Av meg er det mange ferdig.qxp_Layout 1 04.12.2017 09:19 Side 1
Av meg er det mange ferdig.qxp_Layout 1 04.12.2017 09:19 Side 3
Veronika Erstad
Av meg er det mange Prosa
Samlaget Oslo
Av meg er det mange ferdig.qxp_Layout 1 04.12.2017 09:19 Side 4
Av meg er det mange ferdig.qxp_Layout 1 04.12.2017 09:19 Side 5
Det er ikkje huset og hagen i seg sjølv, det er kjensla eg får då eg kjem, sola er på veg ned. Alt har ei meining som gradvis blir borte, så sakte at eg ikkje legg merke til det, slik mørkeret kjem om sommaren. Gardinene har enkle mønster. Sofaen er einsfarga. Det er presten som kjem med nøkkelen. Han ber han i ei snor rundt halsen. Eg har to koffertar og ei handveske. Han ber det inn. Det er eit vakkert sokn, seier han. Eg nikkar. Det er nye salmar å lære. Du kjem i bløminga, seier presten, det er skaparverket han viser fram. Huset har stått tomt lenge. Presten har dårleg haldning, men røysta hans fyller kyrkja med varme. Sjølv hendene mine over tangentane får varme frå røysta til presten.
Av meg er det mange ferdig.qxp_Layout 1 04.12.2017 09:19 Side 6
Dei første dagane i eit nytt hus er eg full av tiltakslyst, eg slår i spikar, pakkar ut vasar og set på bordet, plukkar blomar og set i vatn, eg skreller grønsaker og kokar lapskaus, eg gler meg til å gjere det mange gonger, eg gler meg til å bu her, men ingen dag er som den første. Første dag ber all forventning i seg, alt som er ulevd på denne staden, skal levast ut, kanskje meir enn før, menneske skal eg møte, kome nærmare enn før. Frå takrenna dryp regnvatn i ei bøtte. Ho har mista hanken. Eg skyv på bøtta til ho tippar, vatnet trekker raskt ned. Det er mai, men brått er himmelen heilt mørk, store hagl slår ned i bøtta.
Av meg er det mange ferdig.qxp_Layout 1 04.12.2017 09:19 Side 7
Frå soverommet har eg denne utsikta: Nokre hjortar spring over bakkane, det er lyse kveldar. Eg snakkar med presten, det er samtalar om vêret og dyra. Eg viser fram ein kjole eg har arva. Vennene mine er spreidde i mange land, nokre er døde. Eg er eit menneske som reiser aleine. For andre er mønstera mine lette å kjenne igjen. Dei prøver å fortelje meg det. Det tar eit heilt liv å høyre det heilt enkle.
Av meg er det mange ferdig.qxp_Layout 1 04.12.2017 09:19 Side 8
Første gong eg spelar på eit orgel er på konservatoriet. Ein mørk ettermiddag har eg time i kyrkja, eg er kald på hendene, men gløymer det. Eg tar på meg orgelskoa. Lyden frå tangentane bergtar meg frå første stund. Salmane er lette å lære. Då eg var lita, hadde eg vanskeleg for å skilje mellom levande og døde. Det gjorde meg einsam.
Av meg er det mange ferdig.qxp_Layout 1 04.12.2017 09:19 Side 9
Eg legg meg med vått hår og vaknar med ei murring i halsen. Det er trongt å svelgje. Det er noko sjølvsagt ved det landskapet eg voks opp i som følgjer meg. Først trur eg det er ein lengt tilbake. Seinare er kjensla ei anna. Som barn likte eg å dra leikene mine etter meg i ei snor. Denne rørsla er sterk i meg. Smertene er lyse og spenstige. Det stikk i beina. Gravstøttene er grå. Det er kvinnene som kjem på kyrkjegarden, dei lever lengst. Mennene som har mista ei mor, ei kone eller eit barn, sit heime. På kyrkjegarden sit enkene på kvar sin benk. I hendene held dei visne blad opp mot nasen.
Av meg er det mange ferdig.qxp_Layout 1 04.12.2017 09:19 Side 10
Enkene plantar på gravene. Sola byrjar å varme. Eg sit i trappa opp til klokketårnet. Eg tel hjarteslag. Det seinkar kroppen. Bilar kjem og køyrer igjen, nokre syklar, ei handveske står igjen i sakristiet. Når eg blir overraska, blir eg redd. Orgelet eg spelar på, er tysk. Det har seksten piper. Snart er det ein vane. Likevel annleis enn andre vanar eg har.