Skip to main content

Dei vaksnes løgnaktige liv

Page 1

ANDRE BØKER PÅ SAMLAGET AV ELENA FERRANTE Mi briljante venninne – Napoli-kvartetten. Bok 1. Roman (2015, 2016, 2018). Historia om det nye namnet – Napoli-kvartetten. Bok 2. Roman (2015, 2016). Dei som flyktar og dei som blir – Napoli-kvartetten. Bok 3. Roman (2016, 2017). Historia om det tapte barnet – Napoli-kvartetten. Bok 4. Roman (2016, 2017). Svikne dagar. Roman (2017, 2018, 2019). Den dunkle dottera. Roman (2017, 2018). Natt på stranda. Biletbok illustrert av Mara Cerri (2017). Kvelande kjærleik. Roman (2018, 2019). Frantumaglia. Tankar, brev og intervju (2019). Eit år med Elena Ferrante. Spaltene frå The Guardian i samling (2020). Alle bøkene er omsette frå italiensk av Kristin Sørsdal.


Elena Ferrante

Dei vaksnes løgnaktige liv Roman

Frå italiensk ved Kristin Sørsdal

Samlaget Oslo 2020


Originaltittel: La vita bugiarda degli adulti © by Edizioni E/O 2019 © norsk utgåve: Det Norske Samlaget 2020 www.samlaget.no Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | EXIL DESIGN Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: Minion 11,5/14,5 pkt. Papir: 80 g Munken Print Cream, 1,8 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0246-5

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


i


1 To år før han drog heimanfrå, sa far min til mor mi at eg var veldig stygg. Orda blei uttalte med låg stemme i leilegheita som foreldra mine, straks dei hadde gifta seg, hadde kjøpt oppe i Rione Alto, i toppen av San Giacomo dei Capri. Alt – Napoli, det blå lyset ein kald dag i februar, dei orda – har stått stille. Eg derimot har glidd bort, og held fram med å gli ustøtt også no, inne i desse linjene som ønsker å gi meg ei historie, mens eg faktisk er ingenting, ingenting av mitt, ingenting som verkeleg har begynt, eller som verkeleg har fått ei avslutning – berre ein stor floke som ingen, heller ikkje den som i denne augeblinken sit og skriv, veit om inneheld den rette tråden til ei forteljing, eller berre er ei flokete smerte, utan forsoning.

2 Eg elska far min, han var alltid ein vennleg mann. Han hadde ein raffinert veremåte som stemde heilt overeins med ein kropp som var så sped at alle kleda såg ut som dei var eit nummer for store, noko som i mine auge gav han ein særeigen eleganse. Linjene i ansiktet var mjuke, og ingenting – dei djupe auga med dei lange vippene, 7


nasen som var forma utan det minste lyte, dei fyldige leppene – kunne øydelegge harmonien. Han hadde alltid ein munter tone i lag med meg, same kva humør han eller eg måtte vere i, og han gjekk aldri inn på arbeidsrommet sitt – han jobba alltid – utan å ha stole eit smil frå meg først. Han var særleg begeistra for håret mitt, men det er vanskeleg for meg no å seie akkurat når han begynte å skryte av det, kanskje allereie då eg var to eller tre år. I barndommen min hadde vi utan tvil samtalar av dette slaget: «Så fint hår, så fint laga, for eit skin, vil du gi det til meg?» «Nei, det er mitt.» «Litt gåvmild kan du vel vere.» «Du kan få låne det om du vil.» «Gjerne, men du får det likevel ikkje tilbake.» «Du har jo ditt eige hår.» «Det eg har på hovudet, har eg tatt frå deg.» «Det er ikkje sant, du lyg.» «Du kan gjerne sjekke det. Ditt var altfor fint, eg måtte stele det.» Eg sjekka, men for spøk, eg visste at han ikkje hadde stole håret mitt. Og han fekk meg til å le, eg lo mykje, eg hadde mykje meir moro med han enn med mor mi. Han ville alltid ha noko som var mitt, eit øyre, nasen, haka. Han sa at dei var så perfekte at han ikkje kunne leve utan dei. Eg elska den tonen, det var det evige beviset på at eg var uunnverleg for han. Sjølvsagt var ikkje far min slik med alle. No og då, når det var noko som verkeleg opptok han, var det vanleg at han på ein opphissa måte lét dei mest velforma refleksjonar bli akkompagnerte av ukontrollerte kjens8


ler. Andre gonger kutta han tvert med korte, ekstremt presise setningar som var så ladde at ingen sa han imot lenger. Det var to fedrar som var svært ulike den eg var glad i, og eg begynte å oppdage dei i sju–åtteårsalderen, når eg høyrde han diskutere med venner og kjende som no og då kom heim til oss på eldfulle samlingar der dei tok opp spørsmål som eg ikkje forstod noko av. Som oftast var eg på kjøkkenet i lag med mor mi og brydde meg lite om korleis dei krangla berre nokre få meter bortanfor. Men av og til, når mor mi var opptatt og gjekk inn på rommet sitt, blei eg verande aleine i gangen. Eg leikte eller las, først og fremst las, må eg vel seie, ettersom far min las svært mykje, og mor mi også, og eg elska å vere som dei. Eg tok ikkje notis av diskusjonane, eg slutta først å leike eller lese når det plutseleg blei stille og dei framande stemmene til far min dukka opp. Frå den augeblinken var det han som hadde ordet, og eg venta berre på at møtet skulle vere over så eg kunne finne ut om han igjen var blitt den han vanlegvis var, han med den vennlege og kjærlege tonen. Den kvelden han sa den setninga, hadde han akkurat fått vite at eg ikkje gjorde det så bra på skolen. Det var nytt. Heilt frå første klasse hadde eg alltid vore flink, og det var berre dei siste par månadene eg hadde begynt å gjere det dårleg. Men foreldra mine var veldig opptatt av at eg skulle lykkast på skolen, og særleg mor mi blei svært opprørt då ho fekk høyre om dei dårlege karakterane. «Kva skjer?» «Eg veit ikkje.» «Du må gjere lekser.» «Eg gjer det.» 9


«Kva er det då?» «Nokre ting hugsar eg, andre ikkje.» «Så les til du hugsar alt.» Eg jobba hardt og sleit meg heilt ut, men resultata heldt fram med å vere skuffande. Nettopp denne ettermiddagen hadde mor mi vore og snakka med lærarane og komme heim veldig nedslått. Ho irettesette meg ikkje, foreldra mine irettesette meg aldri. Ho nøgde seg berre med å seie: Matematikklæraren er mest skuffa, men ho sa at om du verkeleg vil, kan du klare det. Så gjekk ho inn på kjøkkenet og begynte å gjere klar middagen, og i mellomtida hadde far min komme heim. Frå rommet mitt høyrde eg berre at ho lista opp klagene til lærarane for far min, og eg skjønte at ho prøvde å unnskylde det med endringane som skjedde i puberteten. Men han avbraut henne. Og det var her den setninga glapp ut av han. I ein tone som han aldri brukte overfor meg, endåtil med ein snev av dialekt, noko som var heilt forbode heime hos oss, sa han: «Puberteten har ingenting med dette å gjere, ho begynner å likne Vittoria.» Hadde han visst at eg kunne høyre han, er eg sikker på at han aldri ville ha formulert seg på den måten, så ulikt den sedvanlege spøkefulle og lette tonen vår. Begge trudde utvilsamt at døra til rommet mitt var lukka, eg stengde ho alltid, og dei var ikkje klar over at ein av dei hadde latt henne stå open. I ein alder av tolv år fekk eg altså vite, gjennom den dempa, forknytte stemma til far min, at eg var i ferd med å bli som søster hans, ei kvinne som var den perfekte kombinasjonen av stygt og vondskapsfullt – det hadde eg høyrt han seie så lenge eg kunne hugse. 10


Her kunne ein innvende: Du overdriv kanskje litt, far din sa ikkje bokstaveleg talt: Giovanna er stygg. Det er sant, det var ikkje vanleg at far min brukte så brutale ord. Men eg var i ein veldig skjør fase av livet. Menstruasjonen hadde eg hatt i nesten eit år, brysta var altfor synlege, og eg skamma meg over dei, eg var redd for at eg lukta, eg vaska meg konstant, eg var slapp når eg la meg for å sove, og slapp når eg vakna. Einaste trøysta mi på den tida, einaste vissa, var at han verdsette absolutt alt ved meg. Og derfor var samanlikninga med tante Vittoria verre enn om han hadde sagt: Giovanna var ein gong pen, no er ho blitt stygg. Heime hos meg var lyden av namnet Vittoria som lyden av eit monstrøst vesen som skitnar til og infiserer alle det rører ved. Eg visste nær sagt ingenting om henne, hadde sett henne nokre svært få gonger, men – og det er poenget – frå dei gongene hugsa eg berre avskyen og redselen. Ikkje avskyen og redselen som ho i kjøt og blod kunne ha gitt meg, av henne mintest eg ingenting. Det som skremde meg, var avskyen og redselen foreldra mine kjende overfor henne. Far min hadde alltid hatt ein dunkel måte å snakke om søstera på, som om ho utførte skammelege ritual som skitna til henne og samtidig skitna til alle som hadde noko med henne å gjere. Mor mi snakka derimot aldri om henne, tvert imot prøvde ho å få han til å teie stille når han hadde utbrota sine, som om ho frykta at søstera, same kvar ho var, kunne høyre kva dei sa, og straks kaste seg oppover San Giacomo dei Capri i store sprang, endå det var ei lang og veldig trong gate, og med hensikt dra med seg alle sjukdommane frå sjukehusa i nabolaget, flyge heilt opp til oss i sjuande etasje, slå sund møblane og smelle til henne mens 11


auga lynte svarte og drukne, om mor mi så mykje som prøvde å protestere. Sjølvsagt oppfatta eg at det måtte ligge ei fortid av påført og mottatt urett bak den ladde stemninga, men på den tida visste eg lite om familiesaker, og framfor alt såg eg ikkje på den grufulle søstera som del av familien. Ho var eit skrømt frå barndommen, ho var ein mager og demonisk skikkelse, ho var ein samanfiltra skugge som ligg på lur i krokane i huset når det blir mørkt. Skulle altså eg heilt utan vidare finne ut at eg var i ferd med å bli som henne? Eg? Eg som fram til då hadde sett på meg sjølv som pen og vore sikker på, takka vere far min, at eg alltid kom til å vere det? Eg som alltid hadde trudd at eg hadde så vakkert hår, fordi han alltid hadde sagt det? Eg som hadde vent meg til å tru at eg var høgt elska, og som no følte at begge foreldra mine med eitt var utilfredse med meg? Eg som hadde det vondt nok frå før, som følte meg eten opp av mi eiga misnøye slik at alt anna blei liggande i ei tåke? Eg forventa at mor mi skulle seie noko, men reaksjonen hennar var inga trøyst. Endå ho mislikte alle slektningane til mannen sin og avskydde svigerinna slik ein avskyr ei firfisle som kryp oppetter beinet, reagerte ho ikkje med å rope: Du er galen, dotter mi og søster di har ingenting til felles. Ho nøgde seg med eit svakt og knapt: Kva snakkar du om, sjølvsagt ikkje. Eg orka ikkje å høyre meir, skunda meg å stenge døra, ikkje eit ord meir. Så gret eg stille og slutta først då far min – no med den vennlege stemma si – sa at middagen var ferdig. Eg sette meg ved bordet med tørre auge, og mens eg såg i tallerkenen, var eg nøydd til å lytte til ei rekke gode 12


råd om korleis eg skulle forbetre prestasjonane mine på skolen. Etterpå gjekk eg tilbake til rommet mitt, der eg lét som eg gjorde lekser, og dei sette seg framfor tv-en. Eg hadde ei smerte innvendig som ikkje ville gå bort, og som heller ikkje blei svakare. Kvifor hadde far min sagt den setninga, kvifor hadde ikkje mor mi tatt kraftig til motmæle? Var det på grunn av misnøya med dei dårlege karakterane mine, eller var dei bekymra over noko som ikkje hadde med skolen å gjere, og som hadde vart over lengre tid? Og hadde han, framfor alt han, sagt dei stygge orda fordi eg hadde gjort noko som han der og då var misnøgd med, eller hadde han med det skarpe blikket sitt, eit blikk som veit og ser alt, lenge sett teikn på noko alvorleg feil ved meg, eit vonde som rykte fram og gjorde han nedtrykt, og som ikkje eingong han visste korleis han skulle oppføre seg overfor? Eg var sjuk av fortviling heile natta. Om morgonen sa eg til meg sjølv at om eg skulle redde meg ut av dette, måtte eg dra sjølv og sjå korleis tante Vittoria verkeleg såg ut.

3 Det viste seg å vere ei vanskeleg oppgåve. I ein by som Napoli, med eit folkeferd av familiar som hadde dei mest tallause forgreiningar, men som trass usemje, også av det blodige slaget, aldri enda opp med verkeleg å brenne alle bruer, hadde far min tvert imot valt å leve i absolutt autonomi, som om han ikkje hadde eit einaste blodsband, som om han hadde fødd seg sjølv. Sjølvsagt hadde eg ofte møtt foreldra til mor mi og bror hennar. 13


Alle var kjærlege menneske som ofte gav meg gåver, og fram til onkelen min flytta og foreldra til mor mi døydde, plutselege forsvinningar som skaka oss veldig og fekk mor mi til å gråte som eit barn, hadde vi ofte vore i lag med dei og hatt det fint saman. Om slekta til far min visste eg nær sagt ingenting. Dei hadde vist seg i livet mitt berre ved sjeldne anledningar – eit bryllaup, ei gravferd – og alltid i ein atmosfære som var så påtatt vennleg at eg ikkje hadde fått meir ut av det enn kjensla av ein kontakt ein var pliktig til å halde: Sei hei til bestefar, gi tante eit kyss. Eg hadde derfor aldri hatt stor interesse for dei slektningane, også fordi foreldra mine etter slike møte var ganske irritable og gjorde sitt beste for å gløyme alt saman, som om dei hadde vore med i ei annanrangs iscenesetting. Det må også seiast at mens foreldra til mor mi budde i eit klart avgrensa område i nærleiken av Museet – dei var besteforeldra frå Museet – låg området til farsslekta i ei gråsone, utan namn. Det einaste eg visste sikkert, var dette: For å komme dit dei budde, måtte ein dra nedover, nedover, stadig lenger nedover, heilt til botnen av botnen av Napoli, og ferda dit var så lang at eg følte det som om vi og slekta til far min budde i to forskjellige byar. Som også på mange måtar var sant. Leilegheita vår låg i den øvste delen av Napoli, og same kvar vi skulle, måtte vi nødvendigvis dra nedover. Far min og mor mi drog meir enn gjerne ned til Vomero, eller dei drog ned til Museet, der besteforeldra mine budde, men det var mykje meir slitsamt. Venner hadde dei framfor alt i Via Suarez, på Piazza degli Artisti, i Via Luca Giordano, i Via Scarlatti, i Via Cimarosa, gater som eg også kjende godt fordi mange av skolekameratane mine budde der. 14


For ikkje å snakke om at alle desse gatene førte til Floridiana, ein park som eg elska. Mor mi hadde tatt meg med dit for å få frisk luft og sol heilt sidan eg var eit spedbarn, og eg hadde vore mykje saman med to av barndomsvenninnene mine der, Angela og Ida. Først etter desse stadnamna som eg assosierte med lykkelege fargar, glitrande brotstykke av hav, parkar, blomstrar, leik og gode manerar, begynte den verkelege nedstiginga, den foreldra mine syntest var slitsam. Dei drog dagleg ned dit, for å gå på jobb, handle, ta del i alt som var relatert til arbeidet til far min, møte, debattar, og dei tok som oftast kabelbanen ned til Via Chiaia, gjekk til Via Toledo og derifrå til Piazza del Plebiscito, til Nasjonalbiblioteket, til Port’Alba og Via Ventaglieri og Via Foria, aldri lenger enn til Piazza Carlo III der skolen til mor mi låg. Også dei stadnamna kjende eg godt – foreldra mine sa dei ofte – men dei tok meg sjeldan med dit, og derfor gav kanskje ikkje dei namna meg same kjensle av lykke. Utanfor Vomero hadde eg lite kjensle av at byen var min, tvert imot var det slik at jo meir han breidde seg ut der nede, jo meir ukjend følte eg at han var. Det var derfor heilt naturleg at dei delane av byen der slekta til far min budde, i mine auge hadde trekk frå verder av usivilisert og uoppdaga land. Ikkje berre mangla desse områda eit namn, men av måten foreldra mine omtalte dei på, fekk eg kjensla av at det også var vanskeleg å komme seg dit. Kvar gong det var nødvendig å dra dit, fekk eg inntrykk av at foreldra mine, som vanlegvis var energiske og positive, fekk noko utmatta og engsteleg over seg. Eg var lita, men nervøsiteten deira, ordvekslinga – alltid den same – er prenta inn i minnet. 15


«Andrea», ville mor mi seie med sliten stemme, «kle deg, vi må dra.» Men han fortsette å lese og å streke under i bøker med den same blyanten som han skreiv med i ei notatbok som han hadde attmed seg. «Andrea, vi blir forseinka, dei kjem til å bli sinte.» «Er du klar?» «Eg er klar.» «Og jentungen?» «Jentungen også.» Då lét far min bøker og notatbøker ligge opne på skrivebordet, tok på seg ei rein skjorte, den fine dressjakka. Men han var taus og nervøs, som om han i tankane gjekk gjennom replikkane til ei rolle han ikkje kunne unngå. Mor mi, som var alt anna enn klar, måtte fleire gonger sjekke korleis ho såg ut, korleis eg såg ut, korleis far min såg ut, nesten som om eit passande klesplagg var den einaste garantien for at vi alle tre ville komme heilskinna heim igjen. Alle gongene vi drog dit, var det kort sagt tydeleg at foreldra mine følte at det var nødvendig å forsvare seg overfor stader og menneske som dei tagde om for meg for ikkje å gjere meg engsteleg. Likevel merka eg den uvanlege nervøsiteten deira, faktisk kjende eg han igjen, han hadde alltid vore der, og var kanskje det einaste urovekkande minnet frå ein elles lykkeleg barndom. Det var nokre ytringar som gjorde meg spesielt uroleg. Slike som blei uttalte på eit italiensk som verka – korleis skal eg seie det – oppsplitta. «Ver så snill, om Vittoria seier noko, så lat som du ikkje høyrer henne.» «Skal eg altså halde munn om ho blir galen?» 16


«Ja, hugs at Giovanna er med.» «Ja vel.» «Ikkje sei ja vel om du ikkje meiner det. Det skal så lite til. Vi blir ein halvtime, så drar vi igjen.» Eg hugsa nesten ingenting av dei besøka. Eit brus av lydar, at det var varmt, tankespreidde kyss på panna, stemmer som snakka dialekt, ei vond lukt som vi alle sannsynlegvis utsondra av redsel. Denne atmosfæren hadde i løpet av åra overtydd meg om at slektningane til far min – høgrøysta og uhøvla skikkelsar som verka fråstøytande, særleg tante Vittoria, den mørkaste og mest uhøvla – utgjorde ein fare, endå det var vanskeleg å forstå kva faren låg i. Var det området dei budde i? Var besteforeldre, onklar, tanter, søskenbarn farlege eller berre tante Vittoria? Dei einaste som kunne vite noko om dette, var foreldra mine, og no, då eg følte at det hasta med å få vite kven tante Vittoria eigentleg var, kva slags menneske ho var, var det dei eg måtte vende meg til for å finne ut av det. Men kva ville eg eigentleg få ut av det? Enten kom dei til å avbryte meg tvert med eit vennleg avslag – vil du sjå tanta di, besøke henne, kva er vitsen med det? – eller bli verkeleg skremde og bestemme seg for aldri å nemne henne meir. Eg tenkte derfor at eg, i alle fall som ei byrjing, kunne leite etter eit fotografi av henne.

17


4 Eg nytta høvet ein ettermiddag då begge var ute. Eg gjekk inn på soverommet deira og leitte gjennom skapet der mor mi oppbevarte, i sirleg orden, albuma som inneheldt fotografia av henne, far min og meg. Eg kunne dei albuma på rams, hadde ofte bladd gjennom dei, stort sett var det foto som dokumenterte forholdet deira og mine nesten tretten år i livet. Eg visste allereie at det, av ein eller annan mystisk grunn, var ei overflod av familiefoto frå morssida, at det var få foto av familien til far min, og framfor alt at det ikkje var nokon av tante Vittoria blant dei få. Men eg hugsa at det ein eller annan stad i skapet skulle finnast ein gammal metallboks der det var oppbevart, litt hulter til bulter, foto av korleis foreldra mine var før dei møtte kvarandre. Ettersom eg knapt hadde sett dei fotografia, eller alltid i lag med mor mi, håpa eg at det skulle ligge eit par foto av tante Vittoria i den boksen. Eg fann han bakarst i skapet, men bestemte meg for først å gå meir bevisst gjennom albuma som viste dei to som kjærastar, dei to som surmulande brur og brudgom i eit bryllaup med få inviterte, dei to som alltid lykkeleg par, og til slutt meg sjølv, dottera deira, fotografert tallause gonger heilt sidan fødselen. Eg festa meg særleg ved bryllaupsfotografia. Far min hadde svart dress som var tydeleg skrukkete, og på kvart einaste bilde var han dyster i ansiktet; mor mi stod attmed han, ikkje i brurekjole, men i ei kremkvit drakt, med eit slør i same fargen på hovudet og det som kanskje var eit kjensleladd uttrykk, i ansiktet. Eg visste allereie at det var ein del venner frå Vomero, som 18


framleis var vennene deira, blant dei om lag tretti inviterte, i tillegg til slektningar frå morssida og dei snille besteforeldra frå Museet. Likevel såg eg over fotografia fleire gonger i håp om å finne ein skikkelse i bakgrunnen som på ein eller annan måte kunne føre meg til ei kvinne som eg ikkje hadde noko minne om. Ingenting. Eg henta ut boksen og klarte etter mange forsøk å opne han. Eg tømte innhaldet ut på senga, alle fotografia var i svart-kvitt. Dei som var frå den åtskilde ungdomstida deira, var ikkje ordna på nokon måte. Mor mi glad, saman med skolekameratar, venninner på same alder, ved havet, på gata, grasiøs og pent kledd, var blanda saman med far min, tankefull, alltid aleine, aldri på ferie, med bukser som bula ut på knea, og jakker med altfor korte ermer. Fotografia frå barndom og tidleg ungdom var derimot sorterte i to konvoluttar, ein med familien til mor mi og ein med familien til far min. Blant desse siste – sa eg til meg sjølv – måtte det heilt sikkert finnast eit av tanta mi, og eg begynte å sjå på fotografia eitt etter eitt. Det var ikkje meir enn eit tjuetal bilde, og det slo meg straks at på tre eller fire av fotografia av far min – på dei andre var han baby, gutunge, saman med foreldra sine eller slektningar eg aldri hadde sett – stod han overraskande nok ved sida av eit svart rektangel teikna med tusj. Det var ikkje vanskeleg å forstå at det veldig nøyaktige rektangelet var det både innbitne og hemmelege verket til far min. Eg såg han for meg mens han stengde ein del av bildet inne i den geometriske figuren med linjalen som han hadde på skrivebordet sitt, og så gav seg til å tusje omhyggeleg over, heile tida på vakt for ikkje å hamne utanfor dei 19


oppmålte strekane. For eit tolmodig arbeid, eg var ikkje i tvil: Rektangla var utstrykingar, og under det svarte var tante Vittoria. Eg var lenge usikker på kva eg skulle gjere. Til slutt bestemte eg meg, fann ein kniv på kjøkkenet og skrapa forsiktig på eit ørlite område av den delen av fotografiet som far min hadde dekt over. Eg skjønte fort at berre det kvite i papiret kom til syne. Eg blei uroleg og stoppa. Eg visste godt at eg gjekk mot viljen til far min, og handlingar som kunne gjere han mindre glad i meg, skremde meg. Eg blei endå meir uroleg då eg bakarst i konvolutten fann det einaste fotografiet der han ikkje lenger var barn eller ungdom, men ein ung mann, og i motsetning til dei fleste av fotografia frå tida før han blei kjend med mor mi, smilte han. Han var i profil, hadde eit muntert blikk og rette, kvite tenner. Men smilet og det muntre blikket var ikkje retta mot nokon. Ved sida av seg hadde han to av desse nøyaktige rektangla, to kister som han på eit seinare tidspunkt, som utan tvil var ulikt det hjartelege på bildet, hadde stengt kroppen til søstera og ein annan inn i. Eg dvelte lenge ved det fotografiet. Far min stod ute på gata, han hadde ei rutete, korterma skjorte, det måtte vere sommar. Bak han var inngangen til ein butikk, på skiltet kunne ein berre lese bokstavane -RI, det var eit utstillingsvindauge, men ein kunne ikkje sjå kva som var utstilt. Ved sida av den svarte flekken kunne ein sjå det tydelege omrisset av ein kritkvit stolpe. Og deretter skuggane, lange skuggar, ein av dei var utvilsamt skuggen til ein kvinnekropp. Far min hadde hardnakka stroke ut menneska som hadde stått i lag med han, men etterlate sporet av dei på fortauet. 20


Eg prøvde igjen å skrape forsiktig i blekket på rektangelet, men slutta så fort eg skjønte at også denne gongen var det berre det kvite som kom til syne. Eg venta ei kort stund, så prøvde eg igjen. Eg gjorde det med så lett trykk som eg kunne, eg høyrde pusten min i det stille rommet. Eg avslutta først då alt det eg klarte å gjette meg til av området der hovudet til Vittoria ein gong måtte ha vore, var ein liten flekk som ein ikkje kunne sjå om var ein rest av tusjen eller litt av leppene hennar.

5 Eg rydda alt på plass og prøvde å undertrykke trusselen om at eg likna søstera som far min hadde stroke ut. Samtidig blei eg stadig meir tankespreidd og skremd av den aukande motviljen min mot skolen. Eg ønskte jo ingenting anna enn å bli flink igjen, slik eg hadde vore fram til nokre månader før, foreldra mine ville blitt glade for det, eg tenkte endåtil at om eg fekk gode karakterar, ville eg igjen bli pen og eit godt menneske. Men eg klarte ikkje å forbetre meg, eg var sløv i timane, heime kasta eg bort tid framfor spegelen. Å spegle seg blei faktisk ein mani. Eg måtte forstå om tanta mi verkeleg viste seg gjennom kroppen min, men ettersom eg ikkje visste korleis ho såg ut, blei det til at eg prøvde å finne henne i kvar einaste detalj som markerte ei endring. Trekk eg inntil nyleg aldri hadde lagt merke til, blei svært tydelege: veldig tjukke augebryn, altfor små auge som hadde ein matt brunfarge, overdrive høg panne, tynt hår – som absolutt ikkje var pent, eller 21


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Dei vaksnes løgnaktige liv by Det Norske Samlaget - Issuu