ikkje er i stand til å tenka, kan forstå.
At du tok til vitet & samla saman dei nye singlane dine & kom opp til meg –sjølv om det jo var altfor seint med omsyn til å redda mor di frå eit mentalt havari –viser at du ikkje berre har halm mellom øyra, Henry, men at du har noko som er heilt framandt & fråverande i min familie, noko som blir kalla empati. Piss i det.
Då me gjekk opp på rommet mitt & sette på Nag Nag Nag, var det noko som klikka & fall på plass i meg, Henry, sjølv om eg jo som du veit er mest hekta på Cramps & Iggy & Ramones.
For var det faen ikkje nett det absolutt alt handla om her oppe på Dollarhaugen etter at far min strauk på dør & strauk med & stilla etter den daude hadde lagt seg som eit kistelokk over vår familie?
Visst faen var det vel det. Det var nag nag nag frå morgon til kveld frå ho som var igjen. Ingenting var for lågt & ingenting var for dumt til å sleppa ut mellom tennene på den nykrona enka.
Mor mi har diverre aldri orka å tenka. Det er feilen & tragedien hennar. & kor kjem den absurde ideen om å ligga i ei korg framfor peisen som ein kvalp frå?
Å vera eit lite & nusseleg kosedyr?
Hallo i postluka, du må faen bli vaksen, mor. Sjå på fødselsattesten din!
Ja, leiestjerna & fangevaktaren & konemishandlaren din er daud.
Han som heldt i hundebandet ditt & gav deg mat & drikke & bank, finst ikkje meir, mor. Det må du forstå & gjera noko med.
Er det sønene dine som skal vera dei nye hundepassarane dine no, mor?
Er det dei som skal komma med doggfriskt vatn til vasskåla di & legga godsaker i matskåla di morgon & middag & kveld?
Nei, det er det faen ikkje. Men høyrde ho på det eg sa, Henry? Nei.
Gnålet & gnaginga om alt & ingenting blir berre verre & verre & verre.
Gamla har vore enke i litt over tre månader alt, men kva faen skjer?
Ikkje ein skit.
Vil ho finna seg ein ny herre & meister?
Det drit eg i.
Ho har null respekt for seg sjølv, så kor kan vegen då gå vidare?
Å ja, gamlingen var ein heimespikka psykopat & kone& barnemishandlar & tørrlagd alkoholikar.
Ein kan seia mykje stygt & mykje fint om ein sånn original som til dei gradar gjekk sine eigne snar& omvegar.
Men måten mor mi knaskar piller på etter at gamlingen fall frå, kva skal ein seia om det?
At ho ikkje orkar å tenka, er ein slags blindskap.
Kva skal ein elles kalla det?
Hæ?
Ein annan merkeleg blindskap ho har, er at ho seier ho alltid er åleine.
Men stemmer det?
Anten er jo eg & bror min der, eller så sit ho
& kaklar på walkietalkien med kjende & ukjende.
Eller så sit ho & glor seg til daude framfor tv-en.
Ho går faen nesten aldri ut & subbar rundt i tøflar & morgonkåpe frå morgon til kveld medan ho knaskar tablettar, som om det var drops.
Ho har ingen venner & sit framfor tv-en frå barne-tv tar til, til hallohallodamene seier nattinatti, & snakkar om tv-kjendisar som om dei var hennar aller, aller beste venner.
Skjønar du?
Hallo!
Ho tvangsfôrar seg sjølv med drit & lort, & vil alltid ha meir drit & lort.
Ho ber på sine kne om det, Henry. Det er det som er den store komiske tragedien.
Men du har ingen venner, mor, ser du ikkje det alle kan sjå?
Du er heilt ute å køyra.
Kva med litt ømheit, mor, overfor sønene dine
som nett har mista ein far? Som ein ropar i tåkepilleskogen, får ein svar.
Kor langt ut i si eiga pille& tv-tåke går det an å gå utan å gå seg vill, Henry? Gamla vil faen aldri skjøna ein song som t.v.o.d . Men kjem tv-en til å gi henne ein overdose slik at ho stryk med?
Her trur eg diverre
Normal tar feil når han syng om tv-overdose.
Eg trur det må sterkare lut til for at det skal skje, at mor mi drar til dei evige jaktmarkene, & at det er tv-en si skuld at ho drar dit.
For å vera like ærleg & brutal som ein svovelpredikant så håpar eg at ho ein smellvakker & knallblå dag tømmer alle tablettane sine ned i halsholet sitt
på ein gong, både for hennar skuld & for omgivnadene si skuld, altså meg & bror min si skuld.
Eg seier dette heilt utan ironi, Henry, & heilt utan å vera ein menneskeforaktar. For då ville både ho & me som blir igjen, det vil seia meg & den jævla bror min – som ikkje kan tilgi eller utstå kvarandre, sjølv om me aldri har vore uvenner –få vår velfortente fred.
No høyrest eg ultrakynisk, ja, nesten nihilistisk ut, vil mange kunnskapslause forståsegpåarar hevda, ikkje sant?
Men folk med eit litt meir avansert kjensleapparat enn gjennomsnittet veit at om ein er kjenslevar nok, må òg den iskalde kjensla & den iskalde tanken vera med, elles blir alt berre tull & tøys & pølsevev & klissen sentimentalitet, ikkje sant?
Sentimentalitet er absolutt
det verste eg veit & har faen ingenting med det å vera kjenslevar å gjera.
Ikkje ein drit.
Å vera sentimental er jo berre å vera ein oppblåst & skada & redd narsissist som har forelska seg i sine eigne tårer & si eiga navlelo, ikkje sant?
Men no kjenner eg at eg er i ferd med å snakka meg heilt ut på hardangerspråkvidda & driv med reint ordkløyveri & rein klakørverksemd, Henry, & at det er promillen i meg & ikkje eg som snakkar lenger. Det er ein last eg diverre har arva frå gamlingen.
Eg er fullstendig klar over at det ofte kan bli altfor mykje av det gode & sanne
når eg opnar kjeften & er i gassen, sjølv for dei beste & mest tolmodige av mine venner. Tanken på å drikka åleine, som skremde meg sånn før, skremmer meg ikkje lenger.
Det er kanskje difor eg drikk på denne rabiate
& einsame måten?
Kven veit & kven faen bryr seg?
Snakkar eg, Henry, snakkar eg med meg sjølv & ikkje med mine medmenneske.
Det same gjorde gamlingen, når eg tenker meg om.
Han var eigentleg ein døv diktator, sjølv om høyrselen hans var framifrå.
Men stopp en hal, kor faen var eg?
Jo, djupt inne i medisinskapet til mor mi.
Om du hadde sett det medisinskapet
– & det har du jo, når eg tenker eg meg ørlite om, du har jo sjølv vore med & plyndra det
når me skulle på fest –så liknar det eit middels dårleg norsk apotek.
Hadde ho svelgt unna berre ein brøkdel av dei pillene ho har i medisinskapet sitt i ein eingong, ville det vore
ein dose stor nok til å slå ut ein elefant, ikkje sant?
Eg hadde altså fått audiens til å sjå på liket av gamlingen presis klokka to. Eg & du rusla nedover mot sjukehuset utan å veta kva me gjekk til, & utan å tenka på kva me gjekk til.
Det var der, i skråninga nedover mot sjukehuset, vennene våre budde, ikkje sant?
Det var på sørsida av Vålandstårnet, det var på sørsida av Dollarhaugen, me hadde vårt territorium.
Me budde ikkje på nordsida av tårnet & såg ikkje nedover mot Stavanger sentrum. Nei, me vende ræva til sentrum & Eiganes & Kannik, der dei fisefine budde.
Me budde i Dollarskråninga, & i Bekkefaret & på Auklend & på Saksamarka & på Solsletta.
Me hadde sola midt i trynet heile jævla dagen, & me låg i ly for nordavinden.
& me gav faen
– fordi me ikkje kunne eller
ville tilpassa oss –& heldt på med våre eigne greier, ikkje sant?
La dei fisefine for guds skuld få lov til å bu i skuggeland & på skuggesida, & å hakka tenner i nordavinden, & la dei
få lov til å babla i veg & gå med nasen i sky & fortelja skrønene sine & halda på med dei gamle sirkustriksa sine, & tru at dei framleis er køyrekarane som sit & held i taumane, slik dei alltid har gjort det. Men stemmer det? Hæ?
Du skjønar kva eg meiner, Henry, ikkje sant?
At det er dei på den andre sida, at det er dei på feil side av Dollarhaugen som har køyrt seg sjølve i grøfta. Me kan godt leva med at dei hatar oss.
Me toler ein støyt. Me er vande til
å få dassbøtter med drit slengde i trynet. Me toler det.
Korfor?
Fordi me no i denne unike augneblinken i historia er på den rette sida av den nye flodbølgja, ikkje sant?
Ta ein titt på skattelistene. Sjå kven som klarer seg best i den nye verda, & kven som følgjer best med i timen.
Om nokon overlever ei kastrering utan bedøving? Tydelegvis.
Men veit dei kastrerte spissborgarane at dei er kastrerte? Tydelegvis ikkje. For desse edle evnukkane, desse evige barna med flotte songstemmer som kjem av at dei har blitt kastrerte før puberteten for å unngå å komma i stemmeskiftet & bli vaksne, veit det ikkje. Desse gullgutane med falma gullbukser blir aldri skalla, gjer dei vel?
Sjølv inn i seniliteten har dei digre løvemankar.
Kjem det av mangel på tankekraft, eller har det med mangel på kjønnshormon å gjera?
Eller kjem det av noko heilt anna?
Her er det ingen lærde som stridest. For det me forstår, veit me jo allereie, Henry, ikkje sant?
Men det me ikkje forstår … Kva er det desse evnukkane ikkje forstår?
Jo, at tidene har endra seg, & at livet ikkje lenger er ein lang & lykkeleg draum.
Hallo, indrefiletmiddagskvilen er over, & det finst ikkje ekstraomgangar i dette livet. Er du faen ikkje på ballen & langt framme i verneskoen med ståltupp i det kampen blir blåst i gang, vil måla fosserenna inn bak deg. Men skjønar desse krye & glattbarberte & parfymedynka dyra, som faen ikkje følgjer med, det?
Tidene har endra seg.
Kva tid skal desse folka bli vaksne & vaska utstyret sitt sjølve & ikkje la mødrene sine gjera det for dei? Hæ?