Skip to main content

Villheks. Blodsungen

Page 1

Blodsungen NN ferdig_Layout 1 24.08.13 14.40 Side 1


Blodsungen NN ferdig_Layout 1 24.08.13 14.40 Side 3

Blodsungen FrĂĽ dansk ved Ă˜ystein Rosse

Med vignettar av Anders Walter Samlaget Oslo 2013


Blodsungen NN ferdig_Layout 1 24.08.13 14.40 Side 5

1 Livet til ei tretten år gammal jente Ho hadde venta i 400 år. I 400 år hadde ho stirt opp gjennom ein gjennomsiktig masse av smelta stein. I 400 år hadde han halde kroppen og sinnet og vesenet hennar fanga. Fiendane hennar trudde sikkert det var grava hennar, men enno levde ho. Det var liv å få, sjølv her – levande vesen kom frå tid til anna forbi, og ho tok dei utan nåde, for nåde og medynk var omsyn ho for lengst hadde lagt bak seg. Det som heldt henne i live, var sinnet. For ho merka det jo. Ho visste kva som skjedde der ute, villsansen hennar skreik og vreid seg av smerta ved det.

Kva innbilte dei seg – alle desse små, grådige menneska med vegane sine, husa sine og … ja, kva var det dei kalla det? Leidningane. Kablane. Drensrøyra. Bruene. Motorvegane. Jernskjenene. Dei skar seg gjennom den ville verda som djupe, blødande sår, dei reiv det fine nettet av villvegar sund, dei øydela og drap. Det stinka død av knuste dyr langs alle vegane deira. Skogar og myrer forsvann. Der den ville krafta hadde levd, anda og herska i tusen år, der var det no goldt og stille, og det einaste som var å høyre, var braka og larmen frå dei ugudelege maskinene deira. Jern. Jern overalt. Snart ville det vere over – snart ville ikkje eingong den mektigaste villheks kunne lækje dei sundrivne banda.

Men enno … enno kunne det skje, viss ho berre slapp fri.

5


Blodsungen NN ferdig_Layout 1 24.08.13 14.40 Side 6

Sinnet var ikkje det einaste som brann i henne. Ho kjende eit … nei, utolmod var eit altfor svakt ord. Det dekte på ingen måte den elden som brann og etsa inni henne for kvart unytta sekund, kvar time som gjekk utan at ho kom nærmare målet. Det hasta. Det var ikkje lenger tid. Ikkje lenger tid til å tenkje og vurdere, ikkje lenger tid til å ta omsyn, til å bekymre seg for noko som helst anna enn det eine: å bryte makta til dei dumme og grådige, å knuse dødsnettet deira og setje den ville verda FRI.

Det ville krevje alt. Alt ho hadde, alt ho kunne lokke, pine, truge eller krevje til seg av makt. Ho vog grådig dei sterke sidene sine, fortvilte over svakheitene. Tyngda til steinane, den langsame grøne krafta til plantene, den milde lufta, den mjuke makta til vatnet, varmen og det djupe livet til jorda … alt dette var ikkje nok. Ho måtte bruke blod. Ikkje noko anna ville kunne vinne denne nesten tapte kampen. Ikkje noko anna betydde noko – aller minst … og sinnet blussa endå villare i henne når ho tenkte på det … aller minst det misforståtte livet til ei tåpeleg tretten år gammal jente.

Blod kunne opne fengselet hennar. Blod kunne sikre sigeren hennar.

Og så skjedde det. Ein drope fall. Og endå ein. Ein til og så ein fjerde.

Meir, skreik ho taust. Gi meg ein drope til! 6


Blodsungen NN ferdig_Layout 1 24.08.13 14.40 Side 7

Det var som om ho såg han henge nølande i lufta. Som om han kjempa mot tyngdekrafta og ikkje ville falle. Men han fall. Og fall. Og trefte. JAAAAaaaaaaaaaa ……….

Ho skreik triumferande, men enno taust. Leppene hennar var framleis stivna, ho var framleis fanga som eit insekt som for tusen år sidan var blitt treft av ein drope harpiks og kapsla inn i rav. Men ikkje så mykje lenger. Ho spente kreftene til det ytste, ho kalla på all den villskapen ho hadde i seg. No. No. No!

Steinmassen rivna. Rivnene spreidde seg. Og i eit brøl av villkraft strekte ho ein kropp som hadde vore bøygd i 400 år, og sprengde fengselet sitt i småbitar. Stivna steinmassar kokte og blei flytande att, skaut opp, eksploderte, glovarme, glasaktige dropar spruta til alle kantar og trefte grotteveggene i fresande kaskadar.

Dei grådige små menneska ante ikkje kva som venta dei. Dei hadde sikkert aldri høyrt om Bravita Blodsunge. Men det kom dei til å gjere …

Eg sette meg så brått opp at eg slo hovudet i nattlampa. Hjartet mitt hoppa og spurta av stad som ein hekkeløpar som hadde blitt hengande etter resten av feltet, bang-bangHOPP, bang-bang-HOPP, og eg såg meg vilt omkring som om eg venta at Bravita Blodsunge skulle stå ved senga 7


Blodsungen NN ferdig_Layout 1 24.08.13 14.40 Side 8

med klørne ute og blodsbegjær i dei flammande auga. Det gjorde ho ikkje. Det var stille og mørkt, bortsett frå stripa av månelys som fall inn gjennom det vesle, runde gavlvindauget. På ein madrass ved sida av senga låg bestevenen min, Oscar, og sov så ein nesten kunne sjå teikneserie-Z-ane henge over hovudet på han. Han hadde iallfall ikkje mareritt. Roleg, formante eg det hoppande hjartet mitt, det skjer jo ingen ting … Men det tok lang tid å slutte å gispe, og endå lengre tid før eg blei kvitt følelsen av at hjartet prøvde å hoppe ut av kroppen på meg. Det hadde skjedd før at draumane mine hadde hatt litt for mykje med verkelegheita å gjere, og sjølv om det ikkje stod ei 400 år gammal villheks på lur mellom stablane av fuglebøker og gamle reparasjonsmodne reirkasser, betydde det absolutt ikkje – det meinte iallfall hjartet mitt – at det var fred og ingen fare. Men viss det skulle vere litt verkelegheit i draumen – og det var eit stort viss, for heldigvis var dei aller fleste draumane mine heilt vanleg uverkelege og absurde – så var det ikkje mitt liv Bravita var ute etter, minte eg meg sjølv på. Det var ei eller anna stakkars tretten år gammal jente, og eg var jo berre … Tankane mine stansa brått. Eg såg på den gammaldagse, tikk-takkande vekkjarklokka på nattbordet. Dei sjølvlysande, fosforgrøne visarane peikte begge nesten rett opp. Klokka var fem minutt over tolv, og det var den siste dagen i mars. Det var i dag eg fylte tretten.


Blodsungen NN ferdig_Layout 1 24.08.13 14.40 Side 9

2 Det freser i mørket Eg fekk ikkje sove att. Eg gleid berre bortover overflata på søvnen og kunne eller torde ikkje dukke ned i han. Kvar gong eg heldt på å gjere det, begynte hjartet mitt med den hekkeløpgreia att, og ingen av forsøka på å roe det hjelpte. Kutt ut no. Det var berre ein draum, sa eg til meg sjølv. Bang-bang-HOPP. Bang-bang-HOPP. Ho er jo ikkje her. Ho har aldri vore her. Det er 400 år sidan sist nokon såg henne, og det er rimeleg fjernt å tenkje seg at ho skulle kome tilbake berre for å øydeleggje din trettenårsdag … Bang-bang-HOPP. Bang-bang-HOPP. Teite hjarte. Til slutt stod eg opp. Eg slo ikkje på lyset, for det var ingen grunn til å vekkje Oscar. Eg stega forsiktig over dyna som dekte beina hans – nesten, iallfall, det stakk tre–fire ikkje heilt reine tær ut under kanten på det stripete dynetrekket. Det var så tullete å få mareritt akkurat i natt som alt var så bra – vi var hos tante Isa, både Oscar og eg og mor mi og far min (eit mirakel i seg sjølv). I morgon kom Kahla og hennar far og fru Pommerans, villheksnaboen til tanta mi, som hadde hjelpt meg slik for eit par veker sidan då alt såg ut til å gå heilt gale. Shanaia hadde sendt den nye villvenen sin, tårnfalken Kitti, med bod om at ho også kom. Ingentingen var her, Katt var nett no ute på eit av sine eigne katteeventyr, men hadde lovd å kome tilbake til frukost, og Tomsen låg sikkert nede i korga si i 9


Blodsungen NN ferdig_Layout 1 24.08.13 14.40 Side 10

stua og snorka på hundevis. Eg hadde fått lov til å ha akkurat den fødselsdagen eg helst ville, med alle dei menneska og dyra eg ville ha med. Eg hadde gledd meg slik. Det var verkeleg tullete – tullete! – å hisse seg slik opp over ein dum draum. Eg stakk føtene i eit par gamle raggsokkar som eg brukte som innesko når eg var her hos tante Isa. Tante Isa hadde sydd ein filtsole under kvar sokk, så kulda ikkje skulle trengje inn når eg gjekk på golvet. I sove-T-skjorte, nakne bein og med ullsokksko lista eg meg ned trappa og ut på kjøkkenet. Klokka over kjøkkenbordet viste no kvart på fire. Eg opna skåpet der tante Isas forråd av urtete stod. Mange av dei drakk vi berre fordi dei smakte godt, men nokre hadde andre eigenskapar òg. Kanskje dei til og med kunne få eit hekkeløparhjarte til å roe seg. Eg hadde langt frå oversikt over alle urteremedia til tante Isa enno, men noko hadde eg då lært. Om eg no berre kunne finne … Eg studerte dei sirlege etikettane på boksar og glas til eg fekk auge på dei to eg leitte etter. Kamille og baldrian. Eg slo på komfyren og sette kjelen på plata. Ofte brukte tante Isa berre vedkomfyren inne i stua, men eg likte at det var ein brytar ein kunne vri på. Gassflammene flimra blått og oransje og slikka botnen på kjelen, og det varte ikkje lenge før vatnet i han begynte å syde. Eg hekta ein tekopp ned frå krokane borte ved vindauget, og det var då, då eg eigentleg var i ferd med å snu meg bort att, at eg fekk auge på noko som bevegde seg. 10


Blodsungen NN ferdig_Layout 1 24.08.13 14.40 Side 11

Ute i mørket. Eit glimt, eit glimt av lysande auge med loddrette kattepupillar. «Katt?» kviskra eg stille. Men det var ikkje Katt, det visste eg straks eg hadde sagt ordet. Det kom ei dempa, syngjande fresing der ute frå, nesten same lyden som når to bakgardskattar utfordrar kvarandre, berre på ein måte … større. Eg stod stille og lytta. Vatnet fosskokte no, men kamilleteen måtte vente litt. Tru om det var ein villkatt som trong hjelp? Eg stirte ut i mørket, men no såg eg ikkje anna enn mitt eige spegelbilete. Dei gylne auga eg hadde sett, var borte, men kattejammertonen var der framleis. Dyret – kva det no enn var – var der enno. Viss eg opna vindauget, ville eg betre kunne sjå og høyre. Eg hekta av haspene og skauv vindauget opp, og den kjølige regnduftande vårnattlufta slo imot meg. Eg lente meg inn over kjøkkenbordet og prøvde å sjå gjennom mørket. I same augneblinken kom ein stille, gråbrun skugge svevande mot meg, eit gult nebb, framstrekte lysebrune føter og grålege klør. Eg rakk så vidt å lyfte armen så den store ugla kunne lande på han. «Tu-Tu!» Villvenen til tante Isa la hovudet på skakke og såg på meg. Eg var ikkje sikker på om han var fornøgd eller misfornøgd med det han såg. Han hadde aldri før kome til meg på den måten, og bortsett frå nokre få gonger som tante Isa hadde bede meg om å halde han (og han om å la 11


Blodsungen NN ferdig_Layout 1 24.08.13 14.40 Side 12

seg halde), så hadde eg aldri vore så nær han før. Han var stor – eg hadde etter kvart lært at han ikkje berre var «ei ugle», men noko som heitte ei stor hornugle. Det betydde at han var både sjeldsynt og freda – det trur eg no ikkje han visste sjølv – og sjølv om eg ikkje akkurat var redd for han, hadde eg likevel ein sunn respekt for klør, nebb og baskande venger. Han lukta regn og våte fjører og blod og hadde sikkert teke livet av ei eller anna stakkars mus i natt med dei same kraftige klørne som nett no greip kring handleden min. Men han snudde seg forsiktig, utan å klore hòl, og tuta lågt ut mot mørket han nettopp hadde kome frå. Kattelyden der ute gav seg. Eg høyrde noko rasle i krattet bak epletrea, og så blei det stille. Det var i grunnen ikkje meir merkeleg enn mykje anna eg hadde opplevd i huset til tante Isa. Bortsett frå éin ting, då. Eg forstod alt saman. Eg kunne kjenne utolmodet til kattedyret skjere gjennom nervane, nagl-mot-tavle-aktig. Og eg høyrde åtvaringa til Tu-Tu like tydeleg som om nokon hadde ropt ho over eit høgtalaranlegg: Gå din veg, katt. Du kjem for tidleg. Det er ikkje no. «Clara. Har du sleppt inn Tu-Tu?» Eg snudde meg forsiktig for at ikkje ugla skulle miste balansen. «Eg har visst det …» sa eg. Tante Isa stod i døra, i den gamle, slitne badekåpa som visstnok hadde vore raud ein gong, men som no var nesten rosa. 12


Blodsungen NN ferdig_Layout 1 24.08.13 14.40 Side 13

«Han har nok ikkje heilt skjønt det,» sa tanta mi. «Eg plar la soveromsvindauget stå opent, men …» Men det var ikkje så lurt akkurat i natt, for far og mor hadde lånt soverommet, og tante Isa sov på sofaen i stua. « … mor di ville nok ikkje synast det var så moro å bli vekt av ei våt ugle …» Tu-Tu rista vengene så ein dusj av regnperler spruta ut over oss. Eg kunne ikkje la vere å fnise. «Nei, det ville ho nok ikkje.» «Men kva med deg, Clara? Fekk du ikkje sove?» Eg rista på hovudet. «Eg hadde ein merkeleg draum. Det var vel eit mareritt.» Tante Isa heva augebryna. «Om eit dyr?» «Neeei. Nei, det var visst ingen dyr med. Kvifor spør du om det?» «Du blir jo tretten i morgon,» sa ho. «Eller … seinare i dag. Det er ein spesiell fødselsdag for ei villheks, og iblant …» Ho nølte som om ho måtte leite etter orda. «… iblant kan det føre med seg nokre spesielle opplevingar med dyr, i draume òg. Men det var altså ingen dyr i draumen din?» «Nei. Det var … Eg trur det var noko med … Nei, eg veit ikkje heilt.» Draumen hadde falma heilt i det stille mens vi stod der og snakka. Detaljane forsvann. Ein eller annan hadde vore veldig sint … ein eller annan hadde vore innesperra … ein eller annan hadde sagt noko med blod. Det var ikkje slik at eg med vilje heldt noko hemmeleg, eg kunne berre ikkje 13


Blodsungen NN ferdig_Layout 1 24.08.13 14.40 Side 14

hugse det så tydeleg akkurat då. Hjartet mitt hadde roa seg og slo heilt normalt, og eg kvelte ein geisp. «Du ser ut som om du ikkje treng det der likevel,» sa tante Isa og peikte på boksane med kamille og baldrian. «Neeei,» sa eg. «Eg trur faktisk berre eg går opp og legg meg.» Eg heldt handa litt fram, og Tu-Tu letta forsiktig og flaug bort og sette seg på den vanlege plassen sin på den eine skuldra til tante Isa. «God natt igjen, då,» sa tante Isa med eit lite smil. Ho såg på klokka. «Teknisk sett er det vel fødselsdagen din no, men eg trur likevel eg ventar med å gratulere deg til du vaknar neste gong.» Fødselsdag. Kvifor gjorde det ordet meg meir uroleg enn glad? Tu-Tu såg på meg med oransjegylne auge og pussa så nebbet i brystfjørene. Det er ikkje no. Kva betydde det? Hadde Tu-Tu i det heile «sagt» noko slikt, like høgt og tydeleg som når Katt «snakka» til meg? Eller var det berre noko eg innbilte meg fordi eg var trøytt og hadde fått altfor lite søvn? Eg sette teboksane på plass i skåpet og gjekk opp på rommet mitt. Stega forsiktig over Oscar, som framleis var heilt borte for denne verda, smatt ned i senga og kraup inn under den varme dyna mi. Nokre minutt seinare sov eg.


Blodsungen NN ferdig_Layout 1 24.08.13 14.40 Side 15

3 Ein du er glad for å sjå «Du har jaggu meg godt lag med dyr, Isa. Litt av ein hestekviskrar, kanskje?» sa far min. «Eller snarare uglekviskrar … for det der er vel ei stor hornugle, er det ikkje?» «Eh, jo,» sa tante Isa med eit lettare skuldmedvite blikk mot mor mi. «Eg … eg skal setje han bort i stallen så han kan få sove i fred.» Mor stramma leppene litt, men sa ingenting. Og tante Isa gjorde sitt beste for å sjå ut som eit heilt vanleg menneske som berre hadde «lag med dyr». Eg såg at ho heilt hadde gløymt at Tu-Tu sat på skuldra hennar. Ho var jo så van med det. Katt strekte seg og gneid hovudet mot beinet mitt, og eg følte tydeleg at han lo av oss. Far visste ikkje at tante Isa var villheks. Han visste ikkje at eg var det, eller iallfall var i ferd med å lære å bli det. Og det var ein del av Den store fødselsdagsavtalen at vi ikkje skulle snakke om det. Eg hadde nemleg vore litt sleip. Det er ikkje så mange andre måtar å seie det på. Eg ville jo så gjerne feire fødselsdagen hos tante Isa, så alle venene mine frå den ville verda kunne vere med. Og eg visste berre at mor ville seie nei viss eg spurde direkte. I staden begynte eg å snakke masse om tante Isa når eg var hos far min. Om det vesle steinhuset laaangt inne i skogen, om enga og bekken og dyra, om hesten Stjerna og hunden Tomsen, og så vidare. Om Kahla, som eg hadde blitt kjend med (men eg sa ikkje at ho var villheks15


Blodsungen NN ferdig_Layout 1 24.08.13 14.40 Side 16

lærlingen til tante Isa), om den greie fru Pommerans som budde i nærleiken (men eg sa heller ikkje at ho var ei like god villheks som tante Isa). Far og mor blei skilde for mange år sidan, men dei er framleis gode vener, og iblant et vi saman eller går på kino eller noko slikt. Særleg no som far har fått ny jobb og har flytta til byen, så det berre er eit kvarter med buss mellom oss. Det er fint at dei ikkje er uvener. Og fordi dei faktisk sest ganske ofte no, visste eg at det berre var eit tidsspørsmål før far begynte å snakke med mor mi om tante Isa. «Det verkar som om Clara liker henne veldig godt,» sa han ein søndag kveld som han hadde følgt meg heim og hadde blitt til kveldsmat. «Kvifor kan vi ikkje be henne på middag eller noko slikt?» «Ho bur så langt borte,» sa mor. «Og det er jo vanskeleg for henne å dra frå alle dyra.» Det var vel det vi kallar ei kvit løgn. For det var sant at det tok mange timar å kome seg ut til tante Isa med bil – men tante Isa kunne kome til oss via villvegane, og då tok det berre eit kvarters tid. Tante Isa brukte rett nok berre villvegane viss ho meinte det var nødvendig, og heilt ufarleg var det heller ikkje, sjølv for ei erfaren villheks som henne. «Ja, men kan ikkje vi besøkje henne, då?» sa far. «Eg vil gjerne treffe henne sidan ho betyr så mykje for Clara.» Yes! Det var akkurat det eg hadde håpt skulle skje. Ein kort augneblink såg mor nesten ut som om ho hadde oppdaga at ho hadde ein levande frosk i munnen. Men så smilte ho. 16


Blodsungen NN ferdig_Layout 1 24.08.13 14.40 Side 17

«Det kan vi då godt gjere ein dag,» sa ho. «Ein dag vi begge har tid.» På mor-språk betydde det at det kunne vi berre gløyme, det ville det aldri bli noko av. Men eg lét som om eg ikkje skjønte det. «Så bra!» sa eg. «Det vil eg veldig gjerne. Kva med fødselsdagen min? Eg vil så gjerne ha med tante Isa, og som du sjølv seier, er det jo litt lenge for henne å vere borte frå dyra viss vi skal vere her …» Mor sende meg eit blikk over bordet. Eit blikk som sa Eg-veit-kva-du-pønskar-på. «Vi kan jo ikkje berre be oss sjølve …» begynte ho. «Ja, men tante Isa har faktisk foreslått det sjølv …» sa eg. «Har ho det?» sa far. «Det var då snilt av henne.» Mor fekk igjen det frosk-i-munnen-uttrykket. «Eg er ikkje sikker på om eg synest det er så lurt …» sa ho. «Milla …» Far min la ei hand på den handa ho heldt gaffelen i. Det såg nesten ut som om han prøvde å hindre henne i å stikke nokon med han, men det var visst kjærleg meint. «Clara er jo ikkje noko barn lenger. Kanskje det er på tide at ho får bestemme korleis ho vil feire fødselsdagen sin sjølv.» Yes, yes, yes. Eg elskar deg, far. Det var like før eg song inni meg, men eg var veldig nøye med å ikkje sjå triumferande ut. «Det treng ikkje vere nokon svære greier, noko heilt vilt liksom,» sa eg og såg på mor og håpte ho forstod kva eg meinte. «Berre stille og roleg og heilt normalt …» 17


Blodsungen NN ferdig_Layout 1 24.08.13 14.40 Side 18

«Hos tante Isa?» sa mor skeptisk. «Eg veit ikkje akkurat kor normalt det blir …» «Alt treng vel ikkje vere så tradisjonelt,» sa far. «Eg gler meg til å treffe syster di. Eigentleg er det nesten litt rart at vi ikkje har treft kvarandre før …» «Isa og eg har ikkje hatt så mykje med kvarandre å gjere etter at vi blei vaksne,» sa mor og sukka djupt. Så djupt at eg visste at ho hadde gitt seg. Eg hadde vunne. Men vilkåra var også ganske klare heilt frå første stund: Ingen villheksgreier, i det heile ingenting som var altfor merkeleg, og far måtte ikkje finne ut akkurat kor unormal tante Isa eigentleg var. Det betydde at Ingentingen måtte flytte bort i verkstaden og love å ikkje stikke nasen fram mens far var i nærleiken, og det var faktisk veldig synd, for Ingentingen elska selskap og gåver og kaker og slikt, men ingen som såg den pjuskete, gråbrune fuglekroppen og det triste vesle jenteansiktet til Ingentingen, kunne tru at det var noko som helst normalt ved det. Eit stikk av dårleg samvit fekk meg til å reise meg. «Eg går bort med Tu-Tu, eg,» sa eg. «Takk skal du ha,» sa tante Isa. «Og berre ta med nokre bollar til … eh, Stjerna og geitene.» Eg nikka og nappa til meg nokre nybakte bollar frå fatet – ikkje til Stjerna, sjølv om Stjerna var ein søt liten hest, men til Ingentingen. Tante Isa lirka Tu-Tu over på skuldra mi. Far såg på både oss og ugla med eit interessert blikk. «Eg skjøner godt at Clara liker å vere her,» sa han. «Det er neimen ikkje alle stader ein får bli ven med ei 18


Blodsungen NN ferdig_Layout 1 24.08.13 14.40 Side 19

hornugle. Og ho har jo alltid vore så glad i dyr. Ikkje sant, venen min?» «Jo. Eg er … veldig glad i dyr.» «Meir kaffi?» spurde mor. «Du kjem straks att, ikkje sant, Clara-mus? Vi skal jo snart syngje fødselsdagssongen.»

Ingentingen sat på ein halmballe og snufsa. Det var sikkert fordi det var litt støvete, og det var ikkje så bra for allergien hennar, men også fordi ho var lei seg. Veldig lei seg, faktisk. «Eg har med bollar til deg,» sa eg for å muntre henne opp litt. Ho svarte ikkje. «Kom igjen no,» lokka eg. «Dei er nybakte. Dei er faktisk varme enno.» Ho snudde på hovudet og såg på meg med blanke auge. Augeloka var tjukke og hovne, og tårene laga eit vått spor nedetter kinna og ned på dei grå brystfjørene. Ho naus. «Gratulerer med dagen,» sa ho trist. «Takk,» sa eg og prøvde å late som ingenting. Det kunne jo ikkje vere annleis. Viss far fekk auge på henne – nei, det var ikkje til å tenkje på eingong. Eg sette tallerkenen ved sida av henne. «Eg må bort i huset att,» sa eg. «Dei ventar på meg.» «Ja,» sa Ingentingen. «Det gjer dei vel. Alle venene dine.» Nasen hennar var i ferd med å tette seg – når ho sa «venene», høyrdest det nesten ut som «vedene». 19


Blodsungen NN ferdig_Layout 1 24.08.13 14.40 Side 20

«Alle har no ikkje kome enno.» «Har dei ikkje? Men det gjer dei nok. Alle dei du liker.» Eg kunne ikkje la vere å bli litt irritert, sjølv om eg sjølvsagt syntest synd på henne òg. «Høyr no her,» sa eg. «Det er dumt at du ikkje kan vere med. Det synest eg verkeleg.» Ho snufsa berre – eit langdrege, snøvlande snufs. Det var først då eg var på veg ut stalldøra, at ho sa det ho sikkert hadde tenkt på heile tida: «Du sa ein gong at ein ven er ein du blir glad for å sjå,» snufsa ho. «No er det ingen som får sjå meg. Betyr det at du ikkje er venen min lenger?» «Nei. Sjølvsagt er du venen min!» Ho naus igjen, og ei lita gråbrun fjør dalte ned på stallgolvet frå den eine vengen. «Det følest ikkje slik …» sa ho.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Villheks. Blodsungen by Det Norske Samlaget - Issuu