Andre bøker i Krisetid-serien: Etter folkemordet. Ingjerd Veiden Brakstad Noregs største steinras. Tjelle-skredet 1756. Astor Furseth Dei norske borgarkrigane 1130–1240. Hans Jacob Orning Flukta til Finnmark. 1800-talet. Kathrine Nedrejord
Knut Kjeldstadli DEI HARDE TRETTIÅRA
Samlaget Oslo 2021
© Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no Omslag: Johanne Hjorthol Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: 11/15 pkt. Minion Papir: 80 g Munken Print Cream 1,8 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0419-3 Forlaget har fått stønad frå Fritt Ord til Krisetid-serien.
Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.
INNHALD
Kva er ei krise? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 1 Med USA inn i depresjonen . . . . . . . . . . . . . . . . . . 2 Kvifor vart det krise i Noreg? . . . . . . . . . . . . . . . . . 3 Jordbruket – marknadens pris . . . . . . . . . . . . . . . . 4 Industrien – vekst gjennom krise . . . . . . . . . . . . . 5 Kampen om arbeidsløysa . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 6 Tre politiske svar – og eit kompromiss . . . . . . . . 7 Ut or krisene – korleis? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 8 Krisene hadde verknader utover kriseåra . . . . . Litteratur . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
7 10 21 30 43 66 88 99 106 114
KVA ER EI KRISE? Ein kar frå Skedsmo i Akershus fødd i 1918 minnest frå 1930-talet: «Jeg husker jo det at en gang som det ble annonsert en viserguttjobb i Samvirkelaget, så tror jeg nok det sikkert var 100 gutter som stod der og ville ha jobben. Men dem skulle ha en, og den var det ikke jeg som fikk altså. Nei, det var dårlig med arbe’ serru, det var ikke noe.» Ein fiskarbonde frå Frøya på trøndelagskysten hugsar frå det seine 1920-talet: «Da så storkrisa kom, miste vi alt. Banken kravde auksjon. Både småbruket og båten gjekk med.» Arbeidsløyse og gjeld var to store utslag av krisene i mellomkrigstida. Store delar av samfunnet vart råka. Når eg skriv dette, i 2021, er samfunnet på nytt i krise, med ei arbeidsløyse som trugar med å bli permanent. Krisa no er utløyst av eit virus, men har svære sosiale og økonomiske verknader. Mykje er sjølvsagt annleis enn under depresjonen på 1930-talet, men det er likevel lærdom å hente for handteringa av dagens krise: Det trengst ein høg grad av samfunnsmessig organisasjon. Kva er så ei økonomisk krise? Ein grei definisjon kan vere ein situasjon med 7
omslag frå gode økonomiske tider til nedgang. Omslaget råkar sjølve strukturen i økonomien. Forandringa kan vere radikal og slå systemet over ende. Eller systemet kan reformerast, slik det gjekk i Noreg. Kriser har vore ein notorisk del av den kapitalistiske marknadsøkonomien både før og etter mellomkrigstida. I dei seine 1840-åra kom ei internasjonal krise i jordbruk og vareproduksjon. Ho disponerte for februarrevolusjonen i Frankrike og revolusjonar i ei rekkje andre land i Europa og Latin-Amerika i 1848. The Great Depression varte frå 1873 til 1896, ein lang, seig lågkonjunktur. Depresjonsmerkelappen har òg blitt hengd på krisene i mellomkrigstida frå 1920 til slutten av 1930-talet. Og i nyaste tid minnest me gjelds- og bankkrisa i 2008. Dei lengre økonomiske verknadene av koronakrisa i 2020 og vidare er det enno for tidleg å fastslå. Kriser dukkar opp om att og om att. Kvar gong kjem dei uventa på folk; heller ikkje spesialistar er budde. Som me skal sjå, viste krisene i mellomkrigstida strukturelle veikskapar både i det tidlegare liberale borgarlege samfunnet og i økonomien. Krisene vart òg utgangspunkt for medvitne politiske åtak på denne samfunnsforma. Krisene fremja overgangen frå ein uorganisert til ein organisert kapitalisme. Etter ein liberal orden kom no statleg engasjement, større økonomiske einingar, omsetningssentralar, ymse samvirke 8
og høg organisasjonsprosent i fagorganisasjonen. Etter mitt syn har denne organiseringa vore den viktigaste langtidsverknaden av krisene i mellomkrigstida. Gangen i boka er slik: Eg syner fyrst korleis krisene ovra seg i den amerikanske økonomien, fordi han sette rammer for andre land. Dinest presenterer eg teoriar om årsakene til dei særlege krisene i Noreg i mellomkrigstida. Så ser me på korleis dei økonomiske og politiske krisene ovra seg i dei to hovudnæringane jordbruk og industri i Noreg.* Då er det tid for å vende seg til sosialhistoria – korleis var det for ein kriseramma arbeidslaus å meistre livet sitt i desse åra? Styresmaktene, politikarane og økonomar fremja ulike program for å løyse krisa. Nokre braut med den borgarleg-liberale ordenen. Andre freista i det minste å betre kåra for dei som var råka. Som me skal sjå, var det ikkje dei politiske programma som førte Noreg ut av krisene. Krisene hadde verknader langt inn i mellomkrigstida. I det økonomiske livet kom ein organisert kapitalisme. Det politiske livet vart merkt av ein klår og varig distanse til høgreradikalisme. Og Det norske Arbeiderparti vart statsberande og var det i ein mannsalder. * Fiske, skogbruk, handverk og offentleg sektor kunne ha vore handsama meir omfattande. Men jordbruk og industri illustrerer dei meir ålmenne trekka ved krisene. Delar av teksten har fyrst stått i Knut Kjeldstadli: Aschehougs norgeshistorie, bind 10. Et splittet samfunn 1905–1935, Aschehoug, Oslo.
1 MED USA INN I DEPRESJONEN Ingen var politisk eller mentalt innstilt på at det skulle kome ei krise i 1929. Det galdt ikkje minst i den økonomiske stormakta USA. Bankieren Sidney Weinberg, leiar av Goldman Sachs og omtalt som Mr. Wall Street, såg attende på 1930-talet: «Det var som eit toreskrall. Alle var slått over ende. På Wall Street var det ålmenn forvirring. Dei kunne ikkje skjøne det meir enn andre.» Me tek opp den amerikanske krisa her fordi hendingane i Sambandsstatane påverka økonomien i andre land, mellom dei Noreg. Ei krise vil gjerne ha både innanlandske og ytre årsaker. Med den høge delen som utanrikshandel utgjorde i nasjonalproduktet, var Noreg eit av dei landa som vart sterkt avhengige av eksport og import. USA var gjennom mykje av 1920-talet prega av høgkonjunktur og vekst. Også lønstakarar hadde gode inntekter. Dei skaffa seg varige forbruksvarer som kjøleskapet, radioen og sjølve draumen – bilen, kan hende ein T-Ford. Bilen var meir enn ei enkeltvare. Bilismen var eit omfattande system. Han skapte etter10
spurnad etter råvarer som stål, glas og gummi til produksjonen. Og bilen skapte eit nett av serviceyrke. Det var behov for arbeidsfolk på bensinstasjonane, mekanikarar til å stå for reparasjonar, køyreskulelærarar og sjåførar. I overklassemiljøa i desse «roaring twenties» (dei buldrande 20-åra) kunne folk ha eit massivt luksusforbruk. Dei gode tidene lokka også amatørar utan nokon finansiell styrke til å spekulere i aksjar. Tida er fanga i F. Scott Fitzgeralds roman The Great Gatsby frå 1925. Hovudpersonen Jay Gatsby er ein mysteriøs ny millionær som gjev storslåtte, dekadente selskap. Han er ei personifisering av den amerikanske draumen, med sitt ideal om at kven som helst, uavhengig av kva kår han kjem frå, kan kome seg til topps, berre innsatsen er stor nok. Det viser seg at Gatsby er ein oppkomling som har tent formuen sin på illegalt sal av brennevin, og den hedonistiske, blendande livsstilen hans endar i elende. Problemet med høgkonjunkturen i USA var at han bygde mykje på lån, også frå folk som ikkje hadde høge inntekter. Dei arbeidande delane av folket fekk berre ein liten del i den reelle veksten på 1920-talet. Ny teknikk gjorde det mogleg med veksande produksjon. Men massane si kjøpekraft var for veik til å suge opp veksten. Ei tid kunne lånefinansiering, kreditt, kompensere for dette. Men lånefinansieringa skapte ein innebygd veikskap som skulle føre til ei open krise. 11
Det var det same problemet som utløyste bustad- og bankkrisa i USA i 2008. Folk skulda langt meir enn husa var verde. I mellomkrigstida var særleg jordbruket ille stelt. Ein overproduksjon av kveite fylgde etter den fyrste verdskrigen. Land som Canada og USA hadde auka korndyrkinga si under krigen, også der mykje basert på lån. Aust-Europa melde seg på nytt på verdsmarknaden etter krigen. Og at slåmaskinen vart nytta av fleire, gjorde det mogleg å mangedoble produksjonen. Samstundes var ikkje etterspurnaden etter kveite og andre jordbruksprodukt priselastisk. Det vil seie at kor mykje folk kjøpte, berre i avgrensa grad vart styrt av prisane. Det var grenser for kor mykje brød folk åt. Også varer som bomull, mais, kaffi og kakao og eple og appelsinar vart ramma. På eit tidspunkt var det rimelegare å fyre med mais enn med kol. Overproduksjonen vart møtt med freistnader på å halde produksjonen nede og med det prisane oppe. Det skulle føre til groteske scenar der korn vart pløgd ned eller brent og grisar vart masseslakta, midt i nauda. Mange laut selje garden; på auksjon kunne alt gå med, til og med familiebilete. Men fleire vart redda ved at nokon i slekta kjøpte garden, og ved sosiale sanksjonar, ja trugsmål mot kjøparar som kom utanfrå lokalsamfunnet. Slik var det òg i Noreg. 12
I 1930 fall den økonomiske ulukka for bøndene i USA saman med eit naturfenomen. Ein bonde skulle no ikkje berre slåst med gjeld og fallande prisar, men òg mot ein kjempestor tørke. Tørken førte til erosjon av matjord og store sandstormar i «The Dust Bowl» – Oklahoma, Kansas og dei andre slettestatane. Under kallenamnet «Okies», etter Oklahoma, vart småbøndene tvinga til å selje og forlate garden på leit etter arbeid. Kanskje enda dei som fruktplukkarar i California. Der vart dei møtte med fordommar som kunne likne dei som ramma svarte. Arbeid var ikkje å få. Som i Noreg var det langt fleire arbeidssøkjarar enn arbeidsplassar. På sitt verste, vinteren 1932–1933, blir det sagt å ha vore 20 000 mot 800. Og dei arbeidslause vart møtte med politi og internering i leirar. Lagnaden til dei som vandra til California, og som vart møtte med overgrep, er emnet i John Steinbecks episke storverk om landarbeidarfamilien Joad i romanen Grapes of Wrath (Vredens druer) frå 1939. Jordbrukskrisa avgrensa seg ikkje snevert til denne næringa. Dei ulike delane av økonomien – industri og jordbruk – var vovne saman. Industri leverte innsatsvarer til produksjon – som ståltråd til hesjing, separatorar for å få fløyte ut or mjølka eller traktorar til pløying. Svikt i jordbruket gav svikt også i industrien. Og omvendt vart depresjonen mykje forverra ved at bøndene ikkje hadde nokon kjøpekraftreserve. Og 13
bøndene merka svikt i etterspurnaden når byfolket skar ned på forbruket sitt. Amerikansk økonomi var disponert for krise, som eit uttørka landskap. Så kom gneisten som tende brannen. «Black Tuesday», 29. oktober 1929, markerer starten på eit dramatisk krasj for aksje- og finansmarknaden. Børsen i New York braut saman. Den lange høgkonjunkturen hadde drive prisane på aksjar opp til spekulasjonsnivå, langt over den reelle verdien. Kalaset var altså betalt mykje av lån. Då krakket kom, freista mange samstundes å selje aksjane sine. Men verdien fall i ein nedovergåande spiral. Aksjar måtte seljast for å dekkje dei låna folk hadde teke opp for å kjøpe aksjane. Ei rekkje dramatiske historier fortel om korleis meir eller mindre profesjonelle spekulantar vart styrta frå rikdom til fattigdom over natta – og om nokre som styrta seg sjølve ut frå høghus. På ein månad fall aksjeverdiane med 40 prosent. På tre år, frå 1929 til 1932, gjekk gjennomsnittsverdien for børsnoterte industriaksjar ned til ein firedel av gammal verdi.
Krisa spreier seg Hadde krisene stansa med aksjemarknaden, hadde dei ikkje vore slik ein katastrofe. Det var trass i alt ikkje så mange spekulantar. Og aksjar var no, frå ein materiell 14
synsstad, berre papir. Men krisene slo inn i realøkonomien. Også industriaksjar og industriprodukt som bilar vart dregne med i den øydeleggjande karusellen. Banklån vart mishaldne. Finanskrisa ramma globalt millionar med lønsnedslag, arbeidsløyse og proletarisering. Ed Paulsen frå Sør-Dakota kom i 1930 frå ein college-eksamen ut i ein knapt eksisterande arbeidsmarknad: Det vart tøffare. Me visste ikkje korleis ein skulle klare seg i byen. Det var skremmande. Der var lange køar for å få seg ein tallerken suppe. Me visste ikkje korleis ein stilte seg i ein suppekø. Me – dei to brørne mine og eg – såg ikkje slik på oss sjølve. Me hadde mellomklasseidear utan ei mellomklasseinntekt. (…) Alle var kriminelle. Du stal. Du juksa. Du klarte deg, det handla om å overleve. Stal klede frå tørkesnora, stal mjølkeflasker frå trammen framfor husa, du stal brød.
Folk skamma seg. Ungar la kartong i sko med hol når dei skulle på skulen, og skunda seg heim i matpausen så ingen skulle sjå at dei vanta mat. Nauda var materiell, men òg sosial og psykisk. Frå oktober 1929 tok det ei tid, men så slo krisa òg over til Europa. Bortfall av store delar av dei amerikanske marknadene hadde ringverknader. Eit kraftig signal kom i Austerrike i mai 1931, då den leiande 15
banken, Credit-Anstalt, gjekk konkurs og trekte med seg ei rekkje andre bankar i fallet. Penge- og banksystemet i fleire europeiske land var på randa til å bryte saman. På verdsbasis vart det berekna at den globale produksjonen gjekk ned med 38 prosent frå 1929 til botnåret 1932, og den internasjonale handelen med to tredelar.
Fråværet av internasjonalt leiarskap Kriser kjem uventa, men er sjeldan uforklarlege. Ein teori frå etter den andre verdskrigen forklarer depresjonen på 1930-talet med skort på internasjonalt leiarskap. Opphavsmann er den amerikanske økonomen Charles P. Kindleberger. Søkjeljoset er her sett på internasjonal handel og økonomisk utveksling. For at flyten i dei økonomiske transaksjonane skal vere god, trengst ei makt med eit sterkt leiarskap. Med Kindlebergers presise, men noko snirklete ord: … det internasjonale økonomiske og monetære systemet treng leiarskap, eit land som er klart til – medvite eller umedvite, under eit system av reglar som det har internalisert – å setje standardar for åtferd for andre land og å forsøkje å få andre til å fylgje reglane, og å ta på seg ein større del av byrdene ved systemet 16
enn det er forplikta til, spesielt å ta på seg støtte som kostar. Denne støtta kunne gå ut på å akseptere overskottsvarene frå det internasjonale systemet som landa ikkje fekk selt andre stader. Dessutan måtte leiarnasjonen halde oppe ein straum av investeringskapital i andre land. Leiaren i eit slikt system av statar blir i nokre teoriar kalla ein hegemon. Hegemonen har ikkje ei absolutt makt, men kan freiste å få andre til å slutte seg til leiarskapet sitt, og kan òg blokkere uynskte politiske val. Frå 1800-talet og fram til den fyrste verdskrigen spelte Storbritannia denne rolla i kraft av å vere opphavslandet til den fyrste industrielle revolusjonen og dertil heimlandet til sjølvaste finanssenteret i verda, City i London. Men britisk industri var etter kvart blitt gammaldags samanlikna til dømes med den tyske. Storbritannia evna ikkje å bere oppgåva som hegemon. Sambandsstatane, som kunne ha vore ein kandidat, ville ikkje aksle ansvaret på vegner av heilskapen – difor gjekk 1929-krakket ukontrollert over i eit kriseforlaup. Fyrst etter den andre verdskrigen gjekk USA inn i rolla som hegemon. Me er i skrivande stund ved byrjinga av ein ny periode, der den suverene stoda til USA blir utfordra av Kina. Alt var ikkje elende. Ei næring som kvalfangst gjekk 17
til dømes godt, om ein ikkje såg det frå kvalen sin synsvinkel. Oljeutvinning og frakt av olje gjekk òg godt. Motortankskip hadde ein stigande konjunktur. Og utover 1930-talet peika konjunkturane oppover. Men det kom eit nytt atterslag, ein ny resesjon, i 1937. Utan medvitne politiske statlege tiltak kunne historia gått ein annan veg. I USA lanserte president Franklin D. Roosevelt hjelpeprogrammet New Deal i 1933. I åra fram til 1939 gjennomførte administrasjonen hans ei rekkje krisetiltak: stønad til dei arbeidslause, fagforeiningsvenlege lover, hjelp til prisstiging i jordbruket, stønad til industri og offentleg naudsarbeid. Eit av dei mest ambisiøse tiltaka var Tennessee Valley Authority, TVA-prosjektet, som omfatta sju statar langs elva Tennessee. Svære kraftverk stod sentralt. Dei vart ståande også etter New Deal-åra. Den sosiale profilen i New Deal var klår, men programmet var ikkje meint som eit åtak på kapitalisme og private konsern. Ja, ein kan seie at resultatet av det statsinitierte prosjektet var ein meir motstandsdyktig kapitalisme. Bankieren Sidney Weinberg såg det slik: Roosevelt berga systemet. Det er banalt å seie at systemet elles ville ha forsvunne ut or vindauget. Men det er sikkert at ei rekkje institusjonar ville ha endra seg. Me var på randa av noko. Du kunne ha hatt eit opprør, du kunne ha hatt ein borgarkrig. 18
Tanken om ei medviten internasjonal styring hadde ein parallell i ynsket om ein aktiv nasjonal stat. Staten skulle gripe inn i økonomien, ikkje trøyste seg med at det ville helst gå bra eller at økonomien gjekk best når han ikkje vart «klussa med». Tvert imot: Det trongst styring og plan. Det trongst ein organisert kapitalisme både nasjonalt og på verdsbasis. * Det var berre eit tidsspørsmål før den internasjonale krisa også kom hit til lands. Norsk økonomi var open og vend utover. Og koplinga til internasjonal og amerikansk økonomi gjorde landet sårbart for skiftande konjunkturar. Den fyrste av krisene i Noreg kom i oktober 1920, etter ein kort høgkonjunktur, og varte til 1923. Industriproduksjonen fall med 30 prosent. Kvar fjerde fagorganisert i landet gjekk ledig. Omslaget i konjunkturutviklinga etter den fyrste verdskrigen var internasjonalt. ei etterkrigskrise, der mykje etterspurnad, ikkje minst frå utlandet, fall vekk. Den neste krisa, frå 1926 til 1927, var heimeavla og særeiga for Noreg. Ho var eit produkt av norsk finanspolitikk, den såkalla paripolitikken, som hadde som mål å få verdien av krona opp til pari kurs, det vil seie til nivået før krigen. Politikken førte til 19
ei krise fordi gjeld då måtte betalast med «dyre kroner». Noreg hadde altså røynsle med kriser. Men den internasjonale depresjonen, som starta på Wall Street i oktober 1929 og varte inn i 1933, var av eit nytt slag. Økonomisk kriseutvikling skjer sjeldan momentant. Krisa tek tid medan ho spreier seg som ringar i vatnet. I 1931 kom krisa til Noreg.