Skip to main content

Det gode vi ikkje gjer

Page 1

Det gode vi ikkje gjer 1 korr_A 24.11.16 15:15 Side 35

4 Ho sit og ser Samuel rygge bilen ut av garasjen. Ei taggete kjensle truar med å sprengje seg ut av henne og eksplodere i eit skrik mot kjøkenveggane, ligg i magen som ein angstbitersk hund, har lege der i dagevis, fastlenka, gøyande etter å koma laus, ho veit ikkje om ho klarer å halde den tilbake stort lenger, prøver å ignorere den, prøver verkeleg å tenkje på noko anna, ho skit nå vel i Paul Lund, men det er ikkje så lett, han er like borti hogget her, han har vinka til henne, smilt, hengt opp gardiner, stole skogen hennar, det hender seg han syklar forbi her, frekk og freidig, som om ingen ting har hendt. Raseri. Raudt og stuttpusta raseri som høgg henne sund. Ho byrjar rydde, tek fram vaskeutstyret, fyller vatn i bøtta og går laus på bord, benkar, golv og glasruter med skummande såpevatn, klut og pusseskinn. Ein veldig energi følgjer henne gjennom romma i huset, ho vaskar overalt, bortsett frå Jennys rom, det skal ho ta sidan, ho har ikkje vore inne på det rommet på mange veker, men snart skal ho, ho skal pusse det opp, gjera det i stand til Jenny blir frisk og kjem heim, det skal bli så fint, tenk om Jenny kunne bli glad att. Ho skal nok bli glad, tenkjer Selma, eg skal gjera alt som står i mi makt for å få henne glad, nyoppussa rom og sydentur, noko å sjå fram 35


Det gode vi ikkje gjer 1 korr_A 24.11.16 15:15 Side 36

til, men så er det den helvetes Paul Lund, om det ikkje var for han, hadde alt vore mykje lettare, han fyller tankane hennar med nærværet sitt, ho skurar og snerrar, kommanderer seg sjølv, gløym han, gløym han, ting er som dei er, og det er det ingen ting å gjera med. Heile formiddagen driv ho på. Da ho er ferdig, set ho seg og ser seg rundt. Alt er reint og ryddig. Alle ting på rett plass. Pent og pynteleg. Det luktar så godt. Tilfreds stryk ho handa over den reine, nystrokne bordduken, ser på klokka på veggen, den er litt over tolv, ho må koma seg av stad, først til klinikken, så til frisøren. Vanlege ting. Gode ting. Ho fyller ein liten kakeboks med kokosmakronar, smiler litt for seg sjølv av bildet som med eitt dirrar på netthinna hennar; Jenny som stappar i seg kaker. Ho går ut i garasjen og startar opp bilen. Den raude Minien kjøpte ho for to år sidan, for den vesle arven etter mor si. Motoren harkar da ho ryggar ut. Ho lar den gå på tomgang medan ho dreg ned carporten og gjer den sedvanlege snuen bort til utgangsdøra for å forsikre seg om at den er låst. Tek opp nøkkelknippet frå lomma, låser seg inn i huset att. Går frå rom til rom. Sjekkar at panelomnane ikkje er tildekte, at omnsplatene er avslegne, at telefonladarane ikkje står i stikkontaktane. Ristar godt i klinka da ho har låst utgangsdøra på nytt. Ho køyrer ut porten og til venstre i den rette gata. Det er ei lang gate med like store, flate bustadtomter på begge sider. Husa er bygde i same periode, liknar kvarandre, berre fargane er ulike. Gata endar i ei rundkøyring. Tre vegar går vidare. Den eine til sentrum, den andre til gardane lenger inne i dalen. Selma tek den tredje, som går til klinikken. 36


Det gode vi ikkje gjer 1 korr_A 24.11.16 15:15 Side 37

Sola skin. Åkrane ligg vårgrå og snøflekkete langs elva som renn blank og snart isfri nede i dalbotnen. Ho trommar med fingrane mot rattet, nynnar til melodien som kjem ut av bilradioen. Det går i eit bedageleg tempo. Selma nyt det fine vêret og landskapet. Boksen med kokosmakronar ligg i baksetet. Ho set seg godt til rette i setet, prøver å slappe av og nyte dagen. Ein bil blinkar for å køyre forbi. Ho bremsar ned. Minien slingrar litt idet den andre bilen passerer. Ho rettar den opp, kjenner hjula få feste att. Det tutar iltert bak henne. Selma kvepp, kikar i spegelen. Eit stort, svart uhyre med støytfangar i blank krom er like innpå henne. Skremd trakkar ho bremsen heilt inn. Minien bråstoppar med eit rykk som yter henne framover mot rattet. Motoren kvelest. Den passerande bilen svingar unna med kvinande hjul, ho kjenner lufttrykket av den idet den fer forbi. Ein augneblink er ho redd den skal køyre utfor vegen og ned i grøfta. Den balanserer hårfint på asfaltkanten før sjåføren får den på rett kjøl att. Selma tek seg til brystet. Det var nære på. Ho sit ei stund og samlar seg før ho grip rundt tenningsnøkkelen. Kikar i spegelen, snur seg og kastar eit blikk mot baksetet, om kakeboksen er på plass. Da ho snur seg framover att, kjem den svarte bilen attende. Selma held avventande i tenningsnøkkelen utan å vri den rundt. Bilen stoppar ved sida av henne. Så tåpeleg, korleis skal annan trafikk koma forbi, rekk Selma å tenkje før ein middelaldrande mann kjem ut bildøra. Ho vurderer å starte opp og berre rase av stad, men blir sitjande. Mannen kakkar på bilvindauga hennar. Ho sveivar ned ruta, ser stumt på han. Han bøyer seg ned, ansiktet fyller heile opninga. 37


Det gode vi ikkje gjer 1 korr_A 24.11.16 15:15 Side 38

– Tenkte eg det ikkje, seier han. – Kvinnfolk bak rattet og blekkboks til bil. Han har raudleitt, skjeggete ansikt, det luktar snus av pusten hans. – Slike som du skulle ikkje ha lov til å farte på vegen, seier han. – Du kan prise deg lykkeleg over at eg klarte å svinge unna. – Du heldt ikkje avstand, seier Selma. – Og du køyrde for fort. – Tullprat. – Og du burde ikkje tuta, seier ho. – Ein må vel tute, når folk vinglar både hit og dit! Det skulle ikkje vore … Han teier plutseleg, ser vurderande på henne. – Eg veit kven du er, seier han. – Kva er det du vil? seier ho. – Det er du som er gift med Samuel Olsen, seier han og rettar seg opp. Han ser ned på henne. Ho vil sveive opp ruta, men handa hans er i vegen. – Flytt deg, eg har det travelt, seier ho. Han flytter seg ikkje, smiler litt. – Folk seier du ikkje er heilt god, seier han. – Og nå fekk eg jaggu syn for segn. Leppene til Selma strammar seg. Ho ser stivt ut gjennom frontruta. Ein traktor kjem mot dei. – Du må nok flytta deg, anten du vil eller ikkje, seier ho med stemma ru og djup av undertrykt sinne. Ho nikkar mot den grøne, digre doningen eit stykke borti vegen. Mannen snur seg mot lyden av traktoren. 38


Det gode vi ikkje gjer 1 korr_A 24.11.16 15:15 Side 39

– Jævla dritsekk, seier Selma og skundar seg å sveive opp ruta. Ho vrir om tenningsnøkkelen, letnaden søkk i henne da bilen startar på første forsøk, mannen hoppar unna da ho køyrer framover, han hyttar med neven etter henne, traktoren har stoppa bak den svarte bilen. – Eg kjem til å melde deg! ropar mannen etter Selma. – Faens kjerring! – Å, hald kjeft, freser Selma og girar om. Eit glødande sinne bølgjar gjennom henne medan ho køyrer vidare. Og ei kjensle av skam. Over det han sa om henne, men òg over sin eigen oppførsel. At ho ikkje klarte å styre seg. Ho skulle teke det overlegent og fornuftig, gjort han liten gjennom å vera roleg. Ho skjønar ikkje kva som gjekk av henne. Vanlegvis er ho verdas mest tolmodige menneske. Overser glatt slike smålege utbrot. Bit heller i seg ting, glattar over, skiftar regn og sol som best ho kan. Vil heller unngå folk enn risikere å hamne i krangel og uvenskap. Og så mykje var det nå ikkje å bli opphissa over, iretteset ho seg sjølv medan ho køyrer siste strekket mot klinikken. Berre heilt ordinært skitsnakk frå ein mann som ser ned på kvinner. Stygg var han òg. Og lukta vondt. Ho er så var for lukter. Ein svak kvalme ulmar i magen. Ho sveivar ned ruta att, dreg inn frisk luft. Like etter svingar ho inn på parkeringsplassen. Finn ei ledig luke mellom to stasjonsvogner. Slår av motoren, men blir sitjande. Pustar djupt inn. Hjartet går altfor fort, handflatene er klamme og munnen tørr. Hendene skjelv litt da ho tek fram lommespegelen og legg på leppestift. Ho studerer ansiktet sitt. I det skarpe solljoset er sinnarynkene ved munnen godt synlege. Ho smiler dei bort med pene, jamne tenner. Håret 39


Det gode vi ikkje gjer 1 korr_A 24.11.16 15:15 Side 40

er blankt og krøllete, men altfor langt. Ho gler seg til å koma til frisøren, å bli stelt med. Lunkent vatn gjennom håret, hender som stryk og masserer. Vedunderleg, utan krav. Ho tek kakeboksen frå baksetet, låser bilen og går sakte opp alleen. Kjenner seg rolegare, men samstundes sliten inn til mergen. Ho ringjer på. Ingen kjem og opnar. Ho ser seg rundt. Ein mann kjem rundt hjørnet og opp trappa til henne, helsar, grip etter nøkkelkortet han har i ei snor rundt halsen. – Eg ringde på, men det kom ingen, seier Selma. Han ser på klokka på veggen over døra. – Det er utanom visittid, seier han. – Har du avtale med nokon? – Eg skal til Jenny Salinger, seier ho. – Men har du avtale? Pasientane er som oftast opptekne på denne tida. – Avtale? Det har da aldri vore aktuelt før. Eg er mor hennar. Og Jenny plar ikkje vera oppteken. Eg skal berre levere noko. Ho løftar så vidt på kakeboksen ho har i handa. Pleiaren ser skeptisk på den medan han dreg nøkkelkortet gjennom den firkanta låseinnretninga ved sida av døra. – Eg kan ta den med, seier han og dyttar inn døra da det knepp i låsen. – Nei. Eg vil levere den sjølv, seier ho og smett inn i gangen. – Jenny er nok ikkje på rommet sitt, seier han mot ryggen hennar. – Og dessutan … – Jau, det er ho nok. 40


Det gode vi ikkje gjer 1 korr_A 24.11.16 15:15 Side 41

Ho høyrer pleiaren sukke oppgjeven bak seg da ho går opp trappa til andre høgda. Det er heilt stille i den lange korridoren med pasientrom. Selma går forbi vaktrommet. Ei kvinne sit med ryggen til innanfor glasveggen, elles er det ingen der. Ho går inn på Jennys rom. Blir ståande innanfor døra. Senga er oppreidd, vindauga står ope for lufting, det luktar reint og friskt. Ein liten snev av parfyme heng i lufta. – Jøss, her var det forandring, seier ho. – Jenny? Ho går nokre skritt lenger inn. – Jenny, her er eg. Med kokosmakronar til deg. Baderomsdøra står open. Selma kikar inn. Til og med der er det reint og ryddig. Selma ser på kakeboksen ho har i handa, snur seg mot den opne døra og går ut i gangen, ombestemmer seg, går inn att og set kakene på nattbordet. Blikket sveipar over all ryddigheita, festar seg ved eit lite fotoalbum som stikk ut frå hylla i nattbordet. Nølande tek ho det opp, byrjar å bla. Kvart bilde ligg i ei plastlomme. Alle er frå Jennys oppvekst. Jenny med trehjulssykkel, med ny skulesekk, første skuledag, saman med veninner på badeland, Jenny og Selma på Oslo-tur. Det siste er av Jenny i ei bukse som dei eigentleg ikkje hadde råd til, men som ho vart så hoppande glad for å få. Selma smiler medan ho studerer det. Buksa har rosa hjarte på baklommene, slik ei jentebukse skulle ha. Alle bilda er frå før Samuels tid. Da Jenny og ho var aleine. Med eitt hugsar Selma: Det er albumet ho sjølv laga til Jenny ein gong, til ein bursdag. Så ho skulle ha eit minne om da ho var lita. Ho stryk over det glatte omslaget. Ho legg albumet tilbake i hylla. Kjenner ei mild, varm 41


Det gode vi ikkje gjer 1 korr_A 24.11.16 15:15 Side 42

glede over at Jenny har teke vare på det. At det tyder så mykje for henne at ho har det med seg hit. At ho kanskje har hatt det med seg alle stader ho har vore. Ja, det må ho jo ha hatt. Med eitt går døra opp. Selma snur seg, skal til å seia noko, men det er ikkje Jenny som kjem. Det er ein eldre sjukepleiar. – Fru Salinger, seier pleiaren. – Kan eg hjelpe deg? Selma har aldri sett kvinna før. Eit blaff av ubehag søkk i henne. Pleiaren ser på armbandsuret sitt. På namneskiltet står det Marit. – Kvar er Jenny? seier Selma. – Det er ikkje visittid nå. Eg må nok be deg gå. – Eg skulle berre levere noko, seier Selma og peikar mot kakeboksen. Marit legg armane i kross under den fyldige barmen. – Pasientane har aktivitetar på denne tida, seier ho. – Jenny plar vera på rommet sitt, seier Selma og kjenner sinnet hogge til. – Og eg kjem nå vel på besøk kva tid eg vil. Eg er mor hennar. Ho går uvillig mot døra. Marit har gått ut i gangen og held døra open for henne. – Eg veit det kan verke strengt, det der med faste visittider, seier ho. – Men omsynet til pasientane kjem først, dei har behandlingsprogram dei skal gjennom, ikkje sant. Og treng rammer og rutinar, dei fleste av dei. Utanom visittida må du nesten avtale med oss på førehand, slik vi har informert om. – Den informasjonen har ikkje eg fått. – Vi sende ein mail til alle pårørande for nokre dagar sidan, det var pasientane sjølve som bad om det. 42


Det gode vi ikkje gjer 1 korr_A 24.11.16 15:15 Side 43

– Eg har ikkje sett nokon mail. Selma raudnar litt idet ho seier det, for det er ikkje sant. Fort snur ho seg frå pleiaren og byrjar å gå bortover korridoren, – Vel, slik er det, i alle fall, seier Marit. – Ikkje ta det ille opp, fru Salinger. – Eg er mor hennar, seier Selma utan å snu seg. – Eg må nå vel få koma på besøk. – Sjølvsagt kan du koma på besøk. Men avtal på førehand om du vil koma utanom visittida, det var berre det. Røysta bak ryggen til Selma er stinn av autoritet. Ikkje uvenleg, men den innbyr ikkje til diskusjon. Selma går vidare utan å svara. Ho kjenner blikket til pleiaren mot ryggen heile vegen mot trappa. Enn å snakke slik til henne. Skulle tru personalet ser på dei pårørande som uvedkomande i livet til pasientane. Dei burde eigentleg vera takknemlege for at ho kjem så ofte. Meir enn ein gong har ho varsla dei om ting dei sjølve har oversett. Og dei burde spørja henne til råds. Det er ingen som kjenner Jenny så godt som ho. Nede i første etasjen støyter ho på mannen som sleppte henne inn. – Fekk du levert det du kom med? seier han. Men Selma ensar han ikkje, ho går fort mot døra og ut. Irritasjonen er ein varm flekk i mellomgolvet. Ho dunkar handa mot rattet da ho har sett seg i bilen. Ikkje besøkstid, hermar ho uti lufta. Folka på klinikken overkøyrer henne. Stengjer henne ute, både på den eine og den andre måten. Ho besøkjer nå vel ungen sin kva tid ho vil. Helvetes folk. Uansett kva ho skal gjera, går ting på tverke. Det er ikkje til å halde ut. I det slitne hovudet 43


Det gode vi ikkje gjer 1 korr_A 24.11.16 15:15 Side 44

hennar fer tusen ting att og fram, pendlar mot innsida av kraniet og gjev henne hovudverk. Ho stoppar i ei busslomme og prøver å roe seg ned med ein sigarett. Sit urørleg, innhylla i den blå røyken som fyller kupeen slik at ho må rulle vindauga heilt ned da ho startar opp att. Ho nærmar seg rundkøyringa. Da ho girar, kjem det ein vond, skrapande lyd frå bilen. Ho ser for seg det strenge ansiktet til pleiaren og den sinte snusmannen. Enn å irettesetja henne for å koma på besøk. Eller skjelle henne ut for bilkøyringa. Verda er full av idiotar. Ho veit godt ho ikkje er verdas beste sjåfør, men ho er omsynsfull og forsiktig, køyrer aldri for fort og har ikkje vore borti ulykker på alle dei åra ho har hatt førarkort. Kryss i taket, tenkjer ho i det same, for like før rundkøyringa har ho med eitt ein syklist framfor seg. Ho bremsar, køyrer sakte bak han inn i rundingen. Selma ser på den kraftige ryggen som ligg framover sykkelstyret. Mannsrygg. Den er kledd i kvit og grå islendar. Det småkrøllete håret er bunde saman i nakken med eit lêrband. Han snur seg halvt, som om han lurer på om ho ikkje vil forbi. Det er Paul Lund. Selma flytter foten instinktivt over på bremsepedalen. Ho sakkar på farten, slepper han lenger unna. Han fortset mot sentrum, nett som henne. Det er ingen trafikk imot. Selma aukar farten, køyrer nesten heilt inn i rumpa på han før ho svingar ut. Paul sjanglar litt i luftdraget frå bilen. Ho ser handa hans som tviheld i styret, hjula som slingrar. Eit mjukt dump mot høgresida på Minien. På bilradioen varslar dei at klokka er halv tre. Frisørtimen er klokka tre. Selma girar om.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Det gode vi ikkje gjer by Det Norske Samlaget - Issuu