Her er Bronto Biff! Ein litt merkeleg dinosaur, med ein enda merkelegare diett.
Bronto Biff et ikkje kjøtt.
Han et ikkje fisk.
Og han et ikkje grønsaker ... Viss ikkje dei er svarte! Einsfarga svart mat er det einaste Bronto Biff et.
Men når kvelden kjem, hender det han spør seg sjølv:
Kvar einaste dag. Veke etter veke etter veke ...
Og ein kveld får han svar. Månen er full, og på Café Olala finst alt på menyen. Bronto Biff bestemmer seg for første gong i livet å gå på restaurant.