Skip to main content

Dagane utan namn

Page 1

Bjarte Samuelsen Tilsynekomst. Roman. 2007 Tang. Roman. 2009


Bjarte Samuelsen

Dagane utan namn Roman

Samlaget Oslo 2019


© Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no Omslagsdesign: Magnus Osnes Omslagsillustrasjon: Guten på framsida er eit utsnitt frå linotrykket «Guten» av Signe Norbotten Førtrykk: Type-it AS Skrift: 11,2/15 pkt. Minion Pro Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0000-3

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


I

Desember 2009


No skal eg bli far. Eg skal bli far til ein liten gut. Og så snør det ute. Kvite, store snøfnugg fell frå himmelen og legg seg over jorda. Snøen legg seg på taka, og på alle bilane og på menneska som går i gata utanfor leilegheita. Signe og eg sit i sofaen og kikkar ut vindauget. Du er fin, seier eg og knar henne over krossryggen. Ho seier det hjelper mot smertene riene gir. Det er like før, seier ho og pustar tungt. Ja, seier eg. Og så sit vi der, i leilegheita vår, og ser på snøen som fell over jorda. Vi sit stille og ventar, oppgåva mi er å telje minutta mellom riene. Eg klarer ikkje å konsentrere meg og peikar meg ut det største snøfnugget eg ser. Eg freistar å følgje det frå toppen av pipa på nabohuset og heilt ned til balkongen, men det glepp for meg når Signe dultar meg i sida. No, seier ho. Eg trykker på start, finn fram arket med skjemaet og tar tida. Signe krøkjer seg saman i smerter, eg knar henne over krossryggen, men denne gongen er eg ikkje hjelp i. Vi går, seier ho bestemt og set seg halvvegs opp. Det gjer så vondt! 7


Eg seier ingenting, ser på klokka, ho stoppar på 3.44. Eg skriv talet inn i skjemaet, løftar det opp og viser det til Signe. Ho stirer strengt på meg og grip tak i armen min for å løfte seg sjølv opp frå sofaen. Den store, flotte magen bular ut frå kroppen. Kvifor somlar du? spør ho. Eg somlar ikkje, svarer eg. Jo, du somlar, seier ho og stavrar seg gjennom stova. Ho kjem ikkje langt, ho lener seg inntil veggen, ryggen hennar krummar seg mens ho prøver å stå imot smertene. Eg startar og stoppar tida. Klokka viser 2.47. Eg seier det ikkje til Signe av frykt for at ho skal få panikk. Ute i gangen stiller ho seg oppetter den kalde betongveggen for å ta imot neste ri. Eg ringjer etter drosjebil, seier at kjærasten min skal føde, og at det er viktig at bilen kjem med ein gong, det er like før, seier eg, og så spring eg rundt i leilegheita for å sløkkje lys, finne bagen med barneklede, skift til Signe og varme ytterklede. Signe må støtte seg til meg i trappene, men vi stavrar oss nedover, kjem oss ut i gata, der store og mjuke snøfnugg daler ned frå himmelen og legg seg rundt føtene våre. Sjå kor fint det er ute, seier eg, dette er ein heilt spesiell dag. Signe gløttar så vidt opp mot himmelen, men seier ingenting. Ho grip tak i meg med krefter eg ikkje visste ho hadde. Ho pressar og pressar mot ria, som om kroppen hennar jobbar imot noko han burde jobba for. Eg ser på snøen, og så får eg denne gode kjensla i meg. Drosjebilen kjem køyrande mot oss gjennom dei 8


smale gatene. Signe smiler og spør meg om eg trur vi kjem til å bli gode foreldre. Ja, svarer eg lågt for meg sjølv, mens drosjesjåføren kjem ut av bilen. Han hjelper med bagasjen, eg hjelper Signe inn i bilen. Vi sit i baksetet, drosjesjåføren fortel oss at han ikkje liker snøen, han seier snøen berre skaper problem for han, glatte vegar og vanskelege køyreforhold. Eg seier at eg set pris på snøen, det blir så stilt og roleg rundt oss, det er eit lys i mørkeret, seier eg, og kjenner Signe knipe meg hardt i armen med begge nevane mens ho tar imot neste ri. Og så blir det stilt, ingen som seier noko, det nærmar seg no, og brått er vi ved sjukehuset. Vi tar heisen opp i tredje etasje, kjem til ein skranke, dei kvite korridorane og den kvite snøen utanfor. Vi blir viste til eit rom, og Signe må kle av seg bak ein blå vegg på hjul. Eg sit på ein raud stol. Ventar. Min eigen tunge pust blandar seg med ukjende røyster frå korridoren. Signe legg seg på fødesenga i ein lang, kvit kjortel. Like etterpå kjem jordmora. Ho snakkar med Signe, spør henne om riene, kor hyppige og smertefulle dei er, kvar ho kjenner smertene best, jordmora har roleg og vennleg røyst, ho seier ingenting til meg. Eg sit og tenkjer på at eg skal bli ein snill og god far. Jordmora stryk og pressar Signe på magen, ho fortel henne at guten ligg fint. Ho spør om vi har funne namn til guten, Signe ristar på hovudet. Jordmora smiler til meg, seier at vi har god tid til å finne eit passande namn. Så ber ho Signe spreie beina og leggje dei oppå fotstøtta. Signe strittar imot, men jordmora lener seg over senga og pressar beina til side med underarmane. 9


Eg sit heilt roleg på stolen. Når jordmora undersøkjer opninga, snur Signe hovudet til sida og stirer skarpt på meg. Sju centimeter, seier jordmora, det nærmar seg, men legg til at vi framleis må vere tolmodige, for det kan enno ta lang tid. Etter ei stund blir vi viste til ei anna fødestove, ho er langt større, og i motsetnad til det første rommet vi var på, er det berre éi stor seng som er plassert lengst inne i rommet, inntil veggen. På den eine sida av senga står det ein skjerm med mange leidningar. På den andre sida heng det ei maske på veggen. Eg stiller meg midt i rommet, ser ut vindauget og på snøen som framleis daler ned frå himmelen. Signe ligg heilt utsliten i senga, vrir seg i smerter for kvar ri. Eg freistar nærme meg henne, men auga hennar freser mot meg. Jordmora ser mildt mot meg, ho finn ein våt klut, seier at eg kan stille meg ved sengegavlen og tørke sveitten av panna hennar. Eg går bort til Signe, legg kluten over panna og tørkar med jamne og varsame rørsler. Smerta hennar er ulideleg, og eg tenkjer på kva som ligg i denne lidinga det er å føde eit nytt menneske. Burde det ikkje mest vore vakkert og godt? Jordmora går litt att og fram i rommet, puslar med eitkvart, laken og pledd, nokre instrument, men kjem snart bort til senga att. Kanskje du kan prøve lystgass, seier ho, og drar ut maska frå veggen bak gavlen. Signe trykker maska over andletet. Ho syg til seg det ho kan, og brått er auga hennar store og opne. 10


Du skal bli far, seier ho. Ja, seier eg. Og eg skal bli mor, seier ho. Ja, seier eg mens Signe ler ein lett og glad latter. Så kjem ei ny ri, og Signe puttar lystgassmaska framfor andletet og trekker inn. Ho peikar ut vindauget og ut i verda, snakkar om snøen, seier at snøen der ute er det vakraste ho har sett, og at snøfnugga er små krystallar, som om verda fyllest opp av glitter og stas. Eg seier eg er einig, og ser Signe suge blikket av snøen og verda meir og meir innover, heilt til ho forsvinn inn i rusen. For no ser ho ikkje lenger berre snøen, seier ho, nei, det er også noko anna i snøen, nokre små skuggeliknande skapnader som dansar i ring mellom snøfnugga. Eg ler. Men Signe seier at eg ikkje må le, for desse skapnadene vil seie oss noko, høyr, høyr, vi må vere stille, seier ho, dei snakkar nemleg ikkje berre til ho, men også til meg og vesleguten. Kva då? spør eg. Signe knekk saman i ei ny ri. Ho drar tak i meg med den eine armen, støttar seg det beste ho kan, den andre armen bruker ho til å putte maska til andletet. Og så pustar ho djupt inn, og då blir alt brått så fint og flott igjen, men eg forstår likevel ikkje kva ho snakkar om, desse skuggeliknande skapnadene som dansar mellom snøfnugga, eg forstår ikkje, seier eg, og vender meg til jordmora. Skal det vere slik? spør eg bekymra. Auga hennar er ikkje lenger klare, ho er fjern og forsvunnen i rusen. Jordmora snakkar litt med Signe, spør ho kvar ho er, og kva dag det er. Signe tenkjer seg om, peikar på meg, 11


auga hennar blir tyngre og tyngre, kroppen gir etter, som om ho ikkje lenger har krefter. Jordmora spør ein gong til om ho veit kvar ho er, men det veit ikkje Signe. Ho seier derfor at ho ikkje må ta meir lystgass. Det verkar som om Signe er så trøytt at ho ikkje eingong orkar å høyre etter. Jordmora ber meg hjelpe henne. Vi tar begge grep om Signe og legg henne godt til rette oppi senga. Like etter kjem det fleire sjukesøstrer inn på fødestova. Eg ser på Signe, det ser ut som om ho søv, men blir brått vekt til live igjen når riene kjem. Eg stiller meg i bakgrunnen. Men Signe har det så vondt, og eg får så vondt i hovudet når ho skrik. Og så seier jordmora at Signe må presse. Men Signe klarer ikkje å presse, ho ligg og baksar med seg sjølv og sparkar vilt med føtene. Jordmora ber henne om å puste djupt, ho har ei roleg og bestemt røyst, men eg får berre meir og meir vondt i hovudet. Eit trykk som pressar på tinningane og rundt auga. Så blir eg brått så uroleg. Signe som freistar presse det ho er god for, men eg ryggar bakover, bort frå fødesenga og Signe, bort frå vesleguten. Eg opnar døra, veit ikkje kvar eg skal gå. Eg kikkar til venstre, høgre, opp og ned, og no kan eg ikkje sjå den lette og fine snøen. Her er det berre kvit betong, sjukesøstrer og dokterar og andre folk som er på sjukehuset, tenkjer eg og set meg på ein benk i korridoren. Eg lener meg framover og legg andletet i hendene, seier til meg sjølv at alt kjem til å gå fint, og at eg må puste roleg. Eg lukkar auga. Eg freistar å sjå for meg den fine og stille snøen som målar alle hustaka kvite. Eg tenkjer på korleis vesleguten kjem til å sjå ut, på dei små fingrane hans og den vesle nasen. Men uroa i kroppen 12


veks, og eg reiser meg opp frå benken. Eg lurer på kva slags veg eg skal gå, men går berre att og fram framfor benken eg sat på. Etter ei stund går døra til fødestova opp, og jordmora som tok imot oss, kjem bort til meg. No er du blitt far, seier ho og smiler. Eg seier ingenting, men set meg ned på benken. Du er blitt far, gjentar ho. Eg gløttar opp på jordmora. Kva skal eg gjere? spør eg. Ho ser varmt på meg. Du skal vere deg sjølv, seier ho. Eg ristar på hovudet og høyrer jordmora seie at mor og barn treng meg, og at eg nok bør gå inn til dei. Noko som grip tak i meg. Eg reiser meg opp, går etter jordmora, som held døra for meg. Lengst inne i rommet ser eg hovuda til Signe og vesleguten stikke fram under dyna. Eg går inn i rommet og set meg ned på stolen ved sida av dei. Søv du? spør eg. Stilt. Susing frå ventilasjonsanlegget. Susing i hovudet. Blinkande raude og grøne lys i det halvmørke rommet. Eg lener meg framover for å sjå på vesleguten. Han er heilt raud og blå og kvit om einannan, og skalla, berre små fjon stikk opp frå det vesle hovudet. Han ligg tett inntil mor si, han søv. Dei pustar i ein jamn rytme. Eg er far din, seier eg og strekker fram handa mi. Så stryk eg han lett over dei lubne, små fingrane, den mjuke huda, stryk og stryk og seier at eg er far din, eg, held fram med å stryke, seier eg er far din, eg, heilt til det støkk i meg. 13


Eg lener meg attende i stolen. Eg pustar tungt ut. Eg lukkar auga. Eg opnar dei igjen. Signe lear på seg, noko med armen hennar som ser ut til å vere i ei vond stilling under dyna. Dei slappe og trøytte auga som brått kviknar til når ho ser meg. Sjå på han, kviskrar ho og smiler mot den vesle guten. Eg nikkar og smiler det beste eg kan. Han liknar på deg, seier ho. Trur du det? seier eg og blir spak inni meg. Ja, seier ho, lukkar auga og sovnar med ein gong. Eg er lys vaken, ser og ser på Signe-jenta og den vesle guten som pustar i same rytme. Det er det vakraste synet eg nokosinne har hatt, men det er som om det ligg noko bak. Eg seier til meg sjølv at eg sikkert berre er nervøs for å bli far for første gong. Det hjelper ikkje. Eg finn ikkje roa. Eg tenkjer på det eg ikkje vil tenkje på, og høyrer at døra bak meg går opp, ei dempa røyst som spør om det går fint med oss. Eg snur meg og ser jordmora rett inn i auga. Ho smiler til meg og går bort til vesleguten og Signe. Sjå på dei, no nyt dei livet, synd at eg må vekkje dei, seier ho og ristar lett i Signe, som vaknar brått. Jordmora fortel med den varme og rolege røysta si at guten må på kontroll, men at vi ikkje treng å vere urolege, det er vanleg prosedyre. Signe set seg opp. Ho ser på meg. Ho er mild og varm. Jordmora grip tak i den vesle guten, løftar han opp og rekker han mot meg. Her, seier ho, og står der, lang og streng, med den vesle guten i armane. Auga hans er attlatne. Han er så liten i dei store nevane. 14


Eg veit ikkje kva eg skal gjere. Eg tenkjer berre på at eg kjem til å miste han i betonggolvet. Brått er det som om eg verken ser eller høyrer guten og jordmora, sjølv om dei står rett framfor meg og ho seier at det ikkje er farleg å halde guten, at ingenting kan skje. Kroppen hans som glir ut or hendene mine, den mjuke skallen som deisar i betongen, og eg får ikkje puste, nei, nei, dette går ikkje, mumlar eg lågt for meg sjølv og reiser meg opp, ustø. Signe ser på meg med eit spørjande blikk. Jordmora vil vite om det går bra med meg. Eg mumlar noko om at dei ikkje treng å tenkje på meg, og sjagar ut av det halvmørke rommet. Og så går eg der og forsvinn inn i mitt eige, alt er eit ras, og tak og vegger og folk og senger over hovudet og kroppen min. Eg vil ut. Eg vil fram. Eg sjagar meg bortetter korridoren, og stendig må eg halde meg fast i den kalde og harde betongen, eit blenkjande dørhandtak, eit skilt på ei dør, kva som helst, eit fjom av lys som kan redde meg frå det store og kvalmande mørkeret. Mens eg eigentleg skal seie så, så, guten min, det er eg som er far din, kjem eg til å miste han i golvet. Eg kan klemme han for hardt. Han er jo så liten, så veik, nesten som om han eigentleg ikkje er. Dette kjem aldri til å gå bra, tenkjer eg og kastar meg over dørhandtaket til toalettet. Eg låser. Eg står. Eg er inne i eit rom. Spegelbildet av meg sjølv. Store og svarte auge. Posar under auga. Ein skakande kropp. Eg seier det til meg sjølv: Eg er blitt far, og eg torer ikkje å halde vesleguten.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Dagane utan namn by Det Norske Samlaget - Issuu