Dei et ikkje sjokolade ferdig.qxd_mat 06.06.14 10.47 Side 1
1
Dei et ikkje sjokolade ferdig.qxd_mat 06.06.14 10.47 Side 3
Ingunn Røyset
Dei et ikkje sjokoladepĂĽlegg i krigen Roman
Samlaget Oslo 2014
Dei et ikkje sjokolade ferdig.qxd_mat 06.06.14 10.47 Side 4
© Det Norske Samlaget 2014 www.samlaget.no Omslagsfoto: Lorentz Sanne Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design Førtrykk: Samlaget Skrift: Rockwell og Sabon Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-521-8429-7
Til Svale og mormor
Dei et ikkje sjokolade ferdig.qxd_mat 06.06.14 10.47 Side 5
1 – ÅååååÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅ! DUMME MAMMA! – Ro deg ned, Dagny, eller så må eg gi deg ei åtvaring. – DUMME, BÆSJE, DRRR… DUMME MAMMMA! – Nei, no, altså. No får du ei åtvaring. – Bry meg! Eg spring inn på rommet mitt og slenger igjen døra med eit smell. Berre at det ikkje er rommet mitt. Det er eit kammers. I eit gammalt hus som ikkje er heime. Og så skal mamma gi meg åtvaringar til og med. Mamma er slem. Ikkje får eg ete sjokoladepålegg heller. Akkurat då boksen med sjokoladepålegg står på bordet hos mormor og eg har fått ein diger klatt på kniven og skal til å smørje utover skiva, då kjem sjølvsagt mamma. – Nei, ikkje sjokoladepålegg no igjen. Akkurat som om eg et det heile tida. Det er berre når eg er hos mormor. Mamma nektar å kjøpe det. – Dumme, dumme mamma! 5
Dei et ikkje sjokolade ferdig.qxd_mat 06.06.14 10.47 Side 6
Denne gongen berre mumlar eg. Under dyna. Ein dag kan mamma finne på å gjere alvor av åtvaringane sine. Eg er ikkje heilt sikker på kva som skjer då. Det er visst noko med å sitje i ein tenkekrok. Eg veit ikkje, eg har aldri gjort det. Eg veit ikkje om det er nokon tenkekrok i dette huset, heller. Berre mange mørke krokar. Eg går ikkje opp på loftet aleine. Det knirkar i trappa. Og så er det så kaldt der oppe. Det er kanskje fordi det er vinter. Gamlehuset er mykje koselegare om sommaren. Då har eg til og med vore oppe på mørkeloftet. Der var det varmt og fullt av gamle teikneseriar. Men no er mørkeloftet stengt. Dei gamle tinga er stua inn der. Møblane våre har flytta inn i staden. Berre denne senga er gammal. Mamma synest ho er så veldig fin. Det er ikkje ho som må ligge i ei seng med knekk på midten. – Botnen er litt dårleg, eg trur senga har stått her heilt sidan mormor var lita, sa mamma då vi flytta inn. – Er ho ikkje nydeleg, Dagny? Nesten som ei prinsesseseng? Prinsesseseng! Seriøst? Trur mamma at eg er fem år, eller? Det er eit tårn i kvart hjørne av senga. Eg ser det når eg har hovudet over dyna. Då høyrer eg mamma og pappa snakke ute på kjøkkenet også. – Ho er så vanskeleg for tida, seier mamma. 6
Dei et ikkje sjokolade ferdig.qxd_mat 06.06.14 10.47 Side 7
– Hugs det er litt tøft for henne med denne flyttinga, svarer pappa. – Ja, men det er grenser for korleis ho kan oppføre seg, seier mamma. – Ho kan berre gløyme å ha bursdagen sin på Bowlingen viss ho fortset sånn. Skal eg ikkje få ha bursdagen på Bowlingen eingong? Då er det ingen frå skulen som vil kome. Dei gidd ikkje å køyre heilt hit. Ikkje er det plass her heller. Stova er så lita. Eg får ikkje pressa inn heile klassa mi. Og så må eg vel ha nokon frå den nye skulen også. Viss eg blir kjend med dei. Eg gøymer hovudet mitt under dyna igjen. No hulkar eg høgt. Kanskje mamma og pappa kan høyre det ut på kjøkkenet. Ingen kjem inn til meg. Enda det var dei som absolutt skulle flytte. Og så midt i skuleåret til og med. Ja, eg veit eg sa at det var greitt. Men det var i sommar. Då morfar døydde og vi skulle vere snille og passe mormor så ho slapp å bu her aleine. Då var det så koseleg i hagen. Det var kvite heklegardiner i vindauga også. No har mamma tatt vekk alt som er hekla, og det er ikkje så mykje som eit surt ripsbær å finne utanfor huset. Forresten visste eg ikkje at pappa kom til å seie at alt er gammalt og ròtent her, og at mamma ville seie at no skal vi leve det gode liv, viss du berre sluttar å vere så sur. Eg tørkar snørret på dyna. Heldigvis har eg mor7
Dei et ikkje sjokolade ferdig.qxd_mat 06.06.14 10.47 Side 8
mor. Det er berre på skrå over marka, så er eg nede ved huset hennar. Ho steiker vaflar eller sveler. Nesten alltid. Og viss ikkje får eg skive med sjokoladepålegg. Når ikkje mamma ser det. No kom ho akkurat då eg og mormor hadde det så koseleg. – Teite mamma. Eg orkar ikkje å gråte meir. Det er ikkje vits i. Mamma og pappa er ikkje på kjøkkenet lenger. Dei skrapar med noko oppe på loftet. Dei har kjøpt ny seng. Føtene til pappa heng utanfor alle dei gamle som stod her. Oldemor og oldefar var ikkje så store. Alt var mindre før. Dette vesle kammerset var rommet til mormor då ho var lita. Ho har fortalt det. Om gamle dagar. Då alt heitte noko anna. Dette er kammerset, senga mi heiter skuvseng, og gangen utanfor kjøkkenet heiter bislaget. Mormor veit alt sånt. Ho er veldig gammal. Ho hugsar til og med då det var krig i landet. Av og til når eg er på besøk hos henne, fortel ho korleis det var då tyskarane kom og tok Noreg. Og så får eg vaflar. Mormor er det einaste som er bra med å bu her i gamlehuset. No kan ho fortelje enda fleire historier. Om krigen og om dei som plaga henne. Ho har ikkje fortalt alt. – No heiter det mobbing, seier mormor. 8
Dei et ikkje sjokolade ferdig.qxd_mat 06.06.14 10.47 Side 9
– Kva gjorde dei? spør alltid eg. Men det seier ho ikkje. – Det er ikkje noko å snakke om. Eg skulle ønske eg var der og passa på mormor då ho var lita. At eg og ho var bestevenner, slik som no. Vi heiter det same også. – Det vart betre då ho Belinda kom, brukar mormor å seie. Ho hadde ei venninne. Heldigvis. Ei som var på lag med henne. Det hadde eg også. Då eg budde heime. Når eg tenker på Lisa, renn tårene igjen. Lisa og eg er venner, når ikkje Thea er heime. Men no bur eg fem mil ifrå henne. Då blir det berre ho og Thea. Heile tida. Eg trykker dyna inn til auga. Når eg tar henne vekk igjen, høyrer eg mamma snakke oppe på loftet. – I morgon er heldigvis juleferien slutt, seier ho. I morgon. Det er første dagen. På den heilt nye skulen. Eg vil heller vere heime hos mormor. Eg ser opp i taket. Det same som mormor brukte å sjå opp i. Ho fortalde om krigen i dag. Det var etter at eg hadde tatt på meg den kvite luciakjolen eg fann i kassa med gamle utkledningsklede. Mormor henta sjokoladepålegget og fortalde den historia eg likar best. Om då tyskarane bomba. – Han pappa var på veg opp sjøvegen med hesten då bombinga starta, fortalde mormor. 9
Dei et ikkje sjokolade ferdig.qxd_mat 06.06.14 10.47 Side 10
Pappaen hennar er oldefar, han som heng over sofaen til mormor i ei rund ramme. – Då bombeflya kom, visste ikkje pappa anna råd enn å slenge seg inn til barden og trekke hesten over seg. – Ho Veslemøy redda livet hans oldefar. Det er eit fint namn på ein hest. Veslemøy. – Han vart ikkje treft, men ho Veslemøy vart, fortalde mormor. – Ho vart så skada at ho måtte avlivast. Mormor sette seg i sofaen saman med meg. – Eg gøymde meg under dyna då dei skaut henne, så eg slapp å høyre. – Kven var det som drap henne? Det har eg ikkje spurt om før. – Det var han oldefar. Mormor vart våt i auga sjølv om det er lenge sidan hesten hennar døydde. – Du hadde ho Rikka, trøysta eg. Alle kattane til mormor heiter Rikka. Men den første vart fødd under krigen. Ho var verdas snillaste. Og like klok som ein konfirmant, seier mormor. Og så hadde ho stripete pels. Sånn som den katten mormor hadde no sist. Den som vart overkøyrd av ein trailer på vegen nedanfor huset hennar i sommar. – Fortel om då ho Rikka jaga vekk tyskaren. Det er den aller, aller beste historia. 10
Dei et ikkje sjokolade ferdig.qxd_mat 06.06.14 10.47 Side 11
– Ja, du veit at tyskertane kom og kravde inn mat hos folk under krigen, fortalde mormor. Det tar alltid ei stund før mormor kjem til den spennande delen, så eg tok sjokoladepålegg på kniven og litt i munnen. – Ein dag kom det ein tysk soldat med ein stor schæfer og ville ta poteter frå oss. Ho mamma brukte alltid å seie at det var tomt, når tyskertane kom. Det er litt rart at mormor kallar oldemor for mamma. – Den dagen sat ho Rikka ute på trappa. Mamma sa at ho ikkje hadde noko, men tyskerten trudde ikkje på henne. Han gav seg ikkje. Då gjekk ho Rikka bort til schæferen. Ho stakk fram labben og klora han på nasen så han hylte og hoppa bakover. Eg høyrde på medan eg slikka sjokoladepålegg av fingeren. – «Sctygge katte», sa tyskerten og tok med seg hunden og gjekk sin veg. Det vart ikkje poteter på krigsmakta den dagen, sa mormor. – Eg skulle ønske eg også levde då, mormor, sa eg. Eg hadde akkurat fått litt meir sjokoladepålegg på kniven. Då kom mamma. – Kva er det eg har sagt om det sjokoladepålegget! Dumme mamma! Eg berre sprang min veg. Vekk frå den ekle stemma. Ut døra og heilt ut i snøen. Utan jakke. Og utan sko. Enda eg har hosta heilt sidan nytt11
Dei et ikkje sjokolade ferdig.qxd_mat 06.06.14 10.47 Side 12
årsaftan. Eg sprang i sokkelestane opp igjen til gamlehuset. Til senga mi. Det er varmt under dyna. Og mørkt. Så mørkt var det då mormor var lita. Då det ikkje var gatelykter. Og alle hadde gardiner framfor vindauga så det ikkje kom lys ut. For at bombeflya ikkje skulle sjå dei. – Det var svart som i ein potetkjellar, brukar mormor å seie. Det er ein potetkjellar her i huset. Rett under senga mi. Det kiler i magen når eg tenker på det. Det var der mormor og oldemor og oldefar gøymde seg når det kom bomber. Rett under her eg ligg. Der var det ekte krig. Det har eg også lyst på.
12
Dei et ikkje sjokolade ferdig.qxd_mat 06.06.14 10.47 Side 13
2 Det er mørkt. Eg har dyna over hovudet. Og så ligg eg på noko. Det er madrassen. Han kjennest annleis ut. Men senga har i alle fall ikkje ramla ned på midten i natt. Eg tar vekk dyna. Det er mørkt i rommet også. Då kjem eg på det. Det er skule i dag. Ein heilt ny. Kva er det eg har på meg? Det er den luciakjolen til mormor. Det er sant, eg sovna frå alt i går kveld. Men no er det morgon. Er det ikkje? Eg snur meg mot vindauget for å sjå om det har begynt å bli lyst. Det er gardin for. Ei som eg ikkje har sett før. Mamma må ha hengt henne opp medan eg sov. Eg lettar på gardina. Det er heilt svart ute også. Og heilt stilt. Eg kan sove litt til. Eg snur meg på andre sida. Madrassen lagar ein rar lyd. Eg lèt igjen auga. Då høyrer eg steg på kjøkkenet. Æsj, det er morgon. Mamma kjem snart inn til meg og seier at eg skal stå opp. Eg høyrer ho opnar dører og lèt dei igjen. Så blir det heilt stilt. Gjekk ho? Køyrde ho på jobb utan meg? Eg har ikkje tenkt å gå til skulen. 13
Dei et ikkje sjokolade ferdig.qxd_mat 06.06.14 10.47 Side 14
Eg klatrar over sengekanten. Det er kaldt på golvet. Eg opnar døra ut til kjøkkenet. Ja, det er tomt. Ingen er her. Og det er annleis. Veldig kor mamma og pappa har ommøblert no igjen. Dei har tatt ned igjen frå loftet nesten alle dei gamle møblane som stod her. Og alle våre ting er vekk. Gjerne for meg. Det er koselegare sånn. Eg opnar døra ut til bislaget. Ingen der heller. Eg er tørst. Eg går bort til kjøleskapet for å ta litt juice. Det er ikkje der. Kjøleskapet. Har dei flytta på det også? Eg ser meg rundt. Heklegardinene er på plass igjen. Men kjøleskapet er vekk. Har mamma og pappa sett det ut i bislaget? Eg opnar døra ut dit igjen. Ikkje noko kjøleskap her heller. No kjenner eg at det luktar rart her ute. Det luktar hest. Eg likar ikkje å vere heime aleine her. Pappa har reist på jobb for lenge sidan. Etter at vi flytta hit, køyrer han før eg vaknar. Kvar har mamma blitt av? Eg opnar ytterdøra i bislaget og kikar bortover vegen. Det er heilt svart. Dette er for skummelt. Eg set føtene inn i nokre gamle tresko som står i bislaget. Jakka og støvlettane mine har eg i fingangen på andre sida av kjøkkenet. Eg gidd ikkje å hente dei. Her i bislaget heng det ei gammal jakke. Ho er stiv og tung og rekk meg ned til knea. Eg sklir på steinhellene utanfor bislaget, men eg ramlar ikkje. 14
Dei et ikkje sjokolade ferdig.qxd_mat 06.06.14 10.47 Side 15
– Mamma, ropar eg. – MAMMA! Ho svarer ikkje. Eg ser henne ikkje heller. Eg går heilt opp til vegen. Forbi løa som ikkje er løe lenger, men garasje. Heilt bort til postkassestativet. Det er ikkje her. Ikkje mamma heller. Alt er mørkt og stilt. Eg vil til mormor. Eg snur meg og spring nedover bakken til mormor sitt hus. Det kjem snø i treskoa. Eg bryr meg ikkje. Eg vil inn til vaffellukta no med ein gong. Det er ikkje lys i kjøkkenvindauget hennar. Det er heilt mørkt der huset til mormor står. Heilt mørkt og heilt tomt. Der huset til mormor skal vere, er det ingenting. Berre ei mark med litt snø på. Ingenting anna. Eg står heilt stille. Så snur eg og går oppover mot gamlehuset igjen. Det er der i alle fall. Og sjøen. Eg høyrer han bak meg. Fjellet ser eg ikkje, men eg veit at det er der. Der stjernene sluttar. Dei er det einaste som lyser. Då høyrer eg mjauinga. Eg ser ingen katt, men eg høyrer lyden. Det er ikkje Rikka, for ho er død. – Berre gløym det. Det kjem ikkje nokon ny katt her på garden, seier pappa kvar gong eg snakkar om henne. Han er allergisk. Katteklaginga er der oppe i mørket ein stad. Eg er nesten oppe ved løa då det smell. Det er ei dør som slår 15
Dei et ikkje sjokolade ferdig.qxd_mat 06.06.14 10.47 Side 16
opp. Det kjem lys ut på snøen. Eg ser ein svart kropp i døra under løebrua. Og ein katt som hoppar inn. Men det er ikkje mamma si stemme som snakkar. – Dagny, kva gjer du her? Har du gløymt at du skal på skulen i dag?
16
Dei et ikkje sjokolade ferdig.qxd_mat 06.06.14 10.47 Side 17
3 Det liknar ikkje på mamma, men eg håper det er ho likevel. Eg går mot lyset under løebrua. – Mamma? – Vennen min, har du drøymt? – Ja, eg har drøymt så ekkelt, seier eg. No ser eg henne. Kva er det ho har på seg? Ei lang kåpe og eit sjal på hovudet. – Kom inn til meg, du. Pappa er inne hos merra enno. Det er ikkje mamma som står der. Denne dama er mindre. Og breiare. – Kom og hjelp meg med vondlane. Og eg anar ikkje kva ho snakkar om. Dama legg ein arm rundt skuldra mi og fører meg inn i fjøsen. Eg ser opp på henne. Eg har aldri sett henne før. – Kvar er mamma? Akkurat då kjem ein kjempehøg lyd. Det er ei ku som brøler. – MØØØØØØØØØØØØØ. – Ja då, Larina, no kjem eg, seier dama. 17
Dei et ikkje sjokolade ferdig.qxd_mat 06.06.14 10.47 Side 18
Ho høyrde ikkje kva eg sa. Ho er berre opptatt av kyrne. – Så da, så da, seier dama. Ho gir meg ein haug med høy. – No skal de få, seier ho. Det er kyrne som skal få. Eg forstår det, men ikkje korleis eg skal kome meg bort til den enden der dei har munnen. Fjøsen er mykje trongare enn han brukar. Ei rekke med rumper peikar mot meg. No løftar ei av dei halen, og det ramlar ut bæsj i massevis og klaskar ned på golvet. Eg hoppar bakover, men det treffer foten min likevel. Det stankar. – Neimen, Dagny, er du berrføtt. Ha deg inn igjen med ein gong. Dama er sint i stemma. Eg ryggar ut døra, ut i den vesle gangen og heilt ut. Her ute, under løebrua, brukte det å vere ei dør til. Inn til stallen. Den mura morfar igjen då han gjorde fjøsen om til garasje. No er døra der. Og det går an å opne henne. Eg gjer det forsiktig. Og kikar inn. Det er ikkje morfar som er der inne. Det er ein framand mann. I kaps og gamle klede. Han snur seg mot meg. Og smiler. Eg har sett han før. Over sofaen til mormor. Det er oldefar. – Molla, er du der? Tidleg oppe og ikkje græt? Han ser snill ut, men eg forstår ikkje kva han meiner. – Ho mamma … 18
Dei et ikkje sjokolade ferdig.qxd_mat 06.06.14 10.47 Side 19
Eg får ikkje snakka ferdig. – Berre ver her inne hos meg, du, til ho har hatt fått skramla frå seg, seier mannen. Han kostar vidare. Kven er det han snakkar om? Hesten ser på meg. Han er diger. No bøyer han nasen sin fram mot meg. Eg har aldri klappa ein hest før. – Dagny, hentar du vatn? Mannen smiler til meg. Og gir meg ei bøtte. Det er oldefar. Var det oldemor som var der inne hos kyrne? Handa mi tar imot bøtta. Eg ser på henne. På den gamle jakka og på den kvite kjolen som stikk ut nedanfor, og på dei skeive treskoa. Eg trur eg veit kvar mormor er. Bak oldefar er det eit vindauge. Det er svart på utsida. Eg kan sjå eit ansikt i det. Det er mitt. Men håret er annleis. Eg kjenner på det med handa. Nedanfor øyra er det vekk. Eg snur meg og spring ut. Det er heilt stilt ute. Og heilt svart. Eg høyrer bårene nede i fjøra. Ingenting anna. Ikkje ein einaste bil eller duren frå ferja. Kvar skal eg springe? Eg er ikkje meg. Eg er mormor. Då ho var lita. Då det var krig.
19