Skip to main content

Det lyser i stille grender

Page 1

Det lyser i stille grender 2011.qxd:A

30-09-11

11:45

Side 3

ÂŤDet lyser i stille grenderÂť Syng jula inn

Samlaget Oslo


Det lyser i stille grender 2011.qxd:A

30-09-11

© 2000 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Laila Mjøs / Blæst Design Trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway ISBN 978-82-521-7968-2 2. utgåva 2011

11:45

Side 4


Det lyser i stille grender 2011.qxd:A

30-09-11

INNHALD

Forord

7

JULESONGAR Det hev ei rosa sprunge 11 Det lyser i stille grender 12 Du grøne, glitrande tre 13 Eg er så glad kvar julekveld 14 Eg synger julekvad 16 Eit barn er født i Betlehem 18 Fager er den himmel blå 20 Fager er jordi 22 Glade jul, heilage jul 23 Her kjem me, dine arme små 24 Julekveldsvise 26 Kling no, klokka 28 No koma Guds englar 30 Sæle julekveld 33 Å, jul med di gleda 34 JULESANGER Deilig er den himmel blå 37 Deilig er jorden 39 Det kimer nå til julefest 40 Du grønne, glitrende tre 42 Et barn er født i Betlehem 43 Fra fjord og fjære 45 Glade jul, hellige jul 47 Her kommer dine arme små 48 Jeg er så glad hver julekveld 50 Jeg synger julekvad 52 Kimer, I klokker 54 Nu vandrer fra hver en verdens krok 55 O, jul med din glede 56 På låven sitter nissen 57 Så går vi rundt om en enebærbusk 58 Alfabetisk register

60

11:45

Side 5


Det lyser i stille grender 2011.qxd:A

30-09-11

11:45

Side 7

FORORD

Med tanke på alle oss som gjerne vil kunne syngje meir enn halvtanna vers når vi går rundt juletreet, har vi her samla 30 julesongar og -salmar. Fleire av dei står trykte i begge målformer. Vi har tillate oss å vere inkonsekvente i rettskriving, form- og ordval og oftare valt dei meir arkaiske enn dei moderniserte versjonane. Terje Aarset skal ha takk for nyttige råd og viktige opplysningar om tekst og melodi. Oslo, juli 2000/oktober 2011 Sverre Tusvik


Det lyser i stille grender 2011.qxd:A

JULESONGAR

30-09-11

11:45

Side 9


Det lyser i stille grender 2011.qxd:A

30-09-11

11:45

Side 11

11

DET HEV EI ROSA SPRUNGE Tekst: Tysk 1587; v. 3 Friedrich Layriz 1844 Til nynorsk ved Peter Hognestad 1919, 1921 Melodi: 1400-talet; Köln 1599 / hjå Michael Praetorius 1609

Det hev ei rosa sprunge ut av ei rot so grann. Som fedrane hev sunge: Av Jesse rot ho rann, og var ein blome blid midt i den kalde vinter ved mørke midnattstid. Om denne rosa eine er sagt Jesajas ord. Maria møy, den reine, bar rosa til vår jord. Og Herrens miskunnsmakt det store under gjorde som var i spådom sagt. Guds rosa ljuvleg angar og skin i jordlivs natt. Når hennar ljos oss fangar, ho vert vår beste skatt. Me syng i englelag: No er det født ein Frelsar, og natti vart til dag.


Det lyser i stille grender 2011.qxd:A

30-09-11

12

DET LYSER I STILLE GRENDER

Tekst: Jakob Sande 1931 Melodi: Lars Søraas d.y. 1948

Det lyser i stille grender av tindrande ljos i kveld, og tusunde barnehender mot himmelen ljosa held. Og glade med song dei helsar sin broder i himmelhall, som kom og vart heimsens Frelsar som barn i ein vesal stall. Der låg han med høy til pute og gret på si ringe seng, men englane song der ute på Betlehems aude eng. Der song dei for fyrste gongen ved natt over Davids by den evige himmelsongen, som alltid er ung og ny.

11:45

Side 12


Det lyser i stille grender 2011.qxd:A

30-09-11

11:45

Side 13

13

DU GRØNE, GLITRANDE TRE Tekst: Johan J. Krohn 1866 Til nynorsk ved Bernt Th. Anker 1906 Melodi: Christopher Ernst Frederik Weyse 1842

Du grøne, glitrande tre, god dag! Velkomen, du som vi ser så gjerne, med julelys og med norske flagg og høgt i toppen den gylne stjerne! Ja, ho må blenkja så vi må tenkja, ja, ho må blenkja så vi må tenkja på Jesus Krist, på Jesus Krist. Den fyrste jul i eit framandt land den store stjerna på himlen lyste. Ho skulle syna for alle mann den ringe heim som vår Frelsar hyste. I stjerneglansen gjekk engledansen, i stjerneglansen gjekk engledansen om Betlehem, om Betlehem. Om Jesus-barnet fortalde mor om kvelden heime, når vi var inne. Vi veit hans bod og hans milde ord, og aldri dei skal gå oss or minne. På han vi tenkjer når stjerna blenkjer, på han vi tenkjer når stjerna blenkjer på juletre, på juletre.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Det lyser i stille grender by Det Norske Samlaget - Issuu