Skip to main content

Bestem deg Tony T, bestem deg!

Page 1

M_Bestem deg TonyT.indd 1

16/08/17 20:27


Samlaget Oslo 2017

M_Bestem deg TonyT.indd 3

16/08/17 20:27


Eg svømmer bort frü Silja. Eg ser henne ikkje, eg berre veit at ho er der. Ho er nede i djupet. Det er der ho liker seg best.

M_Bestem deg TonyT.indd 5

16/08/17 20:27


Der stikk ho hovudet opp!

6

M_Bestem deg TonyT.indd 6

16/08/17 20:27


Ho vinkar til meg. Vinkar meg ned i djupet. Men eg vil ikkje dit.

Det er kaldt, og eg får ikkje puste. – Bestem deg, Tony T, bestem deg! roper ho.

Eg klatrar på land. Eg frys så eg skjelv. Men det seier eg ikkje. Silja får ikkje le av meg. – Tony T, du er så treig! kjem det ute frå bølgene.

Så blir ho blir borte igjen.

Det er eg som er Tony.

Tony T, som Silja seier når ho blir irritert.

Og det blir ho ofte. Helst når vi er hos farfar. Som no. Det er hans kai eg klatrar opp på.

7

M_Bestem deg TonyT.indd 7

16/08/17 20:27


Farfar sit på yst på kaia, men han ser ikkje på oss. Han held seg for auga. Han er nett operert.

Han gir meg eit handklede.

– Fint at du kom. Du og Silja. Fint å få hjelp

når eg har vondt i auga. Silja stikk hovudet opp av bølgene. Ho spyttar ut sjø, kastar seg framover og forsvinn. Farfar sukkar. Har han så vondt? Eller er han redd for dykkinga til Silja? Redd for alt ho da finn på? I fjor måtte ho hentast av eit helikopter.

8

M_Bestem deg TonyT.indd 8

16/08/17 20:27


Farfar roper til Silja. Han vil ha henne på land, men ho vil ikkje gi seg. Ho vil dykke meir.

– Ta tida! roper ho.

Ho har oterauge, tenker eg. Og otertenner.

Silja blir borte i djupet.

Som ein oter.

Sjølv begynner eg å telje. Eg vil det ikkje,

men eg gjer det likevel. Eg lyder Silja. Eg blir så sur på meg sjølv! Eg tenker på mor mens eg tel. Ho vil ikkje at vi skal dykke så djupt. Det er ikkje bra for oss. Lungene våre er ikkje heilt utvikla enno, seier ho. Men Silja høyrer ikkje på andre. Silja gjer alltid som ho sjølv vil. Eg skulle ikkje ha komme, tenker eg. Eg skulle ikkje ha komme hit når Silja er her. Eg hatar henne og alt det dumme ho finn på! Farfar reiser seg. Han vil opp i huset.

– Pass på Silja, seier han og går.

9

M_Bestem deg TonyT.indd 9

16/08/17 20:27


Silja dykkar. Eg tel.

Eg blir redd av å sitte slik og telje. Tenk om

Silja aldri meir kjem opp? Tenk om lungene hennar klappar saman?

– Ikkje ver så lenge under, skrik eg så snart

eg ser det svarte hovudet hennar komme opp. – Ein treng ikkje puste heile tida. Berre dummingar trur det! roper Silja tilbake.

– Kom i land no, svarer eg, den dumme.

Da blir ho borte igjen! Neste gong ho stikk oterhovudet opp, roper ho at ho skal bli dykkar. Ho skal dykke på all verdas djup, så ho må øve kvar dag. Silja går under igjen. Ho søkk som ein stein. Det er slik ho er: Tung når ho vil. Lett når ho vil. Ho berre bestemmer seg.

Det er nifst.

Endeleg kjem ho opp. Endeleg kjem ho på land, så eg kan gå opp til farfar.

10

M_Bestem deg TonyT.indd 10

16/08/17 20:27


Farfar sit ved kjøkkenglaset.

– Er det ein brønnbåt vi ser? spør han.

– Ja, svarer eg, – han ligg så djupt i sjøen. – Vest for Oterskjeret, kva er det der? – Ein skarv, seier eg. – Han flyg ut mot Enden,

mot skvalpeskjera der. Vi snakkar om det vi ser – og ikkje ser. Men så legg farfar hendene over auga.

– Har du vondt? spør eg.

Farfar nektar

på det, enda eg ser at noko er gale. Han er liksom ikkje seg sjølv. – Eg hentar Silja, seier eg.

11

M_Bestem deg TonyT.indd 11

16/08/17 20:27


Eg spring til sjøen. Men Silja er ikkje der, ikkje på brygga og ikkje i naustet. Da spring eg tilbake til huset, kikkar inn i stova og på badet.

Silja er ikkje å sjå!

Fort fer eg opp i tredje og bankar på døra hennar.

– Silja!

– Silja!

– Silja!

Ingen svarer.

Er ho på loftet, tru?

12

M_Bestem deg TonyT.indd 12

16/08/17 20:27


Eg går opp trappa til loftet. Opp til rommet fullt av gamle møblar og flaggermuslort.

Forsiktig opnar eg døra.

Noko stuper fram!

Og alt blir mørkt.

Eg ser ikkje Silja, eg berre kjenner henne. Ho heng over ryggen min. Ho held meg over auga. Greitt nok, tenker eg. Greitt nok at ho held. Ho gjer ofte dumme ting når ho vil erte meg. Men ho skal vel sleppe snart? Eg ventar, men Silja slepper ikkje. Ho held, ho held. Det svir i auga mine.

Og alt er like mørkt. 13

M_Bestem deg TonyT.indd 13

16/08/17 20:27


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Bestem deg Tony T, bestem deg! by Det Norske Samlaget - Issuu