Andre bøker i Krisetid-serien: Etter folkemordet. Ingjerd Veiden Brakstad Noregs største steinras. Tjelle-skredet 1756. Astor Furseth Dei harde trettiåra. Knut Kjeldstadli Flukta til Finnmark. 1800-talet. Kathrine Nedrejord
Hans Jacob Orning DEI NORSKE BORGARKRIGANE 1130–1240
Samlaget Oslo 2021
© Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no Omslag: Johanne Hjorthol Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: 11/15 pkt. Minion Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0479-7 Forlaget har fått stønad frå Fritt Ord til Krisetid-serien. Forfattaren har fått stønad frå Det faglitterære fond.
Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.
INNHALD Kva er ei krise? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Borgarkrigane – den korte versjonen . . . . . . . . . . .
7 13
DEL 1
Pavens bannstråle . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kvifor Sverre? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Den sjuke lekamen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Uår på folket . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Borgarkrigane som krise . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
23 27 30 36 39
DEL 2 Krise for kven? Gydas nei . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Naturtilstanden . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Folk flest er gode? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Å vere på vakt . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Når krisa blir kvardag . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Den farlege kongen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Å skape ei krise . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kriser som reiskap . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
47 54 59 64 70 78 82 87
Kjelder og litteratur . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Notar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Takk . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
93 99 101
Kva er ei krise? Kriser er noko vi les om dagleg – vi høyrer om finanskriser, koronakrise, klimakrise, personlege kriser. Men kva er eigentleg ei krise? Ei krise kan definerast som «ein vanskeleg situasjon, eit avgjerande vendepunkt eller ei plutseleg forandring» (Store norske leksikon). Men når blir ein situasjon vanskeleg? Når forandrar ein situasjon seg avgjerande? Er dette noko som seier seg sjølv, eller er det noko vi aktivt går inn og definerer? I denne boka skal eg argumentere for at det å kalle noko ei krise ikkje er ei nøytral handling. Å kalle noko ei krise er å tolke verda, å synleggjere nokre aspekt og usynleggjere andre. Dette gjer vi som oftast umedvete, men handlinga er ikkje mindre subjektiv av den grunn. For å vise kor konstruert ei krise er, skal eg i denne boka gå til ei krise som ligg langt attende i tid: dei norske borgarkrigane i mellomalderen. Mellomalderen er namnet på den tusenårige perioden frå Romarrikets fall (ca. 500 evt.) til renessansen og reformasjonen (ca. 1500 evt.). Borgarkrigane varte frå 1130 7
til 1240 og kan plasserast i det vi kallar høgmellomalderen. Ein føremon med å gå så langt bakover i tid er at avstanden tillèt ein å sjå heilskapen tydelegare. Ei så fjern krise kan synleggjere kva mekanismar som er i sving når vi kallar noko ei krise. La oss ta utgangspunkt i korleis borgarkrigane blei skildra i Magnus Lagabøtes landslov frå 1274, nokre tiår etter at borgarkrigane var over: Nu da landsfolket har at yde kongen stor lydskyld, vil det være nødvendig, at folk tar seg i vare for den store vildfarelses taake, som største delen av dette lands folk saa harmelig har været blindet av, saa der ikke i noget andet land findes døme på slikt, idet ymse mænd har været antat og kaldt konger urettelig imot de rette konger og den hellige Olavs love.1
Landslova såg borgarkrigane som ei krisetid, der den naturlege orden var snudd om på: Dei mektige hadde tent under dei låge, og menn hadde kalla seg kongar som ikkje hadde rett til å vere det. Uskuldige menn hadde mista livet eller odelsjorda si. Lovløyse hadde vore utbreidd. Villfaringståka i landslova er eit bilete på det vonde samfunnet som ein måtte unngå å vende attende til, og motstykket til det gode samfunnet leia av Gud gjennom konge og biskop. 8
Grunnlaget for landslova låg kort sagt i ei føregåande krise. Men kva er eigentleg ei krise? For å finne ut noko om dette må vi byrje med å sjå nærare på sjølve ordet, som kjem frå det gammalgreske krinein. For Hippokrates, som blir rekna som grunnleggjaren av den moderne lækjevitskapen, var krise eit omgrep for å diagnostisere ein sjukdom. Omgrepet viste til sjølve sjukdomen, samstundes som det gav ein peikepinn om korleis ein skulle lækje han. Denne blandinga av deskriptiv skildring og normativ vurdering kunne overførast til andre felt. Den greske historikaren Thukydid (ca. 460–400 fvt.) brukte kriseomgrepet for å skildre sjukdom, som pesten i Athen. Men han brukte også omgrepet historisk i analysen av Peloponneskrigane (431–404 fvt.) mellom dei greske bystatane. Fortida kunne inndelast i kriser, som hadde sine forklaringar og vendepunkt, og historikaren kunne kome med vurderingar av korleis ein kunne kome ut av ein slik tilstand.2 Ei krise viser altså både til sjølve problemet og til korleis det kan løysast. Det finst alltid eit kva i ordet krise : eit underliggjande problem, sjølv om det slett ikkje alltid er semje om kva problemet er. Det ligg også innbakt i omgrepet at det finst ei løysing på problemet. Den uskiljelege følgjesveinen til krisa er ein visjon om korleis verda bør vere. Sjølv vi historikarar, som skal studere fortida med 9
eit kritisk blikk, har ofte eit forbausande ureflektert forhold til kriser. Som når vi snakkar om svartedauden i seinmellomalderen. Her skriv historikarane om «agrarkrisa» for å vise til fallet i jordleige og jordprisar etter at pesten hadde rive vekk bortimot halvparten av befolkninga.3 Men kven var dette ei krise for? For dei få som eigde mykje jord, og som etter fallet i folketal ikkje lenger fekk inn avgifter slik dei før hadde gjort, gjorde det livet vanskelegare. Men for dei langt fleire som ikkje eigde jord eller berre eigde nok til det dei sjølve kunne drive, var det gode tider. Ein god historikar stiller sjølvsagt spørsmålet «krise for kven?», men berre bruken av ordet krise signaliserer i denne samanhengen kva som er viktig: overklassa, kongen, kyrkja, riket. Kvifor snakkar så få om krise i tida før pesten, då bøndene blei hardt pressa fordi det var mangel på jord? Ei krise er ikkje berre eit omgrep som skaper meining gjennom at vi, ved å bruke det, tolkar og klassifiserer verda på ein bestemt måte. I tillegg skjuler omgrepet spor av tolking. Krisa karakteriserer eit samanbrot som om det er naturleg, noko som gjer det til ein potent politisk reiskap. Slagordet «make America great again», som er blitt brukt av fleire amerikanske presidentar, seinast Donald Trump, seier ikkje berre at Amerika har problem, men også at problema kan løysast. Og ikkje minst at den som kjem med 10
utsegna, sit med nøklane til korleis dette kan gjerast. Alle kjøpte ikkje løysinga Trump kom med, men dei fleste godtok sjølve premissen: at Amerika var i krise. Det er eit paradoks at vi heile tida snakkar om kriser, men nesten aldri om kva ei krise eigentleg er. Det er ikkje enkelt å diagnostisere vår eiga samtid og sjå det konstruerte i kriser. Få vil til dømes nekte for at det var ei finanskrise i 2007–2009 – det ville vore ein hån mot dei millionar av menneske som mista jobben og bustaden sin. Slik blir krisa forklart på Wikipedia: «Den hadde sitt utspring i at prisen på mange gjeldspapirer, særlig knyttet til det amerikanske boligmarkedet, hadde blitt for høy.» Men dersom prisen var blitt «for høg», kvifor var det ingen som føresåg at han ville falle? Kvifor kjem kriser nesten alltid uventa når dei verkar så sjølvsagde i ettertid? I boka Anti-Crisis (2013) spør antropologen Janet Roitman kva ei krise eigentleg er, med utgangspunkt i finanskrisa.4 Hovudpoenget hennar er at dei finansielle reiskapane og marknaden fungerte akkurat slik dei skulle då «krisa» sette inn i 2007. Likevel kollapsa marknaden. I ettertid gjev økonomane gode forklaringar som får krisa til å synast uunngåeleg. Men i samtida var det ingen, eller i det minste ikkje mange nok, som såg det slik. Dei heldt fram som før. Det er derfor eit gap mellom den opne samtida og den lukka ettertida, og dette gapet blir fylt av ordet krise. Ei krise er ein 11
«sanningsaugneblink» som lukkar tolkingsrommet.Vi har alltid ei forklaring på kriser. Kriser verkar uunngåelege. Men i samtida er dei uventa og gjerne gåtefulle. Eg trur det er to grunnar til at kriseomgrepet er så mykje brukt. For det første er det eit omgrep som forenklar verda. Å kalle noko ei krise er å diagnostisere det – slik Hippokrates nytta omgrepet. Det forklarer kompliserte høve på ein forståeleg måte. For det andre «naturaliserer» det verda. Krise verkar som ei nøytral nemning, sjølv om tolkinga i røynda trekkjer fram somme element og skjuler andre. Roitman formulerer det slik: «[E]i krise er ikkje ein tilstand som kan observerast; ho er ein observasjon som skaper meining.» Kva var det til dømes som ikkje braut saman i marknaden under finanskrisa? Og kven tente på ho, og på at ho blei kalla ei krise? Slike spørsmål er vanskelege å diskutere når ei krise ligg nær i tid. Ein føremon med å gå bakover i tid er at ein kan sjå heilskapen tydelegare. Å studere ei krise fjernt i tid kan gjere det tydelegare at kriser ikkje er naturlege, men skapte av menneska ut frå særskilde føremål. Så kan ein sjølvsagt spørje: Kvifor akkurat borgarkrigstida frå norsk høgmellomalder? Ein pragmatisk grunn er at eg har arbeidd med borgarkrigane ein mannsalder.Viktigare er det at borgarkrigane er eit godt døme på ei krise. 12
I denne boka skal eg i første del gå nærare inn på korleis tida frå 1130 til 1240 blei framstilt i kjeldene som ein periode der samfunnet hadde brote saman og valden gripe om seg. Det vil vise oss konstruksjonen av ei krise – korleis kriser også inneheld eit element av ideologi og propaganda. I andre del vil eg undersøke nærare korleis aktørane som levde i borgarkrigstida, opplevde konfliktane dei deltok i. Her er det krise som ein subjektivt opplevd tilstand eg vil gå inn på. Ville folk ha vore samde i at dei levde i ei krisetid, og i tilfelle på kva måte? Korleis kan vi nærme oss kriser i samfunn der kriser synest å vere det normale? Kan vi snakke om ei kronisk krise? Svaret på kva ei krise er, vil alltid vere ope, fordi krise ikkje er eit nøytralt omgrep. Eg meiner ikkje at dei som snakkar om krise, fer med løgn eller er ute etter å villeie. Men eg trur vi gjer vel i å tenkje meir over kva vi gjer når vi kallar noko ei krise. Hovudmålet med denne boka er å bidra til refleksjon kring dette.
Borgarkrigane – den korte versjonen Det er ikkje vanskeleg å finne eit «avgjerande vendepunkt» eller ei «plutseleg forandring» som definerer når borgarkrigane starta. Noregs første kjende historikar, Tjodrek munk, skreiv seint på 1100-talet eit stutt 13
verk om noregshistoria på latin. Tjodrek såg historia som ein kamp mellom gode og vonde krefter og herskarar. Denne tanken henta han frå romerske historikarar. Romarriket var også føredømet for noregshistoria på eit heilt konkret vis. Alle lands historie følgde ei utvikling frå syndefallet til dommedag, og rolla til historikaren var å vise kva rolle historiske hendingar og personar spelte i dette dramaet. I Noreg var den gode Harald Hårfagre blitt etterfølgd av den vonde sonen Eirik Blodøks. Han blei fordriven av broren Håkon den gode, som så lét livet mot dei fælslege Eirikssønene. Den siste heidningen, Håkon jarl, leid nederlag mot den kristne Olav Tryggvason, før den største kongen av dei alle – Olav den heilage – kristna landet og fall som martyr. Også etter kristninga heldt vekslinga mellom gode og dårlege kongar fram. Magnus den gode blei avløyst av den valdelege Harald Hardråde, og Olav den fredelege («kyrre») av den krigerske Magnus Berrføtt. Blant sønene til Magnus var Sigurd Jorsalfare den krigerske og Øystein den fredsæle. Etter at Sigurd Jorsalfare døydde i 1130, var tida komen for dei vonde kongane, og Tjodrek valde å avslutte si historie nettopp med Sigurd Jorsalfares død, med denne grunngjevinga: [U]verdig ville det være å gi videre til etterslekten minnet om alle de forbrytelser, drap, falske eder og frende14
mord som da fant sted. Folket vanæret hellige steder, gudsforakten spredte seg, munker og legfolk ble ranet, kvinner tatt til fange, og det skjedde en rekke andre udåder som det ville føre for langt å regne opp her. Alt dette fløt sammen som i en rennesten etter at kong Sigurd var død.5
Slik Tjodrek munk såg verda, var ho gått fullstendig av hengsla etter Sigurd Jorsalfares død. Samfunnet hadde gått i oppløysing, og alle gode seder forvitra. I hundreåret før borgarkrigane hadde det ikkje vore utkjempa eit einaste slag i Noreg på over hundre år, ikkje sidan slaget på Stiklestad i 1030. I denne tida hadde det ofte vore fleire kongar som styrte saman. Kongane var ustanseleg på reisefot i Noregs langstrekte land med hirda si – dels for å få mat på bordet, dels for å halde kontakten med undersåttane. Samkongane var sjeldan gode vener, men dei slost altså ikkje før etter 1130. Då blei dei til gjengjeld svært så krigerske. Berre på 1130-talet var det fem slag, og fram til det siste store slaget i Oslo 21. april 1240 blei det utkjempa om lag tretti slag i Noreg. Dette er mange slag – også samanlikna med Europa. Og ikkje minst samanlikna med perioden etter, då vi finn eitt slag i Oslo i 1308 og eitt i Bergen 1429, og elles fred. Det er derfor liten tvil om at borgarkrigstida var ei uvanleg krigersk tid samanlikna med tida før og etter. 15
Eg kunne ha brukt resten av denne boka på å skrive om kva som hende under borgarkrigane, men det ville blitt altfor mykje «kongar og krigar». Her kjem derfor eit kort lynkurs i borgarkrigane, eit samandrag av samandraget ein historiestudent får første året på universitetet.6 Første fase 1130–60: lause kampar mellom lause grupperingar Borgarkrigane starta då kong Sigurd Jorsalfare døydde i 1130. Sigurd hadde ikkje vore nokon særskilt fredsam konge – han er mest kjend fordi han reiste heilt til Jerusalem – eller rettare: slost seg fram til den heilage staden. Kjeldene er likevel samde om at Sigurd var ein god konge. Snorre sa det slik: «Hans tid var god for folket i landet, da var det både fred og gode åringar.»7 Etter Sigurds død oppstod det open strid mellom sonen hans Magnus og Sigurds bror Harald Gille. Harald hadde nokre år i førevegen kome frå Irland og prova kongsætta si ved jarnbyrd – gjennom å gå uskadd over glødande plogjarn. Eit tiår seinare låg dei begge døde etter fleire slag, og Haralds tre søner blei samkongar. Dei heldt lenge fred, men var ikkje gode vener, og det enda med at Inge krokrygg fekk teke livet av dei to brørne sine. I 1157 var Inge einekonge, men få år etter fall han i eit slag mot 16
den tretten år gamle Håkon Herdebrei (skulderbrei) på den islagde Oslofjorden. Vel var Håkon ein røsleg kar, men han var først og fremst eit samlingsmerke for stormenn som var misnøgde med Inge og styret hans. Andre fase 1160–1208: lengre kampar mellom fastare grupperingar For dei som hadde vore i nettverket til den avlidne kong Inge, var Håkon Herdebrei ein uakseptabel konge – hans vener var ikkje deira vener. Dei slo seg saman under leiing av stormannen Erling Skakke, som var gift med Kristin, dotter til kong Sigurd Jorsalfare. Problemet var at dei ikkje hadde nokon kongsson å samle seg bak. Erling fekk likevel sonen Magnus teken til konge, sjølv om han ikkje var kongsson, og for å bøte på den manglande kongeretten blei Magnus krona til konge av den norske erkebiskopen. Denne flokken hadde i lang tid stor suksess. Dei slo Håkon Herdebrei og ei rekkje andre tronpretendentar. I nesten tjue år såg kong Magnus ut som ein vinnar – heilt fram til kong Sverre og birkebeinarane («folk som har bjørkebork om beina») reiste seg i 1177. No følgde ei tid med intens kamp, som enda med at Sverre vann over og felte Magnus i det til då blodigaste slaget i noregshistoria, nemleg slaget ved Fimreite i 1184. Borgarkrigane var likevel ikkje 17
forbi. Stadig reiste det seg nye flokkar mot birkebeinarane. Frå 1196 til 1208 fekk birkebeinarane ein formidabel motstandar i baglarane, som hadde støtte frå pavekyrkja. Kampane i dette tidsrommet var hardare enn i den første fasen, og det blei utkjempa mange blodige slag.8 Tredje fase 1208–40: ei dominerande gruppering, opprør I 1208 inngjekk birkebeinarane og baglarane forlik. Birkebeinarane fekk herredøme over to tredelar av landet, medan baglarane måtte ta til takke med ein tredel. I 1217 gravla dei stridsøksa og tok den unge Håkon Håkonsson til konge (konge 1217–63). Men motstanden var ikkje over. Ein opprørsflokk kalla «ribbungane» («røvarane») reiste seg på Austlandet og førte ein vellukka geriljakrig mot birkebeinarane på 1220-talet. Då Håkon blei teken til konge som 13-åring, hadde Skule Bårdsson, som var hærleiaren og bror til den førre kongen, blitt utnemnd til jarl. Han var dermed nestkommanderande i riket og styrar av ein tredel av riket. I tillegg blei han svigerfar til kongen då Håkon gifta seg med dotter hans. Trass alle desse freistnadene frå kongen på å blidgjere Skule var han eit konstant uromoment, og seinhaustes 1239 gjorde han oppreist mot kong Håkon. Skule tapte det avgjerande slaget i 18
Oslo 21. april 1240, og 24. mai blei han drepen utanfor Elgeseter kloster i Trondheim. Med det blir borgarkrigane rekna som avslutta.9 Borgarkrigane blei avløyste av den perioden som norske historikarar har kalla «stordomstida» frå 1240 til 1319. No var det slutt på indre strid, og det norske kongeriket vaks i omfang – Island, Grønland og fleire andre Atlanterhavsøyar, saman med delar av Nordkalotten, blei del av Noreg. Dertil blei kongens styring over landet styrkt gjennom utbygging av lokalstyringa og lovverket, krigsteneste og skattlegging. Men historikarane har vore svært usamde om kva slags samfunn det var borgarkrigane leia til. Den marxistisk påverka Andreas Holmsen skreiv i 1939 at kong Håkon Håkonsson sat «i aristokratiets fasttømrede kongestol», og at overklassa utbytte bøndene gjennom høge skattar og jordavgifter.10 «Bøndene har bruk for kongen, og derved blir hans makt styrket», svarte Jens Arup Seip året etter, og meinte at kongedømet sørgde for lov og rett for bøndene mot grådige stormenn.11 Det er i seg sjølv fascinerande at historikarar har hatt så ulike tolkingar av kva samfunn Noreg var i høgmellomalderen. Var kongen ein garantist for aristokratiet eller for bøndene? Var Noreg eit undertrykkjande klassevelde eller ein rettsstat? Men midt oppi alt kampståket var dei fleste historikarar samde om at borgarkrigane kunne avgrensast som ein periode som 19
var prega av mykje krig, vald og uro – som det vi ville kalla ei krise. Men kvar oppstod tanken om at borgarkrigane var ei krise? Det korte svaret er: hos paven i Roma.