Skip to main content

Død eller levande

Page 1

Død eller levande ferdig.qxp_a 01.02.2018 15:24 Side 1


Død eller levande ferdig.qxp_a 01.02.2018 15:24 Side 3

Lars Mæhle

Død eller levande Roman

Samlaget Oslo 2018


Død eller levande ferdig.qxp_a 01.02.2018 15:24 Side 5

1 I kveld spelar tyskaren piano. Det er første gong på fleire år. Eg hadde nesten gløymt han. Men no. Tonar stig sakte opp frå Bekkedalen. Den same melodien som før. Ein roleg, sørgmodig song. Katrin pustar roleg i underkøya. Eg ligg med auge vidopne i overkøya. Pianotonane trenger heilt inn under dyna. Det er så nifst. For eg veit det godt: Pianospelinga er eit varsel. Tyskaren vil åtvare om noko. Han er eit gjenferd. Han går igjen nede i Bekkedalen. 5


Død eller levande ferdig.qxp_a 01.02.2018 15:24 Side 6

Han driv kvilelaust rundt i ruinane etter tyskarbrakka. Men han er ikkje vond. Det veit eg betre enn alle. For eg har Evna. Eg kan sjå ting andre ikkje ser. Eg kan høyre lydar andre aldri høyrer. Eg kan sanse skuggane som glir i bakgrunnen. Eg kan kjenne frosten og sorga i sjelene til alle halvdøde og fortapte. Dei som oppheld seg i Limbo og verken er døde eller levande. Fortid, framtid og notid. Alt dette kan eg ane. Og meir til. Dei seier at Evna er ei gåve. Dei skjøner ingenting. Evna er ei forbanning. Men eg er ikkje redd tyskaren. Eg veit ikkje kvifor han er halvdød. Men han er ein hjelpar. Han spelar piano når noko truar. 6


Død eller levande ferdig.qxp_a 01.02.2018 15:24 Side 7

Slik som no. Denne frostnatta i november. Eg lyttar med øyra på stilkar og myser ut av vindauget. Dei høge fjella reiser seg ein stad langt bak i mørket. – Er tyskaren der, Simon? spør Katrin med eitt. Eg skvett, kastar eit blikk over sengekanten, ned mot tvillingsøster mi. – Han har vore der lenge, kviskrar eg. Eg prøver å finne blikket hennar i mørket, om eg kan merke kva ho trur. For Katrin har òg ein flik av Evna. Ho kan sanse, men ikkje så mykje som eg. Men éin ting veit vi begge: Tyskaren har oppdaga noko.

7


Død eller levande ferdig.qxp_a 01.02.2018 15:24 Side 8

Noko på den andre sida. I Limbo. Noko som har skremt sjølv eit gammalt gjenferd som han.

8


Død eller levande ferdig.qxp_a 01.02.2018 15:24 Side 9

2 – Ikkje vent oppe på meg, da! roper mamma ute i gangen. – OK! roper Katrin og eg i kor. Ytterdøra smekkar igjen. Mamma jobbar kveldsskift i baren på kroa, alle dagar bortsett frå søndagar. Katrin og eg skal vere heime aleine enda ein laurdagskveld. Eg sit i sofaen på stua. Foten trampar raskt mot golvet. Eg har kjent uroa krype i kroppen heile dagen. Pianospelet frå sist natt syng framleis i hovudet. Eg veit at noko ubehageleg ventar. Men eg veit ikkje når.

9


Død eller levande ferdig.qxp_a 01.02.2018 15:24 Side 10

Uvissa er det verste av alt. Ho riv meg sakte i stykke innvendig. Eg kastar eit blikk mot vindauget. Vinden ruskar i grantrea utanfor. Iskaldt sludd prikkar mot ruta. Katrin kjem inn frå kjøkkenet. Ho set ei panne med steikte pølser på bordet. Maten luktar herleg. Katrin er i godt humør. Ho er blid og raud i kinna. Med eitt ringer det på døra. Katrin snur seg mot meg. – Ventar du besøk, Simon? Eg ristar på hovudet. Men det stikk brått til i brystet. Pulsen aukar. Eg prøver å sanse kven det er, om det er noko farleg. Men eg kjenner ikkje noko spesielt, berre at eit eller anna er skipla. 10


Død eller levande ferdig.qxp_a 01.02.2018 15:24 Side 11

Eg reiser meg i eit rykk. Katrin kikkar skremt mot meg. Ho går først ut i yttergangen. Der legg ho auget forsiktig mot kikkhòlet. – Kven er det? spør eg. Katrin snur seg sakte. – Eg har aldri sett han før, kviskrar ho. Det bankar på døra igjen. Det prikkar i heile kroppen. – Ikkje slepp han inn! seier eg. – Men han verkar sjuk, seier Katrin. – Kanskje han treng hjelp? Eg dyttar Katrin til sides og legg auget mot kikkhòlet. På trammen står ein framand.

11


Død eller levande ferdig.qxp_a 01.02.2018 15:24 Side 12

Eg studerer mannen overraska. Hjartet roar seg. Har sansane spela meg eit puss? Sjeldan har eg sett eit så svakt menneske. Mannen er liten og lutrygga, og har heilt kvitt hår. Han kan da ikkje vere ein trussel? Eg snur meg mot Katrin. – Kva skal vi gjere? kviskrar eg. Katrin ventar ikkje på svar. Ho opnar ytterdøra på gløtt. I same sekund kjenner eg trekken. Eit iskaldt gufs siv inn gjennom dørsprekken. Det kiler over underarmane, ein underleg, stikkande frost. Panikken skyt som ei pil gjennom meg. Katrin dyttar døra sakte opp. Den framande kjem til syne. Han løftar hovudet og set to skarpe auge i oss.

12


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Død eller levande by Det Norske Samlaget - Issuu