Den vesle jenta og havet Ferdig.qxp_Layout 1 11.06.2020 09:56 Side 1
Den vesle jenta og havet Ferdig.qxp_Layout 1 11.06.2020 09:56 Side 2
Dagane grå. Dikt.
Den vesle jenta og havet Ferdig.qxp_Layout 1 11.06.2020 09:56 Side 3
Odd Eirik Sætre Færevåg
Den vesle jenta og havet Korte forteljingar frå Røvær –
Samlaget Oslo
Den vesle jenta og havet Ferdig.qxp_Layout 1 11.06.2020 09:56 Side 4
© Det Norske Samlaget www.samlaget.no : Torill Stranger Strandnelliken på framsida er henta frå ein illustrasjon til serien Flora Batava, volum , , av Christiaan Sepp. : Samlaget : Minion ,/ : g Munken Premium Cream : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ----
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Den vesle jenta og havet Ferdig.qxp_Layout 1 11.06.2020 09:56 Side 5
Til mor og far og søstrene mine og til Hallvar, Johanna og Olav
Den vesle jenta og havet Ferdig.qxp_Layout 1 11.06.2020 09:56 Side 6
Samtidig, ein annan stad enn no
Den vesle jenta og havet Ferdig.qxp_Layout 1 11.06.2020 09:56 Side 7
Forteljingane Sommarlandtur Ingen av dei I tåka Rein framtid Heimlandet Barndom (negativ versjon) Lektor Færevågs forteljing om det store eitt eller anna Mercedes av Ragnar Hovland Hufsa og dei Grøne ting Ta vel imot: Strandnelliken! Huset for seg sjølv Moglege titlar Bilane i veggen Epigrafen Vere Feravågjen Ein var ein måke Radio Epigramático Ein ny sommars kalv Johan Flygefisk Brettsegling Du auser robåten i regnet Det er enkelt Sommarlandet
Den vesle jenta og havet Ferdig.qxp_Layout 1 11.06.2020 09:56 Side 8
Jo visst kan Ingvil ake! Om latter og sorg Flanellografen Klara Kuling Jenta og havet Notar
Den vesle jenta og havet Ferdig.qxp_Layout 1 11.06.2020 09:56 Side 9
Sommarlandtur Er far gått ned til brygga? ropar mora frå kjøkenet. Året er . Ho er år. Det er laurdag og gneistrande sol. Den vesle vågen ligg og blenker om kapp med seg sjølv. Eit raudt fyrtårn kan skimtast bak haugane på nordvestsida. Ja! ropar ei jente frå nede i gangen, ho er ti år og eldst av dei fire ungane. Kan nokon springe ned og seie at han må kome opp? ropar mora. Eg kan! ropar ei anna jente og spring ut den opne døra. Ho er nest minst og snart fem år. Ho spring over plattingen ut på grusen, gjennom den opne porten og ned bakken til brygga. Faren sit bak i lyngholmsbåten sin og lensar. Han er år. Pumpa er bygd inn i tofta, han dreg ein bronsefarga hendel opp og ned så vatnet strøymer rytmisk ut frå eit hol i skroget på styrbord side. Lyden frå vatnet som treffer vassflata, minner om trampeklapp. Eit regnbogemønster spreier seg i stadig vidare bogar i vatnet rundt båten. Det luktar sjø og diesel og tjøre. Far! ropar jenta. Faren stoppar opp. Dotter! seier han og smiler mot henne. Mor seier du må kome opp, seier ho. Seier ho det? seier faren. Ja, svarer dottera. Ja, seier faren. Eg får vel kome opp då. Han auser vidare
Den vesle jenta og havet Ferdig.qxp_Layout 1 11.06.2020 09:56 Side 10
til dei høyrer det surkle frå pumpeslangen under dørken. Så løftar han loket av motorkassa, vrir på ein hendel her, sprutar diesel frå ei lita kanne der og sveivar motoren i gang. Godt for motoren å få varme seg opp. Han legg loket på plass igjen og dreg seg inntil brygga etter tampen og går i land. Roleg går han opp mot huset med den litt runde, vesle handa til jenta i si store og grove. Mor treng kanskje hjelp til å bere ned maten og teppa? seier han og ser på dottera. Ja, svarer ho. Og vetlesøster. Ho må jo sove i vogna si. Eg trur ikkje me treng å ta med heile vogna, seier faren. Kanskje ho kan ligge i vognbaggen, berre? Ja, seier jenta. Ho kan ligge i vognbaggen, berre. Oppe i huset driv mora og lagar klar mat og drikke. Ho har kokt kaffi. Ho har helt mjølk til kaffien i eit tomt syltetøyglas med skrulok. Ho har laga salat med skinke- og osteterningar, agurk, mais og ananas og blanda det i ein isboks. Ho har gjort klar oppskore brød og smør, blanda ein dressing og laga brus- og saftblanding. Ho har pakka vaffelkjeks og står no og skjer opp eple i båtar, men utan å ta ut kjernane. Ein pakke tjukke kjøtpølser ligg allereie klar i ryggsekken, så dei har noko å legge på bålet. Det går ein halvtimes tid. Så endeleg er alle om bord i båten, og faren skyv frå kai, koplar propellen i med foten, lener seg fram og gir gass med handa. I baugen heng ein gut over ripa og ser ned i den grønklåre sjøen. Han er åtte år. Knuten på redningsvesten smakar salt. Mora sit på den breie tofta litt framom midten i båten med ho på snart fem på fanget, slik begge to likar det. Minstejenta ligg i vognbaggen på dørken mellom tofta og maskinkassen. Ho er fire veker gammal.
Den vesle jenta og havet Ferdig.qxp_Layout 1 11.06.2020 09:56 Side 11
Eldstejenta sit med eit fotografiapparat i fanget, tett ved sida av mora og søstera. Sola står høgt på den store himmelen over dei. Dei tøffar forbi kaien og butikken og ut kanalen under brua. Dei går så tett på land at lyden frå motoren blir forsterka mellom det kvite feriehuset på den eine sida og bergsida på den andre. Etter kanalen opnar landskapet seg noko, før det igjen smalnar når dei tøffar gjennom Vindkjeft. Faren peikar: Likholmen, seier han. Så er dei ute på Osen. Faren styrer båten langs land. Han peikar mot ei steinhylle i berget: Sirisengjo, seier han. Dei svingar rundt eit nes folk kallar Kåretåne eller Kåretåno. Faren peikar: Kåretånå, seier han. Kort tid etter bøyer han seg fram mot motorkassen og senkar farten. Han styrer båten inn ei trong vik med svarte berg på kvar side. Ei hand på rorkulten og ein fot på koplinga, ei jernstong med ei svart kule i enden. Guten har reist seg opp i baugen. Han ser etter om det er djupt nok, steinar, tang eller tare kan fort ligge for grunt om dei ikkje passar på. Så rundar båten eit nes, og dei glir inn i ei vik dei har visst om heilt sidan dei flytta ut hit til Røvær for sju år sidan. Det er som opnar det seg eit grønt sommarland føre auga på dei. Dei er framme. Dei er ikkje åleine der. Det er som det skal vere. Dei vassar og leitar etter krabbar i fjæra. Faren tenner bål. Dei finn ramslauk til pølsene og pakkar alt i sølvpapir. Dei badar. Den vesle jenta står under eit frottéhandkle medan faren tørkar håret hennar. No er det mat! ropar mora. Dei et i lag. Dei kan så vidt høyre lyden frå krabbane som kravlar i bøtta. Nokon får låne fotografiapparatet og stiller seg opp på ein stein og tek bilde av heile familien. Det vil seie: Minstejenta
Den vesle jenta og havet Ferdig.qxp_Layout 1 11.06.2020 09:56 Side 12
kan ein ikkje sjå der ho ligg i vognbaggen, men ho ligg der i vognbaggen. Det er blomar overalt. I framtida vil det bli fint å sjå på dette sommarbildet frå då ingen mangla. Det er ikkje så lenge til, heller.
Den vesle jenta og havet Ferdig.qxp_Layout 1 11.06.2020 09:56 Side 13
Ingen av dei Ingen av dei som budde på øya, såg henne då det skjedde. Ingen av dei såg korleis ho drog akebrettet ned den bratte bakken ned mot vegen, heller. Eller drog. Akebrettet må vel ha rent inn i hælane på henne, så ho gjekk kanskje ved sida av akebrettet, som gjekk ho med ein litt for ivrig kvalp i band. Ingen av dei såg at ho stoppa ein augneblink før ho var heilt nede ved vegen som gjekk forbi stranda, eller at ho greip styret og la slepesnora oppi og sette seg på akebrettet. Ingen av dei veit korleis ho tenkte, korleis ho må ha berekna vinkelen mellom akeretninga og vegen ho skulle inn på. Ingen av dei veit korleis eller kva tid ho merka at noko blei feil likevel, for styret gjorde ikkje så stort utslag mot venstre som det skulle, det var noko som butta imot, akebrettet gjorde ikkje den skarpe svingen då ho vrei på styret slik ho hadde berekna, men teikna ein mykje slakare boge, slik at ho rende på skrå mot kanten av det låge stupet som enda i den grunne stranda, og ingen av dei såg korleis ho tippa over, om ho heldt fast i styret heile tida, eller om ho instinktivt slo ut med armane i fallet. Ingen av dei veit kor god fart ho hadde mot kanten, heller, om farten blei overraskande stor, slik at ho hadde svært lite tid til å reagere, eller om farten var så låg at det som skjedde, fekk eit draumeaktig preg, og at det var derfor ho ikkje klarte å stoppe i tide, at det var noko uverkeleg med det heile, ho trudde kanskje ikkje heilt på det. Ingen av dei såg at ho rett
Den vesle jenta og havet Ferdig.qxp_Layout 1 11.06.2020 09:56 Side 14
før stupet fekk slengt den høgre foten ut og sett hælen i snøen slik at ho klarte å stoppe, heller. Men det er jo ikkje det same. Korleis ho støtta seg med venstrehanda i snøen for å buksere seg ut av akebrettet utan at det sklei under henne, var det naturlegvis heller ingen av dei som såg. Det knirka i snøen då ho kom seg på beina og greip med votten om plasthandtaket i enden av snora og gjekk vidare, men heller ikkje det var det nokon av dei som såg, sjølvsagt. Så ingen av dei såg at ho gjekk forbi Hufsasteinen opp bakken til brua, eller at ho aka ned bakken på andre sida, eller at ho blei eit barn blant andre barn i ei gruppe som aka i tog ned skulebrekka. Litt seinare, då skuleelevane blei ropt inn etter storefri, var det ingen av dei som såg mor hennar, som var ein av dei og lærar på skulen, gå ut og knyte den litt lause vinterluva og halde hardt og varmt rundt henne ein augneblink. Fyrst då ein gut i niande etter skuletid hadde gått motsett veg opp bakken til brua og ned på andre sida, og fyrst då han var komen forbi Hufsasteinen og til botnen av bakken og fekk auge på noko i vinterstranda, var det nokon av dei som såg henne.
Den vesle jenta og havet Ferdig.qxp_Layout 1 11.06.2020 09:56 Side 15
I tåka «Ja minna svanar burt som bylgjeringar og tida tømer sjølv det honningstaup ho eingong gav» Olav Nygard
Han ville skrive om då morfaren brende akebrettet søster hans køyrde på sjøen med. Han visste det eigentleg var umogleg. Han var nemleg ikkje sikker på at morfaren brende akebrettet søster hans køyrde på sjøen med. Det var det som drog han mot oppgåva. Han var i barndomsheimen og sat ved kjøkenbordet med blyanten i handa. Det var ikkje noko poeng å sjå ut av vindauget, det var gravtjukk tåke der ute. Likevel sat han og såg mot alt han ikkje såg gjennom tåka, men visste var der. Nabohuset nedanfor. Vågen. Fyret. Han visste ikkje korleis han skulle begynne. Det vil seie: Han visste korleis han skulle begynne. Det han ikkje visste, var korleis han skulle halde fram. Morfaren var ute og fiska einkvan staden i den vesle fiskebåten sin. Det var overskya. Eller det var sol. Det kan også hende det regna. Han sat ute og styrte. Så landa det ein måke om bord i båten hans. Akkurat det hadde han ikkje opplevd før. Han sette motoren i fri og såg på måken. Det hang ein ongel i nebbet hans. Måken sat der berre og såg på han. Var det ikkje som måken bad om hjelp? Treng du hjelp? sa han. Har du fått ein ongel i nebbet, du? sa han.
Den vesle jenta og havet Ferdig.qxp_Layout 1 11.06.2020 09:56 Side 16
Du er ikkje redd, ser eg, sa han og trødde gjennom døropninga inn til styrehuset. Han kom ut med ei knipetong i handa, måken sat der framleis og såg på han. Han sette seg på huk og fekk lov til å løfte han opp under venstre arm. Måken like roleg. Han kneip ongelen laus frå nebbet og sette måken ned på dekk att. Sånn, sa han. Det var betre. Dei såg på kvarandre. Så pikka måken han to gonger i handa med nebbet, mest som ein takk for hjelpa, før han bruste litt med vengene og flaksa ut av båten. Morfaren reiste seg og stod litt og såg etter han, før han kopla i motoren og førte båten sin gjennom regnet ut i sola, eller andre vegen, ut av sola og inn i regnet. Dei hadde ein bålplass nedanfor Bestefarshoien, den hadde alltid vore der, ved brønnen, så vidt han visste. Bestefarshoien er det høgaste punktet i hagen, ein graskledd haug med utsyn over mykje av øya. La han blyanten ifrå seg og gjekk opp der no, ville han knapt nok sjå huset nedanfor. Det ville vore som å mangle ord for alt som var utanfor ein radius på ti–tolv meter. Morfaren gjekk fyrst bak huset og henta akebrettet. Så gjekk han til bålplassen nedanfor Bestefarshoien og la det der. Men han måtte ha noko som brann lett, så han kika rundt seg til han såg ein haug med kvistavfall tett ved gjerdet, han bøygde seg og famna om kvisthaugen og løfta den opp med tynne, senesterke armar. Den tida det tok, var det uråd å avgjere kven som bar kven. Han la kvistane midt i den kalde oska. Så gjekk han bak huset igjen, der han fann ei pappøskje med papir som skulle brennast. Dette bar han over singelen, over graset og bort til bålplassen. Han stappa papir inn i kvisthaugen, reiv sund pappøskja og gjorde det same med den. Igjen gjekk han bak huset, denne gongen fann han bensinkanna til grasklipparen, han fekk av loket
Den vesle jenta og havet Ferdig.qxp_Layout 1 11.06.2020 09:56 Side 17
akkurat då han trødde frå grusen til graset att, og då han kom tilbake, skvetta han det meste av innhaldet over kvistar og papir og tende på med ein kvit lighter. Det kom eit varmt blaff, og det heldt fram med å brenne. Han la akebrettet på bålet og rulla seg ein røyk. Han tende røyken med hendene som skjerm mot vinden, sjølv om det var vindstille. Etter ei stund kneip han av gloa og la sneipen i tobakkspakken. Han gjekk inn før bålet var brunne ned. Han såg lenge på tåka utanfor kjøkenvindauget. Var det sånn morfaren hadde gjort det? tenkte han. Heilt sikkert ikkje. Heilt sikkert. Då han vende auga mot skriveblokka igjen, hadde han tåke i blikket. Han la blyanten på bordet. Utanfrå kunne ein ikkje lenger sjå huset der han sat og skreiv. Gjekk ein inn, opp trappa og inn på kjøkenet, kunne ein ikkje sjå han som skreiv heller. Ikkje på grunn av tåka, sjølvsagt, men fordi han stod i biblioteket i øvste halvetasje, i Tåkeheimen, så å seie, det var vindauge rundt heile rommet. Han visste ikkje kva bok han var på jakt etter, men det var noko i det han nett hadde skrive, som hadde fått han til å reise seg og gå opp trappene. Var det eit dikt han leita etter? Kanskje eit av Ingvar Moe, eitkvart frå Løktastolpefrø, kan hende? Eller noko av tidleg Alf Saltveit, den tørre stilen hans kunne kanskje passe til morfar, tenkte han. Noko frå Det finst alltid eit startnummer, til dømes. Eller kanskje heller Gneistar? Han såg plutseleg føre seg gneistane frå akebrettbålet. Dei fór opp i medvitet hans, som om nokon hadde dunka i bålet med noko for å få det til å gneistre på akkurat den måten. Morfaren var år då nazistane tok far hans. Dei budde i Modalen på den tida, på ein av gardane på Nottveit. Far hans dreiv med illegal kommunikasjon frå setra, om lag ein times gonge frå garden. Var det brevduer han hadde?
Den vesle jenta og havet Ferdig.qxp_Layout 1 11.06.2020 09:56 Side 18
Radiosamband, kanskje. Vetlebror hans på blei truga av Gestapo til å vise dei vegen opp til den vesle setra. Viss ikkje skar dei øyret av han, hadde dei sagt. Så blei faren ført til Bergen, der han blei torturert og drepen. Dei trekte ut neglene hans og sparka inn brystkassen på han og dumpa han i fjorden. Han stod framleis med Gneistar i handa, oppdaga han. Morfaren snakka aldri om faren og det som skjedde under krigen, så vidt han kunne hugse. Han hugsa likevel eit avisutklipp om to avlidne lærarar frå Modalen som blei heidra med ei krigsminnestøtte. Avisutklippet hadde bilde av dei to og hang innramma på veggen, rundt hjørnet frå TV-en i stova, der han pla sitte og røyke og sjå på fjernsynet, om det no stod på eller ikkje. Det var jo stort sett der han sat, med korte ekskursjonar ut på kjøkenet for å sette over potetene, eller ned i kjellaren for å hente kaldestadbollar, eller ut i vedskjulet for å hente ved. Han vende likevel alltid tilbake til den brune lenestolen ved TV-en og krystalloskebegeret. TV-en pla stå på frå før barne-TV til siste gjest hadde gått og lagt seg. Ein gong såg han og morfaren heile Robocop i lag, kom han på. Kvifor det? Han sette diktboka tilbake i hylla og stod litt. Den dagkvite tåka utanfor pressa mot rutene. Nei, han fekk gå ned og skrive morfarteksten ferdig. Same kor uklårt og umogleg det var. Han var litt streng, morfaren. Det var ikkje ofte han smilte. Det vil seie: Det var ikkje ofte dei la merke til at han smilte. Ikkje før dei blei nesten vaksne. Det var ironien hans som gjorde det. Så dei var litt redde for han. Bortsett frå jenta som seinare omkom i akeulykka. Ho var ikkje redd for han. Ho var den einaste av søskena som sprang mot han og hoppa opp i fanget hans. Ein gong ramla ei av geitene våre i fjorden, fortalde mor
Den vesle jenta og havet Ferdig.qxp_Layout 1 11.06.2020 09:56 Side 19
faren ein av dei gongene jenta sat på fanget. Geita kava for å kome seg opp, dei er ikkje noko til svømmarar, geitene, og det var bratt berg der ho datt uti, så geiteklauvene fekk ikkje tak. Eg hjelpte geita på land ved å dra henne etter geiteragget. Ho var skikkeleg våt, sa han. Jenta såg på nikotinmerka på hendene hans. Etterpå sette eg meg på huk i graset, heldt han fram. Eg følgde geita med auga for å sjå kva ho fann på. Men det var ikkje så lett, for ho stiltra seg rundt bak meg. Det var mest som skulle ho lure meg og gå til åtak og stange meg. Men eg rørte meg ikkje, lest som ingenting, berre. Morfaren hipsa jenta betre til rette på fanget. Kort etter kjende eg geita dulte meg to gonger i ryggen med hovudet, fortalde han og dulta henne forsiktig i ryggen med knokane. Det var mest som om geita takka meg. Ja, ho takka deg, sa jenta bestemt. Kva gjorde geita etterpå det? spurde ho. Nei, sa morfaren. Etterpå spratt ho vel berre bortover og ville leike, slik geiter ofte vil. Ja, ho ville leike, sa jenta og stilte seg på kne i fanget hans og såg alvorleg på han. Så løfta ho hendene og begynte å rufse i det grå håret hans. Morfaren lukka auga og lét jenta halde på.